VOLDA KOMMUNE Volda ungdomsskule Tur- og ekskursjonsplan for Volda ungdomsskule Siste redigering: 1.09.16 Høyring: Planen var ute til ny høyring på årsstega i august/ september 2015. Etter drøftingar i plangruppemøte og med tillitsvald i løpet av skuleåret 2015-16 og hausten 2016, er nokre få justeringar arbeidde inn i planen. *********************** Innleiing: I desember 2002 vedtok Stortinget ei ny presisering av lova om gratis grunnskuleopplæring for alle. Vedtaket vart sett i kraft 31. januar 2003. På bakgrunn av dette vedtaket var det nødvendig å utarbeide ny tur- og ekskursjonsplan for Volda ungdomsskule. Den nye 2 15 i opplæringslova slår fast at all opplæring skal vere gratis. Sitat: Elevane har rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgiftene i samband med grunnskuleopplæringa, t.d. utgifter til undervisningsmateriell, transport i skuletida, leirskuleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskuleopplæringa. I rundskriv F-14-03 er det presisert at forbodet mot å krevje eigenbetaling gjeld all verksemd i samband med opplæringa, også aktivitetar utanom ordinær skuletid. Det er 2-15 i opplæringslova og presisjonane av dette vedtaket som ligg i botnen for ny turog ekskursjonsplan for Volda ungdomsskule. Planen er lagt utifrå dei økonomiske rammene som kommunebudsjettet tilseier. Det er skuleeigar, altså kommunen, som skal finansiere planlagde turar og ekskursjonar. Lærar har ansvar for og skal ta del på heile turen eller ekskursjonen. Den tradisjonelle avslutningsturen på 10. årssteget både startar og endar i Volda. Det er ikkje høve til å planleggje og lengje ein skuletur med eit privat opplegg for heile klassen. Føre- og etterarbeid i samband med turar og ekskursjonar er rekna som vanleg undervisningsplanlegging. Lærarane skal gjere avtale med administrasjonen om kompensasjon og utgifter før elevane vert trekte inn i planleggingsarbeidet. Planen er å sjå på som ein rettleiande plan og som eit hjelpemiddel når halvårsplanane skal leggjast. Kvart årssteg må i si planlegging vurdere i kva omfang ein vil prioritere dei turane og ekskursjonane som er lista opp. Når det gjeld ei ev. klassekasse, gåver eller innsamlingar viser ein til vedlegg til planen. Planen tok til å gjelde frå hausten 2004. Postadresse: post.vus@voldaskulen.no www.voldaskulen.no/vus Postboks 263 Telefon: Org. nr: 6101 Volda 70074220 939 760 946
I samband med innføring av Kunnskapsløftet vart heile planen evaluert og redigert av ei evalueringsnemnd ved skulen. I nemnda sat tre elevrepresentantar, årsstegsleiarane, plasstillitsvald og undervisningsinspektør. Evalueringsarbeidet vart sluttført 29.01.07. Planen vart så send ut på høyring til aktuelle instansar. Merknadene som kom inn er tekne omsyn til i den endelege utforminga av planen. Ved oppstart av kvart skuleår vert planen evaluert av det pedagogiske personalet ved skulen. Klasseturar og ekskursjonar skal ha som mål å fremje læring, trivsel og sosial utvikling. Turane og ekskursjonane skal planleggjast i samarbeid mellom elevar og lærarar gjennom eit grundig førearbeid. Det skal setjast opp faglege og sosiale mål. Avtalar: For alle tilskipingar i skulen sin regi gjeld ordensreglane for skulen. For lengre turar eller ekskursjonar med overnatting skal det til vanleg setjast opp ein kontrakt som er utarbeidd av elevane og lærarane i fellesskap. Både elevane, føresette og lærarane skal signere kontrakten. (Sjå døme på punkt som kan vere med i ein kontrakt lista opp nedanfor) KONTRAKT For lengre turar og ekskursjonar skal det setjast opp ein avtale som elevar, føresette og lærarar skriv under på. Avtalen skal utarbeidast av elevane og lærarane i fellesskap. Nedanfor er lista opp fleire punkt som kan vere med i ein slik avtale mellom elev, kontaktlærar og heim. Kva punkt som er naturleg å ta med, vil variere alt etter kva type tur eller utflukt det er snakk om. Vise til ordensreglane ved skulen Definere kva framferd som er forventa Frammøte (tid og stad) Deltaking på fellesarrangement Bruk / ansvar for div. utstyr Arbeidsoppgåver Kor mange og kven som held lag på fritida Tidspunkt for ro Kontaktperson for føresette Dispensasjon frå avtalen Konsekvensar ved brot på avtale Side 2 av 8
