Bustadsosial handlingsplan for Aukra kommune

Like dokumenter
Helhetlige planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, seniorrådgjevar Husbanken

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE

Startlån. ei gunstig låneordning frå kommunen

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNALE BUSTADAR I VINJE KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Britt Veum Hauge/ Jarle Skartun Arkiv: 143 L7 Arkivsaksnr.: 15/445

Handlingsplan Bustadsosialt velferdsprogram

Godt å bu i Stord kommune vinnar av Statens pris for bustadsosialt arbeid 2018

Korleis me vart landets beste kommune på bustadsosialt arbeid

Bustadplan og-utvikling i Sogn. Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver

Husbankfinansiering av vedlikehald og oppgradering av kommunale bustadar. Sigbjørn Spurkeland, rådgjevar «Boliger for fremtiden» 6.

Tilpassing av bustad. Finansieringsalternativ

Startlån frå kommunen. kan oppfylle bustaddraumen din!

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

Helhetlig planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, Husbanken

Masfjorden kommune Helse- og omsorgstenesta. Retningsliner for tildeling av omsorgsbustad

PLAN FOR BUSTADPOLITIKK I BØ KOMMUNE

Finansiering av heisprosjekt. Husbankens finansieringsordningar v/ Sigbjørn Spurkeland, rådgjevar i Husbanken

Frivilligpolitisk plattform

Universell utforming i Husbanken. Sigbjørn Spurkeland, Seniorrådgjevar i Husbanken

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Ragnhild Aanestad Arkiv: 614 F Arkivsaksnr.: 17/ OMSORGSBUSTADER FOR UNGE FUNSKJONSHEMMA - FORELDREINITIATIV

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

STRATEGIPLAN FOR BUSTADAR I STORD KOMMUNALE EIGEDOM KF

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Oppgradering av eksisterende boligmasse. Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest

Bustadarbeid Ullensvang herad. Kjellrun Tveisme

Flere boliger og universell utforming. Mål og virkemidler Sigbjørn Spurkeland, Husbanken

Retningslinjer for behandling og tildeling av kommunal bustad i Sandøy kommune

Bustadpreferansar og trendar i distriktskommunar. Bustadseminar Sogn Regionråd

Byggje bu leve Boligsosial strategi Meld. St. 17 ( ) Melding til Stortinget

SAKSDOKUMENT. Retningsliner for tildeling av kommunale utleigebustadar

BUSTADPLAN

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Saksnr Utval Møtedato 076/14 Formannskapet Bustadprosjekt på Borgund - ny vurdering og handsaming

FINANSIERING AV BYGGJEPROSJEKT

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

Frivilligpolitisk plattform

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

BUSTADPOLITISK PLAN FOR MIDSUND

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Luster kommune. Rådmannen sitt framlegg. Handsama:

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

Fastsatt av kommunalsjef helse og omsorg Retningslinje for tildeling av dagplass

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN SANDE KOMMUNE

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låg inntekt

Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/ /2012 Sakshandsamar: Oda Lerstad Dato: SAKSDOKUMENT

BUSTADGRUPPA. Sluttrapport. 28 mai 2015

Resultat frå innbyggjarundersøkinga 2018

Handlingsprogram 2015

Retningsliner for tildeling av bustad for vanskelegstilte i Vestnes kommune

Forslag til forskrift

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

SØKNADSSKJEMA 2013 Tilskot til bustadsosialt arbeid kapittel Kommune Kontaktperson for søknaden

Vinje kommune. Forskrift om. tildeling av langtidsopphald ved Vinje sjukeheim. eller. tilsvarande bustad særskilt tilrettelagd for heildøgns tenestar,

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Bustadnettverket i Sogn. Orientering til regionrådet 15. juni 2018, Vik. Arne Kringlen, Norconsult AS

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

ÅRDAL BOLIGBYGGELAG HEISPROSJEKT -

Forskrift om bustøtte

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM, ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILD TILRETTELAGD FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIUM OG

Støtteeining fag og utvikling Sakshandsamar: Helga Bakken Tlf: Mobil: Vår ref. 12/ Arkiv U71 Dykkar ref. Husbanken Region Vest

ÅDALEN ALLÉ 6. Nye kommunale omsorgsbustader Skodje kommune

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

BREMANGER KOMMUNE Sakspapir

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN STORD KOMMUNE

Husbanken Region vest

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2012/ Dato:

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Bosetting av flyktninger Husbankens tilbud

Bustadstrategi Sogn. Regionrådet 17. juni 2016

Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/ /2011 Sakshandsamar: Cecilie Krohn Dato: SAKSDOKUMENT

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2013/442

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

TILRETTELAGT TRANSPORT I SOGN OG FJORDANE

Torsdag 23. Januar, Flora Samfunnshus

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

`` Slik gjer me da i Lindås `` bustadtilpassing... vegen til bustadkontoret

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Kommunedelplan for oppvekst

Bustøtteforskriften Utskriftsdato: Status: Dato: Nummer: Utgiver: Dokumenttype: Full tittel: Ikrafttredelse:

Bosetting av flyktninger

Kommunedelplan Bustadsosial handlingsplan

Surnadal kommune Bustadsosial handlingsplan BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

Sund Eigedomsutvikling KF

I Bustadsosial handlingsplan skal følgjande målgrupper prioriterast: Overordna strategi for det bustadsosiale arbeidet i Time kommune er:

Transkript:

Bustadsosial handlingsplan for Aukra kommune 2014-2020

Innhald A. Om bustadsosialt arbeid og planlegging... 1 1. Relevant lovverk... 1 2. Bustadsosialt arbeid og planlegging... 1 3. Tilgjengelege verkemidlar... 2 B. Situasjonen per i dag og framtidige behov... 4 1. Målgruppe... 4 2. Befolkningsframskriving for Aukra... 4 3. Bustadar... 5 3.1 Kommunale bustadar... 5 3.2. Omsorgsbustadar... 5 3.3 Mellombels bustad... 6 3.4 Bustadar til flykningar... 6 3.5 Privat bustadmarknad... 7 4. Tomtetilbod... 7 5. Bruk av Husbanken sine verkemidlar... 8 5.1. Grunnlån... 8 5.2. Startlån... 9 5.3. Bustønad... 10 5.4 Tilskot retta mot privatpersoner... 11 5.5. Tilskot for kommunar... 11 5.6. Tilskot for byggebransjen... 11 6. Andre verkemidlar... 12 6.1. Økonomiske verkemidlar retta mot privatpersonar... 12 6.2. Oppfølgingsteneste for privatpersonar... 12 6.3. Bustadsosial kompetanse... 12 C. Handlingsplan Mål og overordna tiltak... 13 1. Målområdet «Bustadutvikling Bustadmarknaden»... 13 2. Målområde «Kommunale bustadar»... 14 3. Målområde «Verkemidlar»... 14 4. Målområde «Kommunale tenester»... 15 D. Handlingsplan Tiltaksdel... 16

