Meldingsblad for Hordaland fylkesbibliotek Årgang: 32 Nr. 1 2003 ISSN 1502-3273



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

SLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt

Nytt HFK Intranett

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Breiband til. alle i Hordaland

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

konsekvensar Ruth Ørnholt Rica Dyreparken Hotel, Kristiansand 21.oktober 2009

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Brukarrettleiing. epolitiker

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Bibliofil til vgs i Møre og Romsdal

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Plan for utvikling av bibliotektilbodet for barn og unge i Hordaland Hordaland fylkeskommune 1997 ISBN

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

ehandel og lokalt næringsliv

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Team Hareid Trygg Heime

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Brukarrettleiing E-post lesar

Les for livet - del 2 (Ref # )

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Referat frå møte i Internasjonalt forum

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Høyringsuttale Bibliotekreform 2014

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Støtteordningar og søknader

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

8. Museum og samlingar

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

( ) * +,,, Torsdag 19. januar 2006, Radisson SAS Hotel Norge i Bergen

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

VS 14/7 Godkjenning av innkalling og sakliste VS 14/8 Godkjenning av referat frå førre møte

- print preview

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

utvikling av bibliotek i vidaregåande Bibliotekmøte Ellen Kristin Molvær

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Lønnsundersøkinga for 2014

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

KOMPETANSE I BARNEHAGEN


Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

Saman for framtida (Ref # )

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

HDBUL. Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Referat frå Årsmøte Saksliste:

Meldingsblad for Hordaland fylkesbibliotek.

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Den nye seksjon for applikasjonar

Transkript:

Meldingsblad for Hordaland fylkesbibliotek Årgang: 32 Nr. 1 2003 ISSN 1502-3273 http://www.hordaland-f.kommune.no/fylkesbibl/emne-ord/ Bygda gav nytt liv til biblioteket s 1 Folkebibliotekstatistikk for 2002......s 8 Bokbåten i Hordaland blir sponsa av Omorganisering i Hordaland fylkeskommune..s 9 Sparebank1 Vest.s 2 Ny fylkeskultursjef i Hordaland... s 9 Kurs og samlingar i april, mai og juni s 2 Artig samarbeidsprosjekt mellom Kulturnett Prosjekt Breiband til alle i Hordaland siste fase.. s 3 Eit bibliotek.no?.s 5 Hordaland og 9 av musea i Hordaland!...s 9 Plan for bibliotek i vidaregåande skular.s 10 Nytt om namn og bibliotek i Hordaland.s 10 Samlingsutvikling for lånarar på slang...s 7 Diverse biblioteknytt..s 11 Lobbyverksemd fram mot kommunevalet.s 8 og når vi ikkje jobbar, speler vi fiskespel!..s 12 Nytt om namn og oppgåver ved Hordaland fylkesbibliotek s 8 av Ellen Tveit, biblioteksjef Sveio folkebibliotek Haugland filial i Sveio heldt hus i eit lokale som var prega av mange tiårs manglande vedlikehald. Folk i bygda tok saka i eigne hender. Dei flytta biblioteket til den nedlagde skulen, som har gjenoppstått som lokalt grendahus, drive av bygdalaget og 7 andre organisasjonar. Bygdefolket har pussa opp den gamle gymnastikksalen frå golv til tak for å gje biblioteket nye, trivelege lokale. I opningstida til biblioteket driv dei kafé i den eine delen av rommet. 29. januar var det høgtideleg nyopning av biblioteket, som har skifta namn til Valestrand filial. Det var eldsjelar frå bygda som sto for programmet på opninga òg. Ordførar Olav Haugen var hyrt inn for å klyppa den raude snora, elevar frå musikkskulen spelte gitar, og bygdas eigen Einar Økland fortalde om kva tyding biblioteket har hatt for han opp gjennom åra. De driv sivil ulydnad når de held liv i ein liten filial som eigentleg skulle vore nedlagd, slo han fast og gratulerte bygdefolket med det. Nærare 90 personar fann vegen til biblioteket på opningsdagen, og besøket har halde seg jamnt høgt etter det òg. Som biletet viser, må filialstyrar Anitha Ramsdal framleis greia seg utan tekniske hjelpemiddel. Neste utfordring for biblioteksjefen vert å finna pengar til dette, i eit budsjett der det er sett av kr 0,- til datautstyr og den slags.

