Sluttrapport Sherpasti MALMANGERNUTEN

Like dokumenter
MELDERSKIN - sikring Skarsklyp Sluttrapport

FOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE

Turstiar i Kvinnherad

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Sandeid skule SFO Årsplan

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Vintervèr i Eksingedalen

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

REFERAT: Svalbardtur 28. februar 3. mars 2017

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Elevundersøkinga 2016

Medverknad: Samtaler med turgrupper

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Til deg som bur i fosterheim år

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Ferieavvikling sommaren Evaluering

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Bjørnehiet SFO - informasjon

Frå dikt til teikneserie

SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE,

Reglar og retningslinjer for organisering og gjennomføring av Dana Cup

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Årsmøte 2012 Ænes og Mauranger Bygdalag

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

10. Soknerådsmøte november Referat

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

ÅRSRAPPORT BYGDEUTVIKLINGSLAGET NYE BREMANGER 2013

Stiprosjekt til Madonnaen ved Trillemarka, Eggedal Vestfjell

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Austevoll kommune. Møteprotokoll ELDRERÅDET. Møtedato: Møtetid: Kl. 10:00. Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Saksnr.

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Vel nynorsk for barnet ditt!

Ei av dei mange hengebruene

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Arbeidstilsynet visar til søknad datert 28. april 2017, tilleggsopplysningar mottatt 19. juni 2016 og telefonsamtale 10. juli 2017.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2015/2016

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Sommartur til Sverige,

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2017

Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort

Søknadsinfo:

Presentasjon

Årsmøte Ænes og Mauranger Bygdalag

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Årsmelding for styret i Omvikdalen Idrettslag 2012

Skrivekurset på Voss Januar 2002:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2018/2019

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Årsmøte 2014 Ænes og Mauranger Bygdalag

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Månedsbrev for April

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

VEKEPLAN 6. trinn, veke 11

Velkomen til konfirmanttida

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Årsmøte 2016 Ænes og Mauranger Bygdalag. Søndag 5. mars kl I Samfunnshuset

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Bruk av driftsmidlar Frifond

Årsmøteprogram APRIL

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Ad hoc arbeidsgruppe i Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som

Strategiplan

Hallo i nedslagsfeltet!

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

Sluttrapport for første år av restaurering drifteveg Sunndalen

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen MAT1001 Matematikk 1P-Y. Programområde: Restaurant- og matfag. Nynorsk/Bokmål

OK, seier Hilde og låser.

Jon Fosse. For seint. Libretto

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Transkript:

Sluttrapport Sherpasti MALMANGERNUTEN Fakta: Start måndag 23.05.2016 - slutt onsdag 22.06.2016. 121 høgdemeter - frå 521 moh til 642 moh. 237 lengdemeter sikra stitrasé. 591 trappetrinn. Berre stein frå staden. Eitt trinn skal på plass - i eit imponerande samarbeid. Det er utruleg kva sherpaene maktar med dei store spetta, Jumbal på sherpaspråk. Populærnamnet Nepali-gold seier litt om kor viktig spettet er som arbeidsreidskap. Takk! Side 1

Saka gjeld, litt frå søknaden vår om økonomisk støtte: MALMANGERNUTEN - eit fjell midt i bygda - Malmangernuten er eit populært turmål Mellom Hjort og Høyklepp er det diverre blitt stor slitasje, sleipt og vanskeleg å føta seg. Vi har fått melding om stygge fall og skader. Rosendal Turnlag - turgruppa RT-turgruppa arbeider for trygg ferdsel i dei T-merkte rutene kring Rosendal. Sherpaer frå Nepal Sherpaer har sumaren 2015 lagt om stien ved rasutsette Skarsklyp i Melderskinruta. Tilbakemeldingane frå fjellvandrarar har vore overveldande positive og takksame. No ynskjer vi å vidareføra samarbeidet med desse fagfolka. Sonam Sherpa er leiar for sherpaene i Noreg. Han har vore på befaring, og seier at dei vil prioritera dette sikringsarbeidet i 2016. Side 2