1 A. Om bustadsosialt arbeid og planlegging 1. Relevant lovverk Kommunen sine forpliktingar for vanskelegstelte og bustadlause er regulert i: Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga Lov om kommunale helse- og omsorgstenester Lov om folkehelsearbeid Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga pålegg kommunen å bistå vanskelegstelte på bustadmarknaden ( 15). Kommunen har eit pliktmessig ansvar for å tilby mellombels bustadtilbod til dei som ikkje greier å skaffe seg bustad på eiga hand ( 27). Lov om kommunale helse- og omsorgstenester 3-7 pålegg kommunen å medverke til å skaffe bustadar til personar som sjølv ikkje kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden. Dette omfattar også spesielt tilpassa bustadar og ved behov for hjelpe- og vernetiltak på grunn av alder, funksjonshemming eller av andre årsaker. Lov om folkehelsearbeid 7 pålegg kommunen å i verksette tiltak for å møte kommunen sine folkehelseutfordringar, mellom anna tiltak knytt til oppvekst- og levekårstilhøve som bustad mm. 2. Bustadsosialt arbeid og planlegging Bustadsosialt arbeid omfattar alle tiltak, verkemidlar og tenester som må til for at vanskelegstelte kan busette seg og bli buande. For å lukkast med bustadsosialt arbeid må alle aktuelle fagområda ha eit bustadsosialt perspektiv og nødvendig kompetanse. Samordning gjev gevinst. Bustadsosial planlegging kan forståast som strategisk og planmessig bustadsosialt arbeid, som blir å integrere i kommunen si øvrige planlegging etter plan- og bygningslova. Regjeringa har 27. mars 2014 lagt fram Nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid (2014-2020) «Bolig for velferd». Nasjonale mål og prioriterte innsatsområder er: Alle skal ha ein godt stad å bu - Hjelp frå mellombels til varig bustad - Hjelp til å skaffe ein eigna bustad Alle med behov for tenester skal få hjelp til å meistre bustadtilhøvet - Hindre utkastingar - Gje oppfølging og tenester i heimen Den offentlege tenesta skal vere heilheitleg og effektiv - Sikre god styring og målretting av arbeidet - Stimulere til nytenking og sosial innovasjon - Planlegge for gode bustadmiljø Den tidligare regjeringa sitt bustadutval har i NOU 2011:15 «Rom for alle» summert opp med å peike på fire sentrale punkt: - Alle kan bu - Fleire kan eige - Kommunane skal gjennomføre den bustadsosiale politikken og treng handlingsrom - Husbanken må forsterkast og vidareutviklast

2 Utvalet har framheva fem viktige suksesskriteriar for det bustadsosiale arbeidet i kommunane: Samordning - på tvers av tenesteområder Forankring og eigarskap - uavhengig av nivå på forankringsprosessane blir deltaking og eigarskap å ansjå som sentrale element i forankringsprosesser Overordna strategi for det bustadsosiale arbeidet - Å sjå fleire av kommunen sine handlingsplaner i samanheng (rusplan, omsorgsplan og psykiatriplan). Det er frå fleire hald anbefalt at bustadsosiale mål og tiltak vert forankra i kommuneplanen og i sentralt planverk som arealplan, reguleringsplan, budsjett og økonomiplan. Bustadsosiale mål og tiltak skal vere sektorovergripande og legge til rette for økonomisk ansvar for gjennomføring av tiltak. Bustadsosial kompetanse - Bustadpolitisk arbeid føreset tverrfagleg kompetanse. Praktisk bustadsosial kompetanse lokalt fordrar helse- og sosialfagleg kompetanse, der samhandling med andre deler av bustadapparatet er ein viktig føresetnad. Økonomiske ressursar - evne til å gjennomføre tiltaka i kommunen. 3. Tilgjengelege verkemidlar Økonomiske verkemidlar - grunnlån gjennom Husbanken for private, kommunar og byggebransjen - bustønad - bustadtilskot - bruk av startlån i kommunen - moglegheit til refinansiering av privat bustadgjeld - moglegheit til endring av betalingsvilkår, som avdragsutsetting, betalingsutsetting, omgjering av renter til lån og forlenga nedbetalingstid - gjeldsordning etter Gjeldsordningslova - husleigegaranti og depositumsgaranti Gode oppfølgingstenester for dei som treng det Kvalitativt gode oppfølgingstenester fordrar kapasitet, kompetanse, differensierte bustadtilbud og kreativitet. Oppfølgingstenestene omhandlar: - opplysning, råd og rettleiing - gode rutinar for tildeling og innflytting - økonomisk rådgjeving - praktisk bistand og opplæring - miljøarbeiderteneste/miljøterapeutisk teneste - individuell oppfølging i bustad - støttekontakt og brukarstyrt personleg assistent - tverrfaglege og tverretatlege tenester Bistand for å kunne bli buande i bustaden Det må etablerast gode rutiner for tverrfagleg og tverretatleg bistand for å førebygge konfliktar og hindre utkastingar eller begjering om utkastingfrå bustaden.

3 Bustadsosial kompetanse Husbanken er gjeve ei særleg rolle som støttespelar for kommunane i det bustadsosiale arbeidet. Auka bustadsosial kompetanse i kommunane er eit av måla for Husbanken si verksemd. Eit viktig verkemiddel i dette arbeidet er bustadsosialt kompetansetilskot. Kompetansetilskotet skal mellom anna styrke kommunane si planlegging, tilrettelegging og løysningar innanfor det bustadsosiale arbeidet. Tilskotet skal bidra til modell- og metodeutvikling for arbeidet med vanskelegstelte, utvikling av rutinar, utvikling av førebyggande tiltak og auka kompetanse og kunnskap om godt fungerande bustadsosialt arbeid.

4 B. Situasjonen per i dag og framtidige behov 1. Målgruppe Målgruppa for den bustadsosiale handlingsplanen er innbyggarane som er vanskelegstelte på bustadmarknaden. I NOU 2011:15 «Rom for alle» blir denne definisjonen brukt: «Vanskeligstilte på boligmarkedet er personer som ikke har mulighet til å skaffe seg og/eller opprettholde en tilfredsstillende bosituasjon på egen hånd.» Aukra kommune legg denne definisjonen til grunn for målgruppa i kommunen sin bustadsosiale handlingsplan. Ein tilfredsstillande bustadsituasjon kjenneteiknast ved at man bur trygt og godt. Å bu trygt inneber at hushaldet har tilgang til ein fast bustad og ikkje står i fare for å miste denne. Å bu godt inneber å ha ein bustad som er tilpassa hushaldet sine behov og økonomi. Ein utilfredsstillande bustadsituasjon kan kjenneteiknast ved at man bur i ein ueigna bustad eller bustadmiljø, at man står i fare for å miste bustaden eller at man er utan bustad. Tradisjonelle vanskelegstelte grupper er økonomisk vanskelegstelte, flyktningar, fysisk funksjonshemma, personar med psykiske lidingar, rusmisbrukarar, sosialt vanskelegstelte, enkelte unge. Kommunen ønskjer å sjå på dei vanskelegstelte gruppene på lik line med den øvrige befolkninga, dvs. hovudmålsettinga er at alle, så langt det er mogleg, skal kunne få hjelp til å bli i stand til å bu i eigen eigd bustad. Hjelpetiltaka skal ikkje vere basert på hovudutfordringar sett i høve til dei enkelte vanskelegstilte gruppene, men dei skal vere knytt til den enkelte sine behov ut frå individuell vurdering. 2. Befolkningsframskriving for Aukra Framskrevet folkemengde, etter region, alder, tid og statistikkvariabel 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 2023 2024 2025 0 år 41 43 43 43 43 44 45 45 45 45 45 45 1-5 år 210 206 208 212 226 228 231 233 234 237 240 240 6-12 år 332 328 341 348 337 333 323 323 321 322 330 343 13-15 år 138 144 134 131 125 142 160 161 156 150 148 134 16-19 år 172 186 195 187 197 182 177 183 183 202 209 210 20-66 år 1941 1938 1943 1964 1980 2003 2023 2040 2060 2070 2077 2092 67-79 år 353 374 399 407 426 432 444 453 462 463 467 474 80-89 år 148 151 139 146 151 148 149 147 154 157 163 175 90 år eller eldre 41 39 43 42 38 39 37 39 40 37 40 42 3376 3409 3445 3480 3523 3551 3589 3624 3655 3683 3719 3755