av Eva Mostraum Hordaland fylkeskommune har ein trong økonomi og bokbåten fekk eit budsjett for 2003 som ikkje var tilstrekkeleg. Vi er derfor svært takksame for at Sparebank1 Vest har valt å støtte bokbåten i Hordaland med kr. 160 000,-, som gjer at bokbåten kan gå i 2003 utan reduksjon i kultur- og bokbudsjettet. Overrekkinga av gåva vil finne stad om bord i bokbåten Epos, på Flatøy torsdag 20. mars kl. 0900. Flatøy er første stoppet på bokbåten sin vårtur i 2003, som varer frå 20. mars til 8. april. Vi byrjar i Nordhordland der vi har med oss Sissel Kvambe frå Asker som underhaldar. Den 28. mars vender båten kursen sørover for å vitje resten av fylket og her har vi med oss musikar og bokbåtveteran Alf Bugge Gjerstad som underhaldar. Rute og programomtalar finn de på bokbåten sine nettsider: http://www.hordaland.no/fylkesbibl/epos/epos.ht m Frå vårturen i Hordaland 2002 Frå kursoversikta på Internett finn du oppdaterte program og påmeldingsskjema: http://www.hordaland.no/fylkesbibl/kurs/ Merk at vi har lagt opp til ein ekstra kursdag i mai med tema etter ønskje. Kom gjerne med tilbakemeldingar på kurs de ønskjer: helge.skurtveit@hordaland-f.kommune.no / 55 23 93 81 Hugs og at det er høve for bibliotektilsette i Hordaland å delta på kurs i regi av fylkesbiblioteka i dei andre vestlandsfylka når dei har ledig kapasitet. Bibliotektilsette i dei tre fylka kan og delta på kurs hos oss. Følg med på kurssidene til Rogaland: http://www.rogaland.fylkesbibl.no/kurs.html Sogn og Fjordane: http://www.sf.fylkesbibl.no/kurs/ og Møre og Romsdal: http://www.alesund.fylkesbibl.no/mrfy/kurskat2002.htm APRIL 03. - 05.04.03 Den tredje Nordiske kongress i eldrepedagogikk. 09.04.03 Samling for bibliotektilsette i vidaregåande skular. Askøy videregående skole 04.04.03 Biblioteket går til filmen. Eit kurs om film i bibliotek MAI 12.05.03 Folkebiblioteka i nettverksamfunnet - eit nasjonalt seminar om utvikling, organisering og bruk av digitalt innhald Kursdag etter ønskje JUNI 03. -04.06.03 Bibliotekleiarmøte på Solstrand Fjord Hotel, Osøyro 2

! ""#$ av Elin Golten og Lena Jensen Oppsummering og planar for resten av prosjektperioden Frå september 2001 har fylkesbiblioteket arbeidd med prosjekt Breiband til alle i Hordaland. Fokus for prosjektarbeidet har i løpet av perioden fram til no gått meir over til innhaldsdelen enn det ein såg for seg i prosjektsøknaden. Det viser seg at denne delen av prosjektet gir svært positive resultat. Diskusjonen om utbygging av breiband kan sjåast på like mykje som ein diskusjon om å bygge samarbeidsnettverk, som ein diskusjon om forbetra teknologi. Breiband gjer det enklare å samarbeide, fordi ein kan nytte felles løysingar og kommunisere med betre verktøy. I breibandprosjekt med mange involverte er det ein lang prosess for å inngå avtalar om samarbeid før ein går i gang med å bestemme løysingar for dei teknologiske verktøya ein vil ta i bruk. I biblioteka finst eksisterande nettverk og tradisjonar for samarbeid. I Hordaland er det dessutan stor interesse for å få til eit tettare samarbeid mellom folkebiblioteka i fylket, og brei forståing for at ulike typar fagleg og teknisk samarbeid mellom to eller fleire kommunar vil føre til betre tenester til publikum og betre utnytting av ressursane. Dette er eit godt grunnlag for å arbeide med nye og nærare samarbeidsformer og knyte nye samarbeidspartnarar til. Ved å legge vekt på BBB-delprosjektet (Breiband basert på breibandkommunikasjon), legg vi grunnlaget for å samordne bibliotektenester og utvikle nye, utan at alle har fått breiband og utan ei felles breibandutbygging. Utfordringa ligg i å utnytte det teknologiske grunnlaget som kommunane faktisk byggjer opp. Elin Golten er tilsett i 70 % stilling ut prosjektperioden for å arbeide med tilrettelegging og igangsetting av bibliotekfagleg samarbeid mellom kommunar i fylket. Vi vil i tillegg arbeide med å utvikle Biblioteknett Hordaland som bindeledd mellom biblioteka og vårt saumlause grensesnitt mot ressursane. Testinga av videokonferansetenester i biblioteka vil og gå vidare i siste del av prosjektet. Som eit ledd i å dele erfaringar med andre og auke kunnskapen arrangerer vi det nasjonale seminaret Folkebiblioteka i nettverksamfunnet i Bergen 12. mai 2003. Programmet er laga på bakgrunn av erfaringar og problemstillingar frå arbeidet med prosjekt Breiband til alle i Hordaland. Målet med seminaret er å diskutere utvikling, organisering og bruk av digitale informasjonsressursar og tenester, og sjå på korleis desse ressursane kan vere med på å styrke folkebiblioteka for alle bibliotekbrukarar. Seminaret vil sjå framover på rolla til ABM-utvikling, forminga av eit norsk digitalt bibliotek, gi døme på tenesteproduksjon og sjå nærmare på korleis vi kan planlegge eit bibliotek for framtida. Mellom anna kjem desse for å halde innlegg: Leikny Haga Indergaard, Avdelingsdirektør for utviklingsavdelinga ved ABM-utvikling, Professor Helge Salvesen, leiar for arbeidsgruppa som har utgreidd digitalt bibliotek for ABMutvikling, Bengt Källgren, prosjektleiar for prosjektet "KULDA konsortiesamköp av nätttjänster" ved Regionbibliotek Västra Götaland og Igal Voronel, prosjektleiar for "Nye Deichman på Vestbanen". Her finn du heile programmet og påmeldingsskjema: http://www.hordaland.no/fylkesbibl/nettv12mai.htm 3

