Dykkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato 2012/ Astrid Mogstad Høivik

Like dokumenter
Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

Oppretting av ein ny skulekrins som inkluderer Bjørke og Viddal får ingen konsekvensar for skulekrinsane Lid/Mork, Folkestad og Dalsfjord/Ulvestad.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Lovlegkontroll av vedtak om nedlegging av Stongfjorden skule og nye krinsgrenser

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Dykkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato 2013/ Gunhild Eidsli

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Skulebruksplan

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 091/14 Levekårsutvalet PS

Lovlegkontroll av vedtak om nedlegging av Dalen skule

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

SUtDAI K O M M O N E STABEN. Levekårsutvalet i Suldal handsama dette i møtet og gjorde slikt vedtak:

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Rosendal ungdomsskule

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Rådmann. Sjå adresseliste /63-4 A20. HØYRING - SKULESTRUKTUR VALLE KOMMUNE

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Fjell kommune Arkiv: 212 Saksmappe: 2014/ /2014 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

TILSYNSRAPPORT Ullensvang herad, Kinsarvik skule

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 041/2019 Formannskapet PS Kommunestyret

Rådmannen - Samfunnsutvikling Vår ref: 2015/ Dato:

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Høyringsuttale endring i opplæringslova nytt kapittel om skulemiljø

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Høyringsdokument. Framlegg til revidert rettleiande forskrift om krinsgrenser for grunnskulane i Stord kommune

Høyringsrapport - skulestruktur

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Elev- og lærlingombod i HFK

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 11:00 Møteslutt: 14:00

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Elevundersøkinga 2016

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq ertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwer tyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiop

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Ad Hoc utval - Skuleutvalet

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

Høyring - Framlegg til endringar i forskrift til opplæringslova - om skulen sitt høve til å regulere sykling på skulevegen m.m.

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2019/ /2019 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Erfaringsdeling

Endeleg TILSYNSRAPPORT

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Transkript:

Surnadal kommune Rådmannen Elevrådet ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter Tilsette ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter Utdanningsforbundet i Surnadal v/ Aase Vedul Moen FAU ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter Skulemiljø- og samarbeidsrådet ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter Einingsleiar ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter PPT for Surnadal, Rindal og Halsa Dykkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato 2012/2583-3 Astrid Mogstad Høivik 13.12.2012 Høyring - Forslag til ny forskrift for ny skulekrins for Bæverfjord skule og Bøfjorden skule, og samanslåing av Bøfjorden skule og Bæverfjord skule, lokalisert på Bæverfjord skule frå hausten 2013 Vedlagd er samla saksframlegg for høyringsforslaget frå Surnadal kommunestyre til ny forskrift for skulekrinsane for Bæverfjord skule og Bøfjorden skule frå 01.08.13. Ny forskrift for Bøfjorden og Bæverfjord skulekrins frå 01.08.2013: a) Bøfjorden skulekrins og Bæverfjord skulekrins frå 1974 skal frå 01.08.2013 vere ein skulekrins. b) Skulen skal vere lokalisert i skulebygget i Bæverfjord. c) Den nye skulekrinsen heiter Skulekrins for Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter. d) Alt skuletilbod etter Opplæringslova vil bli gjeve ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter i Bæverfjord. Dette vil vere ordinær grunnskuleopplæring for 1. -7.trinn, leksehjelp 1.- 4.trinn, fysisk aktivitet 5. -7.trinn og skulefritidsordning for 1.- 4.trinn. e) Eventuelt nye aktivitetar eller tilbod etter Opplæringslova vil bli gjeve på same stad. Forslaget blir sendt ut til høyring i dei ulike rådsorgana ved oppvekstsenteret, PPT og til arbeidstakarorganisasjonen Utdanningsforbundet i Surnadal. Det er høyringsmøte for foreldre/føresette og dei tilsette ved Bæverfjord skule onsdag 9.januar 2013 kl. 18.00. Frist for å kome med høyringsuttalar er sett til torsdag 31.01.13. Med helsing Astrid Mogstad Høivik kommunalsjef Kopi: Mons Otnes Knut Haugen Oddny Hoem Adresse: Bårdshaugvegen 1 E-post: post@surnadal.kommune.no Telefon 71 65 58 00 Bank 4202.38.40000 6650 Surnadal www.surnadal.kommune.no Telefaks 71 65 58 01 Org.nr 964 981 892

