Marknadsplan Jærmuseet 2015 2016



Like dokumenter
KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Lønnsundersøkinga for 2014

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Jærmuseet- museum og vitensenter

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

MILLIONSTØTTE TIL JÆRMUSEET

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Frå novelle til teikneserie

Team Hareid Trygg Heime

Forslag frå fylkesrådmannen

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

ARBEIDSPLAN

Formidlingsplan for barn og unge

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Samansette tekster og Sjanger og stil

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Sandeid skule SFO Årsplan

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016

Frå tre små til ein stor.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Internasjonal vidaregåande skule

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Med god informasjon i bagasjen

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Kommunikasjonsplan for NAV Sandøy

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Invitasjon til samling i Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap april 2007, Jæren

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Transkript:

Marknadsplan Jærmuseet 2015 2016 1

Innhald Forretningsidè... 3 Overordna målsettingar... 4 Situasjonsanalyse... 5 Overordna marknadsmål i planperioden... 7 Målsettingar per avdeling... 7 Vitenfabrikken... 7 Vitengarden... 8 Garborgsenteret, Knudaheio og Garborgheimen... 8 Tungenes fyr... 9 Avdeling for Levande historie opne anlegg... 9 Science Circus... 11 Digitale målsettingar... 12 Grafisk profil... 13 Handlingsplan... 14 Evaluering/rapportering... 15 2

Ved oppstart av planarbeidet har Jærmuseet teke utgangspunkt i følgande modell for å få ein god og funksjonell marknadsplan: Forretningsidè og overordna målsettingar Situasjonsanalyse Marknadsmål Handlingsplan Evaluering/oppfølging Forretningsidè Jærmuseet er ein møteplass mellom natur, kultur og teknologi. Jærmuseet produserer og formidlar kunnskap og kunnskapsbaserte opplevingar. Mottoet til Jærmuseet er opplev, delta, utforsk. Utgangspunktet er formidlingsmetoden «å læra ved å gjera» og mottoet er noko både tilsette og gjester skal kjenna seg igjen i. 3

Overordna målsettingar Marknadsplanen må sjåast saman med den overordna strategiplanen for Jærmuseet, 2014 2020. I marknadsplanen er det naturleg å ha mest fokus på det som går på formidling og fornying. Inkludert i formidling er utstillingar, undervisning, aktivitetar og arrangement. Nedanfor vil ein difor trekka fram følgande overordna målsettingar frå strategiplanen er førande i marknadsplanen: - Jærmuseet skal vera møteplass og arena for å formidla kunnskap og læring til det almenne publikum, skular og næringsliv - Jærmuseet skal utvikla nye utstillingar og aktivisera utstillingane som hovudarena for formidling og undervisning - Jærmuseet skal driva med utvkling, kvalitetssikring og fornying av formidligsmetodar Andre overordna mål som denne planen tek hensyn til er: - Styrka posisjonen og kjennskapen til Jærmuseet lokalt, nasjonalt og internasjonalt - Publikum skal oppleva Jærmuseet som relevant og aktuelt - Jærmuseet skal styrka sørvis internt og eksternt - Jærmuseet er aktiv i samtida og påverkar framtida 4

Situasjonsanalyse Jærmuseet er per 1.1.2015 det best besøkte museet på kyststrekninga mellom Oslo og Trondheim, og har hatt ein god og jamn auke dei siste åra. Sidan 2007 er det totale besøkstalet tredobla, og i 2014 var det på 194.565. Rett i underkant av 70% kom til avdelingane som går inn under Sørvest-norsk vitensenter: Vitenfabrikken, Vitengarden og Science Circus. 250000 200000 150000 100000 50000 0 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Samla besøkstal Jærmuseet Samla besøkstal vitensenteret i Jærmuseet Tabell 1.1 Besøksutviklinga Jærmuseet samt vitensenteret i Jærmuseet Kven er gjestene? 12 % 27 % 61 % Skular/barnehage Ferie- og fritid Bedrift Tabell 1.2 Fordeling marknadsgrupper 2014 5

Primærkunde 61% av gjestene til Jærmuseet kjem inn under marknaden ferie/fritid. I denne marknaden er primærkunden barnefamiliar. Eit besøk vert ofte bestemt ein til fire dagar i forkant, og både vèr og aktivitetsprogram vert tekne med i vurderinga. Med utgangspunkt i vårt bookingsystem og tidlegare undersøkingar, kjem gjestene våre innanfor ferie/fritid først og fremst frå dei nærliggande kommunane og med ein times køyretid til det anlegget dei besøker. I skuleferiane ser ein at besøk frå andre deler av landet, då særleg Vest- og Sørlandet, aukar. Om sommaren tiltrekker museet seg gjester frå nabolanda, i tillegg til Tyskland og Nederland. Dette er og i tråd med undersøkingar Innovasjon Norge har gjort for «kulturturisten». Gjestene kjem til Jærmuseet sine anlegg grunna mange ulike ting, og stor utstillingsaktivitet dei siste åra har ført til fornying på fleire område noko gjesten viser å setta pris på (ref. tilbakemeldingar på Facebook, Tripadvisor). Interesse for tema, å gjera noko saman med barna og gjera aktivitet «med meining» er noko som ofte vert nemnt. Konkurranse Jærmuseet ligg i ein region med korte avstandar og eit mangfaldig kultur- og aktivitetstilbod. Konkurrentane til Jærmuseet er først og fremst dei andre musea, lekeland, temaparkar og kjøpesentre. Dei siste åra har tal på aktivitetstilbodet i regionen, særleg sundagar auka stort. På solskinsdagar er naturen den største konkurrenten til særskild Vitenfabrikken og Garborgsenteret, som stort sett har alle aktivitetane innandørs. Samstundes som dei andre aktørane er konkurrentar, er dei og viktige samarbeidspartnarar. Har gjestene gode opplevingar på museum, er sjansen stor for at dei vil oppsøka fleire museum ved neste «utflukt». For tilreisande turistar er det avgjerande med attraktive opplevingar for å vera ein dag eller to ekstra i området. Såleis er det viktig å «gjera kvarandre gode» og marknadsføra eit bredt tilbod i regionen. Det er eit ynskje at ein i planperioden set av midler til undersøkingar der ein kan samla inn enda fleire data om gjestene til Jærmuseet som grunnlag for målsettingar og strategival, og som ein kan bruka til å tydeleggjera Jærmuseet sin posisjon i marknaden. 6

Overordna marknadsmål i planperioden MÅL TILTAK Auka interessa for realfag og regional Bevisst biletbruk med dette i fokus. Fagleg historie stoff i enkelte kanalar, som nyheitsbrev og SOME. Auka «gjenbesøk» på tvers av avdelingane Marknadsføring av andre anlegg internt ved bruk av infoskjermar, fokus på sommarpass og årskort og opplæring av vertar. Auka besøk frå Sør- og Vestlandet Fokus på «Barnas Rogaland» og vidareutvikling av pakkar mot ferie/fritidspublikummet Halda besøkstalet i planperioden* Auka bruk av sosiale medier i marknadsføringa. Ha større fokus på kvart enkelt anlegg (produktet) heller enn organisasjonen men med ein raud tråd logo og slagord. Auka besøk og inntekt frå bedriftsmarknaden Utarbeida fleire tilbod og felles informasjonsmateriell på tvers i organisasjonen. *2015 2017 er ein byggefase for Vitenfabrikken, der aktivitetsnivået vil vera lågare enn normalt grunna mykje personell som vert opptekne i planleggingsarbeid. I og med Vitenfabrikken står for ein stor andel av besøkstalet og kalkulerar med nedgang, vil planlagt besøksauke frå samtlege av dei andre avdelingane føra til at ein held seg på nivået for 2014 i planperioden. Frå og med 2017 vil både byggetrinn to på Vitenfabrikken vera på plass, samt Rogaland Krigshistoriske museum er samlokalisert med flymuseet. Dette er året me satsar på å nå 200 000. Målsettingar per avdeling Vitenfabrikken Hovudfokus målgruppe: Barnefamiliar Anna målgruppe: Bedrift Besøktall 2014 2015 2016 74.269 68.000 68.000 Faktorar avgjerande for besøkstala: Vitenfabrikken vil i perioden ta imot mindre besøkande i grupper og ha eit generelt lågare aktivitetsnivå, særleg på formidling. Dette grunna mykje prosjektarbeid i samband med «Byhistorisk utstilling» og «matematikkutstilling» (Nye Abelloftet). Tilsette vil bli involvert i prosjekta, noko som betyr færre skulebesøk i 2015. Difor ein kalkulert nedgang i perioden. Ein vil oppretthalda ein større prosentvis del av ferie/fritidspublikummet men vil gå ned på skule/barnahagar. 7

