Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Like dokumenter
Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Intensjonserklæring om støtte til Ikubens søknad om NCEstatus/eventuelt

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Samhandling om kompetanseutvikling i eit nytt storfylke. Mai 2018

Det Digitale kompetanseløftet Nordmøre. April 2016

Strategi Ny kunnskap ny praksis

En utvikling på høgskolenes premisser?

Tilskot frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond i 2016

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/511 STYRESAK: 076/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK. Styret tar saka til orientering.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Birgit Aarønæs Lisbeth Nervik

Strategifrukost/lunsj

Søknad om støtte til «Midt-Norge - Føregangsregion for sjøtransport»

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Avtale om partnarskap

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes.

«Utviklinga i helsesektoren kva grep bør vi ta for å møte utfordringane»?

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

STRATEGISK PLAN

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Økonomiplan med budsjett for 2013

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal pr august 2016

VR-sak 17/14: OPPFØLGING AV MARIN STRATEGI FOR VESTLANDET

-Ein tydeleg medspelar. Campus Kristiansund. Prosjektleder Roland Mauseth

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

Strategiplan for FoU

Vurdering av allianse og alternativ

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

Omstillingsprogram for petroleumsrelatert leverandørindustri

Universitetet Møre kan det bli ein realitet? NORDMØRSKONFERANSEN 2008 Fylkesdirektør Ottar Brage Guttelvik

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Strategi Forord

Kvalitet er målet med alt

Kvalifikasjonskrav til prorektorane

Styret meiner at Møre og Romsdal med sine 450 fagskolestudentar er ei naturleg eining med tilstrekkeleg omfang til å stå på eigne bein.

Saksprotokoll. Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale. Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : Sak: 39/07.

Norsk Sjøoffisersforbund UNGDOMSKONFERANSEN 2015

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Høyring - forslag om blokker til utlysing i 21.konsesjonsrunde

Status og strategi for forskning i Helse Sunnmøre. Fagdirektør Odd J. Veddeng

Handlingsplan for internasjonalisering

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

«Høgskulen si rolle som utviklingsaktør i regionen» Sogn regionråd Åse Løkeland Rektor HiSF

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - "Arbeidsgivarpolitikk for framtida"

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Oppstart, prosjekt Møre og Romsdal som region mot 2025

Styringsgruppa Utviklingsplan HMR HF

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Søknad - Marine for Health (M4H) - auka verdiskaping for marin ingrediensindustri i Møre og Romsdal

Søknader til Omstillingsprogrammet for petroleumsrelatert leverandørindustri, andre utlysning

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

FORDELING AV STIPENDIATSTILLINGAR 2012

INTERNASJONAL STRATEGI

Kva kan gjerast for at kommunane og fylkeskommunen arbeider stadig betre med næringsutvikling: Temaet no: Nytt næringshageprogram

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Opplærings- og helseutvalet Innstilling til fylkesutvalet behandles i møte vedtak ettersendes.

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Sølvi Lerfal SAKA GJELD: Fagleg rapportering 2014

VITENSENTERET I SOGN OG FJORDANE EI SATSING PÅ FRAMTIDA!

«Nytt punkt: Fagskulen skal framleis ligge til fylkeskommunen/regionale nivå.»

UNIVERSITETET I BERGEN

Kommunedelplan for oppvekst

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND

Føringer i fusjonsplattformen. Møte i gruppe for faglig organisering 18.09

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag UDIR: Oppdragsbrev Desentralisert ordning for kompetanseutvikling og oppfølgingsordninga

Saksnummer Utvalg/komite Møtedato 003/14 Fylkesrådet

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

Sammenstilling av vedtak fra protokoller fra styrebehandling i helseforetakene

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Samanslåing av Hordaland helsefagskole og Fagskolen i Hordaland

