Surnadal kommune Næring, bygg og miljø Surnadal bondelag V/ Oddvar Mikkelsen 6640 KVANNE Melding om vedtak Dykkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato 2013/1713-2 Bodil Gjeldnes 02.09.2013 Lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar Vedlagt følgjer sakspapira med vedtak i saka. Vedtaket kan påklagast til [Klikk her og skriv klageinstans]. Klagefristen er 3 veker frå den dagen dette brevet kom fram. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen er ute. Klagen skal sendast skriftleg til Surnadal kommune. Vis til vedtaket det blir klaga over, den eller dei endringane som er ønska, og dei årsakene som ligg til grunn for klagen. Viss du klagar så seint at det kan vere uklart om du har klaga i rett tid, ber vi deg også oppgi når denne meldinga kom fram. Med helsing Bodil Gjeldnes miljøvernkonsulent Adresse: Bårdshaugvegen 1 E-post: post@surnadal.kommune.no Telefon 71 65 58 00 Bank 4202.38.40000 6650 Surnadal www.surnadal.kommune.no Telefaks 71 65 58 01 Org.nr 964 981 892
Surnadal kommune Arkiv: M64 Arkivsaksnr: 2013/1713-1 Saksbehandlar: Bodil Gjeldnes Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 71/13 29.08.2013 Kommunestyret Innføring av lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar Vedlegg 1 Forslag til lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar Saksopplysningar I utgangspunktet er open brenning og brenning av avfall i småomnar forbudt jfr. forureiningslova 7 om plikt til å unngå forurensing. Brenning kan likevel foregå dersom: - det ligg føre løyve frå Miljødirektoratet eller fylkesmannen, eller - forureining frå brenninga er vanleg forureining frå boligar, primærnæringer osv (t.d. vedfyring). Ei lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar vil opne for brenning til nokre fleire formål enn i dag, samtidig som den vil avgrense og regulere slik brenning, først og framst av omsyn til allmennheten og naboar, og for å hindre forureining. Open og ukontrollert brenning av avfall og biologisk materiale kan gi utslepp av blant anna tjærestoff, dioksiner og tungmetall. Restprodukt etter forbrenning kan bestå av ikkje-nedbrytbare stoff som blir oppkonsentrert i næringskjeda. Innføring av ei forskrift vil og være klargjerande i høve til kva som er lov og ikkje på dette feltet. Forureiningslovas 9 opnar for at forureiningsmyndigheita kan innføre forskrifter. Ved miljøverndepartementets delegeringsvedtak av 19. juli 2001 er kommunane gitt myndigheit til å fastsette lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar. På dette feltet gjeld også forskrift om brannforebyggande tiltak og tilsyn: 8-2. Bruk av ild utendørs Det er forbudt å gjøre opp ild eller behandle ting som representerer en brannfare utendørs under slike forhold eller på slik måte at det kan føre til brann. Oppgjort ild må ikke forlates før den er fullstendig slokt. Side 2 av 2
Ved flatebrenning eller brenning av hogstavfall i skogmark samt gras- og lyngsviing i eller i nærheten av skogmark, skal det være en ansvarlig leder som skal utarbeide planer, og sørge for at brenningen gjennomføres på en forsvarlig måte. I god tid før brenningen foretas skal det sendes melding til leder av brannvesenet. Med unntak av brenning som nevnt i annet ledd er det i tidsrommet 15. april 15. september forbudt å gjøre ild i eller i nærheten av skogmark uten tillatelse fra kommunen. Kommunestyret selv kan gjennom lokal forskrift fravike dette forbudet dersom lokale forhold tilsier det. Forslag til forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar er utarbeidd i samarbeid med brannsjef i kommunen og vil halde seg innafor forskrift om brannforebyggande tiltak og tilsyn. Fastsetjing av forskrifter er regulert av 37-40 i forvaltningslova. Før ei forskrift kan fastsettast må den ut på høring med ein tilstrekkeleg lang høringsfrist. Behandlinga i denne saka blir derfor slik: - Formannskapet legg forslag til ny forskrift ut på høring. - Høringsperiode på minimum ein månad. - Formannskapet behandlar innkomne høringsuttalar og tilrår eventuell ny forskrift. - Kommunestyret fastsett ny: "Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar i Surnadal kommune, Møre og Romsdal". - Forskrifta blir kunngjort etter reglane i forvaltningslova 38. Vurdering 1 Formål Formålet med denne forskrifta er å hindre forureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar. Kommentar: Formålet med ei forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar vil vere å hindre forureining og helseproblem som følgje av slik brenning. Svært mange kommunar har ei slik forskrift og den vil klargjere kva som er lov og ikkje på dette feltet. 