Elevpermisjonar Retningsliner for søknad om permisjon frå grunnskuleopplæringa
14.11.2013 Reglar for skulefri for elevar utanom skuleferiar og fridagar i skuleruta For å læra er det viktig at elevane er til stades i skuletida. Skuleåret har 190 skuledagar, det vil seia at elevar og føresette har 175 dagar til feriar og andre aktivitetar. Reglane for skulefri utanom desse 175 dagane er for å sikra likebehandling av søknader om permisjon, og for å redusera omfanget av fråvær. Opplæringslova 2-1 Rett og plikt til grunnskoleopplæring, fastslår i 1. og 5.ledd: Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til ein offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter. Plikten kan ivaretakast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring. ( ) Dersom ein elev utan å ha rett til det har fråvære frå den pliktige opplæringa, kan foreldra eller andre som har omsorg for eleven, straffast med bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla forsettleg eller aktlaust. Offentleg påtale blir ikkje reist utan når kommunen set fram krav om slik påtale. Opplæringslova 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa, fastslår: Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute. Vedtaksmynde Kommunen har delegert til den einskilde rektor å handsama permisjonssøknader i samsvar med opplæringslova 2-11. Søknader om permisjon skal sendast til skulen der eleven går. Søknader som gjeld 3-10 dagar skal sendast inn på eige skjema og vera skulen i hende i god tid før permisjonsperioden. Vurdering av saknadar Søknad om permisjon etter første ledd krev ei todelt vurdering. Skulen må først ta stilling til om det er forsvarleg at eleven får permisjon. Det som er forsvarleg for ein elev, kan vera uforsvarleg for ein annan. Dersom skulen kjem til at det ikkje er forsvarleg å innvilga permisjon, skal søknaden avslåast. I vurderinga om permisjon er forsvarleg er dette relevante moment: Eleven si faglege utvikling Skulen sitt undervisningsopplegg i permisjonstida Eleven sin permisjonshistorikk og fråværshistorikk
Dersom skulen finn det forsvarleg å innvilga permisjon, skal dei deretter vurdere om eleven faktisk kan få permisjon. Dersom skulen kjem til at dei ikkje kan innvilga permisjon, skal søknaden avslåast. I Lindås skal dei ikkje gjevast permisjon i periodar med førebuing og gjennomføring av: Obligatoriske statlege kartleggingar Nasjonale prøvar Munnleg og skriftleg eksamen Lengda på permisjon Opplæringslova si maksimale grense for permisjon er to veker og den grensa er ufråvikeleg. Verken rektor, eller fylkesmann kan innvilga samanhangande permisjon i meir enn to veker. Rektor må dermed avslå alle søknader som gjeld permisjon for ein periode på meir enn to veker. Rektor kan innvilga permisjon i to veker av den perioden det er søkt om, og gje avslag på resten. Dei føresette må i slike tilfelle gje tilbakemelding om dei ønskjer permisjon eller ikkje, og eventuelt kva periode dei ønskjer. Dersom rektor gjev permisjon i for og/eller etterkant av ein skuleferie, må det ikkje vera slik at eleven sitt fråvær vert meir enn 2 veker. To veker er to veker uavhengig av kor mange av dagane som er skuledagar. Ugyldig fråvær Dersom dei føresette vel å ta eleven ut av skulen, enten utan å ha søkt, eller utan å ha fått innvilga (heile) søknaden sin, vil eleven få ugyldig fråvær for den delen av søknaden som eventuelt ikkje er innvilga. Sakshandsaming Skulane skal nytta tilsendte malar til svarbrev både når det gjeld innvilging og avslag på søknader. Malane må leggjast over på skulen sitt brevark og tilpassast den einskilde elevsaka. Ved avslag på permisjon skal dette grunngjevast med kvifor fråværet ikkje vert rekna som forsvarleg, eller kvifor fråværet ikkje kan innvilgast sjølv om det kan reknast som forsvarleg. Ved avslag skal føresette skriftleg informerast om klagerett og klagevilkår. Dersom føresette klagar på vedtaket, skal klagen først handsamast på nytt på skulen. Om ein opprettheld vedtaket, skal klagen med vedlegg sendast til Fylkesmannen Vedlegg: 1. Søknadsskjema permisjon frå grunnskuleopplæring 2. Innvilging av permisjonssøknad 3. Avslag på søknad om permisjon
