Husmann og skogbestyrar født 1842 i Etnedal. Far min var født 17de mai 1814



Like dokumenter
Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Til deg som bur i fosterheim år

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?


TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Jon Fosse. For seint. Libretto

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Informasjon til elevane

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

6. trinn. Veke 24 Navn:


Molde Domkirke Konfirmasjonspreike


«Ny Giv» med gjetarhund

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Mini-skodespel om Lars Skrefsrud ( ) SCENE II: I Tjuvhøla. SCENE lll: Dina og Anna.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Plassebakken Barnehage

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

mmm...med SMAK på timeplanen

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

FANTASTISK FORTELJING

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Brannsår, rus eller friheit?

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kom skal vi klippe sauen

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Setring ved Håbakkselet Hareid

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kva er økologisk matproduksjon?

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Månadsbrev for Rosa september 2014

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Med tre spesialitetar i kofferten

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Plassebakken Barnehage

Hei alle sjøstjerneforeldre

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Brukarrettleiing E-post lesar

Valdres vidaregåande skule

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Transkript:

Nedskriverens navn: Lærar Martin Lundstein Adresse: Etnedal (Oppland Fylke) Fødselsår: 1872 Fødested: Etnedal Er det egne opplevelser som skildres? Min fars. Hvis de gjengir en annens beretning oppgi da fortellerens navn: Svari er ikkje frå meg sjølv, men som de vilde få dei av min 90 år gamle i 1932 avlidne far. Fødselsår Fødested Personalia: Navnet mitt er Hans Lundstein, Etnedal Husmann og skogbestyrar født 1842 i Etnedal. Far min var født 17de mai 1814 Var Østen Lundstein, skomakar og mor var Maria Lundstein. Båe vart på lag 80 år gamle. Bestefar på fars sida var husmann Hans Beinstigen og på mors sida Nils Lundstein, som var smed. Barndomsheimen og husmannsplassen: Barndomsheimen heite Lundstein og høyrde til garen Lunde, og plassen me kom til å bu på heite Lien. Me hadde 8 born, fyrst 6 gutar og 2 jenter. Den eldste gut vart bonde på Hedemarken, den andre Landhandlar, den tredje Lærar (Han som skriv dette) den fjore skogbestyrar, den femte småbrukar, den sjette handelsmann, og båe jentene gifte. Plassen hadde pålag 6 mål dyrka, avla 3 tunnor korn. 10-12 tunnor potet, eit frukttre, og nokre ripsbuskor, eit par stikkelsbærkjerr, og elles ein del vanlege hagevekster. Me hadde fordetmeste 3 kyr, ein hest 2-3 sauer, 9-10 geiter og gris. Alt dette kunne me ikkje fø på plassen men leigde noko høysting attåt. Nøysel til husreparasjon, beite, ved og hamnerett hadde me i bondens skog. Ei litor utslåtte (utlagd seter)høyrde til. Husa på plassen: Vyrkje i husi høyrde bonden til, men arbeidet ved oppførelsen var husmannens (Dei eigde altso husi saman.) Kven som fyrst hadde rydda plassen var ukjent. Husa var: Stua, låve, fjøs og ei bu og stall. Plassen er no sjølveigar bruk, og alle dei gamle hus er vekk. Stova på ein husmannsplass var vanlig 9+6m.og altid med 2 rum. Me fekk bygd til litt, so me hadde 3. To, stundom tre, i kvar seng. Heime hadde me tre vaksnesenger. tresenger, ein slagbenk, og dertil ein karm til å skyve under ei av sengene om dagen. So hadde me peis, komfyr, kjøkkenbenk framskåp, 2 skatol, dragkiste, fleire hyllor, vassbutt, Vasbyttor av tre og elles det høgst naudsynte til matstellet. Kosthaldet hjå oss var for det meste til førdugurs smør og ost. Som oftest var skifta, med brød og potet. Til dugurs graut og mjølk og so eftaskaffe. Til middags sild, fisk eller kjøtmat. Og til kvelde velling med søt mjølk på, og dette va ogso det vanlege kosthold på bondegarden sjå elles under siste sida.- Om me heime hadde mat nok? Ja, med varsamt stell hadde me det. Me kjøpte aldri mat hjå bonden. Me trong aldri støtte frå komunenm men mange husmenn laut få det på sine gamle dagar. 1