5 3. Bustadar 3.1 Kommunale bustadar Situasjonen per i dag: Aukra kommune har 13 kommunale utleigebustadar, av desse er det to med tre soverom og resterande har frå eitt til to soverom. Kommunale bustadar er for dei fleste ikkje berre ei mellombels løysing, leigetakarane bur der over fleire år. På grunn av den finansielle situasjonen hos den enkelte og ein vanskeleg privat leigemarknad, har dei ikkje lukkast med å skaffe seg ein varig bustad. Antal bustadar: 11 + dei to som kommunen leiger av MOBO. Dei aller fleste av utleigebustadane er no renoverte/pussa opp. Tre er totalrenovert og to lettare pussa opp i perioden 2009/2013. Etterspurnad og tildeling: Kommunen har per i dag ikkje eige skjema for søknad om utleigebustad. Søknadane kjem inn munnleg og blir notert ned. Når ein bustad vert ledig, går ein etter desse notatane. har frå 5 10 førespunadar pr. år. Per i dag er det ca. 2-4 aktuelle personar som ønskjer kommunal bustad. Areal: Dei kommunale bustadane har eit areal frå ca. 50-100 m², dei fleste ligg på ca. 80 m². Gjennomsnittleg butid: Lang, dvs. fleire år. Retningsliner for tildeling av kommunale bustadar: Aukra kommune har ikkje utarbeidd retningsliner for tildeling av bustadar. Det haster med å få utarbeidd dette. Viktige moment i slike retningsliner er mellom anna butid og prioritering av grupper. Framtidige behov: Antal bustadar: Aukra kommune treng fleire bustadar. Etterspurnad: Per i dag har kommunen heller lite etterspurnad etter bustad. Dette har nok ein samanheng med at folk veit at kommunen ikkje har tilstrekkeleg med bustadar. Kommunen kjenner til at behovet er større enn etterspurnaden, men det ligg ikkje føre konkrete tall. Areal: Kommunen treng fleire bustadar med minimum tre soverom. Butid: Her må kommunen få på plass retningsliner for tildeling av bustad som gjer at butida går ned. 3.2. Omsorgsbustadar Situasjonen per i dag: Aukra kommune har 29omsorgsbustadar. Åtte av desse er totalrenovert, åtte lettare pussa opp, ei leiligheit er ny frå 2010. Det er per i dag ei leiligheit som treng totalrenovering, elles er det sju leiligheiter som etterkvart treng å bli pussa opp. Fire av leiligheitene leiger kommunen av MOBO, MOBO har vedlikehaldet på desse. Tildeling av omsorgsbustad blir gjort etter søknad i inntaksmøte i pleie- og omsorgstenestene. Kartlegging ved bruk av Iplosregistreringar og fagleg skjønn vert lagt til grunn ved tildelinga. I periodar kan det vere venteliste. Ledig omsorgsbustad vert annonsert i dei høve der det ikkje er aktuelle søkjarar på venteliste. I psykiatrien er det eit kjend behov for 3 bustadar per i dag, men det er ikkje bustadar ledig.

6 Framtidige behov: I framtida bør kommunen vurdere fleire omsorgsbustadar i Julsundet. Det er stor privat bustadbygging av hus/rekkehus på fastlandsdelen av kommunen. Dette bør takast inn i framtidige utbyggingsplaner der. Omsorgsbustadar med heildøgns omsorg er planlagt i tilknytning til ny Aukraheim. Det er viktig å få dette på plass så snart som mogleg for å sikre eit kvalitetsmessig godt og kontinuerleg tilbod til innbyggarar som treng heildøgns omsorg. 3.3 Mellombels bustad Situasjonen per i dag: Aukra kommune har per i dag ikkje tilbod om mellombels bustad for personar som er bustadlause og ikkje greier å skaffe seg ein bustad sjølv. Kommunen er pliktig til å ha dette. Behovet er lite, dei siste åra har det vore aktuelt ca. 1-2 gonger per år. Per i dag blir personane vist til campinghytte eller hotellrom. Kommunen har opplevd at det ikkje har vore ledig hytte/hotellrom i Aukra kommune og alternativet har då vore campinghytte i nabokommunen, som t.d. ved Kviltorp Camping i Molde. Framtidige behov: Det konkrete framtidige behovet når det gjeld antal personar er usikkert, men kommunen er pliktig til å syte for mellombels bustad for bustadlause personar. Campinghytte eller hotellrom er ikkje å ansjå som verdige og sikre alternativ. Kommunen bør ha ein eigna bustad tilgjengeleg til dette føremålet. Det bør vurderast om sambruk med andre føremål kan vere aktuelt. 3.4 Bustadar til flykningar Situasjonen per i dag: Kommunestyret gjorde fylgjande vedtak i møte den 20.11.2008 (k-sak 90/08): «Aukra kommune ser positivt på å busette 15 flyktningar i 2009. Ein må likevel kunne gjere vurderingar med tanke på husvære og barnehage/skule/sysselsetting. Familiesameiningar gjem i tillegg.» I perioda 01.01.09 til 31.12.13 har Aukra busett i alt 11 flyktningar, gjennomførte familieforeiningar er ikkje inkludert i dette talet. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) har kvart år sendt nye oppmodingar om å gjere nye vedtak om å busette flyktningar. Aukra kommune har i svarbrev orientert om dei faktiske utfordringane ved å skaffe bustadar i sentrum til føremålet, samt at kommunen til ei kvar tid følgjer med på kva som er tilgjengeleg av ledige bustadar. Per i dag er det busett 18 voksne og 18 born i Aukra. Dei fleste er busett i kommunale bustadar, men tre familiar er leigetakarar i MOBO. Det er ingen som er leigetakarar i den private marknaden per i dag. Frå vedtaket i k-sak 90/08 har tre av flyktningane som vart busett i Aukra kommune flytta til ein anna kommune grunna vidare utdanning. Når det gjeld familiegjenforeiningar er situasjonen slik per 31.12.13 at det kan søkjast gjenforeining med til saman 13 personar, av desse 10 born. Per i dag er det er ikkje kommunale bustadar ledig i Aukra, og det er vanskeleg å få tilgang i den private leigemarknaden.

