#KULTURSEKKEN KULTUR SEKKEN BARNEHAGE 2014-2015



Like dokumenter
Oversikt over aktuelle produksjonar 2014/våren 2015

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Til deg som bur i fosterheim år

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Månadsbrev for ROSA mars 2015


Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Månadsplan for Hare November

Frå novelle til teikneserie

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Hei alle sjøstjerneforeldre

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Jon Fosse. For seint. Libretto

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Kom skal vi klippe sauen

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

OK, seier Hilde og låser.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Plassebakken Barnehage

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Månadsbrev for Februar

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

6. trinn. Veke 24 Navn:

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

mmm...med SMAK på timeplanen

Med tre spesialitetar i kofferten

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Samansette tekster og Sjanger og stil

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

MEDLEMSINFO. august 2009

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Psykologisk førstehjelp i skulen

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Barnehagen som kulturell og språkleg læringsarena

Vi lærer om respekt og likestilling

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Musisere - Spele enkle ostinat og melodiar etter gehør

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Månadsbrev Januar `18

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Informasjonshefte Tuv barnehage

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

Plassebakken Barnehage

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

FANTASTISK FORTELJING

Klepp kommune Tu skule

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse

Å skape og presentere ei framsyning

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Transkript:

#KULTURSEKKEN KULTUR SEKKEN BARNEHAGE 2014-2015

Velkommen til Kulturtorg for barnehagane! Det er no tredje gong at Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerer nettverkssamling for deltakarane i Kultursekk barnehage. Tanken bak arrangementet er at de skal få sjå dei nye produksjonane som vi planlegg inn i programmet for kommande barnehageår. På den måten kan de førebu dykk på å ta mot utøvarane og dei ulike tema som produksjonane inneheld. Mange av produksjonane kan stimulere til vidare aktivitet med kunst og kultur som hovedfokus i barnehagen i etterkant. Kunst for dei aller minste er enno ikkje eit prioritert område nasjonalt, og det betyr at det er eit viktig arbeid som gjenstår for å få fokus på kva kunstoppleving kan bety for dei små. I Møre og Romsdal er 15 av 36 kommunar med i Kultursekk barnehage, men fleire kommunar står på venteliste for å få vere med. Vi vil fortsette arbeidet med å skaffe nasjonal finanisering for ordninga. Det vert spanande å sjå korleis den nye regjeringa vil behandle ein søknad om status som pilotfylke for Kultursekk barnehage. På Kulturtorget vil de få møte produksjonar frå alle kunstartar og gjerne eit mangfald av uttrykk i ein og same produksjon. Felles fokus er sansestimulering, undring og nære kunstnarmøte i og utanfor barnehagen. Vi ber om evaluering av produksjonane. Resultatet er verdifull informasjon for oss i det vidare arbeidet med å lage turnear og programoppsett for året 2014/2015. Ta gjerne kontakt for tilbakemeldingar, råd og spørsmål! Godt torg!

IINNHALD: Velkomen s. 2 Program s. 4-5 Barnehageproduksjonar 2014-2015 0-3 år s. 6. - 9 4-5 år s. 10-15

PROGRAM BARNEHAGAR ONSDAG 29. JANUAR 09.00-10.00 Rica Seilet: Registrering 10.00-10.15 Karoline: Opning av #Barnehagetorget / St. Sunniva barnehage og Cesilie Torheim 10.15-11.00 Karoline: «Vesleblakken» / Teater Grimsborken s. 15 11.10-11.30 Karoline: På scenekanten med Teater Grimsborken: Om publikumsdynamikk og vaksenrolla 11.30-12.15 Magnhild: «Kongetromma» / Celio de Carvalho og Lidia Pinheiro s. 10 12.15-13.15 Lunsj på Rica Seilet 04 / program

