FIVIL Lunsjkonsert Voss Sparebank fredag kl 12:00 Ingebjørg Lognvik Reinholdt song Kirsti Bakken Kristiansen song

Like dokumenter
august 2013 NESETDAGANE.

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

MEDLEMSINFO. august 2009

7.-8. august 2015 NESETDAGANE.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Kultur og dens betydning for psykisk helse. Rapport frå den planlagte kulturveka i 2014 Bjørgvin DPS

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Vi jubilerer med Kristofer Uppdal: «NARREN SYNG» Med John Pål Inderberg og Ragnhild Vannebo, musikk og dikt Ellrun Ystad med tonesette dikt

HardingBaroque KONSERTINFORMASJON. RIKSTaMMVANE. Skulekonsertordninga til Rikskonsertane

6. trinn. Veke 24 Navn:

Elsker - Elsker ikke. Ragnhild Furholt - sang Jon Solberg - gitar Anders Erik Røine - munnharpe. Konsert for årstrinn

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Velkommen til kulturskulen.

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Folkemusikkveka i Kvinnherad oktober

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

Fagkurs og seminar for ungdomslaga på Vestlandet. Storkurs i Førde! oktober På rett kurs med Sogn og Fjordane Ungdomslag -

Helge Lien Sigurd Hole. Lyden av Prøysen

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Ellen Persvold, Olav Luksengård Mjelva, Jan Heier, Hilde Reitan

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Hei alle sjøstjerneforeldre

Last ned Å vera ingenting - Benedicte Maurseth. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Å vera ingenting Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

«Ny Giv» med gjetarhund

Stemnehandboka for NKSF

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

MEDLEMSINFO. april 09

Infoskriv nr 2 frå Norsk Langeleikforum september Heimeside

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Månadsbrev for Rosa september 2014

Låt o Link. Medlemsblad for Valdres Folkemusikklag

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Til deg som bur i fosterheim år

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

RAPPORTERING Den kulturelle spaserstokken 2016

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Telemark musikkteater TMT

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Musisere - Spele enkle ostinat og melodiar etter gehør

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Teknikk og konsentrasjon viktigast

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

/

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

VANYLVEN KOMMUNE KULTURSKULEN

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Storkurs i Rogaland, februar 2016

FAGPLAN I MUSIKK FOR 1. ÅRSTRINN, GOL SKULE. MÅL FOR TRINNET Kva skal elevane lære, kunne, mestre innanfor kompetansemålet

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Spelemannslaget De frilynde

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Kulturminnedagen på BERGSLAGEN. Søndag 15. september kl 15:00-18:00 Sunde Kyst- og Litteratursenter

Velkommen til songarstemne i Florø!

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

Månedsbrev april 2015

GARBORGDAGAR JANUAR 2015

Vågå kulturskule. Skuleåret

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

MØTEBOK Rådsmøte i Hardanger Ungdomsråd. Stad: Norheimsund Industrier. Den Kl Ungdomsrådsleiar Karoline Hauge Stalheim

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

MØTEBOK Rådsmøte i Hardanger Ungdomsråd Stad: Brakanes hotell Ulvik Den Kl

Frevo. gitarheltar. Konsert for årstrinn

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Samansette tekster og Sjanger og stil

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Rektorforum 15. april

Kim & Trym. med hjemlengsel og utferdstrang. Konsert for årstrinn. Kim André Rysstad (sang) / Trym Bjønnes (sang, gitarer, perkusjon, loops)

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Informasjon PROGRAM NORHEIMSUND JUNI

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Stort lagsengasjement

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Musikk. Trinn: 9 og 10

Transkript:

FIVIL Lunsjkonsert Voss Sparebank fredag kl 12:00 Ingebjørg Lognvik Reinholdt song Kirsti Bakken Kristiansen song I god tradisjon blir det lunsjkonsert i Voss Sparebank. På scena i år får du møte to røyster som er godt etablert som kvedarar i folkemusikkmiljøet i Noreg. Med utsøkte harmoniar, nydeleg stemmeklang og sarte viser, klarar desse to jentene gong på gong å fange dykk som publikum og ta dykk med på ei musikalsk reise utan bruk av andre instrument enn sine eigne stemmer. GJERMUND LARSEN - SOLO OPNINGSKONSERT Osasalen torsdag kl 20:00 Gjermund har eit uvanleg breitt emosjonelt register i musikken frå det briljerande virtuose til det milde og sarte. Tonaliteten i det gamle spelet etter n Hilmar taklar han på ein meisterleg måte, samtidig som han gjerne flørtar med nye stilar og kastar seg ut i improvisasjonar få gjer han etter. Som oftast spelar Gjermund saman med andre musikarar, men denne gongen får me høyra hans briljante spel solo. Ikkje gå glipp av denne fantastiske spelemannen!

