Ein tydeleg medspelar Kommuneretta utviklingsarbeid Ei vurdering av LUK-satsinga i Møre og Romsdal fylkeskommune

Like dokumenter
Møteinnkalling. Side1. Utval: Kontrollutvalet Møtestad: Formannskapssalen, Herøy Rådhus, Rådhusgata 5, 6090 Fosnavåg Dato:

SAMHANDLING. LUK = Lokal samfunnsutvikling i kommunane. 10 gode råd for

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

LUK frå stunt til varig arbeidsform

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Regional planstrategi

INTERNASJONAL STRATEGI

Distriktssenteret sin rolle i LUK-arbeidet, etter LUK-satsinga. Avdelingsleder Ingvill Dahl Nasjonal LUK-samling Gardermoen 18.

Lokal utvikling i kommunane (LUK) i Møre og Romsdal

Lokal samfunnsutvikling i kommunene (LUK) Prosjektleder Tore Vabø KRD, Arendal, 17. juni 2010

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

Strategi Forord

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Oppstart, prosjekt Møre og Romsdal som region mot 2025

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet Utgreiing: Møreforsking og Ideas2Evidence Oppdragsgjevar:

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

AKTIVE KOMMUNAR ATTRAKTIVE LOKALSAMFUNN

LUK = Lokal samfunnsutvikling i kommunane

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Avtale om partnarskap

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

«Ein tydeleg medspelar, som vågar litt meir!» om koplinga Fylkesplan og samfunnsoppdraget til fylkeskommunen. AGP-konferansen Molde,

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

oktober LUK nett no. Status og utfordringar Nasjonale LUK- samling SOLVEIG SVARDAL telemarksforsking.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Ny PBL regionale planstyresmakter si rolle og ansvar i arealplanlegginga

Kontrollutvalet i Gloppen kommune

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

HALLINGDAL 2020, REGIONAL POSISJONERING, HOVUDPROSJEKT

LUK = Lokal samfunnsutvikling i kommunane

4. nasjonale LUK-samling oktober 2013

Nye kommunar i Møre og Romsdal

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

ETAT FOR LOKAL UTVIKLING. Utforming av kommuneplan

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

Plan for forvaltningsrevisjon

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Skodje kommune Teknisk avdeling

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Høyringsrapport Planprogram for Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Plan for forvaltningsrevisjon

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: U01 Arkivsaksnr.: 14/912

DELPROGRAM A. Regional planstrategi prosess og medverknad

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Forvaltningsrevisjonsrapport - "Samhandlingsreforma i Vestnes kommune" Utval Møtedato Utvalssak Kommunestyret

Evaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Dykkar ref Vår ref Dato

Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan

Trafikksikker kommune, Hordaland. Prosjektplan

SAK 04/18 LIVSKVALITET HALLINGDAL

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

Søknad - Energiregion Sogn og Fjordane

REGIONAL PLANLEGGING. Rev

Tilskot til folkehelsearbeid i kommunane - forlenging av tilskotsordning

Kontrollutval rådmann - revisor. Korleis samarbeider vi?

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Utval Utvalssak Møtedato Plan- og økonomiutvalet i Fræna kommune 135/ Kommunestyret i Fræna 41/

Plantema nyskaping i verdiskapingsplanen

Saksnr Utval Møtedato KO 73/18 Kontrollutvalet Fylkestinget

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Kontrollutvalet - melding om status for oppfølging av tidlegare forvaltningsrevisjonar og statlege tilsynsrapportar

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret KOMMUNEREFORMEN - OPPNEMNING AV FORHANDLINGSNEMND

Frå strategisk plan til handling - bruk av handbok for fylke og kommunar. Fagkonferanse og nettverksamling i Florø juni 2013

Frivilligpolitisk plattform

R Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Bygdemobilisering. om åløfte bygda etter håret. Synnøve Valle

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Transkript:

Ein tydeleg medspelar Kommuneretta utviklingsarbeid Ei vurdering av LUK-satsinga i Møre og Romsdal fylkeskommune Forvaltningsrevisjonsrapport 4/2014

Forord Fylkesrevisjonen har utført denne forvaltningsrevisjonen etter vedtak i fylkestinget (T-51/13) og kontrollutvalet (KO-4/14). Forvaltningsrevisjon er ei lovpålagt oppgåve som kontrollutvalet har ansvar for. Fylkestinget vedtar etter forslag frå kontrollutvalet kva forvaltningsrevisjonsprosjekt som skal bli gjennomført. Forvaltningsrevisjon er heimla i Kommunelova 77 nr. 4 og 78 nr. 2, jf. forskrift om kontrollutval kapittel 5 og forskrift om revisjon i kommunar og fylkeskommunar kapittel 3. Rapporten summerer opp resultata frå fylkesrevisjonen si undersøking «Kommuneretta utviklingsarbeid». Undersøkinga er utført av Heidi Nerland i september og oktober 2014. Fylkesrevisjonen vil takke alle som har medverka til gjennomføring av rapporten. Molde, 6. november 2014 Bjarne Dyrnes Tonje Skarvøy Stene Heidi Nerland Kst. Fylkesrevisjonssjef Fagansvarleg forvaltningsrevisjon Forvaltningsrevisor Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 1

Hovudbodskap Prosjektet har vurdert samhandling og samordning i Møre og Romsdal fylkeskommune sin innsats i lokal samfunnsutvikling i kommunane. I tillegg gjer prosjektet greie for korleis måloppnåing blir vurdert og kva som er viktige føresetnader for å nå målsettingane i lokalt utviklingsarbeid. Nedanfor er vår konklusjon og anbefalingar. Hovudproblemstilling: «I kva grad er det god samhandling og samordning i det kommuneretta utviklingsarbeidet i Møre og Romsdal, og kva for arbeidsformer og tiltak ser ut til å gi særleg god måloppnåing?» For å svare på problemstillinga har vi sett nærare på desse spørsmåla: 1. Har fylkeskommunen lagt til rette for god samhandling med kommunar? 2. Er fylkeskommunen sin innsats koordinert og samordna? 3. Korleis blir måloppnåing vurdert? 4. Kva for tiltak og arbeidsformer ser ut til å gi særleg god måloppnåing? Prosjektet er avgrensa til satsinga lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK). LUK-satsinga har fokus på fylkeskommunen som regional utviklingsaktør og fylkeskommunane har hovudansvar for gjennomføringa av satsinga. Konklusjon og anbefalingar Forsking på lokal samfunnsutvikling peikar på god lokal og regional, intern og ekstern samhandling og samordning som viktige føresetnader for å nå målsettingane. Det blir òg trekt fram at å leite etter beste praksis i form av konkrete tiltak som løysing på utviklingsproblema til kommunar sannsynlegvis vil vere ein mislykka strategi. Å legge til rette for gode prosessar som involverer aktørar frå ulike instansar i å skape mål, og arbeide saman for å nå måla er vesentlege suksesskriterier. Ein viktig oppgåve for fylkeskommunen som regional utviklingsaktør vil soleis vere å etablere arbeidsformer og møteplassar som legg til rette for god samhandling, både intern og eksternt. Datagrunnlaget i denne rapporten tyder på at fylkeskommunen er opptatt av og arbeider bevisst med ulike former for samordning og samhandling, både på tvers av forvaltningsnivåa (fylkeskommune, kommune og fylkesmannen) og internt på tvers av avdelings-, fag- og sektorgrenser. Leiinga i fylkeskommunen besøkte i starten av LUK-satsinga politisk og administrativ leiing i alle kommunane i Møre og Romsdal. Besøka synleggjorde at mange kommunar mangla kompetanse til å gjennomføre samfunnsanalysar som grunnlag for kommuneplanlegginga. Fylkeskommunen møtte dette med tilbod om kurs for å løfte kompetansen. Innsatsen til fylkeskommunen kan dermed seiast å vere proaktivt retta mot å møte kommunane sine behov og utfordringar. Slike nedanfrå og oppprosessar bidrar til å sikre lokal forankring i arbeidet. I dei årlege utlysingane har fylkeskommunen lagt vekt på at utviklingsprosjekt skal vere forankra i målsettingar i kommuneplana og oppfordra til samarbeid mellom kommunar. Dette bidrar til samanheng og heilskap i satsinga. LUK-tematikk er vidare implementert i eksisterande møteplassar, som plannettverka og regionråda. I tillegg er det oppretta ei rekke møteplassar for pågåande prosjekt. Desse vert vektlagt som viktige av respondentane i utvalet, både som arena for erfaringsutveksling og påfyll. Tettare dialog og tydleg Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 2