7 Flyktningar busett i kommunale bustader: 13 voksne og 15 born Berglandsvegen 11 (2 soverom): To voksne og tre born (Det er søkt om familiegjenforeining med bestemor) Berglandsvegen 5C (2 soverom): To voksne og fire born Riksfjordvegen 341 A (2 soverom): To voksne og fem born Aukravegen 95 B 2. etg (1 soverom): Ein voksen og to voksne døtre Aukravegen 95 A 1. etg. (1 soverom): Ein voksen Aukravegen 95A (3 soverom): Ein voksen Riksfjordvegen 121: Ein person (flyktningstatus), kan søkje familiegjenforening med ein voksen og eit barn Ein person (flyktningstatus), kan søkje familiegjenforeining med sju born Ein person kan søkje familiegjenforeining med ein voksen og tre born Myra 2 (2 soverom): Ein voksen og eit barn Flyktningar som er leigetakarar i MOBO: Fem voksne og tre born Berglandsvegen 9C (1 soverom): To voksne og eit barn Skolevegen 12 (2 soverom): To voksne og eit barn Skolevegen 4B (2 soverom): Ein voksen og eit barn Tilfredsstillande butilhøve eller ikkje: For familiane er det gjennomgåande at det er små bustadar med få soverom. Framtidige behov: Det er behov for bustader med minimum tre soverom. Familiane som alt er busett i Aukra bur i for små leilegheiter i dei kommunale bustadane. Likeeins kjenner kommunen til at det vil bli aktuelt med familiegjenforeiningar for fleire. Då kommunen busette dei første flyktningane vart det gjort vedtak om at dei skulle busetjast i sentrum med gangavstand til dei kommunale tenestene. Det er viktig at dette også vert oppretthalde i fortsetjinga for dei som kjem ny til Aukra. 3.5 Privat bustadmarknad Gjennomsnittleg kvadratmeterpris i Aukra kommune i januar 2014 er kr 20 400,-. Kommunen ligg i øvre halvdel samanlikna med resten av kommunane i Møre og Romsdal. Tilbodet er relativt bra når ein tenkjer antal bustadar til sals. Men tilbodet på større leiligheiter med fleire enn 2 soverom er lågt. Leigemarknaden er dårleg. Det er til kvar tid veldig få bustadar til leige, og då med høg leigepris. 4. Tomtetilbod Aukra kommune har godt med tomter på Gossen, men litt færre på fastlandssida. Det er kun på Torhaugmyra at det er ledige tomter der, og desse er det stor interesse for. Det er eit område for konsentrert bebygging. Regulering av utviding av Torhaugmyra er under oppstart. På Falkhytten Sør er det ledige einebustadtomter og to områder for konsentrert bebygging. Sistnemnte område er tinga bort til firma som ønskjer å bygge konsentrerte småhus for sal. Tomtene i Aukra er rimelege i pris.

8 5. Bruk av Husbanken sine verkemidlar Husbanken sine verkemidlar i Aukra kommune vert forvalta av NAV Aukra. 5.1. Grunnlån Grunnlån vert tildelt direkte av Husbanken. Grunnlånet kan nyttast ved bygging av nye bustadar, utbetring av bustadar, ombygging av bygningar til bustadar og kjøp av nye og brukte utleigebustadar for prioriterte grupper. Husbanken sitt grunnlån skal bidra til å fremme viktige bustadkvaliteter som miljøeffektivitet og universell utforming i ny og eksisterande bebygging, skaffe bustadar til vanskelegstelte og sikre nødvendig bustadforsyning i distrikta. Grunnlån vert ytt til privatpersonar, kommunar og byggebransjen. For privatpersonar prioriterast desse føremåla: 1. Utbetring av bustad til eldre (personar over 67 år) og funksjonshemma. Oppføring av bustadar i kommunar med distriktsindeks under 30. 2. Utbetring/oppgradering av eksisterande bustadar. Pilot- og forbileteprosjekt med kvalitetar som er betre enn Husbanken sine krav. 3. Oppføring av nye ordinere bustadar. For kommunane prioriterast desse føremåla: 1. Utleigebustadar, bl.a. til flyktningar 2. Andre bustadsosiale søknadar For bransjeaktørar prioriterast desse føremåla: 1. Lån til utleigebustadar bl.a. til flyktningar. 2. Utbetring av bustadar bl.a. for eldre(personar over 67 år) og funksjonshemma. 3. Studentbustadar. 4. Bustadar i distrikta. 5. Andre bustadsosiale søknadar om grunnlån. 6. Utbetring av eksisterande bustadar. 7. Pilot- og forbileteprosjekt. 8. Deretter prioriterast andre søknadar om grunnlån til oppføring av nøkterne bustadar. Arealkrav: Husbanken brukar følgjande arealgrenser som grunnlag for å kunne gje lån: a) Einebustad 150 kvm BRA b) Einebustad med bi-leiligheit 200 kvm BRA c) Småhus 140 kvm BRA d) Blokkleiligheit 90 kvm BRA Nøkterne bustadar: Grunnlånet skal bidra til bygging og kjøp av mindre, nøkterne bustadar. Kostnadane vil bli vurdert differensiert etter distrikt slik at de følgjer regionale ulikheiter i prosjektkostnadar. Kostnadane blir vurdert for kvart enkelt prosjekt.

9 5.2. Startlån Det er kommunen, ved NAV Aukra, som behandlar søknadar om startlån. Startlån er ei låneordning som skal bidra til at personar med langvarige bustadfinansieringsproblem kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde denne. Regjeringa har fastsett ny føreskrift for startlån som gjeld frå 1. april 2014. Ordninga med startlån blir meir målretta mot personar med langvarige bustad- og finansieringsproblem. Den nye føreskrifta opnar også for å kunne formidle startlån med opptil 50 års nedbetalingstid. Dette kan for eksempel vere i høve der låntakar har problem med å skaffe seg ein eigna leigebustad, leiga er klart dyrare enn lang nedbetalingstid og låntakar har låg, stabil inntekt og stabil livssituasjon. Kommunen kan gi startlån til personar som ikkje får lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i ordinere kredittinstitusjonar. Startlån skal tildelast etter ei behovsprøving. I vurderinga skal kommunen legge vekt på om søkjaren: a) forventast å ha langvarige problem med å finansiere eigd bustad og b) har nytta moglegheita til sparing innanfor dei økonomiske moglegheitene søkjaren sine inntekter og nødvendige utgifter til livsopphold gjev. Søkjarane må ha evne til å betene lånet over tid og framleis ha nødvendige midlar igjen til livsopphold. Uavhengig av vurderingane ovanfor under a) og b) kan kommunen gje startlån i alle desse situasjonane: a) husstanden har born eller særlege sosiale eller helsemessige utfordringar, og omsynet til å sikre ein trygg, god og stabil bustadsituasjon innan kort tid talar for det b) husstanden har problem med å dekkje bustadutgiftene, og refinansiering med startlån kan bidra til at husstanden kan bli buande i bustaden sin c) bustadsituasjonen hindrar moglegheitene til å oppretthalde eit arbeidstilhøve, eller hindrar utvikling av det lokale næringslivet eller d) startlånet bidreg til betre utnytting av kommunalt disponerte bustadar. Ytterlegare informasjon om gjeldande regelverk med retningsliner for tildeling av startlån: Sjå Husbanken.no. Husbanken sine retningsliner for tildeling er p.t. under revurdering, med bakgrunn i den nye føreskrifta for startlån. Kommunane kan fastsette eigne regelverk i samsvar med føreskrifta. Aukra kommune har så langt ikkje gjort vedtak om eigne retningsliner, men vedtatt at Husbanken sine retningsliner skal nyttast. Behandla søknadar i Aukra: Antal søknadar Innvilga Førehandsgodkjend Avslag Under behandling per 31.12. Tildelt kronebeløp 2013 14 6 1 10 0 3 545 430 2012 19 10 2 5 3 4 743 000 2011 11 8 1 1 1 7 195 000

