Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.



Like dokumenter
Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

Midtun skoles. Læreplan i Mat og helse

ÅRSPLAN I MAT OG HELSE FOR 6. KLASSE 2015/2016. Faglærer: Randi Minnesjord Uketimer: 3

LOKAL FAGPLAN Mat og Helse TRINN

Læreplan i mat og helse - kompetansemål

Læreplan i mat og helse - kompetansemål

ÅRSPLAN I MAT & HELSE FOR KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE LÆRER: MARTA GAMST

Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag

ÅRSPLAN I MAT OG HELSE FOR kl. BREIVIKBOTN SKOLE

Årsplan i mat og helse for 4. klasse

Læreplan i mat og helse, samisk plan

Ulike kompetansemål i barneskolen man kan nå med Grønt Flagg.

Årsplan skoleåret 2016/2017

Årsplan i mat og helse for 4. klasse

Årsplan i mat og helse for 4. klasse

Mat & helse haust Emne: Økt Praktiske leksjonar Teori Mål: Elevane skal Fredagar

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

VURDERINGSKRITERIUM I MAT OG HELSE SÆBØ SKULE

Fra læreplan - formål, grunnleggende ferdigheter, hovedområder og kompetansemål

Årsplan Mat og helse 2016/2017

ÅRSPLAN MAT OG HELSE 9. TRINN

Læreplan i mat og helse

Lærings-mål Arbeidsmåte Vurdering

Årsplan mat og helse 7. trinn

Årstimer FAG 1. trinn 2. trinn 3. trinn 4. trinn 5. trinn 6. trinn 7. trinn trinn 7, ,5 114

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2

Mat og helse- kjennetegn på måloppnåelse etter 10.trinn.

Årsplan mat og helse 6. trinn

Programområde for matfag - Læreplan i felles programfag Vg2

Årstimer FAG 1. trinn 2. trinn 3. trinn 4. trinn 5. trinn 6. trinn 7. trinn trinn 7, ,5 114

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Mat og helse. Kompetansemål etter 4.trinn. Årstimer 1. klasse: 4 timer 2. klasse: 5 timer 3.klasse: 5 timer 4.klasse. 15 timer

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Inspirasjonsdag for lærere i faget mat og helse, Mære april 2013

Kompetansemål Innhald/ Lærestoff Arbeidsmåtar Vurdering

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Design og berekraft valfritt programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

ÅRSPLAN 2014/2015 FAG: Mat og helse TRINN: 9.trinn

Høring - læreplaner i mat og helse

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for hudpleiar - Læreplan i felles programfag Vg3

Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2

Årsplan i Mat og helse 9.klasse Veke: Kompetansemål: Emne: Arbeidsmåtar: Vurdering:

ÅRSPLAN 2013/2014 FAG: Mat og helse TRINN: 9.trinn

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Årsplan i mat og helse for 4. klasse

Års- og vurderingsplan 2017/2018 Mat og helse Selsbakk skole 9.trinn Kompetansemål etter 10.årstrinn

Programområde for studieførebuande Vg3 innan naturbruk - Læreplan i felles programfag naturforvaltning

Klepp kommune Tu skule

Læreplan i kroppsøving

Programområde for fotterapi - Læreplan i felles programfag Vg3

Halvårsplan i mat og helse våren 2017

Programområde for helsesekretær - læreplan i felles programfag Vg3

Årsplan i Mat og helse Veke: Kompetansemål: Innhald/lærestoff: Arbeidsmåtar: Vurdering:

PROGRAMOMRÅDE FOR BLOMSTERDEKORATØR LÆREPLAN I FELLES PROGRAMFAG VG2

Årsplan i mat og helse for 6. klasse

ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I MAT & HELSE 6. TRINN

Grunnleggende ferdigheter i faget:

Programområde for overflateteknikk - Læreplan felles programfag Vg2

ÅRSPLAN Laudal skole

Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Mat og helse. Trinn: 9. trinn

VEKE TEMA MÅL KJELDER ARBEIDSMÅTAR VURDERING. Teoriboka s.6-9 Kokeboka s Teoriboka s Kokeboka s.11

Elevene vil i grunnskolen gjennom teori og praksis bli presentert for et sunt og balansert vegetarisk kosthold.

Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram

HALVÅRSPLAN mat og helse 9. klasse, våren 2018

Årsplan i mat og helse for 6. klasse

ÅRSPLAN 2015/2016 FAG: Mat og helse TRINN: 9.trinn

Årsplan i Mat og helse Veke: Kompetansemål: Innhald/lærestoff: Arbeidsmåtar: Vurdering:

Programområde for landbruk - Læreplan i økologisk landbruk 1 og 2 - valgfrie programfag Vg3

LÆREPLAN I MAT OG HELSE SONGDALEN UNGDOMSSKOLE SKOLEÅRET

Lansering 21.november 2016

Læreplan i sjømathandlarfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram

Jeg vet hvorfor god hygiene er viktig på kjøkkenet. Jeg vet hvordan jeg skal holde orden

Programområde for hudpleiar - Læreplan i felles programfag Vg3

Lokal læreplan mat og helse 4. trinn

Dialogarena. Mat og helse i grunnskolen, markedsføring og reklame

Ungdomsbedrift i Kunnskapsløftet Helse og sosialfag, Vg1. Copyright UE Forlag

Programområde for dataelektronikarfaget - læreplan i felles programfag Vg3

Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

Læreplan i visuelle kunstfag - felles programfag i studieførebuande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag

Årsplan 2014/2015. Fag: Kroppsøving. Faglærer: Rayner Nygård og Lars Gytre. Klasse: 10.trinn. Føremål. Grunnleggjande ferdigheiter

ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I MAT & HELSE 6. TRINN

Årsplan mat og helse 6. trinn

HALVÅRSPLAN MAT OG HELSE

Sandefjordskolen. planlegge og lage trygg og. ernæringsmessig god mat, og forklare hvilke næringsstoffer matvarene inneholder

Høring - læreplaner i mat og helse

Læreplan i kunst og visuelle verkemiddel felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

HALVÅRSPLAN M&H 9. klasse, hausten 2017

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Kandidaten viser god evne til å tilrettelegge og utnytte brukerens ressurser. Kandidaten har gode holdninger, samarbeidsevner og. ne.

LÆREPLANER PÅ TVERS: UTDRAG FRÅ NOEN AV FAGPLANENE SOM ER SENDT UT PÅ HØRING

Læreplan i resepsjonsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

VEDLEGG 1 FORSLAG TIL ENDRINGER I LÆREPLAN I KROPPSØVING

Læreplan i rørleggjarfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Programområde for brønnteknikk - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for fiske og fangst - Læreplan i felles programfag Vg2

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR TRINN

Transkript:

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse. Av 40 kompetansemål kan 18 behandles med utgangspunkt i naturfaget. Disse er merket med n Erik Fooladi, Høgskulen i Volda, sept. 2006

