Årsmelding for fotballgruppa Lærdal I. L. 2015
Organisasjon; Styret for fotballgruppa har i sesongen 2015 vore samansett slik: Jan Tore Stølen Leiar Birgit Lervik Styremedlem Dag Arne Helland Styremedlem Per Einvald Aspevik Styremedlem Kjell Inge Sanden Styremedlem Kjell Olav Bjørkum Varamedlem Per Åke Evjestad Varamedlem Jan Tore Stølen Anleggskontakt Kjell Inge Sanden FairPlay ansvarleg
Møter, osv. Styret har hatt 6 møter. Vanlege driftssaker i tillegg til 2 innmeldte saker. Det har og vore fleire dugnadsmøter, møter i trenarforum og foreldregruppene til dei einskilde laga samt sonemøte. I desse foruma har det også vore fotballfaglege diskusjonar. Kretsen har hatt barnefotball samling og sonemøte i sogn indre (Aurland,Lærdal,Tangen og Jotun. I tillegg har Kjell Inge vore på kick-off samling i miniputt, og trenar/lagleiarar har vore på terminlistesamlingar. Me har og prøvd allmøte i kulturhuset med eit relativt bra resultat. Fotballgruppa har denne sesongen stilt med følgjande lag (med lagleiarar); Lag Miniputt 10 lag Gutar 9 Jenter 11 Trenar/Lagleiar Kjell Inge Sanden Per Einvald Aspevik/Åsmund L Hunderi Kjell Olav Bjørkum/Jan Tore Stølen G11, Haust Tom Nordstrand Gutar 12 Hans Jørgen Bjørkum/Daniel Molde J13/14 Dag Arne Helland/Ole Petter Holmen G13/14 Geir Aarethun/ Robert L Elgåen /Rune Bolstad
Aktiviteten i gruppa; Sesongen starta som vanleg med Veterancupen siste helga i januar. Her hadde me ansvaret for kiosken, sekretariat og linjedommarar. Inntekt sjå regneskap. Me har jobba godt med utdanning i klubben både på trenar og dommarsida. Sjølvsagt hadde det vore håp om fleire deltakarar, men dette jobbar me vidare med. Me har dei 2 siste år, 2 i 2014 og 4 i 2015 fått 6 trenarar med C-lisens. Gratulera. Aktiviteten med utdanninga kjem me til å halde fram md. På dommarsida har me utdanna 12 rekrutteringsdommarar, noko som er svært bra. Dei fleste her fekk sin elddåp på Lærdalsturneringa, noko dei takla fint, og me fekk berre gode tilbakemeldingar. Dei har og gjennom sesongen dømt seriekampar,treningskampar og ikkje minst futsal turneringar med gode referansar. I futsal er ikkje reglane vanlege, men innvikla og vanskelege. Men dette takla dei godt! Dei har vist god interesse, og representerer Lærdal IL Fotball på ein framifrå måte. Her har Geir Årethun gjort ein flott jobb. Dette er og noko fotballgruppa må følgja opp og utvikle vidare. Dugnadar: -Lærdalsmarknaden, stor takk til alle som tok del denne helga. Her er det og stor muligheit til betre utvikling med tidlegare oppstart av salg. God og absolutt nødvendig inntekt for fotballgruppa. Sjå rekneskap. Første helga i september gjennomførte me Lærdalsturneringa. 38 lag påmelde, mange av dei med innkvartering på skulen. Nytt av året var opptog ifrå Fritidsparken og musikk på bana av korpset vårt. KJEMPEINNSATS som vart lagt ned av ALLE denne helga. Lærdalsturneringa er og viktig inntekt for fotballgruppa. Resultat: Sjå rekneskap
Blomsterlevering for GARTNERIET: Som åra før har fotballgruppa hatt utbringing av blomster for gartneriet. Dette er øyremerka aldersbestemt!! God logistikk og gjennomføring av alle. Ansvarlege Daniel og Elmar. Inntekt ; Sjå rekneskap. FUTSAL. Nytt i år er at Fotballgruppa i lag med kretsen arrangerer FUTSAL turnering. Dette vart utført strålande den 20 desember og 9. januar. Slike arrangement er me flinke på! og fekk gode tilbakemeldingar frå gjestande lag og krets. Sogn og Fjordane Fotballkrets har dei siste åra hatt stor fokus på Fair Play, og dette