REGULERINGSPLAN HÅHEIA Gnr. 91, bnr. 2 m.fl. Del 1 Hytteområde Del 2 Naustområde S K I L D R I N G PROSJEKTADMINISTRASJON REGULERING - KOMMUNALTEKNISK PLANLEGGING 1
Tiltakshaver: Torgeir Håvik Heimelshavar: Torgeir Håvik, bnr. 2 Svein Håvik, bnr. 1 Kommuneplanstatus: LNF område for spreidd bebyggelse. Utval for plan og drift gav i møte 04.09.07 oppstartløyve for utarbeiding av reguleringsplan med formål del 1 fritidsbustadar, og del 2 for småbåthavn og oppstilling av campingvogner. Oppstartløyve vart annonsert og sendt naboar og off. myndigheiter i ekspedisjon av 16.10.07. Om planområde Håvik i Fusa er fråflyttingsområde. Her er 3 gardsbruk. På 2 av dei bur det framleis folk. Tiltakshaver Gnr. 91, bnr. 2 har ei utleigehytte. I 2008 var denne utleigd i 20 veker. Med 3 utleigehytter til kan dette gje grunnlag for fortsatt å bu i Håvik. For å utnytta og handtera dette næringsgrunnlaget, må eigedom ha båtplassar. Fjorden inntil Håvik er open, og det er vanskeleg å leggja båt nokon stad. Eit hyttefelt vil gje folk og aktivitet, og økonomisk grunnlag for utbygging av utleigehytter. Jamfør Landbruk + og behov for alternativt næringsgrunnlag for gardsbruk. Fylgjande merknadar er innkomne til oppstartmeldinga: 1. Fylkesmannen, landbruksavdelinga: Fylkesmannen er i utgangspunktet kritisk til reguleringsplanar som er i strid med overordna plan. Fylkesmannens landbruksavdeling har førebels ingen landbruksfaglege merknadar til planen. 2. Fylkeskommunen, kultur og idrett I planområdet er det 2 SEFRAK registrerte naust. Desse nyare tids kulturminna må takast omsyn til i den vidare planlegginga. Nødvendig med ei mindre arkeologisk registrering. 3. Fylkesmannen, miljøvernavdelinga Generell rettleiing. Sluttord: Det omsøkte planarbeidet er i strid med overordna plan. Fylkesmannen vil derfor vera kritisk til ein vidare prosess med denne planen. Fylkesmannen vil vera særleg kritisk til dei planlagde tiltaka i strandsona. 4. Statens Vegvesen Skeptisk til planar i strid med overordna plan. Ingen merknad til oppstartmeldinga. 5. Bergen Sjøfartsmuseum Museet varslar om at museet som rette vedkomande myndigheit kan koma til å krevja å gjera registreringar i strandsona og sjøen i forbindelse med reguleringsplanen. 6. Engel Atle Håvik Eg som eig 91/3 har fri naustgrunn med naust, brygge, opplagsplass og vegrett nede på planområde 2. 2
7. Lars Ingjald Håvik Tar opp ei mengd forhold. Mykje av dette er privatrettsleg. Han konkluderer slik: 1. Oppstartløyve er gjeve på bakgrunn av heilt uriktige opplysningar frå søkjar. 2. Oppstartløyve er gjeve i strid med Fusa kommune sin arealplan, og i strid med tilråding frå administrasjonssjefen. 3. Oppstartløyve kan difor ikkje reknast som gyldig, og må snarast trekkjast attende. Ferdig utarbeidd plan vart godkjend for utlegging til offentleg ettersyn, sak 0039/09 med utlegging frå 27.06.09. Til utlegging kom det inn ei rad merknadar, m.a. frå Fiskeridirektoratet Region Vest om kaste- og låssetjingshamn. Frå Fylkesmannen landbruksavdeling med ein del detaljerte krav til ikkje å ta i bruk dyrka mark, og frå Fylkesmannen miljøvernavdelinga med motsegn til bruk av strandlinja med småbåthamn i strid med kommuneplan og rikspolitiske retningslinjer. Etter dette har planen kvild og vore teken opp i uformelle samanhengar. I møte hos Fylkesmannen 03.02.2012 med Berit Karin Rystad, Jostein Klette, Inge Kaldestad og Harald Bjørndal, vart ramma for ein nytegna plan som fylkesmannen kunne godkjenna lagd. - Ny plan etter dagens kvalitetskrav - ca 50% av hyttene kan seljast - resterande 50% skal vera utleige og visast i plan som 5230 spreidd næringsbebyggelse - småbåthamn skal ligga langs stranda, vera så liten som muleg og ta minst muleg plass i sjø Denne planen er laga ut frå gjeldande produksjonskrav og med utgangspunkt i dei føringar som vart lagd i møte 03.02.12 hos fylkesmannen. Me forutset at planen med skildring, ROSanalyse og vedtekter vert utvalgsbehandla og lagd ut til full ny utlegging. Alle naboar og offentlege instansar må senda nye merknadar. 