avklaring av forventningar og krav er eksempel respondentane trekk fram som forbetringsområder. Fylkeskommunen seier sjølv at dette er områder dei vil ha fokus på i tida framover. Vi meiner tidleg involvering og tydeleg avklaring av forventingar og ansvar kan bidra til at prosjekta blir meir målretta og forankra. Vi anbefaler fylkeskommunen å følgje opp dette i det vidare arbeidet. Data frå undersøkinga tyder på at fylkeskommunen har jobba med å få til betre samordning og koordinering internt i fylkeskommunen dei seinare åra, mellom anna gjennom oppretting av ulike fora på tvers av avdelingar. Alle avdelingane er likevel ikkje med, og tilbakemeldingar frå respondentar kan tyde på at fylkeskommunen har ein veg igjen for å framstå som godt samordna internt. Vi anbefaler fylkeskommunen å halde fram med å legge til rette for gode prosessar som involverer ulike deltakarar i det langsiktige arbeidet med lokal samfunnsutvikling, både internt i fylkeskommunen og mellom eksterne aktørar. Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 3

Innhald Forord... 1 Hovudbodskap... 2 1. Innleiing... 6 1.1 Problemstilling og avgrensing... 6 1.2 Revisjonskriterium... 7 1.3 Metode og gjennomføring... 7 2. Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK)... 8 2.1 LUK i Møre og Romsdal... 8 3. Samhandling med kommunane... 11 3.1 Revisjonskriterium... 11 3.2 Data... 11 3.2.1 Kommunebesøk og kompetanseheving... 11 3.2.2 Møteplassar... 12 3.2.3 Tilbakemeldingar frå regionråd og prosjektleiarar... 13 3.3 Vurdering... 15 4. Intern samordning... 16 4.1 Revisjonskriterium... 16 4.2 Data... 16 4.2.1 Samarbeid internt... 16 4.2.2 Andre aktørar... 17 4.2.3 Tilbakemeldingar frå regionråd og prosjektleiarar... 18 4.3 Vurdering... 19 5. Måloppnåing... 20 5.1 Data... 20 5.1.1 Evaluering av enkeltprosjekt... 20 5.1.2 Evaluering av samla satsingar... 20 6. Suksesskriterier... 22 6.1 Data... 22 6.1.1 Tilbakemeldingar frå fylkeskommunen, regionråd og prosjektleiarar... 22 6.1.2 Kva seier forsking?... 23 7. Konklusjon og anbefalingar... 25 8. Høyring... 26 Kjelder og støttelitteratur... 27 Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 4

Vedlegg Vedlegg 1 Revisjonskriterium... I Vedlegg 2 Oversikt over LUK-tildelingar 2011-13... II Vedlegg 3 Høyringssvar frå fylkesrådmannen... III Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 5

1. Innleiing I samband med val av prosjekt for forvaltningsrevisjon i 2014, vart prosjektet «Kommuneretta utviklingsarbeid» opprinneleg sett som eit reserveprosjekt (sak T-51/13). Kontrollutvalet vedtok imidlertid i sak KO-4/14 å flytte prosjektet fram som prioritert prosjekt etter å ha utsett gjennomføringa av «Kapasitet og tilbodsstruktur innan vidaregåande opplæring.» Endeleg bestilling av prosjektet vart vedteke i kontrollutvalet i sak KO-26/14. I saksframlegget i sak T-51/13 var prosjektet om «Kommuneretta utviklingsarbeid» gitt slik omtale: «Kommuneretta utviklingsarbeid. Satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) har vore ein viktig berebjelke i fylkeskommunens kommuneretta utviklingsarbeid dei siste åra, med vekt på rettleiing og å vere koordinator og støttespelar for kommunane i å byggje attraktive lokalsamfunn. Målet er å heve kompetansen i kommunane på områda samfunnsanalyse, planlegging og gjennomføring av lokalt utviklingsarbeid. Andre viktige satsingar har vore og er utbygging av breibandtilbodet i fylket, tettstadprogrammet, omstillingskommuneprogrammet, bysatsinga og til dels hoppid.no. I same kategori kan og nemnast støtte til kommunale næringsfond, RDA kompensasjonsmidlar o.a. direkte og indirekte økonomiske incentiv. Satsingane, tiltaka og støtteordningane utgjer store beløp, heng saman og har mange like innfallsvinklar og samanfallande mål. Kommunane har ei nøkkelrolle og er avgjerande for om fylkeskommunen lukkast, samstundes som det er forventningar hos kommunane til fylkeskommunens involvering og oppfølging. Det bør undersøkast i kva grad ein oppnår god samhandling og samordning på området samt kva effektar ein kan sjå over tid.» I St. meld. nr. 25 (2008-2009) «Lokal vekstkraft og framtidstru» er aktivt lokalt utviklingsarbeid og utvikling av attraktive lokalsamfunn i kommunane løfta fram som viktig for å nå hovudmålet i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunen har ei viktig rolle som råd- og støttegivar samt koordinator i lokalt utviklingsarbeid. Mykje av arbeidet fylkeskommunen driv med handlar nettopp om å utvikle attraktive lokalsamfunn og det fins ei rekkje satsingar, støtteordningar og tiltak med samanfallande mål og innfallsviklar. Formålet med dette prosjektet er å undersøke fylkeskommunen si rolle og innsats som tilretteleggjar og samordnar av lokal samfunnsutvikling, kva som er gjort og kva føresetnader som blir oppfatta som viktige for å nå målsettingane. 1.1 Problemstilling og avgrensing På bakgrunn av bestilling frå kontrollutvalet i sak KO- 26/14, har vi utforma følgjande problemstilling: «I kva grad er det god samhandling og samordning i det kommuneretta utviklingsarbeidet i Møre og Romsdal, og kva for arbeidsformer og tiltak ser ut til å gi særleg god måloppnåing?» For å svare på problemstillinga har vi sett nærare på desse spørsmåla: 5. Har fylkeskommunen lagt til rette for god samhandling med kommunar? 6. Er fylkeskommunen sin innsats koordinert og samordna? 7. Korleis blir måloppnåing vurdert? 8. Kva for tiltak og arbeidsformer ser ut til å gi særleg god måloppnåing? Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 6