PROGRAM BARNEHAGAR ONSDAG 29. JANUAR 13.15-13.45 Mit Følge: «Så rart» / Temte Productions s. 9 13.15-13.45 Magnhild: «Celio i regnskogen» / Celio de Carvalho s. 8 13.45-14.15 Mit Følge: «Så rart» / Temte Productions s 9 13.45-14.15 Magnhild: «Celio i regnskogen» / Celio de Carvalho s. 8 14.15-14.45 Pause 14.45-15.30 Mit Følge: «Skumringstimen» / Anne Hungnes s. 14 15.30-16.10 Magnhild: «Oppdrag alfabet» / Nynorsk kultursentrum s. 13 16.15-17.00 Mit følge: «Langt inni skogen den grønne» / Møremusikarane s. 10 17.00-17.15 Pause 17.15-18.15 Karoline: Korleis blandar eg rosa? / Sissel Stangenes s. 6 17.15-18.15 Magnhild: Musikk mellom liten og stor - idear til musikalsk samvær mellom barn og vaksne / Cecilie Torheim s. 6 FORMIDLINGSSEKSJONEN Johild Kosberg Bredin 71 25 89 27 / 911 49 119 Anette Storli Andersen 71 25 89 12 / 98 82 7899 Lene Torgersen Mordal 71 25 88 53 / 482 96 853 Hanne Brakstad 71 25 88 38 / 922 87 766 Martin Thomann-Langslet 71 25 89 36 / 481 47 890 Hege Merethe Gagnat 71 25 88 87 / 901 14 024 Vi tek atterhald om endringar 5

BARNEHAGEPROGRAM «MUSIKK MELLOM LITEN OG STOR IDEAR TIL MUSIKALSK SAMVÆR MELLOM BARN OG VAKSNE» / MOLDE KULTURSKOLE/CECILIE TORHEIM VERKSTAD Musikk er artigast når ein lagar det saman med andre. Møte med musikk kan vere ei kjelde til mykje glede både i tidleg barndom og seinare i livet. Derfor: Syng for barn! Dans med barn! Klapp med barn! Spel med barn! Tull med barn! Lytt saman med barna! Syng med barn! Verkstadleiar Cesilie Torheim er utdanna musikkpedagog og er tilsett i Molde kulturskole. Ho har mellom anna leia musikkgrupper for foreldre og barn, turnert for Kultursekk i barnehage og arbeida med barnehagetilsette i bruk av musikk for barn. Målgruppe: Barnehagetilsette, musikkpedagogar og andre som jobbar med barn KORLEIS BLANDAR EG ROSA /SISSEL STANGENES VERKSTAD Sissel Stangenes er ein erfaren formidlar av visuell kunst i Kultursekken. Ho har gjennomført prosjekt frå dei minste til dei eldste i ungdomsskolen og ho har formidla eigen og andre sin kunst på turné. På Kulturtorg for barnehage vil ho i år halde ein kort verkstad om grunnformer og fargelære for barnehagetilsette og andre interesserte. Ho vil syne korleis ein med enkle metodar kan arbeide med utforsking av former og farger saman med små barn og gi tips og råd til fortsatt arbeid i barnehagane. Målgruppe: Barnehagetilsette, pedagogar og andre som jobbar med barn 6

BARNEHAGEPROGRAM UT AV DET BLÅ /KONSTELLASJONEN SCENEKUNST Saman med tre Måkkislortar møter barna kjende og ukjende objekt. Pølseklyper, smokkar og strikkepinnar blir til fiskestimar, syngjande kordamer og sverd. Heilt ut av det blå kjem små historier til syne og gjennom musikk, dans og undring skapar utøvarane ein fargerik leik mellom objekta og karakterane i framsyninga. Målgruppe: 0 3 år KLOKKA /MØREMUSIKARANE MUSIKK Ein konsert og lydoppleving for dei minste i barnehagen med to rutinerte og leikne Møremusikarar! Den medbrakte klokka tikkar jamt og trutt, og skapar ei forutsigbar ro. Plutseleg skjer det noko ho slår! Endringa igangsett nye ting. Til og med ei raud hjarte-pute byrjar å danse... Her vil det bli lydskaping for og med barna, musisering, improvisasjon og undring. Målgruppe: 0 3 år 7

