Læringsmiljø: Dei arenaer der skulen har ansvar for elevar si faglege og sosiale utvikling. Dette gjeld også SFO, på skuleveg og på leksehjelp.

Like dokumenter
«Alle barn og unge har rett til et læringsmiljø utan mobbing. Barn og unge skal oppleve trygghet og inkludering på alle arenaer hvor de ferdes.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Handlingsplan mot mobbing

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

1. AVDEKKING AV MOBBING

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

Plan for eit positivt læringsmiljø på Brakanes skule. Vedtekne i SU 11.juni 2015

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Forord

VENNSKAP. * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen. * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga

Lærdal kommune. Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Handlingsplan for elevane sitt psykososiale skulemiljø

Føreord side 2. Innhald side 3. Førebyggjande arbeid side 4. Avdekking av mobbing side 5. Problemløysing side 6

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Skulestart Repetisjon

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Plan mot mobbing og mistrivsel

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø

Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert oktober 2016

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Heilt einig. Litt einig

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Plan for elevane sitt skulemiljø

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

PLAN MOT MOBBING FOR NYMANNSBRÅTET BARNEHAGE

Plan mot krenking og sosial utestenging

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing.

Handlingsplan mot mobbing og antisosial åtferd ved Indre Hafslo oppvekstsenter

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt elevmiljø ved Svortland skule

Foreldremøte 19. september 2018

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

Barnerettane i SKULEN

HANDLINGSPLAN FOR arbeid med skulemiljø ved Stord vidaregåande skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HEIDAL SKULE. Plan for arbeidet med elevane sitt skulemiljø Heidal skule SKULEMILJØARBEID. Heidal skule har nulltoleranse mot krenkjande åtferd!

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD

Handlingsplan for håndtering av krenkende atferd på Kastellet skole

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Transkript:

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN granvin.skule@granvin.kommune.no Rektor: 56524040 Ass. rektor: 56524043 Rektor mobil: 40403885 Ass. rektor mob:40403884 Personalrom: 56 52 40 44 Rådgjevar : 56524040 Kulturskulen: 56 52 40 46 Arbeidsrom : 56524048 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Bakgrunn: Opplæringslova 9.1-a seier at alle elevar har rett på eit psykososialt læringsmiljø som fremmar helse, trivsel og læring. Dette gjeld både på skulen, skuleveg, leksehjelp, på SFO og andre arrangement i skulen sin regi. Ved mistanke om eller melding om mobbing, vald, rasisme eller anna krenkande åtferd har alle tilsette plikt til å gripa inn, undersøka og evt. varsla. (Opplæringslova). I Manifest mot mobbing 2011 14 står det: Alle barn og unge har rett til et oppvekst og læringsmiljø uten mobbing. FNs Barnekonvensjon slår fast at barn og unge har rett til utvikling, medvirkning, ikke-diskriminering, omsorg, beskyttelse og selvrealisering. Mobbing svekker disse rettighetene. Definisjonar: Psykososialt læringsmiljø: Paragraf 9a-3 i Opplæringslova konkretiserer kva eit godt psykososialt læringsmiljø er: korleis tilsette og elevar oppfører seg mot kvarandre, og kva for erfaringar, opplevingar og utvikling elevane får på dei sosiale og personlege områda gjennom ulike betingelsar i skulen sitt læringsmiljø. ingen elevar skal verta utsett for krenkande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, rasisme, utestenging eller vald. alle som arbeider på skulen, skal syta for at ingen elevar vert utsette for slike ord og handlingar, gjennom å gripa inn eller ved snarast å undersøka saka og varsla skulen si leiing. Læringsmiljø: Dei arenaer der skulen har ansvar for elevar si faglege og sosiale utvikling. Dette gjeld også SFO, på skuleveg og på leksehjelp. Mobbing: I Elevundersøkinga er mobbing definert som "gjentatt negativ eller vondsinna åtferd frå ein eller fleire retta mot ein elev som har vanskar med å forsvara seg. Gjentatt erting på ein ubehageleg og sårande måte er også mobbing". Åtferda må finna stad 2 eller 3 gongar i månaden eller oftare for å bli definert som mobbing.

