ULSTEIN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Arne Runar Vik Arkivsak: 2012/928 Løpenr.: 10841/2014 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 14/131 Ulstein formannskap 25.11.2014 Ulstein kommunestyre Saka gjeld: GEBYR FOR RENOVASJON 2015 Tilråding frå Ulstein formannskap, 25.11.2014: I samsvar med vedtak frå representantskapet i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) godkjenner Ulstein kommunestyre gebyrregulativet for renovasjonstenestene, jf. vedlegg til denne saka. Regulativet vert gjort gjeldande frå 01.01.2015. Handsaming: Tilrådinga frå Rådmannen vart vedteken med 7 mot 0 røyster. Tilråding frå rådmannen: I samsvar med vedtak frå representantskapet i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) godkjenner Ulstein kommunestyre gebyrregulativet for renovasjonstenestene, jf. vedlegg til denne saka. Regulativet vert gjort gjeldande frå 01.01.2015.
SAKSFRAMLEGG Saksfakta: Vedlegg: 1 SSR Sak R13 2014 Budsjett 2015 2 2014 11 07 SSR Gebyrregulativ 2015 vedtatt inkl mva Representantskapet i SSR har gjort vedtak om gebyrnivå i kommunane for 2014. Det er lagt opp til at gebyra ikkje skal aukast frå 2014 til 2015. Regulativet ligg som vedlegg til saka. Det går m.a. fram at der har kome inn eit eige gebyrområde for nedgravne avfallsløysingar. Prisen er den same som for standard abonnement. Det er også opplyst at der vert ein prisnedgang på slamtømming pga. endra prissetting. Vurderingar og konklusjon: Administrasjonen har ikkje grunnlag for å vurdere gebyrnivået på annan måte enn det SSR gjer for sin eigen del. For innbyggjarane er det positivt at gebyrnivået vert halde uendra for renovasjonstenesta. Folkehelse- og miljøkonsekvensar: Det er viktig miljømessig å ha ei godt fungerande renovasjonsordning. Økonomiske konsekvensar: Renovasjon er ei sjølvfinansierande teneste som ikkje har stor innverknad på den kommunale økonomien. Kommunen er abonnent hjå SSR for renovasjon på eigne bygg. Beredskapsmessige konsekvensar: Ingen. 14.11.2014 Einar Vik Arset rådmann Arne Runar Vik kommunalsjef teknisk Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Løpenr. 10841/2014 i arkivsak 2012/928 Side 2 av 2
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS MØTEBOK SAK NR R13/14 Møtedato: 07.11.2014 Sakshandsamar: Einar Heimdal BUDSJETT 2015, INKL. GEBYRREGULATIV Vedlagt finn de følgande: - Budsjett 2015 (totalt, hushaldning, næring, slamtøming) - Gebyrregulativ 2015 Budsjett og gebyrregulativ 2015, viktige element: - Ingen gebyrendring frå 2014 til 2015 og 1 % befolkningsauke - 1 % auke i total mengde hushaldningsavfall - 5 % kostnadsauke og lønnskostnadsauke (p.g.a. stillingar og ikkje lønnsauke) - Stor reduksjon på slamprisen på ordinære tankar - Fordelingsnøklar etter siste oppdatering i august 2014 I budsjettet er det lagt opp til følgande overskot i 2015: - Renovasjon totalt kr 3.068.000 - Hushaldning kr 2.427.000 - Næring kr 641.000 - Slamtøming kr 187.000 (som blir ført i null ved årsskiftet) Styret si tilråding til vedtak: Representantskapet vedtar budsjettet og gebyrregulativet for 2015 og sender gebyrregulativet over til kommunestyra for endeleg godkjenning der. Vedtak, samr.: 1) Representantskapet vedtar budsjettet og gebyrregulativet for 2015 med følgande endring: Abonnementsgebyret for nedgravde løysingar vert sett likt med standardabonnementet. 2) Representantskapet ber kommunane intensivere arbeidet med å utarbeide felles reglar for nedgravde løysingar, herunder finansiering av slike anlegg gjennom utbyggingsavtaler.
