2013 Sogn og Fjordane fylkeskommune Handlingsplan for reiseliv 2013
1. Innleiing 1.1. Forankring og utgangspunkt Handlingsplanen for reiseliv 2013 skal medverke til å oppfylle mål og strategiar som er fastsett i reiselivsplanen for Sogn og Fjordane 2010 2025. Handlingsplanen er utarbeidd av styringsgruppa for reiselivsplanen og mandatet er gjeve gjennom FT-vedtak 31/10 og HPNvedtak 79/10. Handlingsplanen gjev oversyn over planlagd aktivitet og tiltak i 2013 som skal føre til oppnåing av dei måla som er sett i reiselivsplanen. Alle tiltaka skal forankrast i strategiar og mål i reiselivsplanen. Handlingsplanen skal og innehalde budsjett og disponering av midlar for det gjeldande året. Arbeidet vert sett i samanheng med avtale mellom den regionale partnarskapen og bestillingsbrevet frå fylkeskommunen til Innovasjon Norge. I tillegg vil vurderingar om reiselivsnæringa frå rapportane «Et kunnskapsbasert reiseliv» 1 og «Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane 2» vere eit grunnlag for dei vurderingar og tiltak som vert gjort. Desse rapportane peikar på utfordringar knytt til reiselivsnæringa og til reiselivsnæringa i fylket spesielt. Reiselivet i Sogn og Fjordane deler dei utfordringar resten av næringa i landet har med høg arbeidsintensitet, kostnadsulemper samanlikna med andre land, utfordringar med omsyn til heilårsarbeidsplassar og kompetansebygging. Vidare er reiselivet i fylket prega av ein struktur med mange små bedrifter med lite kapital og svekka lønsemd. Reiselivsbedriftene er like med omsyn til pris, men har store ulikheiter når det gjeld kvalitet. Fylket har og ein ulempe i form av at vi ikkje har ein stor lokalmarknad som kan støtte opp under reiselivsbedriftene fullt ut. Vi har ein av verdas beste attraksjonar i form av naturen, men har framleis eit stykke å gå før vi har nådd potensialet. Vidare bør arbeidet med reiseliv ta opp i seg at reisemønstra for turistane i endring. Det er stadig aukande fokus på årsakar til å reise («reason to go»). Turisten vil ha noko meir enn eit flott landskap å sjå på. Mange små opplevingsaktørar er difor ein viktig del av det totale tilbodet. Likevel er det naudsynt å kople desse mot større reiselivaktørar med økonomiske musklar. Med auka konkurranse og låg lønsemd, ser stadig fleire tradisjonelle reiselivsverksemder behovet for å justere sine tilbod etter endra etterspørsel i marknaden med eit sterkare fokus på tilbod av aktive naturopplevingar i sine forretningsmodellar. Arbeid med å få til betre samhandling mellom aktørane i næringa for å meir robuste reiselivsaktørar vil vere særleg viktig. Midlar til gjennomføring av reiselivsplanen er løyvd gjennom budsjettsaka i FT-sak 63/12. 1.2. Året som gjekk Fylket hadde ein liten auke i tal overnattingar i 2012, der det var ein nedgang i utanlandske overnattingar, men auke i norske gjestedøgn. Dette stemmer overeins med det nasjonale biletet. Alle regionane hadde auke i sine overnattingar, der auken skuldast auke i norske overnattingar, mens utanlandske gjestedøgn gjekk ned. Distriktshotella har utfordringar, mens byhotella vinn marknadsandelar. Innovasjon Norge spår at 2013 også vil verte eit vanskeleg år for 1 Et kunnskapsbasert Norge: Rapport nr. 3/2010: Et kunnskapsbasert reiseliv. Erik W.Jacobsen, Anne Espelien 2 Vestlandsforsking: Rapport nr.12/2011: Strategier for utvikling av «Et kunnskapsbasert Sogn og Fjordane». Sluttrapport. Erik W.Jacobsen, Johannes Idsøe, Ingjerd Skogseid.