2 Virkeområde Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innafor kommunen sine grenser. Kommentar: Forskrifta vil kun gjelde innafor Surnadal kommune sine grenser. 3 Definisjonar I denne forskrift meinast med: a) Open brenning: All brenning som skjer utandørs b) Småomnar: Forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Miljødirektoratet eller Fylkesmannen eller er lovleg etter statlege forskrifter etter forureiningslova. 4 Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småovnar All open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbudt, med mindre anna følgjer av 5 i denne forskrifta. Kommentar: Regelen seier at all open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbudt, med mindre anna følgjer av 5 i denne forskrifta. Med ei slik oppbygging vil forskrifta være enkel å forhalde seg til og formidle. Side 3 av 3
5 Unntak frå forbodet Følgjande brenning er likevel lovleg: a) Open brenning på grillinnretningar og utepeisar. Kommentar: Open brenning på grillinnretningar og utepeisar bør vere åpenbare unntak frå det generelle forbodet i 4. Slik brenning er ein del av folks kvardagsliv og har fungert tilstrekkeleg sikkert til at dette kan fortsette. b) Kaffebål i utmark med unntak for i eller i nærheita av skogsmark i tidsrommet 15. april 15. september. Kommentar: Å gjere opp kaffebål på tur i utmark er ein sentral del av det norske friluftslivbegrepet og bør vere tillatt. Innafor begrepet utmark ligg både skog, fjell og sjønære område. For å redusere faren for skogbrann bør det vere forbod mot å tenne slikt bål i eller i nærheita av skogsmark i tidsrommet 15. april 15. september. Dette vil og vere i tråd med forskrift om brannforebyggande tiltak og tilsyn. c) Brenning av pinsebål / St.Hansbål eller bålbrenning i særlege høve etter søknad til Surnadal brannvesen. Slikt bål skal kun bestå av trevirke som ikkje er mala eller impregnert / kvist og ikkje innehalde materiale som er å oppfatte som avfall. Kommentar: Brenning av pinsebål / St.Hansbål eller bålbrenning i særlege høve har lang tradisjon og bør vidareførast. Aktiviteten kan i nokre tilfelle medføre brannfare, og brannvesenet bør derfor vere orientert på førehand. Søknad til brannvesenet vil gi brannvesenet høve til å skaffe seg oversikt over antallet bål, og gi føringar til ansvarleg for bålbrenninga om evt. førehandsreglar. Søknad kan og avslåast dersom t.d. plassering og/eller værforholda medfører brannfare. Rådmannen understreker at det vil vere snakk om ein svært enkel søknad i desse tilfella. Søknadsskjema vil bli utarbeid. Pinsebål / St.Hansbål skal ikkje være for brenning av avfall, jfr. fare for forureining. Kun reint trevirke og kvist kan brennast. d) Brenning av mindre mengder avfallstrevirke som ikkje er impregnert eller måla. Brenning skal ikkje vere til ulempe for naboar eller allmennheten. Kommentar: Mindre mengder reint trevirke, t.d. overskudd etter bygningsarbeid eller ved bedrifter, kan brennast i omnar eller i bål. Det er vesentleg at slik brenning ikkje skal vere til ulempe for naboar eller almennheten. Større mengder reint avfallstrevirke skal leverast til etablert mottak. e) Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall om våren utafor tettbygd strøk og der avstanden mellom boligar er meir enn 100m. Avgrensinga på 100m gjeld ikkje viss anna er avtalt etter søknad til Surnadal brannvesen. Kommentar: Bråtebrenning blir brukt for å svi av gamal grasmark. Både dette og brenning av tørt hageavfall bør det opnast for i den lokale forskrifta, men berre utanfor tettbygd strøk. Bakgrunn for dette er å unngå luftvegsplagar for naboar og allmenneheten. Det kan søkast Surnadal brannvesen om unntak frå regelen. Side 4 av 4