LÆREPLAN I MAT OG HELSE Føremålet med faget Mat og måltid er viktig for den fysiske og psykiske helsa til mennesket og for det sosiale velværet. Kunnskap om mat og måltid som fremjar gode matvanar, kan gjere sitt til å redusere helseskilnader i befolkninga. Matvanane våre reflekterer både individuelle val, kulturelle uttrykk og religiøse overtydingar, og er på den måten ein sentral del av identiteten vår. I eit fleirkulturelt samfunn er det viktig med medvit om norsk matkultur og det særeigne for samisk mattradisjon, og ha kunnskap om og respekt for mattradisjonar i andre kulturar. Større mangfald på matvaremarknaden stiller større krav til kompetanse hos forbrukaren, slik at ein kan gjere medvitne val som gjeld eiga helse og eige miljø. Faget mat og helse skal som allmenndannande fag medverke til at elevane får innsikt i og evne til å velje og reflektere kritisk rundt mat og måltid, slik at dei får kunnskap til å møte livet praktisk, sosialt og personleg. Som skapande fag skal mat og helse gi rom for eksperimentering og utvikling av kritisk skjønn knytt til mat og måltid. På den måten kan det inspirere elevane til å bruke kompetansen sin utanfor skulen og seinare i livet. Som praktisk fag skal opplæringa i mat og helse stimulere elevane til å lage mat og skape arbeidsglede og gode arbeidsvanar, og til å bli medvitne forbrukarar, slik at dei kan ta ansvar for mat og måltid, både i heim og fritid og i arbeidsliv og samfunnsliv. Opplæringa i faget skal medverke til ein medviten og helsefremjande livsstil. Å lage mat til andre er uttrykk for omsorg, vennskap og gjestfridom. Faget mat og helse er ein viktig arena for samarbeid og utvikling av sosial kompetanse hos elevane. Praktisk skapande arbeid, der ein legg vekt på ferdigheiter, utprøving og kreativitet, er sentralt. Faget gir godt høve til samarbeid med lokale matlagarar, mattilsynet og skulehelsetenesta. Opplæringa i faget må tilpassast og byggje på det den einskilde har av kunnskapar, ferdigheiter og erfaringar, slik at elevane kan lykkast og bli motiverte til å bruke kompetansen sin i dagleglivet. Hovudområde i faget Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng. Ved at ein når mål på eitt område, får ein samtidig kompetanse på dei andre områda. Faget mat og helse har kompetansemål etter 4., 7. og 10. årssteget i grunnskulen. Oversikt over hovudområde: Hovudområde 1. 10. Mat og livsstil Mat og forbruk

Mat og livsstil Hovudområdet mat og livsstil handlar om å utvikle ferdigheiter og motivasjon til å velje ein helsefremjande livsstil. Å setje saman ernæringsmessig trygg og god mat i samsvar med tilrådingar for eit sunt kosthald frå helsestyresmaktene er eit viktig grunnlag for opplæringa innanfor hovudområdet. Det blir lagt vekt på at maten skal vere variert, innbydande og velsmakande. Refleksjon rundt samanhengen mellom mat, livsstil og helse er viktig. Mat og forbruk Hovudområdet mat og forbruk handlar om å bli kjend med ulike matvarer, varemerking og produksjon, og om mennesket som kritisk og ansvarleg forbrukar. Det skal leggjast vekt på å utvikle ferdigheiter og motivasjon, slik at ein kan velje ein livsstil som tek omsyn til menneske og miljø. Entreprenørskap som skapande prosess, frå idé til ferdig produkt, høyrer med i dette hovudområdet. Innanfor hovudområdet mat og kultur er måltidsskikkar til kvardag, høgtid og fest og kunnskap om norsk tradisjonsmat og mat i ulike kulturar og religionar sentrale emne. Maten skal vere innbydande. Både tillaging og presentasjon av mat er knytte til teknologi og design. Timetal i faget Timetala er oppgitt i einingar på 60 minutt. BARNESTEGET 1. 7. årssteget: 114 timar UNGDOMSSTEGET 8. 10. årssteget: 8 timar Grunnleggjande ferdigheiter i faget Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I mat og helse forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik: Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i mat og helse kan vere å gjere greie for smak, lukt og estetikk. Innsikt i fagstoff er knytt til munnlege presentasjonar og skriftleg arbeid. I samband med måltidssituasjonar blir kommunikasjon gjennom samtalar viktig. Munnlege ferdigheiter i faget mat og helse er knytte til det å gjere greie for praktiske problem og formulere spørsmål, og til det å argumentere og kommunisere idear i faget i samtale med andre. Skriftlege ferdigheiter kan vere å skrive eigne oppskrifter og framgangsmåtar, lage invitasjonar og illustrasjonar og vurdere aktivitetar. Å kunne lese i mat og helse inneber å granske, tolke og reflektere over faglege tekstar med stigande vanskegrad. Det handlar om å kunne samle, samanlikne og systematisere informasjon frå oppskrifter, bruksrettleiingar, varemerking, reklame, informasjonsmateriell og andre sakprosatekstar, og vurdere dette kritisk ut frå føremålet med faget.

