- ei nyskaping i forskingsformidling NATUR, KULTUR, GEOGRAFI, HISTORIE. Prosjektskildring



Like dokumenter
AKTUELL I FORSKARENS VERKSTAD ARTIKLAR BØKER DEBATT KRONIKKAR RAPPORTAR BUSETNAD AREALFORVALTNING KLIMA MILJØ

Kunnskapsportalen GRIND UNIVERSITETET I BERGEN. Referat frå fagredaksjonssamling på Solstrand

Den nye seksjon for applikasjonar

Lotteri- og stiftingstilsynet

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

EasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0

SLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt

Nytt HFK Intranett

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Informasjon og brukarrettleiing

OVERSETTING AV KULTURHISTORISK VEGBOK OG NATURHISTORISK VEGBOK TIL ENGELSK OG TILRETTELEGGING FOR INTERNETT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kommunikasjonsplan Februar 2016

KRAVSPESIFIKASJON DIGITALT PLANREGISTER

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Naturhus og informasjonssenter også i våre kommunar?

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Fylkesatlas i ny versjon (Adaptive2)

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR

Debatt og opplevelser på tvers (Ref #b6a4857c)

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Kommunikasjonsplan Voss herad 2020

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Presentasjonsmalar - Powerpoint. Kort rettleiing i bruk av malane

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Brukarrettleiing E-post lesar

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Forslag frå fylkesrådmannen

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

DIGITAL REISELIVSHISTORISK FORMIDLING BASERT PÅ SEMANTISK TEKNOLOGI

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Til deg som bur i fosterheim år

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Sporing av turstiar med mobil/gps. Guttorm Flatabø, Vestlandsforsking Luster,

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

Rådgjevarkonferanse 2009

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

Adresseføresegner, Sund kommune

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap

Retten til spesialundervisning

Ny strategiplan for Høgskulen

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Samlingsdatabasane. I denne presentasjonen vil de få sjå Eit felles brukargrensesnitt Døme på nokre databasar frå ulike fagområde

IKT-kompetanse for øvingsskular

PhD- og Postdoc-utlysninger ved Det medisinsk-odontologiske fakultet: Søknadsprosess og vurderingskriterier. Roland Jonsson 01.

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Nettbedrift nye funksjonar frå februar 2016

ehandel og lokalt næringsliv

Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge

Fakultet for samfunnsfag Bibliotek- og informasjonsvitenskap BIB1300 og BIB6300 Kunnskapsorganisasjon og gjenfinning 2

Informasjon til pasientar og pårørande

Kommunikasjonsplan. Fase 2: Førebuande fellesnemnd. - desember 2016 juni 2017

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Opplysninger om søker

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Kuventræ 54/11 og 54/26. Os kommune. Kulturhistoriske registreringar i samband med reguleringsplan for Kuventræ, Os k. Rapport

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Informasjonssbrev Arkivplan.no

Frå novelle til teikneserie

Telefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon

Den kulturelle nistepakken

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

Transkript:

KUNNSKAPSPORTALEN GRIND - ei nyskaping i forskingsformidling NATUR, KULTUR, GEOGRAFI, HISTORIE Prosjektskildring Versjon 1.0 November 2010