Prosjektet er avgrensa til satsinga lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK). LUK-satsinga har fokus på fylkeskommunen som regional utviklingsaktør og fylkeskommunane har hovudansvar for gjennomføringa av satsinga. 1.2 Revisjonskriterium Revisjonskriterium er relevante krav eller standardar som resultatet i undersøkinga skal vurderast opp i mot. Relevante kjelder til revisjonskriterium i dette prosjektet er nasjonale føringar i Stortingsmelding nr. 25 (2008-2009) «Lokal vekstkraft og framtidstru. Om distrikts og regionalpolitikken», samt målsettingane for LUK-satsinga som er ei direkte oppfølging av Stortingsmeldinga. I tillegg er fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør og MRFK sine eigne målsettingar om å vere ein tydeleg regional medspelar viktige overordna kriterium. Problemstilling nr. 1 og 2 vil bli vurdert opp mot følgjande utleidde revisjonskriterium: Fylkeskommunen skal legge til rette for å sikre lokal medverknad og forankring i det lokale utviklingsarbeidet Fylkeskommunen sin innsats i det lokale utviklingsarbeidet bør vere godt samordna. Revisjonskriteria er nærare utgreidd i vedlegg 1. Problemstilling nr. 3 og 4 er beskrivande og vil ikkje bli vurdert mot noko revisjonskriterium. 1.3 Metode og gjennomføring Forvaltningsrevisjonen er gjennomført i samsvar med krava i RSK001 Standard for forvaltningsrevisjon. Datainnsamlinga i dette prosjektet har inkludert følgjande aktivitetar: Oppstartsmøte med regional- og næringsavdelinga Gjennomgang og analyse av fylkeskommunale dokument (sjå litteraturliste) Data frå forsking på området Intervju med LUK-koordinator i fylkeskommunen Spørsmål per e-post til: o regionråda i fylket o prosjektleiarar av 10 utvalte LUK-prosjekt som involverer til saman 19 kommunar Vi fikk svar frå alle tre regionråda og 9 av totalt 10 prosjektleiarar. Dei 9 prosjekta inkluderer til saman 18 kommunar. Prosjekta er valt ut i samråd med regional- og næringsavdelinga og omfattar ulike satsingsområder. Utvalet utgjer ikkje eit representativt utval og vi kan derfor ikkje generalisere på bakgrunn av dette datamaterialet. Tilbakemeldingane vil likevel bidra til å danne eit bilete av oppfatningar av fylkeskommunen sin innsats innafor LUK-satsinga og kva dei meiner er viktige føresetnader for å lykkes. Rapporten har vore sendt på høyring til fylkesrådmannen og regionråda. Det har òg vore gjennomført høyringsmøte med regional- og næringsavdelinga. Sjå del 8 om høyring. Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 7

Før vi går vidare med å svare på problemstillingane i undersøkinga, vil vi presentere LUK satsinga og korleis den er innretta i Møre og Romsdal. 2. Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) I St. meld. nr. 25 (2008-2009) «Lokal vekstkraft og framtidstru» blir det slått fast at vekstkraft kommer nedanfrå og at lokale utfordringar best blir møtt med lokale initiativ. Fylkeskommunen blir løfta fram som ein viktig aktør for å styrke arbeidet med mobilisering og lokal samfunnsutvikling i kommunane. «Fylkeskommunen kan gjennom tilpassing av verkemiddel og regionalt samarbeid i mange tilfelle stø lokale krefter og næringsliv på ein meir treffsikker og samordna måte, enn ved direkte statlig sektorinnsats. 1» Satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) er ei oppfølging av St. meld.nr. 25 (2008-2009) «Lokal vekstkraft og framtidstru», og skal styrke kommunane sitt arbeid med å bygge attraktive lokalsamfunn. Hovudmålsettinga er at kommunane skal bli enda betre til å planlegge, mobilisere, samarbeide og gjennomføre utviklingsprosjekt, for på det viset å utvikle meir attraktive lokalsamfunn. Målet inneber å betre kompetansen og kapasiteten til å drive kontinuerleg utviklingsarbeid i kommunane gjennom å utvikle eit tettare samarbeid både mellom fylke og kommunar, og mellom fleire kommunar. Det skal skje gjennom at fylkeskommunane si rolle som samordnar, aktiv rådgjevar og støttespelar overfor kommunar med utviklingsbehov vert styrkt. Satsinga starta i 2010 og held fram ut 2014. Resultatmål for LUK- satsinga er: 1. Fleire kommunar er sterke utviklingsaktørar og arbeider kontinuerleg med å bygge opp attraktive lokalsamfunn. 2. Initiativ frå innbyggarar, bedrifter, entreprenørar, eldsjeler og frivillige organisasjonar er godt integrerte i utviklingsarbeidet. 3. Fylkeskommunane har betre kapasitet og kompetanse til å styrke arbeidet med lokal samfunnsutvikling i kommunane. 4. Fylkeskommunane har oversikt over aktuelle utviklingsprogram og kan samordne fagleg og økonomisk støtte til kommunane. 5. Utnyttinga av verkemiddel til lokale utviklingstiltak er meir effektiv. Fylkeskommunane har hovudansvaret for gjennomføringa av LUK- satsinga. 2.1 LUK i Møre og Romsdal I Fylkesplanen blir det vektlagt at fylkeskommunen ønskjer å vere ein tydeleg regional medspelar, og høg grad av medverknad blir framheva som eit viktig prinsipp. 1 Stortingsmelding nr. 25 (2008-2009) «Lokal vekstkraft og framtidstru. Om distrikts og regionalpolitikken», s. 9. Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 8

Fylkesplan 2013-2016 har fire satsingsområder Kultur, Kompetanse, Verdiskaping og Samferdsel. Kvart satsingsområde skal følgjast opp gjennom årlege handlingsprogram som skal utarbeidast i partnarskap mellom fylkeskommunen, Fylkesmannen og statlege etatar på regionalt nivå, kommunar, næringsliv, forskings- og utdanningsinstitusjonar, kulturlivet og andre partar. Hovudmålet for satsingsområde Verdiskaping er at Møre og Romsdal skal ha vekstkraftige lokalsamfunn med urbane kvalitetar, og eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv. Rekruttering av arbeidskraft med høg kompetanse er trekt fram som ei sentral utfordring for verdiskapinga i regionen. Utvikling av attraktive lokalsamfunn med urbane kvalitetar er framheva som viktig for at Møre og Romsdal skal tiltrekke seg ønska arbeidskraft. Dette er konkretisert i resultatmål 1: «Sentrum i byar og tettstader i Møre og Romsdal skal by på attraktive tenester og opplevingar for innbyggjarar og besøkande.» Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) er eit sentralt tiltak for å nå resultatmål 1. Den uttalte målsettinga med satsinga er at fylkeskommunen skal sette systematisk og heilskapleg utviklingsarbeid på dagsorden i alle kommunar i Møre og Romsdal. Dette skal skje gjennom å: Vidareutvikle kommunane sin kompetanse innan samfunnsanalyse, planlegging og gjennomføring av lokalt utviklingsarbeid Stimulere til samarbeid på tvers av kommunegrensene Styrke Møre og Romsdal fylkeskommune si rolle som ein tydeleg medspelar for kommunane i lokalt utviklingsarbeid Finne gode løysingar for integrering av tilflyttarar i eit samfunns- og ressursperspektiv Midlane som blir brukt til LUK-satsinga er hovudsakleg regionale utviklingsmidlar frå kap. 551 post 60 og midlar frå det fylkeskommunale Tiltaksfondet. I tillegg har fylkeskommunen årleg søkt om og fått særskilde LUK-midlar frå KRD. Mykje av arbeidet fylkeskommunen driv med handlar om å utvikle attraktive lokalsamfunn og dei er involvert i fleire prosjekt innafor lokal samfunnsutvikling. Til dømes tettstadsutviklingstiltak, bysatsinga og hoppid.no. Temaet lokal samfunnsutvikling er soleis ikkje noko nytt. I intervju blir LUK-satsinga omtalt som ein overbygning i forhold til mykje anna fylkeskommunen gjer. Fylkeskommunen har årleg lyst ut eigne midlar knytt til LUK-satsinga som kommunane kan søkje på. Samla for åra 2011, 12 og 13 har fylkeskommunen innvilga om lag 22,9 millionar til LUK-formål 2. Om lag 2/3 av dette beløpet er tildelt ulike prosjekt i kommunane etter årleg utlysing av LUK-midlar. Alle desse tildelingane er politisk behandla. Gjennom den årlege utlysninga har kommunane blitt oppfordra til å søkje om «midlar til gode tiltak ut frå dei utfordringane kommunane ser i arbeidet med gjennomføring av lokal samfunnsanalyse.» I utlysningsbrevet blir det lagt vekt på at utviklingstiltaka skal vere forankra i samfunnsdelen i kommuneplanen. Eit overordna mål med LUK-utlysninga er å stimulere til samarbeid om felles utviklingstiltak på tvers av kommunegrenser og kommunane blir oppfordra til dette i utlysningsbrevet. 2 Basert på tal frå regional- og næringsavdelinga Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 9

