Sak 9/2016 Namn på kommunale tenestestader Stadnamnnemnda har fått i oppgåve å gå gjennom namna på alle kommunale tenestestader. Saka var oppe i slutten av førre periode, men det vart ikkje tid til å gå grundig inn i saka då. Ivar Aars skreiv i saksutgreiinga den gongen: «Det har vori ein del ulike måtar å skrive institusjonsnamn på serleg når det gjeld: A stor eller liten forbokstav i andre ordet i institusjonar som skule, barnehage, helsetun, alderspensjonat osv. Tidlegare rådmann meinte dette kunne gjerast redaksjonelt, men kjensler i namnesaker er såpass store at leidaren i stadnamnnemndi meiner det bør til ei vurdering og ei liste med framlegg til justeringar. B Det bør nyttast vanleg talemålsform i kommunen der det er fleire skriftlege, jamstelte former (heim/hjem, sjuk/syk). Praktisk kan det vera problem når folk ser etter Sjukebil og må leite fram Sykebil i telefonkatalog. Sør-Aurdal har i tlf.katalogen Hjemmesykepleie. I Ditt distrikt 2013 står både Sjukebil og Sykebil.» Dagens namn Nedanfor følgjer ei oversikt over korleis dei ulike namna er skrivne på heimesida til Nord-Aurdal kommune. Nokre namn på kommunale institusjonar har det vore vanskeleg å finne på heimesida til kommunen, så dei har eg henta frå 1881 og Ditt distrikt (Dd) for 2015/2016. Nokre namn var oppe i rådmannsgruppa 22.1.2015. Dei står i ei eiga spalte. Nemnda er samd om å bruke former som er felles i nynorsk og bokmål, der dei finst, for eksempel bu, heim, sjuk, vatn/vass-, veg. Somme stader har nemnda to framlegg; då er dei nummererte. Somme namn har ei full form og ei kortform. Dei står med / mellom namna. Namn som skal skrivast med liten bokstav inni tekst, står med liten bokstav. Om stor og liten bokstav Den generelle regelen for namn på offentlege institusjonar er at det skal vera stor bokstav berre i det fyrste ordet. Private institusjonar kan sjølve velja korleis dei vil skrive namna sine. Særleg i eldre tid var det vanleg å bruke stor bokstav i dei fleste ord. Valdres Folkemuseum er eit døme på eit gammalt namn som skal skrivast slik det opphavleg vart bestemt sjølv om det i dag er Valdres-kommunane som eig museet. Når ein omtalar ein institusjon i kortform, til dømes ungdomsskulen, kulturhuset eller rådhuset, skal det vera liten bokstav. Valdres lokalmedisinske senter bør såleis skrivast med små bokstavar i orda som kjem etter «Valdres», og det er slik morselskapet er oppført i regnskapstall.no. Eigedomsselskapet er derimot registrert som Valdres Lokalmedisinske senter. Det ser ut til at skrivemåten «Valdres lokalmedisinske senter» blir brukt på heimesidene til senteret Valdres. Natur- og Kulturpark burde likeins ha vore skrive Valdres natur- og kulturpark, men «Valdres Natur- og Kulturpark» blir brukt av VNK sjølv. Begge desse institusjonane er interkommunale organ som me ikkje har råderett over.