BARNEHAGEPROGRAM REGN /TEMTE PRODUCTIONS SCENEKUNST Sigbjørn Obstfelders dikt Regn inviterer til assosiasjonar rundt vatn, regn og leik. I denne framsyninga som vert vist i barnehagerommet, vil barn få oppleve lyd, fargar, ord og musikk som stimulerer og fangar barna si merksemd. Ein aktør og ei klovnenase vert introdusert, og dei aller minste vil få oppleve store og små såpebobler. Framsyninga nyttar enkle, rytmiske skift i lyd, fargar og rørsle. Tanken er at desse verkemidlane skal stimulere konsentrasjonen, fantasien og sansane til barna. Framsyninga skal inspirerar barnehagane til å arbeide vidare med rim og regler, lyd og fargar. Målgruppe: 0 3 år CELIO I REGNSKOGEN /CELIO DE CARVALHO MUSIKK Celio de Carvalho er perkusjonist frå Brasil. Han skapar ei verd av lydar som han spelar på dei merkelegaste instrument. Celio har med seg ei rekkje instrument og lydkildar mange frå regnskogen. Det er nettopp regnskogen som er utgongspunkt og miljø i denne framsyninga/verkstaden. Det å sanse og oppleving utan ord står sentralt. Celio inviterer dei aller minste på ei reise utanom det vanlege. Målgruppe: 0 3 år 8

BARNEHAGEPROGRAM DEN RAUDE TRÅDEN /OLLA RYPDAL SCENEKUNST Midt i alt det kvite stikk det fram ein raud tråd. Tråden er lang, og med denne tråden kjem det fram ei historie knytt til dei ulike objekta som dukkar fram etterkvart som vi dreg i tråden. Objekta er gjenstandar barna kjenner: ein ball, ein støvel, ei bok Ein liten figur dukkar også fram frå det kvite. Den vesle historia handlar om figuren som styrer dei ulike objekta saman med aktøren i kommunikasjon med barna som ser på. Handlinga er nonverbal musikk og lydar motiverer handlinga med dei ulike objekta. Målgruppe: 0 3 år SÅ RART /TEMTE PRODUCTIONS SCENEKUNST Framsyninga Så rart er inspirert av Inger Hagerup sine dikt og er ei magisk stund for dei aller minste. Barna vil få oppleve figurar og korleis desse skapar skygger. Nykomponert musikk av tablavirtuos Jai Shankar dannar ei spennande ramme for møtet mellom skodespelar Thea Skallevold, dei fantasifulle figurane og barna. Målgruppe: 0 3 år 9

BARNEHAGEPROGRAM KONGETROMMA /CELIO DE CARVAHLO OG LIDIA PINHERO MUSIKK Ei natt hadde Celio ein fantastisk draum. Han fann den flottaste av alle trommer - Kongetromma! Ho var under jorda i ein flott gullbelagt sal, og lyden frå tromma var djup og traff djupt i ham. Celio har aldri gløymt draumen om Kongetromma, og dette har inspirert han til å lage denne konserten saman med Lidia. Lidia er også oppteken av rytme, men ho spelar ikkje på instrument - ho dansar. Dans er rytmer vi kan sjå på. Slik passar Celio og Lidia heilt perfekt saman - Celio med rytmer vi kan høyre, og Lidia med rytmer vi kan sjå. Målgruppe: 4-5 år LANGT INN I SKOGEN DEN GRØNNE /MØREMUSIKARANE MUSIKK Alf Prøysen er blant våre mest kjende forfattarar av visesong, noveller og dikt. I 2014 er det hundre år sidan han vart fødd på husmannsplassen Prøysen i Hedmark! Mange barnehagar og skolar nytter Prøysen sitt materiale, og i denne produksjonen vil vi friske opp nokre av skattane han har laga. Velkomen inn til songane om leik og arbeid, og om livet for liten og stor! I barnehagane kan de helse på kjende figurar som Lille Måltrost, Nøtteliten og Katta i vinduskarmen. Bli med og syng! Men også bursdagsbarna blir feira i denne konserten. Det er viktig at du hugsar kva for månad du har fødselsdag i! Gled dykk til ein konsert om dyr, kjærleik og anna leik Målgruppe: 4-5 år 10

