Arkiv: K1-026K3 - &23 Arkivsak ID: 16/1411-2 Journalpost ID: 16/18385 Saksh.: Harald Jordal Dato: 16.11.2016 Styre, utvalg, komite m.m. Møtedato Saksnr Odda kommunestyre 23.11.2016 099/16 Odda kommune sin uttale til Intensjonsavtale for etablering av Vestlandsregionen Dokumentnr Tittel 310304 Intensjonsplan for etablering av Vestlandsregion - høyring 312304 Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland Ordføraren sitt forslag til vedtak: 1. Odda kommunestyre hadde ønska at regionsreforma hadde starta med ei grundig melding / statleg avklaring om kva som var mål og meining med reforma, kva oppgåver som skulle leggast til dei nye regionane og korleis staten sitt tilsyn med det nye forvaltingsleddet (både politisk og administrativt - jmf. noverande fylkesmann) skulle utformast. Kommunestyret hadde og venta føringar som at organiseringa av statsetatane skulle fylgja dei nye regionsgrenseneanne eller om det framleis skal vera opp til den einskilde statsinstitusjonen sjølv å bestemma dette. Fylkestinga vert særskilt oppmoda om å drøfta reforma i eit breitt perspektiv inkl. innbyggarane i regionen si deltaking i reforma. 2. Odda kommunestyre ser likevel at det er ein underliggande sterk regional identitet som heiter Vestlandet og at den minst bør omfatta Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylke og at dette forvaltingsnivået (politisk og administrativt) avløyser dei noverande fylka med direkteval til det politisk styrande organet for regionen: Vestlandstinget eller Gulatinget om ein vil. Odda kommunestyre tilrår at Staten sine administrative grenser samsvarar med dei nye regionane. Odda 3. Vestlandsregionen si administrative målform er nynorsk.
Ordføraren i Odda, 15.11.16 23.11.2016 Odda kommunestyre Behandling: Haugland Jondal (A): Kulepunkta i saksutgreigna vert votert opp mot innstillinga. Kollbotn (R) føreslo: Odda kommunestyre går inn for at fylkestinga tar endeleg * stilling til etablering av ein Vestlandsregion etter at Stortinget har vedtatt kva meiroppgåver og statlege arbeidsplassar som eventuelt blir overført til ein Vestlandsregion. (*endeleg tillagt i debatten ) OK-099/16 Vedtak: Kollbotn sitt forslag fekk 4 stemmer og fall Haugland Jondahl (A) sitt forslag : Kulepunkta ( 1-12 ) i saksutgreiinga vart sett opp mot innstillinga 1 vart vedteke mot 4 stemmer 2 vart vedteke mot 8 stemmer 3, 4, 5, 6, 7 og 8 vart vedteke mot 3 stemmer ved punktvis voteing 9 vart vedteke mot 1 stemme 10 og 11 vart vedteke mot 1 stemme 12 vart vedteke mot 2 stemmer Innstillinga samla fekk ingen stemmer Haugland Jondahl (A) si sitt samla forslag vart vedteke mot 4 stemmer ( 2 R, 1 Mod og 1 SP) Vedtaket er Odda kommunestyre sluttar opp om initiativet om ein Vestlandsregion beståande av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane som ein ny politisk og administrativ eining. Odda kommune vil ha nynorsk som administrasjonspråk i den nye regionen. Det vil synleggjera og definera regionen i nasjonal samanheng, og stø opp under den vestlandske identiteten på ein positiv måte og danna ei byggjande motkraft til språkleg einsretting i ein nasjonal kontekst.