Denne planen byggjer på 4 berebjelkar: - Godt læringsmiljø - Godt samarbeid med føresette. - Førebyggjande tiltak - Kontinuitet Kjenneteikn på eit positivt læringsmiljø er: - Gode mellommenneskelege relasjonar. - Respekt for individet sine særtrekk. - Fokus på fagleg utvikling. - Klåre forventningar og krav til akseptabel åtferd. - Tydeleg klasseleiing med føreseielege reaksjonar. - Ikkje noko form for mobbing vert tolerert. Hovudansvaret for å etablera eit positivt læringsmiljø ligg på lærar som leiar av arbeidet i klasserommet. Undervisningsøkter bør ha ein klar start der elevar blir informerte om kva som blir forventa av dei, og ei klar avslutning med oppsummering av arbeidsøkta. Brot på avtalar må få konsekvensar som er kjende på førehand, jf. ordensreglane. Ein bør særleg vera merksam på teikn på mobbing. I timar kan desse vera vanskeleg å oppdaga; signala kjem ofte indirekte i form av reaksjonar frå den som blir mobba. NB! Mobbing skjer også i timane, men er ikkje alltid lett å oppdaga. (Skjer gjerne med kroppsspråk, augekast, himling med augo, men også meir synleg i form av utestenging, sukk og latter). Mobbing ved hjelp av nyare teknologi, slik som mobiltelefon og Internett, er noko ein òg må vera merksam på. Dette skjer mest utanfor skulen, men det er likevel noko ein må arbeide med i skulen. Ein må ha reglar for bruk av mobiltelefon og internett i ordensreglane, og ein må arbeide målretta for å lære elevane god nettbruk. Mange elevar som vert utsett for tradisjonell mobbing på skulen, vert òg utsett for digital mobbing. Samarbeid med føresette Eit positivt læringsmiljø krev ei felles forståing mellom skule og heim av kva dette inneber; ikkje minst ei felles forståing av kor sentral sosial kompetanse er i læringsarbeidet. Ein må også ha ei felles forståing for omgrepet sosial kompetanse. I samarbeidet med dei føresette må ein arbeida mot å få ei slik felles forståing. Vidare må me vera tydelege på at skule og heim er medspelarar, ikkje motspelarar. Mobbing skal vere tema på foreldremøte kvar haust, m.a. må ein gå inn på kva dei føresette bør vera merksame på. Døme på signal kan ein finna i vedlegg 1. Problem med mobbing er ei stor belastning for elevar, føresette og tilsette i skulen. Ikkje alltid vil dei tiltaka skulen set inn ha effekt, og me kan får reaksjonar på at skulen ikkje gjer noko. Der nokon vert mobba, er det også nokon som mobbar. For mange føresette kan det vera ei belastning å bli konfrontert med at barnet har ei negativ åtferd. Dette må me som skule også vera open på.

Plan for førebyggjande tiltak. Heilt sentralt i læringsmiljøet er korleis vi har det i lag. Dersom miljøet er prega av samværsvanskar, vert også det faglege miljøet forringa. Difor vert arbeidet med sosial kompetanse viktig i arbeidet med godt læringsutbytte. Sosial kompetanse inneheld 7 delelement: - Empati - Samarbeid - Humor - Ansvar - Sjølvkontroll - Sjølvhevding - Respekt, også for det som er framand og annleis. Som for fagleg kompetanse, er den sosiale kompetansen ulik mellom elevane. Difor vil arbeid med sosial kompetanse bli ein viktig del av skulen si verksemd gjennom heile skuleløpet. Arbeidet med dette området set særlege krav til samarbeid med dei føresette. Barnesteget Trivselsundersøking kvar vår, som ein del av elevsamtalen for 1. 2. kl. Folkeskikk-kampanje (språkbruk m.m.) Fadderordning Klassereglar/ordensreglar Gjennomgang av klassereglar/ordensreglar på foreldremøte Utviklingssamtalar «Steg for steg»/«zippys venner»/ «Det er mitt val» Elevsamtalar Klasseaktivitetar med og utan foreldre Elevrådet skipar til elevkveld februar/ mars Overnatting på skulen for 1. klasse Leirskule for 7. klasse Aktivitetar på tvers av klassane Felleslunsj Ungdomssteget Trivselsundersøking kvar vår Alle har ei psykisk helse Det er mitt val Fri-kampanjen Klassereglar/ordensreglar Gjennomgang av ordensreglar og klassereglar på foreldremøte Foreldresamtalar/utviklingssamtalar Elevsamtalar Klasseaktivitetar Aktivitetar på tvers av klassane Elevrådet skipar til vinterball