f) Ranke- og flatebrenning i skogbruket etter søknad til Surnadal brannvesen. Det skal være ein ansvarleg leiar for brenninga. Unnataket gjeld berre skogsavfall på staden, og det skal takast omsyn til naboar og allmennheten. Kommentar: Ranke- og flatebrenning i skogbruket er brenning av hogstavfall, dvs. greiner og kvist som ikkje er tømmer. Vanlegvis blir hogstavfall liggande igjen etter hogst, evt. sendt til oppflising, men i nokre tilfelle kan det vere hensiktmessig å samle det saman og brenne det. Dette gjeld spesielt dersom arealet skal brukast til beite etter hogsten. Før slik brenning bør det søkast til brannvesenet, både for at brannvesenet skal vere orientert og for at brannvesenet skal ha muligheit til å rettleie den ansvareleg for brenninga, eller evt. avslå søknaden dersom brenning ikkje er forsvarleg. Rådmannen understreker at det vil vere snakk om ein svært enkel søknad i desse tilfella. Søknadsskjema vil bli utarbeid.ved slik brenning skal det takast omsyn til naboar og allmennheten. g) Nedbrenning av miljøsanerte bygningar mv. som objekt for brannøvingar i regi av Surnadal brannvesen og/eller sivilforsvaret. Det skal takast omsyn til naboar og allmennheten. Kommentar: Brannvesenet har med jamne mellomrom behov for reelle brannøvingar på hus i brann. Det seier seg sjølv at slike øvingar vil vere realistiske og slik styrke det lokale brannvesenet. Slike bygg må vere miljøsanerte, dvs. at bygningsdeler og inventar som kan vere til skade eller ulempe for miljøet er fjerna før brenning. Eksempel på slike komponentar er lysstoffrør, PCB-holdige kondensatorer og isolerglassruter, elektriske og elektroniske komponenter, trykkimpregnert materiale, PVC og blyholdige kablar. Også ved slik brenning skal det takast omsyn til naboar og allmennheten. Brenning av halm etter tresking av korn var tidlegare vanleg i Surnadal, men skjer no sjeldnare. Halmen blir i dag for det meste nytta til dyrefor. Slikt organisk avfall kan og leverast til miljøstasjonen i Røtet. Brenning vil være ei svært dårleg løysing for å bli kvitt halmen, både ressursmessig, men og helse- og forureiningsmessig. Rådmannen vel derfor å ikkje ta halmbrenning med på lista over brenning som skal være lovleg. Dersom behov for brenning oppstår kan det søkast om dispensasjon i tråd med 6 i forskrifta. Høyringsinstansar: Surnadal bondelag Todalen bondelag Surnadal skoglag Todalen skoglag Surnadal og Rindal bonde- og småbrukarlag Astma- og allergiforbundet, Surnadal lokallag Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Fylkesmannen i Møre og Romsdal Forslaget til forskrift vil vere ute på høyring / offenleg ettersyn i 4 veker på Surnadal kommunehus og på Surnadal kommune si heimeside. Dette blir annonsert i lokal presse. Side 5 av 5
Rådmannen si tilråding Surnadal kommune v/ hovudutval for teknikk, miljø og næring legg følgjande forskrift ut på høyring i 4 veker: Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar 1 Formål Formålet med denne forskrifta er å hindre forureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar. 2 Virkeområde Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innafor kommunen sine grenser. 3 Definisjonar I denne forskrift meinast med: a) Open brenning: All brenning som skjer utandørs b) Småomnar: Forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Miljødirektoratet eller Fylkesmannen eller er lovleg etter statlege forskrifter etter forureiningslova. 4 Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småovnar All open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbudt, med mindre anna følgjer av 5 i denne forskrifta. 5 Unntak frå forbodet Følgjande brenning er likevel lovleg: a) Open brenning på grillinnretningar og utepeisar. b) Kaffebål i utmark med unntak for i eller i nærheita av skogsmark i tidsrommet 15. april 15. september. c) Brenning av pinsebål / St.Hansbål eller bålbrenning i særlege høve etter søknad til Surnadal brannvesen. Slikt bål skal kun bestå av trevirke som ikkje er mala eller impregnert / kvist og ikkje innehalde materiale som er å oppfatte som avfall. d) Brenning av mindre mengder avfallstrevirke som ikkje er impregnert eller måla. Brenning skal ikkje vere til ulempe for naboar eller allmennheten. e) Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall om våren utafor tettbygd strøk og der avstanden mellom boligar er meir enn 100m. Avgrensinga på 100m gjeld ikkje viss anna er avtalt etter søknad til Surnadal brannvesen. f) Ranke- og flatebrenning i skogbruket etter søknad til Surnadal brannvesen. Det skal være ein ansvarleg leiar for brenninga.unnataket gjeld berre skogsavfall på staden, og det skal takast omsyn til naboar og allmennheten. g) Nedbrenning av miljøsanerte bygningar mv. som objekt for brannøvingar i regi av Surnadal brannvesen og/eller sivilforsvaret. Det skal takast omsyn til naboar og allmennheten. 