Galeas Svanhild. Boring av hol for propellgjennomføringar. Mikkel Rust



Like dokumenter
Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

M/S NYBAKK SI HISTORIE

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011

D/S Stord 1 Månadsrapport oktober - desember 2010

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

«Ny Giv» med gjetarhund

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Brødsbrytelsen - Nattverden

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Teknikk og konsentrasjon viktigast


Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Bitraf Resultatregnskap0per

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Ekstremvêrrapport. METinfo. Hending: Tor januar no. 14/2016 ISSN X METEOROLOGI Bergen, Foto: Ole Johannes Øvretveit

Plassebakken Barnehage

Til deg som bur i fosterheim år

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

INN PÅ TUNET TILBOD TIL HEIMEBUANDE DEMENTE I TIDLEG FASE,

Bergen Tekniske Fagskole avd. Voss Hordaland Fylkeskommune

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Dokumentasjon Fagprøve i Trebåtbygging. Michael Grøstad-Torjusen. Bytting av bordganger

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

MEDLEMSINFO. august 2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Med god informasjon i bagasjen

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

mmm...med SMAK på timeplanen

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Sommartur til Sverige,

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Månadsbrev for Rosa september 2014

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

MØTEPROTOKOLL. Os eldreråd. Møtestad: Rådhuset, rom 326 Møtedato: Frå: til

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

2013/ Rapport fra kurs i. høvelmaking

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

HORDALANDD. Utarbeidd av

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Hallo i nedslagsfeltet!

Ny strategiplan for Høgskulen

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

Strategiplan for Apoteka Vest HF

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

SKATTEINNTEKTER 12/ K-

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Transkript:

Galeas Svanhild Boring av hol for propellgjennomføringar Mikkel Rust Hardanger Fartøyvernsenter Rapport Nr. 5-2002

Tittel: Svanhild Undertittel: Boring av hol for propellgjennomføringar Forfattar: Mikkel Rust Teknisk assistanse: Gunnar Furre Utgjeve av Hardanger Fartøyvernsenter, juni 2002 2

Innhald: Innhald:...3 1) Samandrag...3 2) Gjennomføringa av arbeidet...3 Vedlegg...6 1) Samandrag I perioden 8-12 april 2002 gjennomførte to mann frå Hardanger Fartøyvernsenter boring av propellgjennomføringar på Svanhild. Arbeidet vart utført medan fartøyet stod på land ved Solund Mekaniske Verkstad. Det spesielle ved oppdraget var at to separate propellanlegg skulle førast ut gjennom skutesida, eit på kvar side av kjølen. Dette innebar spesielle utfordringar i høve til ei ordiner hylseboring gjennom akterstamnen. Den første utfordringa var å finna plassering og retning på gjennomføringa. Neste utfordring var sjølve boringa som føregjekk i fleire omgangar ved hjelp av eit eigeutvikla spesialverktøy. Arbeidet gjekk i det store og heile etter planen, sjølv om boltar og spiker baud på problem undervegs. Leiar for arbeidet var Mikkel Rust, med seg hadde han Frode Sætre. Trond Strømgren frå Kystmuseet i Florø hadde stått for planlegginga av arbeidet og følgde også opp under vegs. 2) Gjennomføringa av arbeidet Det første holet som skulle borast var for kjølevassinntak på babord side. Det var viktig å få dette på plass ettersom Trond trong vite eksakt kor tjukk skutesida var med tanke på bestilling av gjennomføringsrøyret. På dette tidspunktet var det uklart for oss kva installasjonsløysing som var aktuell, noko som gjorde at det også herska ei viss uvisse når det gjaldt plassering av denne gjennomføringa. Meldinga var at me skulle bora eit pilothol, omtrent i same område på babord side som det eksisterande kjølevassinntaket var å finna på styrbord side. Ettersom denne boringa skulle gå igjennom garnering spant og hud hadde me i praksis to aktuelle alternativ. Her valde me boring gjennom det fremste spantet. Då me fekk kontakt med Trond fekk me nærare informasjon om motorløysningane. Me kom då etter med at me med fordel kunne ha valt den andre plasseringa. Uansett var det pilotholet som det hasta mest med allereie bora opp og Trond meinte at den valde plasseringa ikkje ville innebera noko problem i forhold til plassering av motor og installasjonar. For å syna kva retning akslingen skulla ha hadde Trond på førehand strekt ei snor frå det valde gjennomføringspunktet på babord side og innover i båten. Utfordringa var no å bora dette holet på babord side for så å overføra dei same måla til styrbord side. Ettersom Svanhild ikkje stod i lodd på slippen, kunna me ikkje måla ut etter loddet. Det me gjorde i staden var å måla oss inn med utgangspunkt i to dekksbjelkar, ein ca. midt i båten og ein bak mot skipperlugaren. Med bjelkane som utgangspunkt fann me hjelpelinjer både vertikalt og horisontalt, forutan senterlinja. Me plasserte så parallelle sikteliner i forhold til Trond si snor. (Det må leggast til at Svanhild er ganske bein, for senterlinja kom ganske så midt i kjølsvinet). 3

