2
Innhald Forord.......... 4 1.0 Samandrag......... 5 2.0 Bakgrunn og formål med undersøkinga..... 6 3.0 Området......... 6 4.0 Kulturhistorisk riss........ 9 4.1 Automatisk freda kulturminne...... 9 4.2 Nyare tids kulturminne....... 10 4.3 Lausfunn......... 10 5.0 Strategi og metode........ 11 5.1 Visuell overflateregistering...... 11 5.2 Maskinell sjakting....... 11 6.0 Undersøkinga........ 11 6.1 Synlege strukturar...... 12 6.2 Sjakter....... 12 6.3 Dokumentasjon........ 16 7.0 Resultat......... 17 7.1. Busetjing-aktivitetsområde (ID 143772).... 17 7.2. Busetjing-aktivitetsområde (ID 143801 ).... 19 8.0 Konklusjon......... 21 9.0 Litteraturliste......... 22 10.0 Vedlegg......... 23 3
Forord Eit kulturminne er eit spor etter menneskeleg liv og virke i vårt fysiske miljø, som til dømes ein bygning, ein veg, eit gravminne, ein steinalderbuplass, ei kokegrop eller eit jarnvinneanlegg, men også stader det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjonar til. Kulturminna representerer både uerstattelege kjelder til kunnskap om fortidige samfunn, og ein ressurs for oppleving og bruk i dag og i framtida. Kulturminne frå forhistorisk tid og mellomalder (eldre enn 1537) er automatisk freda i kraft av sin høge alder, jf Kulturminneloven 4. Frå tida før skriftlege kjelder, er dei materielle leivningane dei einaste kjeldene til å forstå menneska og det samfunnet dei levde i. Kulturminne frå nyare tid (yngre enn 1536) kan også ha høg verdi. Særleg verdifulle kulturminne kan bli vedtaksfreda, jf. Kulturminneloven 15 og 19. Alle type kulturminne kan dessutan bli verna som omsynssonar, jf. Plan og bygningsloven 11-8. Dette gjeld også større kulturmiljø, der ulike kulturminne inngår i ein heilskap eller samanheng. ARKEOLOGISK PERIODE HOVEDPERIODE 14C-ÅR før nåtid Kalenderår Tidlegmesolitikum Eldre steinalder 10000 8500 b.p. 9200 7500 f.kr. Mellommesolitikum 8500 7500 b.p. 7500 6400 f.kr. Seinmesolitikum 7500 5200 b.p. 6400 4000 f.kr. Tidlegneolitikum Yngre steinalder 5200 4600 b.p. 4000 3300 f.kr. Mellomneolitikum A 4600 4100 b.p. 3300 2600 f.kr. Mellomneolitikum B 4100 3800 b.p. 2600 2300 f.kr. Seinneolitikum 3800 3500 b.p 2300 1700 f.kr. Eldre bronsealder Bronsealder 3500 2900 b.p. 1700 1100 f.kr. Yngre bronsealder 2900 2440 b.p 1100 500 f.kr. Førromersk jarnalder Eldre jernalder 2440 2010 b.p. 500 f.kr. 0 Eldre romartid 2010 1840 b.p. 0 200 e.kr. Yngre romartid 2010 1680 b.p. 200 400 e.kr. Folkevandringstid 1680 1500 b.p. 400 570 e.kr. Merovingertid Yngre jernalder 1500 1210 b.p. 570 800 e.kr. Vikingtid 1210 1000 b.p. 800 1030 e.kr. Mellomalder Mellomalder 1030 1536 e.kr. Nyare tid Nyare tid 1537 e.kr. Då kun eit fåtal av alle kulturminne er kjent, er kulturminneforvaltninga avhengig av arkeologiske registreringar for å kunne uttale seg til plansakar, jf. Kulturminneloven 9. Om ei planlagt utbygging kjem i konflikt med automatisk freda kulturminne, må tiltakshavar søke om dispensasjon frå lovverket. Ved ei slik «frigjeving» blir det føresett at tiltakshavaren dekkjer utgiftene til nødvendige arkeologiske undersøkingar, jf. Kulturminneloven 10. På denne måten vil ikkje kunnskapen om kulturminna gå tapt, men bli dokumentert for framtidige generasjonar. 4
