På grunn av Terrasaka må me vera varsame i prioriteringane våre til me får skuta på rett kjøl. Likevel må me passa oss slik at ikkje kua døyr medan

Like dokumenter
PROGRAM FOR VIK VENSTRE KOMMUNEVALET

Fengsel Kino Skitrekk Skuleekspress Vikafjellstunnel

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

SOGN driftig raus ekte

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Program for. Sykkylven Venstre

Sandeid skule SFO Årsplan

Til veljarane i Tysnes

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Til deg som bur i fosterheim år

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Program OSTERØY HØGRE

Politisk program for Jølster KrF

Hemsedal KRF Program

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Med god informasjon i bagasjen

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

«Ny Giv» med gjetarhund

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

ETNE VENSTRE

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Program for. Årdal Venstre

Kommunevalprogram. Vik Senterparti

Ulvik Arbeiderparti Program

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Utfordringar hurtigbåt og ferje i Sogn og Fjordane. Øystein Hunvik, seniorrådgjevar kollektivtrafikk ved samferdsleavdelinga

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Rådgjevarkonferanse 2009

SOGN driftig raus ekte

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Barnehageplan for Vinje kommune

Eit ord - ein stein i ei kald elv. Ein stein til eg må ha fleire steinar skal eg koma over. Olav H. Hauge

SANDØY KOMMUNE 2020 REFERAT FRÅ FRAMTIDSPRATSAMLINGA 12. NOVEMBER Anne Lise Börlin - Flytta ut 16 år gamal og kom

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

heile VIK Program VIK HØGRE VISJON

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Program for Masfjorden Venstre

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Ny kommune i Sogn Sogn kommune. Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Program for. Seljord Venstre

Oversyn over økonomiplanperioden

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Møteprotokoll. Sakliste

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Informasjonshefte Tuv barnehage

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Ditt liv, ditt val! Innleiing

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Mål for arbeidet denne kvelden

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Transkript:

Få fart på Vik!

ØKONOMI OG STYRING På grunn av Terrasaka må me vera varsame i prioriteringane våre til me får skuta på rett kjøl. Likevel må me passa oss slik at ikkje kua døyr medan graset gror. Ei stemme på Vik Venstre er ei stemme på næringslivstankegang og sunn økonomi-styring. Venstre vil ha: - Få attende utvals- og nemndstrukturen i kommunen slik at politikarane kan driva med politisk arbeid. - Gjennomgang av delegasjonsreglementet. - Fokus på gjennomføring av politiske vedtak. - Gjennomgang av anbodsrutinene i Vik kommune. - Fleire kvinnelege leiarar i administrasjonen, fleire menn i skular/barnehage. - Eigedomsskatten:ein trinnvis reduksjon av eigedomsskatten til den er borte for godt, heile tida innanfor det som er ansvarleg og realistisk (Me ser på eigedomsskatten som den mest usosiale av all skattleggjing). - Meir open sakshandsaming. - Spørjetime i kommunestyret og direkteoverføring av kommunestyremøta på nett - Åremål på leiarstillingar i kommunen - Ein meir open og inkluderande kommune der ein tek innbyggjarane med på råd før viktige avgjerder - Ein meir informerande kommune der ein og har faste samtaler med innbyggjarane ute der innbyggjarane er. - dugnadsånd: støtta tiltak til personar som rettar opp ei hand og vil gjera noko sjølve.

Gyda Bøtun og hunden på tur med Vik Turlag. 2. plass på Venstrelista.

Gjertrud Samland på Broadwayscena i Vikjahalli. 3. plass på Venstrelista.