Her kan du laste ned delrapport for Breiband til alle i Hordaland frå september 2001 til februar 2003, og rapportar frå to av delprosjekta; Biblioteksamarbeid på øya Stord og Bibliotek med nye oppgåver : http://www.hordaland.no/fylkesbibl/brei band/omprosjektet.htm Biblioteksamarbeid Ein er no i gang med tre ulike biblioteksamarbeidsprosjekt i Hordaland, der dei samarbeidande biblioteka er knytt til same breibandsnettet. I Biblioteksamarbeid på øya Stord har kommunane Fitjar og Stord underskrive ei samarbeidsavtale for 2003. Det er og underskrive ei samarbeidsavtale for datatenester som går på felles biblioteksystem (Bibliofil) og katalog. I prosjektet Grenselaust bibliotek er folkebiblioteka i Granvin og Ulvik i gang med å utforme eit samarbeidsprosjekt som delprosjekt i det interkommunale samarbeidet mellom dei to kommunane. Kommunane Kvam og Jondal er og i gang med å planlegge eit bibliotekssamarbeid. I begge desse prosjekta er det aktuelt med samarbeid om bruk av biblioteksystemet Mikromarc. I prosjektsøknaden til Breiband til alle i Hordaland heiter det at prosjektet skal utgreie og prøve ut ein felleskatalog for alle folkebiblioteka i Hordaland og/eller moglegheit for samsøk. Sentral drifting av system og utnytting av breiband som intranett mellom biblioteka i fylket klarer vi ikkje utan vidare så lenge kommunane er knytt til ulike breibandnettverk. Utan felles breibandløysing der biblioteka inngår som einingar i eitt stor nettverk (som dei vidaregåande skulane) blir det endå viktigare å bruke Internett som samarbeidsverktøy. Med katalogane på Internett kan ein og lage samkatalogar for folke- og skulebiblioteka. I BBB-prosjektet blir det utgreidd korleis ein kan fusjonere katalogar i ulike registreringssystem og gjere dei tilgjengelege på Internett. Som eit ledd i dette arbeidet blei det arrangert eit informasjonsmøte om biblioteksamarbeid i Mikromarc 18. mars på fylkesbiblioteket med Jens Kristian Strandos frå Bibliotekenes IT-senter. Representantar frå ni kommunar deltok og fekk mellom anna nyttig informasjon om ulike løysingar for katalogsamarbeid. Deltakarane fekk og ein demonstrasjon av SAMSØK-funksjonen som ein no får tilgang til i Mikromarc også. Frå møtet om samarbeid i Mikromarc 18. mars 4