Surnadal kommune Arkiv: A00 Arkivsaksnr: 2012/2583-1 Saksbehandlar: Astrid Mogstad Høivik Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Hovudutval for oppvekst 33/12 22.11.2012 Kommunestyret 103/12 06.12.2012 Høyring - Samanslåing av Bøfjorden skule og Bæverfjord skule, lokalisert på Bæverfjord skule frå hausten 2013 Saksopplysningar Hovudutval for oppvekst gjorde i møte 24.10.12 følgjande vedtak: Ber administrasjon leggje fram sak på neste møte i OPP om å slå saman Bøfjorden skule og Bæverfjord skule med lokalisering på Bæverfjord skule frå hausten 2013. Grunngjeving: - Sette elevane i fokus - Godt læringsmiljø - Godt fagmiljø for dei tilsette. Bestillinga frå Hovudutval for oppvekst er å leggje ut til høyring ei sak med forslag om å slå saman Bøfjorden skule og Bæverfjord skule permanent ved Bæverfjord skule frå hausten 2013. Denne prosessen skal handsamast i tråd med rundskriv Udir 2-2012 av 15.03.2012. Der står det mellom anna at korkje opplæringslova eller anna regelverk har innhaldsmessige reglar for endring av skulestruktur. Avgjerder knytt til skulestruktur ligg i kjerneområdet av den kommunale handlefridomen. Slike avgjerder er ikkje eit enkeltvedtak etter Forvaltningslova. I kommunar som har forskrifter om skulekrinsar må det i tillegg til vedtaket om å leggje ned ein skule, også kome ei endring av forskrifta for skulekrinsgrenser, sidan området som soknar til skulen etter ei nedlegging må sokne til ein eller fleire andre skular i kommunen. Nedlegging av ein skule og endring av den kommunale forskrifta om skulekrinsar kan ein behandle som ei sak, etter reglane i forvaltningslova kap. VII om endring av forskrifter. Desse krava ligg til utgreiing, innhald og konsekvensar etter Forvaltningslova 37, første ledd: Utgreiinga i saksframlegget må gjere greie for bakgrunnen for forslaget, omtale av eksisterande reglar, kvifor kommunen meiner det er behov for ei ny forskrift og kva som er innhaldet i den nye forskrifta. Utgreiinga må også vurdere vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar forskriftsendringa kan få. Både utgifter, inntekter, innsparingar og praktiske konsekvensar som kan oppstå bør bli vurdert, og også kvifor denne endringa er betre enn andre alternative verkemidlar. Side 2 av 2

Kommunen må sende forslaget til ny forskrift til verksemder og organisasjonar som blir berørt for uttale etter Forvaltningslova 37, andre ledd. Dette blir kalla høyring, og hensikta er å gje dei som vil bli berørt, høve til å kome med synspunkta sine på forslaget. Det er kommunen sjølv som avgjer korleis høyringa skal bli gjennomført etter Forvaltningslova 37, tredje ledd. Det er mest vanleg å sende eit høyringsbrev, der høyringsinstansane blir bedne om å uttale seg, og det er mest vanleg med skriftlege høyringsuttalar. Fristen for høyringar er oftast om lag 2 månadar. Ved hast kan fristen vere kortare. Høyringsmøte kan vere hensiktsmessig i tillegg til den skriftlege høyringsprosessen. Vurdering Saksgang På bakgrunn av vedtaket i Hovudutval for oppvekst (OPP) foreslår rådmannen ein slik høyringsprosess: 1. Saka blir lagt fram for OPP 22.11.12 for eventuell tilråding til kommunestyret om utlegging av høyring eit forslag om å slå saman Bøfjorden skule og Bæverfjord skule frå hausten 2013. 2. Eventuell tilråding frå OPP om utsending av høyring blir lagt fram for Surnadal kommunestyre i møte 06.12.12. 3. Eventuell utlegging av høyring om å slå saman Bøfjorden skule og Bæverfjord skule frå hausten 2013 blir sendt til FAU, SSU og elevrådet ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter med høyringsfrist 31.01.2013. 4. Høyringsmøte med foreldre og tilsette på Bæverfjord skule i veke 2 i 2013. 5. Ny behandling i OPP 06.02.13 med tilråding til kommunestyret etter høyringa. 6. Endeleg vedtak i Surnadal kommunestyre 14.02.12. Grunna tilsettingsprosessar og omrokkeringar av tilsette, er det viktig å få på plass ei avgjerd da. Høyringsforslaget Bakgrunnen for forslaget Hovudutval for oppvekst gjorde i møte 24.10.12 følgjande vedtak: Ber administrasjon leggje fram sak på neste møte i OPP om å slå saman Bøfjorden skule og Bæverfjord skule med lokalisering på Bæverfjord skule frå hausten 2013. Grunngjeving: - Sette elevane i fokus - Godt læringsmiljø - Godt fagmiljø for dei tilsette. Omtale av eksisterande reglar I opplæringslova 8-1 heiter det at: 8-1. Skolen Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til. Kravet i 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje. Dette blir kalla nærskuleprinsippet. Den einskilde kommunen kan gi kommunale forskrifter om skulekrinsar. I Surnadal er krinsane fastsett i forskrifter for dei ulike skulekretsane. For Side 3 av 3

