VESTNES KOMMUNE Møteprotokoll Utval: Eldrerådet Møtestad: Kommunestyresalen, Rådhuset Dato: 02.04.2009 Tidspunkt: 13:30 Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Anne Helene Øvstedal Iversen Medlem Njål Sellereite Medlem Jorid Misfjord Medlem Arnljot Løvik Medlem Asbjørg Johansen Medlem Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Følgjande varamedlemmar møtte: Navn Møtte for Representerer Merknadar Ellen Eiknes Forland orienterte i sak 3/2009 Ordføraren var til stades i første del av møtet Fra administrasjonen møtte: Navn Stilling
Orientering: Ordføraren orienterte om dei nye signala som er kome og som vil gje kommunane fleire utfordringer i å løyse nye omsorgsoppgåver. Spesielt gjeld dette å ta over ein del av dei oppgåver som sjukehusa i dag har. Medlemane av Vestnes eldreråd er meget positiv til orienteringane som ordføraren kjem med i eldrerådet sine møte. Dette er ein god måte som gjer at eldrerådets medlemar til ein kvar tid blir oppdatert i dei kommunale oppgåvene som gjeld dei eldre. Saksliste Saksnr Innhald Lukka PA 1/2009 PA 2/2009 PA 3/2009 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte Nytt system for innkalling og protokoll til møte i Vestnes eldreråd PA 4/2009 Møteplan for resten av 1. halvår 2009 PA 5/2009 PA 6/2009 PA 7/2009 Drift av eldresenter og dagsenter - transportutgifter - uttale frå eldrerådet Pleie- og omsorgstenestene - bruk av utanforståande konsulent Søknad om husvære for eldre på Vestnes
Side 3 PA 1/2009 Godkjenning av innkalling
Saksprotokoll i Eldrerådet - 02.04.2009 Behandling: Vedtak: Vestnes eldreråd hadde ingen merknader til innkalling. Samrøystes
Side 5 PA 2/2009 Godkjenning av protokoll frå siste mçte
Saksprotokoll i Eldrerådet - 02.04.2009 Behandling: Vedtak: Vestnes eldreråd godkjende protokoll frå siste møte Samrøystes
Side 7 PA 3/2009 Nytt system for innkalling og protokoll til mçte i Vestnes eldreråd
Innstilling Saka blir lagt fram utan innstilling
Saksprotokoll i Eldrerådet - 02.04.2009 Behandling: Ellen Forland orienterte om det nye systemet for møteinnkalling og protokoll. No er Vestnes eldreråd sidestilt med til dømes kommunestyre og formannskap. Medlemane her får møteinnkalling og møtereferat på Internett. Likeså skjer behandlinga av sakene ved hjelp av PC-ar. Imidlertid vil medlemane av Vestnes eldreråd framover få møteinnkallinga tilsendt i posten. Likeså vil dei få møteprotokoll også i posten. Ellen Forland peika på at noko av det viktigaste var at alle no kan gå inn på Vestnes kommune si heimeside på Internett å sjå på sakene som skal til eldrerådet, og prokoll etter møta. Forslag til vedtak lagt fram i møtet: Vestnes eldreråd stiller seg positiv til dei endringar som er gjort i samband med møteinnkalling og møteprotokoll for eldrerådet Vedtak: Vestnes eldreråd stiller seg positiv til dei endringar som er gjort i samband med møteinnkalling og møteprotokoll for eldrerådet Samrøystes
Side 10 PA 4/2009 Mçteplan for resten av 1. halvår 2009
Innstilling Saka blir lagt fram utan innstilling
Saksprotokoll i Eldrerådet - 02.04.2009 Behandling: Forslag til vedtak lagt fram i møtet: Møtedagar for resten av 1. halvår 2009. 14.05.2009 18.06.2009 Møta tek til på same tidspunkt som tidlegare kl 1330. Vedtak: Møtedagar for resten av 1. halvår 2009. 14.05.2009 18.06.2009 Møta tek til på same tidspunkt som tidlegare kl 1330. Samrøystes
Side 13 PA 5/2009 Drift av eldresenter og dagsenter - transportutgifter - uttale frå eldrerådet
Saksprotokoll i Eldrerådet - 02.04.2009 Behandling: Forslag til vedtak lagt fram i møtet: Vestnes eldreråd rår kommunestyret til å vedta at kommunen berre dekkjer transport der det er lovpålagt. Der lovpålagt transport er knytta til dagsenteropphald som er lagt inn som eit av fleire tilbod i eit einskildvedtak fatta av heimetenesta ved driftsleiar. Dei som ikkje har slikt vedtak, skal betale for transport. Dette gjeld heile kommunen med alle dagsenter. Vedtak: Vestnes eldreråd rår kommunestyret til å vedta at kommunen berre dekkjer transport der det er lovpålagt. Der lovpålagt transport er knytta til dagsenteropphald som er lagt inn som eit av fleire tilbod i eit einskildvedtak fatta av heimetenesta ved driftsleiar. Dei som ikkje har slikt vedtak, skal betale for transport. Dette gjeld heile kommunen med alle dagsenter. Samrøystes
Side 16 PA 6/2009 Pleie- og omsorgstenestene - bruk av utanforståande konsulent
Innstilling Saka blir lagt fram utan innstilling
Saksprotokoll i Eldrerådet - 02.04.2009 Behandling: Vestnes eldreråd syner til skriv frå administrasjonssjefen av 10.03.2009 der eldrerådet blir oppmoda til å vere til stades på framlegginga av rapporten frå konsulenten i juni 2009. Forslag til vedtak lagt fram i møtet: Eldrerådet ynskjer å vere med på orienteringa frå konsulenten. Vedtak: Eldrerådet ynskjer å vere med på orienteringa frå konsulenten. Samrøystes
Side 19 PA 7/2009 Sçknad om husvære for eldre på Vestnes
Innstilling Saka blir lagt fram utan innstilling
Saksprotokoll i Eldrerådet - 02.04.2009 Behandling: Forslag til vedtak lagt fram i møtet: Vestnes eldreråd stiller seg meget positiv til at husvære til dømes i Furulia og Bakketun kan bli leigd ut til eldre. Husvære her har ein nærleik til legesenter, butikk, post, bank m.v. som passer eldre, også med rullator. Ein viser elles til dei vurderingar som administrasjonssjefen har gjort i formannskapssak 17/2009 under punkt 5, vurderingar, som eldrerådet støtter opp om. Vedtak: Vestnes eldreråd stiller seg meget positiv til at husvære til dømes i Furulia og Bakketun kan bli leigd ut til eldre. Husvære her har ein nærleik til legesenter, butikk, post, bank m.v. som passer eldre, også med rullator. Ein viser elles til dei vurderingar som administrasjonssjefen har gjort i formannskapssak 17/2009 under punkt 5, vurderingar, som eldrerådet støtter opp om. Samrøystes