Fylkesmannen i Møre og Romsdal Saksbehandlar, innvalstelefon Senioringeniør Reidun Sofie Schei Vår dato 07.10.2014 Dykkar dato Vår ref. 2011/78/RESC/47I Dykkar ref. R(y\ Ørsta Kommune Daleveien 6 6153 ØRSTA Inspeksjonsrapport - 2014.134.I.FMMR D2,cAL-1111-- R Inspeksjon hjå Ørsta kommune på Åmbøhola avfallsplass (deponi i etterdrift). Dato for inspeksjonen: 10.09.2014 Til stades under inspeksjonen Frå verksemda: Magnar Selbervik Nabo til verksemda: Olav E. Hovdenakk Frå F lkesmannen i Møre o Reidun Sofie Schei Magnus Tornes Romsdal: Resultat frå inspeksjonen Denne rapporten omhandlar resultat frå inspeksjon 10.09.2014 ved Ørsta kommune som eigar av Åmbøhola avfallsplass. Rapporten har status som foreløpig. Dersom vi ikkje får nokon tilbakemelding om faktiske feil eller mistydingar i rapporten innan to veker etter at rapporten er motteke, er rapporten å rekne som endeleg. Fylkesmannen i Møre og Romsdal avdekka 2 avvik og 1 merknad under inspeksjonen. Desse er nærmare omtala frå side 4 og utover i rapporten. Avvika omhandlar: Kommunen har ikkje laga ei tilfredsstillande topptetting av deponiet Ansvar og rutinarfor etterdrift manglar i kommunen sin internkontroll For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saken, må verksemda sende omtalt på side 3. Vi vil til slutt takke for god mottaking og godt samarbeid under tilsynet. Med helsing Anne Melbø fagansvarleg (e.f.) Magnus Tornes Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Kopi: Knut Gunnar Aambø 6156 Ørsta Olav E. Hovdenakk Åmås 6150 Ørsta Postadresse: Telefon: Telefax: E-post: Web: Fylkeshuset 71 25 84 43 71 25 85 10 postmottak(dfmmr.no NN.N.w,.fylkesmannen.no 6404 Molde
side 2 av 5 Informasjon om verksemda Ansvarle verksemd Namn: Ørsta kommune Or anisas'onsnr.: 939461450 Besøksadresse: Daleve en 6, 6153 Ørsta Bransjenr. (NACE-kode): 84.120 - Offentlig administrasjon tilknyttet helsestell, sosial virksomhet, undervisning, kirke, kultur og miljøvern Kontrollert anlegg Namn: Ambøhola avfallsdeponi Kommune: Ørsta Kontroll nr.: 2014.134.I.FMMR Løyve gitt: 11.08.2006 Telefon: 70 04 97 00 E-post: postmottak@orsta.kommune.no Anleggsnr.: 1520.0094.01 Anleggsaktivitet: Etterdrift Risikoklasse: 3 Løyve sist oppdatert: - Bakgrunn for inspeksjonen Rapporten er utarbeida etter eit tilsyn den 10.09.2014 ved Åmbøhola avfallsdeponi i Ørsta kommune. Tilsynet er ein del av ein landsdekkande aksjon retta mot deponi. Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomfører ein aksjon retta mot nedlagte deponi i fylket. Informasjon om kontrollen Inspeksjonstema: Avslutning av deponiet Etterdrift Måleprogramfor deponiet Prøvetaking Vi vil gjere merksam på at ikkje alle sider av verksemda som kan ha noko seie for ytre miljø, vart granska ved kontrollen. Verksemda må sjølv aktivt utøve internkontroll, avdekkje feil og manglar og setje i verk nødvendige tiltak. Denne rapporten omhandlar avvik som vart funne under inspeksjonen og gir inga fullstendig tilstandsvurdering av verksemda sitt miljøarbeid eller miljøstatus. Definisjonar Avvik: Brot på krav fastsett i medhald av helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen (til domes krav iforureiningslova, forskrift heimla iforureiningslova, IK-forskrifta eller krav og vilkårfastsatt i utsleppsloyve eller dispensasjonar, samt verksemda sine eigne rutinarfor å oppfiillestyresmaktene sine krav) Merknad: Eit tilhøve som ikkje blir omfatta av definisjonen på avvik, men som tilsynsetatane meiner det er rett å peike på då det har eller kan ha noko å seie for å ta vare på det ytre miljø. Andre tilhøve: Saker som framkom under inspeksjonen og som det kan være nyttig å kjenne til for verksemda og saksbehandlarar. Her kan det bli gitt kommentarar til tema som ble tatt opp under inspeksjonen, men der det ikkje ble gitt avvik eller merknad.
