HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Utdrag frå Opplæringslova: Kapittel 9a. Elevane sitt skulemiljø 9a-1. Generelle krav Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735). 9a-3. Det psykososiale miljøet Skulen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Dersom nokon som er tilsett ved skulen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skuleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn. Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skulen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skulen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak. Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735). 9a-4. Systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane (internkontroll)
Skulen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av dette kapitlet blir oppfylte. Skuleleiinga har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde det fysiske så vel som det psykososiale miljøet. Definisjon av mobbing «Ein person er mobba eller plaga når han eller ho, gjentekne gonger og over ei viss tid, blir utsett for negative handlingar frå ein eller fleire andre personar» (Olweus 1992). Negative handlingar kan vere: Personleg kritikk Ulike former for trakassering Sosial ekskludering Voldstruslar Voldelige handlingar Ryktespreiing Utskjelling Krav om å utføre oppgåver vedkomande ikkje meistrar Nettmobbing Øydelegging av andre sine eigedelar «Utfrysing»/ utestenging Rasistiske handlingar Fellesnemnaren for dei negative handlingane er at dei opplevast som krenkande for den som blir utsatt for dei. Skulen sine mål Hovudmål: Ørsta vidaregåande skule har nulltoleranse for mobbing. Ørsta vidaregåande skule førebyggjer, avdekker og handsamar mobbing på ein god måte.
Delmål: Elevar og tilsette ved skulen skal: Trivast Ha respekt for kvarandre Ha toleranse Utvikle empati og sosial kompetanse Førebyggjande tiltak på skulenivå God skulestart Kvar og ein skal bli sett av dei vaksne og føle seg velkomen. Samarbeid mellom skulane og PPT som fremjar ein positiv overgang frå grunnskule til vidaregåande skule. Felles aktivitetsdag ved skulestart som bidreg til å styrke elevane sin tryggleik og trivsel. Obligatoriske kurs (1 time) om nettvet for alle elevane på vg1 i starten av skuleåret. Verdi og haldningsskapande tiltak Fellesaktivitetar gjennom skuleåret som skaper samhald og trivsel som t.d. aktivitetsdagar, den kulturelle skulesekken, internasjonal veke, fjelldag og skidag. Open skule med hybelbuarmiddag på kveldstid Felles samling til jul og ved skuleslutt med kulturelle/ sosiale innslag. Eit godt fungerande elevråd Legge til rette for elevmedverknad i saker der det er naturleg at elevane kan medverke. Gode fysiske rammer som stimulerer til samhald og trivsel Samlingsplass i kantina.
Estetisk miljø. Tiltak som stimulerer til aktivitet. Miljøkoordinator og helsesøster Som er synlege og tilgjengelige for elevane til faste tider. Som bidreg med helsefremjande tiltak. Førebyggjande tiltak på klassenivå Kontaktlærarane skal samarbeide om: Å ha fokus på god skulestart i klassen. Å utarbeide klassereglar, med utgangspunkt i skulereglementet. Å sette temaet mobbing på dagsorden i basistimar. Å ha mobbing som tema i elevsamtalane. Faglærarane skal samarbeide om: Å legge vekt på tydelegheit og struktur i møte med elevane Å vere tydelege med grenser, og reagere på uønska åtferd. Å legge til rette for arbeidsformer, der elevane får trene seg til samarbeid, respekt og praktisering av demokrati. Å gi elevane kunnskap om godt nettvet. Tiltak for å avdekke mobbing Viss ein lærar/ tilsett har mistanke om mobbing, eller får informasjon frå andre om at mobbing finn stad, må det settast i gang undersøkingar og innhenting av informasjon: Gjennom samtalar med den som blir mobba Gjennom observasjonar I samarbeid med andre ressurspersonar ved skulen I samtale med foreldre / foresatte (under 18 år) Mobbing er tema i elevundersøkinga og i alle elevsamtaler
Handtering av mobbing og strakstiltak Dersom ein tilsett har mistanke om mobbing skal vedkomande straks undersøke saka og melde frå til skuleleiinga eller rådgjevar. Dersom det er nødvendig eller mogleg, skal den tilsette sjølv gripe inn i situasjonen. Er ein i tvil, skal ein tenke «det er betre å reagere ein gong for mykje enn ein gong for lite». På den måten praktiserer ein nulltoleranse og ein set ein standard. Oppfølging av saka Leiinga i samarbeid med kontaktlærar blir einige om ein plan for oppfølging. Ein må trekke inn nødvendige ressurspersonar etter behov. Oppfølginga inneber samtalar både med den som blir mobba og den som mobbar. Konfliktløysing ved behov. Konsekvensar for den som mobbar Elevar som mobbar får nedsett karakter i åtferd etter gjeldande reglar med varsel heim til føresette. Ved alvorleg mobbing, kan det vera rett å melde saka til politiet. Informasjon om handlingsplan for mobbing Informasjon skal formidlast til alle elevar, elevråd og tilsette. Handlingsplanen ligg på skulen si heimeside og i Fronter. Informasjonen er henta frå Veileder frå Utdanningsdirektoratet «Bry deg», ingen mobbing i vidaregåande opplæring