saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 15.11.2016 116404/2016 Eivind Vartdal Ryste Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 06.12.2016 Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket - 2. søknadsrunde 2016 Bakgrunn Fylkeskommunen forvaltar i 2016 ei ramme på 1 480 000 til rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Pengane kjem frå jordbruksavtalen, og skal i følgje tildelingsbrevet «bidra til rekruttering og kompetanseheving av næringsutøvere som kan ivareta og styrke verdiskapingen i landbruket regionalt». Prioriterte område skal vere: Tiltak som bidrar til å styrke rekrutteringa til landbruksutdanning i vidaregåande skule og til høgare utdanning i landbruksfag. Tilskot til kompetansehevande tiltak og støtte til etter- og vidareutdanningstilbod for næringsutøvarar i landbruket. Tildelinga for 2016 har vore fordelt på to utlysingsgrundar. Regional- og næringsutvalet fordelte 7. juni 2016 til saman 1,2 mill. fordelt på fire søknader. Det står no att 640 000 til utdeling. Totalbeløpet er høgare enn tildelt frå jordbruksavtalen fordi støtte til prosjekt som ikkje har blitt noko av er dratt inn, og lagt tilbake i potten. Innan fristen 1. november er det sendt inn 9 søknader: Søkjar Tiltak Totalkostnad, Søknadssum, 1 TINE Rådgiving Utviklingsprosjekt mjølkeproduksjon 745 555 200 000 2 Skogselskapet i Møre og Romsdal 3 NORSØK - Norsk senter for økologisk landbruk 4 4H Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland Deltaking på Dyregoddagane 2017 94 100 47 050 Redusert klima- og 339 600 169 800 miljøbelastning frå mjølkeproduksjonen 4H-gard i vekst 4 700 000 400 000
Søkjar Tiltak Totalkostnad, Søknadssum, 5 Landbruk Nordvest «Ikke en bonde å 89 500 89 500 miste!» 6 Landbruk Nordvest Motorsagkurs 76 400 38 200 7 Landbruk Nordvest Kurs for 136 000 68 000 landbruksvikar 8 Norsk Potetskolen 2016-1 814 000 50 000 Landbruksrådgiving 2017 9 Landbruk Nordvest Samordna rådgiving OU-prosjekt 850 000 600 000 SUM 8 845 155 1 662 550 om søkjarane: Tine rådgiving er meierisamvirket sin rådgjevingsteneste retta mot mjølkeprodusentane. Dei tilbyr rådgjeving på mjølkekvalitet, fôring, bedriftsøkonomi, bygningstekniske løysingar m.m. Mjølkeprodusentane betaler for tenestene. Skogselskapet i Møre og Romsdal er ein del av Det Norske Skogselskap, ein ideell medlemsorganisasjon som skal fremje forståing for «skogens mangesidige betydning, som verdiskaper, som avgjerande i klimakampen og som tradisjonsbærer» (skogselskapet.no). 4H er ein landsdekkjande, ideell barne- og ungdomsorganisasjon. 4H skal utvikle aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske (i følgje 4H.no). Landbruk Nordvest er ein samvirkeorganisasjon som tilbyr agronomisk rådgjeving og formidlar avløysartenester til bønder i Møre og Romsdal. Er ein del av Norsk landbruksrådgiving. Norsk senter for økologisk landbruk (Norsøk) held til på Tingvoll og er ei stifting som driv forsking og formidlar kunnskap om økologisk landbruk og matproduksjon, miljø og berekraft og fornybar energi. Norsk Landbruksrådgiving er ein paraplyorganisasjon for 24 einingar som driv rådgjeving og kunnskapsformidling i landbruket rundt omkring i Norge.
