REGIONALPLAN FOR SETESDAL VESTHEI RYFYLKEHEIANE OG SETESDAL AUSTHEI HEIPLANEN HANDLINGSPROGRAM 2015 2017 24. SEPTEMBER 2014
Foto: Line Jastrey Foto: Yngvar Stavset Svendsen BAKGRUNN Regionalplan for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane heiane og Setesdal Austhei, kalla Heiplanen, blei endeleg vedtatt og godkjend i fylkestinga i Rogaland, Hordaland, Vest-Agder, Aust-Agder og i Telemark fylkeskommunar våren 2012. Heiplanen er ein regional plan i medhald av plan- og bygningslova. Miljøverndepartementet stadfesta planen i brev dagsett 14. juni 2013. Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei er eit av dei ni prioriterte villreinfjella i Norge. Det er eit nasjonalt mål å sikre dei prioriterte villreinfjella og kalla nasjonale villreinområde, med bruk av plan- og bygningslova og regionale planar. Heiplanen er ein av desse regionale planane for prioriterte villreinfjell.
Hovudintensjonen med Heiplanen er å sikre varige og samanhengjande leveområde for villreinen. Heiplanen avklarar omsynet til villreinen og arealbruken og kartfestar det nasjonale villreinområdet og villreinfjellet. Heiplanen avklarar villreinen sine arealbruksinteresser og omsynet til villreinen sine behov for areal, med bruk av omsynsoner. I nasjonalt villreinområde (NVO) skal villreinen ha fortrinn. I omsynssone villrein skal ein avklare omsynet til villreinen med bruk av konsekvensutgreiing. I omsynssone trekkområde har villreinen sin arealbruk fyrste prioritet. I omsynsone bygdeutvikling er omsynet til villreinen og arealbruk avklart. Heiplanen avklarar ikkje andre arealbruksintereresser og arealbruksomsyn enn villreinen. Andre arealbruksinteresser og omsyn må ivaretakast og avklarast i kommuneplanlegginga. Heiplanen avklarar heller ikkje mål og strategiar til bygde- og næringsutvikling. Heiplanen har retningsliner som opnar opp for samfunns- og næringsutvikling. Det er kommunane som har hovudansvaret for at det skjer ei samfunns- og næringsutvikling som styrkar busettinga, sysselsettinga og målet om levande bygder og lokalsamfunn. Kommunane vert oppmoda til å bruka kommuneplanlegginga til å avklara mål og strategiar for bruk av utmarka som ressurs for bygde- og næringsutvikling. Fylkeskommunen har hovudansvaret for å leggje til rette for regional utvikling. Regional planlegging og regional utvikling er to sider av same sak. Fylkeskommunen har ei hovudrolle som regional utviklingsaktør kor regional planlegging skal brukast for å leggje til rette for samfunnsutvikling og verdiskaping. Det er eit krav i plan- og bygningslova at alle regionale planar skal ha eit handlingsprogram. Handlingsprogrammet skal vere med å sikra at planen og intensjonane i planen vert følgd opp. Fylkeskommunane eig Heiplanen og har hovudansvaret for at handlingsprogrammet vert følgd opp og gjennomført. Gjennomføringa av handlingsprogrammet krev at fleire aktørar samarbeider. Det er 18 kommunar og fem fylke som er med i Heiplanen. Handlingsprogrammet er eit felles verktøy for alle til å gjennomføra Heiplanen. Handlingsprogrammet er ei konkretisering av handlingsplanen i Heiplanen med finansiering, tidsplan og ansvar.