reiselivsnæringa spesielt for sommarsesongen, med forventa nedgang frå fleire tradisjonelt viktige utanlandsmarknader. 2. Hovudmå l Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane 2010 2025 «Frå bre til hav» har tre hovudmål: 1. Auke i tal gjestedøgn. 2. Auka verdiskaping i reiselivsbedriftene i Sogn og Fjordane. 3. Reiselivet i Sogn og Fjordane skal vere berekraftig. For å evaluere innsats og effekt av tiltaka som vert gjennomført i 2013, ynskjer styringsgruppa å definere utvalde måleparameter på målet om verdiskapinga og berekraft. Auke i tal gjestedøgn og lønsemd i fylket er viktige mål, men gjer eit overordna bilete og speglar nødvendigvis ikkje effekten av dei einskilde tiltaka som ver gjennomført. Auke i tal gjestedøgn skal i tillegg innehalde ei analyse av kva type gjestar/nasjonalitet som kjem, då dette vil ha betyding for vurderinga av samla verdiskaping, berekraft og tiltak. Verdiskaping i reiselivsbedriftene skal i tillegg målast ut i frå: Utvikling på dei bedriftene i bedriftsnettverka omsetningsauke. Løyvde midlar frå IN til bedriftsnettverka. Berekraft i reiselivet skal målast ut i frå: Tal reiselivsbedrifter med miljøsertifisering og utvikling år for år. Vurdering av implementeringa av berekraft som overordna omsyn i alt reiselivsarbeid i fylket. Vidare vert det viktig med ei grundig vurdering av den heilskapelege innsatsen frå alle tiltaka gjennom eitt år sett i samanheng med den nasjonale utviklinga i reiselivsnæringa. 3. Metode Reiselivsplanen inneheld metodiske føringar. I oppfølging av reiselivsplanen er det etablert langsiktige og målretta utviklingsprosessar, det vil seie program og delprogram, der dei ansvarlege for kvar prosess, skal syne til effektar av tiltak. Desse målretta utviklingsprosessane skal vere bygd opp rundt metodikk som etterspør løysingar på flaskehalsar basert på analyser, forsking og utvikling. For og kunne følgje opp reiselivsplanen må det ligge kunnskap via data til grunn. Driftsdata må koplast med resultatdata, og det må drivast statistikk og analysearbeid over tid. Styringsgruppa (SG) og programgruppene må ha statistikk på det nivået utviklingsarbeidet skjer. Mykje av arbeidet i innleiande fasar vil vere å skaffe datagrunnlag og etablere gode metodiske arbeidsmåtar ved oppfølginga av reiselivsplanen.
Reiselivsplanen skildrar spesielt RUP Norge (www.rup.no) som viktig verkty. Dette verktyet er ein prosessdatabase, og også ein metode. Ved bru av RUP Norge, kan ein dessutan ta i bruk andre metodar som støttemetodar. Styringsgruppa og programgruppene skal i 2013 nytte RUP som styringsverktøy for reiselivsarbeidet for å få god oversikt over dei ulike prosessane i arbeidet og for å kople dei ulike programma. 4. Rolledeling 4.1. Styringsgruppa Styringsgruppa har det overordna ansvaret for gjennomføring av reiselivsplanen gjennom årlege handlingsplanar og får fullmakt og midlar frå hovudutvalet for plan og næring (HPN) gjennom årleg løyvingssak. Vidare er det styringsgruppa si oppgåve å sørgje for god koordinering, samordning og effektiv bruk av dei midlar som er til rådvelde. Styringsgruppa består av følgjande aktørar: Fylkeskommunen Fylkesmannen Innovasjon Noreg Kommunane (KS) Næringa 4.2. Programstyra Programstyra er ansvarleg for ulike mål i reiselivsplanen. Gjennom ansvar for ulike tiltak i handlingsplanen skal programstyra medverke til måloppnåing. Den regionale partnarskapen har gjennom avtale ansvar for kvart sitt program: 1. Fylkeskommunen infrastrukturprogrammet 2. Fylkesmannen berekraftprogrammet 3. Innovasjon Norge aktørprogrammet Dei tre programma har ansvar for konkret oppfølging av kvart sitt delmål i reiselivsplanen. Infrastrukturprogrammet auke i tal gjestedøgn. o Delmål 1: Auka turisme heile året. o Delmål 2: Større auke i norske turistar enn i utanlandske gjestedøgn. Berekraftprogrammet reiselivet i Sogn og Fjordane skal vere berekraftig. Aktørprogrammet auka verdiskaping i reiselivsbedriftene i Sogn og Fjordane.