Søknadsskjema elevpermisjonar i 3 dagar til to veker Søknaden skal sendast skulen til eleven, eller leverast til kontaktlærar Elevnamn Klasse Adresse Postnummer og stad Skule Kontaktlærar Søknaden gjeld tidsrommet (f.o.m.-t.o.m.) Tal fråværsdagar Grunngjeving: Underskrift føresette Dato Til bruk for skulen Uttale om: Dagar fråvær, tidlegare permisjonar, fagleg utvikling, opplæringa på skulen i perioden, obligatoriske prøvar eller eksamen
Offl 13 jf fvl 13 første ledd Føresette sitt namn Dato og adresse Svar på søknad om permisjon frå opplæringa - innvilging av søknad Eleven sitt namn: Årstrinn/klasse/skuleår Adresse fødselsdato: X skule viser til søknad om permisjon frå opplæringa frå dato til dato Opplæringslova 2-1 Rett og plikt til grunnskuleopplæring slår fast at barn og unge har plikt til grunnskuleopplæring i Noreg. Opplæringslova 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa seier at: (..) Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. ( ) Rektor har vurdert søknaden om permisjon frå opplæringa, og finn det fagleg forsvarleg og i tråd med regelverk å innvilga permisjon for gjeldande tidsrom. Dei føresette må sjølve syta for at eleven får nødvendig opplæring i permisjonstida, og kan ikkje rekna med at skulen set av ekstra ressursar for at eleven skal ta att tapt opplæring. Vedtaket om permisjon er eit enkeltvedtak, jf. Forvaltningslova 2. Enkeltvedtak kan påklagast. Klagefristen er tre veker frå den dagen De mottek dette brevet. Ein eventuell klage skal sendast til skulen. Får De ikkje medhald ved ny handsaming, vert klagen sendt til endeleg avgjerd hjå Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Med helsing rektor Kopi: Kontaktlærar
Offl 13 jf fvl 13 første ledd Føresette sitt namn Dato og adresse Svar på søknad om permisjon frå opplæringa - avslag på søknad Eleven sitt namn: Årstrinn/klasse/skuleår Adresse fødselsdato: X skule viser til søknad om permisjon frå opplæringa frå dato til dato Opplæringslova 2-1 Rett og plikt til grunnskuleopplæring slår fast at barn og unge har plikt til grunnskuleopplæring i Noreg. Opplæringslova 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa seier at: (..) Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. ( ) Rektor har behandla søknaden ut frå Opplæringslova og Lindås kommune sine retningsliner for søknad om permisjon frå grunnskuleopplæringa Ut frå dette finn rektor at permisjonen for det tidsrommet det er søkt om ikkje kan innvilgast og avslår søknaden. Grunngjeving: Eleven sitt fråvær, eleven si faglege utvikling, eleven sin permisjonshistorikk, opplæringa på skulen i perioden, eksamen eller obligatoriske prøvar (vel det som er relevant, legg ev. til anna og konkretiser) Rektor gjer merksam på at dersom De likevel vel å ta eleven ut av opplæringa, vil fråværet verta registrert som ugyldig. Vedtaket om avslag på permisjon er eit enkeltvedtak, jf. Forvaltningslova 2. Enkeltvedtak kan påklagast. Klagefristen er tre veker frå den dagen De mottek dette brevet. Ein eventuell klage skal sendast til skulen. Får De ikkje medhald ved ny handsaming, vert klagen sendt til endeleg avgjerd hjå Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Med helsing rektor Kopi: Kontaktlærar