SKULE OG BARNEHAGE Det er avgjerande for eit bygdelag at ein har skule/barnehage og butikk. Alt heng i hop med alt. - Oppretthalda skular og barnehagar i alle bygder. - Samarbeid heim/skule elektronisk på felles programløysingar i heile kommunen. - Styrka Distriktsaktiv skule, samarbeid mellom næringslivet og skulen. - Sats på skulen, snu Sogn -prosjektet må fylgjast tett for å gje utvikling i kommunen - Prioritera IKT i skulen. - Pendlarbåt til Sogndal/Leikanger for alle skuleelevar og pendlarar, med tilknytingsskyss frå alle bygdene. - Samarbeida med Vik Fengsel om lærekrefter for å etablere eit tilbod om vidaregåande utdanning i Vik. - Starta prøveprosjekt med fjernundervisning i einskilde fag. FLYTTE HEIMATTE? Alle kommunar drøymer om at dei som har flytta ut skal koma heimatte. At vi som bur her trivst er grunnlaget for at vi vert gode ambassadørar for heimbygda. - Invitera utflytte på heimatte -kveldar. - At internettsidene til Vik kommune skal vera mellom dei beste og oppdaterte. - Vera aktiv på internettportalen www.framtidsfylket.no. KULTUR Å satsa på kultur vil gje mange gonger innsatsen tilbake i form av rikare liv, auka trivsel, høgare verdiskaping og nye arbeidsplassar. - Prioritera støtte til born og unge framfor vaksne. - Ha kinoen opp og gå (der ein prøver å oppdatera den til dagens kinonivå). - Ha fast dekke på Vik Stadion i valperioden. - Ha flytebryggje m/stupetårn (ved Kristianhus). - Prioritera tiltak med ressurspersonar der dugnadsånd og idealisme er byggjesteinar.

- Ha ein kulturkalendar som fungerar med minimum 6 utgåver pr. år ved annonseringeller flygeblad og som er kontinuerleg oppdatert på internett. - Ha kulturskule med eit vidtfemnande tilbod (idrett, song, musikk, teater, dans m.m.) - Ungdomsklubbar slik ungdommen vil ha dei. NYE TYPAR ARBEIDSPLASSAR Om 10-15 år har 80% av folket i Noreg høgare utdanning. Korleis skal Vik kommune få del i denne utviklinga? - Me har arbeidsplassar for folk med høgare utdanning innan service, industri og landbruk - Men me må også satsa på etablerarar/vidareutvikling av eksisterande småverksemder innan til dømes matproduksjon, IKT, arkitektur, design, ingeniørtenester, reiseliv m.m. Vekstpotensialet her er undervurdert og Vik kommune må satsa på desse. - Vik Venstre vil etablera næringshage og styrka samarbeidet mellom næringsavdelinga i Vik kommune og næringssamskipnaden. - Vik Venstre vil at alle deler av Vik kommune skal ha tilrettelagt næringsareal. REISELIV - Vik kommune må ha eit hotell. - Forvalta Vik kommune sin del av Nærøyfjorden Landskapsvernområde slik at den kjem reiseliv og turisme til gode. - Nytta Vik Skisenter / Vik Aktivitetspark aktivt i marknadsføringa av Vik som reiselivskommune. - Stø arbeid for betre samarbeid og marknadsføring innan reiselivet. - Stø arbeid med betre tilbod for omsetjing av turistvarer ved iland- og ombordstiging når cruiseskip ankrar opp. MILJØ FOLK VIL BU DER DEI TRIVST! Venstre vil: - Ha ein rein og ryddig kommune, bort med alt skrot. - Samarbeida med Sognekraft og bondelaga for å etablera høgare minstevasstand og redusera utsleppa i Hopra/Vikja. - Få større fokus på miljø og miljøspørsmål. - Arbeida for å få etablert ladestasjon for el-bilar. - Utarbeida miljørekneskap i Vik kommune.

Jan Albert Loopstra i frisk bris på Sognefjorden. 4. plass på Venstrelista.

LANDBRUKET Landbruket har lange og gode tradisjonar innan Vik kommune. Eit sterkt landbruk må også høyra framtida til sjølv om satsingsområda endrar seg. - Leggja til rette for styrking og vidareutvikling av landbruket. - Støtta tiltak som gir auka verdiskaping på det einskilde bruk. - Støtta tiltak som er med på å auka økologisk produksjon. - Ha auka fokus på gardsturisme og grøn omsorg. BUSTADER OG HYTTER Vik Venstre meiner at Vik kommune skal tilby attraktive tomter. God plass skal vera eit ekstra pluss ved å bu i denne kommunen. Vik Venstre vil leggja til rette for bustadbyggjing, også utanfor byggjefelt. - At kommunen til ei kvar tid må skaffa ei oversikt over hus til leige og eigedomar til sals i alle bygdelaga. Dette må samlast på heimesida til Vik kommune. - Leggja betre til rette for attraktive bustadtomter i kommunen. - Marknadsføring av ledige tomter og hus i alle bygdelag. - Etablera hyttefelt både ved fjorden og på fjellet. - Gjera det enklare med bustadbyggjing på landbrukseigedomar der det ikkje kjem i konflikt med gardsdrifta (skilje frå tomter utanfor byggjefelt). HELSE- OG SOSIALE TENESTER Også innan vår kommune kjem talet på eldre til å auke i åra framover, noko som vil setja sterkare krav til oss, i tillegg til dei me allereie har - Gje meir hjelp til dei som treng det mest. - At eldre må få bu heime lengst råd. - At fylkesgrensene ikkje må vera til hinder for å nytta det sjukehus som er mest tenleg.

