GRUVEGRÜNDEREN. Publisert , kl. 19:50 Kristin Forland Journalist Ksenia Novikova Fotograf

Like dokumenter
Nussir med ny tillatelse: Gruvedrift i 2018

Sametinget bremser gruveoppstart: De har for mye makt

Kilometervis med kjørespor etter Nussir i Kvalsund

Gruvedrift kan koste mer enn det smaker

Nussir er en internasjonal sak

FeFo har misforstått sin rolle i Nussir-saken

Gull, gråstein og grums

Til deg som bur i fosterheim år

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Gull, gråstein og grums + gruve.info Presentasjon for Naturvernforbundet Rana

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Rein-samer vil stoppe gruvedrømmen hans

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Biedjovággi. før, nå og i framtida

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Mineraler som vekstnæring i Finnmark

Nussir planlegger helelektrisk gruvedrift: De prøver å «grønnvaske» miljøkriminalitet

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Sofies hemmelegheit.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Setter spørsmålstegn ved Sametingets gruveintensjon

OK, seier Hilde og låser.

Førebuing/ Forberedelse

Info til barn og unge

Vil ha mer gruvedrift i Norge må akseptere inngrep i naturen

NUSSIR VIL STARTE KOBBERUTVINNING I KVALSUND

Til deg som bur i fosterheim år

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Dagsavisen. Stein, fisk, papir

Foreldreråd utan tilsette - Helland Barnehage 25. september 2012 kl

Nussir på tiggerferd til staten

Største planlagte forurensning i nyere, norsk historie

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Alt det lyse og alt det mørke

Spørsmål og svar om gruvedrift i Nussir og Ulveryggen med sjødeponi i Repparfjorden

Refleksjon og skriving

Vi har valt vassveiter som tema

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Trivsel og vekstvilkår

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Elevundersøkinga 2016

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Jon Fosse. For seint. Libretto


2016 Det Norske Samlaget

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF

ER DET OM ULOVLEG DELING AV BILETE BLANT UNGDOMMAR

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

Vintervèr i Eksingedalen

Har gått frå langtidsledige til å bli faglærte i betongfaget

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Plassebakken Barnehage

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

BLI KJENT MED ALUMINIUM

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

BLI KJENT MED ALUMINIUM

«Pasientar med store og samansette behov» Anne Marte Sølsnes Prosjektleiar, Fag- og utviklingsavdelinga, Helse Førde

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Konklusjon for 4 grupper

NAV-kontora i Sogn og Fjordane. - vegen vidare

6-åringar på skuleveg

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Rapporten bagatelliserer alvorlig miljøproblem

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

Et spill for galleriet

Metodiske verktøy ved kursleiing

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

«VISS VI DEKKAR EIT LANGBORD I VERDA, KAN ALLE BLI METTE»

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

Gruvene kjem og kva gjør Naturvernforbundet med det? Innlegg av Svein Lund på Nord-Noregs-samling i Bodø

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

Transkript:

GRUVEGRÜNDEREN Han lever på 100 000 kroner i året for å kunne realisere målet om eit nordnorsk gruveimperium. Miljørørsla og Sametinget kjempar imot, men for Øystein Rushfeldt gjeld det å komme inn i fjellet før pengane tar slutt. Publisert 22.10.2016, kl. 19:50 Kristin Forland Journalist Ksenia Novikova Fotograf Her har eg soveposen, peiker direktøren medan sitronte-posen går runde nummer to i koppen. På Skaidi i Finnmark har Nussir ASA-direktør, Øystein Rushfeldt, gjort om eit gammalt Vegvesen-lager til eit provisorisk kontor. Verdiar til minst 35 milliardar kroner ligg og glinsar under gråsteinen. Det viser prøver som han har henta opp frå fjellet. 70 millionar tonn malm vil gi om lag ein million tonn omrekna kopar. Koparførekomsten i Nussir-fjellet i Vest-Finnmark er sjeldan i verdssamanheng, og reinare enn nokon annan kjent koparførekomst i Norge. https://www.nrk.no/finnmark/xl/gruvegrunderen-1.13174288 1/14

Nussir er rikt på mineral. I møte med overflata får koparen eit grønt overflatebelegg. Planane til Øystein Rushfeldt, om ei ny kopargruve i Kvalsund, er den blant dei største industrisatsingane i Finnmark i nyare tid. Det er òg tiårets store miljøkonflikt. For Rushfeldt er det eit spørsmål om uthald. Mellom Rushfeldt og koparmalmen står miljøvernarar og Sametinget, men den største utfordringa er å få kapitalen til å strekke til. Det er eigentleg berre eit spørsmål om kven som har mest uthald. ØYSTEIN RUSHFELDT Det er nær ti år sidan han først tenkte tanken. Sidan han ble engasjert i selskapet. Bil og hus er selt. Kvart år går pengar til prøveboring og anna drift. Og kvart år må Rushfeldt gå til investorane og be om meir. Om eg bruker pengar på kontor med glasfasade eller firmabil, så er ikkje det noko eg kan vise til for investorane - dét er prøveboring og geologiske undersøkingar. https://www.nrk.no/finnmark/xl/gruvegrunderen-1.13174288 2/14