HEMSING OG LARSEN TO DAMER, TO HERRER Osasalen fredag kl 17:00 Ragnhild Hemsing, Eldbjørg Hemsing, Gjermund Larsen, Einar Olav Larsen alle feler og hardingfeler Musikkmagi frå to syskenpar! Når Ragnhild og Eldbjørg Hemsing entrar scena med Einar Olav og Gjermund Larsen, kan ikkje vi anna enn å garantere at du får ei musikkoppleving av dei sjeldne. Dei er på kvart sitt felt rekna som leiande instrumentalistar i landet. No får vi nyte desse fire saman med tradisjonsstoff frå Valdres og Trøndelag til verk av Bach, Ole Bull og Gjermund sin eigen kvartett. Det er duka for ei heftig oppleving! SEMINARKONSERT Osasalen fredag kl 15:30 OBA-studentar, NMH-studentar, deltakarar på seminar I løpet av årets seminar skal deltakarane utarbeide og øve inn eit nytt konsertprogram som skal munne ut i ein konsert under festivalen. I samråd med musikalsk leiar Helge Lien, og andre gjesteførelesarar, skal deltakarane arbeide med spørsmål som har med nyarrangering og nykomponering i folkemusikken å gjere: Korleis halde fast på kjerneverdiane i tradisjonsmusikken? Har vi høge nok krav til kvalitet i nyskapinga?. Dette blir eit spanande prosjekt, og ikkje minst ein spanande konsert.

TINGINGSVERK MED OLE HAMRE Gamlekinoen fredag kl 21:00 Ole Hamre perkusjon Bugge Wesseltoft piano Erlend Viken fele, hardingfele, oktavfele Jan Bang elektronika, sampling Anders Bratlie perkusjon Kven vart ikkje forbausa då alle båtane i Bergensfjorden stemte i med notert tåkelur under opninga av Festspillene i Bergen i 2010? Eller kjensla av forvitenskap etter å ha sett den utradisjonelle Folkofonen? Det er dette som kjenneteiknar komponisten Ole Hamre. Evna til å overraske, kreativitet og originalitet. Med seg denne fredagskvelden har han eit stjerneensemble av dei sjeldne. Dei har på kvart sitt felt ei solid og kraftig musikalsk røyst, og saman på scena blir vel dette ikkje anna enn dynamitt? Dette bør du ikkje gå glipp av! HAMBURGAR OG HEIMABRYGG Gamlekinoen, foajé fredag kl 19:00 Kva er meir naturleg enn god oktoberfeststemning med hamburgar, heimabrygg og ikkje minst PolkaBjørn & Kleine Heine som eit godt førespel til tingingsverket og Quilty seinare på kvelden? Etter stor suksess i fjor med lansering av konseptet, fann vi fort ut at dette er eit arrangement som skal få leve vidare i åra som kjem. Med mat og drykk frå lokale produsentar, og jodling og polka frå scena, kan vi love god stemning og eit heidundrande førespel til resten av kvelden.