1.0 Samandrag Denne arkeologiske undersøkinga blei føreteke på Monsås og Torvik, gnr. 133 og 134 i Rauma kommune, i samband med opparbeiding av gangveg langs Fv 64. Feltarbeidet blei utført av Kristoffer Dahle den 12. april og 2. mai 2011, og rapporten blei ferdigstilt 1. juni 2011 Totalt blei det nytta 20 timar på saken. Av metodar blei det nytta visuell overflateregistrering og maskinell sjakting. Totalt blei det funne 2 automatisk freda kulturminne innanfor planområdet, fordelt på totalt 2 lokalitetar: Busetjing-aktivitetsområde, ID 143772 Busetjing-aktivitetsområde, ID 143801 5
2. Bakgrunn og formål med undersøkinga Bakgrunnen for denne arkeologiske registreringa er reguleringsplan for Fv 64 Gangveg Torvik. Strekninga Korsbakken-Torvika manglar tilbod for gåande og syklande, og fylkesvegens kurvatur gjer strekninga uoversiktleg. Strekninga er skuleveg for elevane i området. Figur 1. Plankart Før planarbeidet kunne godkjennast blei det stilt krav om arkeologisk registrering, med formål å undersøke forholdet mellom planområdet og eventuelle automatisk freda kulturminne, jf 9 i kulturminneloven av 9. juni 1978. Det er tidlegare gjort få funn på dei to gardane som tiltaket omfattar, Monsås og Torvik, men plasseringa i landskapet gjev likevel høgt potensial for arkeologiske funn. 3.0 Området Den planlagde traseen strekkjer seg om lag 500 meter langs Fv 64 på Torvika. Grenda ligg på nordsida av Isfjorden i Rauma. Her ligg gardane Torvik, Monsås, Hagen og Klungnes, frå aust mot vest, på ei stor flate om lag 80 meter over havet. Området er prega av dyrka mark og spreidd jordbruksbusetnad, men med nokre nyare bustadar langs Fv 64. 6
Figur 2. Oversiktskart over planområdet Geologien langs traseen er mangfaldig, frå tjukk morenejord ved Korsbakken lengst vest (grøn), over myrjord og berg (brun), og med marin strandavsetning og hav og fjordavsetningar lengst aust (blå). Som følgje av havstigning (transgresjon) og landheving (regresjon) har havnivået endra seg gjennom heile forhistoria. Då isen byrja å smelte etter sist istid steig havet relativt raskt, men samtidig byrja også landet å heve seg på grunn av mindre trykk frå isen. Resultatet blei ein påfølgande regresjon. I Møre og Romsdal ligg dei førhistoriske strandlinjene difor høgare enn dagens havnivå, men utviklinga er forskjellig frå område til område. David Simpson ved Bergen museum har utarbeida et program som gjer det mulig å skrive ut lokale strandforskyvingsdiagram. Kurvene er basert på arbeid av Stein Bondevik, John Inge Svendsen og Jan Mangerud frå 1998. Om ein føresett at fangstfolk i steinalderen busette seg nær sjøen, kan lokale strandlinjekurver både nyttast til å vurdere funnpotensial og til å datere eventuelle funn. 7
Figur 3. Lausmassar langs traséen (Kjelde: NGU) Figur 4. Strandlinjekurve for Torvik, Rauma kommune (kurve 85), etter skjema utarbeidet av David N. Simpson, mars 2001 (jf, Svendsen & Manglerud 1987, Bondevik, Svendsen og Manglerud 1998). 8
