Om ÅRIM ÅRIM blei stifta i Dei tolv eigarkommunane til ÅRIM blei då samde om ein felles selskapsavtale med mål for ÅRIM:

Like dokumenter
Om ÅRIM ÅRIM blei stifta i Dei tolv eigarkommunane til ÅRIM blei då samde om ein felles selskapsavtale med mål for ÅRIM:

ÅRIM potensial for auke av mengdene avfall til materialgjenvinning og gjenbruk fram mot 2020

Til sak 4: Budsjett- og økonomiplan

Det er mange andre faktorar som har også kan ha innverknad på utviklinga i avfallsmengde.

PROTOKOLL FRÅ MØTE I REPRESENTANTSKAPET

ÅRIM: TILLEGGSDOKUMENT TIL MØTE I REPRESENTANTSKAPET 27. OKTOBER ÅRIM Langelandsvegen ÅLESUND. 24. oktober 2017

STRATEGISK PLAN SØRE SUNNMØRE REINHALDSVERK IKS (SSR) ( )

Ny sorteringsordning i Ålesundregionen Spørsmål & svar

Sortering av mat, glas og metall heime hos deg

Kvifor biogass? Samling for avfallsselskapa på Sunnmøre 5. oktober Øystein Solevåg ÅRIM

VEDTEKT av februar 2007

La meg få ein sjanse til...

Avfall 2020 «Ressursar på rett veg» Strategidokument for handsaming av avfall i SIMAS IKS

Eiermelding fra styret ÅRSRAPPORT 2015 RENOVASJONSSELSKAPET FOR DRAMMENSREGIONEN IKS

La meg få ein sjanse til...

Forskrift for hushaldsavfall i Skodje kommune, Møre og Romsdal

Sortering av avfall i burettslag, sameige og tettbygde område

Fakta om avfalls- og slamhandteringa i Ålesundregionen i dag

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

Eiermelding fra styret i RfD For driftsåret 2015

SELSKAPSAVTALE FOR INTERKOMMUNALT AVFALLSELSKAP FOR ÅLESUNDREGIONEN

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Høyring av strategi for ÅRIM oppsummering av innkomne merknader

Eigenregi eller konkurranseutsetting - tru, håp og kjærleik? Avfall Norge, seminar om kommunalt ansvar Øystein Solevåg, ÅRIM 18.

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

1 INNLEIING Representantskapet vedtok 26. oktober 2016 budsjett og økonomiplan for ÅRIM.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Rammevilkår og regelverk som regulerer avfallshandteringa i Ålesundregionen

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Endeleg eigen dunk for glas og metall

Avfallshåndtering i Oslo nå og fram mot 2030

STRATEGIDOKUMENT

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

VEDLEGG TIL ÅRSRAPPORT

Etablering av selskap for avfallshåndtering

Høringsuttalelse til strategi for ÅRIM

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

SULA KOMMUNE Kommunestyret

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Kommunedelplan for oppvekst

SAKSDOKUMENT. Sakshandsamar: Dag Dårflot Arkivsak nr.: 2012/1159 Magnar Selbervik Ø.K Arkivkode: M50, &00, &13

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Utfordringer med innsamling av avfall

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Dette er ÅRIM - bakgrunn og organisering.

1 INNLEIING Strategi for ÅRIM blei vedteke i april Strategien ligg til grunn for budsjettog økonomiplan

Forskrift om husholdningsavfall i Sula kommune

Det er ønskjeleg avklare fakta før denne saka blir behandla politisk.

SÆRUTSKRIFT - MELDING OM POLITISK VEDTAK - AVFALLSGEBYR 2015.

ÅRIM: INNKALLING TIL MØTE I REPRESENTANTSKAPET

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 136/2017 Formannskapet PS Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

STRATEGIDOKUMENT

Ny avfallsordning hausten 2018/ våren 2019

Temadag - LUSTER. Møte

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Hva betyr EUs forslag til endringer i avfallsregelverket for Norge. Thomas Hartnik

FORSKRIFT OM HUSHALDSAVFALL OG SLAM I ÅLESUNDREGIONEN.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Eiermelding fra styret i RfD

NYTT UTKAST TIL RENOVASJONSFORSKRIFT FOR ÅLESUNDREGIONEN

STYRESAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Odd Andrew Storetvedt / Kristin Blehr Patterson SAKA GJELD: STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Resultater og fremtidsutsikter

Noen er faringer fra innsamling av matavfall i Oslo

2014/

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Ressursar på rett veg

Økt materialgjenvinning av biologisk avfall og plastavfall

SELSKAPSAVTALE SØRE SUNNMØRE REINHALDSVERK IKS

Farleg avfall i Nordhordland

INTERNASJONAL STRATEGI

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Møteleiar: Ordførar i kommuna som er vert, Dag Olav Tennfjord Gjennomgang og drøfting av framdriftsplan for bygging av nye Ålesund kommune

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Referat frå styremøte nr. 8, Dato: Tid: kl Stad: Ålesund Kunnskapspark, møterom Ørnetua

Utredning av innsamlingsordning for husholdningsplast

STATUS FOR DEMENSOMSORGA I MØRE OG ROMSDAL Demenskonferansen 2017 Ålesund, den mars Eli Mette Finnøy, rådgivar Omsorg 2020

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

HAUSTE. ÅRIM vil ha meir avfall til sortering. La oss gjenvinne meir MILJØBLADET. Side 4. Det norske matkastebordet Side 2

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Nye krav til håndtering av plastavfall og biologisk avfall

Volda vidaregåande skule

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Saksprotokoll. Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale. Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : Sak: 39/07.

