SvaMpeN. Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 6. Juni 2007. Korleis kan ein takle eksamensangsten?

Like dokumenter
Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014


Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Til deg som bur i fosterheim år

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

mmm...med SMAK på timeplanen

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Jon Fosse. For seint. Libretto

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Månadsbrev for Rosa september 2014

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Plassebakken Barnehage

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Informasjon til elevane

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Plassebakken Barnehage

Månadsbrev for ROSA mars 2015

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Frå novelle til teikneserie

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Med tre spesialitetar i kofferten

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Brannsår, rus eller friheit?

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

OK, seier Hilde og låser.

Elevundersøkinga 2016


Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage


Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Om å høyre meir enn dei fleste

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Valdres vidaregåande skule

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Med god informasjon i bagasjen

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

«Ny Giv» med gjetarhund

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Psykologisk førstehjelp i skulen

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

FANTASTISK FORTELJING

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

IKT-kompetanse for øvingsskular

Rådgjevarkonferanse 2010

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Brukarrettleiing E-post lesar

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Info til barn og unge

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Transkript:

SvaMpeN Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 6. Juni 2007 Korleis kan ein takle eksamensangsten? Torsdag 24. mai, fekk elevane på Volda vgs vite kva dei kom opp i skriftleg eksamen og om dei kom opp i skriftleg eksamen i det heile. Frå 11. juni får elevane vite kva dei kjem opp i av munnleg eksamen. Blant mange elevar har vert eksamen eit heftig samtaleemne, og medan eksamensdagen nærmar seg, så kjem angsten. Les meir side 2 - Streiken har betra forholdet Elevrådsleiar Karoline Marøy føler at streiken som fant stad 2.Mai har ført til ei betring mellom elevane/elevrådet og leiinga. Leiinga er innstilt på å forbetre forholdet og arbeide med dei eventuelle kommunikasjonsproblema som dei har hatt tidlegare. Les meir side 5 * Illustrasjonsfoto. Foto: Henrik Faustino Vatnebakk SVAMPENredaksjonen: Ingeborg Leira, Tone Rekkedal, Mai-Elin Tran, Ingrid Brautaset, Henrik Faustino Vatnebakk, Pia Roald og Mariann Aurstad. Elevredaktør: Ida-Mari Mork Ansvarleg redaktør: Synnøve Moltudal Kjekt å vinne russebil-kåringa Jentene på russebilen «Glamouruss» var overraska over at dei vann kåringa av årets russebil. Dei meiner at dei ikkje la så veldig mykje arbeid i bilen. Dei begynte ikkje å gjere så mykje på bilen før dei to vekene før russetida. Les meir side 4 Rektor gjer opp status I denne utgåva av Svampen fortel Margaret Alme korleis ho har opplevd sitt første år som rektor ved Voldavidaregåande skule. Les meir side 3 Svampen-redaksjonen ønsker elevar og tilsette ein strålande sommar og ein velfortjent ferie!