1A LANDSKAP OG ESTETIKK Del 1 er ein langstrakt åskam mellom dyrka mark hos nabo og eiga dyrka mark. Mot nabo er det lagd inn ein 10m vegetasjonskjerm. Den øvre delen mot sørvest er brattlendt og avsett til friluftsområde. Den nordaustlege delen er ein rimeleg jamn åskam utan spesielle terrengformasjonar, område er ope og vil få gode solforhold. Fjernverknaden frå fjorden vil vera harmonisk terrengtilpassa bygningar med ein lett vegetasjonskjerm framføre. 5 fritidseigedomar for sal og 6 utleigehytter. Del 2. Austvendt skrånande frå kommunevegen og flater ut mot elva og øyra ned mot sjøen. Her er det i dag 2 naust, ei nausttuft og 2 steinbrygger. Bak dette ei utleigehytte og ei lita sanitærhytte. Nytt i planen er naust på nausttufta, 3 stk utleigehytter og utvida sanitærbygg, samt parkeringsplassar. Langs berget sørover er det plassert småbåthamn med 20 båtplassar. Fjernverknad frå sjøen vert tradisjonelle naust, steinbrygger og ei moderne småbåthamn. 1B FORHOLD TIL NATURMANGFALDSLOVA f 8-12 www.naturbase.no og www.artdatabanken.no har ingen registreringar for område. Artsdatabanken har ein registrering av livskraftig Hinnebregne vest for planområde. Der er heller ingen lokalt kjende observasjonar innanfor området. 3
2 SAMFUNNSIKKERHEIT ROS REGULERINGSPLAN HÅHEIA, GNR 91, BNR 2 FUSA KOMMUNE ROS-ANALYSE Fusa Kommune sine akseptkriterium og metode for ROS-analysar er lagt til grunn for denne ROS-analysen. ROS-analysen skal leggjast til grunn for kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Kommunen er plikta til å kartlegga kva uønska hendingar som kan inntreffa i kommunen, vurdera sannsynet for at desse hendingane inntreff og korleis dei i sofall kan påverke kommunen. Denne ROS-analysen er i tråd med kommunen sin vedtekne metode og akseptkriterium slik dette er vist i vedlegg der og døme på farekatogoriar er vist. Metodikk for vurdering av risiko og sannsynet er vist i vedlegget. Det same gjeld metodikk for vurdering av konsekvens, akseptkriterium og vurdering av risikoreduserande tiltak. Definisjon av sannsyn (hyppigheit): Svært sannsynleg Meir enn 1 hending kvart år Mykje sannsynleg Meir enn 1 hending kvart 10. år, men mindre enn 1 hending kvart år Sannsynleg Meir enn 1 hending kvart 50. år, men mindre enn 1 hending kvart 10. År Mindre sannsynleg Meir enn 1 hending kvart 100. år, men mindre enn kvart 50. år Lite sannsynleg 1 hending kvart 100. år eller sjeldnare Det kan nyttast andre definisjonar i meir detaljerte ROS-analysar 4
Definisjon av konsekvens: Konsekvens Menneske (Liv og helse) Ufarleg Ingen person skade Ein viss fare Farleg Få og små personskader, korte sjukefråvær Få, men alvorlege personskader. Mange mindre personskader (meir enn 10) Miljø (Jord, vatn, luft) Ingen miljøskadar el. Forureining av omgjevnadane Mindre skadar på miljøet som vert utbetra etter relativt kort tid Miljøskadar av stort omfang, m/ middels alvor og/el. skadar av lite omfang m/ høgt alvor Materielle verdiar (økonomiske tap) Små eller ingen skade på materiell, utstyr og andre økonomiske verdiar. Skade under 10.000.- kr. Prod.stans under 1 veke Mindre lokal skade på materiell, utstyr og andre øk. verdiar Skade under 100.000 kr. Prod.stans under 3 veker Alvorleg skade på materiell, utstyr og andre økonomiske verdiar. Skadar begrensa opp til 1 mill kr. Produksjonsstans over 3 veker. Samfunnsviktige funksjonar Funksjonen er midlertidig ute av drift, ingen direkte skader og kun mindre driftsforstyrrels ar Funksjon midlertidig ute av drift, kun mindre skader. Alternative løysingar fungerar Funksjon ute av drift i flerie døgn. Mindre skadar på alt. løysingar Betydelege driftsmessige forstyrrelsar Tenesteyting/ produksjon Skadar opp til 10.000 kr. Produksjonsstans under 1 Veke Skadar