side 3 av 5 Oppfølging etter inspeksjonen Verksemda pliktar snarast å rette opp dei avvika som vart funne. For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saken, må verksemda sende oss dokumentasjon på at avvika er retta innan 31.12.2016. Vi ber dykk om å stile svarbrevet eller e post(fmmrpostmottak@fylkesmannen.no) til Fylkesmannen i Møre og Romsdal merka med saksnummer. Pålegg om skriftleg tilbakemelding er gitt i heimel i forureiningslova 49. Dykk kan klage på vedtaket, jf. forvaltningslova 14, og klagefristen er da 3 dagar. Ein eventuell klage grunngis og sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Informasjon om tvangsmulkt Om verksemda ikkje innan rimeleg tid kan dokumentere at tiltak i forhold til dei omtala avvika er satt i verk, kan Fylkesmannen vurdere å fatte vedtak om tvangsmulkt. Ei eventuell tvangsmulkt vil bli vedteke med heimel i forureiningslova 73, men vil bli varsla nærare før vedtaket. Gebyr for inspeksjonen Verksemda skal betale gebyr for kontrollen, jf. forskrift om begrensning avforurensning (forureiningsforskrifta) 39-7 om gebyr for kontroll i verksemder utan løyve. Gebyret skal dekke kostnadar i samband med førebuing, gjennomføring og oppfølging av kontrollen. Forskrifta er tilgjengeleg på www.lovdata.no eller han fåast ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Verksemda vart varsla om gebyr på tilsynet og i e-post datert 04.09.2014. Tilsynet ved Årnbohola avfallsdeponi er plassert i gebyrsats 3. Dette følgjer at Ørsta kommune skal betala 11 600,- kr i gebyr. Vedtaket om gebyrsats kan påklagast innan tre veker etter at de har motteke rapporten jf. forureiningsforskrifta 41-5 og forvaltningslova 28. Ein eventuell klage bør stiles til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Klaga blir ikkje gjeve oppsettande verking og det fastsette gebyret må difor betales i samsvar med det som er nemnt over. Dersom Miljødirektoratet aksepterer klaga vil for mykje innbetalt bli refundert. Faktura med innbetalingsblankett vil bli sendt frå Miljødirektoratet. Offentlegheit i forvaltninga Denne rapporten vil vere open for offentligheita via postjournalen til Fylkesmannen til Møre og Romsdal (jf. offentleglova). I tillegg vil rapporten vere tilgjengeleg på www.norskeutsli.no Regelverk Dei viktigaste HMS - krava for bransjen finn de på www.re elh'el.no. Meir informasjon finn de også på Miljødirektoratet si heimeside www.mil'odirektoratet.no og www.lovdata.no.
side 4 av 5 Heimlane for avvik i denne kontrollen er i følgjande regelverk: Lov om vern motforurensninger og om avfall (forurensningsloven) av 13. mars 1981 Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskriften) av 1. juni 2004 Forskrift om systematisk helse-, miljo- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskriften) av 6. desember 1996 Tilsynet har elles tatt utgangspunkt Ambøhola avfallsdeponi. Varsel om pålegg om forbetring av tildekking, fastsetting av overvakingskrav og tinglysing av hefte; brev frå fylkesmannen datert 11.08.2006. Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Møre og Romsdal Verksemda sin eigen dokumentasjon knytt til den daglege drifta og tilhøve som har noko å seie for helse/miljø/sikkerheit Informasjon frå nabo Olav E. Hovdenakk Avvik Fylkesmannen avdekka følgjande avvik under inspeksjonen: Avvik 1 Kommunen har ikkje laga ei tilfredsstillande topptetting av deponiet Avvik frå: Lov om vern motforurensninger og om avfall (forureiningslova) 7 Kommentar: Kommunen må oppdatere avslutningsplana sendt oss 31.10.2006 som sikrar ein forsvarleg sikring av deponiet i ettertid. Planen skal ta utgangspunkt i Veileder til deponiforskrifien (TA-1951/2003) punkt 4.5 og 5.7. Det må leggast spesielt vekt på topptetting og eventuelle andre tiltak for å redusere nedbørsavhengig infiltrasjon. Topptettinga av deponiet skal vere ferdig innan utgangen av 2016. Avvik 2 Ansvar og rutinar for etterdrift manglar i kommunen sin internkontroll Avvik frå: Forskrift om systematisk helse-, og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) 5 andre ledd nr. 5-7 Kommentar: Rutinar for etterdrift av deponiet må inn i internkontrollsystemet til kommunen. Systemet må innehalde ansvar for etterdrift og rutinar for overvaking og kontroll. Eksempel på slike rutinar er overvaking av sigevatn, overflatevatn og grunnvatn og kontroll med setningar og erosjon. Ansvarsfordeling må avklarast internt i kommunen.
side 5 av 5 Merknad Sigevatnet har tydeleg utfelling som vert samla saman til «tørre» klumpar ved utløpet av leidningen. Desse klumpane er det muleg å samle opp kontrollert i leidningen, for så å flerne dei manuelt. Klumpane må truleg leverast som farleg avfall. Andre forhold Deponiet vil leggjast inn som forureina grunn i databasen Grunnforurensning, for å sikre at det tas forhandsreglar om det skal gravast i området i framtida. Fylkesmannen vil gjere dette. Informasjon til verksemda Brosj yrer/informasjonsark Faktaark om gebyr utdelt: