Design: Havnevik AS - Foto: Tony Hall, Peder Otto Dypvik, Muritunet - H6525 MURITUNET SENTER FOR MEISTRING OG REHABILITERING MURITUNET AS, 6210 VALLDAL Tlf. 70 25 83 00 Fax. 70 25 75 00 post@muritunet.no www.muritunet.no
MURITUNET I VAKRE VALLDAL V E L K O M E N Senteret ligg vakkert til ved Norddalsfjorden, omkransa av høge fjell i ein vill og vakker natur. Riksvegen gjennom Valldal utgjer midtre del av turistvegen "The Golden Route" som går mellom Geiranger og Åndalsnes. Her ligg dei velkjende vegpartia Trollstigen og Ørnevegen. Muritunet er lokalisert i Valldal, som ligg inst på Sunnmøre med Tafjordfjella som næraste nabo i aust og med grense mot Lom og Skjåk i Ottdalen. Valldal er såleis lunt skjerma for mykje av det typiske Vestlandsveret. Området har eit aktivt og allsidig kulturliv. Valldal og området rundt er kjend for rikt høve til friluftsaktivitetar på sjø og land, både sommar og vinter. T I L O S S 2
HELSESPORTSANLEGG Helseavdeling med laboratorium Fysioterapi- og ergoterapiavdeling Treningssal på 160 m2 Trimrom med allsidig utstyr Rom for testing Behandlingsbasseng 34 C med rullestolrampe Boblebad 36 C med rullestolheis Solarium og fotpleie Plaskebasseng for barn Badestover Aktivitetskafé Muritunet er godkjent som helsesportsanlegg, og er TRENING OG BEHANDLING tilrettelagt for rehabilitering av personar med sjukdom og skade. I tillegg nyttar vi nærmiljøet rundt anlegget og naturen i området som viktige bidrag til rehabiliteringsprosessen. støtte og rettleiing undervegs i prosessen med å finne løysingar. Store delar av treninga skjer i grupper som er planlagt mot ulike diagnosegrupper og funksjonsnivå. Å trene i grupper gir kvar enkelt ei positiv kjensle av å "ta eit tak" saman med andre. Det er den enkelte som sjølv i samråd med fagpersonalet, definerer sine mål og ønskje med rehabiliteringsopphaldet. Tiltaka vert nøye vurderte og er i samsvar med ny kunnskap innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Vi legg vekt på eigeninnsats i trening og behandling, då dette viser seg å gje dei mest varige resultata. Kvar enkelt må ta eit sjølvstendig ansvar for plagene, samstundes med at vi på Muritunet gjev Muritunet har uteanlegg med baner for ballspel, minigolf, tennis, badminton, hesteskokast, boccia og gangvegar. 5
VÅRT FAGPERSONELL Overlege med spesialitet Fysioterapeut Sjukepleiar Ergoterapeut Psykiatrisk sjukepleiar Kostveiledar Andre aktuelle faggrupper Muritunet har fagleg samarbeid med kommunehelsetenesta og ulike avdelingar ved sjukehusa i regionen. Vårt fagpersonale skal legge forholda til rette for at våre gjestar skal kunne betre sitt funksjonsnivå, gjennom trening, behandling og læring. Ved sjukdom og skade, spesielt over lang tid, kan dette utvikle seg til ei stor påkjenning for den enkelte LÆRING OG MEISTRING og dei næraste. I tillegg til sjølve plagene, skjer det samtidig ein psykisk og sosial endringsprosess, som gjer det ekstra vanskeleg å klare kvardagen som tidlegare. Å forstå kva sjukdomen og skade gjer med ein sjølv og sine næraste, er ein viktig faktor i det å legge grunnlaget for betre helse og auka livskvalitet. Gjennom samtale og undervisning kan ein på Muritunet lære å meistre sjukdom og problem på ein Det er viktig å understreke at ikkje alle personar har behov for dette. Det er ofte ved kronisk (langvarig) sjukdom at denne tilnærminga vert aktuell. Det er vår oppgåve ved behov å kunne tilby dette, slik at betring av livskvalitet kan skje. ny måte. 7