Klærne: Me hadde alle både arbeids- og gåbortkleder, som me brukte til kyrkje. Lag og andre møtor. Ingen av oss brukte andres avlagde klæer, men ytterfrakk hadde me ikkje Husmansplikta: Avgifta vart betalt med arbeid etter ei sers lita dåglønn. Men so var det ogso ei svært litor årsavgift, 6 daler for Lien, og mindre for mange av dei andre plassane. Me hadde då å svara 3 veker slått etter 12 skilling ( 40 øre) dagen. Ei veke haustarbeid etter 8 skilling (27 øre), to veker vinterarbeid etter 6 skilling (20øre) og ei veke vårarbeid etter 8 skilling (27 øre) dagen samt 3 mål skur etter ei mark (80 øre) målet. Gjekk ikkje dette arbeidet opp til so mange daler som avgiften var, so skulle det reisterande betalast ved nytår. Men dette opgjøret vart det for det meste ingenting av. Hest og reidskap lånte aldri vi av bondenm da vi hadde slikt sjøl. Det var elles berre nokre år jeg betalte avgiften med arbeid, då eg hadde skogsarbeid å røkte. Pengeavgiften ble da omtr.det firdobbelte av de 6 daler som skulle betales med arbeid. Husmansarbeidet måtte allikevel reknes som mit hovudyrkje. Husmanskona: Somma av disse arbeidet av og til på garen, mest med vask, potetoptaking og skuronn. I skuronna hadde ho gjerne den minste med seg ute på åkeren. Skur og potetarbeidet gjekk som vanleg på husmanssvarelsen. For vask fekk ho helst noko levemåte av bondekona. Husmanskontrakt: hadde dei fleste av husmenn, men ikkje alle. Om den var tinglyst, kjenner ein ikje til. Alle her hadde plassane på livstid, og enkja kunne sitta på plassen ei tid, og ein av sønerne var gjerne på plassen etter foreldra. Dei som eigde arbeidet på husi på plassen, skulle ha godtgjersle etter skjønn eller forlik, om dei flutte. Husmann og bonde: So seint som fram til 80åri vart husmennene både oålunde og elles i bygden bedne til andre dagen, når der var gravøl eller bryllup på garen. Etter den tid vart dei bedne som andre. Borni var mest aldri med, endå dei kunne, dersom dei hadde høvelege klede til eit lag. Slåttegraut for alle som hadde vore med i onni, var det altid på haustkanten. Det var ein sundag, og det var ei heil høgtid. Når den eldste av husmennene tok tredje beten av grautkjeraldet, sa han altid vendt mot husmori: «Takk for god graut.» Ein av husmennene, Rabbin dei kalla, var ein storetar. Og somme av dei andre lurde stundom ei ørlita skje bort på plassen hans. Den ytte han då til sedes i i fult sinne og fann seg ei onnor. Ein slåttegrautdag hadde ein av dei andre husmennene gjort det same. Då Rabbin sette seg og såg denne skjeie att, vart han flygande sint. «Der er no att, denna fordømte ulika», sa han, og slo ho i små bitar med knyttneven. Noko økonomisk og sosial skilna var det nok her i bygden og millom bonde og arbeider, men ikkje som mykje som i mange andre bygder. Husmenn var soleis aldri bedt i julelag som kunne vera på garen. Og teikna det til at det skulle bli noko millom ei gardjente og ein husmansgut, so vart det oppvask. Gubbarne vilde «ikkje han fant inn i slekti», vart det sagt sommestads.. Bonden held ikkje gravøl etter husmannen, men hjelpte til, der det trengdest. Når ein husmann ellerhusmanskone døydde, og likferda gjekk forbi garen der dei hadde arbeidt, stogga ferda og son geit salmevers eller to. Dett held dei fram med til omkr. 1880. Skolegang og fritid: Eg tok til å vera med på skulen i 1850. Det var omgangsskule, nokre veker på kvar gard. Ved konfirmasjonen stod me på kyrkjegolvet etter som med var flinke og kloke til. Eg vart nummer 2, og det var nok meir enn vanleg for ein husmansgut. Arbeidet vårt hittil hadde vore gjæting og lauving om sommaren. Og arbeid med å skaffe til og hogge ved om vinteren, og saman med andre gutar gjekk det i holoball, ryggetak, rundkastspenning, og av og til litt kortspel, men det siste helst i smugg, fordi «det var synd». «Kortspel og terning er djevelens gjerning,»sa mange. 2