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 23.09.2015 61565/2015 Anna-Marie Hatlestad Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 09.11.2015 Fylkesrådmannens tilråding 10.11.2015 Fylkesutvalet 17.11.2015 Fylkestinget 07.12.2015 Høgskulefond Bakgrunn I samband med handsaminga av sak T-73/14 - økonomiplanen for 2015-2018, gjorde Fylkestinget følgjande vedtak «Det vert sett av 20 mill. til høgskulefond i økonomiplanen i løpet av åra 2016-2019. Fondet skal brukast til doktorgradstipend og infrastruktur til oppbygging av relevante fagområde. Fylkesutvalet behandler søknadene og gjer årleg vedtak om løyving av midlar frå høgskulefondet. Sak blir lagt fram for fylkesutvalet i september 2015». I samband med vedtaket om avsetning til høgskulefond gjorde ikkje fylkestinget vedtak om finansiering. Dette blir å komme tilbake til seinast ved rullering av økonomiplanen hausten 2015, jf. sak T-73/14. Fylkesutvalet gjorde i februar 2014 vedtak om å få utgreidd ei sak om å sette av midlar til master- og doktorgradsløp ved høgskulane. Det blei derfor utgreia ei sak om høgskulefond som blei lagt fram for regional- og næringsutvalet og fylkesutvalet i oktober 2014, jf vedlegg 1. Føringar for bruken av midlane ligg i denne saka og vedtaket i fylkestinget. På bakgrunn av denne saka og framlegg i fylkestinget har det vore ein prosess med høgskulane som i samarbeid har utarbeidd ein søknad. Høgskulane sitt forslag til disponering av midlane Høgskulane har utarbeidd ein kompetanseplan med tre prioriterte område. Satsinga er retta inn mot både næringslivet og helsesektoren. Satsinga vil bidra til å utvikle fagmiljøa ved alle dei tre høgskulane. Høgskule Omstilling i næringslivet Offentlig innovasjon og omstilling Høgskulen i Volda Formidling og visualisering/strategisk kommunikasjon Profesjonsutfordringar, pasientkommunikasjon og helsepedagogikk Høgskolen i Havrom/simulering Klinisk sjukepleie Ålesund Høgskolen i Molde Industrielt internett Pasientflyt, samhandling og helselogistikk Alle satsingsområda er kopla opp mot eksisterande fagmiljø ved høgskulane og bidrar dermed til å styrke fagmiljø som er regionalt tilpassa.

I satsinga som er retta mot næringslivet er det stilt krav om at næringslivet skal bidra med medfinansiering. Dette sikrar at satsinga er relevant for regionen og knyter samtidig høgskulane og bedriftene i regionen tettare saman. Problemstillingane som det skal forskast på vil vere henta frå næringslivet og kan brukast direkte av nærings- og arbeidslivet i fylket. I tillegg blir det lagt opp til at prosjekta skal ha ei internasjonal orientering og vere av internasjonal kvalitet. Høgskulane har avgrensa satsinga som er retta mot offentleg sektor til innovasjon og omstilling i helse- og sosialsektoren. Omstilling i næringslivet Høgskulane legg opp til å finansiere ein stipendiat ved kvar av høgskulane. Satsinga på formidling og visualisering/strategisk kommunikasjon er grunngjeve i at Høgskulen i Volda alt har eit sterkt miljø innan medieutdanningane, men der det er behov for å bygge kompetanse på strategisk kommunikasjon og visualisering/formidling retta inn mot næringslivets behov. Høgskulen har gjennom fleire år hatt samarbeidsprosjekt med næringslivet og ønskjer å styrkje kompetanse og bygge kapasitet på dette området. Havrommet er strategiske satsingsområde for Høgskulen i Ålesund der bruk av teknologi og simulering er sentralt. Høgskulen har opparbeidd seg ein unik posisjon innan bruk av simulering og visualisering i utdanning, forsking og kursaktivitet. Høgskulen ønskjer å vidareutvikle høgskulen som ein sentral aktør. Satsinga er retta mot maritim næring. Fusjonen med NTNU frå nyttår av vil gi høgskulen rett til å uteksaminere eigne ph.d kandidatar, men høgskulen manglar nødvendig professorkompetanse til ph.d rettleiing på fleire sentrale område. Satsinga vil bidra til å lukke dette gapet. Å bygge eit sterkt miljø i Ålesund er viktig for å hindre at forskinga i for stor grad vil skje i Trondheim etter fusjonen med NTNU, og på sikt dermed svekke det gode samarbeidet høgskulen har med næringslivet lokalt. Industrielt internett er fellesnemnaren for satsinga ved Høgskulen i Molde. Denne satsinga svarar på utfordringar som ikuben, og kunnskaps-/innovasjonsmiljøa i Nordmøre og Romsdal har adressert. Utviklinga innan industrien når det gjeld bruk av internett medfører nye standardar for industriproduksjon globalt. Avansert fabrikasjon, auka digitalisering, kundefokusert produksjon, smartare organisering, høg innovasjonstakt og kontinuerlig utvikling og omstilling er nokre stikkord som blir brukt. Denne samansmeltinga mellom industri, IKT og logistikk vil endre framtidige forretningsmodellar, produksjonsteknologi og prosessar, kompetansebehov og samarbeidsformer. Utviklinga innan industrielt internett kan dermed bidra til at industrien kan hente ut meirverdi frå vareproduksjon via tenesteproduksjon. Å bygge kompetanse på industrielt internett vil bidra til å styrke det frå før sterke logistikkmiljøet ved høgskulen på eit område der næringslivet etterspør masterutdanning/forskarkompetanse. Offentleg innovasjon og omstilling Høgskulane legg opp til å finansiere ein stipendiat ved kvar av høgskulane.