1 TINE Rådgiving: Utvikling av mjølkeproduksjonen i Mål om å oppretthalde mjølke- og kjøtproduksjonen på Sunnmøre. Prosjektet skal gje ei midlertidig styrking av rådgjevingstilbodet for mjølkeprodusentar i, slik at alle produsentar får ein gratis rådgjevingsamtale om potensiale og vegval for eiga bedrift. Oppfølging med spesialisert rådgjeving etter produsenten sine behov. TINE har i praksis monopol på rådgjevingstenester retta mot mjølkeprodusentar, og det kan sjå tvilsomt ut å gje støtte til deira verksemd. TINE har fått støtte til slike prosjekt i ulike regionar tidlegare, både frå denne ordninga og frå fylkesmannen sine bygdeutviklingsmidlar. Resultata har vore gode, å få besøk av ein strategirådgjevar har utløyst mange utviklingsprosessar som elles ikkje hadde blitt gjennomført. Effekten av prosjektet vil altså kome mjølkeprodusentane og den samla mjølkeproduksjonen på Sunnmøre til gode, ved at ein får i gang strategiske prosessar på kvart enkelt bruk. Med timepris på 600 legg TINE inn ein betydeleg eigeninnsats, og støtte frå denne ordninga gjer det mogleg å gjennomføre første rådgjevingsbesøket gratis for produsent. TINE vil ikkje tene pengar på prosjektet, støtte kjem mjølkeprodusentane til gode. Det er i praksis ingen andre rådgjevingstenester som kan erstatte TINE på dette området. Tilråding Prosjektet vert støtta med inntil 200 000, avgrensa til 27 prosent av samla kostnadsoverslag 2 Skogselskapet i Møre og Romsdal: Stand på Dyregoddagane 2017 Målet er å vise ungdom at skogbruket er ein attraktiv arbeidsplass. Tiltaket er ein stand på Dyregoddagane i Gjemnes 2017, der ein blant anna skal leige ein skogsmaskinsimulator. Det er bra at Skogselskapet vil vise fram moglegheiter innan skogbruket på Dyregoddagane. Og det er jo akkurat det som er formålet med Skogselskapet («å fremme forståelsen for skogens mangesidige betydning og å arbeide for et godt skogbruk» i følgje vedtektene.) Vi vurderer det difor slik at stand på Dyregoddagane er ei kjerneoppgåve for Skogselskapet, og bør kunne gjennomførast utan støtte frå denne ordninga. Tilråding Avslag
3 Norsøk: Redusert klima- og miljøbelastning frå mjølkeproduksjonen Prosjektet skal produsere videoar og studiemateriell som formidlar ny kunnskap frå forsking. Tema er agronomiske løysingar som gjer mjølkeproduksjonen meir miljø- og klimavenleg. Filmar og studiemateriell skal formidle resultat frå eit prosjekt finansiert av Landbruksdirektoratet, «Klimaprosjektet», der ein har funne løysingar som både kan minske klimautsleppa og forbetre produksjonsøkonomien. Materiellet skal distribuerast på nett, brukast av rådgivarar i landbruket, på skular og på møter/konferansar. Norsøk har for perioden 2015-2017 fått 975 000 frå Landbruksdirektoraret sitt klima- og miljøprogram til prosjektet «muligheter for miljø- og klimavennlig melkeproduksjon». I prosjektn på Landbruksdirektoratet sine nettsider kan vi lese at «Videoer, artikler og foredrag som illustrerer gardbrukernes situasjon og muligheter til forbedringer» er ein av dei forventa leveransane frå prosjektet. Vi stiller difor spørsmål ved behov for støtte frå denne ordninga til å oppfylle leveransen. Tilråding Avslag 4 4H: 4H-gard i vekst 4H-gard i vekst er eit samarbeidsprosjekt mellom 4H i vestlandsfylka og 4H Norge. Målet er å etablere fleire 4H-gardar, og å utvikle dei som allereie er i drift. Tiltaka er etablering av nettverk for 4H-gardar, formidling av informasjon og rettleiing for å få etablert fleire 4H-gardar, utvikling av nettside og arbeid med næringsutvikling på besøksgardane. Ein 4H-gard er eit gardsanlegg i full drift, men som er tilrettelagt for besøk av born, unge og vaksne. Godkjende 4H-gardar er profesjonelle besøksgardar som tilbyr opplevingar knytt til dyr og planter heile året. Poenget er at desse skal gje kunnskap om matproduksjon, økologi og natur. Det er i dag ingen 4H-gardar i Møre og Romsdal, men dette prosjektet har mål om etablering av det. 4H er ein organisasjon som har sitt nedslagsfelt på bygdene, og kan bidra positivt til rekruttering til landbruket. Dette er eit omfattande, treårig prosjekt, som allereie er starta opp, med utgangspunkt i Sogn og Fjordane. Hordaland fylkeskommune har løyvd støtte til prosjektet. Møre og Romsdal fylkeskommune har tidlegare løyvd tilskot til forprosjektfasen. Å få etablert 4H-gardar i Møre og Romsdal kan på lang sikt bidra til formålet med denne ordninga, nemleg rekruttering til landbruket. Tilråding Prosjektet vert støtta med inntil 300 000, avgrensa til 6,4 prosent av samla kostnadsoverslag 5 Landbruk Nordvest: «Ikke en bonde å miste» Prosjektet skal spreie informasjon om HMS i Noregs farlegaste næring: Landbruket.
