TERTIALRAPPORT 2. TERTIAL BUDSJETTENDRINGAR

Like dokumenter
Informasjonsmøte om eiendomsskatt

Forhandlingsmøte mars K Askim, Eidsberg, Hobøl, Marker, Spydeberg og Trøgstad

Utskrift av møtebok. Dato: Arkivsak: 2015/ Saksbehandler: Gøril Sire Halvorsen

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 60/12 12/682 TERTIALRAPPORT 2. TERTIAL BUDSJETTREVISJON

Saksbehandler: Rolf Terje Klungland Saksfremlegg Arkivsaksnr: 15/821

Tertialrapport 2 tertial 2015

Utvalg Utvalgssak Møtedato. Økonomi- og planutvalget 97/ Kommunestyret 81/

EIENDOMSSKATT I SØR-AURDAL RAPPORT FRA ARBEIDSGRUPPE

MØTEINNKALLING SAKLISTE 7/11 10/582 PROTOKOLL: SØKNAD OM FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT - DE HEIBERGSKE SAMLINGER - SOGN FOLKEMUSEUM

SAKSF RAM L E G G. Sakshandsamar: Jan Kåre Norberg Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 16 / av eigedomsskatteordninga

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

NOTAT. Til skilnad frå andre skatteinntekter går eigedomsskatt direkte til Kvam herad, og er ikkje samordna med rammetilskotet.

SAKSDOKUMENT. Årsbudsjett Endring i framlegg knytt til nytt punkt 2 om eigedomsskatt

I samband med budsjetthandsaminga fro 2014 K-sak 185/13 vart det gjort slikt vedtak i pukt 24:

Utvalg Utvalgssak Møtedato. Økonomi- og planutvalget 103/ Kommunestyret 99/

Omtaksering Rana kommune

på verk og bruk etter utvidelsen av virkeområdet for

Ved alternativ votering mellom framlegg frå Margit Smeland og formannskapet si tilråding, vart Margit Smeland sitt framlegg samrøystes vedteke.

Eiendomsskatt - tilpasninger til lovendringer i eiendomsskatteloven fra 2019

Rett utrekning går fram av saksframlegget til dette ekstraordinære møtet

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA

S 2015 EIGEDOMSSKATT TAKSERING SK 15/2479. Kravspesifikasjon Vedlegg 1. Sogndal kommune - Innkjøp

MØTEBOK Tysnes kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Sirikit Bakke Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 13/688. Utvida grense for eigedomsskatt Val av takseringsprinsipp

For bustader/fritidsbustader med tomt til desse, samt ubebygde tomter til dette formål, settast eigedomsskatten til 3,5 promille, jfr eskl 12.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

oppdrettsanlegg Advokat Grunde Bruland Wikborg, Rein & Co OSLO BERGEN LONDON SINGAPORE SHANGHAI KOBE

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 20.november 2014.

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Mulig innføring av eiendomsskatt i Oslo

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Rapport fra politisk ad hoc-utvalg

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 23.november 2017.

Vedr innføring av eiendomsskatt i Fosnes kommune. Utvalg Utvalgssak Møtedato Fosnes formannskap 79/ Fosnes kommunestyre

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Saksprotokoll. Det vert gjort følgjande endringar i tillegg til budsjettnotat nr 1 i punkt 1.


Ullensvang herad Heradsstyret. Møteprotokoll

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

Faste medlemmer som ikke møtte: Navn Funksjon Representerer Jonny Myhre MEDL AP-KRF Linda Olsen MEDL AP-KRF Joar Harry Aksnes MEDL H/V/SV/FRP/SP

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR VESTNES KOMMUNE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 45/10 08/189 ENERGI- OG KLIMAPLAN FOR BALESTRAND KOMMUNE, HØYRINGSUTKAST

Møtestad: Hareid rådhus Dato: onsdag, Tid:11:00

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 14/

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR EID KOMMUNE

Informasjon om eiendomsskatt i Nordre Land. Synnfjellporten

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Sognefjord Hotel Møtedato: Tid: Tittel