1.0 Ein portal for kunnskapen om landskapet og livsmiljøet GRIND.no er ein ny kunnskapsportal om natur og kulturhistorie: natur, klima, miljø, busetnad, arkitektur, kulturhistorie og kulturlandskapet si utvikling gjennom mange tusen år. Portalen er forankra i kunnskap frå fagmiljø ved Universitetet i Bergen og andre sentrale forskingsmiljø på Vestlandet, museum og regionale forvaltningsinstitusjonar. Den nye nettstaden er ein del av universitetet sitt program for forskingsformidling. GRIND vil nå eit stort publikum i alle aldrar, frå førskule til senioruniversitet ein nettstad som er lett å finna og lett å bruka; ei innhaldsrik kunnskapskjelde som opnar grinda til landskapet med alle spor etter naturens prosessar og menneskets verksemd. På nettstaden GRIND vil vi finna større og mindre artiklar, i eit pedagogisk og rikt illustrert format, som også viser veg til det opne digitale arkivet BORA (Bergen Open Research Archive) med avhandlingar og vitskaplege artiklar og til nasjonale og internasjonale databasar om landskap, naturvern og kulturmiljø, frå den norske kulturminnedatabasen Askeladden til Man & Biosphere og UNESCO World Heritage, verdsarven. Det som vil skilja GRIND frå andre nettsider om landskap og kulturgeografi er den faglege breidda i stoffet og kombinasjonen av dynamisk og grafisk tilrettelegging av tekst med eit stort biletmateriale og gode digitale kart. GRIND vil føra direkte til kunnskapskjeldene og forskarane, med redaksjonell og pedagogisk tilrettelegging av stoffet. GRIND vil gi nettbrukarane kontakt og dialog med forfattarane bak artiklane, og den langsiktige målsettinga er at GRIND skal bli ein interaktiv og dynamisk 3D-portal som viser veg i landskapet 1.1 Organisering GRIND er organisert med ein fagredaksjon i hovudsak frå Universitetet i Bergen. Portalen ligg under Universitetsbiblioteket (UB) og vert teknisk drifta av ITavdelinga. Fagredaktørane vil ha ansvar for kvar sine fagområde, og alt stoff som vert lagt ut på GRIND vil ha redaksjonell godkjenning. Det er også eit breitt samansett redaksjonsråd med representantar frå Universitetet i Bergen, Hordaland fylkeskommune, fylkesmannen i Hordaland, skulesektoren, reiselivet og kommunane. Redaksjonsrådet kan utvidast til å omfatta heile Vestlandet. 2

1.2 Innhald, redaksjon og digitalt format Tekst og biletmateriale på GRIND kan lastast ned og skrivast ut i lågoppløyseleg versjon, innanfor dei rammene som åndsverklova set. Dersom det er eit ynske om kommersiell bruk av materialet, må det inngåast eigne avtalar om dette. Alle rettar for forfattarar, fotografar og teiknarar vert forvalta av fagredaksjonen for GRIND. Nettportalen vil verta kontinuerleg oppdatert og utvida, med lenkjer og vegvisarar i mange retningar til nasjonale og internasjonale nettstader om landskap, natur og kulturgeografi. Grunnmaterialet frå dei tre kunnskapsbøkene om Hordaland er utgangspunktet for GRIND: Kulturhistorisk vegbok for Hordaland, Naturhistorisk vegbok for Hordaland og bokverket om Folgefonna nasjonalpark, Folgefonna og fjordbygdene. Stoffet i desse bøkene er delt inn i tema, landskapsregionar og geografiske/historiske kart. Alt materiale frå Kulturhistorisk Vegbok for Hordaland ligg no på nettet i norsk versjon, i PDF-format, og våren 2011 vil teksten også koma i engelsk versjon. I løpet av 2011 vil også Naturhistorisk vegbok bli lagt ut. Parallelt med at dette materialet blir koda for å gjera det mogeleg å søkja i heile databasen med geografiske og tematiske inngangar, vil det på startsida for GRIND liggja overgangar til fem undergrupper: GRIND tema, GRIND landskap, GRIND vidsyn, GRIND aktuell, GRIND ecopedia. Det siste vil vera ein kombinasjon av eit geografisk leksikon og eit alfabetisk stikkordregister. På denne måten vil brukaren få mange alternativ til å henta fram kunnskap med enkel navigering, også via mobiltelefon og GPS-nettet, når GRIND er ferdig utbygd. Nettportalen vil kopla geografisk og historisk kunnskap til det digitale kartsystemet, og det kan byggjast ut lenkjer til nettstader som Statens Kartverk, Kystverket, UT.no, UNESCO World Heritage Sites, Euromontana, ICOMOS, ICOM, Economuseum, NAVE NORTRAIL, Man & Biosphere og mange andre. I første omgang vil fagredaksjonen ha som oppgåve å leggja ut interessant og aktuelt materiale gjennom tidsskriftartiklar, aviskronikkar, resymé av viktige 3