Redsla for eksamen Eksamensangst er eit stadig aukande problem, som stadig fleire slit med på landsbasis. Det kan vere i forskjellege former, frå beskjeden nervøsitet til oppkast. Det finst mange ekspertar på dette området, og i dette høvet har Svampen kontakta psykolog Ronald Grini, som er ein av Noregs fremste ekspertar på eksamensangst. rådgjevarane ved skulen, og prate ut litt om det. - Grunnen til at mange opplevar eksamen som skremmande, kan vere det at den dagen betyr så mykje for resten av livet, kommenterer Vibeke Conradsen, vikar for rådgjevar Frøydis Løset. Skulle angsten for eksamen vere veldig sterk, så viser vi dei til PPT (Pedagogisk Psykologisk Teneste ). PPT er kommunens rådgivande og sakkyndige instans i forhold til spørsmål som omhandlar barn, ungdom og vaksne som opplever å ha ein vanskelig opplærings- eller oppvekstsituasjon. Ein får då ein samtale med personalet der, der ein prøvar å kartlegge situasjonen og snakke om kva eleven slit med. Vi skriv då ein uttale til administrasjonen ved skulen, med rettleiing og særskilde løysingar, kommenterer Eldar Krøvel, kontorleiar ved PPT. Eleven kan mellom anna få spesielle opningar, tileggstid, og opplesing av oppgåver, eller dei kan få vere på einerom, alt etter behov. - Viss ein elev kan dokumentere vanskar, så er der altså høve til tilretteleiing, kommenterer Ingeborg Øye Dahl, som er ansvarleg for eksamensavviklinga ved skulen. Kva trur du er grunnen til at så mange elevar slit med eksamensangst? - Viss vi tenkjer oss at karakterar og eksamenar er portopnarar til høgare utdanning, stipend og karriere, så kan det bety mykje for framtida viss ein gjer det dårleg på eksamen. Ronald Grini anslår ovanfor Svampen at ca. 25% av elevane slit såpass med angst at det kan få negative konsekvensar på sjølve eksamensdagen. I ein artikkel om eksamensangst i Dagbladet (11.05.2005), så gjekk han ut i frå at berre ein av ti elevar er heilt fri for eksamensangst. - Nervar høyrer med i moderate mengder, men nervar i store mengder kan slå negativt ut, avsluttar han. Hjelp å få Med eksamen som nærmar seg, så kan angsten kome, men viss ein kjem i denne situasjonen, så er der hjelp å få. Ein kan oppsøke Av: Henrik Faustino Vatnebakk Tips til førebygging av eksamensangst: 1. Planlegg eksamensdagen. Det førebyggjer jarnteppe. 2. Møt opp til eksamen i god tid, sitt rolig og slapp av. 3. Unngå å sjå kva dei andre studentane gjer under eksamen. Då blir du berre distrahert. 4. Ta pausar, og husk mat og drikke under eksamen. 5. Forbered deg godt, og få oversikt over pensum tidleg i semesteret. Det førebyggjer eksamensangst. 6. Unngå å tenkje for mykje på eksamen. 7. Besøk eksamenslokalet nokre dagar før eksamen. Det skapar ro og tryggleik. 8. Ta pausar i eksamenslesinga. Gå tur og tenk på noko heilt anna. 9. Ikkje les kvelden og morgonen før eksamen. Slapp av og vær gjerne sosial. 10. Finn ut korleis du lærer best. Nokon byrjar førebuingane to dagar før eksamen, andre to månadar før. Desse tipsa har vorte henta i frå VG Nett (02.05.07). Tipsa blei utarbeid som følgje av eit samarbeid mellom psykolog Ronald Grini og VG Nett. *Oversatt til nynorsk.

Eit fint førsteår på Volda vgs Første skuledag fekk elevane sitt første møte med rektor Margaret Alme. Fleire av elevane synest møtet med den nye rektoren var skremmande, men elevane har fått ein direkte og bestemt rektor å forholde seg til. Rektor Margaret Alme er no ferdig med sitt første år på Volda Vgs. Ho ser tilbake på skuleåret som svært utfordrande, men kjekt. Tidlegare har Margaret arbeidd både på Fagerlia vidaregåande skule og i Ulstein. -Volda vgs er ein heilt annleis skule enn dei eg har arbeidd på før. Volda er for det første ein mykje mindre skule, og med andre studieretningar enn dei eg har arbeidd med før, fortel ho. I Volda heng det att mange gamle tradisjonar i veggane, som har vist seg å vere utfordrande å forandre på. Her var likevel ingen store overraskingar for Margaret. Sjølv om ho ikkje er frå Volda var her likevel mykje kjende fjes. Blant anna har ho hatt Morten Vinjevoll som lærar i Ulstein. Djupe røter Margaret føler ho har eit godt forhold til elevane. Men her kjem vi ikkje vekk frå saka med Vardefesten. - Mange følte seg nok overkjørt, men der hadde vi ikkje anna alternativ enn å ta styringa på eiga hand. Om vi ikkje hadde gjort dette, ville det ganske sikkert blitt ein gjentaking av den tidlegare utgåva av Vardefesten, seier ho bestemt. Ho legg også til at ho hadde ikkje aning om kor djupe røter denne festen eigentleg hadde. Det har gått i bølgjedal med kor «gale» det har vore. Betre kommunikasjon Ho fortel vidare at ho angrar ikkje på noko ho har gjort, men heller på det ho ikkje har gjort. Noko vi absolutt må fokusere på å betre til neste år er kommunikasjon mellom leiinga og elevane. Vi skal ordne fleire fellesmøter mellom elevrådet og leiinga. Dette er noko som har vore for dårleg dette året. Mykje fråvær Skulen slit litt med søknadane til neste år, særleg på studieretningane Service og Samferdsel, og Allmennfag. Dette meiner Margaret at det må arbeidast med. Det er ikkje berre dette som må forbetrast. Det gjeld også det faktum at fråvær har blitt eit stort problem. Ho fortel at elevane har manglande forståing for kor alvorleg det er å vere mykje vekke frå skulen. - Eg trivst godt her på skulen, men om ikkje klasseromsfløya er planlagd innan 5 år, har eg kanskje ikkje noko meir her å gjere, avsluttar ho. Av: Ingrid Brautaset og Tone Rekkedal