5. Stråtegiår og tiltåk Reiselivsplanen definerer sju strategiske handlingsområder som er prioriterte tema for programstyra og som tiltaka vert utleia frå. 5.1. Samhandling Mål: Tettare kontakt mellom ulike aktørgrupper i reiselivsnæringa, anna næring, kunnskapsmiljø og ulike delar av offentleg sektor for samhandling om auka lønsemd, innovasjon og berekraft. 5.1.1. Reiselivskonferansen «Fjordane frå bre til hav 2013» Årleg reiselivskonferanse i fylket for skape gode møteplassar for næringa og andre aktørar. I 2013 vert reiselivskonferansen arrangert i lag med NCE Tourism sin årlege konferanse for Vestlandet. Ansvar: IN og aktørprogrammet + SG 5.1.2. Bedriftsnettverk og klyngeutvikling Nettverksprogram for utvalde temabaserte reiselivsbedrifter i fylket for auka konkurransekraft. Følgje opp dei fire bedriftene som er i gong med hovudprosjekt for å utvikle nye produkt og marknader. Ansvar: IN 5.1.3. Kompetanseprogram for reiselivsnæringa Delfinansiere og tilby kurs for reiselivstil nettverk av reiselivsaktørar, fortrinnsvis destinasjonsselskapa. Ansvar: IN 5.1.4. Felles nyhendebrev frå den regionale partnarskapen ut til reiselivsnæringa Vidareutvikle IN sine nyhendebrev til reiselivsnæringa til faste nyhendebrev som går ut frå den regionale partnarskapen til reiselivsnæringa og andre relevante aktørar. Brevet skal vere med å sikre god informasjonsflyt og forankring av reiselivsarbeidet. Nyhendebreva skal sendast ut 3-4 gonger. Ansvar: IN og SG 5.1.5. Styringsgruppa for reiselivsplanen som koordinerande og strategisk forum Styringsgruppa for reiselivsplanen skal i endå større grad vere eit forum for koordinering av reiselivsarbeidet, langsiktig prioritering og arbeid, god informasjonsflyt og arena for ny kunnskap. Styringsgruppa skal ha fire møter i året der ny kunnskap og erfaringar vert formidla. og Medlemmane har klart ansvar for å formidle og forankre reiselivsarbeidet vidare inn i sine nettverk og dele informasjon og formidle innspel inn til styringsgruppa. Styringsgruppa skal i fellesskap arbeide særskilt med å forankre reiselivsplanen og det praktiske arbeidet kontinuerleg gjennom året. Ansvar: FK + SG 5.1.5. Styrka ekstern informasjon Nytte nettsida www.bretilhav.no med tilhøyrande fb-profil til å samle all reiselivsretta verksemd og gjere sida til ei nyttig og viktig side for reiselivsnæringa i fylket. Ansvar: FK + IN +SG
5.1.6. Følgje opp Vestlandsstrategien for reiseliv Ansvar: FK + SG 5.1.7. Følgje opp nasjonal reiselivsstrategi «Destinasjon Norge» (2012) Ansvar: FK + SG 5.2. Berekraftig reiseliv Mål: Etablere ei lønsam reiselivsnæring som aukar trivselen i lokalsamfunna og som reduserer miljøbelastninga lokalt og globalt. Berekraftig forvaltning skal vere eitt av Sogn og Fjordane sine viktigaste konkurranseføremoner. 5.2.1. Forskingsprosjektet «Samspel for berekraftig reiseliv» Sogn og Fjordane fylkeskommune har i lag med Vestlandsforsking (VF) fått støtte frå Regionalt forskingsfond for Vestlandet til forskingsprosjektet «Samspel for berekraftig reiseliv». Prosjektet er eit treårig prosjekt der ein skal utvikle ny kunnskap om vilkår for å integrere målet om eit berekraftig reiseliv i ulike sektorpolitikkområde. Kunnskapen skal støtte mål om miljømessig berekraft og auka lokal verdiskaping. Ansvar: FK+FM og berekraftprogrammet 5.2.2. Privat hyttebygging på berekraftig vis Forprosjekt for å kartleggje kva kunnskap som finnast kring hyttebygging med omsyn til konsekvensar av storstilt utbygging i reiselivskommunar, samarbeid mellom hyttefolk og fastbuande, ringverknader til lokalt næringsliv, konsekvensar for kommunen sine tenester. Ansvar: FM og berekraftprogrammet 5.2.3. Miljøsertifisering av reiselivsbedrifter Gjennom å medverke til at fleire reiselivsbedrifter vert miljøsertifisert, styrkar Sogn og Fjordane sitt konkurransefortrinn med å bli eit meir berekraftig reisemål. Ei eiga ordning til dette vil vere eit viktig stimuli til å motivere fleire bedrifter til å verte miljøsertifiserte. Ansvar: FK + berekraftprogrammet 5.3. Produktutvikling Mål: Produkta skal vere unike, tilgjengelege, vennlege og betre enn forventa. 