Eit bibliotek.no? sentrale omgrep for samsøk Samsøk betyr å ha ein felles søkeinngang til fleire databasar - meir eller mindre samtidig og meir eller mindre saumlaust. Samsøk kan setjast opp mellom fleire avdelingar som har same biblioteksystem. (jfr. Nordhordlandsbiblioteka) eller ein kan nytte ein standard for kommunikasjon mellom datasystem (til dømes Z39.50) til å gjere samsøk på tvers av ulike bibliotekeiningar og biblioteksystem. Våre nordiske naboar i Danmark og Sverige har allereie danna samsøk-katalogar for alle sine bibliotek. Den danske katalogen www.bibliotek.dk gir høve for brukaren å reservere lån, medan den svenske katalogen www.bibliotek.se ikkje gir høve for dette. I Norge har ein Norsk Samkatalog som omfattar om lag 360 norske bibliotek, men det finst ikkje nokon database med tilgang til søk i ALLE norske bibliotekkatalogar. Innstillinga Norsk digitalt bibliotek, gitt av ei arbeidsgruppe oppnemnd av ABM-utvikling, konkluderer med eit forslag om å opprette eit 5-årig innsatsprogram kalla Norsk digitalt bibliotek (NDB). NDB står for ei organisert samling tenester og innhaldsressursar som gir brukarar tilgang til informasjon i digital form formidla via Internett. Ei av tenestene og tiltaka i Norsk digitalt bibliotek er ei samsøk-teneste som ideelt sett skal gi tilgang til alt som finst i bibliotekkatalogar, artikkeldatabasar osv., altså eit slags Bibliotek.no. I dag står mykje litteratur i lange tider ubenytta i eigarbiblioteket. Eit samsøk mellom alle norske bibliotek vil gi betre utnytting av den samla bokstamma. Ei slik teneste kan og bryte ned grensene mellom fag- og forskingsbibliotek utifrå tanken om at dei alle er offentlege bibliotek. Ei samsøkteneste for Bibliotek-Norge vil vere svært ressurskrevande. Dersom staten ikkje går inn med midlar til eit slikt prosjekt, er det truleg ikkje mogleg å gjennomføre det. I artikkelen Bibliotek.no visjon eller virkelighet skisserer Unni Knudsen tre modellar for tekniske løysningar for eit bibliotek.no: 1. Samsøk i landets bibliotekkatalogar ved z39.50 eller liknande Mange bibliotek har katalogen tilgjengeleg på Internett. Ei slik teneste vil søke i katalogane utan forflytting av data. Desverre vil svara ved ei slik søketeneste bli lange og uoversiktlege grunna mangel på dublettkontroll og sentrale autoritetsregister. Teknisk kan det vere ei smertegrense på 50 70 bibliotek som kan omfattast av eit samsøk-grensesnitt. Mindre bibliotek må og truleg ha auka serverkapasitet, fordi open aksess (tilgang) i samsøkmiljø vil belaste linene med konstant spørjing frå andre bibliotek. 2. Samsøk ved lenking av felleskatalogar Eit slik samsøk vil fungere betre. Responstida vil vere kortare, og det vil vere mindre problem med dublettar og uklare svar. Sverige sitt Bibliotek.se er bygd etter denne modellen. 5

3. Søk mot samkatalog Med denne modellen må data flyttast frå biblioteka til ein sentral samkatalog, noko som er ressurskrevjande. Søk mot ein samkatalog gir rask responstid og klare svar, og er truleg den modellen som gir best sluttbrukarteneste. Danmark sitt Bibliotek.dk er bygd etter denne modellen. Kva er Z39.50? Z39.50 er namnet på ein internasjonal standard for kommunikasjon mellom datasystem. Z39.50 er ein klient/tenarbasert protokoll for å søkje i og hente informasjon frå ulike databasar (tenarar). Det finst i dag to versjonar av protokollen; versjon 2 (frå 1992) og versjon 3 (frå 1995). Z39.50 har utspring frå, og er særleg nytta i bibliotekverda. Norsk Z39.50 standard er utvikla av Norzig, som står for "Norsk Z39.50 Interessegruppe". Norzig vart stifta i Oslo i 1998, og har som overordna mål å arbeide for utbreiing av Z39.50 i Norge, på ein måte som fremjer interoperabilitet mellom systema. For å kunne nytte Z39.50 må ein ha ein server-del og ein klient-del. Serverdelen er den mest kompliserte, og gjer at kvart enkelt biblioteksystem må utvikle sin eigen server. Som klient-del kan ein nytte ulike program på marknaden for å søkje i Z39.50-serverar. Alle leverandørane av biblioteksystem til norske folkebibliotek har høve til å tilby server og klient-løysingar for Z39.50. Lenker: Norzig: http://bibsys.no/norzig/ Litteraturliste: Knudsen, Unni: Bibliotek.no visjon eller virkelighet, Synopsis nr, 4 2002 http://www.abm-utvikling.no/publisert/synopsis/2002/nr-4/syn4-10.htm Norsk digitalt bibliotek, Innstilling gitt av arbeidsgruppe oppnevnt av ABM-utvikling for å utrede hovedutfordringer for etablering av et norsk digitalt bibliotek, februar 2003 http://www.abm-utvikling.no/prosjekter/bibliotek/digbib/index.html Sundby, Ole: Samsøk i et sømløst landskap, Synopsis 3, 2002, http://www.abm-utvikling.no/publisert/synopsis/2002/nr-3/syn3-04.htm 6

