HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201002212-57 Arkivnr. 658 Saksh. Inderhaug, Terje Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 07.02.2012 PRIORITERING AV KANDIDATAR FRÅ HORDALAND TIL EU-NPP INTERREG PROSJEKTET, CRAFT INTERNATIONAL SAMANDRAG Hordaland fylkeskommune, ved Kultur- og idrettsavdelinga leiar det nye EU-Interreg prosjektet Craft International, som bygger på det tidlegare Economusee prosjektet som vart avslutta 31.mars i år. Craft International er eit samarbeidsprosjekt med regionale partnerar frå Irland, Nord-Irland, Færøyane, Island, Grønland, Sverige og Canada. Ein skal over ein 2 års periode utvikle 22 nye Economusee/ visning sentre i Nord-Europa, fire i Hordaland og eit i Aurland kommune. I tillegg skal ein ta vare på og vidareutvikla dei eksisterande som per i dag er Aurlandskoen, Oselvarverkstaden, Fjordtynna, Treskjerartunet og Stine Hoff glasblåsarverkstad. I Economusee prosjektet vart det skapt 17 nye Economusee i partnar landa og 35 nye arbeidsplassar. Craft International byggjer på eit solid utprøvd konsept frå Canada og etterkvart og frå Vest-Norden. Eit Economusee er ikkje eit museum i vanleg forstand, men ei levande handverksverksemd, der ein i tillegg til produksjon av tradisjonelle og nyskapande handverksprodukt legg til rette for ei reiselivsoppleving ved at handverkstradisjonane og historiske samanhengar vert synleggjort og opna opp for besøkande. Verksemda får dermed også ein ekstra arena for omsetjing av produkta sine direkte til kjøpar, og såleis eit meir solid økonomisk grunnlag for vidareføring av handverkskunnskapen. Economuseea i Noreg er i 2011 blitt eit kompetanseprosjekt for kulturformidling i regi av NCE- Norwegian Center for Excellence for reiseliv på Vestlandet. Ved oppstart av nytt prosjekt, Craft International, sende Hordaland fylkeskommune ut eit skriv til kommunane om å finne fram til nye aktuelle handverksbedrifter/kandidatar som kan tenkje seg å ta del i prosjektet for å verte nye Economusee. Det vart og lagt ved eit tilleggskriv om kriteria og krav for å verte godkjent som eit Economusee i Hordaland og Nord-Europa. Dei bedriftene ein prioriterer å arbeide vidare med, vil få utført ei detaljert moglegheitstudie/feasibility som vert det eigentlege grunnlaget for kor vidt ein kvalifiserer til å verte Economusee. Vedtak om Economusee etablering vert gjort av styringsgruppa for CI prosjektet på bakgrunn av konklusjonane frå feasibilitien. Først deretter vil ein kunne legge til rette for å utvikle eit utstillingsmessig innhald,
naudsynt bygningsmessig tilrettelegging og medverknad i sjølve etableringa av Economusee og vidare oppfølging i Hordaland. Søknadsfrist for innmelding av handverksverksemder vart sett til fredag 4. nov. 2011, og det har kome inn 6 forslag til nye kandidatar frå kommunane i Hordaland. I denne saka legg ein opp til å arbeide vidare med 4 handverksbedrifter frå Hordaland, som skal gjennomgå eit forprosjekt/moglegheitstudie, som grunnlag for å verte eit Economusee. Bedriftene er valt ut på bakgrunn av tidlegare involvering i høve prosjektet, geografi og internasjonalt godkjende kriterium. FORSLAG TIL VEDTAK Kultur og ressursutvalet ber administrasjonen arbeide vidare med følgjande 4 handverksbedrifter med sikte på å ta del i EU Interreg NPP-Nordleg Nordleg Periferi Interreg prosjektet Craft International. 1. Tønnegarden, bøkkerverksemd v/j. Gangstø, Fusa Kommune. 2. Syse Gard, Eple og fruktforedling, v/g. & H. Uglenes, Ulvik Kommune 3. Tørrfiskbutikken på Bryggen, v/tanja Hoel Sjømatsenteret (Fleire interesserte bedrifter), Bergen kommune 4. Hillesvåg Ullvarefabrikk AS, v/ø. Myhr, Lindås Kommune. Paul M. Nilsen Anna Elisa Tryti 2