arbeidet må halde fram med stor styrke. Enkle verdiar som ansvar, disiplin, respekt og toleranse må vere levande og sentrale i dette arbeidet. FAIR PLAY skal me fortsetta og setta i høgsetet. Dette er ALLE SITT ANSVAR!! FairPlay ansvarleg i Fotballgruppa Lærdal er: KJELL INGE SANDEN Anlegg; Bane og treningstilhøva har i 2015 vore veldig gode. Små periodar med frost og snø. Har vore uheldig med mykje sterk vind, som har resultert i at mål har reist i vinden. Dette har me ikkje råd til. Der har me alle ein jobb å gjere, det handlar om å ta vare på ting!! Løysing på festeanordning er bestilt, so blir vel dette ordna på dugnad til våren. I det heile må me få området til å visualisere seg betre. Kva måtar dette kan gjerast på må me diskutere og få framdrift på den næraste tida. Det ligg og planar om ombygging av kjøkken og sekretariat samt tillbygg på austsida. Økonomi; Overskotet i fotballgruppa i 2015 var på om lag 98.000,- kroner Pengane til drifta vår får me gjennom Lærdalsturneringen og grillinga under marknaden. Har me ikkje desse arrangementa har me ikkje mykje å rutte med. Me er heilt avhengige av at foreldra
og borna stiller på dugnaden desse to helgane. Elles har laga vore flinke til å ha kiosken i drift under kampar og arrangement, noko som gir eit godt pluss i kassa. Alle som tek del i aktivitetane til Lærdal Idrettslag skal vere medlemar gjennom å betale medlemspengane, då dette er viktig for forsikringane i idretten. Dette har vore slapt seinare år når ein ser på medlemsregistreringa. Vonar dette vil ta seg opp. Dessutan må kvar einskild som tek del i organisert fotball gjennom fotballgruppa betale ei treningsavgift. Lærdal IL Fotball er ein av dei rimelegaste klubbane når det gjeld treningsavgift. Alle spelarar over 12 år må reregistrerast som aktive i FIKS. For denne sesongen var treningsavgifta slik; Senior herre: kr. 900,- Senior damer: kr. 700,- Gutar/jenter: kr. 600,- Små-gutt/jenter kr. 500,- Lillegutt-/jenter kr. 400,- Miniputtar kr. 200,- Planar for komande sesong; Påmelde lag for sesongen 2016 er slik; Lag Trenar Lagleiar Miniputt 12 lag Kjell Inge Sanden (2 lag i seriespel) Jenter 11 5-ar Monika Lysne Gutar 11 7-ar Kjetil Åmot Kolbjørn Rognes Jenter 12 7-ar Kjell Olav Bjørkum Jan Tore Stølen Gutar 12 7-ar Tom Nordstrand
Gutar 13/14 9-ar Hans Jørgen Bjørkum Daniel Molde Jenter 15/16 9-ar Dag Arne Helland Ole Petter Holmen Gutar 15/16 9-ar Damer 4. div. 7-ar Ei viktig sak den komande sesongen er å få diskutere og følgje opp korleis me skal møte dei synkande barnetala i høve til fotballen i bygda. Slik det ser ut pr. no møter me desse problema sterkt om berre eit par år. Andre viktige saker; - Gjnnomføre gode foreldremøte i dei ulike laga - Fleire trenar/lagleiarmøte/trenarforum - Ha korte samlingar med ansvarlege i miniputten - Nytte heimesida til idrettslaget betre og oftare - Felles forståing av FairPlay og etiske retningslinjer i LIL - Evaluere og skrive om sportsplanen vår Frå Lærdalsturneringa 2015..Martin i draget.
Til slutt: Fotballgruppa har lagt bak seg eit godt fotballår. Ein del saker har vore kjedelege å arbeide med, men styret vonar at dette ligg bak oss. Diverre har me ikkje hatt noko a-lag dette året. Ein ting er i alle fall godt med dette.me nyttar meir pengar på aldersfastlagde lag. Styret takkar alle spelarar, foreldre, sponsorar og SFFK for godt samarbeid og ein godkjend sesong 2015 Styret i fotballgruppa i LIL Jan Tore Stølen Kjell Inge Sanden Birgit Lervik Per Einvald Aspevik Dag Arne Helland