Desse fire sherpaene kom direkte frå Everest-regionen til Rosendal og Malmangernuten. Dei sette stor pris på å få bu i ei av Folgefonn Feriegard sine moderne fjordhytter, med alle nødvendige hjelpemidlar som oppvask- og vaskemaskin, TV og internett. Det er langt til sjøen frå heimbygda Khunde i Nepal, 3.840 moh, så nærleik til fjorden er ei stor oppleving for dei. Kami og Dorje fekk sin fyrste båttur. Side 3

Arbeidskarane vart køyrde til Skeie kvar morgon kl 07:00 og henta ned att 18:30. Gangtid til arbeidsplassen var 0:45 time kvar veg. Dei hadde ein halv time pause to gonger dagleg. For å kvila ut etter tungt arbeid, gjekk dei til ro kl. 21:00 kvar kveld. Sundag var fridag. Side 4

Ved befaring saman med Sonam 09.09.2015, vart det bestemt at eksisterande trasé var best eigna for sikring. Fyrste arbeidsdag 24.05.2016 studerte sherpaene både trasé og steindeponi på ny. Sonam bekrefta det han hadde sagt i fjor: " Four Sherpas, four weeks; no problem" Sherpaene starta arbeidet med å samla stein. Laurdag 28.05 flytta Fonnafly 53 BigBag og 36 enkeltsteinar fram til arbeidsområdet langs stien. Sherpaene hadde på førehand planlagt kor kvart einaste av dei 89 hiva skulle plasserast langs stien. Dei som hekta på visste i kva rekkefylgje helikopteret skulle få hiva. I det bratte lendet med mykje tre måtte helikopteret bruka spesielt lang line. Ei utfordring for stibyggjarane var dei kraftige røtene som måtte fjernast. Ved røtene var det òg mykje mold som måtte vekk, slik at trappetrinna kunne forankrast i fjell. Slik gjekk det med meir stein enn berekna. Laurdag 11.06 flytta Fonnfly ekstra 31 BigBag og 10 enkeltsteinar. Det internasjonale samarbeidet mellom pilot og bakkemannskap var imponerande. Nokre karar gjorde ein solid jobb med å rydda skog slik at helikopterpilot og sherpaer fekk arbeidsrom. Side 5

Eit nøye planlagt steinkaos vart forandra til ein behageleg gangveg, i eit hengjande bratt terreng. Helikopterpiloten vog den største steinen til 1.100 kilo. Side 6

Før og etter på same staden. Som vi ser har sherpaene gjort ein formidabel gartnarjobb. Dei har ikkje berre planta til sitt eige anleggsområde, men også reparert skadane frå tidlegare. Side 7

Tysdag 21.06.2016 klokka 18:00 var det høgtideleg opning. Klatretauet som var brukt for å sikra steinar i krevande arbeidssituasjonar vart då skore over av arbeidsleiar Sonam, med jentene i turgruppa og tre sherpaer som "tauvitne". Meir enn 100 personar prøvegjekk den restaurerte stien denne kvelden. Nedanfor ser vi opningsstaden tre veker før, i ufyseleg ver. Geirr Vetti seier at steinarbeid i bratt lende går 30-50 % seinare i regn, men heldigvis fekk vi mest berre opphald. Ein regnmorgon venta sherpaene litt med å gå opp, men så tok dei ut likevel: "We will try, we need training", sa dei. Ja, dei hadde nok bruk for trening...! Tilsaman gjekk dei opp 25 gonger og ned 25 gonger. Ofte med tunge bører. Side 8