6 Dispensasjon Rådmannen kan i særlege tilfelle dispensere frå forbod i 4 etter søknad. Helse-, miljø og brannvernansvarleg skal uttale seg før evt. løyve blir gitt. Side 6 av 6
7 Tilsyn Surnadal kommune fører tilsyn med at reglane i denne forskrifta blir følgde. 8 Klage Vedtak gjort av Surnadal brannvesen eller rådmannen i medhald av denne forskrifta kan påklagast skriftleg til hovedutvalg for teknikk, miljø og næring. 9 Straff Brot på denne forskrifta kan medføre straffeansvar jf. forureiningslova 78. 10 Ikrafttreden Denne forskrift trer i kraft frå vedtaksdato, xx.xx. 2013. Behandling i Hovedutval for teknikk, miljø og næring - 29.08.2013 Forslag frå Egil Nedal: 5 pkt. d tas ut av forskrifta. Votering: 5 d. Rådmannen si tilråding fekk 5 stemmer. Forslaget frå Egil Nedal fekk 2 stemmer. Rådmannen si tilråding vedtatt. Rådmannen si tilråding samrøystes vedtatt. Hovedutval for teknikk, miljø og næring si tilråding: Surnadal kommune v/ hovudutval for teknikk, miljø og næring legg følgjande forskrift ut på høyring i 4 veker: Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar 1 Formål Formålet med denne forskrifta er å hindre forureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar. 2 Virkeområde Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innafor kommunen sine grenser. 3 Definisjonar I denne forskrift meinast med: a) Open brenning: All brenning som skjer utandørs b) Småomnar: Forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Miljødirektoratet eller Fylkesmannen eller er lovleg etter statlege forskrifter etter forureiningslova. Side 7 av 7
4 Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småovnar All open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbudt, med mindre anna følgjer av 5 i denne forskrifta. 5 Unntak frå forbodet Følgjande brenning er likevel lovleg: h) Open brenning på grillinnretningar og utepeisar. i) Kaffebål i utmark med unntak for i eller i nærheita av skogsmark i tidsrommet 15. april 15. september. j) Brenning av pinsebål / St.Hansbål eller bålbrenning i særlege høve etter søknad til Surnadal brannvesen. Slikt bål skal kun bestå av trevirke som ikkje er mala eller impregnert / kvist og ikkje innehalde materiale som er å oppfatte som avfall. k) Brenning av mindre mengder avfallstrevirke som ikkje er impregnert eller måla. Brenning skal ikkje vere til ulempe for naboar eller allmennheten. l) Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall om våren utafor tettbygd strøk og der avstanden mellom boligar er meir enn 100m. Avgrensinga på 100m gjeld ikkje viss anna er avtalt etter søknad til Surnadal brannvesen. m) Ranke- og flatebrenning i skogbruket etter søknad til Surnadal brannvesen. Det skal være ein ansvarleg leiar for brenninga.unnataket gjeld berre skogsavfall på staden, og det skal takast omsyn til naboar og allmennheten. n) Nedbrenning av miljøsanerte bygningar mv. som objekt for brannøvingar i regi av Surnadal brannvesen og/eller sivilforsvaret. Det skal takast omsyn til naboar og allmennheten. 6 Dispensasjon Rådmannen kan i særlege tilfelle dispensere frå forbod i 4 etter søknad. Helse-, miljø og brannvernansvarleg skal uttale seg før evt. løyve blir gitt. 7 Tilsyn Surnadal kommune fører tilsyn med at reglane i denne forskrifta blir følgde. 8 Klage Vedtak gjort av Surnadal brannvesen eller rådmannen i medhald av denne forskrifta kan påklagast skriftleg til hovedutvalg for teknikk, miljø og næring. 9 Straff Brot på denne forskrifta kan medføre straffeansvar jf. forureiningslova 78. 10 Ikrafttreden Denne forskrift trer i kraft frå vedtaksdato, xx.xx. 2013. Side 8 av 8
Side 9 av 9