Forkortingar Det er ofte vanskeleg for folk å forstå kva forkortingar står for. Jamvel om ein forstår det, må ein gjerne stoppe opp og fundere litt over kva det betyr. Eit eksempel frå namna ovanfor er «RA», som står for «reinseanlegg». Det kan vera freistande å bruke forkortingar for lange namn, og i nokre tilfelle blir forkortinga til eit initialord det blir sjølve namnet. Det har til dels skjedd med VNK og VLMS. Også NABS og NAUS blir brukte ein god del. Når eit initialord blir brukte som namn på eit hus, blir dei av og til bøygde som eit substantiv. Eit eksempel på det er «VLMS-et», som mange no seier. I full tekst blir det «Valdres lokalmedisinske senteret», som alle kan høyre er feil. I staden for desse initialorda burde ein prøve å få innarbeidd ei kortare namn som kan brukast i daglegtale, til dømes barneskulen, ungdomsskulen og lokalmedisinsk senter eller rett og slett sjukestogo (jf. Hallingdal sjukestugu). Nord-Aurdal kommune blir ofte forkorta NAK. Det kan vera greitt nok i kommunale sakspapir, men slike forkortingar bør ikkje brukast på heimesidene eller i brev til publikum. Når ein brukar forkortingar, er det viktig at ein fyrste gongen brukar det fulle namnet, med forkortinga i parentes. Målform Nord-Aurdal kommune er ein nøytral kommune, det vil seia at kommunen brukar både nynorsk og bokmål. Mållova krev likevel ikkje at kommunale institusjonar skal ha både nynorsk- og bokmålsnamn, slik kravet er for statsinstitusjonar. I dei fleste tilfelle er bokmålsnamnet innarbeidd. Det er likevel naturleg å bruke nynorsk for bygg og institusjonar som ligg i dei gamle nynorskkretsane, som Skrautvål kyrkje, Ulnes kyrkje og Ulnes reinseanlegg. Framlegg til vedtak: Stadnamnnemnda sender forslag til skrivemåtar av namn på kommunale institusjonar og avdelingar ut på høyring i Nord-Aurdal kommune. Namn på heimesida til Nord-Aurdal kommune Namn vedtekne i rådmannsgruppa 22.1.2015 Forslag til vedtak (berre namn som me føreslår å endre frå skrivemåten på heimesidene, er skrivne inn her) Vedtak Rådhuset Nord-Aurdal kommune (NAK) Nord-Aurdal rådhus Nord-Aurdal rådhus Nord-Aurdal rådhus / rådhuset NAV Valdres Nord-Aurdal servicetorget 1 brukertorget 2 sørvistorget
HR-avdelingen 1 lønns- og personalavdelinga 2 personalavdelinga Barnehagar Fagernes barnehage Leira barnehage Skrautvål barnehage Ulnes barnehage Vestringsbygda barnehage Skular Nord-Aurdal barneskole (NABS) Nord-Aurdal introduksjonssenter Nord-Aurdal ungdomsskole (NAUS) Tveit oppvekstområde Fagernes barnehage Leira barnehage Skrautvål barnehage Ulnes barnehage Vestringsbygda barnehage Nord-Aurdal barneskole (NABS) Nord-Aurdal ungdomsskole (NAUS) Tveit oppvekstområde Kultur og idrett Fagernes svømmehall Fagernes svømmehall / svømmehallen Gamle Stadion (Fagernes IL) Fagernes gamle stadion / gamle stadion Kvitvella kino Kvitvella kino Nord-Aurdal folkebibliotek Nord-Aurdal Frivilligsentral Nord-Aurdal frivilligsentral / frivilligsentralen Nord-Aurdal kulturhus / kulturhuset Nord-Aurdal kulturhus Fagernes kulturhus / kulturhuset Nord-Aurdal kulturskole Kulturskolen i Nord-Aurdal Nord-Aurdal kulturskole / kulturskolen Ungdomsklubben i Nord-Aurdal (UNA) Valdres sommersymfoni Valdreshallen Valdreshallen Helse og omsorg Aurdal omsorgssenter Aurdal omsorgssenter Aurdalsheimen (om heile anlegget)