Satsinga på profesjonsutfordringar, pasientkommunikasjon og helselogistikk ved Høgskulen i Volda er grunngjeve i ei aukande forståing av at tilfrisking og pasientbehandling i stor grad handlar om kommunikasjon mellom profesjonsutøvarar og pasient like mykje som reint medisinsk intervensjon. Høgskulen har saman med Høgskulen i Molde starta opp doktorgradsutdanning innan helse- og sosialfag. Høgskulen har i dette programmet fokus på profesjonsutfordringar og stipendiaten vil inngå i dette miljøet og såleis bidra til å styrke denne utdanninga. Satsinga på klinisk sjukepleie ved Høgskulen i Ålesund er ei tverrfagleg satsing som er kopla opp mot simuleringsmiljøet. Det er er eit aukande behov for sjukepleiarar, men omlegging frå bruk av sengepostar til utstrakt bruk av dagkirurgi og poliklinikkbehandling medfører at det ikkje er nok praksisplassar i utdanninga. Høgskulen brukar i dag simulering i alle utdanningar på bachelor-, vidareutdanning og masternivå. I tillegg tilbyr høgskulen kurs for kommunar og helseføretak og har blant anna arrangert kurs for turnuskandidatar. Satsinga ved Høgskolen i Molde innan pasientflyt, samhandling og helselogistikk er ei tverrfagleg satsing som kombinerer logistikk, helsefag, sosialfag, offentleg administrasjon og økonomi. Det er behovet for å kople desse fagområda mot Phdprogramma ved høgskolen. Det er difor behov for ei stipendiatstilling innan samhandling og logistikk i helsetenesta. Høgskulen ønskjer samarbeid med Helse Midt-Norge, Helse Møre og Romsdal og kommunale regionråd. Ekstern ekspertise For å sikre både kvalitet og kapasitet i rettleiinga av stipendiatane ønskjer høgskulane å få finansiert 3 professor II-stillingar. Dette er mellombelse stillingar som blir rekruttert frå andre institusjonar nasjonalt eller internasjonalt, i nokre tilfelle kan næringslivet bidra. I tillegg til retteleiing av stipendiatane kan IIstillingane og bidra til å oppbygging eller utvikling av studietilboda innan for nemnde satsingane. Omstilling i næringslivet 3 stipendiatar a kr 1 mill. per stilling per år 9,0 mill. Tilskot frå 1,8 mill næringslivet/høgskule Offentleg innovasjon 3 stipendiatar 9,0 mill. Driftsmidlar til Reiser, datainnsamling, litteratur a kr 100 000 0,6 mill. stipendiatane per stilling Ekstern ekspertise 3 proffessor-ii stillingar. 1,4 mill. I alt 21,8 mill. Midlane til stipendiatstillingane dekker både lønn, kontorplass og rettleiing av stipendiatane. Finansieringa frå næringslivet er føreslått inn som finansiering eit fjerde år. Dette er grunngjeve med at det mest normale i UH-sektoren er at doktorgradsutdanninga er 4 år og at en fjerdedel av denne tida er disponert til andre aktiviteter enn stipendiaten sitt eige forskingsprosjekt. Doktorgradstudentane skal også lære å undervise, administrere kurs og eksamenar, rettleie andre studentar, formidle forsking til omverda osv. Dersom studentane får denne erfaringa vil dei ved fullført doktorgrad normalt vere kvalifisert til stillingar som førsteamanuensis, og kunne gis både forskingsoppgåver og ansvar for eigne kurs og eigen undervisning. Kompetanseutvikling inneheld difor meir enn studenten si eiga forsking.