Handlingsplanen har desse satsingsområda i gjennomføringa av Heiplanen: 1. Heilskapleg arealforvalting. 2. Kommunal planoppfølging. 3. Bygde- og næringsutvikling. 4. Kunnskapsbasert planlegging og prosjekt. 5. Varslingsrutinar. Foto: Odd Kvinen
SATSINGSOMRÅDE: HEILSKAPLEG AREALFORVALTING Dette kan og sjåast på som eit mål. Klarer me ikkje å få til heilskapleg forvalting så klarer me heller ikkje å oppfylle intensjonen til Heiplanen som er å sikre varige og samanhengjande leveområde til villreinen. Føresetnaden for heilskapleg arealforvalting er samkøyring mellom statlege, regionale og lokale forvaltarar. Heia skal både vera eit leveområde for villreinen og eit næringsgrunnlag/ressursgrunnlag for levande bygder og lokalsamfunn kring heia. TILTAK SKILDRING ØKONOMI HOVUD ANSVAR Heiplansamlinga Dette er ein politisk og fagleg møteplass for alle aktørane i heia. 200.000 Fylkeskom Heiplansamlinga som møteplass, lærings- og samordningsarena, munane skal evaluerast etter programperioden. Samordning av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde ligg inne i Verne planverk og er omfavna av det nasjonale villreinreinområdet. Setesdal Eigeninnsats Områdest Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde er verna i medhald yret, SVR av naturvernlova/naturmangfaldlova og blir forvalta av verneområdestyret. Dei brukar forvaltingsplanen som styringsdokument. Det nasjonale villreinområdet er avklara i medhald av plan- og bygningslova kor regional- og lokalpolitikarane brukar Heiplanen som styringsdokument for ei TID Kvart år i perioden 2014/2015
heilskapleg arealforvalting. Føresetnaden for ei heilskapleg forvalting og utvikling av Setesdalsheiane som eit nasjonalt villreinområde og som eit prioritert villreinfjell, er difor ei god samkøyring av desse to styringsdokumenta. Retningslinene i forvaltingsplanen til verneområda skal samordnast med retningslinene i Heiplanen. Besøksforvalting. Verneområdestyret skal frametter arbeide med besøksforvalting. Verneomr 2014/2015 Samordning av Sidan verneområda ligg inne i det nasjonale villreinområdet bør ådestyret info- og ein plan for besøksforvalting samkøyrast geografisk med tilretteleggingstilta nasjonalt villreinområde i Heiplanen. For å få gjennomført k med Heiplanen besøksforvaltinga må planen for tilretteleggingstiltak integrerast i og NVO og kommuneplanane og i kommunane sine handlingsplanar for kommuneplanleggi reisemålsutvikling og tilrettelegging av løyper, aktivitetar og nga. informasjon. Samordning av Telemark fylkeskommune kallar inn Vinje kommune og dei Telemark 2014/2105 regional plan for Hardangervidda administrativt ansvarlege for Heiplanen og regionalplan for Hardangervidda med sikte på overføring av arealsoner frå dei Eigeninnsats fylkeskom mune og Heiplanen i regionale planane til kommuneplanen kommuneplanen til Vinje kommune.
Foto: Odd Kvinen Foto: Yngvar Stavset Svendsen SATSINGSOMRÅDE: KOMMUNAL PLANOPPFØLGING Mål: Alle kommunane i Heiplanen har innarbeida sonene (nasjonalt villreinområde, villrein, trekkområde og bygdeutvikling), og retningslinene til desse i kommuneplanane. Ved fyrste rullering. Alle kommunane har planar for å styre ferdselen (både på barmark og snødekt mark, både for føter og motorisert ferdsel). Ved fyrste rullering. Desse planane bør vera ein integrert del av kommuneplanlegginga og innarbeidast i kommuneplanane. «Før kommunen kan videreutvikle hytte- og reiselivsområder med
Sti og tiltak og/eller aktivitet som går inn mot NVO eller videre, må det 200.000 Kommun løypeplanar utarbeides og vedtas kommunale sti- og løypeplaner.» ane (Handlingsplanen i Heiplanen). Dette kan og sjåast i eit utviklings- og folkehelseperspektiv. Kommunane vert oppmoda til å tenka reisemålsutvikling kor tilrettelegging av aktivitetar og opplevingar er særs viktig for å styrka besøksattraktiviteten og folkehelsa til kommunane og reisemåla. Løypeplanlegginga bør sjåast på som ein integrert del av kommuneplanlegginga. Fagsamlingar for regionale og statlege plansakshandsam arar/koordinatorar og Kommunane kan søkje om støtte frå handlingsprogrammet til å gjennomføra planprosess og planarbeid. Det er laga retningsliner for å få støtte. Få god innsikt i og ei felles forståing og tolking av retningslinene i Heiplanen. Få ei felles forståing og tolking