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

KOMMUNESTYRETS ÅRLIGE EIENDOMSSKATTEVEDTAK. - hvor kommunen har innført eiendomsskatt tidligere

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/194 PROTOKOLL: REGULERINGSPLAN FOR HOLMAMYRANE NÆRINGSOMRÅDE

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

NAUSTDAL KOMMUNE SAKSUTGREIING

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmer som ikkje møtte: Navn Funksjon Representerer Heidi Strand MEDL H

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling

Tertialrapport 1. tertial 2014

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

KAP. I SAKKUNNIG NEMND OG KLAGENEMND

Tertialrapport. 2. tertial 2011

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

BUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Vår ref. 2016/ Sakkunnig ankenemnd eigedomsskatt hadde saka føre i møte som sak 2016/34.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 54/12 12/678 BUSETJING AV FLYKTNINGAR Tilleggsoppmoding for 2012

MØTEINNKALLING FOR KOMMUNESTYRET

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2017.

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

Økonomireglement Delegering i budsjettsaker, rapportering og rekneskap Vedtatt av kommunestyret 14. november 2016

MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: 08.30

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

SKATT FRÅ KRAFTSELSKAP

LEIRFJORD KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Leif-Ove O. Olsen Arkiv: 232 &04 Arkivsaksnr.: 15/ Klageadgang: Ja

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-111 RETNINGSLINER FOR UTLIKNING AV EIGEDOMSSKATT I SUND KOMMUNE

Vedtekter for skattetakstnemnda i Ulstein kommune

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: Tittel

Forfall meldast snarast til Ann Elisabeth Nes ( ) eller tenestetorget ( ).

Eiendomsskatt på oppdrettsanlegg. Advokat Norunn Løkken Sundet Advokatfirmaet Lund & Co DA

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Britt Grimelid Menes Arnstein Menes Frode Bøthun Harald N. Offerdal

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 12/1113-6

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet /55 Kommunestyret /54

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

Transkript:

MØTEINNKALLING Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 17.10.2013 Tid: 12.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 42/13 13/688 Vurdering av utvida grense for eigedomsskatt 43/13 13/681 TERTIALRAPPORT 2. TERTIAL 2013 - BUDSJETTENDRINGAR 44/13 13/685 Unntatt offentlig Ofl 13, fvl 13 Val av utbyggjar - Holmamyrane YMSE Orienteringar og drøftingar: Økonomireglement Balestrand 10.10.2013 Harald N. Offerdal Ordførar

Sak 42/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 42/13 Formannskapet 17.10.2013 Sakshandsamar: Svein Feidje Arkiv: 232 Arkivsaknr.: 13/688 Vurdering av utvida grense for eigedomsskatt Vedlegg: Eigedomsskattelova av 06.06.1975 nr 29 Bakgrunn: Lovheimel: Eigedomsskattelova 3 SAKSOPPLYSNINGAR I K-sak 83/12, Budsjett 2013, økonomiplan 2013-2016,6. pkt. (arkivsak 12/601), vart det fatta flg. vedtak: «Det skal i 2013 utgreiast innføring av eigedomsskatt for heile kommunen gjeldande frå 2014. Utgreiinga må spesifisera mogeleg inntektspotensiale, samt kostander knytt til slik etablering». Dette vil sei at det skal utskrivast eigedomsskatt etter alternativ a i eskl. 3 «Fast eigedom i heile kommunen, eller» Eigedomsskattelova 4 definer kva som er skattepliktig eigedom slik: «Til faste eigedomar vert rekna bygningar og tomt som høyrer til, huslause grunnstykke som hagar, lykkjer, vassfall, laste-, opplags- eller arbeidstomter, bryggjer og liknande og likeeins verk og bruk og annan næringseigedom. Til verk og bruk vert m.a. rekna fabrikkar, sagbruk, møllebruk, skipsvervar, industrielle verk, og likeeins gruver, steinbrot, fiskevær, saltehus, lenser, utbygde vassfall og vassfallstykke, demningsverk, losse- og lasteplassar og liknande arbeids- og driftsstader. Bygningar og anlegg skal reknast saman med verket eller bruket når dei høyrer til eller trengst til verksdrifta. Arbeidsmaskinar og tilhøyrsle og ting som kan setjast i klasse med slikt, skal derimot ikkje reknast med utan tingen er ein part av sjølve føretaket. Til annan næringseigedom vert rekna til dømes kontorlokale, parkeringshus, butikk, varelager, hotell, serveringsstad med vidare. Flytande anlegg i sjø for oppdrett av fisk, skjell, skalldyr og andre marine artar vert jamnstelt med verk og bruk i andre leden, når anlegget har vore stasjonert i kommunen i over 6 månader i året før skatteåret. Eigedomsskatt vert då skriven ut sjølv om anlegget ikkje var stasjonert i kommunen 1. januar i skatteåret. Verdsetjinga av anlegget skjer jamvel etter