avgr. inn til 100.000 kr. Prod.stans under 3 veker Skadar avgrensa oppad til 1mill kr. Produksjonsstans over 3 veker Kritisk Opptil 2 døde, og/ eller 5 alvorleg skadde, og/eller opp til 10 evakuerte Store og alvorlege miljøskadar Tap av og/eller kritisk skade på materiell, utstyr og andre økonomiske verdiar. Skade opp til 10 mill kr. Produksjonsstans over 3 månader. Funksjon ute av drift over lengre tid. Skader også på alternative løysingar, eller manglande alternative løysingar. Store driftsmessige forstyrringar. Skadar avgrensa til 10 mill kr. Produksjon stans over 3 mnd. 5
Katastrofalt Meir enn 2 omkomne, og/eller meir enn 5 skadde, og/eller meir enn 10 evakuerte Langvarig, i verste fall varig alvorleg skade på miljøet Fullstendig øydelegging av materiell, utstyr og andre økonomiske verdiar. Skade for over 10 mill kr. Produksjonsstans over 1 år Funksjonen er permanent sett ut av drift Skadar over 10 mill kr. Produksjonsstans over 1 år Store delar av Fusa kommune er utsett for skred. TEK 10, 26.03.2010 nr 489: Forskrift om tekniske krav til byggverk). Byggverk skal i utgangspunktet ikkje plasserast i skredfarleg område der konsekvensen av eit skred er særleg stor. Risikodiagram (5 x 5): Konsekvens Sannsyn Ufarleg Ein viss fare Farleg Kritisk Katastrofalt Svært sannsynleg gul gul raud raud raud Mykje sannsynleg gul gul gul raud raud Sannsynleg grøn gul gul gul raud Mindre sannsynleg grøn grøn gul gul raud Lite sannsynleg grøn grøn gul gul gul Ein grovanalyse (ROS-analyse) tilfredstiller kravet til risikovurderingar i kommunal plansamanheng. Dette betyr at vi lagar ei oppstilling av farlege tilhøve i kommunen, graderar dei i høve sannsyn og konsekvens og får ut ei matrise som viser risiko og sårbarheit inndelt i grøn, gul og raud sone. 6
I det vidare arbeidet med ROS-analysen nyttar ein dei matrisene som er vist på vedlegg. I risikomatrisene nedanfor er konsekvens oppgitt før sannsyn. Dvs. at verdien 3.2 betyr ein konsekvens lik 3 og ein sannsyn lik 2. ROS-analyse for Håheia Naturbasert sårbarheit Uønska hending Potensiell risiko for: Merknad Liv og Helse Miljø og materielle verdiar Ekstremvêr Sterk vind Store nedbørsmengder Store snømengder Flaumfare Vert ikkje vurdert som ein risiko for området. Bølgjebrytar for småbåthamna må dimensjonerast rett. 2.2 2.2 Vert ikkje vurdert som risiko for området. Vert ikkje vurdert som risiko for området. Flaum i elvar/ bekkar 1.1 1.3 Der er ingen elvar eller synlege bekkar i området. Flaum i vassdrag/ innsjøar Overvasshandtering Springflo/ stormflo Del 1 har ingen elvar eller bekkar til sitt område. Del 2 har ingen elvar eller bekkar til sitt område. Med røyrsystem til sjø Historisk flomnivå Målt 1,48 Målt kote 1,48. Målt 1991. Skredfare www.skrednett.no Kvikkleirskred Lausmasseskred Oppmålingsavdelinga Kvinnherad kommune har gjort eit godt arbeid med registrering av springflo. Historisk flomnivå 1991 er målt til kote 1,48. Normal springflo er målt til kote 1,35. Faremeldingar om issmelting og stigande havnivå er det i det siste blitt nedgradert. Det er viktig for bruk av gjestebrygga at nærkonakt til sjø er god. Me vel difor: Gjestebryggje kote 1,25 Naust kote 1,80 Bustad utleige min. kote 2,35 Lausmasse i området består av utfylt steinmasse på leire. 7
Is og snøskred 1.1 1.1 Utløpsområde registrert. Sjå NVE aktsomhetskart. Etterkommentar. Steinras, steinsprang Ikkje aktuelt problem. Byggegrunn Setningar Utglidingar Radon /Forureining Plante- og dyreliv www.dirnat.no Planter Dyr Fuglar Andre uønska hendingar Skog- og vegetasjonsbrann Jordskjelv Radon vert ikkje sett på som eit problem i området. Ingen rødlisteartar eller andre trua arter er registrert i området Ingen rødlisteartar eller andre trua arter er registrert i området Ingen rødlisteartar eller andre trua arter er registrert i området Ligg dyrka mark som buffer imellom skogsområde og hyttefelt. Verksemdbasert sårbarheit Uønska hending Potensiell risiko for: Merknad Liv og Helse Miljø og materielle verdiar Brann/ eksplosjon Brannfare Eksplosjonsfare Energitransport Høgspent Lågspent Gass Forureina vatn Drikkevasskjelde Ikkje aktuelt konflikt Ikkje aktuelt konflikt Ikkje aktuell konflikt. Ikkje aktuelt konflikt Ikkje aktuelt konflikt Heile området vert tilknytt felles storvassverk. 8