Bøfjorden skule og Bæverfjord skule vart denne skulekrinsen delt etter vedtak i skulestyremøte 30.01.1974, i sak 9/74. Kvifor kommunen meiner det er behov for ei ny forskrift Elevtalsutviklinga ved begge skulane i Bæverfjord og Bøfjorden viser at dei i perioden framover truleg vil vere svært sårbare. Sjølv om ein legg inn dei siste endringane, med 3 nye elevar i Bøfjorden til grunn i prognosane, vil elevtalet liggje kring 20 elevar eller mindre på dei to skulane kvar for seg. Bæverfjord har hatt ein periode med eit greitt elevtal, som tilsvarar 3 delt skule. Dette skilje har vore kring 30 elevar etter tidlegare rettleiande gruppedelingstal. Frå neste haust er elevtalet klart under 30, noko som vil tilsvare to - delt skule etter gjeldande praksis i Surnadal kommune. Bøfjorden har dei to siste åra hatt eit elevtal under 12, og vore i utgangspunktet udelt. Ulempa med udelte og to delte skular er at lærarane får mange årstrinn å undervise på same tid. Dette kan vere noko av grunnen til at det har vore krevjande å rekruttere lærarar og rektor til Bøfjorden skule dei siste åra. Det har kome søknad om overflytting frå Bøfjorden skule til Bæverfjord skule frå neste skuleår. I samband med rekrutteringsproblema våren 2012, fekk vi også signal frå foreldre i Bæverfjord om at dei hadde tankar om å søkje over barna sine til Øye skule dersom skulen blir to - delt. Ein har ei samorganisering av Bøfjorden skule og Bæverfjord ved Bæverfjord skule skuleåret 2012/13 etter vedtak i Surnadal kommunestyre 07.08.2012, sidan ein ikkje lukkast med å få på plass personale ved skulen etter to utlysingar. I sitt vedtak la Hovudutval for oppvekst vekt på tre viktige sider i vurderinga av ei samanslåing av Bøfjorden og Bæverfjord: 1. Sette elevane i fokus Barnekonvensjonen er teke inn i norsk rett ved menneskerettslova i 2003, og forpliktar kommunane til å leggje vekt på barnets beste, mellom anna i saker om skulestruktur. Artikkel 3 nr.1 peiker på at barnets beste er eit viktig omsyn i saker som gjeld barn: Ved alle handlinger som berører barn, enten de foretas av offentlige eller private velferdsorganisasjoner, domstoler, administrative myndigheter eller lovgivende organer, skal barnets beste være et grunnleggende hensyn. I vurderingane i heile saka har ein difor prøvd å vektleggje omsynet til skulebarna tyngst. 2. Godt læringsmiljø Side 4 av 4