Sak 42/13 tilhøva denne datoen. Til slikt anlegg vert rekna dei fysiske installasjonane som merder, flytemodul, fôringsmaskin, fôringslager, opphaldsrom og sanitæranlegg og liknande, samt anker, lodd og liknande til forankring.» Dette medfører at også utmark og fjellområder skal takserast. KVA ER EIGEDOMSSKATT? I motsetning til dømes inntekts- og formuesskatt, er eigedomsskatten ein objektskatt. Det vil sei at skatten kun blir bestemt ut i frå det objekt som skal skattast, og ikkje ut frå tilhøve knytt til skatteytaren eller kva nytte den aktuelle skatteytar har av objektet. Ein skal såleis frem til kva verdi eigendommen har "i seg sjølv" - for ein tenkt eigar. Skattytaren er normalt eigar av eigendommen. Det har dermed ingen betyding for størrelsen på eigedomsskatten om eigaren av eigendommen har god eller dårlig økonomi, om vedkommande bur på eigendommen eller leiger den ut, eller om eigendommen ligger brakk. (For kraftproduksjonsanlegg gjeld særlige takseringsreglar). Det avgjerande for størrelsen på eigedomsskatten, er primært verdien av eigendommen og skattesatsen i den einskilde kommune. Skattesatsen kan setjast frå 2 til 7 av eigendommen sin verdi. Den skattesatsen kommunen vel, skal i utgangspunktet gjelde for alle eigedommane i kommunen. Det vil si at eigedomsskatten ikkje er progressiv, men utgjer ein like stor del av taksten for alle eigedommar uavhengig av verdien på eigedommen. Derimot kan kommunen setja eit botnfrådrag for bustadeigedommar og til en viss grad differensiere satsen for nokre typar eigedommar. Det er ikkje høve til å ha ein høgare sats for kraftanlegg (verk og bruk) enn den som er sett som kommunen sin generelle sats. VERDSETJING/TAKST Som grunnlag for utrekning av eigedomsskatten skal alle eigedomar verdsetjast/takserast. Gjeldane praksis Som grunnlag for takst av fast eigedom ( ikkje verk og bruk eller næringseigedommar) tek ein oftast utgangspunkt i GAB-registeret. Her skal vera oppført dei nødvendige opplysningar om alder på bygg, storleik og type m.m.. Kommunen nyttar i tillegg sjablongverdiar til hjelp for å komme fram til verdi/takst. For å sikra at ein har nytta rette opplysningar og at taksten mellom anna ikkje overstiger omsetningsverdi/marknadsverdi, skal alle eigedommar befarast av takstnemnda. Takst blir ståande i 10 år med mindre det er grunnlag for endring av spesielle grunnar. Verdsetjing av bustader ved bruk av formuesgrunnlag Frå 1.01.2014 trer det i kraft nytt alternativ for verdsetjing av bustader, ny 8c-1 8C-1. Verdsetjing av bustader ved bruk av formuesgrunnlag «(1) Kommunestyret avgjer om eigedomsskatten for bustader skal byggje på verdet (taksten) som vert sett på eigedomen ved likninga året før skatteåret. Skattegrunnlaget for slike bustader skal reknast ut etter reglane i denne paragraf. (2) Skattegrunnlaget for bustader vert sett til verdet (taksten) etter skatteloven 4-10 andre ledd multiplisert med 0,67. Prosentdelen som nemnd i skatteloven 4-10 andre ledd tredje punktum skal likevel vere 100 for primærbustad og sekundærbustad.

