MØTEPROTOKOLL Læringsmiljøutvalet Møtedato: 22.04.2016 kl. 13:15 Møtestad: Møterom SR 307 Arkivsak: 15/01198 Møtt : Lisa Storheim Kalvø Leif Roar Strand Marit Holstad Aarsæther Ingunn Elisabeth Teigen Blindheim Johann Roppen Forfall : Joanna Antoniak Maria Kaldhussæter Eli Anne Løksa Anne Øie David Fiskaa Magnus Schaled Jens Standal Groven SAK LISTE Saksnr Sakstittel Side ssaker 15/16 Godkjenning av innkalling - LM U 5/2016 2 16/16 Stønad til Studenttinget sitt arrangement "Psykisk fagdag 2016". 2 17/16 Fagutvalet si rolle og informasjonsflyt i læringsmiljøsaker 3 18/16 Tillitsvaldrolla - status 3 19/16 Presentasjon av LM U - rolle og mandat 4 20/16 Universell utforming av studie - og emneplanar 4 21/16 Ymse - LM U 05/2016 5 1
15/16 Godkjenning av innkalling - LMU 5/2016 Innkalling til LMU-møte 5/2016 22. april 2016 vert godkjent utan merknader. Innkalling til LMU-møte 5/2016 22. april 2016 vert godkjent. Ein ynskjer for framtida at vedlegg vert lagt ved som eigne filer, ikkje som lenker i dokumentet. 16/16 Stønad til Studenttinget sitt arrangement "Psykisk fagdag 2016". 1. LMU støttar arrangementet «Psykisk fagdag 2016» som vart avvikla 24. februar 2016 med 10.000 kroner. Det er lagt fram rekneskap for fagdagen, og det er bedt om at pengane vert overført til Studenttinget. 1. LMU støttar arrangementet «Psykisk fagdag 2016» som vart avvikla 24. februar 2016 med 10.000 kroner. Det er lagt fram rekneskap for fagdagen, og det er bedt om at pengane vert overført til Studenttinget. 2
17/16 Fagutvalet si rolle og informasjonsflyt i læringsmiljøsaker 1. Læringsmiljøutvalet har sett på fagutvalet si rolle i læringsmiljøsaker, ut frå dei rammene Kvalitetssystemet set. Studenttinget har orientert om rutinane knytt til referat frå møta, og LMU tek dette til vitande. 1. Læringsmiljøutvalet har sett på fagutvalet si rolle i læringsmiljøsaker, ut frå dei rammene Kvalitetssystemet set. Ein tek til vitande at Studenttinget har bedt om at alle referat vert sendt til dei, og at dei vil følgje opp dette. 2. LMU sett på retningslinjene for Fagutvalet, og saknar punkt knytt til fysisk og psykososialt læringsmiljø. Ein vil be direktøren sikre at dette kjem inn som eige punkt. 3. Det er nødvendig med ein gjennomgang av Fagutvalet sitt ansvar, som del av Kvalitetssystemet jf. punkt 3.2.5. Dette vert også tatt opp med direktøren. 18/16 Tillitsvaldrolla - status Læringsmiljøutvalet har diskutert rolla som tillitsvald, og kva som kan gjere oppgåva meir attraktiv. Ein vil kome med innspel om 1. Læringsmiljøutvalet vil oppmode Strategisk studienemnd til å initiere eit eige emne for tillitsvalde studentar, t.d. på 5 eller 10 studiepoeng. 2. Læringsmiljøutvalet vil oppmode Studenttinget til å uttale seg til Strategisk studienemnd om korleis dei ser på nytten av eit slikt emne. Dei kan også gjerne kome med synspunkt på kva dei meiner vil vere nyttig innhald i eit slikt emne. Bakgrunn Det er svært mange oppgåver i organisasjonen som er avhengig av engasjerte studentrepresentantar, både deltaking i styre og utval, og fagleg utvikling i takt med tida. Studentdemokratiet er sjølvsagt heilt avhengig av dette, og ein slikt med synkande deltaking. 3
STiV deler ut «Tillitsvaldhandboka» til alle som møter på orienteringsmøte, som ei første opplæring om oppgåva, og gir der ei ryddig oversikt over kva dette handlar om. LMU ynskjer å peike på moglege tiltak for å auke statusen til tillitsvalde studentar. Desse studentane er både talerør for studentane inn mot leiing og fagmiljø, og dei formidlar informasjon andre vegen. Vi har sett på om det er mogleg å få studiepoeng for å gjere ein slik innsats, dersom det vert dokumentert deltaking i kurs og møte. Dette gir ein mellom anna ved Nord Universitet: http://studieplan.nord.no/studieplan/studentstillitsverv_10_stp/(emner)/vis Vi meiner dette vil vere eit godt tiltak, og at det er naturleg å gi dokumentasjon av det læringsutbyttet eit slikt verv kan gi. Vedlegg: Tillitsvaldhandboka frå Studenttinget i Volda 19/16 Presentasjon av LMU - rolle og mandat 1. Læringsmiljøutvalet har diskutert si rolle og mandat, og korleis ein vil presentere dette for Strategisk studienemnd. 1. Læringsmiljøutvalet vil presentere sitt arbeidsfelt for Strategisk studienemnd gjennom å orientere om følgjande: a. Rolle og mandat i Universitets- og høgskulelova 4-3 b. Årsrapport frå LMU dei to siste åra c. Saker frå møte 5/2016. 20/16 Universell utforming av studie- og emneplanar 1. Læringsmiljøutvalet har diskutert omgrepet universell utforming, og korleis dette er relevant i arbeidet med studie- og emneplanar. Ein vil leggje fram sitt syn for Strategisk studienemnd i felles møte 25. mai 2016. 4
1. Læringsmiljøutvalet har diskutert omgrepet universell utforming, og korleis dette er relevant i arbeidet med studie- og emneplanar. Ein vil leggje fram sitt syn for Strategisk studienemnd i felles møte 25. mai 2016. 2. LMU vil også stille i møtet med representasjon frå Universell, som kan seie meir om kva dette inneber. 21/16 Ymse - LMU 05/2016 Det vart meldt inn ei sak under Ymse: «BOLK» i eit studentperspektiv. Denne saka vert sett opp i neste møte. 5
6