KONSEKVENSAR AV SJUKDOM OG SKADE Kunnskap om sjukdom og skade Forstå følgjene av sjukdom Dele erfaringar og opplevingar Undervisning og samtale Ny innsikt og læring Endra handlemønster Endra livssituasjon og auka livskvalitet AKTIV BETRING AV LIVSKVALITET Muritunet sin visjon er: "Muritunet ei drivkraft til aktiv betring av livskvalitet!" Vi legg vekt på individet sin vilje og ønskje om å betre eigen livssituasjon. Som helsepersonale kan vi tilby nyttige råd, vegleiing og fagkompetanse, som eit viktig supplement til mennesket sin eigen kunnskap og motivasjon. Rehabilitering er ein samhandlingsprosess, der målsetjinga og forståinga til den som skal rehabilitere seg står i sentrum. Vi ønskjer å skape ein rehabiliteringssituasjon der den enkelte i samspel med vårt fagpersonale skal møtast på ein lærings- og meistringsarena. Dette inneber at våre gjestar får møte sine problem og prøve å lære korleis ein skal meistre eigen sjukdom og plager. Ved heimreise blir utfordringa å overføre dette til eigen kvardag. 8
Kristiansund SAMFUNN, MILJØ OG INDIVID Ålesund Molde Åndalsnes Ørsta Volda Stranda Valldal Tafjord Vi på Muritunet ønskjer at senteret skal vere ein stad der den enkelte blir teken på Nordfjordeid Hellesylt Stryn Geiranger alvor i sin livssituasjon. Vårt utgangspunkt er slik du opplever det. Vi må i fellesskap finne dine behov, motiv og ønskjer slik at du og finn vegen vidare. Florø Sandane Miljøet på Muritunet skal legge grunnlaget for individuell Førde meistring og personleg vekst. Vi skal ha ei støttande haldning, med respekt og humør. Vi er til for at dei som kjem til oss, skal oppleve opphaldet og resultatet gjevande og meiningsfullt. Å rehabilitere seg sjølv er krevjande men det er den einaste måten! 10
NORDDALSKART Ulvådalen Vakkerstøylen Steindalen TIL ÅNDALSNES Tjørnane Høgstolen Høgtunga 1912 Grøndalen Krynkelvatnet Pyttbua Sætertinden 1351 Grønningsæter Hovedveger/Riksveger etc. Lokale veger/sæterveger Turstier/Fjellturer Reinheimen Illstigegga 1879 Krynkelen Glupen Djupdalen Torsvatnet Pyttegga 1999 Kvitefjellet Alstadfjellet 1860 Grønning Remsfjellet 1567 Illstigfjellet 1880 Illstigbreen Neskopptindane Høghornet Rem Gjerdsegga Karitinden 1982 Fremste Heivatnet Taskedalen Høgstolen 1760 Veltdalshytta Trollkyrkjebotn Hleggen Valldalsbotn Veltdalen Muldalen Trollkyrkja Heggesætra Omenås Muldalsegga 1768 Blåfjellet 1555 Seljebottinden 1531 Naushornet 1895 Mefjellet 1100 Hulderkoppen Reindalssætra Reindalen Muldal gård Tafjorden Haugo VALLDALEN Rødalen Zakariasvatnet Oksneset Osvik Døving Til Otta Ormula 1418 Onilsavatnet TAFJORD Korsnes Fjøra Syltefjellet Jemtebotn Uri Grotli Storfjellet 1821 Hamsevika Danskehytta Kaldhussætra Kallskaret Fetvatnet Tolleknivsegga 1530 Nøre Herdalen Hamsedalen MURITUNET SYLTE Berdalsnibba Heregga 1557 Herdalen Strynefjellet Viene Herdalssætra NORDDAL Linge Torvløysa 1851 Dyrdalen Storavatnet Storås EIDSDAL Linge kai Blåtind 1338 Dalsnibba Tverrfjellet Skòrene 1829 Kleiva Kilsti Ospehjell NORDDALSFJORDEN Overå GEIRANGER Eidsvatnet Eide Verpesdalen Overåneset Grjøtet 1519 Skagedalen Skageflå Smogehornet Skrenakken Tutindnibba 1528 Blomberg Geitfjellet 1615 Geirangerfjorden Smoge Oaldsbygda SUNNYLVFJORDEN LIABYGDA N Littlebotn TIL STORDAL Ringset Gravaneset Ferje til Stranda