Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i SKULEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til privatliv Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor MISBRUK Artikkel 19: Alle barn har rett til at ingen skadar eller misbrukar dei
HJELPEARK OPPLÆRINGSLOVA SEIER 9a-5. Elevdeltaking i skulemiljøarbeidet Elevane skal engasjerast i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske arbeidet for helse, miljø og tryggleik ved skulen. 11-1a. Skulemiljøutval ved grunnskolar Ved kvar grunnskule skal det vere eit skulemiljøutval. I skulemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vere representerte. Skulemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal. Skulemiljøutvalet skal medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktiv del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulemiljøet, jf. kapittel 9a. 11-2. Elevråd ved grunnskolar Ved kvar grunnskule skal det for årstrinna 5-7 og for årstrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar for elevane.. Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for å skape godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og kome med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane. Undersøking utført av Ida Frugård Strøm ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress, NKVTS: Eit skulemiljø prega av mobbing skaper utryggleik i kvardagen som igjen svekker prestasjonsevna til alle elevane. Mobbing i skulen påverkar karakterane til alle elevane. Snittet er nesten ein heil karakter lågare for elevar på skular som blir prega av mobbing, enn på skular der det ikkje er utbreidd med mobbing. Tala held seg når tala for dei som var mobba er tekne ut av analysen. I skular der medelevane støttar offeret, er det mindre mobbing. På skular der mobbaren er populær og har støtte, er det meir mobbing. Les mer om undersøkinga her.
HJELPEARK LAG EIN REGEL. OPPGÅVEKORT: (Klipp ut desse til små kort og fordel dei på gruppene) Lag reglar som gjer at alle elevar føler seg trygge og verna frå farar. Lag reglar som gjer at alle føler seg godtatt som dei er. Lag reglar som gjer at alle elevar har dei same moglegheitene til å vere med på alt som skjer i skulen. Lag reglar som gir alle elevar same moglegheit til å lære og til å få til det dei gjer.
AKTIVITETSARK FORSLAG TIL AKTIVITETAR OG FREMGANGSMÅTE Vel ein eller fleire av aktivitetane under: Mål: Elevane veit at alle har rett til å seie meininga si og bli høyrt i alle spørsmål som har med skulekvardagen å gjere. EINIG - UEINIG! Minn elevane om at alle er forskjellige og opplever skulen forskjellig, og sei deretter at de skal ha nokre avstemmingar som viser dette. Gi dei eit raudt og eit grønt kort kvar, raudt for «nei» og grønt for «ja». Presenter forskjellige påstandar og be elevane vise grønt kort dersom dei er einige og raude kort dersom dei er ueinige. Her er det ikkje riktige og gale svar, deira meining er viktig! Begynn enkelt. Her er nokre forslag: Eg har det ganske bra på skulen i dag. Eg liker å spele fotball i friminutta. Eg liker betre å jobbe i grupper enn å jobbe aleine. Gå vidare til: Alle barn treng å gå på skulen. Eg er god til å høyre på andre sine meiningar. Vi lærer å ha respekt for kvarandre på skulen. Eg får moglegheit til å seie kva eg meiner på skulen. Gjer aktiviteten i samla klasse eller i grupper og la klassa/gruppene diskutere synspunkta undervegs. Minn dei om at det ikkje er riktige eller gale svar, men at deira synspunkt er viktige.
AKTIVITETSARK Mål: Elevane veit at alle har rett til å ha det bra på skulen. alle har rett til tilpassa opplæring. for at alle skal få oppfylt rettane sine må også alle ta eit ansvar. LAG EIN REGEL Del klassen i grupper på 3-5 elevar. Sei at dei no skal lage reglar for ein ideell skule der alle elevar får oppfylt rettane sine. For å differensiere kan du f.eks. gi alle gruppene eit «Lag ein regel-oppgåvekort» (sjå hjelpeark) og be dei bli einige om nokre reglar som sørgjer for at det som står på kortet blir oppfylt. Oppmuntre elevane til å vere kreative og ikkje avgrense reglane til kva dei trur er mogleg å gjennomføre her og no. Be dei ikkje berre tenkje på forbod, men også reglar som oppmuntrar til ei bestemt handling/oppførsel. Når gruppene er klare, les dei reglane opp for resten av klassa og lar dei kome med kommentarar og tilleggsforslag. I samla klasse sorterer elevane reglane i tre grupper: Reglar dei trur dei kan gjennomføre på eiga hand og som eignar seg som klassereglar. Reglar som lèt seg gjennomføre saman med andre (andre elevar/vaksne i skulemiljøet eller utanfor skulen). Reglar dei ikkje trur kan gjennomførast, eller som ikkje er bra å ha.s I grupper eller samla klasse: Vel ein regel som krev hjelp frå ein annan instans for å bli gjennomført. Legg ein plan for korleis de vil gå fram for å informere andre om tydinga av regelen og få dei til å vere med og arbeid for regelen. Planane kan for eksempel omfatte brevskriving, presentasjon i møte med enkeltpersonar/grupper (rektor, elevråd, skulemiljøutval, lokalpolitikarar ), artikkel i lokalavisa Læraren hjelper elevane med å gjennomføre planane. (Her kan det vere ein fordel å vere to lærarar, om mogeleg).
AKTIVITETSARK X-TRA KLASSE 6B Video med fem kjende utfordringar frå kvardagen til barn, inkludert lærarrettleiing. Utgangspunkt for samtale, rollespel og aktivitetar. Dei fem episodane er vennskap (om utfordringar i samanheng med fadderansvar for yngre elevar) tør du? (om bruk / misbruk av sms og retten til privatliv) Martin si fyrste trening (om inkludering på fotballtreninga) sjølvbiletet (om mobbing) hemmelegheita (om gruppepress på skulen og problem heime) Her finn du filmane og lærarrettleiinga. Episodane «Vennskap», «Tør du?» og «Sjølvbildet» er knytt til situasjonar på skulen og best eigna til denne økta. VARIASJONAR OG OPPFØLGING TIL LAG EIN REGEL-AKTIVITETEN Lag ei liste med det ansvar som følgjer med kvar av reglane elevane laga. Lag ein plakat med reglane og dekorar gjerne med fotografi elevane tek av relevante område på skulen. Sjå på reglane som gjeld for skulen og diskuter om dei varetek barnerettane. Er det nokre reglar som øydelegg for barnerettane? Vurder vidare arbeid med for eksempel brev til elevråd/smu eller rektor som ei oppgåve i norsk. OPPSUMMERING: Alle barn og unge har rett til å vere trygge og tilfredse på skulen og få moglegheit til å lære. På alle skular er det noko elevane likar og noko dei ønskjer å forandre. Elevane har rett til å bli høyrt og bli tekne på alvor i alt som vedkjem dei. Dersom alle skal få oppfylt rettane sine, må også alle ta eit ansvar.