Russebilkåringa: - Kjempekjekt å vinne Årets russebilkåring førte til sjalusi og usemje, men vinnarane frå bilen «Glamouruss» gjekk i frå det heile med eit smil. - Det var kjempekjekt å vinne, seier Martine Berg Rusten. Jentene på russebilen «Glamouruss» var overraska over at dei vann kåringa av årets russebil. Dei meiner at dei ikkje la så veldig mykje arbeid i bilen. Dei begynte ikkje å gjere så mykje før dei siste to vekene før russetida. Tida gjekk mest med til pyntinga. Silje Krumsvik og mora hennar stod for sying av puter og gardiner. Jentene trekte og opp dørene og seta med nytt stoff. Seinare pynta dei bilen med stjerner i taket og gullspray. Pyntinga kosta ikkje mykje. - Det som kosta mest var alt som måtte reparerast av tekniske ting, seier Silje. Elles kosta dei på bilen nytt batteri og eit anlegg. Overraskande å vinne - Eg trur vi vann fordi vi hadde så bra sikkerheit. Vi hadde ikkje snudd seta, og dermed hadde alle sikkerheitsbelte, fortel Martine. Bilen var også godkjent. - Vi hadde også gjennomført bilen med fargar som matcha, legg Mai Linn Wetterhus til. Dei fortel at stilen var enkel og at dei satsa pa temaet «glam». Dei var også nøgde med at dei hadde ein song som matcha namnet på bilen. Malene Vågen Dimmen fortel at ho var skikkeleg overraska over at dei vann. Dei hadde berre brukt 4500 kroner kvar på bilen, men no veit dei at det var absolutt verdt både pengane og arbeidet.

Malene seier og at dei hadde ein god del sponsorar. - Det var nokre av sponsorane som gav oss veldig mykje, seier Mai Linn. - Vi jobba ikkje for å vinne, det var mest for å ha ein fin bil, men vi er glade for at vi vann, seier Martine. Før kåringa vaska dei klart bilen og tok til og med av seg skorne for å halde den rein. - Den såg skikkeleg fin ut altså, seier jentene. Nokre bilar blei diskvalifiserte under kåringa, noko som starta usemje. Ikkje alle var einige om kven som fortjente å vinne. Nøgde til tross for dårleg vær Jentene seier at russetida var kjekk, men det var ting dei sakna. - Det kunne vore meir fellesarrangement, seier Ingrid Kongsvoll. Det kunne også vore finare vær, fortel dei. - Det var ikkje så kjekt når det var så surt og kaldt ute, kommenterer Martine. Dei trur kanskje at været er ein av grunnane til at russane i år var litt meir spreidde rundt, i staden for å gjere fleire ting i fellesskap. Alle jentene er likevel samde om at dei hadde ei uforgløymeleg russetid.. Av: Mai-Elin Tran og Ingeborg Leira -Streiken har ført til betre kommunikasjon Elevrådsleiar Karoline Marøy føler at streiken som fant stad 2.Mai har ført til ei betring mellom elevane/ elevrådet og leiinga. Leiinga er innstilt på å forbetre forholdet og arbeide med dei eventuelle kommunikasjonsproblema som dei har hatt tidlegare. Dette heile starta i haust då elevrådet tok opp med rektor Margaret Alme at elevane ville ha tilbake ringjarklokka. Då var grunnen at det var vanskeleg for elevane å følgje med tida og kome presist til timane. Dette vedtaket blei ikkje høyrt og vi i elevrådet prøvde på ny, denne gongen ved å skrive eit saksframlegg til leiinga. Brevet blei ikkje besvart og vi måtte faktisk be om svar, seier elevrådsleiaren. Det er på grunn av denne oppførselen til leiinga at alt dette oppstyret rundt ringjarklokka, media og streiken har skjedd. Korleis synest du denne aksjonen utarta seg? - Eg synest det gjekk over all forventning. Det var fleire enn eg hadde rekna med som streika, ca 150-200 elevar var samla ute på skuleplassen. Det som kunne ha vore noko betre var at elevane ikkje gjekk heim så tidleg, meiner Marøy. Dei fleste for heim etter tredje time fordi dei fekk fråvær uansett, kun dei hardaste var der til klokka runda tre. - Streiken handla ikkje først og fremst om ringjeklokka, det var meir som ei prinsippsak, seier elevrådsleiaren. Ho legg til at grunnen til denne streiken var fordi elevane ikkje vart høyrt av leiinga. - Det handlar om prinsipielle saker som det at elevrådet skal ha noko å seie for skulen. Elevrådet er viktig for sjølve skulen og elevane, vi forventar då at vi blir bli høyrde slik at vi kan ilag, elevrådet og leiinga, samarbeide og kome fram til ei semje om dei eventuelle sakene vi legg fram. Vart streiken slik som planlagt? - Ja, både og. Det var mange som streika. Det blei litt annleis med alt mediaoppstyret. Eg blei intervjua av nokre journalistar frå Sunnmørsposten, dette førte då til at det vart eit førstesides oppslag, og da var det gjort. Det som var så kult var at det var Sunnmørsposten og NRK som tok kontakt med oss og ikkje omvendt. Det at dei syntes dette var ei såpass viktig sak som fortjente litt merksemd var kult, avsluttar Marøy. Av: Ida Mari Mork