BENEDICTE MAURSETH Sævelid laurdag kl 11:30 I vår ga Benedicte ut boka Å vera ingenting, ei bok som handlar om Knut Hamre - meisterspelemannen og læremeistaren. Dette vert ein bokkonsert der Benedicte les, fortel og spelar hardingfele. Det er ei sterk bok med samtalar om blant anna kunst, dikting, medkjensle og mystikk mellom læremeister Knut og elev Benedicte. Sævelid vert ei perfekt ramme rundt dette intime møtet med den dyktige og allsidige musikaren og eleven Benedicte Maurseth. QUILTY (SVE) Gamlekinoen fredag kl 23:00 Dag Westling song, gitar, banjo, tin whistle Gideon Andersson bass, bodhran, song Esbjörn Hazelius fele, song, gitar Magnus Zetterlund cittern, mandolin, song Quilty er ei av få, om ikkje den einaste, profesjonelle musikkgruppa i Skandinavia som fullt og heilt har spesialisert seg på tradisjonell, irsk musikk. Og legg all tvil til side fyrst som sist, svenskar og nordmenn kan spele irsk folkemusikk så botnsolid at ein kunne trudd John Sheahan (The Dubliners) var faren. Gjennom åra har dei opparbeida seg status som eit slåande liveband med eit sterkt scenisk uttrykk, og får særleg ros for si eineståande måte å fange publikum på. Jigs, reels, hornpipes og stemningsfulle songar om kjærleik, emigrasjon og eventyr fyller konsertane der naturleg virtuositet og publikumskontakt står sentralt.

HALLGRIM BERG & PER ANDERS BUEN GARNÅS Lars Fykeruds triumf og tragedie Tre Brør Pub laurdag kl 13:00 Hallgrim Berg forteljar Per Anders Buen Garnås hardingfele UNGOSA FAMILIEKONSERT Med n Alf i eventyrskauen Osasalen laurdag kl 13:00 Elisabeth Vannebo tuba, perkusjon Heine Bugge trekkspel, song Tone Hulbækmo song, lyre, harpe, skeier, trøorgel Lars Fykerud (1860-1902) var si tids Elvis i Telemark og det hardingfeleinteresserte Noreg og Amerika. Stilskapar, scenekunstnar, showmann og sjarmør. Men som med andre fekk den kunstnarlege og økonomiske suksessen ein brå slutt i møte med alkohol, sjukdom og fattigdom. Under Osafestivalen får vi høyre den sannferdige og ærlege forteljinga om nettopp denne store spelemannen, fortalt av Hallgrim Berg og illustrert musikalsk av den eminente spelemannen Per Anders Buen Garnås. Tone Hulbækmo, Heine Bugge og Elisabeth Vannebo har vore i «Drængstuen» og plukka songar frå Alf Prøysen si skattekiste. Det har vorte til ein spanande konsert for born og vaksne, og vi får høyre kjente og ukjente viser framført i kreative og morosame arrangement. Kom og bli med inn i Alf Prøysen si verd. Regi: Leif Stinnerbom

OLE BULL-STUDENTAR Amfi, laurdag kl. 14:00 Som tidlegare år får vi høyre Ole Bull Akademiets eigne studentar under Osafestivalen. Denne gong på Amfisenteret. Dei møttest alle for fyrste gong tidlegare i haust, og det blir spanande å høyre kva dei har arbeidd med i løpet av hausten. Vi får oppleve dei både solo og i samspel. Og kanskje vankar det nokre tonar i hip-hop verda også? LOYKO (RUS) Gamlekinoen, foajé laurdag kl 14:00 Sergej Erdenko fele, song Artur Gorbenko fele, song Michael Savitsjev gitar, song Hold på hatten! Loyko, meistarar innan russisk sigøynarmusikk, er i bygda. Det er kanskje lurt å stålsetje seg og vera tidleg ute for å få ein trygg sitjeplass i foajeen, for dette blir fartsfullt, energisk, virtuost og meire til. Med ankermann Sergej Erdenko har bandet eksistert i ulike formar sidan 1990, og samarbeidd med verdsstjerner frå mange leirar. No kjem dei i trioformat og bringer den russiske sigøynartradisjonen til publikum på Osafestivalen på ein måte du sjeldan før har opplevd.

Speleplan TORSDAG 23. OKTOBER Kunstutstillingsopning m/geir Nymark Finborud Galleri kl 18:00 gratis Opningskonsert m/gjermund Larsen - solo Osasalen kl 20:00 200,- FREDAG 24. OKTOBER Lunsjkonsert Fivil Voss Sparebank kl 12:00 gratis Seminarkonsert Saman opp på scena Osasalen kl 15:30 gratis Hemsing & Larsen - To Damer, To Herrer Osasalen kl 17:00 250,- Hamburgar og heimabrygg m/polkabjørn & Kleine Heine Gamlekinoen, foajé kl 19:00 gratis To konsertar - og etterspel Gamlekinoen kl 21:00 400,- Tingingsverk - Ole Hamre m/bugge Wesseltoft, Jan Bang, Erlend Viken Gamlekinoen kl 21:00 Quilty (SVE) Gamlekinoen kl 23:00 Dans og jam Gamlekinoen, foajé kl 24:00