SSR 2015 Gebyrregulativ som skal godkjennast i kommunestyra: (Alle prisar er ekskl. mva. og inkl. mva. Prisen er inkl. hageavfallsgebyret som er i eit par kommunar.) STANDARDABONNEMENT: Standardabonnement, dunk 140 l grøn 240 l blå Standardabonnement, sekk Sekkeløysing 30 sekkar Redusert abonnement 140 l grøn 240 l blå Sekkeløysing 18 sekkar Henting kvar fjerde veke Abonnement nedgravd løysing kr 3.141,60 kr 3.927,- inkl. mva. kr 1.309,- inkl. mva. pr. termin kr 3.141,60 kr 3.927,- inkl. mva. kr 1.309,- inkl. mva. pr. termin kr 3.414,- inkl. mva. kr 1.138,- inkl. mva. pr. termin kr 3.141,60 kr 3.927,- inkl. mva. kr 1.309,- inkl. mva. pr. termin Nytt tilbod hausten 2014 STORHUSHALD: Type abonnement: Gebyr 2015: Gebyr 2014(samanlikning): Storhushald 240 l grøn 240 l blå Sekkeløysing 36 sekkar kr 3.453,60 kr 4.317,- inkl. mva. kr 1.439,- inkl. mva. pr. termin HEIMEKOMPOSTERING: Heimekompostering kr 410,40,- i reduksjon på renovasjonsgebyr uavhengig av type abonnement. (Max to husstandar per kompostbinge) kr 513,- inkl. mva. kr 171,- inkl. mva. pr. termin Forts.
Forts. SLAMTØMING: Tøming vanleg tank hushaldning ABONNEMENTSDELING: Pris inn + 25 % Ny prissetting, betyr ein solid prisnedgang i forhold til 2014 Abonnementsdeling 140 l grøn 240 l blå 2 husstandar, pris pr. husstand 3 husstandar, pris pr. husstand 4 husstandar, pris pr. husstand Abonnementsdeling 660 l grøn 660 l blå 5 husstandar eller meir, pris pr. husstand (Tillegg for større dunk 240 l ) Tillegg for større dunk 370 l Tillegg for større dunk 660 l FRITIDSABONNEMENT: kr 3.414,- inkl. mva. kr 1.138,- inkl. mva. pr. termin kr 3.414,- inkl. mva. kr 1.138,- inkl. mva. pr. termin (kr 312,- pr. år pr. dunk - sjå storhushald ) (kr 390,- inkl. mva.) (kr 130,- inkl. mva. pr. termin) kr 513,60 pr. år pr. dunk kr 642,- inkl. mva. kr 214, inkl. mva. pr. termin kr 844,80 pr. år pr. dunk kr 1.056,- inkl. mva. kr 352,- inkl. mva. pr. termin Fritidsabonnement, dunk (ca ¼ av standardprisen) Fritidsabonnement, sekk (12 sekkar) Forts. kr 780,- kr 975,- inkl. mva. kr 325,- inkl. mva. pr. termin kr 780,- kr 975,- inkl. mva. kr 325,- inkl. mva. pr. termin
Forts. TILLEGGSTENESTER: Utskifting av dunkar på løpande abonnement Gebyr for ekstrahenting kr 204,- pr. gong når SSR skiftar ut dunken hos abonnenten gratis ved å levere/hente sjølv hos SSR (husk å avtale dette på førehand). Kr 255,- inkl. mva. kr 204,- pr. gong kr 255,- inkl. mva. Avstandsgebyr * Individuell prisfastsetting -- * Avstandsgebyr for henting/tøming utanfor vanlege køyreruter prissetting etter vegstandard og avstand frå køyreveg. TILLEGG: Pris pr. sekk kr 20,- kr 25,- inkl. mva. Gebyr oppstart nytt abonnement / restart av kvilande abonnement kr 816,- pr. gong kr 1.020,- inkl. mva. Ned 61,5 % frå 2014 ANDRE SATSAR: Levering til lokalmottak: Minstesum ved levering til lokalmottak: Volumgebyr over 0,2 m3: kr 2.032,- pr. tonn kr 2.540,- pr. tonn inkl. mva. kr 52,- kr 65,- inkl. mva. kr 428,- pr m3 kr 535,- pr m3 inkl. mva. Dekk på felg: kr 116,- kr 145,- in kl. mva. Dekk utan felg: Gratis innlevering på miljøstasjonen i Saunesmarka