ergoterapitjenesten i Nord-Aurdal Fagernes Legesenter Fagernes legesenter Fagernes legesenter Familiens hus Familiens hus - barneverntjenesten - pedagogisk/psykologisk tjeneste - psykisk helsearbeid (Dei ulike husa får namn etter gamle bruk på staden:) - Petersborg - Eikro - Sørrebø ergoterapitenesta i Nord-Aurdal - barneverntenesta - pedagogisk/psykologisk teneste - psykisk helseteneste Nord-Aurdal kommune Flata (1881) Flata kommunale boliger 1 Flata bufellesskap 2 Månovegen bufellesskap frisklivssentralen i Nord-Aurdal fysioterapitjenesten i Nord-Aurdal fysioterapitenesta i Nord-Aurdal Nord-Aurdal kommune Granli (1881) Granli kommunale boliger 1 Granli bufellesskap 2 Krokabakkatn bufellesskap helse- og omsorgstjenestene i Nord-Aurdal helse- og omsorgstenestene i Nord-Aurdal helsesøstertjenesten i Nord-Aurdal helsesøstertenesta i Nord-Aurdal - helsestasjonen i Nord-Aurdal - skolehelsetjenesten - skolehelsetenesta - helsestasjon for ungdom hjelpemiddelsentralen jordmortjenesten jordmortenesta kommunelegen Kongsvegen bofellesskap Kongsvegen bofellesskap Kongsvegen bufellesskap Leirali aktivitetshus Leirali aktivitetshus Leira aktivitetshus Lia/Vesle-Tveit bofellesskap for utviklingshemmede (1881) Lia bofellesskap Lie bufellesskap Myraberget kommunale Myraberget kommunale boliger boliger Skrautvål omsorgssenter (Dd) Skrautvål omsorgsboliger Skrautvål bufellesskap / Skrautvålsheimen tildelingskontoret
Ulnes omsorgssenter (Dd) Ulnes omsorgsboliger Ulnes bufellesskap / Ulnesheimen Valdres Lokalmedisinske Senter / Valdres lokalmedisinske senter Fagernes omsorgssenter Institusjon Fagernes (Dd) - korttidsavdelinga - pleieavdelinga - omsorgsleiligheter Lia/Vesle-Tveit bofellesskap for Vesle-Tveit bofellesskap Vesle-Tveit bufellesskap utviklingshemmede (1881) Vikatunet Vikatunet Vikatunet - Vikatunet aktivitetshus - Vikatunet trygghetsboliger Kyrkjer Nord-Aurdal prestegjeld Nord-Aurdal kirkelige fellesråd / Kirkelig fellesråd kirkekontoret Aurdal kirke Skrautvål kyrkje Svenes kirke Tingnes kirke Tisleidalen kirke Ulnes kyrkje kirkevergen i Nord-Aurdal Teknisk og næring Aurdal RA Aurdal vannverk Bjørgo RA Bjørgo vannverk Djupedalen høgdebasseng Fagernes/Leira RA Aurdal kirke Skrautvål kyrkje Svenes kirke Tingnes kirke Tisleidalen kirke Ulnes kyrkje Nord-Aurdal kyrkjelege fellesråd kyrkjekontoret kyrkjeverja i Nord-Aurdal (Jf. felles oppslag i Ditt distrikt og Kyrkjeliv) Aurdal renseanlegg Aurdal vassverk Bjørgo renseanlegg Bjørgo vassverk Djupedalen høgdebasseng Fagernes/Leira renseanlegg
Fagernes/Leira vannverk Fagernes/Leira vassverk Natur og miljø Natur- og miljøavdelinga Nord-Aurdal brannstasjon Nord-Aurdal kommunale brannvesen Teknisk drift Teknisk drift, Lobrøtin Teknisk drift, Lobrøtin Ulnes RA Ulnes reinseanlegg Vestringsbygda RA Vestringsbygda renseanlegg Vestringsbygda vannverk Vestringsbygda vassverk Interkommunalt samarbeid Kommunerevisjon IKS Valdres brannforebyggende avdeling Valdres Energiverk AS Valdres kommunale renovasjon (VKR) Valdres lokalmedisinske senter (VLMS) Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) Valdres Storhall Skatteoppkreveren for Valdres Valdres arbeidssenter AS (Dd) Relaterte institusjonar Aurdal fjellkirke Aurdal helselags trygdeboliger Fagernes Idrettspark Blåbærmyra Fagernes Skysstasjon Familievernkontoret for Valdres Folkeregisteret Karrieresenteret OPUS Valdres Mattilsynet Politihuset Valdres Posten Ranheim naturbarnehage
Skatt øst Skattens Hus Skattens hus Skattens hus Skrautvål Montessoriskule Tannklinikken Valdres Ulnes Montessoriskule Valdres folkehøgskule Valdres Folkemuseum Valdres Fysioterapi AS Valdres jordskifterett Valdres Kompetansevekst as Valdres Næringshage AS - Etablerersenteret Bedriftsutviklingssenteret - Valdres tingrett Valdres vidaregåande skule Valdresmusea AS