Fremtiden er fornybar. Strategidokument for Vesar

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

FRAMLEGG Oppstart av planarbeid og forslag til planprogram. Angelica Talley Avdelingsingeniør PLAN FOR KLIMA OG ENERGI I GISKE KOMMUNE

RfDs avfallshåndtering i 2012 bidro totalt sett til en utslippsbesparelse tilsvarende tonn CO 2

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Transkript:

2

Om ÅRIM ÅRIM blei stifta i 2009. Dei tolv eigarkommunane til ÅRIM blei då samde om ein felles selskapsavtale med mål for ÅRIM: Å utføre kommunane sine lovpålagde oppgåver innan innsamling, gjenvinning og behandling av avfall og slam i samsvar med sentrale og lokale miljømål. Selskapet skal legge vekt på miljøvenleg drift i alle ledd i avfallsbehandlinga. Selskapet avgjer i kva grad drifta skal skje ved bruk av eigne anlegg, utstyr og mannskap, eller ved avtalar med medlemskommunane, andre selskap, eller private næringsdrivande. Å gje eit tilbod om innsamling, gjenvinning og behandling av næringsavfall der selskapet finn dette miljømessig ønskjeleg og økonomisk forsvarleg. Selskapet skal vere eit rådgjevande organ og kompetansesenter for medlemskommunane. Selskapet skal i nært samarbeid med kommunane drive eit aktivt informasjonsarbeid for å auke innbyggarane sin kunnskap om avfallsreduksjon og miljøvenleg avfallsbehandling. Selskapet kan søkje samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap der dette er naturleg, og selskapet kan vere eigar eller medeigar i andre selskap. Å utføre eventuelle andre oppgåver som kommunane er samde om at selskapet skal utføre. Administrasjonen blei etablert i 2010. Da vedtok representantskapet i selskapet ein strategi for overføring av oppgåvene innan handtering av avfall og slam frå eigarkommunane til ÅRIM. Selskapet har i 2016 teke over dei fleste av dei oppgåvene strategien i 2010 skisserte; nokre oppgåver står att, men ÅRIM framstår no som eit etablert og effektivt selskap med høg kundetilfredsheit og god kompetanse. Etter åra i etableringsfasen er det no på tide å løfte blikket. Denne strategien gir ei retning, både for kva tilbod innbyggjarane i Ålesundregionen kan forvente seg i åra framover, og for korleis ÅRIM som selskap skal utvikle seg. 3

Strategi 2017-2025 Strategien byggjer på selskapsavtalen, og nokre viktige prinsipp som er fastsette av eigarkommunane gjennom representantskapet sidan selskapet blei etablert: Tilbodet til innbyggjarane skal vidareutviklast for å sikre at det er i samsvar med nasjonale og lokale miljømål. ÅRIM bør handtere alle oppgåver knytt til avfall og slam for eigarkommunane. Tilbodet bør vere mest mogleg likt i heile regionen. ÅRIM skal ha lik pris for likt tilbod. Det er utarbeidd fleire grunnlagsdokument som ligg til grunn for strategien: Dette er ÅRIM bakgrunn og organisering gir ein bakgrunn for avfallssamarbeidet i Ålesundregionen, og ei oversikt over korleis ÅRIM er organisert i dag. Rammevilkår og regelverk som regulerer avfallshandteringa i Ålesundregionen gir ei oversikt over internasjonale og nasjonale rammer, i tillegg til ein gjennomgang av kvar enkelt eigarkommune sine forventningar til ÅRIM. I grunnlagsdokumentet er det også ei oversikt over innbyggjarane sitt syn på ÅRIM, samt ein vurdering av framtidig folketalsutvikling. Fakta om avfalls- og slamhandteringa i Ålesundregionen i dag gir ei oversikt over dei resultata ÅRIM oppnår når det gjeld kjeldesortering og gjenvinning. Kvart år utarbeidar ÅRIM dessutan budsjett og økonomiplan for dei neste fire åra, samt årsmelding og rekneskap for føregåande år. Strategien inneheld mål og tiltak som vil bli lagt til grunn for desse dokumenta. Representantskapet i ÅRIM samla i april 2016, f.v.: Nestleiar Eva Hove (Stordal), Odd Jostein Drotninghaug (Sykkylven), Vebjørn Krogsæter (Haram), Geir Peter Aure (Ørskog), Dag Olav Tennfjord (Skodje), Jim Arve Røssevoll (Sula), Oddvar Myklebust (Sandøy), Jarle Hauge Steffenssen (Ålesund), leiar Tore Johan Øvstebø (Ålesund), Geir Inge Lien (Vestnes), Olav Sindre Roald (Giske), Børge Wiig (Ålesund), Anita Hjelvik Sætremyr (Ålesund), Anne Kristin Bryne (Ålesund) og Arne Sandnes (Norddal). Foto: Peder Otto Dybvik 4