Regional- og næringsavdelinga opplyser at spesifikke innsatsområder har varierert noko frå år til år, men det har heile tida vore fokus på kunnskapstiltak knytt opp mot planlegging og utviklingskompetanse. Eit sentralt innsatsområde dei siste åra har vore arbeidsinnvandring og integrering, og i følgje regional- og næringsavdelinga er det no 10 pågåande prosjekt i til saman 14 kommunar innan dette temaet i fylket. Oversikt over tildelingar for åra 2011, 12 og 13 er i vedlegg 2. Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 10

3. Samhandling med kommunane - Har fylkeskommunen lagt til rette for god samhandling med kommunar? Føremålet med dette spørsmålet er å undersøke om fylkeskommunen har etablert møteplassar og arbeidsformer som sikrar god samhandling, og legg til rette for lokal forankring og medverknad. 3.1 Revisjonskriterium Fylkeskommunen skal legge til rette for å sikre lokal medverknad og forankring i det lokale utviklingsarbeidet. 3.2 Data 3.2.1 Kommunebesøk og kompetanseheving I starten av LUK-satsinga besøkte leiinga i fylkeskommunen politisk og administrativ leiing i alle kommunane i Møre og Romsdal. Her informerte kommunane om kva for utfordringar dei hadde når det gjaldt kommunale utviklingsoppgåver, og kva hjelp dei ønska seg frå fylkeskommunen. LUKkoordinator i fylkeskommunen fortel: «For å få eit godt grunnlag for samarbeid, valte vi å besøke alle kommunane i Møre og Romsdal. ( ) Gjennom dialog fikk vi danna oss eit bilde av kva utfordringane var i kommunane.» Seksjonsleiar ved regional- og næringsavdelinga seier at denne runden med kommunane var veldig nyttig: «..runden vi hadde med kommunane i starten av prosjektet var veldig nyttig, direkte dialog med ordførar og rådmann i andre i kommunen og få høyre om utfordringar og rett og slett få ein kontakt.» Etter at ny Plan- og bygningslov vart innført i 2008 skulle kommunane etter kvart kommuneval vedta ein kommunal planstrategi som skal avklare dei viktigaste planoppgåvene i kommunen. Dette krev at kommunen sett av ressursar til å sikre brei deltaking i arbeidet med å utforme den framtidige samfunnsutviklinga i kommunen. LUK- koordinator i fylkeskommunen påpeiker at god lokal samfunnsforståing og gode samfunnsanalyser er ein føresetnad for god samfunnsplanlegging, og kommunebesøka synleggjorde at mange kommunar mangla kompetanse og kapasitet til å gjennomføre dette: «Fikk tilbakemelding frå kommunane på at det mangla kompetanse på dette feltet og at det var kapasitetsproblem.» For å møte dette satt fylkeskommunen i gang kompetansehevingstiltak innan prosess- og prosjektleiing. Regionrådet på Sunnmøre (ÅRU) stod som arrangør for sine kommunar, mens fylkeskommunen arrangerte for kommunane i Nordmøre og Romsdal. Opplæringsopplegg var i følgje regional- og næringsavdelinga skreddarsydd for kommunane som deltok i form av at dei jobba med sine reelle planer og utviklingsprosjekt. I intervju får vi opplyst at det var god oppslutning og at fylkeskommunen har fått gode tilbakemeldingar på kursa. Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 11

I tillegg bidrog fylkeskommunen med faktagrunnlag til samfunnsanalysane og gjennomførte opplæring i ny plan- og bygningslov. 3.2.2 Møteplassar I intervju får vi opplyst at fylkeskommunen i stor grad prøver å bruke eksisterande møteplassar i LUKsatsinga. Eksempel som blir trekt fram er plannettverka og regionråda. Plannettverka Plannettverka er uformelle nettverk for planleggarar og andre som er involvert i plan i regionen. Det er for tida tre regionale plannettverk i fylket: Nordmørsnettverket, Romsdalsnettverket og Sunnmørsnettverket som kvar har 2-3 årlege samlingar, der vertskapsrolla vekslar mellom kommunane. Møre og Romsdal fylkeskommune har eit koordinerande ansvar for plannettverka og leiar nettverkssamlingane. Nettverka skal vere ein fagleg arena der kommunane kan utveksle erfaringar med planarbeid, gi kvarandre innspel til pågåande plansaker, vere sosial møteplass og arena for opplæring. Ifølgje leiar for kommuneseksjonen ved regional- og næringsavdelinga har dei gjennom LUK kome inn med litt andre tema i plannettverka, mellom anna tilflytting og integrering. Fylkeskommunen er òg høyringsinstans for kommuneplaner, og ifølgje LUK-koordinatoren gir dette gode moglegheiter til å sjå på kommuneplanane med eit kritisk blikk. Regionråda Regionråda har i følgje seksjonsleiaren ein eigen status som LUK-kontaktar, og dei skal representere kommunane i sitt område. Det er tre regionråd i Møre og Romsdal; Sunnmøre (ÅRU), Romsdal (ROR) og Nordmøre (Orkidé). Regionråda opplyser at dei har fått støtte til fleire prosjekt i regi av LUK. Regional- og næringsavdelinga har faste møte med LUK-kontaktane i regionråda og dei blir invitert til å diskutere kva innretning satsinga skal ha kvart år. Prosjektoppfølging og andre møteplassar I følgje regional- og næringsavdelinga har ikkje kvar kommune spesifikke LUK-kontaktar, men prosjektleiarar som er knytt opp mot kvart enkelt prosjekt. Det er gjennom prosjekta kommunane har tatt kontakt og jobba saman med fylkeskommunen. I følgje seksjonsleiar for kommuneseksjonen er dei tett på prosjekta: «Når vi har gitt pengar til ein kommune har vi ikkje berre sendt frå oss pengane og sagt «lykke til», men har invitert oss sjølv med inn i styringsgruppe for eksempel eller i hvert fall hatt ein kontakt med dei for å sjå til at dei får effekt ut av det.» LUK-koordinatoren seier at kompetanse, møteplassar og netteverksbygging har vore fokusområde i LUK-samanheng, og fylkeskommunen legg til rette for fleire møteplassar gjennom satsinga. Døme som blir trekt fram er: «Søkeseminar» - presentasjon av moglegheitene med lokal samfunnsutvikling. Intensjonen med dette er ifølgje LUK-kontakt i fylkeskommunen å komme tettare på og at det blir lågare terskel for å bruke dei. Oppstartsseminar for alle som har fått LUK-midlar. Nettverkssamlingar for aktive LUK-prosjekt, ofte slått saman med Bulyst-prosjekta. Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 12