Eit godt læringsmiljø handlar om mange faktorar som verker saman. Utdanningsdirektoratet seier dette om eit godt læringsmiljø: Forskning viser at god helse, trivsel og læring henger tett sammen. Her er det komplekse årsakssammenhenger, men tydelige positive korrelasjoner. Elever som trives på skolen og som har gode helsevaner, oppnår bedre skolefaglige prestasjoner. God psykisk helse og et positivt selvbilde har betydning for elevenes motivasjon, utholdenhet og læring. Elevenes personlige, sosiale og faglige utvikling og læring må ses i sammenheng. Dette er også i samsvar med formålet for opplæring, jf. opplæringsloven 1-1. For å skape eit godt læringsmiljø er det nemnt 5 viktige faktorar: God leiing, organisasjon og kultur for læring på skulen Læraren si evne til å leie klassar og undervisningsforløp Positive relasjonar mellom elev og lærar Positive relasjonar og kultur for læring mellom elevane Godt samarbeid mellom skule og heim Alle desse punkta er viktige og har betydning for læringsmiljøet i alle skular. God leiing, organisasjon og kultur Dei siste åra har ein i Surnadal kommune hatt auka fokus på leiing av skulane, og fleire tilsette i leiinga ved dei største skulane. Ein viktig del av omorganiseringa til oppvekstsenter var å etablere leirateam av einingsleiar, rektor og styrar. Erfaringane har vore gode, men det har ved dei minste skulane vore krevjande for rektor å arbeide med utviklingsarbeid mellom anna fordi det er få tilsette og vikariering. Klasseleiing og relasjonar mellom elev og lærar Mange forskarar peikar på at læraren er den viktigaste faktoren for elevane sitt læringsarbeid. Gode relasjonar mellom lærarar og elevar har myke å seie for relasjonane mellom elevane også. Alle elevar bør kvar skuledag få møte vaksne dei trivast med og har ein god relasjon til. Relasjonar handlar mykje om personleg kjemi, og det er viktig å trene på å vere saman med ulike menneske. Samtidig kan det vere tungt om ein gjennom 7 skuleår ikkje har vaksne ein trivst saman med. På mindre skular kan dette vere ein situasjonen som lettare kan oppstå. Positive relasjonar og kultur for læring mellom elevane Dette er ein viktig nøkkel uansett storleik på skulane. Utdanningdirektoratet utdjupar dette punktet, og seier mellom anna vidare: elevene har en kultur for læring og et læringsfelleskap der det er positivt å vere aktiv, og interessert i å gjøre sitt beste på skolen, aksepterer ulikheter og at det er lov å vere flink og å ha utfordringer, samarbeider og har felles opplevelser, føler seg inkludert, er trygg og har tillit, og forstår hvilken sosial kompetanse som blir verdsett og etterspurt. Fleire av desse områda må elevane trene på i fellesskap. Sosial kompetanse blir utvikla i samhandling med andre. Ein viktig relasjon er venskap. Jorunn Sletmark (2012) seier i boka Voksne skaper vennskap arbeid med inkluderende felleskap i skolen at : Lek og vennskap er selve livets skole. Gjennom vennskap erfarer barn å høre til et fellesskap utenfor familien. Her foregår grunnleggende læring av samspill, selvhevdelse og omtanke, barnet får lære "hvem er jeg sammen med andre". Små elevmiljø kan vere trygge og positive når ein deler interesser og har like læreførsetnader. Samtidig kan det gi mindre rom for vekst og utvikling. Fleire å spele på gir større mogelegheiter sosialt og fagleg. Det er viktig å dele opplevingar av samkjensle og interessefellesskap. Det kan vere lett å føle seg utanfor ettersom det kan vere få interessefelt som finst i elevgruppa. Side 5 av 5

Enkeltelevar kan av ulike grunnar, inklusive faglege og sosiale styrker, bli dominerande og få uønska makt over elevgruppa. Andre elevar kan oppleve å ikkje nå fram. Det er lett å bli sittande fast i roller og posisjonar. Større miljø gir meir rom for fleksibilitet og utforsking. Godt samarbeid mellom skule og heim Eit godt samarbeid med foreldra er svært viktig, nødvendig og heilt grunnleggjande for det gode læringsmiljøet for elevane anten skulane er små eller store. Kontaktlærarane er dei viktigaste i denne dialogen på skulane. Organisering av elevgrupper: Elevtal fordelt på årstrinn: Bæverfjord 2012/13 2013/14 Bøfjorden 2012/13 2013/14 1.trinn 4 4 1.trinn 5 4 2.trinn 0 4 2.trinn 0 5 3.trinn 3 0 3.trinn 1 0 4.trinn 2 3 4.trinn 2 1 5.trinn 7 2 5.trinn 2 2 6.trinn 3 7 6.trinn 4 2 7.trinn 7 3 7.trinn 0 4 SUM 26 23 SUM 14 18 Tala er oppjustert i høve søknad om utflytting og tilflytting pr. 22.11.12. Eit viktig område er også læringsfelleskap. Tala syner at det på fleire årssteg er få barn. Dette kan gje lærarane utfordringar med metodeval. Drøfting munnleg i grupper kring faglege spørsmål med jamaldrande vil vere utfordrande å få til. Med to - delte skular vil alders- og kunnskapsspennet i gruppene bli stort, og krevje stor grad av tilrettelegging frå lærarane. Diverre blir det ikkje fleire elevar i gruppene om tilrettelegginga er god. Både Bæverfjord og Bøfjorden vil kvar for seg ha eit elevtal hausten 2013 som tilsvarar to - deling. Organisering som to skular frå hausten 2013: Bæverfjord Bøfjorden 1.- 4.trinn - 11 elevar 1.- 4.trinn - 9 elevar 5.- 7.trinn - 12 elevar 5. - 7.trinn - 9 elevar Å tildele desse skulane meir ressursar for å gi auka deling, vil auke skilnaden i ressursbruk mellom skulane i kommunen. Dersom skulane blir slegne saman, vil ein få ein 4-delt skule, med mindre fagspenn og aldersspenn i gruppene frå hausten 2013: Organisering som ein skule frå hausten 2013: Bøfjorden og Bæverfjord 1.trinn - 8 elevar 2.trinn - 9 elevar 4.- 5.trinn - 8 elevar 6.og 7.trinn - 16 elevar Elevane kan få fleire jamaldrane å arbeide saman med fagleg, med berre 2 årstrinn saman. Samtidig viser elevtala at skulen samla sett framleis vil ha få elevar på enkelte trinn, og vere sårbar, men ha litt større spelerom. På 2.trinn er det ikkje elevar i dag. 3. Godt fagmiljø for dei tilsette Side 6 av 6