Særlege marknadstiltak på Vitenfabrikken i planperioden: Særleg fokus på eksisterande utstillingar og aktivitetar som Energi&Miljø og Det ska svara seg. MakerSpace vil og koma i denne perioden. Vitengarden Hovudfokus målgruppe: Barnefamiliar Anna målgruppe i fokus: Bedrift/utleige Besøktall 2014 2015 2016 49.707 51.000 53.000 Faktorar avgjerande for besøkstala: 2015: ny kokk med nytt og betre tilbod i kafeen. Utstillinga D.D.S.Ø.I.F attraktiv for målgruppa. SNU første heile sesong i 2015 med utandørs eksperiment. Ny reklamefilm vil gå på TV Vest- Traktorliv permanent utstilling (3 år) åpnar i juni. 2016: Garden/stall betre tilbod på garden, lettare å koma i kontakt med dyra. BIOGASS ny utstilling opnar hausten 2016. Særlege marknadstiltak på Vitengarden i planperioden: Fokus på nye utstillingar og nytt tilbod. Kampanje for å marknadsføra bedriftstilbodet, saman med nytt kafètilbod. Eigne bursdagspakkar auka satsinga her. Garborgsenteret, Knudaheio og Garborgheimen Hovudfokus målgruppe: grunnskule/vidaregåande Sør-Rogaland Anna målgruppe: Vaksent publikum med god allmenndanning. Bedrifter. Besøktall 2014 2015 2016 13.952 14.000 16.000 Faktorar avgjerande for besøkstala: 2015: Eigen resepsjonist bidreg til at Garborgsenteret får meir synleg profil, òg i 1. etasje av bygget. DKS-samarbeid med Rogaland Fylkeskommune og Time kommune. Utfordring t.o.m.august 2015: redusert tilgjengelegheit pga anleggsarbeid og bygging av Bryne vgs. Arrangement i samarbeid med Time bibliotek og andre aktørar. 2016: Nye Bryne vgs inkl. uteområde ferdigstilt betre tilgjengelegheit med parkeringshus og meir besøk frå skulen. DKS-samarbeid med Rogaland Fylkeskommune og Time kommune. Digital formidlingsløype i Knudaheio og Garborgheimen. Kafètilbod. Særlege marknadstiltak på i planperioden: Betre profilering av Garborgsenteret i 1. etasje. Eigen resepsjonist, utstillingsinstallasjon i resepsjonsområdet, plakatar, intern skilting 8

Utvikla brosjyrar til bruk for laust publikum i utstillinga (målgruppe: vaksent publikum). Informasjon på heimesida samt faldar om bedriftstilbod og auka fokus her. Informasjonstavle om Garborganlegga ved parkeringsplass på Garborgheimen og Knudaheio. Halda fram med aktivitetsdag på Knudaheio, utvikla eit tilbod i Garborgheimen (kurs, temadag). Tungenes fyr Hovudfokus målgruppe: Storfamilien tre generasjonar på tur med interesse for kultur, natur og friluftsliv Anne målgruppe: Torsdag på Tungenes-konseptet: musikkinteresserte frå Nord-Jæren mellom 20 og 50 år. Besøktall 2014 2015 2016 17.918 17.000 19.000 Faktorar avgjernade for besøkstala: Godt vèr, gode utstillingar, oppslag i media og gode artistar Særlege marknadstiltak på Tungenes fyr i planperioden: Marknadsføring av ny kunstutstilling i 2015, og av ny utekonsert i 2016. Meir målretta marknadsføringstiltak mot konsertbesøkande. Avdeling for Levande historie opne anlegg Hovudfokus målgruppe: Familier i regionen med interesse for dei ulike anlegga sine tema Anna målgruppe: skular Besøkstall Flyhistorisk Krigshistorisk Limagarden Haugabakka Vistnes Grødaland og Varden Sum Levande historie 2014 9.705 1.704 2.815 1.444 5.677 3.855 25.200 2015 9.950 1.750 2.890 1.480 5.820 3.950 25.840 2016 10.190 1.790 2.960 1.520 5.960 4.050 26.470 Faktorar avgjerande for besøkstala: - Viss ein rekker å opna RKM i Sømmevågen til sesongen 2016 vil tala for både fly og krig moglegvis verta ein del større - På bygdetuna er det alltid usikkert koss besøket vert og marginane er små. Det avheng av at ein klarer prioritera tid til undervisning og kor mange 9