BARNEHAGEPROGRAM KUBBE LAGAR MUSEUM /MUSEA I MØRE OG ROMSDAL KULTURARV/LITTERATUR Kubbe samlar på mykje rart - nesten alt han kjem over! Ein dag så er alle eskene og hyllene fulle. Bestemor foreslår at Kubbe skal lage museum. Han katalogiserer og stiller ut heile samlinga si. Det strøymer folk til Kubbe sitt museum! Kubbe lagar museum er eit pedagogisk opplegg for barnehage som viser litt av samlaren i oss alle. Målgruppe: 4-5 år PÅ DO MED GRO /TEATER SPILLEBRIKKENE SCENEKUNST I morgonstresset går døra til badet i vranglås og mor, eller Gro, er dermed innelåst på do Men kva skjer eigentleg rundt mor på do? Er dobørsten nøgd med tilveret? Er det verkeleg berre små pip som kjem frå badeendene? Og om ein fell ned i badesluket kvar kjem ein då? Målgruppe: 4-5 år 11

BARNEHAGEPROGRAM FARGEFEST /VESTNES KULTURSKOLE MUSIKK I denne verkstaden besøker borna tre ulike stasjonar, der dei får prøve seg med dans, rytmar og musikk. Kvar stasjon har kvar sin farge, noko som går igjen i heile verkstaden. Dei ulike elementa borna har fått prøvd i løpet av verkstaden kan til slutt settast saman i ei forrykande framsyning med sterke fargar og høg energi. Målgruppe : 4 5 år MED VERDA I LOMMA /HAUGLAND & GRIMSNES SCENEKUNST/LITTERATUR Med verda i lomma er ei forteljarframsyning for barnehagane. Scena har svart bakgrunn, ei kjempebukse og ein liten reisekoffert. Jeansen har glitrande, fargerike band som stikk opp og heng ned frå ulike stadar i buksa. Ho er fyld av ei heil verd. Barna får trekke forteljingar ut frå buksa og dei får høyre tradisjonelle historier frå inn- og utland saman med regler og rim. Målgruppe: 4 5 år SKO /OPERAEN I KRISTIANSUND SCENEKUNST Å tilpasse sko til ulike arter dans - å finne den rette skoen. Kva sko passar til Askepott, kaptein Sabeltann eller kva skal du ha på føtene om du skal bli flink til å symje? Kan du danse hiphop med stiletthælar? Korleis ser ein tåspiss-sko ut? Korleis lagar ein steppesko lyd? I denne produksjonen møter barna profesjonelle dansarar som beherskar eit breitt uttrykk av ulike danseformer. Målgruppe: 4-5 år 12

BARNEHAGEPROGRAM GEITEKILLINGEN SOM KUNNE TELLE TIL TI /TEATER GRIMSBORKEN SCENEKUNST Framsyninga om geitekillingen blir framført som musikalsk forteljarteater, og kommuniserer direkte med publikum gjennom ei berg og dalbane av fysiske ablegøyer, verbale blomar og matematiske krumspring. Greier vår helt å telle til ti der han rotar seg ut på landet, eller må publikum kome til unnsetning? Målgruppe: 4-5 år OPPDRAG ALFABET /NYNORSK KULTURSENTRUM LITTERATUR/SCENEKUNST Tunkatten Lurivar er ein luring og ein forskar! Ein ordforskar! I denne produksjonen er Lurivar også detektiv ute på Oppdrag alfabet. Det er ein bokstavtjuv i aksjon og Lurivar må hjelpe til i arbeidet med å finne det forsvunne alfabetet! Målgruppe: 4 5 år SIRKUSVERKSTAD /CIRCUS CIRKÖR SCENEKUNST Den anerkjende nysirkusgruppa Circus Cirkör held sirkusverkstad for dei eldste i barnehagane i regi av Kultursekken. Barna får arbeide med balanse, sjonglering, koordinasjon og samarbeid. Målgruppe: 4 5 år 13