Felleslunsj kvar veka frå haustferien til påske. Felles miljøtiltak: - Skuleturar og fjellturar. Desse må sjåast i samanheng med skulen sitt arbeid med å skape fellesskapskjensle mellom elevar på ulike klassesteg. - Skulemåltid - Felles aktivitetskveldar, som klassekontaktar tar initiativet til. - Aktivitetsdag - Markering av den årlege nasjonale kampanjen mot mobbing i veke 36. Felles samling med underskriving av Manifest mot mobbing, felles tur og andre aktivitetar både klassevis og på tvers av klassane. Mobbeundersøking: Kvart år deltek elevar ved Granvin barne - og ungdomsskule skule i den sentrale Elevundersøkinga, som er obligatorisk våren i 7. og 10. klassesteg. Vi vil undervegs i skuleåret vurdera om det er aktuelt å køyra undersøkinga for andre klassar og for foreldre/føresette. I tillegg vil vi gjennomføra ei lokal mobbeundersøking om hausten, første gong hausten 2011. Denne kan gje oss verdfull tilleggsinformasjon, m.a. i kva form og kvar mobbing går føre seg. Kommunikasjon skule/heim/elevar For å avdekka mobbing vert temaet teke opp i - Utviklingssamtaler mellom skule/føresette/elev - Elevsamtalar mellom skule/elev som ein del av undervegsvurderinga - Tema på klasseforeldremøte o Mobbing høyrer heime som tema på første klasseforeldremøte kvart år o Ansvar for opplegget ligg på kontaktlærar Tilsyn/Inspeksjon: I regelen er det minst 3 vaksne som har tilsyn ute i friminutta. For at elevane til ei kvar tid skal vita kven dei kan hendvenda seg til, skal vaktene bera gule trafikkvestar. Vaktene må vera særleg merksame på område der vi veit mobbing kan gå føre seg. Signal på at mobbing går føre seg i friminutta kan vera: o Elevar som unngår visse plassar eller personar. o Elev som går åleine. o Klede som ligg slengt. o Samling av elevar utan synlege aktivitetar. Saksgang ved mobbesaker: Når mobbing er meldt: o Føra inn i meldeskjema (vedlegg 3 eller 4) og melda frå til skuleleiinga o Undersøking for å få avdekt fakta. Samtale med den som har meldt saka Samtale med den som er utsett for mobbing

Ev. tilbakemelding til meldar (stadfesting av motteken melding) Registrering i elevarkiv o Ansvar: Kontaktlærar Når mobbing er avdekka: o Samtala med den som vert mobba Gje støtte Informer om kva som skal skje Plassér ansvar Avtal oppfølging Registrer i elevarkiv o Ansvar: Kontaktlærar, rektor/inspektør o Samtale med den som mobbar: Samtalen er individuell, understreking av individuelt ansvar Unngå diskusjon om dette stemmer eller ikkje, men mobbar får forklara seg. Ver obs på typiske trekk: bagatelliserer eiga rolle hugsar ikkje så godt omskriv mobbeepisodar som leik fokuserer på andre si rolle framheving av offeret si skuld. Bevisstgjering av det negative ved mobbing Gje høve til løysingsforslag Avtale om oppfølging Registrering i elevarkiv. o Ansvar: Kontaktlærar, rektor/inspektør o Samtale med den som vert mobba sine føresette: Same dag som saka er avdekt/samtale med den som vert mobba er gjennomført Avtale om bruk av namn i kontakt med mobbar sine føresette. Oppfølging framover Ansvar: Rektor/inspektør, kontaktlærar o Samtale med dei føresette for den som mobbar Same dag som samtale med den som mobbar Konsekvensar av mobbing, jf. ordensreglane Oppfølging framover Ansvar: Rektor/inspektør, kontaktlærar o Oppfølgingssamtale(ar) med den som vert mobba Ansvar: Kontaktlærar/inspektør/sosiallærar o Oppfølgingssamtale(ar) med den som mobbar Ansvar: Kontaktlærar/inspektør/sosiallærar

Kontinuitet: o Etterarbeid Ansvar: Kontaktlærar/sosiallærar i tett dialog med leiinga I prinsippet skal problem løysast på lågast mogleg nivå. Dette gjeld også problem som oppstår i arbeidet med læringsmiljøet. Mobbesaker skal likevel rapporterast til skuleleiinga. For å avdekka denne type saker, skal vi kvart år gjennomføra: o Obligatorisk elevundersøking o Eiga mobbeundersøking o Faste elevsamtalar o Revidering av denne planen i skulemiljøutvalet o Godkjenning av planen i samarbeidsutvalet