Måljegaren Svein Erik Saglien i aksjon då Vik vann 14-0 5. plass på Venstrelista.

Morten Øystein Holmberg på friidrettsstemne. Ordførarkandidat for Vik Venstre.

SAMFERDSLE Det er viktig å leggja til rette felles bu-, arbeids- og studentmarknad med andre kommunar. - Ha tilpassa kommunikasjonar til Balestrand, Leikanger og Sogndal. - Ha fokus på effektive buss-, ferje- og båtruter (også pendlarbåt). - Stamveg/stabil vinterveg (Vikjafjellet/tunnel Galden). - Utbetring og opprusting av vegnettet i kommunen frå Fresvik til Arnafjord, eit vegnett som diverre er forsømt i fleire tiår utan at nokon har gjort noko med det. INDUSTRI Ulike typar industri har også vore leveveg for mange innan kommunegrensene i fleire generasjonar. Her har også utviklinga gått i nye retningar. - Gje gode rammevilkår for ei vidareutvikling av industriverksemdene i kommunen (t.d. VikØrsta, Fresvik Produkt og Linn Bad). - Opptre som aktiv eigar i vidareutviklinga av Sognekraft (Nei til sal av kraftaksjar). - Innta ei aktiv rolle i høve reforhandlingar av Statkraft/Vikfalli sin kraftkonsesjon. - Arbeida for utnytting av mineralførekomstane av anortositt og talkum, viktige råemne innan kommunegrensene (Når andre får storindustri av gråstein, då må me greia å få fart på så flotte og verdfulle mineral som anortositt og talkum). OMDØMME I tillegg til å vera ein serviceinstitusjon for alle innbyggjarane i kommunen er også Vik kommune den største arbeidsgjevaren. Dette gjer at Vik kommune må byggje denne merkevara frå to kantar, nøgde innbyggjarar og nøgde arbeidstakarar, der alle opplever at dei høyrer til i Vik kommune. Profilering på idrettsdrakter, høveleg skilting på kommunale arbeidsstader og aktiv bruk av kommuneflagget er eksempel på omdømmebyggjing.

POLITISK REKNESKAP - Vik Venstre meiner at ein i siste valperioden har fått markert mindretalet sine synspunkt. - Vik Venstre har arbeidt hardt for pendlarbåt til Sogndal. Fylkespartiet til Venstre har vore aktivt og teke opp saka. Venstre ville ha ruta i gang hausten 2011 medan fleirtalet diverre har fått saka attende til utgreiingsstadiet. - Vik Venstre tapte prioriteringsspørsmålet om å utvikle Vik Aktivitetspark før Strandpromenaden, men kunstgras fekk Venstre heldigvis på plass. stem venstre - FÅ FART PÅ VIK! Vik Venstre 1 Holmberg, Morten Øystein 2 Bøtun, Gyda 3 Samland, Gjertrud 4 Loopstra, Jan Albert 5 Saglien, Svein Erik 6 Aalien, Janne 7 Drægni, Svein Arne 8 Smedegård, Michelle Bøthun 9 Hove, Øystein 10 Feidje, Ragnhild Berge 11 Holstad, Einar Asbjørn 12 Bjørneklett, Eline 13 Fosse, Agnar 14 Sunde, Kari Wiken 15 Skoglie, Jan Erik 16 Mårdalen, Ingrid 17 Nesbø, Ivar Liste for kommunevalet i Vik kommune 2011-2015