av rammene for utmarksnæringar i LNF område. Få ei felles forståing av korleis kommunane kan bruka kommuneplanlegginga til å prioritera utmarka som ein av næringsutviklingsstrategiane i kommuneplanane - samfunnsdelen. Hovudmål: God og heilskapleg planfagleg rettleiing til kommunane, uavhengig av fylke og uavhengig av om det er staten eller fylkeskommunen. Eigeninnsats Fylkesko mmunan e Anna kvart år kommuneplanrettl eiarar. Fagsamlinga (ar) for kommunane Felles forståing og tolking av landbruk og utmarksnæringar. LNF og næringsutvikling i heia. Korleis bruka kommuneplanprosessen og kommuneplanlegginga til å leggje til rette for verdiskaping i utmarka? 100.000 Fylkesko mmunan e
Arbeidsverkstad om konsekvensutgreii ngar i kommuneplanleggi nga Plandata til kommunane Heiplanen har fire omsynssoner. I omsynssone villrein skal kommunane avklare og vekta arealbruksinteressene til villreinen opp mot andre samfunnsinteresser med å bruka ei konsekvensutgreiing. Det skal arrangerast ein arbeidsverkstad kor kommunane skal lære meir om korleis bruka konsekvensutgreiing i kommuneplanlegginga i omsynssone villrein. Aust Agder FK rettleiar kommunane når det gjeld GIS og plandata. Når kommunane ber om det, sender dei SOSI filer med skildring av innhald og korleis innhaldet bør realiserast i kommuneplanane. 100.000 Fylkesko mmunan e Eigeninnsats Aust Agder FK Foto: Arne Lyshol
SATSINGSOMRÅDE BYGDE OG NÆRINGSUTVIKLING Heiplanen har ingen mål og strategiar til bygde- og næringsutvikling. I handlingsplanen er det sett opp to tiltak. Det eine er å lage regionalplan(ar) for næringsutvikling i utmarka. Dette vart nedstemt av Heiplansamlinga i 2012 og er difor ikkje teke med i handlingsprogrammet. Etablera europeisk villreinregion Vurdera om regionalpark er noko for nasjonalt villreinområde. Departementet har laga ei arbeidsgruppe som skal vurdera moglegheitane for auka verdiskaping i villreinfjella. Arbeidsgruppa skal konkretisera korleis me kan bruka den norske og europeiske villreinhistoria til auka verdiskaping. Det skal og greiast ut om samhandling med handlingsprogramma til regionale planar for nasjonale villreinområde. Utgreiinga skal vera ferdig 1 juni 2015. Arbeidsgruppa som er sett ned av klima- og miljøminister Tine Sundtoft for å greia ut om europeisk villreinregion skal vurdera om regionalpark er aktuelt. Styringsgruppa på studietur 22. 25. oktober 2010 til England, for å læra meir om regionalpark konseptet. Rapporten frå studieturen ligg på www.heiplanen.no Klima- og miljøvern departem entet. KLD 2015 KLD 2015 Synleggjera heia som beiteressurs. Vurdera om det er trong for å kartleggja type og Dette heng saman med forvaltingsplanen til SVR som ynskjer aktiv beitebruk i heia. Føremålet er å leggje til rette for auka og god beitebruk. Føremålet er å få god kunnskap om beiteressursane: kvalitet og verdi, få kunnskap om kor det er for mykje beiting og kor det er for lite beiting. Kunnskapane kan brukast til å stimulera til å bruk av heile heia til beite og redusera beitebruken i område kor det vert hevda det er for stort beitetrykk. 100.000 2015/ 2016
verdi av vegetasjon. Foto: Line Jastrey
SATSINGSOMRÅDE KUNNSKAPSBASERT PLANLEGGING OG UTVIKLING Mål: Produsera kunnskap som medverkar til ei heilskapleg arealforvalting. GPS prosjektet Mål: Auka villreinen sin bruk av villreinområdet og då særleg i Fylkesma 2013 - sørlege og vestlege delar av heia. Eigenfinansie nnen i 2013 2017.Villreinprosje ring med Vest 2017 kt i Setesdal Oppfølging av avslutta GPS prosjekt 2006-2010. mange partar Agder Ryfylke Fagleg: Villreinområde Tema: NINA Bestandsforvalting og auka tettleik av villrein i sørområdet. Korleis auka trekkaktiviteten nord- søtr og aust vest? Kva rolle spelar vegane over Brokke- Suleskard og mellom Setesdal-Ryfylkeheiane og naboområda Hardangervidda og Setesdal Austhei Ferdsel i Setesdal Ryfylke, konflikt med villrein og avbøtande tiltak.
Foto: Line Jastrey SATSINGSOMRÅDE VARSLINGSRUTINER Mål Unngå konflikter mellom villreinen og ferdsel og aktivitetar. Det skal etablerast rutiner der aktuelle organ løpende varsler kommunene og ansvarlig instans for løypekjøring når reinen nærmer seg områder med oppkjørte skiløyper. Løypekjøringen skal stanse ved fare for konflikt. (Handlingsplanen i Heiplanen) Eigeninnsats Kommun ane