Rammevilkår Avfallspolitikken blir i stor grad utvikla innanfor ei felleseuropeisk ramme. EU sitt rammedirektiv om avfall slår fast at avfallspyramiden skal leggjast til grunn for avfallspolitikken, Stortinget har slutta seg til dette: I desember 2015 la EU-kommisjonen fram den nye strategien for europeisk avfallspolitikk under tittelen: Omstilling til sirkulær økonomi: Et program for Europa uten avfallsproduksjon. Sirkulærøkonomien byggjer på kretsløpsfilosofien der materialar gjenvinnast og går inn i kretsløpet for ny produksjon. Samstundes har samfunnet kontroll på miljøgifter og anna restavfall som blir teke ut av kretsløpet. I dag har landa i EØS-området eit mål om at 50 % av kommunalt avfall skal gjenbrukast eller gjenvinnast innan 2020. Forslaget til ny avfallspolitikk frå EU har eit ambisiøs mål om å auke gjenbruk og gjenvinning av kommunalt avfall til 60 % innan 2025, vidare til 65 % innan 2030. Eigarkommunane til ÅRIM har gjennom ulike planar og andre styringsdokument vedteke forventningar til selskapet. Generelt ønskjer eigarkommunane å nytte eigarskapen i ÅRIM til å oppnå lokale og nasjonale mål om avfallshandtering, innanfor rammene av kostnadseffektiv drift. Mål i kommuneplanen til Ålesund, vedteke i januar 2016: Ålesund kommune skal sikre et bærende kompetansemiljø innenfor avfallshåndtering. Ressursene i avfallet skal utnyttes best mulig og i tråd med nasjonale og lokale miljømål. Andelen av avfallet som blir sortert til materialgjenvinning skal økes til 50 % i 2020. Beste tilgjengelige løsninger for innsamling av avfall skal velges. Fellessystemer for innsamling av avfall, slik som nedgravde løsninger, skal foretrekkes i tettbygde strøk. 5

Her er vi i dag I 2016 har selskapet hatt operativ drift i fem år, med innsamling av avfall frå 103 000 innbyggjarar, drift av 10 miljøstasjonar og om lag 100 returpunkt. Selskapet har også ansvar for tømming og behandling av slam frå litt over 11 000 separate avløpsanlegg. ÅRIM har 22 faste tilsette og ein omsetning på over 100 mill kr. Selskapet har kostnadseffektiv drift, nøgde kundar og tilsvarande sjukefråvær samanlikna med avfallstenestene andre stader i landet. Den største utfordringa for selskapet er låge prestasjonar når det gjelder gjenvinning. I snitt mottok ÅRIM 383 kg avfall frå kvar innbyggjar i Ålesundregionen i 2015. Av dette blei 31,1 % utsortert til materialgjenvinning eller gjenbruk. Ei samanlikning med nasjonale tal viser at gjenvinningsgraden i ÅRIM er ein god del lågare enn snittet for Møre og Romsdal og for Noreg. Det vil krevje store tiltak for å nå dei vedtatte og foreslåtte måla om auka gjenvinning av avfall: Materialgjenvinning og gjenbruk - status i 2015 FORESLÅTT MÅL 2030 FORESLÅTT MÅL 2025 MÅL 2020 Noreg Møre og Romsdal ÅRIM 0,0 % 10,0 % 20,0 % 30,0 % 40,0 % 50,0 % 60,0 % 70,0 % Ei viktig utfordring for selskapet er endringane i busettingsmønster i Ålesundregionen over tid. Fleire bur tettare. Dette er ein trend både i dei områda som har befolkningsvekst og i dei områda som er truga av fråflytting. For ÅRIM er det ei viktig utfordring å kunne samle inn avfall på ein meir effektiv måte, ikkje minst i byene og tettstadene i regionen. 6

Mål I arbeidet med å finne det rette ambisjonsnivået for ÅRIM er det tre viktige omsyn selskapet må vekte mot kvarandre: VISJON FOR ÅRIM: La oss gjenvinne meir! Hovudmål for perioden 2017-2025: 1. Avfallet frå innbyggjarane i Ålesundregionen skal gjenvinnast i tråd med EU sine krav for 2020, 2025 og 2030. 2. Talet på hushald som samarbeider om kjeldesorteringsløysingar skal auke. 3. ÅRIM skal vere eigarkommunane sin foretrukne leverandør for alle oppgåver innan avfall og slam. 4. ÅRIM skal ha ein kostnadseffektivitet i renovasjonstenesta på minst 85 % 5. ÅRIM skal ha ein kundetilfredsheit på minst 80 % Det blir lagt til grunn rapportering på følgjande indikatorar for måloppnåing: Hovudmål Måleindikator 1 Årleg rapportering til Statistisk Sentralbyrå (Kostra) 2 Registrerte hushald i ÅRIM delt på talet på oppsamlingseiningar for restavfall 3 Oppgåver som er overførte til ÅRIM frå eigarkommunane 4 Indikator for kostnadseffektivitet i Renovasjonsbenchmarkinga til Avfall Norge 5 Indikator for kundetilfredsheit i Renovasjonsbenchmarkinga til Avfall Norge For å nå desse måla, har ÅRIM identifisert ei rekkje tiltak for perioden 2017 2020. Desse er fordelt på fem hovudsatsingsområde. For perioden 2020 2025 vil det vere nødvendig å identifisere nye tiltak. 7