Under boringa av det første pilotholet stod Frode og sikta medan eg bora. Etter at holet var klart kontrollert me retninga ved hjelp av ei tynn lekte. Me fann at det såg bra ut, men at me kunne skrå litt ut og ned i forhold til snora. Me hadde no laga oss eit kraftig pilotbor på 32 mm, og med dette kunne me ta inn det fyrste vesle avviket. Det var no klart for boresystemet som vart tillaga på fartøyvernsenteret på førehand. Som eit første steg blei det montert eit kne på utsida av huda. Dette skulle verta det utvendige festet for gjengestonga til boremaskina vår, her var det om å gjera at styreholet gjennom kneet vart sentrert i høve til det holet som allereie var bora. Utvendig støttekne og gjengestang Gjengestanga blei på så påmontert ei hylse med skjær som var stilte slik at dei bora ei hol på 50 mm. Stanga blei så stukken gjennom det eksisterande holet slik at gjengene entra mutteren som var festa til eit eige beslag på det utvendige kneet. No blei boremaskina starta og skjæra byrja å eta seg inn i treverket etter kvart som gjengestanga gjekk framover. Den største utfordringane no var spiker og boltar i treverket som me skulle igjennom. Desse kom på løpande band, noko me hadde rekna med. Derfor hadde me også teke med sveisapparat og anna utstyr for å takla problemet. Når det var tale om skipsspiker bora vi først ut proppen og skrapa deretter hovudet reint for galvanisering slik at sveisen skulle få godt feste. Vi sveiste deretter ein 8 mm låsebolt på spikerhovudet. For å unngå at treverket skulle ta fyr hadde vi på førehand fukta området rundt spikeren, vi brukte i tillegg sveiseelektrodar med låg brukstemperatur. Å koma til med elektroden inne i det tronge holet var vanskeleg, bolten blei difor i første omgang festa slik at den stod på skrå i høve til spikaren, deretter blei den retta opp medan metallet framleis var glødande.. Ved hjelp av eit stort kubein blei spikrane så dregne ut. Vi kom også i kontakt med stikkboltar som vi fekk fjerna ved hjelp av same teknikken. Dei tverrgåande jernboltane vi kom i konflikt med, kunne ikkje fjernast på denne måten. Her bora vi oss inn ved hjelp av metallbor og klarte slik å kappa boltane i det aktuelle området. Der det var råd slo vi inn spikrar på ny, men då i ein vinkel som gjorde at dei ikkje konflikt med gjennomføringane. Elles trur vi den svekkinga av 4

konstruksjonen som utboringa inneber, blir meir enn kompensert gjennom det arrangementet som vert montert for å stiva av propellhylsa. Me monterte no gradvis større hylser med tilhøyrande skjær, og auka slik diameteren etter kvart. Det største styringsholet gav plass for ei hylse på 75 mm og med skjæra justerte slik at dei tok dei siste 25 mm opp til 100 mm som var dimensjonen på propellhylsa. Sjølve boringa var tungt arbeid slik at me måtte byta på å køyra den store bormaskina. Den som ikkje bora måtte stå på utsida og smøra gjengene slik at utstyret ikkje skulle gå varmt. Sjølv om me meinte at me hadde hatt god kontroll på alle stadium i arbeidsprosessen, var det likevel spennande då holet skulle prøvast. Me kjende oss godt nøgde då røyret smatt i akkurat. Arbeidet starta no på styrbord side og same prosedyren vart følgt her. Problemet var som på andre sida møte med spiker og boltar, noko som også gjorde at arbeidet tok si tid. På ettermiddagen fredag stod endeleg båe hola for propellhylsene ferdige. Gjennomføringa til kjølevassinntaket vart bora opp heilt til slutt. 5

Den innvendige avstivinga av gjengestanga Me hadde hatt ei arbeidsveke som hadde kravd to mann sin styrke i full monn, så etter ryddingen og opplastingen på kvelden, slappa me av på brakka og tok deretter over Sognefjorden laurdags morgonen og så vidare heim til Norheimsund. Vi vil takka for oppdraget og for eit godt samarbeid med Trond Strømgren ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Norheimsund 19.06.02 Mikkel Rust. Vedlegg: 1) Prinsippskisse, verktøy for hylseboring 2) Prinsippskisse av propellanlegg 3) Propellsystem frå West-Mekan 1) Prinsippskisse, verktøy for hylseboring 6

2) Prinsippskisse av propellanlegg 7

3) Propellsystem frå West-Mekan 8