Asbjørn Rødseth 26/1 2004 Kompensasjonsgradar for par i modernisert folketrygd I ein artikkel i Søkelys på arbeidsmarkedet nr 2 2003 drøfta eg mellom anna korleis dagens folketrygd verkar for par med ulike tilpassingar til folketrygda. I denne drøftinga var det eit eksempel som viste kompensasjonsgraden for seks ulike par. I dette notatet samanliknar eg med kompensasjonsgraden for dei same seks para dersom forslaget frå Pensjonskommisjonen til modernisert folketrygd blir gjennomført. Tabell 1: Kompensasjonsgradar med nåverande folketrygd (utan omsorgsopptening) 1 Heimeverande 54,6 33,9 88,5 59,0 42,4 2 Deltid, kort oppteningstid 40,2 24,9 65,1 43,4 35,9 3 Heiltid 20 år, kort deltid 20 35,5 35,5 71,0 40,7 40,7 4 Heiltid begge 27,3 27,3 54,6 31,4 31,4 5 Overtid og deltid 33,5 27,3 60,8 35,7 34,8 6 Forskjellig lønn 29,6 25,0 54,6 31,8 31,4 Tabell 1 illustrerer korleis folketrygda i dag verkar for par med ulike tilpassingar til arbeidslivet. Tabellen viser kompensasjonsgraden for par, enker og enkemenn i prosent av den gjennomsnittlege årlege arbeidsinntekta som paret har hatt i perioden frå 18 til 67 år, altså i perioden frå ein blir myndig til ein blir pensjonert. Starten ved 18 år er vald fordi forsørgingsplikta til foreldra sluttar da. Paret refererer til den situasjonen at begge ektefellane er i live og er pensjonistar. Dei to første kolonnane, mann og kone, er tatt med for å visa korleis utbetalingane til paret er fordelt mens begge lever. Tabellen er kommentert nærmare i artikkelen min i Søkelys på arbeidsmarkedet. Boks 1 viser dei føresetnadene om opptening som ligg bak. Tabell 2 viser kompensasjonsgraden i modernisert folketrygd det første året som pensjonist ved pensjonering ved 67 år (eller tilsvarande høgare alder dersom forventa levealder stig). Ved nivåsamanlikningar må ein ha i minne at reguleringa av pensjonen etter at ein har blitt pensjonist er dårlegare i modernisert folketrygd enn det som er 1
gjeldande retningslinjer for regulering i dagens folketrygd. Om forskjellen i regulering blir så stor i praksis er likevel usikkert. Para 4-6 har lik samla inntekt, men forskjellig fordeling av inntektene internt i paret. I motsetning til i dag får dei lik kompensasjonsgrad i modernisert folketrygd, og den er litt høgare enn før for alle. Gevinsten er minst for par 5 som drog fordel av besteårsregelen. Med eitt unntak får også enker og enkemenn lik kompensasjonsgrad. Mannen i paret som har delt arbeidet mest ulikt får framleis høgare kompensasjonsgrad enn andre. Forholdet mellom enker og enkemenn er nokså likt som før. Derimot er forskjellen internt i para 5 og 6 blitt større mens begge lever. Forskjellane mellom kvinner og menn aukar altså, men berre ved at fordelinga mens dei begge lever bli skeivare. Tabell 2: Kompensasjonsgradar med modernisert folketrygd (utan omsorgsopptening) 1 Heimeverande 61,3 33,9 95,2 61,3 44,2 2 Deltid, kort oppteningstid 45,1 24,9 70,0 45,1 36,0 3 Heiltid 20 år, kort deltid 20 39,8 24,9 64,7 39,8 33,7 4 Heiltid begge 30,6 30,6 61,3 33,7 33,7 5 Overtid og deltid 36,1 25,1 61,3 36,1 33,7 6 Forskjellig lønn 33,7 27,6 61,3 33,7 33,7 Par 3 har utnytta besteårsregelen maksimalt og får ein større nedgang i kompensasjonsgraden når den blir oppheva. Det gjeld også enka, mens enkemannen klarer seg relativt bra. Enkemannen tente tidlegare på besteårsregelen gjennom regelen om kombinert pensjon. Tapet hans ved bortfallet av besteårsregelen blir delvis kompensert av høgare eiga opptening i modernisert folketrygd. I para 1 og 2 kjem både paret, enka og enkemannen betre ut med modernisert folketrygd. Grunnen er auka opptening for mannen, som også kjem enkene til del gjennom kombinert pensjon. Konene i par 1 og 2 blir minstepensjonistar, men dei sluttar å vera det når dei blir enker. Enkene tener på at mannen har tent opp meir pensjon (og på meir opptent eigen pensjon i par 2), taper på fjerninga av grunnpensjonen, men tener på at garantitillegget berre blir delvis avkorta mot minstepensjonen. Igjen ser vi at 2