$ " " av Helge Skurtveit Mange brukarar kjem til biblioteket med lite spesifiserte ønske for kva dei søkjer. Det er hovudresultatet i ei undersøking som Lis Byberg frå Høgskolen i Oslo, fortalde om på kurset i samlingsutvikling 20. februar i Bergen. Å jakte langs hyllene etter noko interessant, kallar vi på engelsk for browsing. Byberg nytta omgrepet gressing om slik brukaråtferd. I fruktfylket Hordaland kan det likne på å gå på slang, sjølv om det er lovlydige forsøk på å få tak i smaksrike godbitar! Dersom berre eitt av ti besøk opnar med å kontakte bibliotekaren om ein spesiell tittel eller ein forfattar, korleis utviklar vi samlinga slik at lånarane ofte blir freista til å plukke med seg ei bok, ei plate eller ein video? Byberg si oppskrift er at det enkelte bibliotek skil ut det ho kallar delsamlingar / emneområde. Delsamlingane bør helst ha eigne budsjettpostar, og for kvar delsamling vert det skrive ei målsetjing som er mest mogeleg konkret. I forkant analyserer vi behova til dei noverande brukarane. Er det berre det nyaste materialet som er interessant, eller er brukarane også ute etter eldre titlar? Brukast media til studium eller i fritida? Når vi vurderer bruken av dette emneområdet, sett i forhold til andre delar av samlinga, kor stor bør denne delsamlinga vere? Byberg peikar på at lånarane som har god greie på emneområdet, kan trekkjast med i prosessen rundt utvikling av delsamlinga. Målsetjingane er gode reiskap for innkjøp og kassering. Byberg viste til fleire måtar for å finne bøker som er verdige til å kassere. Nokre metodar er vist i skriftene under. Fylkesbiblioteket kjøper inn boka til Niels Ole Pors, og heftet kan du laste ned frå Internett. Lis Byberg er ein engasjert og flink foredragshaldar, og dei 30 kursdeltakarane gav uttrykk for at det var nyttig å få fram dette temaet. Byberg la vekt på at biblioteka skal spegle brukarinteresser, samstundes som bibliotekaren har med seg det godt fagvitet, slik at det er ikkje meininga å opne ukritisk for alt innan lettare populærkultur. Formidling av eigne favorittar og kvalitet er framleis viktige oppgåver, og smale kulturfondbøker bør få si plass i sola, meiner Byberg. Men ho vil ikkje gi dei denne plassen så lenge, om dei ikkje blir utlånte. Folkebiblioteka skal ikkje vere små nasjonalbibliotek, og dei har ikkje ansvar for å oppbevare media for alltid, med unntak for lokallitteratur, sa Byberg, og meinte at titlar som brukarane i liten grad etterspør, kan lånast inn via fjernlån. Pors, Niels Ole: Tilgængelighed og græsning : om bibliotekernes brugere, materialer og servicekvalitet / Niels Ole Pors. Ballerup : Danmarks Biblioteksforenings Forlag, 1994 Pors, Niels Ole: Kassation i folkebiblioteker; introduktion til en metode / Niels Ole Pors. København : Biblioteksstyrelsen, 2001. 31 s. ISBN 8787012901 Du kan skrive ut denne teksten lett frå PDF-format via Publikationer på nettsida til Biblioteksstyrelsen i Danmark: http://www.bs.dk/index.ihtml 7