Surnadal kommune har som arbeidsgjevar ei plikt etter arbeidsmiljølova til å sikre alle tilsette eit godt arbeidsmiljø. 4-1. Generelle krav til arbeidsmiljøet (1) Arbeidsmiljøet i virksomheten skal være fullt forsvarlig ut fra en enkeltvis og samlet vurdering av faktorer i arbeidsmiljøet som kan innvirke på arbeidstakernes fysiske og psykiske helse og velferd. Standarden for sikkerhet, helse og arbeidsmiljø skal til enhver tid utvikles og forbedres i samsvar med utviklingen i samfunnet. Kommunen er også IA- bedrift, og har slik ei forsterka plikt til å ha eit sterkt fokus på arbeidsmiljøet. Det at tilsette ved den minste skulen har søkt seg bort over fleire år, er eit signal ein må ta på alvor. I dag er det ingen lærarar tilsett ved Bøfjorden skule. Rektorstillinga står vakant. På bakgrunn av erfaringane frå tilsettingsprosessen våren 2012, er det viktig at denne saka om samanslåing av skulane blir avklart etter oppsett tidsplan. Grunnopplæringa i dag Grunnskulen i Noreg har dei siste 20-30 åra vorte svært kompleks. I følgje Peder Haug (2012) har skulen gått frå å vere ein stad der elevane skulle lære nokre fag, til at skulen i dag skal ta opp og løyse dei fleste av samtida sine problem. I tillegg til ein sterk auke i dei faglege krava, er det mange oppgåver som tidlegare har vore nærmiljøet eller foreldra sitt ansvar vorte lagt inn i skulen. Dette kan vere t.d. sunt skulemåltid og fysisk aktivitet, trafikksikring, samliv, leksehjelp og skulefritidsordning. Dette kan innebere at på dei små skulane blir det mange oppgåver på få tilsette. Frå hausten 2013 skal det 1 time pr. veke med frivillig kulturskule inn i skulane. Faglege og pedagogiske tilhøve I arbeidet med eit godt læringsmiljø er tilsynet i friminutta intensivert, noko som inneber mykje tid ute saman med elevane. Dei auka faglege krava og forventningane om større læringsutbytte for elevane som særleg har kome i samband med Kunnskapsløftet, gjer at ein set større krav til kompetansen til lærarane i faga i dag enn tidlegare. Dette blir også avspegla i lovkravet til undervisningspersonalet i Opplæringslova. På dei små skulane med 2-3 tilsette kan det vere vanskeleg å ha godtkjent kompetanse i alle faga. Med å utvide kollegiet til det doble er dette kravet lettare å oppfylle. Fagsamarbeid Vi har dei siste åra diverre opplevd å ha få søkjarane på ledige stillingar som ønskjer seg til dei minste skulane. Det har også vore ein tendens til at nytilsette har teke i mot ei stilling på dei minste skulane, for så å søkje seg over til Øyeområdet etter ei stund. Eit godt fagleg miljø er viktig for å rekruttere og behalde lærarar. Blir kollegiet for lite, kan det bli vanskeleg å skape lærande organisasjonar som utviklar seg og reflekterer i lag. Det kan vere ein styrke å ha andre lærarar på skulen som har dei same elevane og opplever dei same utfordringane, for å drøfte fag og psykososiale utfordringar med. Lærarar har peika på dette som ein hovudårsak til at dei ønskjer seg til ein større skule, for å få fleire kollegaer å dele desse oppgåvene med. Sjukefråvær Ein meiner også å ha sett at dei minste skulane er svært sårbare ved sjukefråvær. Er ein lærar borte, og ein ikkje greier å få vikar, kan den eller dei to som er igjen, få svært mange årstrinn og oppgåver å ha ansvar for. Det er ei stor og svært ansvarsfull oppgåve å dekkje alle krav i læreplanverket Kunnskapsløftet på ein tilfredsstillande måte, og å unngå at kompetansemål ikkje blir dekt grunna fråvær. Kravet til skuleeigar Det er i dag definert nasjonale kvalitetskriterie for å vurdere kvaliteten på skulane våre, som skuleeigar etter Opplæringslova 13-10 er pliktig til å følgje opp. Statistisk bør det vere minst 30 Side 7 av 7