4.0 Kulturhistorisk riss Garden Torvik er gammal, og første gong kjent frå skriftlege kjelder i 1390 (DN III 267). Både Torvika og Monsås er også omtala i Aslak Bolt jordebok frå ca 1440, og når ein kjem til 1600-talet ser me at heile Torvikgrenda var såkalla Giskegods. Peder Klungnes, som ein mellom anna kjenner frå Skottetoget var også Giskelensmann, og ansvarleg for å krevje inn landskyld frå dei mange gardane under Giske i indre Romsdal. Figur 5. Satelittbilete som viser Giskegods i Rauma i 1647, heleige (raudt) og deleie (oransje), i forhold til dagens eigedomsgrenser. Legg merke til konsentrasjonen av Giskegods på Torvik. At ein finn så mange gardar i heileige og ått av same eigar i same grend, kan peike tilbake på at det har eksistert ei eldre godssamling i Torvika i forhistorisk tid og mellomalder. Dette kan ha vore styrt av ein lokal stormann, men på eit eller anna tidspunkt blitt donert, konfiskert eller på anna vis kome inn under det mektige Giskegodset. Det er vanskeleg å seie mykje om busetjingsutviklinga frå gardsnamna, men namna Korsbakken, Korsneset og Korsvika er interessante. Det er ikkje umogleg at desse kan vere vitnesbyrd om steinkrossar som har stått her i tidlig kristen tid. 4.1 Automatisk freda kulturminne Ei oversikt over freda kulturminne er å finne på www.kulturminnesok.no, eller som wmsteneste i ein andre nettportalar (t.d. www.gislink.no, www.kulturminneatlas.no) 9
Det er ikkje registrert automatisk freda kulturminne på Torvika tidlegare, men ifølgje bygdebok for Eid skal det være funne ei kvinnegrav frå bronsealderen på slutten av 1800- tallet. Denne skal ha vært funne på Naustvollen, men funnet er verken registrert hos Riksantikvaren eller hos Vitenskapsmuseet (Myskja 1987, 279). Det er også registrert gravrøyser langs fjorden lengre ute i grenda, under gardane Hagen og Klungnes. 4.2 Nyare tids kulturminne Ei oversikt over ein del verneverdige bygningar og andre byggverk frå nyare tid er å finne i det såkalla SEFRAK-registeret. Dette er tilgjengeleg som wms-teneste, mellom anna på www.gislink.no og www.kulturminneatlas.no. Det er registrert tre objekt i SEFRAK-registreret i planområdet. Dette gjeld ein lærarbustad frå 1895 (1539-012-066), eit bustadhus/landhandel bygd i 1901 (1539-012-067) og ein hovudbygning som blei flutt frå gamletunet i 1910 (1539-012-067). Alle bygningane ligg på nordsida av vegen. Figur 6. Nyare tids bygningar på Torvik, med landhandelen og hovudbygningen lengst til venstre. 4.3 Lausfunn Ei oversikt over gjenstandar som er innlevert til museum er tilgjengeleg på www.unimus.no/arkeologi. Ein del av desse er også kartfesta og fotografert. Eit lausfunn er levert inn frå Torvika. Dette gjeld eit eineggja sverd som truleg er datert til merovingertid (T2495). Dette skal være funne i jorda like ovanfor nausta, og kan moglegvis vere frå en flatmarksgrav (Myskja 1987, 45). 10
5.0 Strategi og metode Strategi og metode blei valt ut frå terreng, arealbruk og vegetasjon i området. Heile området blei visuelt synfart, og maskinelle sjakter blei anlagt i område med dyrka mark. Då området ligg høgt i høve til den marine grense blei potensialet for steinalderlokalitetar rekna som lågt. 5.1 Visuell overflateregistrering Metoden inneber at markoverflata blir registrert for å påvise funn av tufter, gravminner, dyrkingsspor o.s.b. Grunnen blir sondert ved hjelp av sonderingsbor, ei ca 1 meter lang metallstang der det er frest ut eit spor som gjer det mogleg å ta ut en profil av grunnen der ein stikk. Ved moglege funn blir det gjerne opna ei sjakt eller eit prøvestikk for å påvise eldstader, golvnivå, dyrkingslag el.l, avgrense kulturminna, og eventuelt ta ut kolprøver for datering. 