Utandørs bad Utandørs bad
Hardanger Bade- & Sportssenter Ideen om eit badeanlegg i Øystese, har etter at fleire over tid har vore opptekne med slike tankar, no vorte presentert på årsmøtet i næringslaget - og deretter i lokalavisa. Her vart vist teikning over ei mogleg arkitektonisk utforming, og plassering. Tilbakemeldingane har vore mange og eintydige positive, med sterk oppmoding om å arbeida mot ei realisering, så snart det kan lata seg gjera. Kvifor bør eit slikt anlegg byggjast? Saman med igangsette og planlagde prosjekt i Kvam, golfbane, tusenårsstad, fleirbrukshall m.m., vil eit slikt anlegg bli ein viktig faktor for å nå mål om eit auka innbyggjartal til 10.000 i år 2014 og auka turiststrøyming til Kvam. Vidare trekkja til seg grupper utanfrå som søker eit alternativt helsetilbod, få ringverknader inn i ulike næringar, stimulere til nye, vera eit ettertrakta fritidstilbod for særlege aldersgrupper, i tillegg til familiar generelt. Skulane og idretten ville ha stor nytte av anlegget. Plassering i sentrum gir høve til ei samanbygging. Naturopplevinga i anlegget, med storslått utsyn til fjorden og folgefonna vil verta eineståande.
Kvifor badeland i Kvam? Eit slikt anlegg finst ikkje i heile Hardanger, og har lenge vore etterspurd av innbyggjarane. Skulane vil ha nytte av det, både grunnskulane og vidaregåande. Idretten treng eit basseng av denne storleik, for å stimulera interessa for symjing som eigen idrett. Eit slikt anlegg vil vera interessant for mange helsefremjande tiltak. Reiselivet vil få eit nytt og ettertrakta produkt å marknadsføra, særleg mot barnefamiliar. Eit badeland vil ha effekt på ei utvikling av næringslivet generelt. Øystese og Kvam kan med eit badeland også gi regionen Hardanger eit incitament når det gjeld å marknadsføra seg. Anlegget vil vera ein faktor for å få fleire til å busetja seg i kommunen, tomta ligg sentralt, praktisk og vakkert til. Eit innhaldsrikt badeland kan saman med fleirbrukshallen, eit nytt kunst & kultursenter, Tusenårstaden, ei golfbane, ridesenter på Børve, fartøyvernsenteret, betre tilrettelagt rekreasjonsområde i Fitjadalen, eit godt utbygd tilbod for aktivitetar på sjøen. Sjusete skianlegg. Gi oss ei bygd og ein kommune du ikkje har sett maken til! R7-Turistveg
Fortrinn ved å leggja det til Øystese sentrum Velegna tomt Hotell i sentrum (Hardangerfjord Hotel) Bankar, post, det meste av butikkar innan detaljhandel Samarbeid med legesenter - Helsebanken i Øystese 7 legar, herav 2 spesialistar, 4 fysioterapeutar, tannlege, helsesøster, jordmor Spesialteneste innan; Indremedisin og psykiatri Utviklingsorientert mot nye tilbod Samarbeid med Bjørketeigen rehabiliteringssenter Nærleik til Øystese elva - vatn til energi/oppvarming - nytta elva som vannleverandør for å spara kostnaden. Nærleik til sjøen - Varmepumpe
Utandørs bad
Andre kultur og fritidstilbod i nærleiken Svært gode moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter, på land, på fjorden eller kanskje på ein isbre... Folgefonna Sommarskisenter - arena for alpinlandslaget sommartrening Kvamskogen som velkjent frilufts- og hytteområde (størst i Hordaland) Sjusete eit av Vestlandets finaste ski- og turanlegg Småbåthamnar Idrettshallar Ridesenter og skateboardramp Ungdomsklubbar Golfbane Tolomarka/Børve Ingebrigt Vik museum Kvam bygdemuseum Tusenårsstaden Hardanger Fartøyvernsenter
Hardanger Bade- & Sportssenter 1700 kvm Idrettsbad kombinert symje- og stupebasseng 25 m x 12,5 m 6 banar á 2 m breidde (mosjon og konkurranse) Sklie og strømningskanal Plaskebasseng for dei minste Oppvarma terapibasseng Boblebad Badstu og solarium Aromaterapi SPA Anlegg Utendørs sjøbad m/stupemoglegheiter Bowling Kafé Hardanger Arrangement Barnebursdager og selskaper for små og store Internettcafé Treningssenter Aerobic Sportspin Sportskick Step Vannaerobic 350 kvm. treningsflate med det siste innen treningsutstyr Barnepass Symjekurs Aromaterapi
Sklie Strømningskanal Kafé Terapi basseng Barne basseng 1. etg. Bowlinghall Garderobe Dusjanlegg Teknisk rom Badstu Basseng 25 m Treningsbasseng Badeland Bassenger - se egen tegning 2 etg. Treningssenter Solarium Aerobic Helse & velvære SPA
Kvifor etablering av Hardanger Bade- & Sportssenter i Kvam? Kvam 1 time frå Bergen Fakta om Kvam Stabilt folketal, ca. 8.600 innbyggjarar Arbeidsregionen 260.000 innb. Regionsenter Øystese/Norheimsund 6.000 innb. 80 km lang frå sør til nord 75 km til Bergen frå Norheimsund/Øystese Stabil arbeidskraft Kvam treng fleire arbeidsplasser for kvinner - Badevaktar, instruktørar Full barnehagedekking Undersøking viser at ungdom ynskjer å flytta tilbake etter utdanning Pendlar-buss (12 pr. dag) pr. Bergen 1 time frå internasjonal flyplass 50 min til jernbane Hurtigbåt Odda/Norheimsund 1 time Breiband
Forventningar til Kvam herad: Kvam herad vil kunne tilby tomt i Øystese sentrum i regionsenteret Øystese-Norheimsund i tilknytning til sjø vederlagsfritt Kvam herad vil leggja all si politiske og administrative kraft i å få på plass Hardanger Bade & Sportssenter. Gode rammevilkår Tippemidlar Langtids leigeavtaler - Skulane sine symjetimar i Øystese og Norheimsund områda vert lagt til senteret. Revmatikarlaget leigetakar Nytta gratis vatn i Øystese elva. Energi/oppvarming - samarbeid med Kvam herad sine bygg i Øystese sentrum,idrettshall og omsorgsboligar. Tilskot til etablering - SND-støtte inntil: 10% til fysiske invisteringar 30% til produktutvikling 50% til konsulenthjelp, opplæring og kunnskapsformidling Hardanger Bade- & Sportssenter vil styrkja kommunen sin intensjon om å auka busetnaden til 10.000 innan 2014.
Aktuelle brukarar i kommunal og fylkesregi Barnehagar Sjydnahaugen barnehage 45 Øystese barnehage 36 Steinsdalen barnehage 15 Norheimsund barnehage 36 Tolomarka barnehage 48 Barneskular Fykse skule Øystese barneskule 278 Norheimsund barneskule 215 Steinsdalen skule 69 Ungdomsskular Øystese ungdomsskule 120 Norheimsund ungdomsskule 170 Vidaregåande skular Norh. vidareg. skule 270 Øystese gymnas 220 Framnes vidareg. skule 250 Bjørketeigen rehabeliteringssenter Og andre aktuelle institusjonar i heradet!