Vurdering Arbeidslivet i Møre og Romsdal vil i aukande grad vere avhengig av å rekruttere arbeidskraft med høg kompetanse. Utviklinga både i privat og offentleg sektor går i retning av bruk av meir spesialisert kompetanse. Samtidig viser forskinga at Møre og Romsdal i stor grad rekrutterer lokalt 1. Kvalitet og relevans i høgskuletilbodet er derfor viktig for rekruttering av arbeidskraft i fylket. Tilgang på relevant forskingskompetanse er viktig for innovasjonsevna i fylket. Høgskulane bidrar med forskingskompetanse når offentleg sektor og næringslivet etterspør kunnskap for utvikle produksjonsprosessar, produkt og tenestetilbod. I tillegg koplar høgskulane arbeidslivet saman med andre forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt når det er behov for å hente kunnskap utanfor regionen. Utfordingane som arbeids- og næringslivet står overfor er blant anna knytt til: Reduksjon i petroleumsaktiviteten Behov for raske innovasjonar Behov for stadig meir automatisering og robotisering Behov for å ta i bruk ny teknologi Behov for å utvikle nye forretningsmodellar Behov for å knytte seg til kompetansenettverk nasjonalt og internasjonalt Også kommunane står overfor krevjande oppgåver som krev spesialisert kompetanse Lista er ikkje uttømmande, men arbeids- og næringslivet vil i aukande grad etterspørje kompetanse på master- og doktorgradsnivå. Hensikta med eit høgskulefond er å bidra til å styrke høgskulane på område som er strategisk viktige for regionen. Høgskulane har lagt opp til å bruke midlane innan strategisk viktige område for regionen. Dette er fagområde der høgskulane i dag er gode, men som likevel er nødvendig å utvikle vidare for å halde tritt med kunnskaps- og teknologiutviklinga på områda. Høgskulen i Ålesund vil frå nyttår fusjonere med NTNU og vil gjennom denne fusjonen kunne undervise på alle nivå. Men dersom ikkje fagmiljøet i Ålesund blir styrka kan det vere fare for at forskingskompetansen blir trekt til Trondheim. Å ha eit sterkt fagmiljø i Ålesund er dessutan viktig for å utnytte potensialet for fagleg utvikling og tverrfagleg samarbeid som fusjonen med NTNU kan gi. Vurdering av satsingsområda Aukande bruk av internett og sosiale medium medfører at bedriftene er i tettare dialog med kundar og leverandørar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Korleis bedriftene kommuniserer og framstår utad blir difor stadig viktigare for å få tilgang til nye marknader, selje produkt og tenester eller rekruttere medarbeidarar. Teknologiutviklinga innan IKT påverkar utviklinga av produksjonsprosessar, utvikling av nye produkt, forretningsmodellar og samarbeidsformer. Å ha tilgang på kunnskap og kompetanse innan høgskulane sine satsingar på desse områda er derfor svært viktig for regionen. Arbeidslivet rekrutterer, som nemnt over, i stor 1 Gythfeldt og Heggen, 2012, Røberg, 2014