Hovudsatsingsområde 1: Meir avfall til materialgjenvinning og gjenbruk - ny kjeldesorteringsløysing for ÅRIM Tiltak 1: Innføre henteordning for matavfall I 2015 sorterte kvar innbyggjar i Ålesundregionen i snitt ut 119 kg avfall som gikk til materialgjenvinning og gjenbruk. Gitt same avfallsmengde, må 191 kg avfall gå til materialgjenvinning og gjenbruk i 2020, altså ein auke på 72 kg for å nå EU-målet for 2020 om 50 % gjenvinning. Gjennom avfallsanalyser og basert på røynslene andre avfallsselskap har gjort, viser at det avfallet som i dag går til energigjenvinning og deponi inneheld relativt mykje avfall som i staden kunne ha gått til materialgjenvinning og gjenbruk. Den klart største avfallstypen er matavfall; analyser ÅRIM har gjennomført tyder på at kvar innbyggjar kastar mellom 90 og 100 kg matavfall i året. Utan innføring av utsortering av matavfall blir det ikkje vurdert som realistisk å oppnå, eller å kome i nærleiken av, måla for 2020. Det er ikkje andre tiltak selskapet kan setje i verk som vil kunne bidra til å nå 2020-målet. Utsortering av matavfall vil gjere det mogleg å auke gjenvinninga også av andre avfallstyper. 8

Dette er ei utfordring ÅRIM deler med resten av landet, og dette har ført til at dei fleste innbyggjarane i Noreg i løpet av dei siste åra har fått tilbod om kjeldesortering av matavfall. Ei vurdering i august 2016 av dei 56 kommunane i Noreg med meir enn 20 000 innbyggjarar, viser at Ålesund er ein av berre fem kommunar som ikkje anten har innført eller har konkrete planar om innføring av slik henteordning. Tala er representative også for mindre kommunar; desse deltar i stor grad i interkommunale avfallssamarbeid med dei større kommunane: 44 7 5 Har innført henteordning Konkret plan om henteordning Har ikkje henteordning Det er gjennomført ei rekkje studie av miljøkonsekvensane av ulike former for innsamling og behandling av matavfall, både nasjonalt i Noreg og internasjonalt. Sjølv om det er ulike føresetnader i ulike regionar, er konklusjonen eintydig: Det å kjeldesortere matavfallet og nytte dette til biogass og biogjødsel, gir ein betydeleg miljøvinst i høve energiutnytting, også i tilfelle der det er nødvendig å transportere matavfallet lenger enn restavfallet.. 9

Miljødirektoratet har fått i oppdrag av Regjeringa å greie ut eit nasjonalt pålegg om utsortering av matavfall. Østfoldforskning har som ein del av dette utarbeidd rapporten «Vurdering av virkemidler for økt utsortering av våtorganisk avfall og plastemballasje» (2016). Her analyserer dei m.a. samanhengar mellom årsgebyr for renovasjon og sorteringsgrad i norske kommunar. Det er ikkje nokon klar samanheng mellom kor høge årsgebyr innbyggjarane betaler og kor høg utsorteringsgrad kommunen oppnår. ÅRIM har gjennomført ei konsekvensanalyse av å innføre henteordning for matavfall. Den mest brukte løysinga for oppsamling av matavfall er dunkar, lik dei ÅRIM nyttar til restavfall og papir i dag. Dette er den løysinga som har vore i bruk i Romsdalsregionen sidan 1999, i Nordfjord nesten like lenge, og som vil bli teke i bruk på Søre Sunnmøre i samband med innføring av utsortering av matavfall der frå 2017-2018. Innføring av eigen dunk for matavfall utløyser behov for eigen henting med renovasjonsbil, men dette blir kombinert med redusert henting av restavfall. På sikt kan det også vere aktuelt å nytte renovasjonsbilar som kan hente fleire avfallstyper på same rute. Når ÅRIM innfører ny kjeldesortering må selskapet altså omorganisere korleis avfallet blir henta, men ikkje nødvendigvis køyre meir. Det at heile Nordvestlandet får eit meir likt tilbod, vil både gi ein samordningsvinst når det gjeld kundeinformasjon og høve til å samordne betre gjenvinninga av dei ulike avfallstypane. Innføring av eit nytt kjeldesorteringstilbod i ÅRIM har ein årleg kostnad på om lag 5,4 MNOK, eller om lag 150 kr per abonnent per år over ein femårsperiode. Desse kostnadene er knytt til at det må kjøpast og setjast ut nye dunkar til alle abonnentane, i tillegg til at informasjonsinnsatsen i samband med nye kjeldesorteringsordning må forsterkast. Tiltak 2: Innføre henteordning for glas- og metallemballasje I 2015 leverte innbyggjarane i ÅRIM i snitt 9,4 kg glas- og metallemballasje til dei om lag 100 returpunkta som er etablerte. Sjølv om dette er ei auke frå tidlegare år, så viser avfallsanalyser at det er nesten like mykje glas- og metallemballasje; 7,8 kg, i det restavfallet som blir henta heime. Gjenvinningsordningane for glas- og metallemballasje har blitt stadig betre dei siste åra, og miljønytten av å få sortert ut denne avfallsnytten aukar dermed. Glas- og metallemballasje medfører også driftsproblem i energigjenvinningsanlegg, sjølv om avfallstypen er lite brennbar, medfører smelting tilstopping av rister og luftesystem, noko som gir auka kostnader til driftsstans og vedlikehald. ÅRIM ser det som ønskjeleg å kombinere innføring av kjeldesortering av matavfall med ei henteordning for glas- og metallemballasje. Dette har følgjande fordeler: 10

