Sakshandsamar, innvalstelefon Edvard Høgestøl, 55 57 20 45 Vår dato 30.04.2012 Dykkar dato 23.12.2011 Vår referanse 2011/17021 331.1 Dykkar referanse 11/1865 Os kommune Postboks 84 5202 Os Os kommune - budsjett og økonomiplan for 2012-2015 Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2012 og økonomiplan 2012-2015, vedteke i kommunestyremøte 06.12.2011. Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Skatteøyret for personlege skattytarar blei redusert frå 2010 til 2011. Reduksjonen blei gjort for å redusera skatteinntektene sin del av samla inntekter. Samla for kommunane svarar dette til ein like stor auke i den statlege rammeoverføringa. For 2012 er skatteøyret for kommunane 11,6 %. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr 394.874.000,- i skatt på eige og inntekt for 2012. I 2011 var det ein samla skattereduksjon for kommunane i landet på 3,2 %. Det er no rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2011 til 2012 med 2,9 %. Kommunen sitt skattenivå i 2011 var 92,8 % av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2012 tilsvarande 60 % av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2012 tilsvarande 60 % av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 % av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 % av differansen mellom 90 % av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 20 09 Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310, 5020 Bergen Telefaks: Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, medrekna inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr 757,4 mill. Inntektsprognosen for 2012 er no oppdatert med innbyggjartal pr. 01.01.2012 og innkomen skatt i 2011. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal pr. 01.01.2012. For innbyggjartilskot og aldersfordelinga i utgiftsutjamninga er grunnlaget innbyggjartal pr. 01.07.2011. Noverande inntektsprognose er kr 755,8 mill. Dei budsjetterte frie inntektene er altså noko høg målt mot den siste inntektsprognosen. Eigedomsskatt Kommunen har ikkje eigedomsskatt. Løns- og prisauke Prisindikatoren for kommunesektoren for 2012 er i statsbudsjettet 3,25 %. Denne består av pårekna lønsvekst med 4,0 % (vekt 0,635) og varekjøp med 2,0 % (vekt 0,365). Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan gjenståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 % av lånegjelda (når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med). Det er budsjettert med kr 35,32 mill i ordinære avdrag (utanom avdrag på formidlingslån). Det er ein auke på kr 2,54 mill frå året før, og skuldast gjeldsauken i 2011 og kanskje også budsjettert gjeldsauke i 2012. Kommunen hadde ved utgongen av 2011 (førebelse tal) ordinær gjeld på kr 961,24 mill og har vedtatt nye store lån i 2012. Budsjettert avdrag vil likevel etter alt å døme tilfredstille tilråding/hovudregel. Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar (inkl. inndekning av underskot). Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatte. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen. Frå og med 2010 har det vore endring i korleis kommunane kan disponera momsrefusjon frå investeringar. Det er ein overgangsperiode frå 2010 og fram til 2014. For budsjettåret 2012 skal minimum 60 % av meirverdiavgiftskompensasjonen frå investeringar bli overført til investeringsrekneskapen. Budsjettforskrifta 5 og rekneskapsforskrifta 3 er endra i samsvar med dette. Denne overføringa til investeringsrekneskapen må bli gjennomført sjølv om ein kommune eventuelt har meirforbruk i årsrekneskapen for det same året eller frå tidlegare år. 2
Budsjettet legg opp til overføring til investeringsrekneskapen med kr 18,2 mill. Fylkesmannen legg til grunn at kommunen si overføring til investering tilfredsstiller budsjett- og rekneskapsforskrifta kva gjeld 60 prosent av investeringsdelen av momskompensasjon. Netto driftsresultat i budsjettet er satt til kr 12,- mill. Det er generelt tilrådd at kommunane bør ha eit netto driftsoverskot i rekneskapen på minimum 3 % av driftsinntektene. Det er viktig for å kunne setje av midlar til å møta ei mellombels ubalanse på drifta og til finansiering av investeringar no eller seinare. Kommunen tilfredsstiller ikkje tilrådinga for 2012. Sjølv om netto driftsresultat i dei seinare åra er positive, er avsetjingane for små. Investering, lånegjeld og kapitalutgifter Kommunen har investert mykje dei seinare år. Bygginga av Oseana Kunst og Kultursenter står som den største einskildinvesteringa. Det er ikkje budsjettert fleire investeringar i prosjektet, og sluttsummen står i dokumenta som kr 212,3 