bøker og gode reportasjar, som kompletterer og oppdaterer stoffet i databasen. Slik skal det både vera lett å henta fram faktaopplysningar og gode bilete til turbruk eller søkja seg fram til tematisk fordjuping i vitskaplege artiklar og doktoravhandlingar. 1.3 Målgrupper GRIND vil ha vide målgrupper. Aktuelle brukarar vil vera skuleklassar i grunnskule og vidaregåande skule, studentar, senioruniversitet, folkeakademi, reiseliv og kulturbasert næringsliv, forvaltningssektoren og den store gruppa av interesserte einskildpersonar i alle aldrar. Det vil blant anna bli lagt opp til at skular på ulike alderstrinn kan ha interaktiv kontakt med fagredaksjonen og leggja inn materiale frå feltdagbøker og landskapsstudiar. Aktuelle samarbeidspartnarar i startfasen vil vera profesjonsstudium som Bergen Arkitektskole og Høgskolen i Bergen, faginstitusjonar som Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren, museumssektoren, Norsk Kulturråd, fagavdelingane for kulturminne, landbruk og miljøvern på regionalt nivå og større bykommunar som Bergen. 1.4 Døme på bruk: - Ein skuleklasse skal ha naturfagsekskursjon til Gullfjellet for å studera marmorgangane i fjellet der. Gjennom tusenåra har stadige drypp frå vatn, filtrert gjennom mose, grave djupe renner i marmoren 1 millimeter på 100 år. Med utskrift frå GRIND i sekken dreg klassen på tur med måleband og lupe og lagar ein illustrert rapport til feltdagboka. - Eit cruiseskip legg til kai i Eidfjord. Basert på reiseruta til skipet har cruiseselskapet, turistkontoret eller den kommunale kulturavdelinga laga ei brosjyre der ein har henta ut informasjon frå GRIND om Eidfjord og andre stader skipet skal passera på rundturen sin i Hardangerfjorden. Cruisepassasjerane finn i brosjyren kart over reiseruta, og får informasjon om aktuelle naturlokalitetar og kulturhistoriske stader undervegs. - I hotellresepsjonen i Bergen står ein familie med ynske om å utforska Nordhordland og Øygarden. Dei får eit kart av resepsjonisten og legg i veg. Dette kartet er merka med stikkord og namn som gjev treff i GRIND. Basert på kvar dei går kan dei enten søke opp namn/ord i GRIND via mobiltelefonen for å finne ut 4

meir om det dei måtte vere interessert i, eller dei kan bruke den innebygde GPS-en til å få opp informasjon om staden dei er på. - Eit par som er på reise på Folgefonnhalvøya eller ei gruppe ungdommar som vitjar Juklafjord nasjonalparksenter i Jondal vil vita meir om både kultur- og naturlandskapet på dei stadene dei reiser til. Interessante turforslag kan hentast fram frå GRIND-portalen, med tilhøyrande tema. - Ei tverrfagleg studentgruppe frå Universitetet i Bergen og Bergen Arkitektskole dreg på feltarbeid til Voss, Hardanger og Sunnhordland for å studera senterutvikling, tettstadvekst og arkitektur. Det historiske bakgrunnsmaterialet blir skrive ut frå GRIND-basen. - Den Norske Turistforening skal arrangere tur til Hårteigen. Dei finn ut at dei kan finne skildring i Grind av området dei skal inn i, og sidan informasjonen er tagga med geo-koordinatar kan dei hente det ut ved hjelp av GPS eller smarttelefon når dei er på staden. 2.0 Teknisk utforming av GRIND Skal portalen bli ein levande og interessant nettstad, må det utformast ei ny, dynamisk teneste med ulike typar materiale i eit søkbart format. XML vil vera eit naturleg val då det er eit mykje brukt, ope dataformat som skil mellom innhald og presentasjon. Innhaldet i teksten vil kunne kodast for god gjenfinning med tematisk og geografisk søkeinngang, og stilark 1 vil ta seg av presentasjon i ulike grafiske versjonar med vekslande biletformat. Uni Digital har utarbeida ein rapport på oppdrag frå GRIND 2, og tek her for seg korleis ein kan strukturera innhaldet i GRIND ved hjelp av XML. Universell utforming 3 må takast omsyn til i arbeidet med portalen, slik at GRIND.no kan brukast av alle. Døme på moment ein bør tenkja på er å ha godt strukturerte sider, tekstlege representasjonar av alt som ikkje er tekst og at portalen er tilrettelagt slik at hjelpemiddel som automatisk opplesing og tekstforstørring kan brukast utan problem. 1 Cascading Style Sheets: http://en.wikipedia.org/wiki/cascading_style_sheets 2 Bruvik, T. M. (2010) Tekstformater og kodestruktur for innhold i Grind. Upublisert materiale. 3 Universell utforming: http://snl.no/.sml_artikkel/universell_utforming 5