Sommarunderhaldning Ein samtale på toalettet Per skulle ut ein dag på flyreise. Da han kom fram til lufthamna, måtte han tre av på naturens vegne og gjekk på toalettet. Han kom inn og gjekk mot ein av de mange båsane som var der. Han la merke til at det sat nokon i nabobåsen - utan at han tenkte noko særleg over det- Han hadde knapt fått dragd ned buksene og sat seg ned på toalettet, då han fekk høre mannstemme frå nabobåsen: - God dag..har du det bra? Per blei overraska over dette og var ikkje karen til å starte samtaler på eit offentleg toalett, men svarte høfleg: - God dag! Jo, takk berre bra. På ny kom det: - Kva gjer du? - Eeehh, det du gjer. Eg er ute og reiser, svarte Per forundra. Han stussa over dette, men kom på at det var travelt no, flyet skulle gå snart. På tide å gjere seg ferdig. Då får han igjen høre frå båsen ved sidan av: - Passar det at eg kjem over til deg? No følte Per at dette blei veldig ubehageleg, og tenkte både på det eine og det andre. Han begynte å bli sint, men i et offentleg toalett hadde han ikkje noko sans for å bli uhøfleg. Så det kom frå ham: - Neeeei. Det passar dårleg no... Per likte seg ikkje, så høyrer han stemma igjen frå nabobåsen: - Du, vent til eg kjem ut, så skal eg ringe deg opp igjen. Det sit ein tulling på nabotoalettet og svarar på alle spørsmåla eg still. Sugen på en røyk Det var ein gong ein nudist som var på stranda. Plutseleg blei han så sugen på ein røyk, så han bestemde seg for å kjøpe fyrstikker og ein pakke sigarettar i ein kiosk 200 meter fra stranda. Han byrja å gå og traff ein politimann. Politimannen sa at han ikkje kunne gå rundt å sprade på gata splitters naken! Men nudisten svarte at dersom han møtte nokon ville han stoppe og stå stille som ei statue. Nudisten kjøpte det han skulle ha og på tilbakevegen møtte han tre damer, så han stoppa opp og stod stille som en statue, og gøymde varene sine under pungen. Nei, så rar denne automaten var, sa den eine dama og stappa ein tiar i munnen og drog i spaken. Ut kom pakken med fyrstikker. Den andre dama gjorde det same og ut kom pakken med sigarettar. Den tredje putta på pengar og etter ein del banking og skruing på spaken ropte ho : Nei jenter, sjå her da. Eg fekk handkrem!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!