I feltsenga på Skaidi-kontoret drøymer Rushfeldt om sitt fremtidige gruveimperium. Nussir er prøvesteinen på at ein kan få det til å fungere, at ein kan lukkast med dialogen med reindrifta. Lukkast ein med det, så kan ein ta med seg kunnskapen til neste prosjekt. Men så er det jo det med miljøet Tusenlappane går unna når det skal borast i fjellet. Kvar meter med prøver frå fjellet kostar 1000 kroner. Eitt prøvehol kan gå så djupt som 1000 meter. På veg opp på fjellet opp frå Repparfjorden, treff vi på borar Stein Are Hætta frå Kautokeino-firmaet Arctic drilling. Han har akkurat har gjort seg ferdig med dagens boring. Kva kom ut av prøveboringa i dag? Det blei etter kvart ein fyldig frisyre for Nussir-direktør Øystein Rushfeldt. Han nekta å klippe håret før regjeringa hadde avgjort gruvesaken i Kvalsund. I to år lot han håret gro, før han i april 2014 kunne la lokkene falle. https://www.nrk.no/finnmark/xl/gruvegrunderen-1.13174288 3/14

FOTO: ANDRÉ BENDIXEN/NRK Gull og grøne skogar, spøker han. Nei, det må du nesten høyre med Rushfeldt'n om. Vi ser ikkje sånt. Stein er stein. Rushfeldt veit godt kva prøvene vil vise. Boringa som no blir gjort er ikkje for å undersøke, men for å understreke kva som finst av kopar i fjellet. Fleire prøver gir større tryggleik for investorar og eventuelle lånegivarar. No skal borar Hætta flytta borerigg og utstyr til Ulveryggen, der det står att eit par undersøkingar. Sjølv har han jobba i Sydvaranger Gruve i Kirkenes, og trur prosjektet betyr viktige arbeidsplassar for Kvalsund og Finnmark. Han kan tenke seg å jobbe på anlegget når det er i drift. Eg har jo erfaring innan gruvedrift, så eg blir nok å søke, seier han. Det er jo arbeidsplassar. Men så er det jo det med miljøet. Men det er kanskje ikkje eg den rette til å svare på, seier Hætta. Stein Are Hætta framfor Repparfjorden, som kan komme til å bli brukt til sjødeponi. Den største miljøkonflikten ved Nussir-prosjektet er knytt til spørsmålet om sjødeponi. Repparfjorden er ein av 29 nasjonale laksefjordar, og https://www.nrk.no/finnmark/xl/gruvegrunderen-1.13174288 4/14

Naturvernforbundet med fleire er sterkt uroa for kva gruveavfallet vil gjere med livet i fjorden. Nussir ASA har fått løyve av Miljødepartementet til å sleppe 5000 tonn gruveavfall per døgn ut i Repparfjorden, til store protestar frå miljørørsla - og frå Sametinget, som har klaga på vedtaket. Og der står saka. Klima- og miljødepartementet må no ta stilling til klaga. Er du redd for at det å ha fjorddeponi er feil avgjerd, at du skader fjorden? Utsleppsverdiane er under det som er tillate. Repparfjordelva slepp ut meir kopar i fjorden enn det gruva vil gjere. «Ja» eller «nei» er sjeldne svar frå Rushfeldt. Spørsmål blir møtt med tal og fakta. Slik håpar han på å overtyde motstandarane av prosjektet. Rushfeldt og Hætta håper det igjen blir gruvedrift i Kvalsund. Turen går vidare opp fjellsida på Ulveryggen, så vidare til Nussir-feltet på ATV gjennom goldt terreng ispedd nokre bjørketre som har stått imot vinden som alltid bles her. Rushfeldt kjenner området godt, både det synlege terrenget, og det under bakken. For kvart stopp kjem geofakta - om forhistorisk tropeklima som har gitt grunnlag https://www.nrk.no/finnmark/xl/gruvegrunderen-1.13174288 5/14

for kalklaget i grunnen, om kløfter djupare enn Riftdalen i Aust-Afrika, og ikkje minst, om kor kopar-førekomsten ligg. Her går den i ei smal stripe fleire kilometer oppover, roper han gjennom ATVhjelmen. Den går tvers igjennom det vatnet du ser der. Det er heilt klårt på grunn av koparen. Rushfeldt kjenner området på Nussir-fjellet godt, både det synlege terrenget, og det under bakken. Når Rushfeldt ikkje bur på Skaidi-kontoret, bur 51-åringen som ein typisk student. I Alta, i huset til ein kamerat, leiger han eit 10 kvadratmeter stort rom, med seng og klesskap. https://www.nrk.no/finnmark/xl/gruvegrunderen-1.13174288 6/14