Det er utarbeidd ei førebels skisse over korleis ein tenkjer seg at GRIND.no kan utviklast: Grind.no concept overview GUI Report Pdf on-the-fly Grind Core Software Non-GPL T r a n s a c ti o n e n g i n e Library Functionality based on Open Source Software GPL Export API Commercial actor Newspaper Apps for istore Apps for istore PayBack Import API UiB DataStorage Bora, etc. Dei blå boksane er gratisvare, dei brune er kommersielle Tanken bak denne arkitekturen er at det skal vera ei lukka kjerne med kode som skal styra all kommunikasjon og transaksjon i systemet (Grind Core). Eit programmeringsbibliotek (Library) vil verka som eit bindeledd mellom datalageret (DataStorage) og brukargrensesnittet (GUI), og det vil i tillegg kunna eksporterast ulike API 4 og andre tenester frå biblioteket. Datalageret vil innehalda alt materialet i GRIND, og dette skal vera fritt tilgjengeleg for alle gjennom brukargrensesnittet. Materialet vil vera i XML-format og det vil dermed kunna 4 Application Programming Interface: http://en.wikipedia.org/wiki/application_programming_interface 6

transformerast ved hjelp av stilark til å verta vist i den forma brukaren ynskjer: tilgjengeleg på internett eller mobiltelefon, utdrag som kan trykkjast opp eller materialet kan inngå i andre tenester. Det vil kunna tilretteleggjast for at kommersielle aktørar skal kunna betala for å henta ut data til eige bruk, og det kan også vera mogleg å laga meir spesialiserte tenester som kan verta betalingstenester. Døme på slike tenester vil vera applikasjonar til mobiltelefon, der ein kan få informasjon frå GRIND basert på GPS-koordinatar. Programmeringsbiblioteket kan byggja på open programvare, basert på GPL 5 (GNU General Public License). Program distribuert under denne lisensen gjev tilgang til all kjeldekode, slik at andre kan endra og byggja vidare på koden. Vert denne koden brukt vidare, må også nye program og versjonar vera under same lisens, slik at ingen kan henta kjeldekode frå eit GPL-program og laga lukka program av det. På grunn av finansieringsbehovet i dette utviklingsarbeidet er det mogleg at ein først vil laga ein mindre del av denne arkitekturen, men då må ein vera heilt viss på at denne løysinga seinare kan skalerast opp utan problem. 2.1 Tekniske utfordringar Døme på tekniske utfordringar ein vil støyta på i arbeid med portalen: Eit problem med koding av stadnamn er at grenser og namn endrar seg over tid. Til dømes har ikkje Bergen kommune i 2010 dei same grensene og dermed innhald som det hadde i 1910. Dette må det takast høgde for i kodinga. Portalen inneheld mykje kart- og biletstoff, og ein må finna ein balanse mellom å få presentert desse på ein god måte og å ha ein portal som fungerer for brukarar med ulik bandbreidde og skjermstorleik. Det bør difor vera gjennomtenkt korleis portalen presenterer kart med ekstra informasjon, til dømes ved å byggja opp kart med ulike datalag for å gjera det lettare å bruka klientmellomlagring for kartdata. XML-parsing og -konvertering (XML Transformations) er tunge dataprosessar, og portalen må lagast på ein slik måte at han vil tåla mange spørjingar samstundes. Det må difor tenkjast på dette i gjennomføringa, til dømes 5 General Public License: http://en.wikipedia.org/wiki/gnu_general_public_license 7