5.2 Maskinell sjakting Metoden inneber at ein nytter gravemaskin med flatt graveskjær/pusseskjær til forsiktig å skrape av det øvste matjordslaget. Spor etter blant anna eldstader og stolpehol etter hus er ofte synlege rett i overkant av den sterile overgrunnen under. Sjaktene har ei bredde på om lag 3 meter. Ved undersøking av større område blir sjaktene lagt parallelt, med innbyrdes avstand på om lag 10-15 meter. 6.0 Undersøkinga Registreringsarbeidet blei utført av Kristoffer Dahle den 12. april og 2. mai 2011 og utgjorde totalt 12 timar i felt. Maskinførarar var Dag Ugseth og Jan Børge Tokle fra Eide og Frilund AS som høvesvis stilte med en 8 tonns Hitachu Zaxiz 70LC/10 tonns Hitachu Zaxiz 110 gravemaskin med en ca. 100 cm breie pusseskuffer. Figur 7. Sjakt 5 under graving Figur 8. Graving aust for driftsbygning, gnr. 134/3 Vêret var noko skiftande under undersøkingane. 11
6.1 Synlege strukturar Traséen blei innledningsvis undersøkt visuelt. I områda omkring driftbygningen på gnr 134/3 blei det påvist mange ferske grøfter. Desse blei saumfart for eventuelt å kunne påvise funn, kull eller skjørbrent stein. Det blei ikkje påvist funn eller strukturar som kan tolkast som automatisk freda kulturminne. 6.2. Sjakter Det blei totalt åpna 5 sjakter med maskin innafor planområdet. Ei av desse låg på nordsida av vegen lengst vest, to lå på sørsida nær innkjøringa mot Klungnes, medan dei to siste lå ved gbnr 134/1 lengst aust. Eit forsøk på sjakting vest for sjakt 3 blei gjeve opp som følgje av store vassmengder under teleløysinga. Potensialet for funn blei likevel rekna som lågt. Det blei heller ikkje sjakta langs vegen like aust for driftsbygningen. Eventuelle funn vil truleg ha vore tapt som følgje av nyleg graving i området, om ikkje tidlegare og i samband med bygging og bruk av kjørebru. Figur 9. Kart over alle sjaktene, med nummer 12
Sjakt 1 Sjakta var negativ, og det blei ikkje funne automatisk freda kulturminne. Sjakta blei avslutta etter ca 22 meter, då ein etter kvart kom ut i djup myr. Dei siste åtte metrene blei halve sjakta grove til botn av myra, men potensialet for funn blei rekna som lågt. Figur 10 og 11. Sjakt 1, oversikt Lengde: 22 m Bredde: 3 m Dybde: 35-200 cm Retning: NV-SØ, på tvers av terrenget. Lag Nr. Tykkelse Beskrivelse Prøve Kommentar 1 35-50 cm Brunt, homogent matjordslag. Lite kull 2 0-150 cm Mørk brun, organisk myrjord. Mye røtter Dei siste 8 metrene av sjakta. 3 Rødbrun aur. Leire under myrpartiet. Sjakt 2 Sjakta var positiv, og det ble funne eitt automatisk freda kulturminne. Sjakta blei avslutta etter ca 19 meter då ein kom til eit nærmast langsgåande drensrør som låg høgt i matjordslaget. Figur 12 og 13. Sjakt 2, oversikt 13
Figur 14. Struktur og 1 og 2 Figur 15. Struktur 2, etter snitting Lengde: 19 m Bredde: 3 m Dybde: 40-45 cm Retning: Ø-V på langs med veien. Lag Nr. Tykkelse Beskrivelse Prøve Kommentar 1 40-45 Brun homogent matjorjordslag. Lite kull 2 Gråbrun silt/leire Mange moderne inngrep Str. Nr. Type Beskrivelse Prøve Kommentar 1 Grop 65x80 cm, beståande av mørk brun masse, med noko kol og stein. KP 7/11 ID 143801 2 Grøft Ca 30 x 200 meter, diagonal i forhold til sjakta, beståande av mørk brun masse. Avskrive, moderne drensrør Sjakt 3 Sjakta var negativ, og det blei ikkje funne automatisk freda kulturminne. Figur 16 og 17. Sjakt 3, oversikt Lengde: 14 m Bredde: 3 m Dybde: 40-50 cm Retning: Ø-V på langs med veien. Lag Nr. Tykkelse Beskrivelse Prøve Kommentar 1 40-50 cm Brunt, homogent matjordslag. Lite kull 2 Gråbrun silt/leire 14