HYBELKONTOR I ALTA: Gjestesenga blir brukt til geologar og andre besøkande på oppdrag for Nussir ASA. FOTO: KRISTIN FORLAND / NRK I naborommet har han Nussirs hovudkontor, òg det med feltseng - i tilfelle geologen kjem på besøk. Lønna hans er på romslege 1,5 millionar kroner, men i eit selskap som ikkje har starta å tene pengar er det ikkje mykje rom til å ta ut kontantar. Store deler av lønna blir difor tatt ut i aksjar. Men eg må likevel skatte av den lønna, så det meste eg tar ut i kontantar går til skatt. Eg prøver å halde privatforbruket på rundt 100 000 kroner, seier han. Aukande koparbehov Det er ingen aktive kopargruver i Norge i dag. På 1800-talet opna mange små kopargruver, og det var mykje utanlandsk kapital som gjekk inn. Etter krigen blei det igjen interesse for koparen, men på 80-og 90-talet var gruvene umoderne og sleit med https://www.nrk.no/finnmark/xl/gruvegrunderen-1.13174288 7/14

Tom Heldal, avdelingsdirektør ved Norges geologiske undersøkelse. (NGU). FOTO: NORGES GEOLOGISKE UNDERSØKELSER å halde produksjonen lønsam. Du kan ikkje komme her og komme her. Det kan du kanskje ikkje nokon stad i Norge, men spesielt ikkje i Nord-Norge ØYSTEIN RUSHFELDT Forbruket av koparmetall er sterkt aukande. Avdelingsdirektør ved Norges geologiske undersøkelse (NGU), Tom Heldal, seier miljøskiftet vi er inne i no vil krevje mykje kopar på verdsbasis. Alle skifter i historia er metallkrevjande. Grønn energi vil gjere at koparbehovet aukar sterkt. Batteri og leidningsnett treng kopar, seier han. Vi må bruke ganske mange mineral for å få til den verda vi vil ha, seier Heldal. Rushfeldt og Nussir ASA er ikkje dei første som har prøvd å vinne ut Finnmarks mineral i nyare tid. To av verdas største gruveselskap har prøvd, men gitt opp. Rio Tinto på 90-talet, og Anglo American på 2000-talet. Kva lærte du av feila dei gjorde? Du kan ikkje komme her og komme her. Det kan du kanskje ikkje nokon stad i Norge, men spesielt ikkje i Nord-Norge, seier Rushfeldt. Han har skjønte tidleg at det var ein veldig dårleg idé og komme brasande inn og seie - høyr her, vi har tenkt sånn og sånn. https://www.nrk.no/finnmark/xl/gruvegrunderen-1.13174288 8/14

Jo tidlegare du kjem og forklarer om dine interesser og spør kva dei trur, fortel kva dei kan bidra med, sånn at dei kan delta i reisa heile vegen, jo betre. Steinprøvane på lageret til Nussir ASA viser at fjellet er rikt på mineral. Likevel har utanlandske selskap gitt opp gruvedrift i Finnmark. Koparverdiane i Nussir-fjellet er blant dei beste i verda. Den samansettinga av kalk og kopar som ein finn i Nussir er sjeldan, og mykje reinare enn dei fleste koparførekomstane i verda. https://www.nrk.no/finnmark/xl/gruvegrunderen-1.13174288 9/14

Kva held deg gåande når Sametinget seier dette vil øydeleggje for reindrifta, når miljørørsla seier dette vil øydeleggje livet i fjorden, når det tar år å få svar på søknader? Motivasjonen er at vi skulle gjere det. Då eg byrja å sysle med dette så forma tanken seg om at det er mogleg. Dersom ein skal lukkast med ein idé så må ein ta fokuset heilt ut. Som eg veit, så vil det vere andre som har eit anna syn på gruvedrift enn det vi har. Dersom det andre synet bygger seg opp og organiserer seg, så utgjer jo det ein motkraft. Då er det eigentleg berre eit spørsmål om kven som har mest uthald og sterkast forankra fokus. Motkrafta finst, og den er organisert Natur- og ungdom har lenge vært blant miljøorganisasjonane som har jobbet mot gruvevirksomhet ved Repparfjorden. Allerede i 2014 var flere titalls ungdommer samlet i Kvalsund. De øvde på å danne lenkegjengar. Det var Nussir-saka som gjorde at eg blei aktiv i Natur og ungdom for to år sidan. Då var eg berre 14 år gammal og var på aksjonscamp i Repparfjord, seier Kamilla Elene Samuelsen, som er leiar i Finnmark Natur og ungdom. For Samuelsen og miljørørsla er det først og fremst planane om sjødeponi som gjer dei til motstandarar av prosjektet. https://www.nrk.no/finnmark/xl/gruvegrunderen-1.13174288 10/14