%$ av Siri Sjursen I samband med tiltaket Informasjon til politikarar og bibliotekeigarar/administrasjon i Bibliotekplanen planla Hordaland fylkesbibliotek og NBF, avd Hordaland eit lobbykurs 19. mars. For å sikre tilstrekkelege ressursar til biblioteka må politikarar og den administrative leiinga få kunnskap om kva biblioteka står for. Kva potensiale har biblioteka for å vere med på verdiskapinga i lokalsamfunnet, og kva kan biblioteka nyttast til for å oppnå ulike politiske mål? Kan nyare teoriar innan kommunikasjon, brukarundersøkingar og mediekontakt hjelpe? Kva ønskjer politikarane? Meininga med seminaret var å gi startskotet til marknads- og profileringsarbeid fram mot kommunestyre- og fylkestingsvalet og ein ny valperiode. Diverre blei seminaret avlyst på grunn av få påmelde. Vi lurer på årsaka til at så få har sett av tid til dette viktige temaet, som var eit uttalt ønskje frå bibliotekleiarane under arbeidet med Fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland. Kan det vere at kurs- og møteprogrammet fram mot sommaren er for tett? Gi gjerne tilbakemeldingar med synspunkt. Vi ønskjer likevel å ta fatt i dette tiltaket no framover, og kjem tilbake med innspel til måtar å gjere dette på. Følg med på heimesida vår! Det planlagde programmet for lobbykurset kan du sjå her: http://www.hordaland.no/fylkesbibl/kurs/var2003/lobby19mars.htm & $ Elin Golten er tilsett i 70 % stilling i BBB-delprosjektet av Breiband til alle i Hordaland for resten av prosjektperioden, og arbeider med tilrettelegging for og igangsetting av bibliotekfagleg samarbeid mellom kommunar i fylket. Sjå meir om prosjektet her: http://www.hordaland.no/fylkesbibl/breiband/ Astrid Takvam Færås er overført frå Dokumentasjonssenteret til fylkesbiblioteket frå 01.01.03, og er no ansvarleg for dokumentasjonstenestene som er att på fylkesbiblioteket. Dokumentasjonstenestene omfattar m.a. utstilling av politiske saksdokument og utstilling og utsending av plandokument som er produsert i fylkeskommunen. Sjå meir om tenestene her: http://www.hordaland.no/fylkesbibl/dokten/ Siri Sjursen er overført frå Dokumentasjonssenteret til fylkesbiblioteket frå 01.01.03, og er no m.a. ansvarleg for bibliotek i vidaregåande skule, fleirkulturelle bibliotek og nye biblioteklokale. Ho arbeider og med tiltaket Informasjon til politikarar og bibliotekeigarar/administrasjon i bibliotekplanen. Eli Lothe er tilsett i 50 % stilling som spesialkonsulent ved Informasjonstenesta i fylkeskommunen frå 01.01.03. På fylkesbiblioteket arbeider ho med prosjektet Vegen til ABM-kjeldene, oppfølgjing av bibliotekplanen, ymse sakshandsaming, årsmelding, statistikk, Emne-ord m.m. '$())( Her finn du ein førebels kommentar til folkebibliotekstatistikken for 2002 i Hordaland: http://www.hordaland.no/fylkesbibl/statistikk/ 8

*$ Ny organisasjonsmodell i Hordaland fylkeskommune skal setjast i verk 31.03.03. Den inneheld seks sektorar, tre stabseiningar og åtte arbeidslag. Informasjon og Juridisk avdeling skal ligge under fylkesrådmannen. Det blir oppretta felles post/arkiv. Fylkesbiblioteket blir ein del av kultursektoren og i arbeidslaga Kompetansefylket Hordaland og Regional IKT-utvikling. Meir om den nye modellen vil kome på heimesidene til fylkeskommunen http://www.hordaland.no &$ $ Ingebjørg E. Astrup tok i februar 2003 til i stillinga som fylkeskultursjef i Hordaland fylkeskommune. Astrup er 52 år, og bur i Os. Ho har lang og variert bakgrunn frå kultursektoren, mellom anna som utstillingsleiar, prosjektleiar i kulturseksjonen i LOOC under OL på Lillehammer, kultursjef i Os og programkoordinator i Kulturby Bergen 2000. I desse jobbane har ho vore sentral i utvikling og gjennomføring av fleire større kulturprosjekt. +, - av Synnøve Gjermundnes I vel eit år har det vore arbeidd med ei nettutstilling over hovud-plagg i Hordaland. Den er no ferdig. Det byrja som eit forslag om å lage noko som hadde med bunader/nasjonaldrakter å gjere, men resultatet vart både ei avgrensing og ei utviding. Den vart avgrensa til det ein hadde på hovudet men utvida til å gjelde alle slags hovudplagg. Resultatet vart: Ei hovudsak ein kulturhistorisk hatteparade frå ca 1850 og opp til våre dagar. Musea har levert teksten, og ein god del av bilda. Resten har Kulturnett Hordaland hatt ansvaret for, og har elles lagt inn dei fleste tekstane og bilda. Ein god del eldre bilde er tatt med - for å vise bruken av hovudplagga. Firmaet Histos har stått for utforminga av nettsidene, databasen og ein del av bilda. Nettstaden kan utvidast, og vi tek gjerne imot kommentarar. Basen er søkbar på aldersgrupper, bruk, tidsepokar, regionar i tillegg til fritekstsøk, og de finn nettutstillinga under Kulturnett Hordaland Museumsnettet Tema Ei hovudsak: http://www.histos.no/eihovudsak/ 9