8. årssteget Bli-kjend-tur utan overnatting - utvida skuledag til ettermiddag/kveld september / oktober Ansvarleg: Kontaktlærarar - verte kjend med andre elevar (sosial kompetanse) - ca. kr. 50 pr.elev. Føre- og etterarbeid/evaluering: -6 8 timar. Arbeidstid lærarar: maks.9.timar( t.d11-20). Halv dag avspasering for lærarar og elevar. Fjelltur for heile skulen i nærområdet - september - friluftsliv, bruke og oppleve naturen på ein positiv måte. - leggje inn eit felles stopp undervegs. Orientering i nærområdet Føre-/etterarbeid: - 2 timar - kartkunnskap - årssteget - sept./okt., ev. mai - Prestesætra - 1-2 timar / KRØ Skidag/aktivitetsdag lagt opp for heile årssteget eller klassevis januar/februar - oppleve leikeaktivitetar i snø. Lage og bruke løyper / bakkar. Kostnad. Føre- og etterarbeid: - 1-2 timar Stjernetelt i samband med temaarbeid om astronomi, 1 time per klasse - lære om astronomi og stjernehimmelen(naturfag, samfunnsfag) - kr 2000,- for å ha tilgang på teltet 1 dag Føre- og etterarbeid: - knytt til temaarbeidet om astronomi Skeisedag i nærområdet for heile skulen oktober / januar Skidag i nærområdet for heile skulen - februar/mars - friluftsliv (sosial kompetanse) - heile skulen - ev. transport (kr. 6000,-) / grilling (kr.200.-) Føre- og etterarbeid: - 1 2 timar Side 3 av 8
TINE-stafett på Ørsta stadion mai - kroppsøving (friidrett) - styrke klassemiljø Kvar klasse har med 1 kroppsøvingslærar og 1 kontaktlærar. Lærarar/elevar avspaserer 3 timar. Klassekontakter organiserer køyring. Fjelltur/sykkeltur i samband med eksamen. Klassenivå. (mai juni) på ein - sosialt, gjere noko i lag med dei andre i klassa,oppleve naturen positiv måte. - ev.grillutstyr (ca.kr.100.-) pr.klasse Føre- og etterarbeid: - 2 timar NB! Det er påbode å bruke hjelm på sykkelturen! Stadiondag for heile skulen juni. - sosialt, gjere noko på tvers av klassar, samarbeid. - grillutstyr ( ca.kr. 300.-), stadionleige (kr. 1000,-) Føre- og etterarbeid: - 1-2 timar. 9. årssteget Fjelltur for heile skulen i nærområdet - september Orientering i nærområdet - friluftsliv, bruke og oppleve naturen på ein positiv måte. - leggje inn eit felles stopp undervegs. - 3 timar - kartkunnskap - kompassbruk - årssteget - september/ oktober - Prestesætra Føre- og etterarbeid: - 1-2 timar / KRØ Skeisedag i nærområdet for heile skulen desember / januar Side 4 av 8
Open dag VGS Ørsta: yrke på eit - ca. kr. 7000,- Føre-/etterarbeid: - 1 time - å gjere elevane betre i stand til å velje vidaregåande skule og gjennomtenkt grunnlag ut frå eigne interesser - heile årssteget - veke 11, ein dag - VGS Ørsta Open dag VGS Volda: yrke på eit Føre-/etterarbeid: - å gjere elevane betre i stand til å velje vidaregåande skule og gjennomtenkt grunnlag ut frå eigne interesser - heile årssteget - veke 11, tre timar - VGS Volda - Ingen - 1 time Skidag i nærområdet - februar/mars - friluftsliv, (sosial kompetanse) - heile skulen - ev.transport (kr. 6000,-) / grilling (kr.200.-) Føre- og etterarbeid: - 1 2 timar TINE-stafett på Ørsta stadion mai - kroppsøving (friidrett) - styrke klassemiljø Kvar klasse har med 1 kroppsøvingslærar og 1 kontaktlærar. Lærarar/elevar avspaserer 3 timar. Klassekontakter organiserer køyring. Friluftstur mai/juni: Ansvarleg: Kontaktlærarar/Kr.øvings-/Mat&helse-lærarar - friluftsliv (sette opp lavo, pakke sekk, lage leir m.m.) (kr.øving) - styrke klassene sosialt/ skrive kontrakt (kontaktlærarar) - lage mat på stormkjøkken (mat & helse) - kr. 50,- pr. elev (til mat) Føre/etterarbeid/evaluering: - 6-8 t. Kontaktlærarar ettermiddag-kveld/overnatting (17-10). Avspasering for elevar/lærarar Tema/prosjekt : 2. verdskrigen i Volda. - auke lokalkunnskapen/historie - kr. 500,- Side 5 av 8