elevresultat i t.d. nasjonale prøver eller Elevundersøkinga ved ein skule, for at dei skal kunne vise ein tendens eller brukast som kvalitetsoppfølging. I dag har vi berre resultat frå Øye og ungdomsskulen som kan seie noko om situasjonen. Resultat frå nasjonale prøvar og elevundersøkinga gjev oss difor ikkje opplysningar om kvaliteten på dei minste skulane. Dette er ei utfordring i høve statlege lovkrav til skuleeigar Surnadal kommune. Innhaldet i den nye forskrifta Den nye forskrifta er foreslått slik: 1. Bøfjorden skulekrins og Bæverfjord skulekrins frå 1974 skal frå 01.08.2013 vere ein skulekrins. 2. Skulen vil vere lokalisert i skulebygget i Bæverfjord. 3. Den nye skulekrinsen heiter skulekrins for Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter. 4. Alt skuletilbod etter Opplæringslova vil bli gjeve ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter i Bæverfjord. Dette vil vere ordinær grunnskuleopplæring for 1. -7.trinn, leksehjelp 1.- 4.trinn, fysisk aktivitet 5. -7.trinn og skulefritidsordning for 1.- 4.trinn. 5. Eventuelt nye aktivitetar eller tilbod etter Opplæringslova vil bli gjeve på same stad. Vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar av forskriftsendringa - utgifter, inntekter, innsparingar og praktiske konsekvensar som kan oppstå bør bli vurdert Økonomiske konsekvensar Ved å slå saman skulane Bæverfjord og Bøfjorden, vil det truleg ikkje vere så mykje å spare økonomisk. I prognosen over elevtal og deling ser skilnaden ut til å vere 110% lærarstilling hausten 2013. Dette tilsvarar om lag kr. 840 000,- inkl. sosial utgifter. Andre vegen vil det bli noko meir skuleskyss. Dette kan bli eit høgare tal fordi ein kanskje må setje opp noko ekstra skyss. Dette er enno noko usikkert grunna endringar i innhaldet og organiseringa av skuledagen. Tek ein utgangspunkt i skilnaden mellom månadleg utgift våren 2011 og hausten 2012, og legg til noko for eit litt høgare elevtal, vil dette kunne tilsvare om lag kr. 120 000,-. Skulebygga Skulebygg kan også ha noko å seie for det pedagogiske læringsmiljøet. Skulebygget i Bæverfjord er frå 1980, og er svært godt pedagogisk organisert og universelt utforma, med desentraliserte inngangar og gode undervisningsrom i tilknyting til desse. Romma for personalet og leiinga er også godt plassert og romslege. I følgje einingsleiar for Eigedom er bygget i ein god teknisk tilstand. Ved Bøfjorden skule er det mange ulike nivå med trapper mellom, som utgjer utfordringar for krava om universell utforming. Personalrommet er lite og eit gjennomgangsrom mellom dei to undervisningsareala. Bygget treng litt fram i tid, i følgje einingsleiar for Eigedom, heilrenovering. Eventuell framtidig bruk av skulebygget i Bøfjorden bør eventuelt koma tilbake til som eiga politisk sak etter ein prosess. Sidan barnehagen er i same bygg, og det foregår ein del aktivitet i gymnastikksalen med garderobar etc., vil ein rå til at denne delen av skulebygget blir verma opp og reinhalde som i dag. I klasseroms - og administrasjonsdelen bør oppvarminga vere på eit naudsynt minimum. Frå einingsleiar for Eigedom vil dette innebere reduserte kostnadar tilsvarande kr. 283 000,- pr. år: Lys/oppvarming 50.000 Reinhald, frå 0,6 årverk til 0,3 årsverk 136.000 Vaktmeister, innspart 0,1 årsverk 47.800 Div. driftsutgifter/vedlikehaldsutgifter 50.000 Totalsum 283.000 Side 8 av 8

