VESTNES KOMMUNE Møteprotokoll Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: 06.06.2016 Tidspunkt: 16:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Geir Inge Lien Ordførar SP Jenny Bakken Nestleiar VGS Sara Funie Karadash Medlem HELSK Hanne Nakken Kjærstad Medlem HELSK Ida Sofie Risnes Fiksdal Medlem TOMSK Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Lasse Djupvik Medlem TOMSK Hanna Vestre Medlem TOMSK Markus Sele Medlem HELSK Emma Birgitte Skjønberg Leiar VGS Tomren Elias Henriksen Medlem VGS Følgjande varamedlemmar møtte: Navn Møtte for Representerer Ida Iren Vike HELSK Merknadar Fra administrasjonen møtte: Navn Stilling Odd Jarle Talberg Koordinator
Saksliste Saksnr Innhald Lukka PA 13/2016 PA 14/2016 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte PA 15/2016 Ungdommens miljøkrav til framtida - Prosjekt 2016 PA 16/2016 Orientering om kommunereformprosessen PA 17/2016 Skulestruktursak - høyringsprosess i 2016 PA 18/2016 Ungdomsstipend frå Vestnes kommune for 2016 PA 19/2016 Førebuing for møtedialog med kommunestyret - Ungdomsrådet 2015-2016 PA 13/2016 Godkjenning av innkalling Innkallinga til møte vart samrøysta godkjent. PA 14/2016 Godkjenning av protokoll frå siste møte Protokollen frå sist møte vart samrøysta godkjent. PA 15/2016 Ungdommens miljøkrav til framtida - Prosjekt 2016 Vestnes ungdomsråd drøftar og gjer vedtak i saka i møtet og fordeleroppfølgingsoppgåver som kontakt til ungdomspanelet og kontakt med skular og barnehagar om Miljøfyrtårn. Ungdomsrådet viser til orientering og behandling i saka, og vil innan september 2016 rapportere attende til ungdomspanelet om eksisterande miljøtiltak (iverksatte).
Ungdomsrådet sett saka opp att på dagsorden på nytt til hausten, med tanke på forslag og arbeid med å sette i gang nye tiltak som betrar miljøet og som reduserer klimautsleppa i Vestnes kommune. Miljøansvarleg Alexander Connor kunne ikkje møte, men koordinator vil referere frå tidligare temasamtale med både han og andre, aktuelle i kommuneadministrasjonen. PÅ GRUNNLAG AV ORIENTERINGA I MØTET KAN UNGDOMSRÅDET RAPPORTERE TIL UNGDOMSPANELET INNAN SEPTEMBER: Sara og Ida Iren finn ansvarsperson til Vestnes ungdomsråd i ungdomspanelet og opprettar dialog. (Får e-postadresse). Representantane frå Helland og Tomrefjord finn ut om skulane er Miljøfyrtårn? Andre skular som er det? (Hanne spør Gisela). Eksisterande miljøtiltak som bør nemnast samt forslag til nysatsingar? - blir fastsett til hausten. (Jamfør saksutgreiing og drøfting i møtet). (Fleire ladesatsjonar, satsing på tilrettelegging for sykkel, (stativ/skur) både på skulane og i Helland sentrum? Kontaktperson for Miljøsaker i Vestnes kommune er Alexander Connor Framlegg til vedtak utarbeidd i møte; Ungdomsrådet viser til orientering og behandling i saka, og vil innan september 2016 rapportere attende til ungdomspanelet om eksisterande miljøtiltak (iverksatte). Ungdomsrådet sett saka opp att på dagsorden på nytt til hausten, med tanke på forslag og arbeid med å sette i gang nye tiltak som betrar miljøet og som reduserer klimautsleppa i Vestnes kommune. Framlegg til vedtak utarbeidd i møte vart samrøysta vedteke. PA 16/2016 Orientering om kommunereformprosessen Ungdomsrådet tek saka og saksopplysningane til orientering Ungdomsrådet tek saka og saksopplysningane til orientering
Ordførar og koordinator orienterte om den utsendte saksutgreiinga og administrasjonssjefen sitt forslag i saka, til formannskapet den 13.06.2016 og til kommunestyret den 206.2016. Innstillinga frå administrasjonssjefen vart samrøysta vedteke. PA 17/2016 Skulestruktursak - høyringsprosess i 2016 Vestnes ungdomsråd tek saka og saksopplysningane til orientering. Vestnes ungdomsråd tek saka og saksopplysningane til orientering. Ordførar og koordinator orienterte om den utsendte saksutgreiinga og ad-hoc utvalet sitt forslag i saka, til formannskapet den 13.06.2016 og til kommunestyret den 206.2016. Innstillinga frå administrasjonssjefen vart samrøysta vedteke. PA 18/2016 Ungdomsstipend frå Vestnes kommune for 2016 Vestnes ungdomsråd lyser ut tre ungdomsstipend á kr 2 500 som etter forslag/søknad kan tildelast ungdom som har utmerka seg i kategoriane song/musikk, idrett og anna kulturkategori. Vestnes ungdområd godkjenner kunngjeringsteksten i saka og spreier bodskapen til aktuelle personar og miljø. Ungdomsrådet held eit tildelingsmøte fredag 17. juni kl. 13:30 på Rådhuset (alle ungdomsrådmedlemmane møter). 3.