Badevatn, fiskevatn, vassdrag og liknande Forureining grunn www.sft.no Kjemikalieutslepp Forureining luft Støv/ partiklar/ røyk Støy Friluftsliv og tilgjenge til sjø www.hordaland.no Fri ferdsel langs sjø Friluftsliv Heile området vert tilknytt off. avløpsnett. Byggegrunn er ikkje registrert forureina. Der er ingen faste støykjelder i området. Område er lite nytta som friluftslivområde Sårbarheit knytt til infrastruktur Uønska hending Potensiell risiko for: Merknad Liv og Helse Trafikkfare inne i planområde Forhold for mjuke trafikantar Forhold for kjørande Forureining www.sft.no Støv/ partiklar Støy Lukt Utslepp/ kjemikaliar Miljø og materielle verdiar 2.3 2.3 Feltet har mange einingar. På enden av den kommunale vegen i Håvik er trafikken særs liten. Der er ingen faste støykjelder i området. Trafikkfare på nærliggjande vegar/ transportåre utanfor planområde www.vegvesen.no Veg 2.3 2.3 På enden av kommunal veg, Håvik Strandvik. Sjø Luft Fredeleg våg i Håvik. 9
IS OG SNØSKRED. Etterkommentar I NVE sitt aktsomhetskart snø er heile område merka som utløpsområde for snøras. For del 1 ligg fritidsbustadområde på eit høgdedrag. Frå høgdedraget er det ca 30 m flat dyrka mark fram til rimeleg skogkledd, skrånande utmark med noko berg i dagen. Der er ingen synlege bekkar som kjem ned mot området og som kan demma seg opp og utløysa skred. Del 2 ligg nedafor kommunevegen, grensande til hovedelva gjennolm dalen og sjøen. Mot hovedelva er det murt opp sikring. Ovafor kommunevegen er terrenget kupert med møtande høgdedrag, sjå biletmateriale. 3 BARN OG UNGE For del 2 er det lagt inn leike og fellesareal. Del 2 har plane/flate grøntareal og fin nærheit til sjøen. 4 UNIVERSELL UTFORMING 50% av hyttene skal tilretteleggjast for universell tilkomst. Ut frå krava til hotell og herberge må ei utleigehytte innvendig fullt tilretteleggjast for rørslehemma. 5 STØY Der er ingen faste støykjelde i området som treng oppmersomheit. 6 STRANDSONA Flytebryggje og bølgebrytar kan festast i land. Terrenget langs flytebryggja skal ikkje bearbeidast. Det skal ikkje sprengjast eller murast/fyllast. 7 KULTURMINNE Fylkeskommunen kultur og idrettsavdelinga har gjort oppmersam på at det er 2 stk SERFAK registrerte bygningar innenfor område, og at det trengs ei mindre arkeologisk registrering. Bergen Sjøfartsmuseum har og varsla behov for registrering. Plan del 2 er vesentleg redusert fra første utlegg og me forutset at begge etatane kjem tilbake med spesikfikke behov for registreringar. 8 ENERGI Det vert i planen ikkje lagt opp til felles tiltak. 9 NAUST OG KAIAR I planen ligg 2 eksisterande naust og ei oppatbygd på eksisterande steinmurt grunnmur. 2 eksisterande steinbryggjer er mykje nedrasa og bør kunna restaurerast med ny stein eller stein og nedramma trepålar. Ny flytekai og bølgjebrytar kan forankrast opp med feste i land. Terrenget skal ikkje bearbeidast, sprengjast, fyllast eller skadast. 10
10 TRAFIKKTEKNIKK, TRAFIKKSIKRING Område ligg på enden av kommuneveg Strandvik Håvik. Veg opp til del 1, skal byggjast som ny godkjend jordbruksveg. Vegen ned til del 2 (veg 3) må i avkjøring frå kommuneveg lettast og utbedrast slik at ein på tilfredstillande måte kan kjøra ut i begge retningar. Revidert: 12.11.2012 Eikelandsosen 10.08.12 Harald Bjørndal 11
Frå hytteområde del 1. Frå hytteområde del 1. 12
Frå hytteområde del 1. Frå hytteområde del 1. 13
Frå hytteområde del 1. Frå hytteområde del 2. 14
Steinbrygge Eksisterande del 2. 15
Mot område del 2. Mot område for småbåthamn. 16