Møteprotokoll Formannskapet

Like dokumenter
PS 66/13 - ÅRSBUDSJETT 2014, ØKONOMIPLAN

1. Kommunestyret vedtek budsjett og økonomiplan for åra med desse endringane:

PS 89/12 ÅRSBUDSJETT 2013, ØKONOMIPLAN

ÅRSBUDSJETT 2016, ØKONOMIPLAN

Saksprotokoll i Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmer som ikkje møtte: Navn Funksjon Representerer Heidi Strand MEDL H

Møteprotokoll for Formannskapet

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Sognefjord Hotel Møtedato: Tid: Tittel

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: Tittel

Kontrollutvalet i Stord kommune Møteprotokoll

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteprotokoll Komité for oppvekst og utdanning

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 43/18 18/ gongs handsaming Felles plan for Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

Behandling i Formannskapet den FRAMSETT FORSLAG FRÅ: Arve Opsanger (AP) / Ole T. Holmedal (Frp) / Kjell Yri (V) / Marit E.

Saksprotokoll. Sak: 84/18 SAKSPROTOKOLL - BUDSJETT 2019 OG ØKONOMIPLAN

1. Vågsøy kommunestyre vedtek framlegg til årsbudsjett 2019 og økonomiplan slik det ligg føre.

Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Magny Lundeberg Medlem AP Bjørn Håvard Olsen Leiar AP Tone Gulliksen Øy Medlem SP

Kontrollutvalet i Stord kommune Møteprotokoll

Møteprotokoll Formannskapet

Rådet for eldre og funksjonshemma

Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Rigmor Kjerstin Lyngvær Nestleiar AP

Budsjett 2019 og økonomiplan

Austevoll kommune. Innkalling Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Sakliste

Austevoll kommune. Møteprotokoll Tenesteutvalet

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Formannskapet Kommunestyret

Handlingsprogram og økonomiplan , budsjett 2017

Wenche Tislevoll Dagfinn Brekke Grete Marit Veka Maraas Ordførar

MØTEBOK - TITTELBLAD - Formannskapet

Saksframlegg Valle kommune

Saksframlegg. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 14/

Samnanger kommune Møteprotokoll

Møteprotokoll Komité for oppvekst og utdanning

Arild Iversen, Krf, kom med fylgjande framlegg på vegne av Krf, H, Frp og Ferjelista: 1. Skattesatsen for eigedomsskatt i 2015 vert sett til 2

Møteprotokoll for Formannskapet

Kontrollutvalet i Stord kommune Møteprotokoll

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Møteprotokoll for Formannskapet

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar. Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar

Kontrollutvalet i Stord kommune Møteprotokoll

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteprotokoll Formannskapet

Varaordførar Medlem. H H Henry Mæland Medlem SP Beate Marie Dahl Eide Medlem SP. Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer

Møteprotokoll Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 101/17 Formannskapet Kommunestyret 012/17 Administrasjonsutvalet

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer

HAREID KOMMUNE. Møteprotokoll. Utval: Levekårsutvalet Møtestad: Hareid rådhus Dato: Tid: Kl. 15:00

Kontrollutvalet i Ulvik herad Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL. Kvinnherad kommune. Formannskapet Møtedato Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 17:00 21:30

VINJE KOMMUNE MØTEBOK UTVAL STAD DATO KL.:

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Andrea Fivelstad Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 14433/2015

Tysnes kommune Møteprotokoll

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Austevoll kommune Møteprotokoll

Samnanger kommune Møteprotokoll

Kontrollutvalet i Stord kommune Møteprotokoll

Offentleg møteprotokoll

Behandling i Formannskapet den

Rådet for eldre og funksjonshemma

Ordføraren bad om gruppemøte. Etter gruppemøtet vart det lagt fram 2 framlegg til vedtak. Administrasjonssjefen trekte sitt framlegg.

Utval: Møtestad: Teknisk, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt: 12:45

Samnanger kommune Møteprotokoll

Ved alternativ votering mellom framlegg frå Margit Smeland og formannskapet si tilråding, vart Margit Smeland sitt framlegg samrøystes vedteke.

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Møteprotokoll. for. Eldrerådet

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Lars Håkon Didriksen MEDL SP Tor Arne Mælen MEDL V

P R O T O K O L L FOR KOMITE FOR TEKNISK DRIFT OG KULTUR

Møteprotokoll for Formannskapet

Tysnes kommune Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Randi Langlo MEDL AP

Tysnes kommune Møteprotokoll

Formannskapet var kalla inn i samsvar med kommunelova 32, pkt.2 og reglementet til Hareid kommune.