FYLKESRÅDMANNEN, 26.01.2012: I denne saka vert 4 aktuelle Hordalandsverksemder utpeikt som mogelege kandidatar til å delta i EU prosjektet Craft International. Eg viser til Fylkesutvalssak 187/10 Vidareføring av EU-Interreg Nordleg periferi prosjektet, ENE- Economusee Northern Europe, Craft International for perioden 2011-2013, der det i møte, 29.09 2010 vart gjort følgjande samrøystes vedtak: Fylkesutvalet godkjenner at Hordaland fylkeskommune vert Lead Partner for EU Interreg NPP - Nordleg periferi prosjektet Craft International under føresetnad av at prosjektet vert godkjent av EU sitt NPP programstyre. Hordaland fylkeskommune sin ressursinnsats er knytt til bruk av kvalifisert arbeidskraft og eige personell til prosjektgjennomføringa i Noreg og for Lead Partner administrasjon, med inntil NOK 1,144 mill over 3 år. Fylkesutvalet godkjenner bruk av inntil kr. 250.000 frå EU Bufferfond til vidareføring av prosjektet under føresetnad av at søknaden vert godkjent av EU sitt NPP Nordleg Periferi Programstyre. Det er eit vilkår at anna prosjektfinansiering vert henta inn frå eksterne samarbeidspartnarar. Forlenging av prosjektet i fase 2 skal skje i samarbeid med musea i Hordaland. Modell for framtidig organisering i Hordaland vert utvikla i samspel med museumssektoren og inkludert i den nye fylkesdelplan for musea i Hordaland. Craft International prosjektet blei godkjent av EU sitt PMC programstyre 9. juni 2011 med ei total budsjettramme på EUR 1 717 657 eller om lag NOK 13,75 mill., derav eit EU tilskot på EUR 168 667 eller omlag NOK 1 350 000 til Hordaland fylkeskommune. Craft International har ei tidsramme på 2,5 år med oppstart 1. juli 2011 og avslutning 31.des. 2013. Bakgrunn og resultat frå ENE-Economusee Northern Europe prosjektet ENE-Economusee Northern Europe prosjektet vart avslutta 31.mars 2011. Prosjektet vart gjennomført med deltakare frå 7 nordeuropeiske land, inklusive Canada, og finansiert av EU sitt NPP-Nordleg periferi program. ENE var eit innovativt samarbeidsprosjekt basert på ei suksesshistorie frå Canada, der ein over ein 20 års utviklingsperiode har utvikla og fått etablert meir enn 55 slike verksemder i eit samarbeidsnettverk som strekk seg over 2 provinsar i austlege delar av Canada. Det er om lag 500 sysselsette handverkarar i det canadiske nettverket. Dei tilsette fungerer som kulturformidlarar, som både fortel om handverket og om kulturarven sin til meir enn 900 000 besøkande kvart år. Alle dei canadiske Economusea er private verksemder som finansierer si eiga verksemd gjennom inntening frå besøk og sal av handverksprodukt. Economusee er som dei seier i Canada, a heritage that earns its keep, dvs. ein kulturarv som tener inn sitt eige driftsgrunnlag. Eit Economusee kombinerer kultur, handverk og turisme for å skape eit meir bærekraftig økonomisk grunnlag for handverksbedrifter, slik at tradisjonelt handverk skal kunne overleve og skape nye arbeidsplassar. ENE-Economusee Northern Europe-prosjektet har vore med og omforma 17 handverksbedrifter til å bli Economusee, som viser fram sine viktige nasjonale og lokale handverk og tradisjonar, samtidig som ein