Vedlegg 1 Teikn på heimebane på at born er utsette for mobbing I høve til skule - Barnet vil ikkje gå på skulen anten generelt, på bestemte dagar eller timar - Barnet er redd for å gå til og frå skulen; og vil bli kjørt. - Barnet vel ulogiske vegar, går omvegar. - Barnet held seg nært vaksne. - Barnet kjem svolten heim. - Barnet mister interesse for skulen. - Barnet kjem heim med øydelagde bøker, ting eller klede. - Barnet mister bøker, ting eller klede, og kan ikkje forklara kva som har skjedd. - Barnet mister lommepengane gong på gong. I høve til vener - Barnet tar ikkje med seg vener heim. - Barnet er lite saman med andre på fritida. - Barnet sluttar med fritidsaktivitetar. Åtferd Barnet ber om ekstra pengar eller byrjar stela for å tilfredsstilla mobbarar. Barnet nektar å fortelja kva som er gale. Barnet byrjar å mobba søsken eller foreldre. Barnet blir lett oppfarande, og har raseriutbrot. Barnet får dårleg sjølvkjensle. Barnet verkar ulukkeleg eller har mareritt. Helse Barnet har uforklarlege sjukdommar, og seier dei er sjuke utan å vera det. Barnet endrar sove- eller etevaner. Barnet har dårleg matlyst, vondt i magen og hovudverk. Barnet har uforklarlege skrammer og blåmerke. (skolenettet.no)

Vedlegg 2 MANIFEST MOT MOBBING for Granvin barne- og ungdomsskule Me; ordførar, rektor, leiar for FAU og leiar for elevrådet, forpliktar oss med dette til å medvirka aktivt til at mobbing ikkje skjer på skulen. ---------------------- ---------------------- ---------------------- ---------------------- - ordførar - - rektor - - leiar FAU - - leiar for elevrådet Eg veit at mobbing i skulen viser at skuleeigaren ikkje tek leiaransvaret sitt alvorleg nok. Som ordførar vil eg syta for at alle som er tilsette i skulen, kjenner leiaransvaret sitt og leier skulen på ein slik måte at mobbing ikkje føregår. Eg veit at mobbing i skulen viser at ikkje alle lærarar tek leiaransvaret sitt alvorleg nok.. Som rektor vil eg syta for at alle som er tilsette i skulen er klar over ar dei har eit personleg ansvar for å førebyggja og handtera mobbing og at dette ansvaret er knytt til tydeleg klasseleiing. Eg veit at mobbing i skulen viser at ein del foreldre ikkje tek nok ansvar, og at tillitsvalde foreldre ikkje utnyttar godt nok dei måtane dei kan førebyggja mobbing på. Som leiar for FAU vil eg gjera alle foreldre til elevar på skulen merksame på at dei har eit personleg ansvar for å hindra at borne deira mobbar eller blir mobba og å søkja hjelp dersom det skjer. Eg vil gjera alle rådsorgana på skulen merksame på at dei må samarbeida med foreldra for å førebyggja og handtera mobbing. Eg veit at mobbing i skulen viser at elevrådet ikkje tar ansvaret for elevane på skulen alvorleg nok. Som leiar for elevrådet skal eg syta for at elevrådet spelar ei aktiv rolle for å hindra at elevar blir mobba, ved å minna ordførar, rådmann, rektor og leiaren for FAU om at dei har forplikta seg til å stoppa all mobbing på skulen ved å skriva under på dette manifestet.

Vedlegg 3 Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN granvin.skule@granvin.kommune.no ELEVANE SITT SKULEMILJØ MELDESKJEMA TIL SKULEN / SKULEEIGAR Sak nr:. (Vert fylt ut av skulen) Meldt dato og klokkelslett: Meldt av: Saka vedkjem og gjeld: Framlegg til tiltak umiddelbart: Framlegg til tiltak på lengre sikt: Rektor / skuleeigar er gjort kjend med saka: Dato og underskrift av meldar:

Vedlegg 4 Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN granvin.skule@granvin.kommune.no ELEVANE SITT SKULEMILJØ MELDESKJEMA TIL SKULEN / SKULEEIGAR Dato: Stad: Personar involvert: Hending: Bakgrunn for hendinga, kva leidde fram til hendinga: Vurdering av situasjonen: Lærar Rektor