OFFENTLEG SAKSLISTE MED SAKSDOKUMENT

SAKSPAPIR. Økonomiplan Vedlegg :

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapssalen Saknr.: 01/12 06/12

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Gunn Sande

Fitjar kommune Møteprotokoll

Kvinnherad kommune Møteprotokoll

Ullensvang herad Heradsstyret. Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmer som ikkje møtte: Navn Funksjon Representerer Tor Meinseth MEDL H

Møteprotokoll Kommunestyret

Kvinnherad kommune Møteprotokoll

Tysnes kommune Møteprotokoll

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

Saksgang Møtedato Saknr 1 Økonomiplanutvalet (Formannskapet) /16 2 Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmer som ikkje møtte: Navn Funksjon Representerer Magne Grimstad jr. MEDL AP

Kontrollutvalet i Stord kommune Møteprotokoll

Kontrollutvalet i Stord kommune Møteprotokoll

FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT

Møteprotokoll Formannskapet

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmer som ikkje møtte: Navn Funksjon Representerer Knut Kleiven MEDL H

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Tysnes kommune Møteprotokoll

Olav Støyten (KrF), Jan Egil Halbjørhus (H), Tor Grøthe (Frp), Odd Holde (H), Håvard Venås (KrF), Tove Eggen Lien (Sp), Olav Syversbråten (Ap)

Sakliste: Saknr. Sak 01/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

Transkript:

Møteprotokoll Formannskapet Møtedato: 07.11.2016 Tid: 12:00 13:50 Møtestad: Kommunestyresalen Møte leiar: Harry Herstad Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Harry Herstad Leiar AP Lene Susann Pilskog Medlem AP Gaute Straume Epland Medlem AP Liv Kari Eskeland Medlem H Geir Angeltveit Medlem V Jakob Bjelland Nestleiar SP Torbjørn Brosvik Medlem KRF Sigbjørn Framnes Medlem FRP Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Hilde Hildal Hauglid Nils Magne Blålid SV Frå administrasjonen møtte: Namn Magnus Mjør Lovise Vestbøstad Annlaug Tenold Hege Etterlid Knut J. Gram Mariann J. Hilt Ove Kvalnes Stilling Rådmann Kommunalsjef Personal- og organisasjonssjef Økonomisjef Kommunalsjef Kommunalsjef Plansjef Stord, 08.11.16 Haldis Lauksund møtesekretær

SAKER TIL HANDSAMING GK 15/16 Godkjenning av innkalling og sakliste GK 16/16 Godkjenning av møteprotokoll frå formannskapet 05.10.16 Politiske saker: PS 47/16 Årsbudsjett 2017, økonomiplan 2017-2020 PS 48/16 PS 49/16 Uttale om nytt inntektssystem for kommunar Hordaland fylkeskommune - søknad om fritak for eigedomsskatt på tomt, verk og bruk PS 50/16 Søknad om skjenkeløyve for Sagvåg Pub & Kafe AS, Sagvågsbrekko 2 PS 51/16 Stordpakken - prinsipp for plassering av bomstasjonar og val av alternativ for trafikkmodellkøyring RS 75/16 RS 76/16 Referatsaker: Referat arbeidsgruppemøte 2 Stordpakken Tilskot ved skjøn for 2016 - fordeling resten av ramma (kopi av brev til Kommunalog moderniseringsdepartementet RS 77/16 16/4093-1 Byregionprogrammet - Orientering om forslag til statsbudsjett for 2017 og konkretisering av mål og ønskede resultater ved prosjektslutt RS 78/16 BUSTADER FOR FUNKSJONSHEMMA RS 79/16 Økonomirapport september 2016