!$ Fylkesutvalet vedtok 20. februar at det skal startast opp arbeid med plan for utvikling av biblioteka i dei vidaregåande skulane i Hordaland. På fylkestinget 11. mars vart Jannicke Haugan Larsen (H) oppnemnd som saksordførar for planarbeidet. Ferdig plan skal fram for fylkestinget i mars 2004. I planarbeidet skal ein m.a. kartlegge og analysere dagens situasjon og utarbeide ein strategisk handlingsplan for utvikling av skulebibliotek i Hordaland. Les meir om bibliotek i vidaregåande skular her: http://www.bibliotekivest.no/vgs.htm & Bergen offentlige bibliotek: Dagny Eide er tilsett som førstebibliotekar i Administrasjonen. Karen Marie Loge er tilsett som avdelingsleder for Galleri-avdelingen Elin Huseby er tilsett som avdelingsleder for hovudutlånet. Inger Dyrnesli er tilsett i vikariat som biblioteksjef ved Ullensvang folkebibliotek frå januar 2003 fram til oktober 2003. Ho presenterer seg sjølv slik: Eg er 48 år og kjem no frå jobb som flyktningkonsulent i Ullensvang. Ved sidan av denne jobben har eg vore vikar og ekstrahjelp på biblioteket. Utdanninga mi er barnevernpedagog med vidareutdanning i administrasjon, mediekunnskap og kulturfag. Dei ti åra eg har budd i Hardanger har eg også arbeidd som sosialkonsulent og kulturkonsulent i heradet. Eg er interessert i litteratur og bibliotekarbeid og tykkjer det er kjekt å prøva meg meir på dette feltet. Førebels har eg hatt mykje arbeid med å leggja ned filialen på Lofthus. Heldigvis skal me også byggja opp noko. Det skal bli nytt skulebibliotek i Kinsarvik i samband med ny skule. Eg bur i Kinsarvik, er gift, har ein son på 9 år, ein hund på 2 og ein katt på 13. Bibliotekkatalogen til Ullensvang folkeboksamling er no søkbar på Internett. Mona Steiner Sæle er tilsett som biblioteksjef på Radøy folkeboksamling frå mai 2003. Ho vil bli nærare presentert i neste utgåve av Emne-ord. Nye medlem frå Hordaland i Vurderingsutvalget for skjønnlitteratur Oddgeir Synnes, prosjektleiar for prosjekt Eldrepedagogikk/Eldreveven og Vibeke Mowinckel Lorentz, Avdelingsleder ved Barneavdelingen, Bergen offentlige bibliotek, er nye varamedlem i Norsk Kulturråd sitt Vurderingsutvalg for innkjøpsordningene for ny norsk skjønnlitteratur 2003 2004, for Norsk Bibliotekforening. Synnes er med i Vurderingsutvalget for prosa og Mowinckel Lorentz i Vurderingsutvalget for barne- og ungdomslitteratur. 10