Det første arbeidet: utenfor heimen var det mindre jobber her og der om sommeren og skogsarbeide om vinteren. Arbeidstida var lang, både 10 og 12 timar. Og betalinga liten, 60 80 øre dagen. Pengene fekk me ha sjølve til sko og klede. Ungdomsliv: Foreningsliv fantes det ikje, førenn det noko seinare vart skyttarlag, som me vart med i. Elles var det om vinteren litt skytteri og veiledning, om somaren fisketurar med jamnaldringar, og so litt øving i «karstykkjo» som syggetak, rundkast og anna kropsøving. Framtidsmål? Å det, var ikje so mykje å velja millom då. Det måtte vel bli skogskar på ein eller annan måte. Arbeidet: Alle som arbeidet på ein gar, hadde kost og husvære. Somme stads kunne det vera godt kosthald, og somme stads nokso sparsommeligt, men noko mat fekk arbeidsfolka so vidt me veit allestads sjå under-. Arbeidstia var lang, 10 12 timar om dagen, og betalinga liten, heilt fram til hundreårsskiftet 6-8 kr. For ei slåtteveke. Og 60 80 øre dagen for dei som arbeidde for dagpengar. Alle husets folk fekk seg mat ved same bord, og bonden var til vanleg sjølv med i arbeidet. Somme stads hadde budeia sin soveplass i fjøset, men elles sov alle inne i huset. Men om våren flytte mange, og slik ogso hjå oss på låven og laga seg soveplass der til heilt på haustkanten. Jeg fråflutte min husmannsplass og til eigen gard for 50 år sidan. Og Lunde, som hadde 9 husmansplassar, har no att bere ein, og han har heller ikkje arbeidsplikt lenger, men betalar med pengar, og slik er det elles i bygden. Dei fleste husmansbruk er selde frivillig, og andre er expropriera etter jordloven. Husmansvesenet her elles etter mi meining vore for strengt kritisert, og for mykje lasta, for det var mang ein husmann som sat trygt og godt, og hadde bra utkome. Arbeidsplikta hdde rett nok etter kvart vorte meir og meir upopulær. Men her i bygdi gjekk det ikkje strengare til enn at ein husmann, som hadde fenge seg eit eller anna sesongarbeide, gjerne fekk utsetting med pliktarbeidet både ei og fleire veker. Spesielle interesser: I mine unge år var der, som før sagt, lite eller inkje foreningsliv. Seinare var eg likevel med i heradstyret nokre år. Og i mange år var eg takstmann for Hypotekbanken. Ei mans forening for Det norske misjonsselskap var eg og med i her i bygden. Av saker som eg var mykje interessert i, var at me skulle vinne fram til å få almindelig stemmerett. Privatlivet: På ein stor gard kunne bryllupet vara fleire dagar. Då eldstesonen på Lunder, Erik Lunde, i 1874 gifta seg med Anne Breien, vara bryllupet i 6 dagar og der var gjester der frå fleire bygder. Elles var bryllupet på ein gard til vanlig 2 dagar. Av dei største gardmenn tok presten for vielsen 10 dalar, av mindre gardmenn mindre, og av husmenn og andre arbeidere 2 daler, og for desse siste stod bryllupet på berre ein dag. Skyldfolk kunne sjølvsagt bli ein dag til. Litt av hvert: Sætra som Lunde hadde heite Stuvelia. Der låg dei altid med buskappen om somaren. Ein vår skulde den eldste av husmennene, Knut Ruse, og eg fara dit opp ein måndag og gjera i stann gjerde og køyre fram noko ved. So skulle dei andre koma etter med krøtera torsdag. Men det var kvelden, og dei kom ikkje. Me såg ut gjenom glaser etter dei rett som det var, men ingen kom. So la me oss. Knut sovna snart. Men eg låg vaken ei stund. Endeleg høyrde eg at dei kom. «No kjem dei» sa eg, men Knut svara ikje endå han no var vaken. Eg høyrde tydeleg tramp av hesteføter, høyrde det singla i kuband, som kyrne bar om halsen, høyrde småkrøterbjølla, og eit og anna klakk av kubjella. Men var dette Lundebjølla? «Du kan ligge du, eg kan gå ut og ta i mot dei eg», sa eg. Eg gjekk ut, men der var ingen. Eg stod og lydde ei stund, men det var heilt stilt. «Dette var det raraste eg har vore ute for,» sa eg då eg kom inn att. «Eg høyre då tydeleg at dei kom.» «Å nei, det var nok ingen som kom, men det var nokom som flutte her ifrå, du er ikkje den fyrste som har høyrt det,» sa Knut. Eg hadde 3