Skuleskyss Når det gjeld skyssordninga, går den i dag frå Bøfjorden mot Skei forbi Bæverfjord skule. Dersom ein skulle ha tenkt seg å samle elevane på Bøfjorden skule, måtte det ha vore sett opp ein ny skyssordning. Ved ei samanslåing av Bøfjorden og Bæverfjord i Bæverfjord, vil elevane frå Bøfjorden få ein lengre skuleveg med buss. Dette kan heilt klart opplevast vanskeleg for nokre av elevane, sjølv om reisetida skal vere innafor tilrådd normert reisetid. Kvifor denne endringa er betre enn andre alternative verkemidlar Ein skal ha respekt for kva skulen i bygdene har betydd for folket der, men samtidig er det viktig å peike på at skulane er til for elevane si opplæring sosialt og fagleg. Dette kan ein ikkje ta lett på. Det er andre krav til skulen og dei tilsette i dag enn for 20-30 år sidan. Ein har ei heilt anna læreplan og eit heilt anna lovverk å forholde seg til. Samanslåing vil vere positivt sosialt m.a. grunna større elevgrupper. Ein får fleire vener å velje mellom, muligheit for større breidde i interesser og dermed lettare å finne interessefellesskap, større valfridom i aktivitetar i leik og læring. Rom for meir ulikskap. Fagleg: større moglegheit for tilrettelegging med mindre spenn i læreplanmål i gruppe/klassen, større metodisk valfridom, meir rom for variasjon i opplæringa, fleire fagpersonar som gir større spenn i fagkompetansen. Med fleire jamaldringar å samanlikne seg med, blir ein heller ikkje så sårbar. Elevtalsprognosane vi har hatt dei siste åra, har vist kor lite som skal til før endringane blir store. For skuleåret 2011/12 viste prognosen 12 elevar, men grunna overflyttingar vart det til slutt 7 elevar. Sårbarheit kring elevmiljø og ei meir mobil befolkning gjer at ein ved dei små skulane kan få store endringar i elevtalet på kort tid. Det er gledeleg at ein no har fått ein liten auke i Bøfjorden, sjølv om dette diverre ikkje gjev eit stort utslag i prognosen. Rådmannen har tidlegare uttrykt at ein ikkje bør ha under 30 elevar på skulane våre, fordi det ser ut til at ein da får ein auka sårbarheit på fleire område. Utfordringar med å forsetje med to skular kan m.a. vere det grunnleggjande behovet barn og menneske har for å ha vener å vere saman med. Eller kor tungt det er å oppleve å vere utan vener. Det å vere fleire elevar på ein skule bør vege tyngre enn til dømes forlenga skuleveg. Faren for at ein slik situasjon kan oppstå vil vere større på både Bæverfjord og Bøfjorden om dei igjen blir delt i to frå hausten 2013. Det ser ut til å vere ein større sårbarheit når skulane blir så små som Bæverfjord og Bøfjorden skular. Faren for at det kan oppstå problem i elevmiljøet ser ut til å bli større, utfordringane med å gje eit pedagogisk og fagleg godt nok tilbod aukar, og ansvaret og oppgåvene til dei tilsette blir mykje større. Omsynet til dei tilsette tilseier også at Surnadal kommune som arbeidsgjevar ikkje bør utsetje sine arbeidstakarar for den utfordringa det er å arbeide på så små skular. Behovet for å vere eit kollegium som saman løyser dei store oppgåvene Kunnskapsløftet og Opplæringslova krev, gjer at det truleg vil vere den beste løysinga for elevar og tilsette å slå saman Bøfjorden og Bæverfjord skular til ein skule frå hausten 2013. Begge skulane er i ferd med å bli for små og sårbare. Side 9 av 9