Organisasjon og økonomi Prosjekt "Sherpasti Malmangernuten" vart gjennomført i eit samarbeid med Kvinnherad kommune, med utlysing gjennom DOFFIN, anbudsfrist 25.04.2016. Geirr Vetti sitt firma Stibyggjaren As var einaste tilbydar, og då som totalentreprenør. Stibyggjaren As inngjekk avtale med Kvinnherad kommune, samla pris kr 600.000,- eks. mva. Utbyggjar: Rosendal Turnlag-turgruppa. Kåre Eik, dagleg oppfølging. Byggherre: Kvinnherad kommune. Per Inge Naterstad, byggherrens representant. Totalentreprenør: Stibyggjaren As. Geirr Vetti, totalentreprenørens representant. Rosendal Turnlag-turgruppa og Kvinnherad kommune inngjekk "Avtale om anleggsbidrag". Det går ut på at utbyggjar skal yta eit anleggsbidrag tilsvarande byggherren sine kostnader. Oppsummering for fire veker arbeid, 23.05.2016-22.06.2016 4 sherpaer arbeidde 10 timar kvar dag 6 dagar i veka, timepris kr 450 eks. mva. Alle postar nedanfor er eks. mva. Grunna nokre uventa gåver i sluttfasen, er Turgruppa sin kontante eigenandel mindre enn budsjettert. Nøkternt rekna er det brukt 340 dugnadstimar til prosjektet. Stibyggjaren As: 494.892,00 Steinarbeid, kost, losji, køyring, administrasjon, rigg og drift 105.108,00 Fonnafly As 600.000,00 Fakturert til Kommunen med refusjon frå Turgruppa 10.394,00 Turgruppa, divers utgifter 610.394,00 UT 606.000,00 Gåver 4.394,00 Turgruppa sin kontante eigenandel 610.394,00 INN Takk for økonomisk støtte frå: Skeishagen velforening Skeishagen burettslag Seimsfoss helselag Rosendal helselag Rosendal Turnlag hovudlag Rosendal Fjellstreif Kvinnherad Turlag Bergen og Hordaland Turlag Kvinnherad kommune BIL Berler ll Yngve Bryn Folgefonn Feriegard Fredheim Blomster Fredheim Gartneri Galleri G Guddal Harding Safety Hydro Husnes Byggfirma Kjell Høyland Kvinnherad Energi Knut Mehl Rosendal Bygg & Varme Rosendal Fjordhotel SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad Statkraft Sunnhordland Kraftlag Andre gode vener av Turgruppa Takk også for velvilje frå Hatteberg- og Guddalsdalen grunneigarlag, grunneigarane på Skeie, Kvinnherad kommune. Side 9

Klokka 18:00 tysdag 21. juni 2016 var engasjementet vårt med sherpaene slutt på Malmangernuten. Eit solid arbeid som skal sikra fjellvandraren i hundrevis av år var fullført. Tillegg: Sherpaene har etter kvart fått internasjonalt ry på seg for å vera verdas beste stibyggjarar i bratt lende. Også denne gongen har det vore ei stor glede og ære å bli kjent med desse heidersfolka frå ein framand kultur. Ikkje berre er dei handverkarar av ypperste klasse, men samarbeid om planleggjing og organisering har vore gjort på ein praktisk og ærleg måte, i stor tillit til kvarandre. Det er kjent at sherpaene er oss overlegne genetisk med omsyn til lunge-, hjarte- og muskelkapasitet, men vi må heller ikkje gløyma dei store resursane dei synest å ha inne i hovudet. Alle utfordringar og vanskar som har oppstått undervegs er blitt løyst på forbiledleg vis. Dei viser stor omsorg, både seg imellom og overfor andre. Som buddhistar ber dei mykje, og har stor respekt for alt i naturen. Ansvarlege frå Turgruppa har vitja dei på arbeidsplassen minst annankvar dag, og elles hatt dagleg kontakt. Jamnleg har dei også hatt besøk av andre turgåarar, medbringande litt godsaker, ros og oppmuntring. Under helikopterflygingane hadde vi vakter både i Svartedalen og på Hjort. Også ved anna spesielt farleg arbeid har vi delvis hatt vakt i Svartedalen. Det har vore oppsett plakatar om fare på strategiske stader, og om at fjellet var stengt i ein periode. Turistkontor og resielivsbedrifter har fått jamnleg informasjon. Helikoptersekker og slingsar har vi henta på Nå i to omgangar. Samarbeidet med Buførevegens vener har vore trygt og godt, som det også var på Melderskin. Tysdag 14. juni vitja Sonam og Morten Mauranger skule si Nepal-framsyning, med innsamling til fattige born i Nepal. Sherpaene har fått servert åtte middagar privat. Sundagane har dei for det meste nytta til kvile, men dei har også fått oppleva gartneri, steinpark, baroni, galleri, båttur, bilturar, m.m. At dei sjølve fekk vera med og handla på Eurospar var også ei oppleving for dei. Dei fekk med seg ein minnepenn med 160 bilete frå arbeid og opphald her. Takk! ROSENDAL TURNLAG - TURGRUPPA Morten Nygård, leiar Kåre Eik, prosjekt Malmangernuten Side 10