Sett i høve til 2011 og 2012, har det vore fleire avslag i 2013 enn dei to åra før. Hovudgrunnen er at det var fleire unge søkjarar som ikkje vart vurdert som langvarig vanskelegstelte. NAV Aukra har ikkje endra sin praksis i vurderinga av søknadane. Per 01.01.14 har kommunen kr 5 139 570 i ubrukte lånemidlar for vidaretildeling. I tillegg har kommunen for 2014 fått innvilga kr 1 000 000 frå Husbanken. Startlån 2013 antal og beløp per kommune i Romsdal: Kommune Antal 2013 Beløp 2013 Mottakarar per 1000 husstandar Molde 27 9 779 240 2,4 Vestnes 22 5 667 500 8,0 Rauma 16 6 774 005 5,0 Nesset 5 1 930 000 4,2 Midsund 7 3 160 000 8,8 Aukra 10 3 545 430 7,7 Fræna 22 6 664 200 5,8 Eide 27 6 700 000 19,3 10 5.3. Bustønad Søknadar om bustønad vert saksbehandla av kommunen ved NAV Aukra, vedtaket vert gjort av Husbanken. Alle over 18 år kan søkje bustønad med unntak av vernepliktige og studentar utan born. Bustaden det vert søkt om støtte for må vere ein sjølvstendig bustad og for heilårsbruk. Kommunalt disponerte utleigebustadar er fritekne frå desse krava. Utmålinga av bustønaden er eit tilhøve mellom husstanden sine inntekter og bustadutgifter. Bustønaden vert utrekna frå denne formelen: godkjende bustadutgifter (det er fastsett øvre grense for bustadutgifter) - eigenandel (auka med auka inntektsgrunnlag) = sum x 70 %* = Bustønad Øvre inntektsgrenser er avhengig av kor mange som bur i bustaden og kva slags bustad ein bur i. Personar i husstanden 1 person 2 personar 3 personar 4 personar 5 personar Vanleg bustad 195 000 221 342 249 600 278 200 308 000 Tilpassa bustad * 200 000 226 633 255 303 284 403 313 868 Kommunal utleigebustad** 195 274 222 200 250 320 279 500 309 202 Tilpassa kommunal utleigebustad200 691 227 700 255 600 284 700 315 000 Gjeld for unge uføre Personar i husstanden 1 person 2 personar 3 personar 4 personar 5 personar Vanleg bustad 223 000 252 347 283 014 313 941 345 800 Tilpassa bustad * 228 000 257 400 288 000 319 800 351 766 Kommunal utleigebustad** 224 000 253 000 283 200 314 600 347 200 Tilpassa kommunal utleigebustad229 000 258 500 289 200 320 359 352 800 * Husstandar som bur i spesialtilpassa bustad og har behov for det, får lagt til grunn høgare buutgifter i utrekninga. Desse husstandane har difor ei høgere inntektsgrense. ** Husstandar som bur i kommunal utleigebustad har ei gunstigare utrekning. Desse husstandane har difor ei høgare inntektsgrense.

11 5.4 Tilskot retta mot privatpersoner 5.4.1 Tilskot til vidaretildeling Tilskota til vidaretildeling til privatpersoner vert tildelt av kommunen ved NAV Aukra. Tilskot til tilpassing Aukra kommune har per i dag ikkje tilbod om tilskot til tilpassing for personar med nedsett funksjonsevne. Kommunen har tidligare fått avslag på søknaden til Husbanken pga m.a. manglande bustadsosial plan. I Aukra kommune ligg andel eldre (59+) over landsgjennomsnittet og over gjennomsnittet i Møre og Romsdal. Bustadmassen i kommunen er for ein stor del frå 50 og 60 talet, der det var vanleg å bygge toalett og dusj i andre etasje. Personer som ikkje lenger greier å bu i sin eigen bustad er per i dag avhengig av å få plass i ein av kommunen sine omsorgsbustadar. Tilskot til tilpassing skal gi kommunen sine innbyggarar ei moglegheit til å kunne bu lenger i eigen bustad og frigjere omsorgsbustadar for dei som treng personleg omsorg. Tilskot til etablering i eigen bustad Aukra kommune har per i dag ikkje tilbod om tilskot til etablering for vanskelegstelte. Kommunen har tidlegare fått avslag på søknaden til Husbanken pga m.a. manglande bustadsosial plan. Tilskot til etablering vil bidra til å kunne skaffe varig bustad til dei mest vanskelegstelte. Tilskotet skal også sikre at vanskelegstelte kan bli buande i ein eigna bustad. Tilskotet kan gjevast til kjøp av ny eller brukt bustad eller til refinansiering. Tilskot til etablering er strengt behovsprøvd i høve til den økonomiske situasjonen, varigheita av denne og bustadbehovet. Berre dei mest vanskelegstelte kan rekne med å få bustadtilskot. 5.4.2 Tilskot til utredning og prosjektering Tilskotet vert tildelt direkte av Husbanken. Dersom ein har behov for spesialtilpassing av bustaden, for eksempel på grunn av eiga funksjonshemming eller hjå eit anna medlem i husstanden, kan ein søkje om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp, utført av t.d. arkitekt. Tilskot til prosjektering kan dekkje utgifter inntil kr 12 000,-. Det kan også gjevast tilskot til utredning i forkant av prosjekteringa med inntil kr 12 000,-. I spesielle høve kan det gjevast høgare tilskot. 5.5. Tilskot for kommunar Husbanken tildeler tilskot som er retta mot kommunar. Desse er: Bustadsosialt kompetansetilskot, kompetansetilskot berekraftig bustad- og byggekvalitet, Investeringstilskot til omsorgsbustadar og sjukeheim. Tilskot til utleigebustadar, Bustadetablering i distrikta, Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg, Rentekompensasjon for kyrkjebygg. 5.6. Tilskot for byggebransjen Husbanken tildeler tilskot som er retta mot byggebransjen, burettslag, sameiger, brukarorganisasjonar, frivillig sektor og andre grupper. Disse tilskota er: Tilskot til studentbustadar, Tilskot til heis, Tilskot til utleigebustadar, Kompetansetilskot, Tilskot til tilstandsvurdering.