aldri trutt noko større på haugaty og underjordiske, men sidan dette hende, veit eg ikkje kva eg vil tru om slikt. Dei fortel at mannen i Øvre Rusten, ein husmansplass under garen Madslangrud, ein dag sat inne og laga ein sopelime. So kom det inn tre ukjende velkledde karar og ei kvende. Den eine spurde om å få drikke. Ja, Rustemannen peikte på ei vassause, som heng på veggen og vasbutten, og mannen tok ausa og drakk. «Du held på å ska bygge fjøs, ser eg,» sa han. «Ja, eg er meint på det,» sa Rustemannen. «Kor er elles dei folka i frå, ska eg seia?» sa han. «Me eig heime i Haustseterfjellet og skal ut i Stuveknatten i bryllup. Men skal du plent setta fjøset dit i ferdesvegen vår då? Kan du ikkje setta det litt til sides, so kanskje me kan gjera deg ei benke att.» sa han. Han flutte på fjøset, og det angra han ikkje på, sa han sidan. Det gjekk so rae og raskt med den fjøsbygginga hans, at det var reint eit under, påstod han. NB. På Lunde var det ei tid to vaksne døtre, Anne Maria og Gunhild, som matstelte kvar si veke. Sugle vart altid skifta den tid, og arbeidsfolka likte dårleg Anne Mariaveka. Ho var stundom noko sparsommeleg ho. Men dei gledde seg til Gunhildveka, for den var betre. Elles var ikkje husmennerne her i bygden meit undselege emm at dei gjerne sa i frå, helst på ein litt humoristisk måte, kva dei syntes. Ein husmann under ein annan gard sa soleis, då han såg osteskiva si med mør på: «Det er rart korleis augo at ein kan forandre seg. I går såg eg mest ikkje smøret på brødet mitt, men i dag kan eg nesten sjå Tintonåsen gjenom osteskiva mi.» Men alt i alt var det nok her i bygden eit godt forhold millom gardmannen og husmennene. Ja, dette er det som min avlidne far vilde svara og fortelja, om spørsmåli ha vore retta til han. M.L. TILLEGG: 4

Nedskriverens navn: Lærar Martin Lundstein. Adresse: Bruflat. Fødselsår 1872 Fødested: Etnedal. Er det egne opplevelser som skildres? fortellerens navn Hvis de gjengir en annens beretning oppgi da Adresse Fødselsår Fødested A I dei allerfleste høve var bonden eigar av både jord og hus på husmansbruki. Men i ymse høve, soleis heime hjå oss, eigde bonden jordi og vyrkje i husi, men husmannen kostnaden med bygging av husi og opdyrking av jordi. Nokon viss part var der aldri tale om, kor kvar av dei eigde. Når husmannen fråflutte, vart han og bonden minneleg samde om kor stor summ husmannen skulde løysast ut med, eller dei valde kvar sin mann til å fastsetja løysesummen. Då far flutte, vart han og bonden samde utan millommenn. Det var då avgiften vart fastsett i pengesvarelse at avgifta vart firdobla. Avgifta solenge der var arbeidssvarels, var jo sers liti. Far flutte tile igjen gard i 1908. Hadde då vore skogbestyrar i over 30 år. Plassen han hadde medan han var husmann, heitte Lien. Ikkje Lundsetin. B C D E Husmennene vart aldri bedt til lag på andre gardar enn den gard dei høyrde til, med mindre det vat slektning som held bryllup eller der vart halde gravøl over. I det høve kunde dei bli bedne sjølsagt. Der var vanleg omgang millom husmann og bonde, pålag som no millom større gardmenn og arbeidsfolk. F G 5

Det var alltid omgang husmenn og husmenshuslydane saman. Sjel dan eller alddri kan ein minnast at der var slik knute på tråden, at dei måtte vera kvar for seg. Ein kan vell ikkje seia at far var «ein merkeleg og betydeleg mann», Men han hadde vist god greie på arbeidet sitt, og folk hadde tillid til honom. Han vart difor vald inn i eit og anna yrkje, soleis var han fleire år med i heradstyret, og i lang tid takstmann i bygden for Hypotekbanken. Då han slutta som skogbestyrar for dei to firma han hadde vore i tenest hjå, fekk han av dei ene gullur med kjede, og av det andre 30 mål gid arbeidsjord. som no er ein fin liten gard. Om me sjøl er det vist heller ikkje så mykje å fortelja. Men når De spør, får eg fortelja at egn o er 83 år gamal Etter folkeskulen (20 veker om året) gjekk eg amtskulen i Valdres to vintrar. Kom deretter inn på Asker seminar og var feridg der, var skuleposten i mi heimegrend ledig. Den fekk eg då og vart der i 45 år. Eg måtte sjølsagt vera med i eit og anna ogso utanom skulen, soleis nokre bolkar i sheradstyret, derav nokre år som ordførar. I skulestyret, og likningsnemd, i forliksråd, i vergeråd osb. Mange gåvor fekk eg i mi lærartid: soleis ei veggklokke. Kaffeservise., sylvspadserstokk. I dus sylvgaflar, Ljoskrone og mange mindre ting. Og det verste av alt: Då eg slutta som lærar, kom skulestyreformannen og fleire av skulestyret og mange av lærarne og hengde på meg ein medlaje, som dei sa var frå sjølve kongen. Eg sa nei, og meinte dei gjekk feil og retteleg skulle til ein eller nnan, som hadde meir fortent det dei der kom med. 6