MØTEPROTOKOLL Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 19.04.2016 Tid: 09:00-11:00 Funksjon Navn Forfall Møtt for SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 5/16 16/729 Kommunereforma- uttale frå REF 6/16 16/386 Høring - Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med 7/16 16/692 Bustadkartlegging til arealdelen i kommuneplanen 8/16 16/727 Innspel til oppstart av reguleringsplan i Strandavegen frå REF 9/16 16/730 Kommunalt arbeids og aktivitetstilbod - innspel frå REF 11/16 16/734 Utforming av bu- og arbeidstilbod til yngre personar med nedsett funksjonsevne - utgreiing og framlegg frå arbeidsgruppa 10/16 16/732 Orienteringar REF 19.04.2016
5/16 Kommunereforma- uttale frå REF Handsaminga tek utgangspunkt i heftet «Kommunereform Lokal utgreiing for Leikanger». Rådet vel å kome med innspel i denne runden, og vil kome med ein uttale til kommunestyre skal ta avgjerd i juni. REF har følgjande innspel til arbeidet med kommunereforma: Heftet nyttar mange omgrep som gjerne kunne vore definerte. Kva meiner ein når ein til dømes snakkar om «fagmiljø»? Ein tenker seg at deffinisjon vil variere ut frå hvilken eining ein ser det i samanheng med. Det er mykje kunnskap/etterutdanningar hjå tilsette i kommunen, som ein med fordel kunne delt på tvers av einingane. Det kunne med fordel vært fokus på å dele denne kunnskapen i organisasjonen uavhengig av ein kommunesamanslåing. Kan Leikanger pga avstand og utan kommunesenter ende opp som «periferi» i den nye kommunen, og likevel slite med rekruttering og små fagmiljø. Her har ein svært mange administrative, offentlege einingar (statlege, fylkeskommunale og kommunale) kan det være ein fordel for Leikanger i denne prosessen. Avstand inn til kommunesenter vil være eit viktig moment. Det er flott at primærtenester skal bli liggande i kommunen. Dette er særskilt viktig for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Sjølv om det er lagt opp til å at det skal vere gode kommunikasjons-ordningar, er det ikkje like enkelt for alle å kome seg på buss, eller reise langt. Er det mogleg å seie noko om avstandar og tidsbruk for brukarar av ulike tenester? Tenester som barnehage, skule, helsetenester, omsorgstenester, bustadar til funksjonshemma og eldre må ligge i bygda der dei kjem i frå. Det å kunne velje kvar ein vil bu og motta tenester må være hovedregelen. Ein må ikkje sentraliserer tjenester som omsrogsboliger mm på en slik måte at man blir tvunget til å flytte for å motta tenester eller dekke eit boligbehov. Det er kan vere skilnadar mellom korleis kommunane i regionen ordnar lovpålagde krav til brukarar, og det bør seiast noko om kva som skjer ved ei eventuell kommunesamanslåing. Kva type endring vil det blir for det enkelte individ som er brukar av t.d pleie- og omsorgstenester ved ei kommunesamanslåing? Å tydeleggjere konsekvensar vil gjere det enklare å ta ei avgjerd før folkerøystinga. Det er knytt spenning til kva som vil hende når overføringar frå staten går ned og ein ikkje har like mykje midlar som før. Ein
må formidle korleis situasjonen vil bli etter samanslåing og når ekstraløyvingane pga dette opphører. Samarbeid på tvers av kommunegrenser, eller større kommunar, kan yte eit betre tilbod enn små kommunar til enkelte mindre grupper. Dette krev god planlegging og at ein legg eit godt grunnlag for samarbeid. Det må sikrast medverknad frå flest mogleg instansar. I tillegg til REF bør til dømes brukarutvalet for pleie- og omsorgstenester få kome med ein uttale.