12 6. Andre verkemidlar 6.1. Økonomiske verkemidlar retta mot privatpersonar Det er moglegheit til å endre betalingsvilkår som avdragsutsetting, betalingsutsetting, forlenga nedbetalingstid, husleigegaranti og depositumsgaranti blir brukt etter individuell vurdering. Dette skal og gjerast i framtida. Aukra kommune ved NAV Aukra har og eit godt tilbod om økonomisk råd og rettleiing generelt og bistand i høve gjeldsordning etter Gjeldsordningslova. Dette vert og brukt i bustadsamanheng. 6.2. Oppfølgingsteneste for privatpersonar Situasjonen per i dag: Aukra kommune har per i dag isolert sett gode oppfølgingstenester for personar i omsorgsbustadar og for flyktningar. Kommunen har ikkje gode rutinar for tildeling av kommunale bustadar som ikkje er omsorgsbustadar. Det manglar tverrfagleg samarbeid når det gjeld miljøarbeiderteneste, individuell oppfølging i bustad, praktisk bistand, samt systematisk opplysning, råd og rettleiing med det som mål å skaffe personar eigen bustad. I tillegg til tverretatleg bistand for å behalde ein bustad. Framtidige behov: Det er behov for ein felles tildelingsinstans som behandlar søknadar om kommunale og omsorgsbustadar. Instansen skal vurdere kartlegging av behovet, inklusive oppfølgingstenester, før vedtak vert fatta. Det må utarbeidast felles søknadsskjema med samtykkeerklæring frå søkjar, og felles retningsliner for tildeling. Vedtaket skal innehalde beskriving av nødvendige oppfølgingstenester med ansvarsfordeling der det er aktuelt. Einingar som er aktuelle for denne felles tildelingsinstansen/tverrfaglige bustadgruppa er: Eininga teknikk, eigedom og brann, Pleie og omsorg, NAV, Flyktningetenesta og Helse. Instansen skal ha regelmessige møter der søknadar vert behandla og oppfølgingsbehov vurdert. 6.3. Bustadsosial kompetanse Aukra kommunen har behov for å auke den bustadsosiale kompetansen, spesielt når det gjeld kartlegging, metodeutvikling for arbeidet med vanskelegstelte, utvikling av samarbeidsrutinar og utvikling av førebyggande tiltak. For å få dette til skal kommunen bruke Husbanken som støttespelar og ta i bruk moglegheita til å søkje om bustadsosialt kompetansetilskot.

13 C. Handlingsplan Mål og overordna tiltak Denne bustadsosiale handlingsplanen beskriv målområder, hovudmål og overordna prioriterte tiltak for bustadar og butiltak for vanskelegstelte i Aukra kommune. «Vanskelegstelte på bustadmarknaden er personer som ikkje har moglegheit til å skaffe seg og/eller oppretthalde ein tilfredsstillande busituasjon på eiga hand.» Planen tar utgangspunkt i målområder der kommunen anten aktivt sjølv, eller med bistand frå andre aktørar, kan påverke dei faktorar som har verknad på det bustadsosiale arbeidet. Ved hjelp av lovverk, statlege verkemidlar og eigne verkemidlar ser kommunen det bustadsosiale arbeidet i eit heilheitleg samfunnsmessig perspektiv. Kommunen tenkjer bustadar til vanskelegstelte på same måte som bustadar til øvrige deler av befolkninga, der hovudmålsettinga er at alle, så langt det er mogleg, skal gjerast i stand til å bu i eigen eigd bustad. Oppfølgingstenestene er knytt til den enkelte sine behov etter individuell vurdering, og er uavhengig av type bustad. Kommunen skal bruke alle tilgjengelege og hensiktsmessige verkemidlar for å oppnå gode resultat innanfor det bustadsosiale arbeidet. Aukra kommune sinbustadsosiale handlingsplan skal implementerast i kommuneplanen sin samfunnsdel og i anna sentralt planverk som arealplan, reguleringsplan, budsjett og økonomiplan ved neste rullering. 1. Målområdet «Bustadutvikling Bustadmarknaden» Aukra er ein attraktiv bustadkommune med eit variert bustadtilbod Slik vil vi ha det! Slik gjer vi det! I Aukra skjer det tilstrekkeleg og variert - Aukra kommune legg til rette for bustadbygging. Unge og barnefamiliar skal ha tilstrekkelig og variert bustadbygging, moglegheit til å etablere seg i førstegongs både på Gossen og i Julsundet. bustadar. - Kommunen bruker gjeldande lov- og regelverk gjennom utbyggingsavtaler med private utbyggarar for å påverke bustadstorleik, utforming, standard og I Aukra kan flest mogleg bu i eigen eigd bustad. prisleie i størst mogleg grad. - Kommunen informerer om mogleg bruk av statlege verkemidlar for byggebransjen og private i all kontakt med private utbyggarar, og i kontakt med alle bustadsøkjande i kommunen. - Kommunen påverkar innbyggarane til i tide å legge til rette for eigen bustad eller flytte til ein betre eigna bustad.

14 2. Målområde «Kommunale bustadar» Aukra kommune har eit tilstrekkeleg og variert tilbod av kommunale bustadar som sikrar eit mangfoldig samfunn og utjamning av sosiale ulikheiter. Slik vil vi ha det! Slik gjer vi det! Kommunen har til ei kvar tid eit tilstrekkeleg - Kommunen aukar gjennomgangen i antal bustadar for å kunne busette dei mest kommunale bustadar, dvs. redusert butid. vanskelegstelte som ikkje er i stand til å bu i, - Kommunen opprettar eit system for eller ikkje har, eigna leigd eller eigd bustad, jevnleg kartlegging av behovet for uavhengig av brukargruppe. Antal bustadar kommunale bustadar, eigen bustadmasse som er universelt utforma er tilstrekkeleg, og tomter i kommunal eige, som skal vere både på Gossen og i Julsundet. faktagrunnlag for planprosesser. - Kommunen leiger, kjøper eller bygger tilstrekkeleg antal bustadar, jfr. kartlagt behov, i takt med planprosessane. Tildeling av kommunale bustadar skjer i tråd med lov- og regelverk, og er samordna for alle brukargrupper. - Kommunen opprettar ein felles tverrfagleg tildelingsinstans for kommunale utleigebustadar og omsorgsbustadar. 3. Målområde «Verkemidlar» Aukra kommune brukar alle tilgjengelege og hensiktsmessige verkemidlar for å sikre eit godt bustadsosialt arbeid. Slik vil vi ha det! Slik gjer vi det! Kommunen bruker Husbanken sine - Kommunen bruker heile bredda av verkemidlar målretta. tilgjengelige økonomiske verkemidlar. Kommunen har eit samordna tenesteapparat som yter oppfølging og individuelle tenester til alle leigetakarane i kommunale bustadar og andre personar med behov for bustadtenester. Kommunen har god bustadsosial kompetanse. - Kommunen opprettar ein felles tverrfagleg tildelingsinstans for kommunale utleigebustadar og omsorgsbustadar, som samtidig vurderar det individuelle behovet og sikrar tverrfagleg og samordna tenesteyting og bustadoppfølging av den enkelte på individuelt grunnlag. - Kommunen hever den bustadsosiale kompetansen hos leiinga i avdelingane/ einingane som er involvert i bustadsosialt arbeid, og hos tenesteytarane som gjev bustadtenester.