Sak 42/13 (3) Er verdet (taksten) for bustader sett ned ved likninga etter skatteloven 4-10 første ledd andre eller tredje punktum, utgjer skattegrunnlaget det justerte verdet multiplisert med 2,23 for primærbustad og 1,11 for sekundærbustad. (4) Skattegrunnlaget som nemnd i andre og tredje ledd skal setjast ned med reduksjonsfaktoren som er nytta ved taksering etter 8 A-3, jf. 8 A-2. (5) Nærare reglar om utfylling og gjennomføring av denne paragrafen vert fastsett av departementet i forskrift» Lovendringa bygger på at kommunane innan visse rammer kan nytta allereie tilgjengeleg informasjon som skattekontora har henta inn om formuesverdiar på bustad. Det vert framhalde som ein fordel med denne metoden at kommunane vi spare ressursar knytt til taksering. I følgje lovforarbeidet er det tenkt at kommunane skal få tilgang til desse opplysningane gjennom ein portal. Per i dag er ein ikkje kjend med korleis dette skal løysast i praksis. Det er i tillegg mykje usikkerheit knytt til praktisering av dette alternativet. Så langt ein kjenner til er det ikkje utarbeida forskrift til paragrafen. LVK sitt syn er at det knyter det seg manglar til lovendringa som kan føra til rettslege tvistar. Dette gjeld blant anna korleis grunnlag skal fastsetjast der eigedommen inneheld både bueiningar og næringsføremål og prosessen knytt til klageordning for kommunen på verdet. VURDERING INNTEKTSPOTENSIALE Balestrand kommunestyre har vedteke at den generelle skattesatsen for eigedomsskatt i kommunen skal vera 7 promille. Det er etter eskl. 12 høve til å differensiera skattøyre etter 5 alternativ. Til dømes kan ein ha eit anna skattøyre for bustaddelen i eigedommar med sjølvstendige bustaddeler. I tillegg har kommunestyret vedteke eit botnfrådrag på 90 % på alle sjølvstendige bueiningar. Dette botnfrådraget vil også gjelda for fritidsbustader ved ei eventuell utviding av eigedomsskatteområdet. Dei aller fleste kommunar nyttar fast kronebeløp som botnfrådrag. Kommunestyret har såleis til ei viss grad høve til påverka eigedomsskattegrunnlaget for skatt. I eigedomsskattelova skil ein i hovudsak mellom følgjande kategoriar av fast eigedom: Verk og bruk: Dette gjeld blant anna industriområde, kraftleidningar, telenett m.m.. Kommunen skriv ut skatt på dess objekta per i dag. Anna næringseigedom: Dette er til dømes kontorlokale, hotell, utleigehytter, serveringsstad og handverkarar mfl. Skattesats på desse eigendommane må vera 7 promille av di det er denne satsen kommunen nyttar på verk og bruk. Det er eigne takseringsreglar for desse eigedomane. GAB-registeret viser at det er registrert 98 utleigehytter, 1 bensinstasjon og 1 hotell utanom eksisterande eigedomsskattegrense. Det er mogeleg det er anna eigedom som og kjem inn under denne kategorien, men det har ein lite oversyn over per no. Kva ein kan forventa seg