GK 15/16 Godkjenning av innkalling og sakliste Vedtak Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent. GK 16/16 Godkjenning av møteprotokoll frå formannskapet 05.10.16 Vedtak Møteprotokollen frå møte 05.10.16 vart samrøystes godkjent. PS 47/16 Årsbudsjett 2017, økonomiplan 2017-2020 Innstilling 1. Kommunestyret vedtek budsjett og økonomiplan for åra 2017-2020 utan endringar: 2. Skatteøre vert sett lik maksimal sats i samsvar med Stortinget sitt vedtak om kommunalt skatteøre. 3. a) I medhald av eigedomsskattelova 2 og 3 bokstav a) skal følgjande utskrivingsalternativ for eigedomsskatt nyttast for skatteåret 2017: Eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen. b) Skattesatsen vert sett til 2 av omsetnadsverdien for bustader og fritidseigedomar. Skattesatsen vert sett til 4 av omsetnadsverdien for verk og bruk, annan næringseigedom og ubebygd grunneigedom. c) I medhald av eigedomsskattelova 7 bokstav a) opnar kommunestyret for fritak av eigedomar som er eigde av stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten. Eigedomar som kvalifiserar for fritak etter bestemmelsen og som er eigde av idrettslag, ungdomslag, bedehuslag og liknande skal ha fritak for eigedomsskatt i Stord kommune. Sakkunnig nemnd legg fram oversyn over kva eigedomar dette kan gjelda. I tillegg kan eigedom tilhøyrande andre stiftingar/organisasjonar bli vurdert fritekne av kommunestyre på grunnlag av søknad. Dei eigedomar som tidlegare år er innvilga fritak for eigedomsskatt av kommunestyret i medhald av eigedomsskattelova 7, jf. vedlegg 7.10 til budsjettdokumentet, skal ha fritak for eigedomsskatt også i 2017. d) Eigedomsskatten skal betalast i fire terminar. e) Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter. f) Botnfrådrag vert for 2017 sett til kr 400 000 4. Komunestyret vedtek å ta opp inntil 377 105 000 kr i lån i 2017 som serielån. Låneopptaket er fordelt slik: Startlån til vidare utlån kr 30 000 000 Lån til investering i vatn og avlaup kr 165 750 000 Lån til investering Stord hamnestell kr 950 000 Andre lån kr 180 405 000 Lånegjelda skal nedbetalast med minimumsavdrag.

Kommunestyret vedtek at låneporteføljen til Stord kommune, og alle lån i porteføljen (sjå tabell 7.9) kan refinansierast i inneverande år og i budsjettåret. Rådmannen står fritt til å betale budsjetterte avdrag på dei lån han finn føremålstenleg, uavhengig av opphavleg vedtak. 5. Kommunestyret vedtek satsar for gebyr og avgifter med verknad frå 1. januar 2017 slik det går fram av eige hefte Betalingssatsar for Stord kommune for: - Kommunale eigedomsavgifter - Gebyr for regulerings-, byggesaks-, og oppmålingshandtering - Betalingssatsar for feiing og tilsyn - Avgift for vatn, avlaup og renovasjon 6. Kommunestyret fastset slike førebels tilskotssatsar for 2017 til private barnehagar i Stord kommune: Ordinære barnehagar: Små born/full plass kr 202 630 Store born/full plass kr 91 654 Satsar for familiebarnehagar og refusjon kapitalkostnader skal vera tilsvarande retningsgjevande satsar frå departementet. 7. Stord kommune vil i 2017 busetta 60 flyktningar. Familiesameiningar kjem i tillegg. 8. Kommunestyret skal ta stilling til disponering av ekstraordinært vedlikehaldstilskot for 2017 («tiltakspakke»), 13,260 mill. kr., i ei eiga sak. 9. Det vert for 2017 fordelt driftstilskot/-støtte til kultur- og idrettsorganisasjonar m.m. slik: Sunnhordland museum kr 610 000 Friluftsrådet vest kr 320 000 Stord sogelag kr 10 000 Sunnhordland kammerorkester kr 25 000 Falturiltu barnebokfestival kr 100 000 Gards- og ættesoge kr 75 000 Arrangementet 100 dagar (underskotsgaranti) kr 25 000 Komité for næring, miljø og kultur får fullmakt til å disponera løyving på kr 250 000 til kulturføremål. Stord kommune løyver følgjande tilskot over 2017-budsjettet i til samarbeidstiltak og næringsføremål: Hordaland olje og gass, driftstilskot kr 50 000 Haukelivegen AS, driftstilskot kr 30 000 Samarbeidsrådet for Sunnhordland kr 613 400 Samarbeidsrådet, reiselivssatsinga kr 228 100 Medlemskontingent Stord næringsråd kr 30 000 Atheno AS, Maritim industriinkubator kr 150 000 Atheno AS, Ungt entreprenørskap kr 65 000 Kjøp av førstelinetenester for næringsetablering kr 200 000 Komité for næring, miljø og kultur får i tillegg fullmakt til å disponera løyving på kr 100 000 til næringsføremål. Tilrådd med 6 mot 3 stemmer. V, H og Frp stemte mot. Mindretalet røysta for Høgre sitt framlegg. *******