Saksframlegget viser at det er lite å spare økonomisk med å slå saman skulane, men at det er faglege, pedagogiske og arbeidsgjevarmessige vektige grunnar til å gjere det. Rådmannen si tilråding Surnadal kommunstyre sender ut på høyring dette forslaget: 1. Bøfjorden skule og Bæverfjord skule blir slått saman til ein skule frå 01.08.2013 med fysisk plassering ved Bæverfjord skule. 2. Ny forskrift for Bøfjorden og Bæverfjord skulekrins frå 01.08.2013: a) Bøfjorden skulekrins og Bæverfjord skulekrins frå 1974 skal frå 01.08.2013 vere ein skulekrins. b) Skulen skal vere lokalisert i skulebygget i Bæverfjord. c) Den nye skulekrinsen heiter Skulekrins for Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter. d) Alt skuletilbod etter Opplæringslova vil bli gjeve ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter i Bæverfjord. Dette vil vere ordinær grunnskuleopplæring for 1. -7.trinn, leksehjelp 1.- 4.trinn, fysisk aktivitet 5. -7.trinn og skulefritidsordning for 1.- 4.trinn. e) Eventuelt nye aktivitetar eller tilbod etter Opplæringslova vil bli gjeve på same stad. 3. Forslaget om samanslåing av Bøfjorden skule og Bæverfjord skule og ny forskrift til skulekrins for FAU, Skulemiljø- og samarbeidsutvalet, elevrådet og personalet ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter, og Utdanningsforbundet i Surnadal. Høyringa blir gjennomført i tråd med foreslått høyringsprosess i saksframlegget. 4. Høyringsfrist er sett til 31.01.2013. Behandling i Hovudutval for oppvekst - 22.11.2012 Forslag: Lars Polden sette fram følgjande forslag til nytt pkt. 5: Oppvekststyret ber om at gjeldande kommunestyrevedtak blir innarbeidd i saka før den legges ut for høyring. Kommunestyret gjorde 7/8-12, sak 66/12 dette vedtaket i pkt. 4: Det skal aktivt arbeidast for å få på plass rektor og lærar ved Bøfjorden skule for skuleåret 2013/14 med tanke på å vidareføre drifta ved Bøfjorden skule. Votering: Forslaget frå Lars Polden fall med 5 mot 2 røyster. Tilrådinga frå rådmannen vart vedteke med 5 mot 2 røyster. Hovudutval for oppvekst si tilråding: Surnadal kommunstyre sender ut på høyring dette forslaget: 1. Bøfjorden skule og Bæverfjord skule blir slått saman til ein skule frå 01.08.2013 med fysisk plassering ved Bæverfjord skule. 2. Ny forskrift for Bøfjorden og Bæverfjord skulekrins frå 01.08.2013: a) Bøfjorden skulekrins og Bæverfjord skulekrins frå 1974 skal frå 01.08.2013 vere ein skulekrins. b) Skulen skal vere lokalisert i skulebygget i Bæverfjord. c) Den nye skulekrinsen heiter Skulekrins for Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter. Side 10 av 10

d) Alt skuletilbod etter Opplæringslova vil bli gjeve ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter i Bæverfjord. Dette vil vere ordinær grunnskuleopplæring for 1. -7.trinn, leksehjelp 1.- 4.trinn, fysisk aktivitet 5. -7.trinn og skulefritidsordning for 1.- 4.trinn. e) Eventuelt nye aktivitetar eller tilbod etter Opplæringslova vil bli gjeve på same stad. 3. Forslaget om samanslåing av Bøfjorden skule og Bæverfjord skule og ny forskrift til skulekrins sendes til FAU, Skulemiljø- og samarbeidsutvalet, elevrådet og personalet ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter, og Utdanningsforbundet i Surnadal. Høyringa blir gjennomført i tråd med foreslått høyringsprosess i saksframlegget. 4. Høyringsfrist er sett til 31.01.2013. Behandling i Kommunestyret - 06.12.2012 Forslag: Lars Polden sette fram følgjande utsettingsforslag: Kommunestyret ber administrasjonen innarbeide gjeldande vedtak om skulestruktur med Bæverfjord og Bøfjorden oppvekstsenter, samt evaluera noverande organisering før den legges fram for kommunestyret på nytt. Votering: Utsettingsforslaget frå Lars Polden fall med 18 mot 8 røyster. Votering: Tilrådinga frå Hovudutval for oppvekst vart vedteke med 17 mot 9 røyster. Kommunestyret sitt vedtak: Surnadal kommunstyre sender ut på høyring dette forslaget: 1. Bøfjorden skule og Bæverfjord skule blir slått saman til ein skule frå 01.08.2013 med fysisk plassering ved Bæverfjord skule. 2. Ny forskrift for Bøfjorden og Bæverfjord skulekrins frå 01.08.2013: f) Bøfjorden skulekrins og Bæverfjord skulekrins frå 1974 skal frå 01.08.2013 vere ein skulekrins. g) Skulen skal vere lokalisert i skulebygget i Bæverfjord. h) Den nye skulekrinsen heiter Skulekrins for Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter. i) Alt skuletilbod etter Opplæringslova vil bli gjeve ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter i Bæverfjord. Dette vil vere ordinær grunnskuleopplæring for 1. -7.trinn, leksehjelp 1.- 4.trinn, fysisk aktivitet 5. -7.trinn og skulefritidsordning for 1.- 4.trinn. j) Eventuelt nye aktivitetar eller tilbod etter Opplæringslova vil bli gjeve på same stad. 3. Forslaget om samanslåing av Bøfjorden skule og Bæverfjord skule og ny forskrift til skulekrins sendes til FAU, Skulemiljø- og samarbeidsutvalet, elevrådet og personalet ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter, og Utdanningsforbundet i Surnadal. Høyringa blir gjennomført i tråd med foreslått høyringsprosess i saksframlegget. 4. Høyringsfrist er sett til 31.01.2013. Side 11 av 11