Konferanse om arbeidsinnvandring og integrering vart arrangert i Haram i 2013. Vestlandsk Vidsyn regional konferanse for kommunar, fylkeskommunar og andre organisasjonar som har med lokal samfunnsutvikling å gjere. Dei fire fylka på Vestlandet bytter på å arrangere konferansen. Informantane frå regional- og næringsavdelinga seier dei vil bygge vidare på satsinga etter at prosjektperioden er over i 2014, og at ein god del vil bli vidareført og vidareutvikla. Dei legg særleg vekt på at dei vil fortsette å lage møteplassar, og at dei vil arbeide for å følgje tettare opp prosjekt som har fått pengar. Dei meiner fylkeskommunen må vere både meir støttande og krevjande overfor prosjekteigarane, samt at dei i større grad må etterspør resultat. Seksjonsleiaren uttaler: «Vere både meir støttande ovanfor dei som skal gjennomføre det og meir krevjande kanskje. I tillegg til at vi forventar og etterspør resultat når vi gir pengestøtte til noko.» Informantane seier det er viktig at fylkeskommunen kjem inn ved oppstarten av eit prosjekt slik at dei kan vere kritisk til korleis dei har organisert seg og kva ressursar prosjektet treng. 3.2.3 Tilbakemeldingar frå regionråd og prosjektleiarar Som ein del av datainnsamlinga i dette prosjektet har vi sendt ut spørsmål per e-post til regionråda i fylket, samt til leiarar for eit utval LUK- prosjekt. Vi fikk svar frå alle tre regionråda og 9 av totalt 10 prosjektleiarar. Dei 9 prosjekta inkluderer til saman 18 kommunar. Dei aller fleste respondentane blant prosjektleiarane gir tilbakemelding om ei rekke måtar dei har fått kompetansebistand frå fylkeskommunen. Mange svarer at dei har deltatt på fleire kompetansehevingstiltak som til dømes kurs i prosessleiing og fagseminar. Tilbakemeldingane vi har fått på desse er gode. Til dømes: «Prosessledelseskurset var svært målrettet og relevant.» «..god støtte i utdanning av prosessrettleiarar» Fleire trekk fram at dei har fått god rettleiing av fylkeskommunen, både før søknad og undervegs i prosjektet. Ein respondent skriv mellom anna: «Fylkeskommunen [har] vore diskusjonspartner i forkant i samband med prosjektutforming, fagpersonar har stilt på møter lokalt for å bidra i prosjekta, og det har vore god kontakt undervegs». Ein av respondentane svarer at dei først har blitt kontakta av fylkeskommunen når utbetaling nærma seg, men seier samstundes at dei har fått god hjelp når dei har hatt spørsmål. Også andre respondentar trekk fram at støtta frå fylkeskommunen har vore basert på at dei sjølve har tatt kontakt. Ein prosjektleiar meiner fylkeskommunen har endra seg og er meir proaktiv no: «Det har vore basert på at vi har tatt kontakt. Har endra seg på dette punktet meir proaktiv no.» Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 13

Alle respondentane vurderer samhandlinga med fylkeskommunen som god. Nettverksmøta og samlingar blir av fleire trekt fram som ein viktig arena for erfaringsutveksling, og noko som gjer det enklare å ta kontakt både med kvarandre og med fylkeskommunen: «Fylket har også vore god til å arrangere nyttige kurs og samlingar som har fungert som inspirasjon og påfyll i desse prosessane. Det er låg terskel for å ta kontakt, og vi får konstruktiv hjelp og støtte.» «Eg set veldig pris på nettverkssamlingane for prosjektleiarar og regional/næringsavdelinga. Dette stimulerer oss til framdrift og er også ein viktig arena for erfaringsdeling undervegs.» Regionråda gir positive tilbakemeldingar på kva som er oppnådd med satsinga. Mellom anna blir det trekt fram at LUK-satsinga har bidratt til å spleise regionen saman, og at satsinga har ført til «økt fokus på lokalsamfunnsutvikling og en tydeliggjøring av fylkeskommunens rolle i dette arbeidet.» Det blir òg trekt fram at kommunebesøka som fylkeskommunen gjorde i starten av satsinga bidrog til lokal forankring: «Besøksrunden fra fylkeskommunen ut i kommunene i starten av satsingen ble oppfattet som svært positiv og bidro til forankring lokalt» Vi stilte òg spørsmål om kva dei meiner kan gjerast betre frå fylkeskommunen si side. Ein prosjektleiar trekk her fram at dei sakna tydelege avklaringar når det gjeld ansvar, arbeidsmåtar, forventningar og krav ved oppstart, og at prosjekta bør forankrast betre på kommunenivå: - Avklaring av ansvar og arbeidsmåter og mål i starten. Tydelege forventningar til kommunane ved oppstart - Tydlegare forventningar og krav til administrering/økonomirapportering ved oppstart - Prosjekta bør forankrast betre på kommunenivå t.d. ved forprosjekt og det å dra leiinga i kommunane konkret med Anna som blir trekt fram er at fylkeskommunen kan oppmuntre til meir samarbeid på tvers av kommunegrenser og regionar, synleggjere moglegheiter for deltaking i internasjonale prosjekt betre, ha tettare dialog og fagleg rettleiing undervegs i utvikling av prosjekta og at det kan vere fleire erfaringssamlingar undervegs. Døme på tilbakemeldingar frå prosjektleiarar: «Eg synes mykje blir gjort svært bra. Men kanskje oppmuntre til samarbeid på tvers av kommunegrenser og regionar. Moglegheiter for deltaking i internasjonale prosjekt bør synleggjerast betre.» «I tillegg til samlinger i regi av fylkeskommunen, med fokus på erfaringsutveksling mellom kommuner m.v., hadde det vært ønskelig med en tettere dialog/faglig veiledning fra fylkeskommunen underveis i utvikling av eget prosjekt.» «Kunne vært flere samlinger i prosjekt med like utfordring. Erfaringssamlinger.» To av regionrådsleiarane trekk fram at det burde vere meir dialog i prosjektperioden og læring mellom ulike prosjekt: «Mer dialog i prosjektperiodene kanskje, med læring mellom de ulike prosjektene.» Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 14