LAURDAG 25. OKTOBER Benedicte Maurseth Bokslepp - Å vera ingenting Sævelid kl 11:30 150,- Familiekonsert Med n Alf i eventyrskauen Osasalen kl 13:00 100,- Fykerud m/hallgrim Berg & Per A. Buen Garnås Tre Brør Pub kl 13:00 150,- Loyko (RUS) Gamlekinoen, foajé kl 14:00 150,- Thor-Harald Johnsen og Thomas Boysen Lutt Duo Tre Brør Pub kl 15:30 150,- Kong Nor - Førestilling i samband med grunnlovsjubileet. Regi: Leif Stinnerbom Gamlekinoen kl 17:00 250,- Mat, musikk og vin m/ragnhild & Eldbjørg Hemsing Park Hotel Vossevangen kl 19:00 1 500,- m/dans Erlend Viken Trio Osasalen kl 20:00 300,- m/dans Laurdagskveld på Akademiet m/lendmenn, Voss Spelemannslag m.fl. Ole Bull Akademiet kl 21:30 150,- SUNDAG 26. OKTOBER Sudan Dudan Osasalen kl 14:00 200,- Rosenkranssonatane av Biber m/lina Tur Bonet, Thor-Harald Johnsen m.fl. Nain kl 16:00 250,- Fossegrimen Fem nordiske portrett m/jon Faukstad solist Voss kulturhus kl 18:00 225,-

THOR-HARALD JOHNSEN & THOMAS BOYSEN LUTT DUO Tre Brør pub, laurdag kl 15:30 Thor-Harald Johnsen lutt Thomas Boysen lutt, theorbe Det er ikkje ofte ein får oppleve ein vassekte luttduo, men på Osafestivalen skjer det. Med eit rikt og variert instrumentarium ynskjer den norske luttduoen å formidle ei musikkoppleving der ulike, kanskje uvante, klangfargar og musikalske teksturar vert utforska. Musikkstykker, gitargrep og inspirasjon for leik og improvisasjon hentar dei frå sine for lengst avdøde kollegar Francesco da Milano, J.H. Kapsberger, J. Downland og ikkje minst V. Galilei. KONG NOR Førestilling til grunnlovsjubileet 2014 Gamlekinoen laurdag kl 17:00 Unni Boksasp, Hæge Manheim, Silje Onstad Hålien, Jon Anders Halvorsen, Torkjell Lunde Børsheim alle dans, song, forteljing Øyvind Sandum dans, song, forteljing, trekkspel Anders Erik Røine langeleik, gitar, munnharpe, oktavfele, song Daniel Sandén-Warg fele, hardingfele, oktavfele, munnharpe, strykeharpe, moraharpe, song, tampura devi Regi: Leif Stinnerbom Dette er ein storslått folkemusikalsk hyllest til grunnlovsjubileet og ein dansande førestilling i skjeringspunktet mellom musikkteater, dans og konsert. Det blir ein kraftfull, søkjande, ettertenksam, undrande og leiken førestilling akkurat sånn som musikken, dansen og folket er. Nyproduksjonen er bygd på myten om sagakongen Nor som samla det norske rike. Den nesten bortgløymde historia blir vekt til liv og kledd i ny drakt. Bli med inn i ei spanande fantasiverd om myter og legender!