opplegg kan gjennomføra. Aktivitetsdagane avheng av godt vèr i og med dei alle er utandørs. Særskilte marknadstiltak i perioden: - Bevisstgjera folk på at Flyhistorisk Museum Sola eksisterer. Fortsatt veldig ukjent for fleire. - Meir fokus på å marknadsføra enkeltanlegg Samlingar Vårt eige team har saman med Samlingsteam Rogaland, gjort eit stort arbeid med å digitalisera mykje av samlingane. I tillegg er det blitt laga eit dokumentarkiv for Kverneland, og i 2015 vert traktorar òg ein del av dokumentarkivet som er digitalt. Samlingar vil bli presenterte i «ny» drakt på nettsidene. Samstundes vil det og bli trekt fram artiklar i samband med utsending av nyheitsbrev, på sosiale medier og digitalt museum vert synlegare enn tidlegare på nye nettsider. 10

Science Circus Hovudfokus målgruppe: elevar i grunnskulen Anna mågruppe: lærarar (læarkurs) Målsettingar Besøktall 2014 2015 2016 12.423 10.000 10.000 Faktorar avgjernade for besøkstala: Science Circus har 1,2 stillingar, og er framover avhengig av prosjektmidler for å oppretthalda det store aktivitetstilbodet. I 2016 er det behov for ein nytilsett, for å erstatta primus motor for Science Circus, som vore arbeidande pensjonist i fleire år. Særlege marknadstiltak på Science Circus i planperioden: Science Circus driv med det meste av marknadsføringa sjølv, med direkte kontakt mot skulane. Samla besøkstall i planperioden 2014 2015 2016 Jærmuseet totalt 194.564 187.840 194.470 11

Digitale målsettingar www.jaermueet.no Nye nettsider vert lanserte våren 2015. Hovudmålet er at desse er responsive (tilpassa ulike skjermstorleiker). Fokus på nettsidene er å vera marknadsretta mot det publukum fyrst og fremst leiter etter; opningstider, kontakt oss og aktivitetar. Sida vil òg verta betre tilpassa på engelsk. Besøk på nettsida: 2014 2015 2016 www.jaermuseet.no 116.000 120.000 130.000 Sosiale kanalar Facebook 2014 2015 2016 Jærmuseet 4632 7000 9000 Garborgsenteret 917 1100 1300 Ein vil i perioden oppretta eiga Facebook-side for dei større anlegga. Dette fordi ein ser kor mykje direkte marknadsføring som må skje ved direkte lenke til produktet som her er anlegget. Med å opna opp for FB side for anlegget, vil ein kunna dyrka eigenarten samstundes som ein vil ha fokus på å tydeleggjera tilknytninga til Jærmuseet. Ein eigen plan vil bli utarbeida for drift og målsetting med eigne FB-sider. Instagram 2014 2015 2016 Vitenfabrikken 984 1200 1500 Vitengarden 351 800 1100 Garborgsenteret 736 1000 1300 Jærmuseet 170 400 700 Mål for Instagarm: Køyra minst to IG-konkurransar i året for å marknadsføra utstillingar/aktivitetar. Twitter 2014 2015 2016 Garborgsenteret 1897 2000 2200 12

TripAdvisor 2014 2015 2016 Vitenfabrikken 13 20 40 Vitengarden 5 10 20 Garborgsenteret 0 4 10 Tungenes Fyr 4 10 15 Grafisk profil I 2010 fekk Jærmuseet ein ny profilmanual der orda OPPLEV DELTA UTFORSK skulle vera den røde tråden og som skulle bli gjenkjent som slagord og som felles for samtlege anlegg. I tillegg vart det utarbeida støtteelement som viste fram alt Jærmuseet hadde å by på. Den grafiske profilen har og skal bli brukt i all felles marknadsføring av Jærmuseet. F.eks, på visittkort, bilar, brosjyremateriell, årskort, annonser. Eksemepl nedanfor: Kvart anlegg vil ha sitt eige uttrykk i materiell kun knytta til det enkelte anlegget, og då særleg i intern skilting og utstillingsdesign men logo + slagord vil alltid følga med i profierlinga av enkeltanlegg så vel som organisasjonen. 13