Sak 42/13 eigedomsskatt på desse eigendommane er svært uvist. Det bør likevel ikkje vera urealistisk at dette kan utgjera om lag kr 100.000. Bustader: Dette vil omfatta alle bustader og fritidsbustader. I kommunen er det registert om lag 600 bygg innan denne kategorien utanfor eksisterande eigedomsskattegrense. Kva ein skal rekna som gjennomsnittleg omsetnadsveri på bustader utanom tettbygd strøk varierermen ein kan sjå føre eg følgjande alternativ: Eigedomsskatt 7 promille og botnfrådrag på 90 % Gj.sn. takst Tal bueiningar Skattegrunnlag Botnfrådrag 90% E.skatt ved 7 promille kr 500.000 600 Kr 300.000.000 Kr 270.000.000 Kr 210.000 kr 700.000 600 Kr 420.000.000 Kr 378.000.000 Kr 294.000 eller eigedomskatt utan botnfrådrag og eigedomsskatt på 2,3 promille Gj.sn. takst Tal bueiningar Skattegrunnlag Botnfrådrag E.skatt ved 2,3 promille kr 500.000 600 Kr 300.000.000 Kr 690.000 kr 700.000 600 Kr 420.000.000 Kr 966.000 Ubygde areal: Dette vil omfatta utmark, skog, fjell og vidde. Kva verdi ein skal setja på desse områd varierer kommunane i melom. Nokre kommunar nyttar og moglegheita i eskl. til å frita visse lutar av kommunen for eigedomskatt. For Balestrand kommune er dette truleg ikkje noko alternativ, då dette vil omfatte fritak for verk og bruk i same område, t.d. kraftverk, leidningsnett m.m. Ein bør pårekna minimal meirinntekt på desse eigednomane. KOSTNADAR Ved å utvide eigedomsskatteområdet til å omfatte heile kommune må ein pårekna ein betydeleg utgift i takeringsåret. Dette vil omfatta midlar til opplæring av takstnemnda og auka i møteaktivitet, reisekostander knytt til taksering, leige av takssator til taksering av næringseigedom, juridisk assistanse, innkjøp av egna IKT-verktøy, og avsetjing av administrative ressursar. Tilbod på KomTek sin eigedomskattemodul inkludert opplæring er estimert kr 150.000. Dei øvrige utgiftene bør stipulerast til kr 450.000, totalt kr 600.000. Kva kostand vil bli dersom ein nyttar alternativ etter eskl. 8c-1, har ein i dag ikkje grunnlag å uttale seg om utover at det er forventa ein lågare kostand med taksering i høve til tidlegare praksis.

Sak 42/13 Rådmannen si tilråding: Rådmannen finn at det bør vera grunnlag for å innføre eigedomsskatt i heile kommune. Dette arbeidet vil vera omfattande og ein vurderar at ein ikkje klarer å gjennomføra den nødvendige prosessen som må til for å innføre denne endringa for skatteåret 2014. Med bakgrunn i dei uavklara momenta som er til alternativ taksering i høve nytt takseringsalternativ etter eskl. 8c-1 og manglande praksis, finn rådmannen det rett at ein utset avgjersle om å ta stilling til kva takseringsalternativ ein skal nytta, ordinær taksering eller taksering etter formuesgrunnlag til ein får betre kjennskap til konsekvensane av dette alternativet. Det bør vera mogeleg å innhenta desse opplysningane frå skattekontoret når desse føreligg og ein får då ei betre sikkerheit for takstgrunnlaget.