Å kunne rekne i mat og helse er viktig i praktisk arbeid med oppskrifter. Det er òg viktig for å kunne vurdere nærings- og energiinnhald og samanlikne prisar på varer. Å kunne bruke digitale verktøy i mat og helse gjer det mogleg å søkje etter informasjon, samanlikne og vurdere næringsinnhald og presentere fagleg innhald. Kompetansemål i faget Kompetansemål etter 4. årssteget Mat og livsstil lage trygg mat setje saman og lage frukost, skulemåltid og mellommåltid i tråd med tilrådingar for eit sunt kosthald frå helsestyresmaktene velje ut mat og drikke som er med i eit sunt kosthald bruke mål og vekt i samband med oppskrifter og matlaging praktisere reglar for god hygiene Mat og forbruk undersøkje ulike matvarer med tanke på smaksopplevingar forstå enkel merking av varer fortelje om ei utvald råvare og korleis ho inngår i matvaresystemet, frå produksjon til forbruk gjere sitt til trivsel i samband med måltida dekkje bord og beskrive korleis måltidsskikkar blir praktiserte i ulike kulturar planleggje og gjennomføre ein fest i lag med andre i samband med ei høgtid eller ei anna markering beskrive samisk mattradisjon og korleis mattradisjonar har samanheng med natur og levevis

Kompetansemål etter 7. årssteget Mat og livsstil lage trygg og ernæringsmessig god mat, og forklare kva plass dei ulike matvaregruppene har i kosthaldet forklare korleis maten verkar som energikjelde og byggjemateriale for kroppen samtale om tilrådingane for eit sunt kosthald frå helsestyresmaktene, og gi døme på samanhengen mellom kosthald, helse og livsstil finne oppskrifter i ulike kjelder bruke rekning for å auke eller redusere mengda i oppskrifter, prøve dei ut og vurdere resultatet følgje oppskrifter diskutere kva mattryggleik og trygg mat inneber Mat og forbruk diskutere produktinformasjon og reklame for ulike matvarer vurdere, velje og handle miljøbevisst utvikle, lage og presentere eit produkt samtale om industriprodusert mat og mat produsert i storhushald lage mat frå ulike kulturar vurdere kva god måltidsskikk inneber lage samisk mat og gjere greie for nokre trekk ved samisk matkultur lage mat i naturen og bruke naturen som ressurs Kompetansemål etter 10. årssteget Mat og livsstil planleggje og lage trygg og ernæringsmessig god mat, og forklare kva for næringsstoff matvarene inneheld samanlikne måltid ein sjølv lagar, med kostråda frå helsestyresmaktene bruke digitale verktøy til å vurdere energi- og næringsinnhald i mat og drikke, og gjere seg nytte av resultata når ein lagar mat informere andre om korleis matvanar kan påverke sjukdommar som heng saman med livsstil og kosthald vurdere kosthaldsinformasjon og reklame i media

Mat og forbruk vurdere og velje matvarer på ein mangfaldig varemarknad når ein planlegg innkjøp drøfte korleis ulike marknadsføringsmetodar kan påverke vala av matvarer som forbrukarane gjer utvikle, produsere, gje produktinformasjon og reklamere for eit produkt vurdere og velje varer ut frå etiske og berekraftige kriterium planleggje og gjennomføre måltid i samband med høgtider eller fest og ha ei vertskapsrolle lage mat for ulike sosiale samanhengar og drøfte korleis mat er med på å skape identitet gi døme på korleis kjøkkenreiskapar, tillagingsmåtar eller matvanar har endra seg over tid eller flytta seg geografisk, og forklare korleis det har verka inn på livet til folk skape og prøve ut nye retter ut frå ulike råvarer, matlagingsmetodar og matkulturar Vurdering i faget Retningsliner for sluttvurdering: Standpunktvurdering 10. årssteget eller på det steget faget blir avslutta. Ordning Elevane skal ha ein standpunktkarakter. Eksamen for elevar 10. årssteget eller på det steget faget blir avslutta. Ordning Elevane har ikkje eksamen. Eksamen for privatistar 10. årssteget eller på det steget faget blir avslutta. Ordning Det er ikkje privatistordning i faget. Dei generelle retningslinene om vurdering er fastsette i forskrifta til opplæringslova.