BARNEHAGEPROGRAM SKUMRINGSTIMEN / ANNE HUNGNES Skumringstimen er ei forteljarstund som høver best for barn dei eldste i barnehagen og dei yngste i skolen. Anne Hungnes fortel eventyr og lokale segn, syng små stubbar og lærer borna regler. Ho fortel om korleis dei i gamle dagar samla heile familien kring elden i skumringstimen når kveldane byrja bli mørke. Dei song og fortalde historier medan dei gjorde nyttig arbeid. Anne viser korleis dei karda ull og spann garn med handtein og knyter forteljingar, regler og song til desse handverka og til andre gjenstandar som ho har med seg. Målgruppe: 4 5 år ANIMASJON FOR BARNEHAGE /KINE AUNE & LINDA WINTERWOLD FILM Animasjon for dei minste er ein animasjonsverkstad over 2 dagar, der barna får møte filmskapar Kine Aune og verkstadsleiar Linda Wintervold. Kine viser animasjonsfilmar som ho har laga, og ho pratar om det å vere filmskapar. Barna lærer enkle og grunnleggande animasjonsteknikkar. På denne verkstaden deltek også barnehagepersonalet aktivt og på denne måten ligg kunnskapen igjen i barnehagen, og personalet får leike, oppleve og produsere saman med barna. Målgruppe: 4 5 år 14

BARNEHAGEPROGRAM LAKENSKOGEN /IDA & IDA SCENEKUNST Ein dag skjer det noko rart i barnehagen. Medan barna har vore ute og leika, har avdelinga fått besøk. Møbla står på nye plassar, og på kryss og tvers i rommet er det hengt opp metervis med klessnorar, ljoslenker og store, kvite laken. Plutseleg blir eit av lakena levande! Er det nokon der bak som vil fram? I Lakenskogen blir barn og vaksne invitert med på ei magisk fantasireise. Vi leikar gjøymsel mellom lakena, utforskar bevegelsar og deler tryllekunstar. Undervegs vil det oppstå utfordringar som vi berre kan løyse ved samarbeid. Reisa endar i ei lita framsyning, som barna er med på å gje form til. Dei minste barna i barnehagen kan vere publikum i denne avsluttande framsyninga. Slik blir besøket ei uforgløymeleg oppleving for alle aldersgrupper. Målgruppe: 4 5 år VESLEBLAKKEN /TEATER GRIMSBORKEN SCENEKUNST Vesleblakken er ei dramatisering av ei novelle av Rendalsforfatteren Jacob Breda Bull. Novella vart utgitt i samlinga Prestegårdshistorier (1914), og på sett og vis udødeliggjort då Nordahl Rolfsen tok ho med i si Lesebok for folkeskolen. Novella vert framstilt som eit autentisk barndomsminne frå forfattaren sin oppvekst: ein bror er dødssjuk, og det må hentast legehjelp frå Tynset. Hesten Vesleblakken er både garden sin raskaste hest og barna sin kjæraste venn. Det fell på drengen Ola Jonsen Styggpåjord å drive hesten til døde for å hente legen i tide. Målgruppe: Frå 5 år og oppover, gjerne saman med besteforeldre Aktuell for Den kulturelle spaserstokken 2014/2015 15