Kundane får eit betre tilbod, i spørjeundersøking i 2016 viste at 7 av 10 ÅRIM-kundar ønskjer seg ein eigen dunk for glas- og metallemballasje. Kostnadene ved innføring av tilbodet er i stor grad knytt til innkjøp og utsetting av dunkar og til informasjon, når dette blir kombinert med innføring av ny kjeldesorteringsordning for matavfall kan dette gjennomførast på ein meir kostnadseffektiv måte. Det er ein godt dokumentert miljøvinst ved tiltaket, gjenvinning av både glas- og ikkje minst metallemballasje har stor miljøeffekt. Innføringa blir kombinert med ei avvikling av returpunkt. Returpunkta er ei kjelde til forsøpling, og ÅRIM brukar betydelege beløp kvart år på rydding av desse. Gjennom å leggje til rette for eit så godt kjeldesorteringstilbod, blir det mogleg å redusere talet på hentingar av restavfall, noko som gir ein monaleg innsparing, miljømessig så vel som kostnadsmessig. Dei siste åra har stadig fleire kommunar innført henteordning for glas- og metallemballasje. I vår region er dette m.a. innført i Kristiansund, Volda og Ørsta, medan Romsdalsregionen tek sikte på å starte opp slik innsamling frå 2017. Tilsvarande tilbod blir også vurdert innført på Ytre Søre Sunnmøre og i Nordfjord. Responsen frå innbyggjarane er eintydig positiv; det å få ei henteordning i staden for ei bringeordning for denne avfallstypen blir opplevd så positivt at utfordringar med å få plassert ein avfallsdunk til, som skal tømmast kvar 8. 10. veke, er akseptable. Røynslene er også ei auke i innsamla glas- og metallemballasje; halvparten av glas- og metallemballasjen som i dag blir feilsortert blir samla inn gjennom henteordninga. Resultata varierer mellom 35 og 75 % reduksjon i feilsortering. ÅRIM legg opp til å nytte tilsvarande dunkar som blir nytta i dag, med ei mindre korg som tilbod til dei innbyggjarane som seier dei ikkje har plass til fleire dunkar ute. For fleirfamiliehus blir det nytta større oppsamlingseiningar som volummessig blir tilpassa behovet. Kostnadene til tilbodet er inkludert i tiltak 1. Tiltak 3: Finne behandlingsløysing for matavfall Med den nye renovasjonsordninga vil ÅRIM få utsortert om lag 8 000 tonn matavfall årleg. Dei to andre renovasjonsselskapa på Sunnmøre, Søre Sunnmøre Reinhaldsverk og Volda Ørsta Reinhaldsverk, innfører også utsortering av matavfall i perioden 2017 2019. I 2016 har selskapa difor gjennomført eit forprosjekt for å vurdere etablering av eit regionalt anlegg som kan produsere biogass og biogjødsel. Rapporten frå forprosjektet har vist at det er grunnlag for å gå vidare med desse planane, dette vil bli vurdert vidare i 2017. Inntil eit regionalt behandlingsanlegg eventuelt kjem på plass, vil ÅRIM måtte nytte eksisterande behandlingsløysingar for matavfall, her er det ein godt fungerande marknad. Kostnadene ved å få på plass ei mellombels behandlingsløysing for matavfall er inkludert i tiltak 1. 11

Tiltak 4: Ettersortering av restavfall for å utvinne fleire ressursar Målsettingane til EU er minst like ambisiøse etter 2020 som no. ÅRIM må difor arbeide vidare med å identifisere nye tiltak som kan gi ytterlegare materialgjenvinning og gjenbruk. ÅRIM vil difor vurdere tiltak for å utvinne ressursar frå det avfallet som i dag blir levert som brennbart avfall på miljøstasjonane. I samarbeid med dei andre renovasjonsselskapa i Møre og Romsdal, har ÅRIM også drøfta etablering av eit sorteringsanlegg for ytterlegare sortering av innsamla restavfall. Det vil bli starta opp ein forstudie for dette i 2017. Utgreiingskostnadene for desse løysingane vil bli dekka innanfor dei generelle rammene selskapet disponerer. 12