MAT, MUSIKK OG VIN Park Hotel Vossevangen Restaurant Elysée laurdag kl 19:00 Ragnhild Hemsing fiolin Eldbjørg Hemsing fiolin Dette er og blir ein tradisjon. For ikkje mindre enn 12. gong har Osafestivalen og Resaturant Elysée gleda av å invitere til gourmetkveld med musikalsk følgje. Med systrene Hemsing til å setje stemninga med sitt virtuose, kraftfulle og slåande fiolinspel, eminente kokkar ved grytene og vin frå Nord-Europas største og beste vinkart, blir dette ikkje mindre enn nok ei fantastisk oppleving. ERLEND VIKEN TRIO Osasalen laurdag kl 20:00 Erlend Viken fele Jonas Bleckman cello Juhani Silvola gitar I februar 2014 lanserte felespelar Erlend Viken og hans trio med gitarist Juhani Silvola og cellist Jonas Bleckman debutplata Frie Tøyler på Grappa til strålande omtale i norsk media. Adresseavisa skriv fylgjande medan dei trillar fem på terningen: folkemusikkårets mest spennende album. Trioen turnerar aktivt både i Noreg og utlandet, og har gjennom sine energiske liveopptredenar skaffa seg mange fans på tvers av sjangergrensene. Gitar og cello i samspel med fele gir lyttaren ei rå akustisk oppleving basert på norsk trad, og inspirert av blant anna afrikansk ørkenblues og amerikansk old-time music. Dette er ei gruppe som absolutt er verdt å få med seg!

DANS PÅ AKADEMIET Osasalen, spelemannsstovo, dansestovo Laurdag kl 21:30 Lendmenn, Voss Spelemannslag og Osterøy Spel- og Dansarlag Her kan ein svinga seg både i runddans og bygdedans i fleire etasjar til tonar frå gammaldansgruppa Lendmenn frå Gudbrandsdalen, Voss Spelemannslag og Osterøy Spel- og Dansarlag. Og du skal ikkje sjå vekk frå at det vankar litt buskspel utover natta i god tradisjon. Me lovar god stemning! SUDAN DUDAN Osasalen sundag kl 14:00 Anders Røine song, gitar, munnharpe Marit Karlberg song, langeleik Møtet mellom Marit Karlberg og Anders Røine sine stemmer er gripande og sterkt. Legg du til gitar, munnharpe og langeleik, får du eit uforgløymeleg møte mellom skillingsviser, slåttestev og balladar som tar utgangspunkt i norske folketonar, men som tydeleg er inspirert av amerikansk old-time musikk og vestafrikansk ørkenblues. Len deg tilbake og la deg bli forført av finslipte, sarte tonar og tekstar som stikk djupt i sjela.

ROSENKRANSSONATANE (Biber) Nain sundag kl 16:00 Lina Tur Bonet fiolin Bjørn Kåre Bråten Odde flatfele Thor-Harald Johnsen lutt Thomas Boysen theorbe Siri Hilmen cello Hans Knut Sveen cembalo Det er ei stor glede å presentere dei vakre Rosenkranssonatane, óg kjent som Mysteriesonatane, av Heinrich I.F. Biber. Sonatane er ei samling av 15 korte sonatar for fiolin og continuo medan siste satsen er ein passacaglia for solo fiolin. Til å framføre verket har me to fantastiske felespelarar; spanske Lina Tur Bonet og norske Bjørn Kåre Bråten Odde. Bonet er ein anerkjend fiolinist som meistrar både klassisk fiolin og barokkfiolin på ypparleg vis, Odde er ein ung folkemusikar frå Gudbrandsdalen som er, trass sin unge alder, ein av dei beste felespelarane i Noreg i dag. Det er med stor spaning me ser fram til å høyra desse to utøvarane saman med continuogruppa. ORKESTERET FOSSEGRIMEN Voss kulturhus sundag kl. 18:00 Dirigent: Dagfinn Rohde Solistar: Jon Faukstad, Ingrid Trefall Orkesteret Fossegrimen, dirigert av Dagfinn Rohde, har fått æra av å avslutte årets festival, og det skal dei gjera med stil. Hovudverket er Fem nordiske portrett for akkordeon og strykarar av Henning Sommerro, med solist Jon Faukstad. Ingrid Trefall, elev ved Musikklina på Voss Gymnas, spelar Serenade for klaver og orkester av Ole Olsen. I tillegg står Bojarenes inntogsmarsj og Norsk rapsodi nr. 1 av Johan Halvorsen, og Intermezzo frå Grieg sin Symfoni i c-moll på programmet. Vel møtt.