Stadiondag for heile skulen juni. - sosialt, gjere noko på tvers av klassar, samarbeid. - grillutstyr ( ca.kr. 300.-) Føre- etterarbeid: -1-2 timar. 10. årssteget : Hospitering VGS Volda/Ørsta, ev. Ulstein/Herøy - prøve ut minimum to utdanningsprogram - heile årssteget - veke 45/46/47 - VGS Volda/Ørsta - ca. kr.5000,- Føre-/etterarbeid: - ca. 6 t Karrieredagen: eit Føre-/etterarbeid: norsk. - å gjere elevane i stand til å velje vidaregåande skule og yrke på gjennomtenkt grunnlag ut frå eigne interesser - heile årssteget - september - Volda (Vitjing på HVO er med i dette opplegget) - 2-6 timar. - Skriving av rapport (PRYO-rapport) innleveringsarbeid i Fjelltur for heile skulen i nærområdet - september - friluftsliv, bruke og oppleve naturen på ein positiv måte. - leggje inn eit felles stopp undervegs. Skeisedag i nærområdet for heile skulen desember - februa Orientering i nærområdet - 3 6 timar - kartkunnskap Føre-/etterarbeid: - kompassbruk - friluftsliv - årssteget - september/ oktober - 1-2 timar / KRØ Side 6 av 8
Skidag i nærområdet, -februar/mars - friluftsliv, (sosial kompetanse) - heile skulen - ev.transport (kr. 8.000) / grilling (kr.200) Føre-/etter arbeid: - 1 2 timar Vitjing i Ivar Aasen tunet. Føre/etterarbeid: - kunnskap om språk og litteratur (språkhistorie og dialektar). - haust - Kultursekken - 1-2 t Musikal (musikklinja) VGS. - kunnskap om linje i vidaregåande skule, sjå og lære. - inspirasjon til GP og vidaregåande utdanning - kultur. - februar/mars - Ørsta kulturhus - ca. kr. 5000,- Føre/etterarbeid: - 1 time Avslutningstur. Føre/etterarbeid: - fellesskap gjennom sosiale og faglege/kulturelle opplevingar - våren / ei overnatting (15-10) Kontaktlærarar ansvar saman med faglærarar - Overskotet etter matsalet på Bli-kjent-kvelden og under GP vert delt på 10.klassene etter tal på elevar i klassene. - planlegging på årssteg og i klassene Side 7 av 8
Vedlegg til Tur- og ekskursjonsplan Klassekasse, innsamlingar og gåver: Rundskriv F-14-03 opnar for at det er lov å ta imot gåver. Men, heiter det (sitat): Gaver og andre bidrag må være reelt frivillige. Verken elever eller foreldre må føle seg presset til å bidra økonomisk..og litt lenger ute: Gaver og andre bidrag må brukes slik at de kommer hele gruppen/klassen eller flere til gode. (Sitat slutt) Foreldrestyrt klassekasse: Dersom foreldra ønskjer det, kan dei opprette ei klassekasse. Organiseringa rundt ev. innsamling / inntente midlar må i denne samanheng følgje retningslinene gitt i rundskriv F-14-03 (sjå ovanfor). Midlane i klassekassa skal ikkje reknast inn som basisfinansiering av planfesta turar / opplegg. Pengane i ei slik klassekasse skal kome heile klassa til gode og nyttast til sosiale tiltak Premiar: Fleire klasser tek del i ulike konkurransar som vert utlyste. Vi ser det som rett at pengar frå premiar skal kome den enkelte klasse til gode. Dei går då inn i ei ev. eksisterande klassekasse, eller det vert oppretta ei klassekasse. ************************ Pengar som kjem frå klassekasse, premiar, innsamlingar eller arrangement, kan ikkje i nokon samanheng nyttast til å løne lærarar. Volda ungdomsskule, 16.08.16 Inger-Anne Kvamme, rektor Side 8 av 8