Meland kommune Møteprotokoll for Ungdomsrådet Møtedato: 19.01.2017 Møtestad: Ungdomsrommet over Max Fitness / Formannskapssalen Møtetid: 14.30-17.00 Møtet vart styrt av leiar Silje Nordal. Møteinnkalling vart lagt ut på ungdomsrådet si Facebookgruppe 13.01.17. Desse møtte: Danielsen ungdomskule: Thobias Mellingen 9 kl. Linnea D Opdahl 10 kl. Meland Ungdomsskule: Syne Matre 8 kl. Ida Herland 9 kl. Mia Wergeland Roos 10 kl. Rossland Ungdomskule: Marius Thorvaldsen 8 kl. Susanne Slettebakken 9 kl. Ikkje møtt: Simon F Eilertsen (8 kl. Danielsen) Jonas Askeland ( 10 kl. Rossland) Desse møtte frå administrasjonen: Kjersti Møllerup Subba møtte til sak 05/2017 Nina Randal møtte til sak 06/2017 Protokollførar: Ane Bysheim 24.01.2017 Silje Nordal Leiar Ane Bysheim Sekretær
Saknr Tittel Sakliste 01/2017 Godkjenning av innkalling og sakliste 02/2017 Godkjenning av møtebok 03/2017 Referatsaker 04/2017 Aktuelle saker 05/2017 Øvre Holbergstien reguleringsplan 06/2017 Nasjonal tilskuddsordning mot barnefattigdom - uttale frå ungdomsråd 07/2017 Ungdoms- og fritidstilbod - vegen vidare 08/2017 Presentasjon av plan for ungdomsarbeid våren 2017
01/2017: Godkjenning av innkalling og sakliste "Innkalling og sakliste vert godkjent." UR - 01/2017 VEDTAK: "Innkallinga og sakslista er godkjent" 02/2017: Godkjenning av møtebok "Møtebok vert godkjent." UR - 02/2017 VEDTAK: "Møtebok er godkjent" 03/2017: Referatsaker "Meldingane vert tekne til orientering." Leiar Silje Nordal går gjennom diverse referatsaker: Invitasjon frå biblioteket i Lindås om å væra med på samtale om korleis regionssenteret i Nordhordland bør sjå ut. Knarvik bibliotek 6 februar kl.18.30. Nordal stiller og ber dei andre komme med innspel i FB-gruppa. Invitasjon til Ungdommens fylkesting 2017, 10-12 feb. Nordal legg ut invitasjonen på FB og interesserte melder seg på der. Samarbeidshelg med Radøy, Lindås og Meland vert utsett til hausten etter ynskje frå Radøy, for å få med nye medlemmar i rådet etter valet i haust. Invitasjon til næringsplanssamling onsdag 22 februar kl. 18-20, Gløde. Alle ungdomsrådsmedlemmer
- Invitasjon vert lagt ut på FB og dei som er interessert melder seg der. UR - 03/2017 VEDTAK: " Ungdomsrådet tar orienteringane til vitande" 04/2017: Aktuelle saker Ingen aktuelle saker UR - 04/2017 VEDTAK: 05/2017: Øvre Holbergstien reguleringsplan Skriv framlegg her Kjersti Møllerup Subba presenterte planen, og ungdomsrådet diskuterte i møtet. UR - 05/2017 VEDTAK: «Ungdomsrådet er positiv til utbygging i kommunen, og meiner det er positivt at det tas hensyn til lav inntekts-einingar i prosjektet. Ungdomsrådet stiller spørsmål om vegen mellom Dale til Holme er egna og har nok kapasitet til ei så stor auke av trafikk som denne utbygginga gjev.»
06/2017: Nasjonal tilskuddsordning mot barnefattigdom - uttale frå ungdomsråd Nina Randal presenterte ordninga og søknadane som ungdomsrådet skal vurdera. Alle punkta i formål, kriterier, målgruppe og Bufdir sine vektleggingar for 2017/18 vart gitt ein poengsum frå 0-3 ved avstemming i rådet. Kvar søknad vart gått gjennom punkt for punkt. Skjema vedlagt. Sommaraktivitetar for barn 38, Hengestedet 35, Film i bygda 27, Kultur på kort 26 UR - 06/2017 VEDTAK: «Gjennomgang og vurdering opp mot kritteria gav ungdomsrådet følgjande utteljing: Sommaraktivitetar for barn 38, Hengestedet 35, Film i bygda 27, Kultur på kort 26Ungdomsrådet framhevar dei to høgast prioriterte prosjekta og ynskjer å sjå begge gjennomført. Ungdomsrådet ser at Sommaraktivitetane når sine mål og er noko vi ynskjer å sjå det vidareført. «Hengestedet» er godt grunngitt, er ein heilårsaktivitet, som det er dokumentert behov for og som er ein god inkluderingsarena for alle målgrupper innan ungdom» 07/2017: Ungdoms- og fritidstilbod - vegen vidare 24.11.2016 UNGDOMSRÅDET Saka vert utsett til første møte 2017 UR - 47/2016 VEDTAK: "Saka vert utsett til første møte 2017" " Saka vart ikkje behandla. Ungdomsrådet ønskjer ikkje å ta saka med vidare. UR - 07/2017 VEDTAK:
08/2017: Presentasjon av plan for ungdomsarbeid våren 2017 kultur og -ungdomskonsulent Ane Bysheim legg fram plan for arbeid med ungdom vår 2017 UR - 08/2017 VEDTAK: "Ungdomsrådet tek orienteringa til etterretning"