15 4. Målområde «Kommunale tenester» I Aukra kommune samarbeider vi effektivt og tverrfagleg koordinert, slik at innbyggarane opplever god kvalitet på tenestene. Slik vil vi ha det! Slik gjer vi det! Kommunen har eit samordna tenesteapparat - Det kommunale tenesteapparatet som yter oppfølging og individuelle tenester vurderer det individuelle behovet og til alle leigetakarane i kommunale bustadar og sikrar tverrfagleg og samordna andre personer med behov for bustadtenester. tenesteyting og bustadoppfølging av den enkelte på individuelt grunnlag. - Kommunen opprettar eit godt fungerande system for kartlegging av bebuarane i kommunale bustadar, butida og potensiale for vidare bustadkarriere Det tverrfaglige kommunale tenesteapparatet i Aukra kommune har god bustadsosial kompetanse. - Kommunen hever den bustadsosiale kompetansen hos tenesteytarane som gjev bustadtenester.

16 D. Handlingsplan Tiltaksdel Bustadsosial handlingsplan tiltaksdel beskriv dei konkrete enkelttiltaka per år. Tiltaksdelen vert å rullere kvart år og lagt inn i kommunen sitt årshjul som ein del av budsjettprosessen. 2014 2015 2016 2017 2018-2020 Aukra kommune tilrettelegg for tilstrekkeleg og variert bustadbygging, både på Gossen og i Julsundet. Sikre at kommunen til ei kvar tid har byggeklare tomter tilgjengeleg med variert tomtestorleik, både på Gossen og i Julsundet Sikre at kommunen til ei kvar tid har byggeklare tomter tilgjengeleg med variert tomtestorleik, både på Gossen og i Julsundet Sikre at kommunen til ei kvar tid har byggeklare tomter tilgjengeleg med variert tomtestorleik, både på Gossen og i Julsundet Sikre at kommunen til ei kvar tid har byggeklare tomter tilgjengeleg med variert tomtestorleik, både på Gossen og i Julsundet Kommunen bruker gjeldande lov- og regelverk gjennom utbyggingsavtalar med private utbyggarar for å påverke bustadstorleik, utforming, standard og prisleie i størst mogleg grad. Kartlegge moglegheitene for påverknad gjennom utbyggingsavtalar Kommunen kartlegg behovet for bustadprosjekt retta mot unge i etableringsfasen Bruke moglegheitene for påverknad aktivt Kommunen legg til rette og arbeider aktivt for bustadprosjekt retta mot unge i etableringsfasen Bruke moglegheitene for påverknad aktiv Kommunen legg til rette og arbeider aktivt for bustadprosjekt retta mot unge i etableringsfasen Bruke moglegheitene for påverknad aktiv Kommunen legg til rette og arbeider aktivt for bustadprosjekt retta mot unge i etableringsfasen Bruke moglegheitene for påverknad aktiv Kommunen legg til rette og arbeider aktivt for bustadprosjekt retta mot unge i etableringsfasen Kommunen informerer om mogleg bruk av statlege verkemidlar for byggebransjen og private i all kontakt med private utbyggarar, og i kontakt med alle bustadsøkjande i kommunen. Utarbeide skriftleg informasjon til alle marknadsaktørane (utbyggarar og eigedomsmeklarar) om Husbanken sine verkemidlar og retningsliner som gjeld i Aukra kommune Informere alle marknadsaktørane ved kontakt, Serviceavdelinga, NAV Informere alle marknadsaktørane ved kontakt, Serviceavdelinga, NAV Informere alle marknadsaktørane ved kontakt, Serviceavdelinga, NAV Informere alle marknadsaktørane ved kontakt, Serviceavdelinga, NAV

17 2014 2015 2016 2017 2018-2020 Årleg vedlikehald av Årleg vedlikehald av Årleg vedlikehald av Årleg vedlikehald av informasjonen informasjonen informasjonen informasjonen Utarbeide god informasjon til innbyggarane via kommunen si heimeside og kommuneavisa, m.v. Vurdere informasjon til eventuell facebokside til kommunen Kommunen påverkar innbyggarane til i tide å legge til rette for eigen bustad eller flytte til ein betre eigna bustad. Utarbeide god informasjon til innbyggarane via kommunen si heimeside og kommuneavisa, m.v. Aktiv informasjon til innbyggarane ifm. hjelpearbeidet Ansvar: Pleie og omsorg Vedlikehalde god informasjon til innbyggarane via kommunen si heimeside og kommuneavisa, m.v. Aktiv informasjon til innbyggarane ifm. hjelpearbeidet Ansvar: Pleie og omsorg Vedlikehalde god informasjon til innbyggarane via kommunen si heimeside og kommuneavisa, m.v. Aktiv informasjon til innbyggarane ifm. hjelpearbeidet Ansvar: Pleie og omsorg Kommunen øker gjennomgangen i kommunale boliger, dvs. reduserer botid. Kommunen etablerer rutinar for å avdekke eigarpotensialet hos kommunale leigetakarar samt rutinar for å rettleie personar i å starte ei sjølvstendig bustadkarriere. Ansvar: og NAV Kommunen vedtek nye felles retningsliner for tildeling av kommunale bustadar. Ansvar: Iverksetting av nye retningsliner Ansvar: tverrfaglig bustadgruppe Revurdering av nye retningsliner for tildeling av kommunale bustadar. Ansvar: tverrfagleg bustadgruppe Vedlikehalde god informasjon til innbyggarane via kommunen si heimeside og kommuneavisa, m.v. Aktiv informasjon til innbyggarane ifm. hjelpearbeidet Ansvar: Pleie og omsorg Vedlikehalde god informasjon til innbyggarane via kommunen si heimeside og kommuneavisa, m.v. Aktiv informasjon til innbyggarane ifm. hjelpearbeidet Ansvar: Pleie og omsorg

18 2014 2015 2016 2017 2018-2020 Kommunen utredar moglegheita for å selje kommunale bustadar til leietakarar, og å kjøpe bustadar for vidaresal til leietakarar. Ansvar: Kommunalsjef drift Kommunen opprettar et system for jevnleg kartlegging av behovet for kommunale bustadar, eigen bustadmasse og tomter i kommunal eige, som skal vere faktagrunnlag for planprosesser. Kommunen utarbeider eit skjema for søknad om kommunal bustad og database for søkjarar. Ansvar: og PLO Årleg gjennomgang av kommunen sin bustadmasse for å sikre at kommunen til ei kvar tid har riktig bustadsamansetting. Ansvar: og PLO Sentrumsnære tomter i kommunal eige vert kartlagt, og dei som kan brukast til føremålet øyremerkast for bruk i det bustadsosiale arbeidet. Jevnleg vedlikehald av database for søkjarar om kommunal bustad. Ansvar: og PLO Årleg gjennomgang av kommunen sin bustadmasse for å sikre at kommunen til ei kvar tid har riktig bustadsamansetting. Ansvar: og PLO Tomter som kan brukast til føremålet øyremerkast for bruk i det bustadsosiale arbeidet. Jevnleg vedlikehald av database for søkjarar om kommunal bustad. Ansvar: og PLO Årleg gjennomgang av kommunen sin bustadmasse for å sikre at kommunen til ei kvar tid har riktig bustadsamansetting. Ansvar: og PLO. Tomter som kan brukast til føremålet øyremerkast for bruk i det bustadsosiale arbeidet. Jevnleg vedlikehald av database for søkjarar om kommunal bustad. Ansvar: og PLO Årleg gjennomgang av kommunen sin bustadmasse for å sikre at kommunen til ei kvar tid har riktig bustadsamansetting. Ansvar: og PLO Tomter som kan brukast til føremålet øyremerkast for bruk i det bustadsosiale arbeidet. Kommunen leiger, kjøper eller byggjer tilstrekkeleg antal bustadar, jfr. kartlagt behov, i takt med planprosessane. Kommunen vurderer årleg, leige, kjøp eller bygging av kommunale bustadar med bakgrunn i kartlagt behov. Kommunen vurderer årleg, leige, kjøp eller bygging av kommunale bustadar med bakgrunn i kartlagt behov. Kommunen vurderer årleg, leige, kjøp eller bygging av kommunale bustadar med bakgrunn i kartlagt behov. Kommunen vurderer årleg, leige, kjøp eller bygging av kommunale bustadar med bakgrunn i kartlagt behov. Jevnleg vedlikehald av database for søkjarar om kommunal bustad. Ansvar: og PLO Årleg gjennomgang av kommunen sin bustadmasse for å sikre at kommunen til ei kvar tid har riktig bustadsamansetting. Ansvar: og PLO Tomter som kan brukast til føremålet øyremerkast for bruk i det bustadsosiale arbeidet. Kommunen vurderer årleg, leige, kjøp eller bygging av kommunale bustadar med bakgrunn i kartlagt behov.