Sak 43/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 43/13 Formannskapet 17.10.2013 / Kommunestyret Sakshandsamar: Svein Feidje Arkiv: 153 Arkivsaknr.: 13/681 TERTIALRAPPORT 2. TERTIAL 2013 - BUDSJETTENDRINGAR Vedlegg: Tertialrapport 2. tertial 2013 for Balestrand kommune, Rådmannen Rekneskapsutskrift pr. 30.august 2013 Bakgrunn: Lovheimel: Kommunelova 44 og 45 SAKSOPPLYSNINGAR Det skal leggast fram rapport om rekneskapen i høve til budsjett og om den kommunale verksenda etter 1. og 2. tertial. I samband med tertialrapporten skal ein vurdera trongen for budsjettendringar. Det vert då i hovudsak lagt vekt på budsjettendringar som ligg utanfor det mynde og det høvet administrasjonen og utvala har til å omdisponera innanfor dei ulike budsjettansvarsområda. Rapporten vil vera konsentrert om dei viktigaste avvika og tiltaka. VURDERING Driftsrekneskapen: I vedlagt tertialrapport er det føreteke ei framskriving av rekneskap sett opp mot årsbudsjett. Framskrive rekneskap viser eit meirforbruk i tenesteområda på totalt kr 3.355.000. I det vesentlege fordelar meirforbruket seg på ansvar 276/278 Omsorg og Heimetenester/rehabilitering med kr 2.640.000, ansvar 296 NAV kr 340.000 og ansvar 220 Sagatun barnehage kr 420.000. På den andre sida vurderer ein at det realistisk å rekna meirinntekter/mindreutgifter utover budsjett på kr 1.340.000. Dette gjeld i hovudsak meirinntekter på sal av Heimfallskraft kr 900.000, lågare pensjonsutgifter enn budsjettert kr 300.000 samt reduserte finansutgifter kr 100.000.

Sak 43/13 Samla viser dette ein ubalanse mellom løpande driftsinntekter og driftsutgifter på kr 2.015.000. Rådmannen gjer framlegg om at dette meirforbruket blir dekka inn på slik: Redusert avsetnad av integreringstilskot til disposisjonsfond kr 126.000 Redusert avsetnad rest overskot 2012 til disposisjonsfond kr 1.047.000 Disponering av budsjettert overskot 2013 kr 417.000 Bruk av tidlegare avsett på disposisjonsfond kr 424.200 For kommentarer til dei ulike avvika vert det vist til vedlagt rapport. Investeringsrekneskapen: Ein kjenner pr. i dag ikkje til forhold som viser utgifter utover budsjett på oppstarta prosjekt. Det er likevel stort avvik i høve framdrift/forbruk sett opp mot budsjett. Ein vil komme tilbake med eiga sak til kommunestyret i desember der ein gjer framlegg om budsjettendring for å føra unytta finansiering over til nytt budsjettår. For oversyn og status for dei einskilde prosjekta, vert det vist til vedlagte rapport. Rådmannen si tilråding: Rådmannen gjer framlegg om slik budsjettendring for å balansera driftsbudsjettet 2013

Sak 43/13 ANSVAR Budsjettavvik 220 SAGATUN BARNEHAGE kr 420 000 275 PLEIE OG OMSORG kr 45 000 278/278 OMSORG/HEIMETENESTENE/REHABILITERING/PSYKERIATRI kr 1 160 000 277 SPESIALOMSORG PU kr 1 480 000 295 BARNEVERNET kr -100 000 296 NAV kr 340 000 300 PLAN OG UTVIKLINGSKONTORET kr 50 000 360 BYGGESAK kr -40 000 800 SKATT, RAMMETILSKOT, FINANSIERING - Pensjonskostander kr -300 000 - Heimfallsinntekter kr -900 000 - Finansinntekter kr -100 000 - Integreringstilskot flykningar kr 40 000 - Redusert avsetjing til disp.fond, integreringstilskot kr -80 000 Sum ubalanse mellom løpande driftsinntekterog driftsutgifter kr 2 015 000 - Ytterligare resusert avsetjing til disp.fond, rest integreringstilskot -126000 - Ytterigare redusert avsetjing til disp.fond, rest av overskot 2012 kr -1 047 000 - Disponering av budsjettert overskto 2013 kr -417 800 - Bruk av disposisjonsfond avsett tidlegare år kr -424 200 Sum finansiering kr -2 015 000 T O T A L T kr -

Sak 44/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 44/13 Formannskapet 17.10.2013 Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 611 Arkivsaknr.: 13/685 Unntatt offentlig Ofl 13, fvl 13 Val av utbyggjar - Holmamyrane