2.2 Kompetansekrav For å kunna utvikla portalen på denne måten vil ein trengja ulik kompetanse, og det bør vera personar med god utviklingserfaring involvert i arbeidet. Kompetanse innanfor desse felta vil vera nødvendig: - Programmering - W3C Web Content Accessibility Guidelines (WCAG) (tilgjengelegstandard) - GIS (geografiske informasjonssystem) - Tekstkoding - Webdesign 2.3 Finansiering For at GRIND.no skal verta ein suksess, er det viktig å få sikra driftsmidlar etter utviklingsperioden, slik at arbeidet med portalen ikkje stoppar opp. Vert han ikkje kontinuerleg oppdatert og overvaka vil han fort verta utdatert og statisk. Eit middel for å gjera drifta av GRIND.no mest mogleg stabil, er å opna opp for at kommersielle aktørar kan koma inn og betala for data som dei hentar ut til eigne tenester. Med tanke på at reiselivet og skuleverket representerer store brukargrupper, kan det vera aktuelt å planleggja ei optimal samordning av det tekniske utviklingsarbeidet, i høve til nasjonale program for større satsing på samarbeid mellom reiselivet og akademia og i høve til det nye nasjonale Senter for IKT i utdanningen 6 som er etablert i Tromsø frå 1. januar 2010 under Kunnskapsdepartementet. Tilsvarande gjeld samarbeid med og støtte via det nye og utvida Norsk Kulturråd. Alt som eventuelt vil koma inn av midlar frå kommersielle aktørar og betalingstenester, vil verta brukt til drift og vidare utvikling av GRIND.no, slik at 6 Senter for IKT i utdanningen: http://iktsenteret.no/ 8

denne kan vera gratis tilgjengeleg for alle. Eit mål vil vera å få portalen mest mogleg sjølvfinansierande i driftsfasen, i tillegg til grunnløyvinga frå Universitetet i Bergen og eventuelle andre bidragsytarar, slik at han ikkje i for stor grad skal vera avhengig av varierande budsjettløyvingar og vilje til å oppretthalda portalen i knappe økonomiske tider. Budsjett for utviklingsarbeid (overslag 3 år) Lønsmidlar prosjektleiing UB 1 000 000 Lønsmidlar drift/utvikling IT-avd. 2 000 000 Innkjøp tenester eksternt (utvikling) 1 500 000 Utstyr (Programvare, servere, datautstyr) 500 000 Reiser/møter 300 000 Andre driftsutgifter 200 000 Totalt: 5 500 000 Finansiering UiB 3 000 000 Bidrag/prosjektfinansiering 2 500 000 Totalt: 5 500 000 3.0 Føresetnadar for eit vellykka prosjekt Prosjektet har ei viss grad av risiko i seg, då det er avhengig av relativt omfattande finansiering i utviklingsperioden. - For å kunne byggja portalen slik ein ser for seg, vil ein trengja ulike typar teknisk kompetanse, med design og programmering i eit tett samarbeid med redaksjon og fagleg utviklingsarbeid. Dette vil krevja ei fast redaksjonell/teknisk kjernegruppe. - Portalen må lagast slik at han har kapasitet for noverande og framtidig datamengde og trafikk. 9

- Portalen er avhengig av tilførsel av nytt materiale, og det er difor essensielt at ein klarar byggja opp ein base av fagpersonar som jamleg kan skriva stoff til GRIND og som kan overvaka aktualitetsstoff, artiklar, kronikkar, debattar og litteratur innanfor relevante fagfelt som handlar om mennesket og landskapet. 10