19 2014 2015 2016 2017 2018-2020 Kommunen kjøper fire bustadar med fleire enn tre soverom for å oppfylle vedtekne forpliktingar ifm. etablering av flyktningar. Ansvar: Planavdeling og Kommunen byggjer tre omsorgsbustadar, jfr. kartlagt aktuelt behov. Ansvar: Planavdeling og Kommunen opprettar ein felles tverrfagleg tildelingsinstans for kommunale utleigebustadar og omsorgsbustadar. Kommunen etablerer ei tverrfagleg bustadgruppe med representantar frå, PLO, NAV, flyktningetenesta og Helse. Samarbeidsforma og -reglar vert fastsett. Ansvar: Kommunalsjef drift Oppstart av arbeidet til tverrfagleg gruppe/ tildelingsinstans. Ansvar: Tverrfaglig bustadgruppe Kommunen brukar heile bredda av tilgjengelege økonomiske verkemidlar Vurdere eigne retningsliner for tildeling av startlån etter ny føreskrift for startlån (gjeld frå 01.04.14) Bruk av tilskot til tilpassing (etter kommunal søknad til Husbanken), slik at personar som har eigen bustad, og har behov for tilpassingar og utbetringar pga. nedsett funksjonsevne, kan realisere dette, og fortsatt bu i eigen bustad. Bruk av tilskot til tilpassing (etter kommunal søknad til Husbanken), slik at personar som har eigen bustad, og har behov for tilpassingar og utbetringar pga. nedsett funksjonsevne, kan realisere dette, og fortsatt bu i eigen bustad. Revurdere samarbeidsforma for tverrfagleg bustadgruppe, med involvering av brukarane. Ansvar: Kommunalsjef drift Bruk av tilskot til tilpassing (etter kommunal søknad til Husbanken), slik at personar som har eigen bustad, og har behov for tilpassingar og utbetringar pga. nedsett funksjonsevne, kan realisere dette, og fortsatt bu i eigen bustad. Bruk av tilskot til tilpassing (etter kommunal søknad til Husbanken), slik at personar som har eigen bustad, og har behov for tilpassingar og utbetringar pga. nedsett funksjonsevne, kan realisere dette, og fortsatt bu i eigen bustad. Bruk av tilskot til tilpassing (etter kommunal søknad til Husbanken), slik at personar som har eigen bustad, og har behov for tilpassingar og utbedringar pga. nedsett funksjonsevne, kan realisere dette, og fortsatt bu i eigen bustad.

20 2014 2015 2016 2017 2018-2020 Bruk av tilskot il etablering Bruk av tilskot til Bruk av tilskot til etablering og refinansiering (etter etablering og og refinansiering (etter kommunal søknad hos refinansiering (etter kommunal søknad hos Husbanken) for dei mest kommunal søknad hos Husbanken) for dei mest vanskelegstelte. Husbanken) for dei mest vanskelegstelte. vanskelegstelte. Bruk av tilskot til etablering og refinansiering (etter kommunal søknad hos Husbanken) for dei mest vanskelegstelte. Vurdere bruk av grunnlån for kommunar. Vurdere bruk av grunnlån for kommunar. Vurdere bruk av grunnlån for kommunar. Vurdere bruk av grunnlån for kommunar. Bruk av tilskot til etablering og refinansiering (etter kommunal søknad hos Husbanken) for dei mest vanskelegstelte. Vurdere bruk av grunnlån for kommunar. Vurdere søknad om tilskot til utleigebustadar. Vurdere søknad om tilskot til utleigebustadar. Vurdere søknad om tilskot til utleigebustadar. Vurdere søknad om tilskot til utleigebustadar. Vurdere søknad om tilskot til utleigebustadar. Vurdere investeringstilskot til omsorgsbustadar. Vurdere investeringstilskot til omsorgsbustadar. Vurdere investeringstilskot til omsorgsbustadar. Vurdere investeringstilskot til omsorgsbustadar. Vurdere investeringstilskot til omsorgsbustadar. Vurdere innføring av kommunalt tilskot til buutgifter for vanskelegstelte som fell utanfor statlege støtteordningar Ansvar: Kommunalsjef drift

21 2014 2015 2016 2017 2018-2020 Kommunen hevar den bustadsosiale kompetansen hos leiinga i avdelingane/einingane som er involvert i bustadsosialt arbeid, og hos tenesteytarane som gjev bustadtenester. Kommunen søkjer Husbanken om bustadsosialt kompetansetilskot. Ansvar: Kommunalsjef drift Opplæring av involverte kommunale tenesteytarar i bruk av Husbanken sine verkemidlar for private, kommunen og byggebransjen. Styrke planlegging, metodeutvikling, vidareutvikling av samarbeidsrutinar, førebyggande tiltak. Ansvar:? Kompetanseheving for kartlegging, i samarbeid med Husbanken Ansvar:? Tilby årleg opplæring av involverte kommunale tenesteytarar i bruk av Husbanken sine verkemidlar for private, kommunen og byggebransjen. Tilby årleg opplæring av involverte kommunale tenesteytarar i bruk av Husbanken sine verkemidlar for private, kommunen og byggebransjen. Tilby årleg opplæring av involverte kommunale tenesteytarar i bruk av Husbanken sine verkemidlar for private, kommunen og byggebransjen. Tilby årleg opplæring av involverte kommunale tejenesteytarar i bruk av Husbanken sine verkemidlar for private, kommunen og byggebransjen. Det kommunale tenesteapparatet vurderer det individuelle behovet og sikrar tverrfagleg og samordna tenesteyting og bustadoppfølging av den enkelte på individuelt grunnlag. Kommunen lagar rutinar for samordna tenesteyting og burettleiing, og for å hindre utkastingar: Butrening, helse, økonomi, varsling ved fare for utkasting, jfr. husleigelova Ansvar: Tverrfagleg bustadgruppe