grad lokalt. Eit regionalt utdanningstilbod på strategisk viktige område har difor mykje å seie for tilgangen på kunnskap og kompetanse. Tilgang på kompetanse på dette nivået er i tillegg viktig for arbeids- og næringslivet sin kapasitet til ta i bruk ny kunnskap og teknologi(absorpsjonsevne). Utfordringane knytt til overføring av kompetansekrevjande oppgåver frå sjukehusa til kommunane fører til eit aukande behov for sjukepleiarar i kommunehelsetenesta. Kopling av teknologifaga og sjukepleiefaga bidrar til betre kvalitet i utdanninga. Meir kunnskap om kommunikasjon mellom profesjonar, pasientar, samt kunnskap om pasientflyt og samhandling er viktige bidrag for å auke pasientsikkerheita og kvaliteten på tenestene. Satsinga ved dei tre høgskulane er fagleg utfyllande og gir samtidig nyskapingsmuligheiter ved tverrfaglege koplingar. Samla sett vil derfor samansetninga av satsinga, som høgskulane føreslår, bidra til å bygge kompetanse og kapasitet på område som er strategisk viktige for arbeidsog næringslivet i regionen. Prosjekta som stipendiatane skal arbeide med skal vere internasjonalt orientert og vil difor bidra til å bygge internasjonale nettverk på strategisk viktige område. Høgskulen i Volda har tradisjonelt hatt lite kontakt med næringslivet men har dei seinare åra hatt fleire medie- og kommunikasjonsprosjekt med næringslivet. Eit slikt samarbeid bidrar til å styrke fagmiljøet ved høgskulen samtidig som det bygger kompetanse i næringslivet. Satsinga i Volda vil ytterlegare styrke samarbeidet med næringslivet. Høgskulen i Ålesund har gjennom mange år etablert eit godt samarbeid med næringslivet som ma. har resultert i samarbeidet om simulatorane ved Norsk maritimt kompetansesenter. Satsinga i Ålesund vi forsterke eit allereie godt samarbeid og styrke høgskulen sin posisjon overfor NTNU, samtidig som det styrker kapasiteten på eit område som er viktig for næringslivet. Høgskulen i Molde er ein del av ikuben og satsinga mot industrielt internett svarer på utfordringar som ikuben og kunnskaps-/innovasjonsmiljøa i Nordmøre og Romsdal har adressert. Satsinga i Molde vil bidra til å utvide samarbeidet med næringslivet i regionen på eit nytt område. Styrking av helsefagutdanningane ved høgskulane i Volda og Molde inngår i Ph.d utdanninga som høgskulane i fellesskap skal bygge opp. Å få opp talet på stipendiatar er viktig for oppbygginga av doktorgradsutdanninga. Satsinga vil dermed bidra til å styrke denne utdanninga. Koplinga mellom sjukepleie og teknologifaga i Ålesund er ei spennande kopling som skal bidra til å effektivisere utdanninga og vil bidra til å vidareutvikle sjukepleiefaget. For å sikre at satsinga som er retta mot omstilling i næringslivet er relevant for næringslivet bør næringslivet bidrar med medfinansiering med 20 prosent av totalkostnaden. Dette er det teke høgde for i forslaget frå høgskulane.