Sjakt 4 Sjakta var positiv, og det blei funne eitt automatisk freda kulturminne. Figur 18 og 19. Sjakt 4, oversikt Lengde: 26 m Bredde: 2,5-3 m Dybde: 20-50 cm Retning: ØNØ-VSV, på langs med veien Lag Nr. Tykkelse Beskrivelse Prøve Kommentar 1 35-50 cm Brunt, homogent matjordslag. Lite kull 2 Grå homogen silt Str. Nr. Type Beskrivelse Prøve Kommentar 1 Stolpehol 40 x 55 cm, mørk raudbrun masse og noko kol KP8/11 ID 143772 2 Fyllskifte d. ca 20 cm, mørk raudbrun masse Avskrive etter rensing 3 Fyllskifte d. ca 25 cm, mørk raudbrun masse Avskrive etter rensing Figur 20. Sjakt 4, oversikt over strukturar etter avdekking 15
Sjakt 5 Sjakta var negativ, og det blei ikkje funne automatisk freda kulturminne. Figur 21 og 22. Sjakt 5, oversikt. Legg merke til den moderne gropa i venstre halvdel av sjakta t.h. Lengde: 13,5 m Bredde: 2,5-3 m Dybde: 40-85 cm Retning: ØNØ-VSV, på langs med veien Lag Nr. Tykkelse Beskrivelse Prøve Kommentar 1 0-30 cm Påfylt plenmasse, leirblandet jord. Kun i nedre del av sjakt 2 15-20 cm Gråbrun, heterogen kullholdig masse Påfylt masse? 3 15-20 cm Lys brun mineraljord. Grå homogen silt Diagonale plogspor, Ø-V. Str. Nr. Type Beskrivelse Prøve Kommentar 1 Grop Stor, grunn grop, om lag 4-5 m i diameter Mange nyere tids funn (glass, fajanse), avskrive som moderne 6.3 Dokumentasjon Sjakter og strukturer blei fotografert og kartfesta. Det blei nytta eit Canon EOS 1000D digitalt speilrefleks kamera, og teke 66 bilete (sjå vedlegg 1). Bileta er sortert, merka og arkivert ved bruk av Fotostation. Kartfestinga blei gjort av Kristoffer Dahle, i form av planteikningar som blei skanna og bearbeida ved hjelp av ArcMap. Alle teikningane er også reinteikna, georeferert og vektorisert, som grunnlag for innlegging i kulturminnedatabasen Askeladden. Totalt blei det teke 2 kolprøver som er sendt til treartsbestemming og C14-datering (vedlegg 2 og 3). 16
7.0 Resultat Undersøkinga resulterte i funn av totalt to automatisk freda kulturminne, fordelt på to lokalitetar. 7.1 Bosetnings- aktivitetsområde (ID 143772) Aktivitetsområde som består av eit mogleg stolpehol frå yngre bronsealder, samt nokre grunnare fyllskifte like ved. Undergrunnen består av hav- og fjordavsetningar. Lokaliteten er avgrensa mot sør, aust og vest, men kan ha strukke seg lengre mot nord der vegen går i dag. Aktivitetsområdet har truleg samanheng med eit nærliggjande busetjingsområde. Lokaliteten ligg like ved Fv 64, omlag 40 m VSV for avkjøringa ned til Torvikbukta og om lag 15 m NV for det nye våningshuset på Torvik gnr. 134, bnr. 1. Busetjingsspora ligg i ei svak helling nedunder Sebelhaugen, med god utsikt over fjorden og Romsdalen i sør. Om lag 100 meter lengre nede, byrjar terrenget å falle bratt ned mot Torvikbukta. Hovedtunet på garden i historisk tid har vore plassert om lag 30 m lengre aust. Under sjaktinga blei det funne mykje avfall frå nyare tid i nærleiken av denne. Figur 23. Oversikt over lokaliteten Lokaliteten består av følgjande enkeltminne: 17