Alle i ungdomsrådet møter til dialog med kommunestyret, ungdomsstipendutdeling og avslutning med pizza onsdag 2 juni frå kl. 17:15. Vestnes ungdomsråd drøfta saka og bestemte å lyse ut ungdomsstipenda i avisene og på nettsidene til kommunen umiddelbart, samt at ungdomsrådet sine medlemmer spreier bodskapen til ulike personar og miljø. (Idrett)(Song/Musikk)(Dans/anna kategori) Annonsering i Vestnesavisa og Bygdebladet blir gjort i veke 23 samt onsdag 15.06.2016. Søknadsfristen blir sett til torsdag 16. juni. Ungdomsrådet held tildelingsmøte på Rådhuset fredag 17. juni kl. 13:30 ca. ein time). Ungdomsrådet deler ut ungdomsstipenda i samband med årsmelding til kommunestyret - onsdag 2 juni ca. kl. 17:15. Kunngjeringstekst; UNGDOMSSTIPEND FOR 2016 FRÅ UNGDOMSRÅDET Vestnes ungdomsråd lyser ut tre ungdomsstipend á kr 2 500, som etter forslag eller søknad kan tildelast ungdom som har utmerka seg i kategoriane song/musikk, idrett og anna kulturkategori. Forslag og søknader skal grunngjevast og sendast til Vestnes Ungdomsråd. E-postadresse; postmottak@vestnes.kommune.no. Rådhuset, 6390 Vestnes. Frist: Torsdag 16. juni 2016. Endeleg vedtak om ungdomsstipenda blir gjort av ungdomsrådet. Tildeling vil skje i kommunestyremøtet den 206.2016. Framlegg til vedtak utarbeidd i møte; Vestnes ungdområd godkjenner kunngjeringsteksten i saka og spreier bodskapen til aktuelle personar og miljø. Ungdomsrådet held eit tildelingsmøte fredag 17. juni kl. 13:30 på Rådhuset (alle ungdomsrådmedlemmane møter). 3. Alle i ungdomsrådet møter til dialog med kommunestyret, ungdomsstipendutdeling og avslutning med pizza onsdag 2 juni frå kl. 17:15. Framlegg til vedtak utarbeidd i møte vart samrøysta vedteke. PA 19/2016 Førebuing for møtedialog med kommunestyret - Ungdomsrådet 2015-2016 Ungdomsrådet gjennomfører sin årlege dialog med kommunestyret onsdag 2 juni 2016.
Ungdomsrådet vil (først i kommunestyremøtet den 206.2016 ca. kl.17:15) formidle ei kort og enkel årsmelding til kommunestyret. Kort power-point blir tilordna av Jenny og Emma. Alle i ungdomsrådet som kan, stiller opp. Pizza etterpå saman med ungdomsstipendmottakarane. Ungdomsrådet drøfta saka. Framlegg til vedtak utarbeidd i møte; Ungdomsrådet vil (først i kommunestyremøtet den 206.2016 ca. kl.17:15) formidle ei kort og enkel årsmelding til kommunestyret. Kort power-point blir tilordna av Jenny og Emma. Alle i ungdomsrådet som kan, stiller opp. Pizza etterpå saman med ungdomsstipendmottakarane. Framlegg til vedtak utarbeidd i møte vart samrøysta vedteke.