«Samlinger med de ulike prosjektene selv om det er ulike mål er ofte prosessene like så alltid noe å lære av hverandre.» 3.3 Vurdering Gjennom besøk i alle kommunane danna fylkeskommunen seg eit bilete av kva utfordringar og behov kommunane hadde. Fylkeskommunen møtte dette med å sette i verk kompetansehevingstiltak innan prosess- og prosjektleiing, opplæring i plan- og bygningsloven, samt hjelp i arbeidet med samfunnsanalysar. LUK-tematikk er vidare implementert i eksisterande møteplassar som plannettverka og regionråda. Regionråda har status som LUK-kontaktar som skal representere sine kommunar, og dei vert involvert i prosessen med å prioritere satsingsområde kvart år. I tillegg er det oppretta fleire møteplassar for pågåande prosjekt. Desse vert vektlagt som viktige av respondentane i utvalet, både som arena for erfaringsutveksling og fagleg påfyll. Sjølv om alle respondentane vurderer samhandlinga med fylkeskommunen som god, tyder tilbakemeldingane på varierande grad av involvering frå fylkeskommunen si side. Tettare dialog og tydleg avklaring av forventningar og krav er eksempel respondentane trekk fram som forbetringsområder. Informantar i fylkeskommunen trekk òg fram tettare oppfølging av prosjekt som noko dei vil fokusere på i tida framover. Dei meiner det er særleg viktig at dei kjem inn i ein tidleg fase slik at dei kan kritisk vurdere organisering og kva ressursar prosjektet treng. Ut i frå dette meiner vi at fylkeskommunen har sett i verk mange ulike aktivitetar og møteplasser som legg til rette for god samhandling med kommunar i lokalt utviklingsarbeid. Fylkeskommunen har lagt vekt på nedanfrå og opp-prosessar for å møte kommunane sine utfordringar og behov. Dette bidrar til lokal forankring. Likevel er det forbetringspotensial. Til dømes blir tettare oppfølging og tydelegare avklaring av forventningar og krav trekt fram av fleire respondentar. Vi meiner det kan bidra til at prosjekta blir enda meir målretta og forankra. Dette ved at deltakarane blir meir forplikta til kva som er forventa av prosjekta. Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 15

4. Intern samordning - Er fylkeskommunen sin innsats koordinert og samordna? Formålet med dette spørsmålet er å undersøke om støtta til kommunane innan lokal samfunnsutvikling er koordinert og samordna internt i fylkeskommunen. I tillegg vil vi sjå på samarbeid med eksterne aktørar. 4.1 Revisjonskriterium Fylkeskommunen sin innsats i det lokale utviklingsarbeidet bør vere godt samordna. 4.2 Data 4.2.1 Samarbeid internt Regional- og næringsavdelinga er ansvarleg for LUK i Møre og Romsdal, og har ansvar for styring og framdrift. Det er oppretta eit tverrfagleg team i fylkeskommunen med representantar frå regionalog næringsavdelinga og plan- og analyseavdelinga. Leiargruppa i Møre og Romsdal fylkeskommune, som består av fylkesrådmannen og avdelingsleiarane i sentraladministrasjonen, er intern strategigruppe for LUK. Regional og næringsavdelinga er organisert i ulike seksjonar. Etter ei nylig omorganisering i avdelinga går det eit skilje mellom næringsutvikling og samfunnsutvikling, kor kommuneseksjonen ivaretek samfunnsutviklinga. Vi får opplyst at det er god informasjonsflyt mellom dei ulike satsingsområda internt i seksjonen, og aktuelle prosjekter blir diskutert og delt på seksjonsmøte. LUK-koordinatoren fortel også at dei har tradisjon og kultur for å involvere andre: «Har blitt ein tradisjon i tenkinga som gjer at vi vil ta kontakt med andre som vi veit har noko anna i den kommunen. Primært slik det foregår.» Seksjonsleiaren seier dei jobbar med fleire andre prosjekt innafor lokal samfunnsutvikling, til dømes gjennom tettstadsprogrammet, bystasinga og hoppid. Han presiserer at dei jobba med lokal samfunnsutvikling før LUK-satsinga òg, men at LUK var ei anledning til å systematisere og sette ekstra «trøkk» på temaet. Lokal samfunnsutvikling er eit stort og vidt tema, og informatane meiner dette gir moglegheit for meirverdi ved at avdelingane i fylkeskommunen samarbeider tett. Samordning og samarbeid mellom avdelingar blir i fleire dokument framheva som viktig for at fylkeskommunen skal vere ein tydeleg medspelar for utviklingsarbeid i kommunane. Mellom anna i søknad om LUK-midlar til KRD for 2013, kor det står: «For å vere ein tydeleg medspelar for kommunane i utviklingsarbeid krev det tett samankopling mellom ulike avdelingar i fylkeskommunen. Regional- og næringsavdelinga koordinerer, samarbeider og samordnar oppgåver med bl.a plan- og analyseavdelinga, utdanningsavdelinga og kulturavdelinga. Tett dialog med kommunane, enkeltvis eller gjennom regionråda er ein føresetnad for å være ein tydeleg og samordna utviklingsaktør.» LUK-koordinatoren i fylkeskommunen opplyser at samarbeid og samordning mellom anna skjer gjennom ei referansegruppe. Gruppa møtes to gonger i året og består av to ordførarar, ein Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 16

representant frå KS, ass. fylkesrådmann, avdelingsleiar frå kulturavdelinga og plan- og analyseavdelinga, samt seksjonsleiar og prosjektleiar frå regional- og næringsavdelinga. I følgje informanten kjem referansegruppa med innspel til område for samarbeid innan lokal samfunnsutvikling. I tillegg til den formelle kontakten gjennom referansegruppa, seier LUK-koordinatoren at dei har kontaktpersonar i forskjellige avdelingar som dei tar kontakt med når det oppstår viktige saker som må drøftast. Frå i år er det i tillegg oppretta ei samhandlingsgruppe og eit samhandlingsforum. Seksjonsleiar for kommuneseksjonen fortel at dei i løpet av det siste året har jobba konkret med korleis fylkeskommunen skal framstå meir samordna ovanfor kommunane. Mange avdelingar og fagområder jobbar mot kommunane, og gjennom samhandlingsgruppa er tanken at dei skal samordne prosjektoppfølging mellom dei ulike avdelingane betre. Alle avdelingar i fylkeskommunen samt representantar frå Fylkesmannen vart invitert til å delta. Samferdselsavdelinga og utdanningsavdelinga er ifølge LUK-koordinatoren ikkje med, men dei har blitt utfordra til å delta av leiargruppa: «..leiargruppa utfordra og utdanning og samferdsel til å vere med. Dei blei invitert, men kom ikkje nokon med.» Informanten fortel at dei i samband med utvikling av neste års Handlingsprogram Verdiskaping har invitert til eit samarbeid med utdanningsavdelinga. Samarbeidet går ut på korleis moglegheitene i næringslivet kan bli presentert for elever i vidaregåande skole og er initiert etter innspel frå ROR. Tanken er å bruke gründercamp som ein arena for å kople elevar og næringslivet saman for å profilere næringslivets behov for arbeidstakarar innafor sentrale næringar som mellom anna fiskeri, matfag og reiseliv. Ho meiner no det er viktig at utdanningsavdelinga er strategisk i val av områder og skoler kor dei kan løfte inn eit tema som kjem regionen til nytte: «No må dei tenke kor i regionen og på kva vidaregåande skoler vi skal løfte inn eit tema som kjem den delen av regionen til nytte. Må være strategisk i forhold til kva vi vel ut.» LUK-koordinatoren presiserer at samarbeid mellom avdelingane ikkje er eit absolutt mål, men må vere grunna i ein gevinst ved å samarbeide. Sett under eitt meiner dei vi har snakka med i regionalog næringsavdelinga at LUK-satsinga har bidratt til å betre det tverrfaglege samarbeidet internt i fylkeskommunen. Leiar for kommuneseksjonen uttaler: «Det er der [gjennom LUK] vi har fått synliggjort at dette [tverrfagleg samarbeid] er ei utfordring. Det har vært eit mål heile tida at dei ulike avdelingane i fylkeskommunen skal vere ein del av LUK, og vi har eigentlig blitt det meir og meir etter kvart.» 4.2.2 Andre aktørar Kommunane blir helde fram som den viktigaste partnaren i lokal samfunnsutvikling. Som nemnt tidlegare, er det ikkje spesifikke LUK-kontaktar i kvar kommune, men regionråda har ei eiga rolle som representantar for sine kommunar. Regional- og næringsavdelinga seier dei har faste møte med LUKkontaktane i regionråda og dei er ein av instansane som blir involvert før dei bestemmer kva satsingsområder som skal bli prioritert kvart år. I følgje leiar for kommuneseksjonen har regionråda Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 17