Kamilla Elene Samuelsen (16), leiar av Finnmark Natur og Ungdom. FOTO: KRISTIN FORLAND / NRK Det er utruleg at det kan halde på så lenge, men samtidig er det bra at det blir nøye vurdert. At det ikkje er hastesaker som blir sleppt gjennom. At saka drar ut så lenge skaper frustrasjon blant miljøaktivistane. Engasjementet dabbar kanskje litt av når det einaste ein kan gjere er å skrive i avisa. Det blir til at folk spør om vi ikkje skal gjere noko snart. For Natur og Ungdom har ei liste med flere tusen navn. Det er folk som er klare og villige til å lenke seg fast dersom Rushfeldten en dag kommer dit han vil. Samuelsen har aldri møtt gruvegründeren ansikt til ansikt, men har fått eit inntrykk av han gjennom mediedekninga av Nussir-prosjektet. Tillatelse til sjødeponi i Repparfjorden vil få fart på Rushfeldts gruveplaner. Miljørørsla er sterkt i mot en slik tillatelse. Det eg har sett frå avisa er at han er veldig på det å snakke med folka i området. Og å få dei på si side. https://www.nrk.no/finnmark/xl/gruvegrunderen-1.13174288 11/14

Han gjer alt i rett rekkefølge, han gjer det slik som ein burde gjere det. Eg skjønner at han har den eigeninteressa han har. Eg forstår kvar han kjem frå. Men det billigaste er ikkje alltid det beste, når det kjem til løysingar. Samuelsen trur miljørørsla står igjen til sist. Ho seier at saka har fått større internasjonal merksemd den siste tida. Berre sidan skulestart har det vore filmteam frå Frankrike og Sveits her og filma om saka, som har lyst å vekke interesse for det i sine land. Det viser at det spreier seg lenger til å bli ein større sak enn den vesle fjorden i Kvalsund. Samuelsen trur likevel det enda kan ta mange år før dei får eit svar på om prosjektet blir realisert eller ikkje. Natur og ungdom og Sametinget kan framleis stikke kjeppar i hjula på Nussir. Og då kan ein ta saka lenger, seier ho. 03:27 Nussir er prøvesteinen Årets boreprogram er ferdig i denne omgang. Før sommaren er det igjen tid for å spørje investorane om meir kapital. Kor mykje direktøren får inn, vil avgjere neste års aktivitetsnivå. https://www.nrk.no/finnmark/xl/gruvegrunderen-1.13174288 12/14

Rushfeldt ser for seg to år til på feltsenga, før gruva i Kvalsund kan vere i drift. Då med drift både på Nussir-førekomsten, og i den gamle Ulveryggen-gruva like ved. Moderne utstyr, og lange transportband som strekk seg kilometerlangt inn i gruva - Rushfeldt har eit klart bilde av korleis bedrifta skal sjå ut. Det har eg hatt heile tida. Sjølv om det konstant endrer seg, så har eg frå første dag tenkt at det må vere mogleg å sette sammen ein selskapsstruktur i Nord-Norge, som skal bestå av fleire prosjekt. Gründeren ser på Nussir som prøvesteinen på at ein kan få til gruververksemd i nord, at ein kan lukkast med dialogen, lukkast med reindrifta. Og lukkast ein med det, så kan ein ta med seg kunnskapen til det neste prosjektet. Då er det ikkje eit kontor i Oslo som styrer det heile. Då er det Repparfjord eller Kvalsund som styrer seg sjølv, men det vil oppstå ei gruppe med dyktige folk som jobber i alle bedriftene. Rushfeldt i den nedlagte Ulveryggen-gruva som ligg eit steinkast unna Nussir. Folldal Verk dreiv Ulveryggen Kobbergruve mellom 1971 og 1978. Opphavsrett NRK 2016 https://www.nrk.no/finnmark/xl/gruvegrunderen-1.13174288 13/14

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen Nettsjef: Frank Gander https://www.nrk.no/finnmark/xl/gruvegrunderen-1.13174288 14/14