Fylka har mange fellestrekk som sterke verdiskapingsfylke. Bergen er det naturlege senteret i den nye regionen. Reforma vil bidra til at den nye regionen sine ressursar vert synleggjort og markert som eitt tyngdepunkt i Noreg Sterk Vestlandsidentitet hos innbyggjarane og nye kommunikasjons- /samferdsleårer gjer denne eininga naturleg som eit kraftfult element i vidareutviklinga av Vestlandet. Reforma må legga grunnlaget overføring og etablering av fleire statlege institusjonar, arbeidsoppgåver og tiltak på det nye Vestlandet, herunder og omdanning / styring av t.d. sjukehussektoren. Reforma må legga til rette for ei effektivisering av offentleg sektor i dei tidlegare tre fylka. Føremonene av overordna planlegging ved å sjå Vestlandet under eitt. T.d. ser vi i dag at det er store manglar ved samordning av kollektivtilbod over fylkesgrensene og store vanskar med å prioritera stamvegutbygging mellom Austlandet og Vestlandet i eit samla Vestlandsperspektiv. Dette er element som vil bli langt enklare å samordna med ein Vestlandregionen. Staten bør organisera seg innanfor rammene av den nye regionen og eit fylkesmannsembete dekker dei tidlegare tre fylka, med funksjon tilsvarande noverande «fylkesmann.» Det må leggast vekt på desentraliserte funksjonar ved at oppgåver vert tilført kommunane i regionen. Særleg må det leggast vekt på oppgåver til dei nye samanslegne kommunane som har handla i tråd med kommunereforma og vore aktive i å slå saman kommunar i distrikta, som t.d. vår nye eining Ullensvang kommune (beståande av Ullensvang, Jondal og Odda) Statlege oppgåver må leggast tilførast i regionen. Distriktskommunar må langt støtte grad enn no bli vertskap for staduavhengige statlege og regionale oppgåver. Dersom eitt av fylka seier nei til samanslåing finn vi det naturleg at Hordaland slår seg saman med enten Rogaland eller Sogn og Fjordane. Næringsarbeidet i den nye regionen må intensiverast og profesjonaliserast slik at kommunane og næringslivet i den nye eininga får aktiv og relevant oppfølging
Saka gjeld: Hordaland fylke har sendt ut på høyring intensjonsavtale for samanslåing av dei tre Vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane til regionen Vestlandet som ei folkevald politisk og administrativ eining og der fylkestinga forsvinn og vert erstatta av eit regionsting. Politisk vert formannskapsmodellen lagt til grunn. Det overordna målet er formulert slik : Vestlandsregionen skal vere ein sterk, attraktiv og kompetent samfunnsutviklar og tenesteytar under regional folkevald styring. Tidsperspektiv: Ved kommunevalet hausten 2019 skal det vera val til regionstinget. Høyringsbrevet er vedlegg 1 Intensjonsavtalen er vedlegg 2 Vurdering /drøfting: Odda kommunestyre sluttar opp om initiativet om ein Vestlandsregion beståande av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane som ein ny politisk og administrativ eining. Odda kommune vil ha nynorsk som administrasjonspråk i den nye regionen. Det vil synleggjera og definera regionen i nasjonal samanheng, og stø opp under den vestlandske identiteten på ein positiv måte og danna i byggjande motkraft til språkleg einsretting i ein nasjonal kontekst. Fylka har mange fellestrekk som sterke verdiskapingsfylke. Bergen er det naturlege senteret i den nye regionen. Reforma vil bidra til at den nye regionen sine ressursar vert synleggjort og markert som eitt tyngdepunkt i Noreg Sterk Vestlandsidentitet hos innbyggjarane og nye kommunikasjons- /samferdsleårer gjer denne eininga naturleg som eit kraftfult element i vidareutviklinga av Vestlandet. Reforma må legga grunnlaget overføring og etablering av fleire statlege institusjonar, arbeidsoppgåver og tiltak på det nye Vestlandet, herunder og omdanning / styring av t.d. sjukehussektoren. Reforma må legga til rette for ei effektivisering av offentleg sektor i dei tidlegare tre fylka. Føremonene av overordna planlegging ved å sjå Vestlandet under eitt. T.d. ser vi i dag at det er store manglar ved samordning av kollektivtilbod over fylkesgrensene og store vanskar med å prioritera stamvegutbygging mellom Austlandet og Vestlandet i eit samla Vestlandsperspektiv. Dette er element som vil bli langt enklare å samordna med ein Vestlandregionen. Staten bør organisera seg innanfor rammene av den nye regionen og eit fylkesmannsembete dekker dei tidlegare tre fylka, med funksjon tilsvarande noverande «fylkesmann.» Det må leggast vekt på desentraliserte funksjonar ved at oppgåver vert tilført kommunane i regionen. Særleg må det leggast vekt på oppgåver til dei nye samanslegne kommunane som har handla i tråd med kommunereforma og vore aktive i å slå saman kommunar i distrikta, som t.d. vår nye eining Ullensvang
kommune (beståande av Ullensvang, Jondal og Odda). Statlege oppgåver må leggast tilførast i regionen. Distriktskommunar må langt støtte grad enn no bli vertskap for staduavhengige statlege og regionale oppgåver. Dersom eitt av fylka seier nei til samanslåing finn vi det naturleg at Hordaland slår seg saman med enten Rogaland eller Sogn og Fjordane. Næringsarbeidet i den nye regionen må intensiverast og profesjonaliserast slik at kommunane og næringslivet i den nye eininga får aktiv og relevant oppfølging Saka skal ekpederast av: Særutskrift skal sendast til: Sakshandsamar Hordaland fylke Hardangerrådet Arkiv