Hovudsatsingsområde 2: Meir effektiv innsamling og betre lokalmiljø I dei tettaste sentrumsområda i Ålesund er det allereie med dagens renovasjonsløysing store utfordringar. Dunkar må plasserast på tronge fortau, noko som skapar problem for dei som skal ta seg fram i byen, som til dømes ved snøbrøyting eller naudutrykningar. Branntryggleiken er heller ikkje tilfredsstillande ved lagring av avfall i plastdunkar i bakgardar og langs husveggar. Ny kjeldesorteringsløysing med fleire oppsamlingseiningar vil forsterke desse problema. Endringane i busettingsmønster i regionen elles drar i same retning. Fleire kjem til å bu tettare på Sunnmøre i framtida. For å redusere ulempene for innbyggjarane, setter ÅRIM meir trykk på arbeidet med å få til meir effektive innsamlingsløysingar for avfall. Tiltak 5: Meir av avfallet må under bakken På 1990-talet skjedde eit stort skifte i avfallsinnsamling i Noreg. Då var sekkerenovasjon dominerande innsamlingsløysing. Auka fokus på belastningsskader, smittefare frå stikk og oppstart av kjeldesortering førte til at dei fleste områda i Noreg i staden tok i bruk plastdunkar. No skjer det neste store skiftet innan innsamling av avfall. Utfordringar knytt til arbeidsmiljø, estetikk, universell utforming, brannfare og manglande plass til kjeldesortering fører til at stadig fleire område i Noreg tek i bruk nye tekniske løysingar der avfallet blir samla opp under bakken og tømd maskinelt i staden for manuelt. Den mest vanlege løysinga er avfallsbrønnar. Også i Ålesundregionen skjer dette skiftet. For å kunne løyse dei utfordringane som endringar i kjeldesortering og busettingsstruktur gir, er det nødvendig å sette i verk tiltak som gir ein raskare overgang til slik maskinell innhenting av avfall. ÅRIM vil difor arbeide for å få krav om denne typen løysingar i flest mogleg nye utbyggingar, som ein del av dette må driftsansvaret avklarast. Samstundes vil det vere nødvendig å innføre ei støtteordning for å stimulere eksisterande fleirhushald til å gå over frå store plastdunkar til nye løysingar. For å få på plass meir effektive innsamlingsordningar må det reknast med årlege kostnader på om lag 1,8 MNOK, eller om lag 50 kr per abonnent per år framover. 13

Hovudsatsingsområde 3: Mindre avfall meir til gjenbruk Det er viktig å gjenvinne avfall, men enda viktigare er det å leggje til rette for at avfallet ikkje oppstår. Eit viktig nasjonalt mål i avfallspolitikken, er å frikople utviklinga i avfallsmengdene frå den generelle økonomiske utviklinga. Styresmaktene har så langt ikkje lukkast med dette. ÅRIM har ikkje alle virkemidla som er nødvendige for å hindre at avfall oppstår, men selskapet bør likevel gjennomføre tiltak på utvalde område, i tillegg til å leggje til rette for gjenbruk på miljøstasjonane. Tiltak 6: Etablering av tilbod om levering av produkt til gjenbruk på miljøstasjonane Ein betydeleg del av det avfallet som blir levert inn på gjenvinningsstasjonar er produkt som framleis er brukbare. ÅRIM vil arbeide for at desse produkta i større grad kan nyttast på nytt, i staden for å ende som avfall. I 2015 starta ÅRIM arbeidet med å få på plass ei ordning der kundane som leverer avfall til bemanna miljøstasjonar skal kunne velje å levere produkt eigna for gjenbruk. Ordninga er ei rein leveringsordning og blir drive i samarbeid med aktørar som driv gjenbruksbutikkar. Kundar har ikkje høve til å hente ut eller kjøpe produkt som er levert inn på ein miljøstasjon; dette blir frakta til ein gjenbruksbutikk og omsett der. Marknaden for reparasjon og omsetning av brukte produkt er stor og mangfaldig. Viktige aktørar er frivillige organisasjonar og verksemder som driv ulike formar for arbeidstrening. ÅRIM har i staden for sjølv å gå inn i dette forretningsområdet vald å gjere produkta tilgjengelege for aktørar som driv reparasjon og omsetning. Dei ordningane som er etablerte i regionen i dag, er i hovudsak knytt til gjenbruk av møblar og gjenstandar som servise, bøker mv. Det manglar i dag eit tilbod om gjenbruk av t.d. byggevarer. ÅRIM vil vurdere om selskapet kan leggje til rette for etablering av ei formidlingsordning for denne typen produkt, anten i eigen regi eller i samarbeid med andre aktørar. Nye nettbaserte formidlingsmodellar opnar for nytenking på dette feltet. 14

Av det avfallet som blir levert inn på miljøstasjonane, har ÅRIM i første omgang eit mål om å kunne bidra til gjenbruk av 5 kg avfall per innbyggjar per år (i dag utgjer dette under 0,5 kg per innbyggjar). Miljønytten ved å gi produkt lenger levetid er gjennomgåande stor for ulike produkt. ÅRIM har teke kostnadene med å leggje til rette for levering av produkt til ombruk på miljøstasjoane. I enkelte kommunar i Noreg er det etablert gjenbruksbutikkar eller byttetorg i tilknyting til gjenvinningsstasjonar. Med dagens miljøstasjonar blir dette vurdert som lite aktuelt, m. a. av plass- og trafikkomsyn. Dersom ÅRIM sjølv skal etablere eller drive meir aktive bytte- eller salstilbod, vil dette krevje auka investeringar og auka driftsramme for selskapet, dette vil bli vurdert vidare. Tiltak 7: Tiltak mot marin forsøpling Omfanget av menneskeskapt forureining i havet blir klart for stadig fleire. Nyleg kom rapporten The New Plastics Economy: Rethinking the future of plastics, utgitt av World Economic Forum og Ellen MacArthur Foundation som peika på at det med dagens utvikling ville vere meir plast enn fisk i havet i 2050. For ein region som har eit næringsgrunnlag som i stor grad er basert på ressursane i havet, er det viktig å bidra til å rydde opp i desse utfordringane. Kvart år ønskjer mange privatpersonar, lag og organisasjonar å rydde i naturen rundt seg. Dei siste åra har det blitt aukande fokus på rydding av strandsona. Dette vil ÅRIM gjerne leggje til rette for. Innsamling og levering av avfall frå friluftsområde er i utgangspunktet ikkje omfatta av reglane om sjølvkost, det er difor ikkje høve til å finansiere denne typen ryddeaksjonar over renovasjonsgebyret. ÅRIM har hatt eit overskot frå innsamling og mottak av avfall frå verksemder. Det vil vere aktuelt å nytte av dette overskotet til å bidra til finansiering av denne typen opprydding. 15

