Sogndal kommune Utval: Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 08.06.2010 Tid: 1500-1800 Pkt 1 OPNING A. Konstituering av møte Felles møte med Leikanger ungdomsråd kl. 1500-1630, sjå eiga referat. Eiga møte for Sogndal ungdomsråd kl. 1630-1800. Møtet lovleg sett med følgjande tilstades: Vilde Øvstetun, Albert A. Øydvin, Andrea B. Kvam, Anne Grethe Teigen, Maria Gunnarsdotter Svedal, Kristin Nornes, David W. Osen og Runa Buene. Innkalling og sakliste godkjent. Møteleiar: leiar Vilde Øvstetun. Møta i Sogndal ungdomsråd er ope for alle. B. Godkjent møteprotokoll frå møte 24. mars 2010. Pkt.2 A. Orientering frå ordførar. Det er flott med eit velfungerande ungdomsråd. Ungdomsrådet har gjort ein veldig god jobb for andre ungdommar i Kommunen. Veldig bra at det kjem innspel til dei kommunale planane. Skulle ønskje at ungdomsrådet hadde stilt på Botskonferansen, men ungdom var bra representert frå elevrådet på vidaregåande. Tusen takk for eit godt samarbeid. C. Orientering frå arbeidsutval. Sjå eiga vedlegg om brev til Sogn og Fjordane fylkeskommune om fjernvarme. D. Orientering frå administrasjonen. Informasjon om tiltaket trygt heim for ein 50 lapp. Informasjon vert hengt opp på skulane og rundt om i kommunen ved skulestart. Sjå www.ungtransport.no. Et eiga brev vert sendt til skulane ved oppstart til hausten om retningslinjer, medlemmar og at Andrea, Vilde og Anne Grethe er valt inn i ungdomsrådet 1 år til. Møtegodtgjersle vert utbetalt i juli. Tusen takk for eit godt og innhaldsrik Ungdomsrådsår, god sommar! Sakliste Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 4/10 09/3239 Evaluering av Ungdomsrøra 2010
5/10 10/1948 Ny nettside 6/10 10/1949 Jobbar til ungdom
Sak 4/10 Evaluering av Ungdomsrøra 2010 Evaluering av Ungdomsrøra 2010: Kva var bra? Kva kunne vært gjort annerledes? Kva kan bli nytt til 2011? I møte i Sogndal ungdomsråd 8. juni 2010. Evaluering av Ungdomsrøra 2010: Desse ønskjer å vere i 2011: Vilde Øvstetun, Andrea B. Kvam, Anne Grethe Teigen og Mats Vidby Fredheim. Det bør i forkant av Ungdomsrøra vere eit ope møte kor ungdom kan komme med nye innspel. Positivt at det var veldig mange ungdommar innom i løpet av helga. Mye forskjellig aktivitet. Informasjonen har kome ut til dei fleste ungdommane. Arbeidsgruppa fungerte veldig bra, begge kjønn, gruppa hadde ulik bakgrunn. Bra marknadsføring. Mange frå vidaregåande og andre kommunar. Bra med gratis mat. Bra med slak line og Bungeerun. Eit godt og variert program. Forbedringar: skjedde lite på fredag, betre retningslinjer til kiosk, bruke lag og organisasjonar meitr under helga og ein må ha betre film dersom ein skal vise kino. Sak 5/10 Ny nettside Ungdomsrådet skal i møtet komme med innspel om kva dei meiner er viktig på ei ny nettside for ungdom. Skal noko av dei eksisterande sisane vere med vidare? Nytt domene, kva? Kva ulike funksjonar, boksar, osv vil ungdom ha? Skal/bør ungdom/ungdomsrådet vere ein av dei som skal redigere/serve sida?
Det vil bli lagt fram ei skisse på møtet som ungdomsrådet skal komme med sine innspel på. Det er viktig at alle snakker med andre ungdommar før møtet for å få med seg innspel. Sjå gjerne på andre nettsider for ungdom for å få gode idear og innspel til møtet. I møte i Sogndal ungdomsråd 8. juni 2010. Nytt domene: ke skjir? Viktige moment til ny nettside for ungdom: Overskrift ke skjir? I drift heile tida, noe nytt hele tida Bra med kalender Aktivitetane i Ungdomsbasen med påmelding Diskusjonsfora/innspel til Ungdomsrådet (anonymt) Ungdom bør vere med å redigere sida Blogg på nyhende (på den sida) Lenker til andre uilke tilbod for ungdom i Sogndal Sak 6/10 Jobbar til ungdom Sogndal ungdomsråd bør engasjere seg i saka om at det er få jobbar/sommarjobbar for ungdom. Ungdomsrådet bør lage eit skriv til alle bedrifter i kommunen med oppfordring om at bedriftene bør la ungdom få jobberfaring gjennom sommarjobb eller ekstrajobb resten av året. Det er viktig at utlysing av sommerjobb i kommunen vert utlyst i Sogn avis og på nettet med vanleg intervjurunde. Korleis vert tilsetjinga av ungjobb gjennomført? I møte i Sogndal ungdomsråd. Det er trist at det er så få jobber til ungdom. Både kommune og næringsliv bør legge betre til rette for at fleire ungdommar får seg jobb i nokre veker.
Utkast til brev v/albert vert sendt til arbeidsutvalet for godkjenning før det vert sendt ut til kommune og næringsliv. Sjå eige brev som ligg ved referatet.