mill. Prosjektet hadde relativt låg grad av kommunal lånefinansiering. I 2012 er det planlagt investeringar for til saman kr 160,96 mill. Dei største investeringane er ny brannstasjon (kr 37,- mill i 2012 og kr 22,- mill i 2011), Os ungdomskule (kr 30,- mill i 2012, og kr 20 mill i 2013), Kuhnletunet (kr 14,- mill i 2012 og 20,- mill i 2013) og ny skule på Nore Neset (kr 10,- mill). Skulen på Nore Neste vil også føre med seg investeringar i 2013 og 2014 på hhv kr 70,- og 75,- mill. Lysekloster skule kjem til med investeringar på kr 20,- mill i 2014 og kr 30 mill i 2015. Investeringar i (potensielt) sjølvfinansierande tiltak som vass og avløp aukar i økonomiplanperioden 2012 til og med 2015 med respektive kr. 29,65 mill, kr 54,65 mill, kr. 80,75 mill og 89,55 mill. Lånetrongen i økonomiplanperioden er stor, og for 2012 er det vedtatt opplåning tilsvarande kr 128,46 mill. Av desse er 26,65 mill knytt til potensielt sjølvfinansierande prosjekt og kr 11,8 er lån med rentekompensasjon. Kr. 22,- mill i mva-kompensasjon og kr 7,74 mill i tilskott utgjer resterande finansiering. I tillegg er det vedtatt kr 20,- mill i lån til vidare utlån (Husbanken). Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld pr. 31.12.2010 pr innbyggjar for kommunane i fylket utanom Bergen til om lag kr 54.180,-. I dette talet er ikkje pensjonsforpliktingane medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen var kr 52.416,-. Det generelle gjeldsnivået for kommunane i landet har auka vesentleg dei seinaste åra, og nivået må bli vurdert som høgt. Kommunane samla i fylket utanom Bergen har no eit gjeldsnivå pr innbyggjar som ligg 7,2 prosent høgare enn landsgjennomsnittet (utanom Oslo). 3
Førebelse tal for 2011 syner at kommunen si ordinære lånegjeld pr innbyggjar er auka til kr 54.228,-. Oppsummering Kommunen har rapportert eit negativt netto driftsresultat i 2011 (førebelse tal) på kr 19,1 mill. Sjølv om det er eit handterbart beløp, tærer det på oppsparte middel. På generelt grunnlag må det bli sagt at kommunen har rasjonalisert drifta dei seinare åra for å tilpasse seg det til dei driftsmiddel kommunen rår over. I budsjettdokumentet skriv rådmannen at det kvart år, i alle høve sidan 2006, har vore kutt i drifta i samband med utarbeiding av budsjett. Framskriving av eksisterande drift har alltid gitt eit høgare kostnadsnivå enn det kommunen sine rammer kan bere. Kommunen melder om store utfordringar og utgifter kva gjeld lik økonomisk handsaming av ikkje-kommunale barnehagar. Dette skuldast delvis underfinansiering frå staten, og delvis ei sjølvbestemt forsering av opptrappinga mot full likebehandling. Kommunen har framleis store ubrukte lånemiddel, sjølv om totalen har vorte redusert med om lag kr 50,- mill i året dei to siste år. Det vert ikkje rekna med avkastning frå finans i budsjettet i år heller. Før 2009 var budsjettert avkastning gjerne 6 % av porteføljen, ein praksis som kunne gi ei «sovepute» for drifta. Kommunen sin gjeld pr innbyggjar nærmar seg gjennomsnittet for fylket u/bergen. Ser vi meir korrekt på gjeld over brutto driftsinntekter (som eit uttrykk for beteningsevne) er situasjonen at kommunen ligg høgt over gjennomsnittet for fylket u/bergen. Kommunen held fram med eit ekspansivt investeringsprogram som i all hovudsak er lånefinansiert. Låneopptak i perioden 2012 2014 er kr 128,46 mill, kr 145,4 mill og 189,25 mill (og lågare for 2015). Ordinære prosjekt ligg mellom kr 109 og 121 mill desse åra. Til dette høge nivå kjem aukande investeringar i VAR. Finanskostnadene kan bli tunge å bære (og i tillegg kjem gjerne auka utgifter til drift og vedlikehald). Frå 2011 til 2015 aukar dei budsjetterte renteutgiftene med kr 15,8 mill per år, og avdragsutgiftene med kr 17,65 mill til saman kr 33,45 mill. Kommunen planlegg langt ut over økonomiplanperioden kva gjeld investering (og dermed vert også føringar lagt for drift). Planane ut over dei nærmaste fire år er ikkje, og treng ikkje vere, like fullstendige som for økonomiplanperioden, men det er fornuftig at ein også i dag konkretiserer framtidige og naudsynte tiltak. Her eksemplifisert med investeringar i omsorgsbustader og rehabilitering av sjukeheim i perioden 2016 2020. Generelt er det å seie at budsjettdokumenta også i år er svært godt gjennomarbeidde og informative, men framleis sakar Fylkesmannen å sjå at dei ordinære oversiktene vert lagt fram for kommunestyret (jfr. vedlegg til forskrift om årsbudsjett). 4
Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass. fylkesmann Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Deloitte Postboks 6013 5892 BERGEN 5