Liv Kari Eskeland (H) sitt framlegg var likt rådmannen si innstilling men med to tilleggspunkt under punkt 1: a) Kommunestyret ser at reduksjon av førebyggjande arbeid på sikt vil føra til auka kostnad og dårlegare folkehelse. Kommunestyret ønskjer å vidareføra arbeid med dei førebyggjande tenestene. b) Rådmannen får i oppdrag å ta ut tre område frå den kommunale drifta der ein ser på alternative driftsformer for å ta ned drifta i 2017. Målet for 2017 er ein reduksjon på 0,5 % av det totale driftsbudsjettet. Vidare er målet at ein gjennom ein 6 års periode har gått gjennom alle område for ei slik totalvurdering. Arbeidet skal gjerast i nært samarbeid med tillitsvalde og organisasjonane. Målet er at den kommunale drifta skal reduserast med 3 %. PS 48/16 Uttale om nytt inntektssystem for kommunar Innstilling Kommunestyret vedtek å senda følgjande uttale til Kommunal- og moderniseringsdepartementet: «Stord kommune ser det som svært urimeleg å bli straffa gjennom nytt inntektssystem etter å ha fatta positivt vedtak om kommunesamanslåing innan fristen som vart sett til 1. juli i år. Kommunestyrevedtaket er basert på grundige prosessar med involvering av innbyggjarar, politikarar frå alle parti, næringslivet, tillitsvalde og kommuneadministrasjonen. Det ligg også positiv folkerøysting til grunn for kommunestyrevedtaket. Stord kommune ser positivt på at situasjonen til «ufrivillig små kommunar» skal avklarast gjennom Kommuneproposisjonen for 2018. Dette hjelper likevel lite for året 2017, og Stord kommune finn det urimeleg å vente med ein slik avklaring til våren 2018. Difor vert det forventa at fylkesmennene tek dette elementet med i fordelinga av dei førebels ufordelte skjønsmidlar.» Samrøystes tilrådd. PS 49/16 Hordaland fylkeskommune - søknad om fritak for eigedomsskatt på tomt, verk og bruk Innstilling Kommunestyret vedtek å ikkje gje fritak for eigedomsskatt for gnr. 27 bnr. 811, Hordaland fylkeskommune jf. eigedomsskattelova 7a. Samrøystes tilrådd. PS 50/16 Søknad om skjenkeløyve for Sagvåg Pub & Kafe AS, Sagvågsbrekko 2 Vedtak Stord formannskap gir Sagvåg Pub & Kafe org.nr 915 132 146 løyve til skjenking innafor alkoholgruppe 1,2 og 3 i deira nye lokale gnr/bnr 56/56, Sagvågsbrekko 2, 5410 Sagvåg. Løyve vert gjeve på vilkår av at lokala vert godkjent.

Løyvet er avgrensa til inneverande løyveperiode som gjeld fram til 30.09.2020. Løyvet er knytt til Linda Hellesund som skjenkestyrar og Kjell Arne Skålevik som reserveskjenkestyrar. Dersom løyvehavar skiftar skjenkestyrar/reserveskjenkestyrar i løpet av løyveperioden, skal det straks meldast frå skriftleg til Stord kommune for godkjenning av ny styrar. Løyvehavar pliktar å forvalta løyvet etter Alkohollova sitt regelverk og i tråd med Stord kommune sine Akoholpolitiske retningsliner, vedtekne av kommunestyret. Løyvehavar pliktar å sende til Stord kommune, Kundetorget, oppgåve over faktisk omsett mengd alkohol innan 01. mars kvart år. Løyvehavar pliktar å føre internkontroll i samsvar med forskrift til Alkoholloven 8-1, og sosial og Helsedirektoratets hefte; «Internkontroll etter alkohollova for sal og skjenkesteder» utgitt 12/2005. Samrøystes vedteke. PS 51/16 Stordpakken - prinsipp for plassering av bomstasjonar og val av alternativ for trafikkmodellkøyring Vedtak 1. Formannskapet sluttar seg til at det vert gjennomført transportmodellkøyring og nærare utgreining for eksempelet med bomstasjonsplasseringar basert på 4 soner slik det er skissert i notatet «Prinsipp for bomsstasjonsplasseringer Stordpakken», og for eit prinsipp med bomstasjonsplasseringar på E39 slik det er skissert i notatet «Spørsmål om bomstasjonsplasseringer på E39». 2. Formannskapet er uroa over kostnad ved oppbygging og drift av bompengestasjonar. Vi ber rådmann sjå på alternative måtar for innkrevjing av brukarbetaling. Vedteke med 8 mot 1 røyst (Sigbjørn Framnes FrP). ******* Sigbjørn Framnes (FrP) kom med framlegg som fall med 8 mot 1 røyster (Sigbjørn Framnes FrP): Formannskapet går mot innføring av stordpakken. Den gir ein usosial innkrevjing og vil ramma dei med svakast økonomi hardast. ******* Jakob Bjelland (Sp) kom med framlegg til punkt 2. i vedtaket. ******* Liv Kari Eskeland (H) sette fram følgjande framlegg, som vart vedteke som eit oversendingsframlegg til administrasjonen mot ei røyst (Sigbjørn Framnes, FrP): I tillegg til modell vedteken i pkt 1, ønskjer formannskapet at det vert utgreidd ein modell basert på alternative premiss som føljer:

- Stordpakken skal gjennomførast innanfor ei kostnadsråme på 1 mrd. Som hovudregel skal tiltaka gjennomførast i den prioriterte rekkefølgje som går fram av den prioriterte rekkefølja som kommunestyret set - Formannskapet legg til grunn at Hordaland fylkeskommune bidreg med ca. % av totalkostnaden i pakken, og at statleg medfinansiering vert % av pakken - Det skal opprettes eit pilotprosjekt som inneholder ein ny innkrevjingsmetode for alle kjøretøy registrert i Stord Kommune. Det blir lagt følgande føringar for pilotprosjektet til grunn: 1) Nytteprinnsippet til Statens Vegvesen skal ligge til grunn for pilotprosjektet om at den som betaler skal ha nytte av vegen. 2) Innkrevjingspunkt på kommunegrensene mot nord og sør må etablerast 3) Innkrevjinga på fergesambanda Ranavik Skjærsholmane og Hodnanes Jektevik må vurderast 4) Alle biler registrert i Stord kommune med vekt opp til 3500 kg skal betale ei innkrevjingstakst/avgift pr mnd basert på den utrekna modellen. Dette innebærer fri kjøring på alle veger på Stord og igjennom innkrevjingspunkta på kommunegrensene/ferjesambanda 5) Kjøretøy over 3500 kg og som er registrert i Stord kommune betaler dobbel takst av kjøretøy under 3500 kg. 6) El-bilar registrert i Stord kommune betaler lik takst som andre bilar. 7) Det skal innførast ein rabatt for bil nr to og tre registrert på same eigar i Stord kommune. Næringstransporten skal ha same ordning så langt det lar seg gjere. 8) Alle registrerte kjøretøy i Stord Kommune skal ha autopass-brikke i bilen slik at dei kan kjøre utan ekstra kostnad via innkrevjingspunkt på kommunegrensa/ferjesambanda. 9) Bilar som passerer bomstasjon på kommunegrensa/ferjesambanda og som ikkje er registrert i Stord kommune, skal betale ein innkrevjingstakst etter tilpassa nivå pr passering. Timesregelen skal gjelda. Dobbel takst for tyngre kjøretøy. 10) Det blir innført eit maksbeløp (tak) pr månad for alle kjøretøy som passerer innkrevjingspunkt på kommunegrensa og som ikkje er registrert med adresse i Stord kommune tilsvarande beløpet for månadstakst for bilar registrert i Stord kommune. 11) Innkrevjingstakst/avgift blir krevja på faktura/avtalegiro sendt til registrert eigar av kjøretøyet for dei som er folkeregistrert i Stord kommune. Formannskapet ønskjer i tillegg å få vurdert om innkrevjinga kan skje over skattesetelen. RS 75/16 Referat arbeidsgruppemøte 2 Stordpakken Teke til orientering RS 76/16 Tilskot ved skjøn for 2016 - fordeling resten av ramma (kopi av brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet Teke til orientering RS 77/16 16/4093-1 Byregionprogrammet - Orientering om forslag til statsbudsjett for 2017 og konkretisering av mål og ønskede resultater ved prosjektslutt Teke til orientering

RS 78/16 BUSTADER FOR FUNKSJONSHEMMA Teke til orientering RS 79/16 Økonomirapport september 2016 Teke til orientering med merknad at formatet må forbetrast.