6/16 Høring - Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med nedsett funksjonsevne Samrøystes. Rådet tek informasjonen til vitande. Det er viktig at rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne er eit lovpålagt høyringsorgan. Ungdomsmedverknad må sikrast, fordi det er viktig å høyre på ungdom i det kommunale arbeidet. Ungdomsrådet må kome med eit høyringsinnspel. 7/16 Bustadkartlegging til arealdelen i kommuneplanen
Utkast til spørjeundersøking vart gått gjennom. REF har gitt nokre innspel til spørjeundersøkinga, og meiner at skjemaet kan nyttast med desse endringane. 8/16 Innspel til oppstart av reguleringsplan i Strandavegen frå REF
Informasjonen om oppstart av regulseringsplan i Strandavegen er motteke. Saka vert teke til vitande. 9/16 Kommunalt arbeids og aktivitetstilbod - innspel frå REF Prosjektleiar Aase Njøs informerte om framgangen i arbeidet med utviklinga av eit kommunalt arbeids- og aktivitetsttilbod. Det vart snakka om samansetning av arbeidsgruppa og arbeidet som er blitt gjort så langt. Arbeidet har gått djupare inn på kven det skal lagast tilbod til og korleis ein kan lage eit tilbod tilpassa desse personane.
Frivillig arbeid er ein viktig ressurs som ein kan få mykje utav dersom ein organiserer det på ein god måte. Det vil bli viktig å finne finansieringskjelder til arbeidet. Det følgjer aktivitetsplikt med mange av stønadsordningane gjennom NAV. Likevel må ein skilje ytingar og krav, og vere medvitne om at dette kommunale tilbodet skal ha som hovudmål å auke livskvalitet hjå dei personane det gjeld. Kommunen har lovpålagde plikter, som igjen kan generere andre tilbod. Men viktig at ulike einingar ikkje køyrer parallelle løp, alle må vite om kvarandre og samkjøre arbeidet og prosjekta ein køyrer. REF tek informasjonen til vitande. Representantar frå REF skal representere eldre og funksjonshemma, og ynskjer å gjere dette i samarbeid med representantar frå dei andre brukargruppene. 11/16 Utforming av bu- og arbeidstilbod til yngre personar med nedsett funksjonsevne - utgreiing og framlegg frå arbeidsgruppa Kommunalsjef Per Holen informerte frå arbeidet til arbeidsgruppa, og presenterte rapporten som er lagt fram. Dei ulike alternativa som er skissert i rapporten vart diskutert, i tillegg vart det løfta fram spørsmål rundt nokre andre område. Det vart presisert at det er gjort ein god og viktig prosess i arbeidet, og at ein må ta med seg kunnskapen frå denne prosessen til liknande prosessar som vil kome i framtida. Døme på slike saker kan vere det komande arbeidet med arealdelen i kommuneplanen, og omsorgsareal generelt som kan bli ei utfordring om 10 20 år.
REF tek utgreiinga og framlegget frå arbeidsgruppa til vitande og ber om at arbeidet blir vidareført vidare med anna gjennom arbeidsgruppa for helse- og omsorgsplan og arealdelen i kommuneplanen. Det er viktig å sikre medverknad og kontinuitet i prosessen, og at arbeidet med å avklare tomt og bygging kjem i gong snarast råd. 10/16 Orienteringar REF 19.04.2016 Det vart informert om prosessen rundt «sunn kommuneøkonomi». Rådet vil kome med uttale til arbeidet før budsjettet skal til handsaming i kommunestyre i Juni. Leiar for teneste for funksjonshemma, Gunn Ragnhild Rimala, orienterte frå eininga. Eit prosjekt ein prøver å få i gong er å skape eit inkluderande miljø i barneidretten. Idrettsorganisasjonar arrangerer årlege samlingar om dette tema, hadde det vore høve til å fått til eit lokalt arrangement i Sogn med dette som tema? Teneste for funksjonshemma tek dialogen vidare med Linda Fossberg i Syril. Dersom dette skal munne ut i noko, er det truleg best med ei konkret og praktisk tilnærming, men som engasjerer breitt, til dømes ei fadderordning.
Orienteringar: - Orientering frå prosessen rundt «sunn kommuneøkonomi» - Orientering frå leiar for teneste for funksjonshemma