Finansiering av stipendiatstillingar er eit statleg ansvar, men høgskulane i fylket får sjeldan nye stillingar når departementet tildeler nye stipendiatstillingar. I 2015 har høgskulane i fylket til saman 45 stipendiatstillingar av 3 408 på landsbasis. Tre av desse var nye i 2015 og blei tildelt til Høgskulen i Volda (1) og Høgskulen i Ålesund (2). I statsbudsjettet for 2016 er det forslått 93 mellombelse stipendiatstillingar som tiltak for økt sysselsetting, samt 85 permanente stillingar. Alle desse er lagt til universitetsbyane, private høgskular og samanslegne høgskular, samt høgskulen Stord/Haugesund. Høgskulane i Volda og Molde får ingen nye stillingar, medan NTNU får 20 permanente og 16 mellombelse. Høgskulen i Ålesund kan eventuelt få sin del av desse. Dei statlege kompetansebyggande verkemidla blir i all hovudsak tildelt universiteta. Fylkeskommunale midlar vil derfor vere eit viktig bidrag for å bygge opp fag der næringslivet i regionen etterspør kompetanse og som er viktige for at næringslivet skal kunne følgje med i utviklinga på nye områder. Fylkeskommunane andre stadar i landet har spelt ein sentral rolle i å utvikle høgskulane. Dei nye universiteta i Agder, Stavanger og Nordland fekk god drahjelp frå fylkeskommunar og kommunar til å bygge opp førstekompetanse til det nivået som det er stilt krav om for å kunne undervise på master- og doktorgradsnivå. Agderfylka gav støtte til Universitetet i Agder i form av finansiering av seks stipendiatstillingar. Universitet i Agder kan dessutan søke finansiering frå Sørlandets Kompetansefondet som er ei stifting oppretta av 15 kommunar. Stiftelsen har mellom anna som formål utvikle universitetet på Sørlandet. Lyse Energi, som er eigd av 15 kommunar, gav 100 millionar kroner til Universitet i Stavanger. Høgskulen i Bodø fekk 50 millionar kroner frå Nordland fylkeskommune til oppbygging av Nordland Universitet. Høgskulane i Oppland får 35,8 millionar kroner til doktorgradsutdanningar og utvikling av samarbeidsprosjekt av Kompetanse-, universitets- og forskningsfondet AS (KUF) i Oppland frå 2015-2018. KUF er finansiert gjennom innskot av kapital frå kommunane og fylkeskommunen i Oppland. Alle dei ovanfor nemnde midlane blir brukt til kompetanseoppbygging ved institusjonane. Ved ei eventuell prioritering mellom offentleg og privat arbeidsliv bør næringslivet prioriterast sidan næringslivet no står overfor krevjande omstillingar der tilgang på kompetanse er viktig for vidare utvikling. Fagområda som høgskulane har forslått er regionalt tilpassa og svarar på kompetansebehov som næringslivet i fylket har peika på er viktige i denne omstillinga. Offentleg sektor er meir standardisert og utfordringane i sektoren er ikkje like spesielle for fylket, sjølv om satsingane som er føreslått er forankra i fagområda som høgskulane har spesialisert seg på innan offentleg sektor. Fylkesrådmannen vil tilrå at man i denne omgang prioriterer satsinga som er knytt til omstilling i næringslivet. Forslag til vedtak: 1. Fylkestinget i Møre og Romsdal er positive til å opprette eit høgskulefond. 2. Møre og Romsdal fylkeskommune vil i første omgang sette av 10 millionar kroner. Fondet skal i ein treårsperiode nyttast til doktorgradstipend og infrastruktur til oppbygging av fagområda omstilling i næringslivet og offentleg innovasjon: Formidling og visualisering/strategisk kommunikasjon, havrom/simulering, industrielt internett.

3. Det er lagt til grunn at utdanningar som rettar seg mot næringslivet sitt behov har medfinansiering frå næringslivet på minimum 20 prosent av totalkostnaden. 4. Høgskulane/NTNU må søke om midlar kvart år etter kvart som nye stipendiatar skal tilsettast. 5. Fylkesutvalet behandlar søknadane og gjer årlege vedtak om løyving av midlar frå høgskulefondet. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Bergljot Landstad regional- og næringssjef Vedlegg 1 Felles innspel til kompetanseplan for Møre og Romsdal verhg3 2 Kompetanseplan for Høgskolen i Ålesund 3 Høgskolefond for oppbygging av fagmiljø som er relevante for arbeidslivet i Møre og Romsdal 4 Formelle krav for å kunne tilby studium på master- og doktorgradsnivå