Handlingsplan I samband med marknadsplanen er det oppretta eigen handlingsplan som viser marknadsstrategien og kva kanalar som skal nyttast til ulike marknadsaktivitetar i 2015 og som og skal visa faktiske kostnader ved marknadsaktivitetane. Når aktivitetskalendaren er klar for 2016, vil handlingsplan bli utarbeida saman med avdelingane. Sjå eige vedlegg til handslingsplan for kvar avdeling og samla for Jærmuseet. Følgande kanalar vil bli prioriterte i marknadsføringa framover: 1. Sosiale medier; i hovudsak Facebook og Instagram Annonsering på sosiale kanalar har ein låg kostnad, og er enkelt å gjera målretta mot dei gruppene ein ynskjer å nå fordelt på alder, geografi, kjønn og interesser. Aktivitetsdagar vil bli oppretta som eigne arrangement og innlegga vil bli «sponsa». 2. Nyheitsbrev Nyheitsbrevet til Jærmuseet når ut til rett i overkant av 3000 og kostnaden er låg. Det vert lest i gjennomsnitt av 33%. Nyheitsbrevet vert nytta til «generelle» nyheiter men vil og i perioden ha meir fokus på fagstoff frå museet. 3. Regional annonsering Regional annonsering i avis vil skje via Nordsjø media eller direkte med lokalavisene for dei mindre anlegga. Nordsjø media dekker avisene frå Agder til Strand, og samtlege aviser i vårt «kjerneområde». Der målgruppa er 40+ vil avis verta nytta, ved yngre målgruppe vil nettannonser verta vurdert. 4. Presseomtale Presseomtale er «gull verd» 5. Aftenbladkortet Jærmuseet har ein avtale med Aftenbladkortet. Alle som bruker kortet får 20% rabatt på inngangsbillett. For dette får Jærmuseet muligheit til annonsering i Aftenbladet når ein har arrangement noko som til nå har gitt god utteljing på besøkstala. 6. Annonsering nasjonalt Jærmuseet sitt fokusområde er Sør- og Vestlandet. Nasjonal annonsering er kostbart og er vanskeleg å måla effekten av. Nasjonal annonsering vert berre gjort saman med reiselivet, i felles annonsering med Region Stavanger eller andre reiselivsbedrifter. 7. Kulturkalenderen Kulturkalendaren ligg på Region Stavanger sine sider, og vert òg nytta av Stavanger Aftenblad. Den er gratis for medlemmer å nytta seg av, og arrangement vert lagt ut fortløpande. 8. Radio Spottannonsar på radio (Radio Sandnes, Norsjøradion og Jærradioen) vert nytta opp mot enkelte arrangement der målgruppa er i alderen 20-40 år. 14

9. TV Reklame på TV vert brukt for Vitenfabrikken og Vitengarden, spreidd utover året. Dettte for å auka kjennskapen til anlegga blant målgruppa. 10. Barnas Rogaland Kongeparken, Norsk Oljemuseum, Arkeologisk museum og Jærmuseet samarbeidar om konseptet Barnas Rogaland. I 2015 er produktet eit magasin som går ut til familier frå Kristiansand Bergen. I 2016 vil ein utvida konseptet digitalt, med same målgruppe og er det største fellesprosjektet med reiselivsbransjen. Evaluering/rapportering Jærmuseet vil i peroden ha følgjande måter for evaluering: - Undersøking av sommargjestene 2015. Utarbeida internt. Kor kjem dei frå? Kor har dei høyrt om oss? Korleis opplevde dei besøket? - Undersøking direkte mot alle skular som er med på formidlingsopplegg, i etterkant av besøket. Korleis opplevde dei bestilling, mottaking, formdilingsopplegg og læringsutbytte. Oppstart våren 2015. - Undersøking direkte mot bedriftsmarknaden i etterkant av besøk. Likt mål som den som går ut til skulane. - Større undersøking mot ferie/fritidsmarknaden med ekstern aktør i 2016. Korleis vet Jærmuseet oppdatta utad? Dette vil vera til hjelp i styrka posisjonering i marknaden, og til vidare arbeid internt om vår profil. - Rapportering av besøkstal til avdelingane, men òg digitalt, i avdelingsmøte, leiarmøte og styremøte. 15