Hovudsatsingsområde 4: Betre kommunikasjon Kommunikasjon er eit virkemiddel for å nå måla selskapet har sett seg. Ein viktig grunn til at ÅRIM blei oppretta, var å sikre betre kommunikasjon til innbyggjarane i Ålesundregionen om verdien av kjeldesortering og auka gjenvinning. Tiltak 8: Informasjon om ny kjeldesorteringsløysing i ÅRIM ÅRIM arbeider for at mengde gjenvunne avfall skal vere i tråd med EU sine krav for 2020, 2025 og 2030 Å innføre ny kjeldesorteringsløysing gir ei langsiktig og omfattande kommunikasjonsoppgåve. Ny kjeldesorteringsordning vil krevje stor grad av handlekraft av organisasjonen, handlingsvilje hos eigarane og handlingsendring hos kundane. ÅRIM må difor vere godt førebudde når det gjeld kommunikasjon og vere tydeleg på mål, plan og hensikt. ÅRIM må kommunisere tydeleg og enkelt kva selskapet planlegg å gjere; kvifor, korleis, kostnadar, miljøgevinst og framdrift. Kostnadene til dette arbeidet er innarbeidd i tiltak 1. Tiltak 9: Haldningsskapande arbeid, særleg mot barn og unge Å endre vanar knytt til forbruk og avfall er både knytt til å skape gode haldningar, og til å innarbeide gode rutinar. Det å få dei yngste til å bli trygge på korleis avfallet skal behandlast, gir foreldre og besteforeldre motivasjon til å «skjerpe seg». Tida er inne for å gjere eit løft i kommunikasjonsarbeidet retta mot barn og unge. ÅRIM vil arbeide for å utvikle eit opplæringsopplegg retta mot skular og barnehagar, og grupper som skal integrerast i samfunnet. Målsetjinga er å utvikle ein kunnskapsarena som gir god miljøinformasjon tilpassa barn og unge, som skaper interesse for og gir gode haldningar til miljø, og der dei kan lære å ta vare på, gjenbruke og gjenvinne ressursar i avfallet. For å gjere dette på ein god måte, må ÅRIM utvikle ein læringsarena som er attraktiv for elevar og lærarar. Selskapet vil gjere dette gjennom å la borna sjølve praktisere gjenbruk og gjenvinning, med høg grad av aktivitet, oppleving og læringsutfordringar sjå, oppleve, høyre, lukte, delta, utføre. Det er aktuelt å samarbeide med aktørar med tilgrensande aktivitet og ansvarsområde. Det vil bli henta inn røynsler frå andre avfallsselskap som har drive tilsvarande aktivitet over lengre tid. I ein etableringsfase må det reknast med årlege kostnader på om lag 1,8 MNOK, eller om lag 50 kr per abonnent per år framover for å få på plass betre haldningsskapande arbeid retta mot barn og unge i Ålesundregionen. 16