Stolpehol, ID 143772-1 Mogleg stolpehol som måler om lag 40 x 55 cm, beståande av mørk raudbrun masse med nokre kolbitar. Eit mørkare parti sentralt kan være avtrykk etter stolpen, men dette er vanskeleg å avgrense. Det er også ein stein i stolpeholet, men liten til å vere skoningsstein. Figur 24. Stolpehol t.h., med mindre fyllskifte t.v. Figur 25. Stolpehol, etter tømming av eine halvdelen Stolpeholet blei rensa fram, fotografert og teikna før det blei snitta. Profilen blei også dokumentert, og det blei tatt ut kolprøve. Av 40 kullbiter ble 38 bestemt som Betula (bjørk), 2 som Corylus (Hassel). Prøva blei datert til 1040-800 f.kr. (2760 +/60 BP, Beta 298895) Figur 26. Plan- og profilteikning av kulturminnet. 18
7.2 Bosetnings- aktivitetsområde (ID 143801) Aktivitetsområde som består av ei grop frå eldre bronsealder. Undergrunnen består av marine strandavsetningar, med mange moderne inngrep i form av grøfter og nedgravingar. Lokaliteten er avgrensa mot aust og vest, men kan ha strukke seg lengre mot sør og nord der vegen går i dag. Aktivitetsområdet har truleg samanheng med eit nærliggjande busetjingsområde. Figur 27. Oversikt over lokaliteten Lokaliteten ligg under 134/3, like ved Fv 64 og omlag 25 m VSV for avkjøringa til Klungnes. Gropa ligg ved nordenden av ei stor dyrkingsflate på grensa mellom Torvik og Monsås, og ikkje langt unna det som var eit myrområde i bronsealderen. Lokaliteten består av følgjande enkeltminne: 19
Grop, ID 143801-1 Grop som måler om lag 65 x 80 cm, og består av mørk, brun jordmasse med noko kol. Gropa er om lag 15 cm djup, og har ein flat botn. Figur 28. Grop etter rensing, med nyare grøft t.v. Figur. 29. Grop, etter inngrep. Gropa blei rensa fram, fotografert og teikna, før ein del av gropa blei undersøkt. Profilen blei også fotografert og reinteikna. Det blei tatt ut kolprøve. Av 19 kullbiter var 4 Betula (bjørk), 1 Quercus (eik) og 14 bark (?). Prøva blei datert til 1460-1380 f.kr. (3200 +/-30 BP, Beta 298894) Figur. 30. Plan- og profilteikning av gropa. 20
8.0 Konklusjon Heile området er registrert jf. Kulturminneloven 9. Av metodar blei det både nytta visuell overflateregistrering og maskinell sjakting. Figur 31 og 32. Kart som viser dei nye lokalitetane ift planområde. Undersøkinga resulterte i funn av to automatisk freda kulturminne, ei grop og eit mogleg stolpehol, fordelt på to lokalitetar. Desse er registrert i den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden, med ID nr 143772 og 143801, og er tilgjengelege på www.kulturminnesok.no. Figur 33. Kan dette vere tomta etter bronsealdergarden? Resultata gjev eit indirekte prov på at det fantes busetjing på Torvika alt i bronsealderen. Gropa blei datert til eldre bronsealder, medan det moglege stolpeholet fekk ei yngre bronsealder-datering. Funna kan ha samanheng med den eldste gardsbusetnaden på Torvika. 21
9.0 Litteraturliste Bondevik, Stein, John Inge Svendsen og Jan Mangerud (1998). Distinction between the Storegga tsunami and the Holocene marine transgression in coastal basin deposits of western Norway. Journal of Quaternary Science, 13(6):529-537. DN = Diplomatarium Norvegicum bind I-XXI, utgave innlagt på Internett (Dokumentasjonsprosjektet) 1997. Myskja, Karl. 1987. Bygdebok for Eid. Rauma kulturstyre. Svendsen, John Inge og Jan Mangerud (1987). Late Weichselian and Holocene sea-level history for a cross section of western Norway, Journal of Quaternary Science, 2:113-132. 22
10.0 Vedlegg 1. Fotoliste 2. Treartstemmelse 3. Dateringsrapport 23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36