5.3.1. Utvikle og styrke produkt basert på «vandring» som tema mellom anna gjennom avtalane med destinasjonsselskapa Ansvar: FK + infrastrukturprogrammet + IN 5.3.2. Etablering av interkommunale friluftsråd Sogn og Fjordane har per i dag ikkje friluftsråd, noko som gjer fylket kjem bakerst i køen når det gjeld prioritering av statlege midlar til friluftsliv. Interkommunale friluftsråd er eigd av kommunane som skal arbeide med friluftsliv for dei fastbuande, men og dei tilreisande. Ansvar: FM og berekraftprogrammet
5.4. Verkemiddelbruk og private investeringar Mål: Reiselivet som prioritert satsingsnæring for offentleg og privat kapital 5.4.1. Reiselivsnæringa som attraktiv næring for privat kapital Det skal gjerast eit forprosjekt som skal vurdere måtar reiselivsnæringa i fylket kan verte tilført meir kapital for å utvikle seg vidare og beskrive mogleg hovudprosjekt. Ansvar: FK + SG 5.5. Infrastruktur og fellestiltak Mål: Sogn og Fjordane skal vere lett å reise til og i fine og godt tilrettelagte omgjevnader. 5.5.1. Sikre tilgjengelegheit gjennom utlysing av midlar til infrastruktur Det skal lysast ut midlar til infrastrukturtiltaksprosjekt som til dømes sesongutviding og rutetilbod og produktutvikling. Midlane skal tildelast prosjekt med klare mål og som støttar tydeleg opp under hovudmåla i reiselivsplanen. Midla skal sjåast i samanheng med andre relevante tiltak i handlingsplanen. Ansvar: FK + infrastrukturprogrammet 5.5.2. Utvikle og definere kva som skal vere fyrtårn i fylket og målrette tiltak inn mot dette Ansvar: Infrastrukturprogrammet 5.6. Marknadskommunikasjon Mål: Lett å finne (synleg), lett å bli freista(behovsdekking) og lett å kjøpe (booking) 5.6.1. Internasjonal marknadsføring gjennom styrka satsing til Fjord Norge frå fylkeskommunen, destinasjonsselskapa og næring si side Ansvar: FK + infrastrukturprogrammet 5.6.2. Auka marknadsføring mot den norske marknaden Marknadssamarbeid mellom destinasjonsselskapa med utvalde temasatsingar i felles kampanjar. Ansvar: FK + infrastrukturprogrammet 5.7. Kunnskap og kompetanse Mål: Auka kunnskap og kompetanse i reiselivsnæringa og offentleg forvaltning for å styrke lønsemd, innovasjon og berekraft 5.7.1. Følgje opp forprosjekt «Forskingsprogram reiseliv» Ansvar: FK + IN + SG
5.7.2. Følgje opp hovudprosjektet «Travelistics» i regi av Vestlandsforsking Ansvar: SG + infrastrukturprogrammet 5.7.3. Ha ei samla oversikt over relevante kurs for næring og forvaltning på nettsida www.bretilhav.no Ansvar: FK+IN+FM+infrastrukturprogrammet 5.7.4. Medverke til kompetanseheving og informasjonsutveksling gjennom kurs og foredrag til næringa Ansvar: IN + SG 6. Budsjett Midlar og løyvingar Inn Ut Merknad Løyving budsjett og økonomiplan 11 600 000 INU-midlar sett av til reiseliv 4 000 000 Rest - INU-midlar sett av til reiseliv 2012 2 282 000 Rest - INU-midlar sett av til reiseliv 2011 75 000 Overført frå 2012 562 167 Fjord Norge - int. marknadsføring 4 000 000 NCE Tourism Fjord Norway 350 000 Rutetilbod Sognefjorden 1 000 000 Film - Fuzz, WNFC 500 000 Adm. reiselivsplanen 200 000 Forskingsprosjekt "Samspel for berekraftig reiseliv" 900 000 Samla for alle tre prosjektår, 200 000 frå FM i 2013 (+2014-2015) Reiselivskonferansen 2013 130 000 FK sin andel Travelistics - hovudprosjekt 250 000 Løvyd i 2012 Forprosjekt - samarbeid destinasjonsselskapa 200 000 Løvyd i 2012 Forprosjekt - Sagastad 150 000 Løvyd i 2012 Statistikknett 70 000 Deltaking på karrieremesser - Framtidsfylket 50 000 Løyvd i 2012 Utlysing av infrastrukturmidlar 1 500 000 Avtalar med destinasjonsselskapa 4 000 000 Forskingsprogram reiseliv 1 000 000 Miljøsertifisering av reiselivsbedrifter 350 000 Reiselivsnæringa som attraktiv næring for privat kapital 200 000 Til disposisjon komande prosjekt 3 669 167 SUM 18 519 167 18 519 167 -