hatt noko ulik kapasitet og dei var i utgangspunktet tiltenkt ei større rolle i LUK-satsinga enn dei faktisk har tatt: «Dei var eigentlig tiltenkt ei litt større rolle enn dei faktisk har tatt. Det har sannsynlegvis med kapasitet å gjere.» I likskap med regionråda blir Fylkesmannen involvert i samband med val av satsingsområder før årleg LUK-utlysing. LUK-koordinator i fylkeskommunen fortel at dei samarbeider med Fylkesmannen om tildeling av skjønsmidlar og bygdemobiliseringsmidlar. Kommunane kan søke om midlar frå både fylkeskommunen og Fylkesmannen, og dei to siste åra har dei diskutert og delt informasjon seg i mellom. I følgje LUK-koordinatoren har samarbeidet utvikla seg enda meir gjennom det nyoppretta samhandlingsforumet og andre møtepunkt kor dei tar inn andre forhold som kan delast. Ho presiserer at det er viktig for å sjå heilheilt i lokalt utviklingsarbeid. Fylkeskommunen har òg ein samarbeidsavtale med Distriktssenteret 3 som mellom anna inneber at Distriktssenteret skal bidra med erfaring og kunnskap frå andre fylkeskommunar og formidling av dette i samband med nettverkssamlingar. 4.2.3 Tilbakemeldingar frå regionråd og prosjektleiarar Prosjektleiarane og regionråda svarer i all hovudsak positivt på spørsmålet om dei meiner fylkeskommunen si støtte til kommunane er samordna og koordinert. Det kjem likevel fram nokre forbetringspunkt. Nokon av respondentane svarer at dei har opplevd å få motstridande tilbakemeldingar frå ulike personar: «For det meste; ja. Noen ganger det er litt motstridende beskjeder fra forskjellige personer, men det må en regne med.» «Noe usikkerhet rundt siste tildeling, der vi måtte rigge om prosjektet og fikk ulike svar angående finansiering». Eit av regionråda meiner at innsatsen ikkje er samordna på tvers av avdelingane. Eit anna regionråd meiner det er uklart i kva grad andre avdelingar enn regional- og næringsavdelinga har vore kopla på satsinga: «Ikke samordnet på tvers av avdelingene i fylkeskommunen» «Satsingen fra Regional og næringsavdelingen har framstått som koordinert og samordnet. Det har imidlertid vært litt uklart i hvilken grad de øvrige avdelingene i fylkeskommunen (f.eks. kultur) har vært påkoblet denne satsingen.» 3 Distriktssenteret er ei offentleg verksemd som jobbar for å styrke kommunar og regionar si evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn. Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 18

4.3 Vurdering Vi meiner data frå undersøkinga viser at fylkeskommunen har jobba med å få til betre samordning og koordinering internt i fylkeskommunen dei seinare åra. Det er mellom anna oppretta ulike fora som går på tvers av avdelingar og forvaltningsnivå. Alle avdelingane er likevel ikkje med, og tilbakemeldingar frå respondentar kan tyde på at fylkeskommunen har ein veg igjen for å framstå som godt samordna internt. Vi meiner samarbeidet mellom regional og næringsavdelinga og utdanningsavdelinga som koplar vidaregåande opplæring til behov i næringslivet er eit positivt eksempel på internt samordning. Dette er eit tiltak som kan få positive effektar både for rekruttering av nødvendig arbeidskraft i næringslivet og at fleire ungdomar blir i regionen. Dette er viktige målsettingar for fylkeskommunen sitt arbeid. Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 19

5. Måloppnåing - Korleis blir måloppnåing vurdert? Formålet med denne problemstillinga er å undersøke korleis måloppnåing i LUK-satsinga blir vurdert, både for enkeltprosjekt og større satsingar under eitt. Problemstillinga er beskrivande og vil ikkje bli vurdert mot noko revisjonskriterium. 5.1 Data 5.1.1 Evaluering av enkeltprosjekt Midlane frå fylkeskommunen blir betalt ut etterskuddsvis. Kvart enkelt prosjekt må levere mål- og resultatskjema og fylkeskommunen skal gjere ei evaluering før utbetaling kan skje. I følgje LUKkoordinatoren er dette ikkje noko ein bruker mykje tid på. Ho seier dei som regel får såpass mykje informasjon om kva som er gjort i prosjekta gjennom oppfølging undervegs at dei kan konkludere ut i frå det. Ho seier nokon prosjekt ikkje blir realisert. Då blir midlane tilbakeført. I følgje LUKkoordinatoren er årsakar til manglande realisering ofte at det har vore søkt om midlar før prosjektet har vore godt nok forankra, eller som følgje av at små kommunar er sårbare ved uventa fråvær. Berre eit fåtal av prosjekta i utvalet vi har sett på er ferdigstilte. Prosjektleiarane vurderer likevel den foreløpige måloppnåinga i sine prosjekt som god. Fleire seier dei har nådd eitt eller fleire delmål, og har tru på at dei kjem til å nå måla dei har satt. Nokon av respondentane trekk likevel fram utfordingar i gjennomføring av prosjekta. Dømer som blir trekt fram er manglande interesse og forankring blant deltakande partar i kommunen og tronge økonomiske rammer. LUK-koordinatoren meiner òg at kartleggingsarbeidet som har vore gjort gjennom fleire LUK-prosjekt har hatt god måloppnåing. Det har vore innhenta mykje kunnskap som har blitt brukt i vidare planer i den enkelte kommune eller mellom kommunar. Kartleggingsarbeidet har vist kva ein skal legge vekt på og kva det ikkje er vits i å jobbe vidare med. Ho meiner det har vore gode resultat ut i frå kva prosjekta har fått pengar til. 5.1.2 Evaluering av samla satsingar Fylkeskommunen har ikkje gjennomført samla evalueringar av innsatsområder innafor LUK-satsinga. I intervju får vi opplyst at dette heng saman med at mange prosjekt ikkje er ferdigstilt enno. Regional- og næringsavdelinga seier dei i tida framover kjem til å fokusere på resultata av prosjekta som er satt i gang, både gjennom LUK og Bulyst-satsinga. Dei uttaler: «Naturleig å gå litt djupare ned for å sjå på korleis desse prosjekta har bidratt til endre på kommunale tenester og overordna samfunns- og regionalplanlegging.» Dei 13 kommunane som driv prosjekt innan arbeidsinnvandring og inkludering blir trekt fram som særleg aktuelle å sjå nærare på gjennom ei ekstern evaluering. I løpet av arbeidet med denne forvaltningsrevisjonen har fylkeskommunen satt i gang evaluering av kurset i utviklingsarbeid og prosessleiing. Eit spørjeskjema skal i følgje regional- og næringsavdelinga sendast ut til alle deltakarar for å finne ut kva effektar kurset har hatt og korleis kommunane har tatt Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 20

i bruk kompetansen. Dei opplyser òg at dei vil spørje om kva kommunane forventar av fylkeskommunen i det vidare arbeidet med lokal samfunnsutvikling. Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 21