forskjellen på utbetalt pensjon til kvinner og menn aukar så lenge begge lever, mens forskjellen mellom enker og enkemenn blir påverka i mindre grad. Så langt er det ikkje tatt omsyn til omsorgsopptening, verken i dagens eller i modernisert folketrygd. I dagens folketrygd er utslaget av omsorgsopptening på pensjonen sterkt avhengig av samspelet mellom omsorgsopptening og annan opptening. Det same talet på omsorgspoeng kan for enkelte bety eit kraftig hopp i pensjonen, mens det for andre kan ha null effekt. For para 3-6 får omsorgsopptening null effekt i dagens folketrygd, og for par 1 i beste fall ein marginal effekt for enka. I par 2 derimot kan effekten bli opptil ca 4 prosentpoeng både for paret samla og for enka. I inntektspensjonen i modernisert folketrygd gir omsorgsopptening i utgangspunktet like stor utteljing for alle. Samspelet med garantitillegg og ordninga med kombinert pensjon for ektefellar kan likevel føra til at netto utteljing varierer noko. Enker som mottar kombinert pensjon får som hovudregel berre 55 prosent av den utteljinga dei hadde som gifte. Para 4 og 6 har ein inntektsprofil som ikkje gir rom for omsorgsopptening. Tabell 3 viser korleis situasjonen blir for para 1-3 og 5 dersom kona oppnår høvesvis 45G, 40G, 30G og 12G i omsorgsopptening over livsløpet. Dette er relativt høge tal for to barn. Vi ser at samanlikna med tabell 2 blir pensjonane for mennene upåverka, mens pensjonane til kvinnene aukar i større og mindre grad. Unntaket er kona i par 1. Omsorgspoeng er ikkje nok til å heva ho over minstepensjonen så lenge mannen lever. Elles kan vi merka oss at par 3, som taper mest på avviklinga av besteårsregelen, kan ta igjen ein god del av tapet ved hjelp av omsorgsopptening. Tabell 3: Kompensasjonsgradar i modernisert folketrygd med omsorgsopptening 1 Heimeverande 61,3 33,9 95,2 61,3 46,9 2 Deltid, kort oppteningstid 45,1 28,2 73,2 45,1 38,1 3 Heiltid 20 år, kort deltid 20 39,8 27,0 66,8 39,8 36,6 5 Overtid og deltid 36,1 26,8 62,9 36,1 34,6 3
Som ei oppsummering til slutt kan ein seia at fleire viktige hovudtrekk er dei same i modernisert folketrygd som i dagens system. Par der den eine parten har hatt låg yrkesaktivitet kjem i begge tilfelle godt ut på grunn av ordninga med individuell minstesikring. Regelen om at etterlatne ektefellar får det beste av eigen pensjon og kombinert pensjon fører i begge tilfelle til at det blir stor forskjell mellom enker og enkemenn når det er stor forskjell i tidlegare yrkesdeltaking. Gjennomgåande er det likevel i begge system vesentleg mindre forskjellar mellom enker og enkemenn enn mellom kvinner og menn som lever saman. Endringane er vanskelegare å oppsummera kort, for resultata går i fleire retningar. Tabell 2 avspeglar ein klarare samanheng mellom kompensasjonsgrad og livsinntekta til paret enn tabell 1. Vi ser for eksempel at kompensasjonsgraden for para i modernisert folketrygd er fallande med høgare livsinntekt og lik for dei som har lik livsinntekt. Vi ser også at dei para der begge er yrkesaktive på heiltid kjem relativt godt ut av endringa, men det gjer også dei para der den eine parten har vore heime i størst grad. Det er dei som har valt mellomløysingar for arbeidsdelinga som kjem dårlegast ut av sjølve endringa. Elles skal ein varsam med å dra for sterke konklusjonar av enkeltståande eksempel. Det er for eksempel få som har tilpassa seg optimalt til besteårsregelen slik kona i par 3 har gjort. 4
Boks 1: Opptening av pensjon for ulike par Par 1: Kvinne: Null opptening Par 2: Kvinne: 20 år med 3G, 10 år med 2G Par 3: Kvinne: 20 år med 5G, 20 år med 1G Par 4: Kvinne: 40 år med 5G, 9 år med 2,5 G Par 5: Mann: 20 år med 7G, 20 år med 5 G, 9 år med 2,5 G Kvinne: 20 år med 5G, 20 år med 3,45 G, 9 år med 1,5 G Par 6: Mann: 40 år med 5,5 G, 9 år med 2,75 G Kvinne: 40 år med 4,5 G, 9 år med 2,25 G 5