FESTIVALUTSTILLING UTSTILLINGSOPNING Finborud Galleri torsdag kl 18:00 I samarbeid med Voss Kunstlag er det ei glede å kunne ynskje velkomen til utstillingsopning av årets festivalkunstnar, Geir Nymark. Kunstnaren er født i 1956 og bur og arbeidar på Voss. Han har utdanning frå Norsk kunsthandverksskule på Voss 1979-80, og har studert treskulptur under Sjur Mørkve (1981-83). Han har sidan 1985 arbeida på heiltid med bildekunst og skulptur, og har hatt ei rekkje utsmykkingar og spesialoppdrag. Nymark arbeider i hovudsak med etsingar. SEMINAR 23. 24. OKT.: SAMAN OPP PÅ SCENA Musikalsk leiar: Helge Lien Gjesteførelesar: Gjermund Larsen Musikalsk ansvarleg: Helge Lien, førsteamanuensis ved Norges Musikkhøgskole Førelesar: Gjermund Larsen, musikar Seminaret vil gjennom teoretisk og praktisk undervisning la deltakarane skape sin eigen konsert, som vil vere ein del av det ordinære festivalprogrammet. Vi vil ta opp spørsmål som har med nyarrangering og nykomponering å gjere: Korleis halde fast på kjerneverdiane i tradisjonsmusikken? Har vi høge nok krav til kvalitet i nyskapinga? Helge Lien vil vere rettleiar og inspirator i arbeidet med å gjere stoffet tidsaktuelt, interessant og konsertklart. Deltakarane vil få utdelt det musikalske stoffet i god tid før seminaret. Osasalen torsdag og fredag 9.15 15.00 Seminarkonsert med deltakarane fredag 15.30 Seminaravgift kr 450,-. Påmelding innan 1. oktober. Kontakt Ole Bull Akademiet v/håkon Asheim, tlf. 414 75 573 - haakon@olebull.no

UNGOSA - SONGKURS FOR BORN OG UNGE Instruktørar: Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Kirsti Bakken Kristiansen Den vokale folkemusikken har sterke tradisjonar her i landet, og det er viktig at den vert halden ved like, også i framtida. Då er det viktig å starte med dei yngste. På kurs ilag med Ingebjørg og Kirsti er terskelen låg for å vera med. Det einaste ein treng å kunne, er evna til å lage lyd, og det vonar vi dei fleste born og unge kan. Vel møtt til song, leik og moro! Foreldre er også velkomne til å vera med. Dansestovo, Ole Bull Akademiet laurdag kl. 11.00-13.00 Kursavgift kr 50,- Påmelding innan 20. oktober Tlf 56 51 65 00, sissel@osafestivalen.no POLSKURS Instruktørar: Ole Nilssen og Solveig Brekke Hauknes Vil du verta ekspert på pols? Då må du melda deg på kurset laurdag med Ole Nilssen og Solveig Brekke Hauknes. I sommar rykka Ole og Solveig opp i A-klassa på Landskappleiken med sin Østerdalspols, og er med i toppsjiktet innan folkedans. Dei er unge, livlege og kan verkeleg danse. Voss Ungdomshall, laurdag kl. 10:00-15:00 Kursavgift kr 250,- m/dans - 200,- u/dans Påmelding innan 20. oktober. Tlf: 56 51 65 00, sissel@osafestivalen.no INFO Festivalkontor: Ole Bull Akademiet, Strengjarhaugen 6, 5700 Voss Postboks 443, 5703 Voss Tlf: 56 51 65 00 post@osafestivalen.no sissel@osafestivalen.no www.osafestivalen.no Billettar blir selt gjennom Billettservice/Posten/ Narvesen. Bestillingstelefon: 815 33 133, www.billettservice.no Billettavgifta på kr 20,- er inkludert i billettprisen. Born under 15 år gratis (gjeld ikkje fredagskvelden i Gamlekinoen og familiekonsert). Fri inngang for følgje til rørslehemma Hordaland fylkes kulturkort for ungdom gjeld for festivalen (20% avslag ved vising av kort). Festivalpass: 1000,- Festivalpasset gjev tilgjenge til alle arrangement med unntak av kurs, seminar, konsert med Fossegrimen - og arrangementet Mat, musikk og vin, som berre blir selt via Park Hotel Vossevangen.

Osafestivalen er støtta av: Våre hovudsponsorar: VOSS KOMMUNE Anda og Hirth Voss og Fjordane Guide Service Sævelid AS Smalahovetunet Amfi Arrangørar: Ole Bull Akademiet Voss ungdomslag Voss Spelemannslag Orkesteret Fossegrimen