6. Suksesskriterier - Kva tiltak og arbeidsformer ser ut til å gi særleg god måloppnåing? Vi har lagt til grunn at det her er snakk om kva som er viktige føresetnader for å lykkes i lokalt utviklingsarbeid. Som grunnlag for å svare på problemstillinga har vi spurt LUK-koordinator i fylkeskommunen, regionråda og utvalet av prosjektleiarar om kva tiltak og arbeidsformer dei meiner gir særleg god måloppnåing. Det vil dermed danne grunnlag for å kunne seie noko om kva respondentane oppfattar som viktige føresetnader. I tillegg vil vi presentere funn frå forsking på området. Problemstillinga er beskrivande og vil ikkje bli vurdert mot noko revisjonskriterium. 6.1 Data 6.1.1 Tilbakemeldingar frå fylkeskommunen, regionråd og prosjektleiarar LUK-koordinatoren meiner det er viktig at fylkeskommunen er synleg og tilgjengeleg i arbeidet med lokal samfunnsutvikling. Det må vere kort veg ut til kommunane slik at fylkeskommunen kan få innspel til kva tiltak som bør settast i verk. Ho meiner tett samhandling internt er avgjerande både i forhold til rådgiving, oppfølging og tilskotsforvalting. Gode møteplassar kor fleire avdelingar deltar, blir trekt fram som viktig for å legge til rette for dette arbeidet. Når det gjeld tiltak, meiner LUK-koordinatoren det er viktig at det er kontinuitet og samanheng i satsinga. Døme på dette er at fylkeskommunen heile tida har hatt fokus på at god samfunnsplanlegging krev gode samfunnsanalyser, og at utviklingstiltak i kommunane skal vere forankra i kommuneplanen. Det har òg vore fokusert på satsingsområde som skal tene regionen og føre til tettare samarbeid mellom kommunar, til dømes tilflytting og integrering som vert trekt fram som avgjerande for økonomisk vekst i næringslivet. Felles møteplassar og nettverk blir sett som på som viktig av dei fleste prosjektleiarane og regionråda i utvalet. Erfaringsutveksling mellom ulike prosjekt i kommunane og dialog med fylkeskommunen er noko fleire av respondentane meiner er nyttig og avgjerande for å forme fruktbare prosjekt og stimulere til framdrift. Nettverk og møteplassar blir òg trekt fram som viktig for å utvikle samarbeid på tvers av kommunegrenser og sektorar. Forankring av prosjekta, både fagleg og politisk, blir sett på som avgjerande for gjennomføringa, og fleire peikar på at fylkeskommunen må vere tydeleg på kva dei krev av resultat. Ein respondent seier mellom anna: «Viktig at fylkeskommunen er tydelige på kva dei krev av resultat. Dette tvingar fram ei konkretisering av problemstillingar, som ein ikkje alltid ser når ein planlegg prosjekt. Viktig å vere kritisk til kompetanse og økonomiske ressursar kommunane har til disposisjon i prosjektet, og om det er politisk vilje til å gjennomføre.» Ein av regionrådsleiarane framhevar langsiktig og målrettta arbeid med lokal samfunnsutvikling som avgjerande. Ho påpeiker at å byggje relasjonar, kapasitet og kompetanse i lokal samfunnsutvikling tek tid og når ein er godt i gang er det er det ein risiko for at pengane er brukt opp. Respondenten meiner òg at finansiering av mange små enkeltprosjekt fører til stor «prosjektslitasje», og endringar i prioriterte område frå år til år kan svekke ei langsiktig og målretta satsing. Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 22

6.1.2 Kva seier forsking? Då LUK starta i 2010 vart det samstundes sett i gang ei følgjeevaluering av satsinga i regi av Telemarkforsking og Arbeidsforskingsinstituttet. Ei statuskartlegging frå 2011 (Berge m.fl.) peikar på god lokal og regional, intern og ekstern samhandling og samordning som avgjerande for å nå målsettingane i LUK-satsinga. Det blir konkludert med at dei regionale partnarskapa skaper arenaer for samordning av økonomisk og fagleg støtte til kommunane og fylkeskommunane. Ein oppfølgingsrapport om partnarskap som samhandlingsarena (Berge, 2012) prøver å spore tiltak, arbeidsmåtar og strukturar som syns å gi effekt lokalt. Rapporten peiker på at samordning av utviklingsarbeid gjeng føre seg på mange arenaer, og er ofte lokalt og regionalt tilpassa. Dei hevdar det likevel kan virke som om dei fylkeskommunane som lukkast best med dette arbeidet har: «1) prioritert og forankra samordning og samhandling i fylkeskommunen. Fylkeskommunen har klart definerte arenaer og strategiar for samordning. 2) Dei har eit leiarnivå med interesse for og fokus på samordning. Om ikkje leiinga i fylkeskommunen eller partnarskapet er opptekne av samordning, kan det virke vanskeleg å få dette til å gjennomsyre organisasjonen. 3) Dei har etablert både eit strategisk og eit operasjonelt fokus, samt god vertikal kommunikasjon mellom dei to. Det strategiske nivået må ha vilje og evne til å forankre vedtak i organisasjonen. Det operasjonelle nivået opererer feltnært og må ha vilje og evne til å forankre kunnskap og behov oppover til leiing. Ein god dynamikk mellom dei to ledda er avgjerande. 4) Vidare har ein sikra fylkespolitisk forankring, noko som gjev ein verdifull politisk og administrativ samhandlingsarena. 5) Det synes dessutan som om klart definerte arenaer for samordning er eit suksesskriterium. Det er dessutan svært viktig at deltakarane opplever at denne møteplassen er gjennomtenkt og har mandat til å arbeide planmessig. Ingen har tid til å møtast berre for å møtast. 6) Ikkje minst er det viktig med ein aktiv og dynamisk bruk av partnarskap. Ulike partnarskap er kanskje den viktigaste og mest effektive arenaen for samordning ein har; lokalt, regionalt, strategisk og operativt. I tillegg må det vere dynamikk i partnarskapa: Dei må kunne fasast ut om dei ikkje lenger har ein funksjon eller er den føretrekte arenaen. 7) Vidare er det viktig å klare å dele den tause og personspesifikke kunnskapen i organisasjonen(ane), og 8) sikre kontinuitet. Samordningsprosessar tek tid - endring tek tid. 9) Det er viktig å sikre god kommunikasjon med og nærleik til kommunane. Stikkord her er lokal forankring og nedanfrå og opp-prosessar i arbeidet med å sameine utviklingsarbeidet. 10) Ikkje minst er det viktig å forankre og gjere seg nytte av ekstern kompetanse, støtte og finansiering. Fleire stader er denne oppgåva med hell lagt til det operative nivået i fylkeskommunen (med backing frå strategisk og politisk nivå), der ein har klart å nytte t.d. KRD sine virkemiddel i etablert utviklingsarbeid.» Rapporten peikar på at den mest vellukka samhandlinga ser ut til å skje på arenaer der utviklingsarbeid er breiast mogleg forankra, både horisontalt og vertikalt i forvaltingssystemet lokalt/regionalt. For å oppnå god forankring meiner LUK-forskarane ein bør fokusere på prosessleiing heller enn prosjektleiing som arbeidsform. Prosessleiing handlar om å involvere fleire deltakarar i å skape mål Fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal Side 23