. NBF avdeling Hordaland Årsmøtet 2003 er den 19. mars på fylkesbiblioteket. Innkallinga kan du lese her: http://nbf.bibliotekivest.no/innkalling1702.htm Bibliotekarforbundet Hordaland fylkeslag Årsmøtet 2003 er den 21. mars på Bergen offentlige bibliotek. Midlar til nordiske fellesprosjekt NORDBOK - Nordisk litteratur og bibliotekskomité lyser ut prosjektmidlar for 2003. Målet med støtteordninga er å fremje samarbeid om litteratur og bibliotek i Norden. Midlane kan gå til kurs og konferansar, forsking, utgreiing og prosjekt med felles nordisk nytteverdi. Søknadsfristen er 1. april. Her finn du rettleiing og søknadsskjema: http://www.nordbok.no/ Ansiktsløft av Bibliotekveiviseren Biblioteksentralen har kome med ei ny utgåve av Bibliotekveiviseren - lenkesamlinga til alle fylkes-, folke- og skulebibliotek: http://www.bibsent.no/nettveiviser/bibliotekveiviseren.shtml Straffeporto for feiladressering Frå 1. mars. 2003 belastar Posten avsendaren med straffeporto for feiladresserte pakkar. Den mest vanlege feilen er å ikkje skilje mellom postadresse og besøksadresse/ gateadresse. Sjå meir informasjon her http://posten.apt.no/adresser/?fn=200 Sjekk og om biblioteka står med riktige adresser i base Bibliotek Nasjonalbiblioteket sin adressekatalog over norske bibliotek: http://www.nb.no/baser/bibliotek/indexnew3.html Her kan du rette opp adresser: http://www.nb.no/baser/bibliotek/retteskjema.html Ot.prp om biblioteklova i april Avdelingsdirektør Stein Sægrov i Kultur- og kyrkjedepartementet opplyser at Odelstingsproposisjon om biblioteklova vil bli fremja i april 2003 (kjelde: melding frå leiar i NBF Frode Bakken på Biblioteknorge-lista 18.02.03. Følg med her: http://odin.dep.no/kkd/ ) 400 år med norsk helsevesen Den første offentlege legen i Noreg, Villads Nielsen (1564-1616), blei utnemnd av kong Christian IV i 1603. Nielsen vart stadsmedicus i Bergen same året. Mange kulturinstitusjonar er med og markerer året, men det er langt mellom biblioteka, skriv Harald Skeie frå ABM-utvikling på ein e-post på Biblioteknorge-lista. Fag- og folkebibliotek vert oppfordra til å delta, for eksempel ved å stille ut aktuell litteratur og delta i lokale program. Mellom anna skal Kulturminnedagen, forskingsdagane og grunnskuleveka markere 400-årsjubileet. Les meir om jubileet og arrangementa på www.helsejubileum.no 11

/ $- Sivilarbeidar Anders har brakt ein ny pauseaktivitet til fylkesbiblioteket: Fiskespelet. Spelet er vanvittig spanande og no er det intense øvingar i lunsjpausane fram mot den månadlege fiskemeisterskapen. Den første meisterskapen blei halden i februar med stor stemning blant deltakarar og fullsette tribunar. I den nervepirrande finaleomgangen, som blei spelt med ekstra vanskeleggrad vatn til randen i fiskedammen, gjekk Elen vår kasserar med solid hobbyfiskebakgrunn, elegant av med sigeren! Undervegs i meisterskapen var det tilløp til påstandar om juks og krav om dopingkontroll, men alle var einige i at Elen var ein verdig vinnar. Lena, Oddgeir og Anders i intens konsentrasjon for å få fiskane på kroken i ein typisk pause på fylkesbiblioteket no om dagen. Elin overvakar og er rettferdig dommar. Ruth er litt bekymra for at det skal bli heilt slutt med sjongleringa, som er så sunt for muse-armar, opptrening av evne til å takle mange ballar i lufta på ein gong og ikkje minst skapande diskusjonar i kontordørene, men det skal vi nok ta opp att når våren kjem.den sist ankomne på fylkesbiblioteket, Elin, har allereie lært seg kunsten Legg merke til den dårlege kvotereguleringa mellom nordlendingar og vestlendingar her. Lille Bolla Bølla låg og drog på Hølla, lille Bølla Bolla feska ifra jolla; En kvit kanin og et malarskrin og en hållått vott og ei tissepott og så en pose pottetgull, og då va jolla tel Bolla full. Tra ral lala. Trala... Frå LILLE BOLLA BØLLA. Tekst/Melodi: Jack Berntsen Hordaland fylkesbibliotek, Pb. 7900, 5020 Bergen Tlf. 55 23 93 76, Fax 55 23 93 79 http://www.hordaland.no/fylkesbibl/ e-post: fbib@hordaland-f.kommune.no Fjernlånet, Bergen offentlige bibliotek Strømgt. 6, 5015 Bergen Tlf. 55 32 36 88, Fax 55 31 72 77 e-post: fjernlan@bergen.folkebibl.no Redaktørar for denne utgåva av Emne-ord : Eli Lothe og Lena Jensen 12

13