Tiltaket er at HMS-rådgivar i Landbruk Nordvest deltek med foredrag på 16 medlemsmøte i heile Møre og Romsdal. Foredraget skal formidle kunnskap frå forskingsrapporten «Ikke en bonde å miste». I tillegg skal det haldast fem møter med organisasjonar i landbruket. Tiltaket er enkelt, men set fokus på ei viktig problemstilling for landbruksnæringa: Risikoen for skadar og dødsfall er urovekkande høg. Det kan innvendast at denne innsatsen burde vere ei kjerneoppgåve for HMS-tenesta i Landbruk Nordvest, slik at tilskot til dette tiltaket burde vere unødvendig. I praksis er det ikkje slik, organisasjonen har ikkje økonomi til å reise på 16 møter rundt i fylket med denne bodskapen. Innhaldet i bodskapen er så viktig at vi bør vere med på dette løftet. Det er ikkje ført opp eigeninnsats i søknaden, men for ordninga gjeld regelen om at tilskotet maksimalt kan dekkje halvparten av kostnadane. Tilråding Det vert løyvd tilskot på inntil 45 000, avgrensa til 50 prosent av totalkostnad 6 Landbruk Nordvest: Motorsagkurs Gjennomføre fem kurs i bruk og stell av motorsag. Kursa skal arrangerast rundt i fylket, og målgruppa er Landbruk Nordvest sine eigne tilsette avløysarar, til saman 30 deltakarar. Dette er kompetanseheving av eigne tilsette. Landbruk Nordvest driv kommersiell verksemd, og må sjølv ta ansvar for slik opplæring. Vi vurderer dette til å ligge utanfor det ordninga skal støtte. Avslag Tilråding 7 Landbruk Nordvest: Kurs for landbruksvikarar Gjennomføre to-dags samling/seminar for landbruksvikarar tilsette i Landbruk Nordvest. Tilråding Dette er kompetanseheving av eigne tilsette. Landbruk Nordvest driv kommersiell verksemd, og må sjølv ta ansvar for slik opplæring. Vi vurderer dette til å ligge utanfor det ordninga skal støtte. Avslag
8 Norsk Landbruksrådgiving: Potetskolen 2016-17 Gjennomføre eit nytt kull av «Potetskolen kvalitetsproduksjon av mat og settepotet». Det består av sju fagsamlingar av to-tre dagar. Målgruppa er potetdyrkarar frå heile landet, og målet er betre kvalitet på norsk potet, og dermed betre lønsemd i næringa. Møre og Romsdal har miljø for potetdyrking i Sunndal og delvis i Surnadal. Desse har ikkje eigne fagtilbod i fylket, men må søkje kunnskap andre stader (og er nok vant med det). Førre kull av dette kurset fekk støtte frå denne ordninga. Det var då ingen deltakarar frå Møre og Romsdal med. Det har vi ingen garanti for at det blir no heller, men dette er det høvet miljøet bak Sunndalspotet har til å styrke sin kompetanse. Slik sett kan det vere ei god investering å bidra til at kurset blir gjennomført. Tilråding Tilskot på inntil 50 000, avgrensa til 2,8 prosent av totalkostnad 9 Landbruk Nordvest: OU-prosjekt samordna rådgiving Tilråding Det vert søkt om støtte til å ulike tiltak som skal gje betre samhandling i Landbruk Nordvest SA. Organisasjonen er ei samanslåing av sju tidlegare sjølvstendige einingar, og jobbar for å bli betre integrert. Dette er intern organisasjonsutvikling og drift. Landbruk Nordvest driv kommersiell verksemd, og må sjølv ta ansvar for utviklingsprosessar i eiga bedrift. Vi vurderer dette til å ligge utanfor det ordninga skal støtte. Avslag Med dette forslaget vil det samla bli delt ut 595 000 i tilskot i denne runden. Det står då att 45 000, som vil bli ført over til bruk i 2017. Forslag til vedtak: 1. Møre og Romsdal fylkeskommune løyver tilskot frå ordninga rekruttering og kompetanseheving i landbruket til følgjande tiltak: Nr. Søkjar Tiltak Tilskot, inntil kr. Maks. støtteandel 1 TINE Rådgiving SA Utviklingsprosjekt 200 000 27 % mjølkeproduksjon i 4 4H 4H-gard i vekst 300 000 6,4 % 5 Landbruk Nordvest «Ikke en bonde å 45 000 50 % miste» 8 Norsk Landbruksrådgiving Potetskolen 2016-17 50 000 2,8 %
2. Møre og Romsdal fylkeskommune avslår søknad om tilskot frå ordninga rekruttering og kompetanseheving i landbruket til følgjande tiltak: Nr. Søkjar Tiltak 2 Skogselskapet i Møre og Romsdal Stand på Dyregoddagane 2017 3 Norsøk Redusert klima- og miljøbelastning frå mjølkeproduksjonen 6 Landbruk Nordvest Motorsagkurs 7 Landbruk Nordvest Kurs for landbruksvikarar 9 Landbruk Nordvest OU-prosjekt samordna rådgjeving Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Bergljot Landstad regional- og næringssjef Vedlegg 1 TINE Rådgiving AS - utviklingsprosjekt mjølkeproduksjon 2 Skogselskapet - stand på Dyregoddagane 2017 3 Norsøk - Reduserte klima- og miljøbelastninger fra melkeproduksjonen 4 4H - 4H-gard i vekst 5 Landbruk Nordvest - Ikke en bonde å miste 6 Landbruk Nordvest - Motorsagkurs 7 Landbruk Nordvest - Landbruksvikarkurs 8 Norsk Landbruksrådgiving - Potetskolen 2017 9 Landbruk Nordvest - OU-prosjekt samordna rådgiving