har skapt 35 nye arbeidsplassar, som var det dobbelte av måltalet i EU prosjektet. Dessutan er det skapt moglegheiter for nye faglege opplæringstilbod, både gjennom skule samarbeide og ved nye lærlingeplassar for unge menneske. Economusee prosjektet har observert at deltakande bedrifter har fått auka produksjon og nye tilsette. Ut frå røynsler frå Canada, får nye Economusee i snitt 85% i omsetningsauke etter 3 år. Economusee prosjektet har vore godt forankra i dei lokalmiljøa og kommunane der dei vart etablerte. Ein har evna å mobilisere til både privat og offentleg interesse og samarbeide. Den lokale samfunnsrolla og auka status har hjelpt mange av handverksbedriftene med å finne støtte frå sine lokale mynde, frå privat kapital og frå eigeninnsats frå eldsjeler. EU prosjektet har aldri subsidiert 3
fysiske investeringar, ombyggingar eller innkjøp av produksjonsutstyr eller liknande, det har handverksbedriftene måtte gjere sjølve frå eigne midlar, frå banklån eller Innovasjon Norge. EU prosjektet har hjelpt til med å lage det faglege innhaldet til utstillingar, interne planløysingar, utstillingsplansjar og ulike marknadsføringstiltak, m.m. Det at lokale handverkarar vert til bærekraftige verksemder er viktige signal attende til lokalsamfunna, om at det er mogleg for unge menneske å satse på handverk og verksemd basert på lokale ressursar og tradisjonar, dersom ein får sett verksemda inn i ei moderne ramme og marknad. Craft International prosjektet 2011-2013 Målsetnad: Det Europeiske Economusee prosjektet har no blitt restrukturert og godkjent som eit nytt EU NPP-Nordleg periferi prosjekt, med nemninga Craft International. Prosjektet dreier seg no om både å ta vare på eksisterande og å skape nye kulturbaserte arbeidsplassar, dvs. å fortsette bevaringsarbeidet for utsette handverksfag, verksemder og kulturtradisjonar, om å utvikle nye verktøy og tiltak for auka sal og besøk til dei eksisterande Economusee. Målet er å utvikle 22 nye Economusee i 8 land i Nord-Europa, derav 5 i Hordaland/Aurland i løpet av prosjekt perioden ut år 2013. Oppfølgjing av dei eksisterande Economusee Internasjonalt har Economusee blitt feira i Nord-Irland og lansert av deira turismeminister som eit av dei beste nasjonale nyskapande reiselivsprosjekt i 2011. Economusee har og vunne mange turisme priser i Canada. Nordisk Ministerråd vil presentere Economusee som eit best practice eller beste eksempel prosjekt for regional utvikling på reiseliv i Norden. Economusee prosjektet vert omtala og presentert i ein ny publikasjon kring regional utvikling som vert lansert av Nordisk Ministerråd i løpet av kort tid. Dei eksisterande Economuseea i Hordaland har blitt godkjent av NCE-Norwegian Center of Excellence for reiseliv, som eit pilot og kompetanseprosjekt for kulturformidling på Vestlandet. Craft International prosjekta i Hordaland vert knytta til NCE og Reiselivstrategien for Hordaland. CIdelprosjektet er del av kompetansetiltaka i NCE Tourism Fjord Norway under programområdet Kultur og reiseliv, initiert i 2011.Mål for kompetanseprosjekta er å utvikle gode koplingar mellom kulturlivet og reiselivet. Ein tenkjer hovudsakelig å profilere Economusea som eit nytt kulturbasert opplevingsprodukt på den internasjonale marknaden. Dette er en ny arena for fylkeskommunen, og NCE Tourism har ei naturleg rolle i å kople aktørar i klynga og tilretteleggje for kompetanseheving i Economusea. NCE Prosjektet har fleire målsetnader; * Auka kompetanse på reiselivsutvikling hos handverksbedrifter som deltek i prosjektet * Kople Economusea med reiselivsaktørar og integrere Economusea i klyngeutviklinga av reiselivet på Vestlandet * Levedyktige reiselivsbedrifter i prosjektet Economusea * Auka kompetanse på marknadsføring av reiselivsprodukt i prosjektet. Ein vil dessutan gjennom EU prosjektet samarbeide aktivt mellom dei involverte landa for å marknadsføre heile det vestnordiske Economusee nettverket i prosjektperioden. Når det gjeld historiefagleg utvikling, vil ein i tråd med fylkesutvalvedtak, samanbinde med musea. Utveljing og etablering av nye Economusee i Hordaland. Nye handverksverksemder som ønskjer å bli eit Economusee må igjennom ein omfattande utveljing - og kvalifiseringsprosess, der det vert laga moglegheitstudie basert på dei krav og kriteria som vert stilt til handverkarane. Moglegheitstudia vert gjennomført saman med den einskilde bedrifta, der ein vil bruke fagfolk innan arkitektur, historie, design og bedriftsøkonomi i arbeidet. Moglegheitsstudia vil konkludere om tiltaket er bærekraftig eller ikkje for både prosjekt og handverkar, før ein 5 års kontrakt vert underskreve med handverkarane før eventuelle bygningsmessige investeringar og utstillingar vert utforma og gjennomførte. 4
Det er 6 universelle komponentar som skal ivaretakast i eit Economusee, dvs. 1) resepsjon og velkomstområde, 2) produksjon/verkstadområde, 3) det historiske område, 4) område for nyskaping innan handverket, 5) informasjons- og dokumentasjonsområde, og 6) butikken/salsområdet. Ein transformasjonsprosess til å verte eit Economusee krev eit nært samarbeide mellom handverkaren og prosjektet. Det å verte eit Economusee, inneber og medlemskap i den canadiske Economusee organisasjonen, som har etiske koder ein skal overhalde, tilbod på ulike ekspertar innan t.d. marknadsføring og sal, samt ulike verktøy for utbetring av vertskapsrolla og butikkfunksjonen, samt Internett informasjon og kommunikasjon. Det skal som nemnt vurderast eit avgrensa tal på 5 norske deltakarverksemder i prosjektet. Hordaland fylkeskommune skal no velje ut 4 verksemder som skal prioriterast som deltakarar i ei moglegheitstudie. Dei aktuelle kandidatane vart og lagt fram for den internasjonale styringsgruppa i EU prosjektet i møte i Åre, Jämtland, Sverige 2 des. 2011, og det var ikkje innvendingar om at det vert laga moglegheitsstudium for 4 av desse kandidatane Kriterium og krav for å kunne bli eit economusee/visningsenter: 1. Vere ei privat verksemd som har vore i drift i minst 3 år, og vanlegvis ikkje har meir enn 12 tilsette på fulltid. 2. Bruke ein tradisjonell teknikk eller kunnskap i sin handverksproduksjon. 3. Lage produkt av anerkjent kvalitet. 4. Ha emne til og ønskje om å drive med nyskaping i eigen produksjon. 5. Drive produksjon gjennom heile året og vere open for publikum i minst 4 månader og dessutan ha ein omsetnad på minst EUR 60 000 eller omlag NOK 500 000 i året. (Basert på registrert inntekt for dei siste to åra ). 6. Vise ei stor interesse for kunne å ta imot besøkande. 7. Vere lokalisert i nærleiken av ei etablert turistrute eller ein turistveg som er under utbygging. 8. Drive si verksemd i eit bygg eller bygningsmiljø som har nok plass til å sette opp eit Economusee og til å kunne ta imot besøkande, eller der ein har konkrete planer om å utvide bygg for å skape nok plass til alle funksjonane. 9. Legge tilrette for at verksemda vil kunne tilfredstille alle dei relevante miljø, helse og sikkerheitskrav som vert stilt. 10. Driv på ein stad og/eller i eit bygg med høg estetisk og miljømessig kvalitet. Dei følgjande strategiske vurderingar vil kunne påverke endeleg val av Economusee: a) Dei nye Economuseea skal helst vere innan ei dagsreises avstand frå kvarandre og minst eitt av dei (1/3 av alle), bør vere innan tradisjonell landsbruksforedling eller fiskeforedlings- verksemd. b) Dei nye Economuseea må gje uttrykk for at dei har interesse av å arbeide saman i eit nasjonalt og internasjonalt nettverk og vere villige til å nytte moderne verkty for internasjonal kommunikasjon, marknadsføring og sal. c) Eit Economusee må gje uttrykk for eit ønskje og ein målsetnad om å engasjere yngre menneske og kvinner i si handverksopplæring og verksemd med sikte på mogleg framtidig arbeide i verksemda eller faget. d) Eit economusee må gje uttrykk for si interesse for å utvikle ny design og til å samarbeide med lokale kunstnarar og høgskolar/universitet. Kort om tilbakemeldingar frå kommunane og om dei aktuelle kandidatane Fleire kommunar og Fylkesmannen i Hordaland har i tidlegare år sendt skriv til fylkeskommunen om interessante kandidatar til prosjektet, m.a. frå Fusa, Jondal og Ulvik. Desse kandidatane er med i oversynet, nokre av dei har allereie vore med på studiereise til Canada, nokre har allereie investert midlar i nye verkstadbygg til formålet, nokre er komne langt i prosessen til å verte Economusee, og i tillegg kjem det 3 nye kandidatar. Dei to som allereie har investert mykje i prosjektet bør prioriterast høgast som nr. 1 og 2., det har og med motivasjon og kunnskap å gjere, med grundig forarbeid, og 5
ikkje minst med brukte ressursar og gjennomføringa av EU prosjektet innan den knappe tidsramma å gjere. Når det gjeld kandidat 3, skal prosjektet utgreiast i nært samarbeid med Museum Vest og Bymuseet i Bergen. Ein har kan hende ikkje fått med seg alle kommunane like aktivt i arbeidet med å kontakte lokale handverksbedrifter og ein har difor ikkje nådd fram til alle som kan vere aktuelle deltakarar i prosjektet. Vi har likevel fått ei stor nok gruppe til å gjere ei prioritering for deltaking. Ein legg i denne saka opp til at administrasjonen arbeider vidare med følgjande bedrifter som kandidatar for ei moglegheitstudie til eventuelt å verte eit Economusee i Hordaland. 1. Tønnegarden, v/j. Gangstø, Fusa Kommune. 2. Syse Gard, Eple og fruktforedling, v/g. & H. Uglenes, Ulvik Kommune 3. Tørrfiskbutikken på Bryggen, v/tanja Hoel Sjømatsenteret (Fleire interesserte bedrifter), Bergen kommune 4. Hillesvåg Ullvarefabrikk AS, v/ø. Myhr, Lindås Kommune. Eiken tunet v/t. og I. Grøtt, Lefsebaking i Herand og Trekunstnar/Hardanger Kulturgalleri v/a. Bakke på Mælen, begge i Jondal kommune vert ikkje prioriterte i denne saka. Oppsummering og kommentar til prioritering I samsvar med kriterium og strategiske vurderingar som vert lagt til grunn, er det kandidatane nr.1,2,3 og 4 som har dei beste føresetnadane. Dersom einskilde av dei priorterte handverksbedriftene etter gjennomført moglegheitstudie og detaljert oppfølging av krav og tilpassingar likevel ikkje kvalifiserer som deltakarar, eller dei trekkjer seg av økonomiske eller andre grunner, vert det lagt fram ny sak om prioritering av nye deltakarar til Kulturog ressursutvalet. 6