Austevoll kommune MØTEINNKALLING Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 07.04.2011 Kl. 15:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg servicekontor. Varamedlemar møter berre etter nærare innkalling frå administrasjonen. Møte er ope for tilhøyrarar. Saksdokument er lagde ut til offentleg gjennomsyn på Offentleg servicekontor. TILLEGGSSAKSLISTE Sak nr. Saktittel 043/11 Referatsaker Notat: Storebø PO-senter - Anmodning om fristforlenging 050/11 Ekstra ferje Hufthamar-Krokeide Storebø, 05.04.2011 Helge Andre Njåstad Ordførar Side 1 av1
Saksframlegg SAKSGANG Styre, utval, m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. FORMANNSKAPET 07.04.2011 043/11 ANF Avgjerd av: Saksansv.: Astrid Norunn Fagerbakke Arkiv: TI-&17 Objekt: Arkivsaknr 11/591 Referatsaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 11/4649 X 25.03.2011 Austevoll Notat - Utmåling av kommunalt tilskot til private barnehagar 2011 2 11/3011 I 21.02.2011 Fiskeridirektoratet Tilbaketrekking av lokalitet 14040 Krigsholmen - omgjering av vedtak 3 11/3095 I 24.02.2011 Hordaland fylkeskommune 4 11/3587 U 07.03.2011 Hordaland fylkeskommune 5 11/3700 I 09.03.2011 Kleppevik Produksjon 6 11/4076 X 16.03.2011 Austevoll 7 11/5363 X 05.04.2011 Austevoll Avslag på søknad om endring av biomasse - Flatøyflu Avslag på søknad om endring av biomasse - Flatøyflu Kulturprosjekt songbok Johannes Kleppevik Nausttomter i Haugavikneset bustadfelt Storebø PO-senter - Anmodning om fristforlenging RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Meldingane vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
Notat til orientering Til: Austevoll Kopi til : Frå : Rådmannen Vår ref. Arkivkode Dykkar ref. Dato 11/613-1/HSK FE- 05.04.2011 Storebø PO-senter - Anmodning om fristforlenging Administrasjonen har i møte og per brev blitt orientert av Hordaland Bygg og Eigedom AS om at arbeida ved den nye sjukeheimen på Storebø vil bli forsinka. I høve til kontrakt skal nybygget stå ferdig 16. mai 2011 med overlevering påfylgjande virkedag, altså 18. mai. Ny dato for ferdigstilling av heile bygget er satt til 10. juni 2011. Som fylgje av ein strengare vinter enn forventa, har det vore utfordringar med takarbeid, utenomhusarbeid og innvendige arbeid. Det var og lengre leveringstid enn forventa på den type/farge takplater som vart ønska på bygget. Dette medførte blant anna at taket ble ståande utan dekke gjennom vinteren, og kommunen ba derfor om det ble fortatt ein måling av fukt for å få avklart om taket var fuktskada før plater ble lagt på. Måling og utføring av oppdraget ble i sin heilskap betalt av Hordaland Bygg og Eigedom AS. Flytting av bebuare frå Selbjørn vart planlagt til siste helg i mai, alternativt første helg i juni. Dersom dette må utsettes til 10 juni, vil det måtte gjennomføres flytting i løpet av pinsehelgen. Dette er ikkje ein gunstig tid for flytting, det er for det første fleire som kan ha planlagt reiser eller anna aktivitetar denne helga, for det andre vil det vera dyrare for kommunen å ha ekstra bemanning i pinsa enn andre helger. Som følgje av dei uventa forsinkingane i vinter og på bakgrunn av at kommunen sjølv ba om å få utført målingar på taket, er rådmannen innstilt på å gje Hordaland Bygg og Eigedom AS noko utsetting med ferdigstilling utan at det blir berekna dagsmulkt, men meiner at fristen ikkje kan forlengast til 10. juni. Rådmannen er innstilt på å gje utbyggjar frist til 3. juni 2011 med overlevering av nybygg utan at det får konsekvensar. Dersom bygget ikkje kan ferdigstillast til denne dato, vil kommunen krevje kompensasjon i høve til det som er regulert i kontrakt. Til orientering vil arbeidet med innbygging av forbindelsesgang og komplettering av utenomhusarbeider fortsette gjennom sommaren med ferdigstilling rundt 10. august.
Austevoll kommune Side 2 av 2 Arkivsak: «Sdo ArkivSakID»-«Sdo DokNr»
SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar FORMANNSKAPET 07.04.2011 Henning Andersen Arkivsaknr. 11/606 Arkiv: FE- Ekstra ferje Hufthamar-Krokeide Rådmannen si tilråding: Austevoll kommunestyre vedtek at første faktura for å få ferje nr. 2, pålydande kr 2.036.000, blir betalt av kommunen. Neste rekning skal Austevoll kommune betale etter at næringslivet har innbetalt eit tilsvarande beløp. Vedlagte saksdokument: Bakgrunn for saka: Frå budsjettet 2011 har me følgjande vedtak Den viktigaste politiske saka i perioden 2007-2011 har vært ferjesaka Me har vald å gå inn i eit spleiselag med næringsliv og fylkeskommune for å lykkes med å få 2 ferjer. Me forsvarar å bruke 2 mill på dette... Kommunen har garantert overfor fylkesmannen 4 millionar kroner, der 2 millionar skal dekkast av næringslivet i Austevoll. Næringsrådet jobber framleis med å får fleire private næringsaktørar med å gå inn for å fordele dei 2 millionane. Vurdering: Det er gitt garantiar frå næringslivet om dei 2 millionane, men det er eit ynske om at fleire aktørar støttar opp. Næringsrådet jobber nett no med denne saka, der fleire har meldt sin interesse. Kommunen ynskjer derfor å betala første avdrag fullt ut for ferja, men at det for ettertida betalast 50-50 mellom kommune og næringsliv.