Hovudsatsingsområdeområde 5: Evaluering og vidareutvikling av ÅRIM som organisasjon Gjennom etableringa av ÅRIM har det skjedd ei samordning av tenestetilbodet innan avfall og slam til innbyggjarane i Ålesundregionen. Eit harmonisert tilbod om mest mogleg like tenester til innbyggjarane er ein føresetnad for at det skal vere mogleg å hente ut stordriftsfordelar og effektviseringsvinst av det interkommunale samarbeidet. Tiltak 10: Redusere dobbeltarbeidet Frå 2010 til 2016 har ÅRIM tatt over stadig meir av kommunane sine oppgåver innan avfall og slam. I og med at selskapet no har fått på plass organisasjon og løysingar, er det viktig å få effektivisert vekk dobbeltarbeid mellom kommunane og ÅRIM. Ei samanlikning av kostnadene til hushaldsrenovasjon mellom Ålesundregionen og andre område i landet, viser at det er betydeleg høgare kostnader til administrasjon i Ålesundregionen enn i andre område i landet. Ein viktig grunn til dette er dobbel administrasjon; det at ÅRIM har etablert ein organisasjon for å handtere renovasjonsoppgåvene, utan at kommunane har følgd opp dette med å overføre alle aktuelle oppgåver til selskapet. Det er identifisert ei rekke område der det i dag er dobbeltarbeid: ÅRIM har all kundekontakt, men i nokre høve kjem faktura frå ÅRIM, i nokre høve frå den enkelte kommunen. Både ÅRIM og fleire av eigarkommunane forvaltar avtalar om behandling av avfall Både ÅRIM og fleire av eigarkommunane har næringsverksemd innanfor avfallsfeltet. Det er ei lang rekke ulike ordningar for renovasjon langs gater, i friområda og opprydding av marin forsøpling i dei tolv eigarkommunane, mange kommunale etatar og verksemder er involverte. Det finst nedlagde avfallsdeponi og ulovlege avfallsdeponi i alle eigarkommunane. Oppfølging av forureiningssaker og etterdrift er ulik, og eigarkommunane er i stor grad avhengig av konsulenttenester for å handtere sine plikter på feltet. Dette er eit område ÅRIM har kompetanse til å handtere. Regjeringa har foreslått ei utviding av kommunane si plikt til å ha oversikt over vassforsyningsanlegg. Dette er informasjon det har stor verdi å kople til oversikta over kvar det er separate avløpsanlegg, ei oversikt ÅRIM vedlikehalder i dag. ÅRIM og eigarkommunane må i samarbeid identifisere og effektivisere korleis oppgåver innan avfall og slam i større grad kan løysast på ein stad. Ved å overføre alle avfallsrelaterte oppgåver til ÅRIM sikrar eigarkommunane eit sterkare kompetansemiljø og betre og meir effektive tenester til innbyggjarane. Det er eit potensial for vesentlege innsparingar i kostnadsnivået på dette feltet, undersøkinga som er gjort tyder på eit årleg potensial opp mot 3,6 MNOK eller 100 kr per abonnent per år. 17

Oppsummering og framdriftsplan Samla sett blir gjennomføring av strategien vurdert til å føre til ei auke i renovasjonsprisen på 150 kr per år, eller om lag 6 % samanlikna med prisen for 2017 fram mot 2020. Variasjonen i renovasjonsgebyr mellom eigarkommunane er i 2016 på over 40 %, denne variasjonen vil bli vesentleg lågare som følgje av dei harmoniseringstiltaka som blir foreslått. Det er grunn til å streke under at det førebels er eit noko usikkert talgrunnlag å vurdere konsekvensane ut frå. Ein detaljert framdriftsplan for dei ulike tiltaka vil innarbeidast i budsjettprosessen i selskapet, då vil også grunnlaget for vurdering av kostnader og innsparingar bli ytterlegare konkretisert og kvalitetssikra. Med dei tiltaka som blir foreslått, vil Ålesundregionen realistisk sett kunne nå målet om at halvparten av hushaldsavfallet i 2020 går til materialgjenvinning og gjenbruk. Det vil i 2020 også vere grunnlag for å vurdere kva tiltak som må setjast i verk for å nå gjenvinningsmåla for 2025. Tiltak i strategien: Tiltaka og kostnadane i strategien kjem i tillegg til tiltaka i budsjett og økonomiplan. Oppsummert ser ÅRIM for seg følgjande tiltak for perioden 2017 2020: Tiltak Beskrivelse Framdriftsplan Endringar i høve forslag til økonomiplan 2017-2020 Hovudsatsingsområde 1: Ny kjeldesorteringsløysing for ÅRIM 1 Innføre henteordning for mat 2017 2019 Forventa auke i 2 Innføre henteordning for glas- og 2017 2019 renovasjonspris på om 3 metallemballasje Finne behandlingsløysing for 2017 lag 150 kr per abonnent i forhold til foreslått 2017- matavfall pris. 4 Ettersortering av restavfall for å utvinne fleire ressursar 2017-2020 Utgreiingskostnadene for eventuelle tiltak vil bli dekka innanfor dei generelle rammene selskapet disponerer. Hovudsatsingsområde 2: Meir effektiv innsamling og betre lokalmiljø 5 Meir avfall under bakken 2017 2020 Forventa auke i renovasjonspris på om lag 50 kr i forhold til foreslått 2017-pris. 18

Tiltak Beskrivelse Framdriftsplan Endringar i høve forslag til økonomiplan 2017-2020 Hovudsatsingsområde 3: Mindre avfall meir til gjenbruk 6 Etablering av tilbod om levering av produkt til gjenbruk på miljøstasjonane 2017 2018 Utgreiing for å identifisere aktuelle tiltak dekka innanfor dei generelle rammene selskapet disponerer. 7 Tiltak mot marin forsøpling 2017 2020 Med dagens regelverk krev tiltaket bruk av overskot frå ÅRIM si næringsverksemd. Hovudsatsingsområde 4: Betre kommunikasjon 8 Informasjon om ny kjeldesorteringsløysing i ÅRIM 9 Haldningsskapande arbeid, særleg mot barn og unge 2017-2019 Kostnadene til tiltaket er inkludert i kostnadene under tiltak 1 4 over. 2017-2020 Forventa auke i renovasjonspris på om lag 50 kr i forhold til foreslått 2017-pris. Hovudsatsingsområde 5: Evaluering og vidareutvikling av ÅRIM som organisasjon 10 Redusere dobbeltarbeidet 2017-2018 Potensial for innsparing i renovasjonspris på om lag 100 kr i forhold til foreslått 2017-pris. 19

20

21