16

#KULTURSEKKEN KULTUR SEKKEN AKTUELT FOR 2014-2015

Sterke ytringar i Kultursekken Kulturtorget er sjølve hjartet i samarbeidet mellom kulturfeltet og skolen. Derfor arrangerer Møre og Romsdal fylkeskommune Kulturtorg i Molde 29. 31 januar i år også. Der møtest kulturkontaktar frå kommunane, barnehagane, skolane, kulturinstitusjonane i heile fylket til tre dagar med framsyningar av produksjonar innan ytringsformene film, kulturarv, litteratur, musikk og scenekunst. Produksjonane som presenterast på Kulturtorget er aktuelle for Kultursekken i skoleåret 2014/2015. Sidan det i år er 200-årsjubileum for grunnloven, er det naturleg at det er med å prege programmet. I samband med tilverkinga av den norske grunnloven i 1814 blei det definert kven som hadde retten til å bli hørt, kva Norge skulle vere og kven som var inkludert og ekskludert frå den norske fellesskapen. Denne prosessen har fortsett sidan, ikkje minst innan kulturfeltet. I samband med grunnlovsjubileet legg derfor årets Kulturtorg vekt på tema knytt til norsk historie, kulturarv og ytringskultur. Teatret Vårt presenterer til dømes «Kven bestemmer?». Teaterprosjektet er utarbeida i samarbeid med 12-åringar frå fylket, og framsyninga tek utgangspunkt i deira tankar kring spørsmål om fridom og samfunn. Forfattar Svein Sæter snakkar om sitt arbeid som dokumentarforfattar og korleis han har arbeid med framstillinga av Knut Haugland si deltaking i to sentrale hendingar som har vore med på å forme den norske sjølvforståinga: 2. verdskrig og Kon-Tiki-ekspedisjonen. Men i samband med grunnlovsjubileet er det og viktig å tenkje nærare over den delen av historia som ikkje smigrar den kollektive hukommelsen. I «Til ettertanke» syng og fortel Musikar Veronica Akselsen om nokre av dei som lenge ikkje blei rekna som ein del av den norske fellesskapen, taterane, og om den norske staten sine overgrep mot taterane i nær fortid. Kultursekken skal vere eit samarbeid mellom kulturfeltet og skolane. Kulturtorget og andre møteplassar der alle involverte får høve til å få felles referansar og til å utveksle synspunkt om kva slags kulturproduksjonar elevane bør få høve til å sjå i skoletida, er heilt avgjerande for å kunne skape meiningsfulle kulturopplevingar i Kultursekken. Vi ber om evaluering av produksjonane. Det gir verdifull informasjon for oss i det vidare arbeidet med å lage turnear og programoppsett for skoleåret 2014 / 2015. Godt torg!

IINNHALD: Velkomen s. 2 Program for: Barnetrinnet 8-26 Ungdomstrinnet 22-39 VGS s. 31-39 Kulturlaug s. 40-51

itt PROGRAM 1. 7. TRINN TORSDAG 30. JANUAR 09.00-10.30 Rica Seilet: Registrering 10.30-10.45 Bjørnson: Opning av #Kulturtorget 2014 10.45-11.45 Bjørnson: Hekla Stålstrenga s. 37 11.45-12.00 Pause 12.00-12.50 Karoline: «Katta og Svinet» / Teater visuell s. 9 Mit følge: «Balladen om et paddetryne» / Barneteatret Vårt s. 21 13.00-14.00 Lunsj på Rica Seilet 14.00-14.45 Magnhild: «Segn eller sanning» / Romsdalsmuseet s. 8 Bjørnson: «Byplansjefane» /Nasjonalmuseet s. 25 14.45-15.00 Pause 15.00-16.00 Karoline: «Hvem bestemmer?» / Barneteatret Vårt s. 23 16.00-16.15 Pause 16.15-17.00 Bjørnson: «Langt inni skogen den grønne» / Møremusikarane s Den kulturelle spaserstokken *** s. 10 17.0-17.10 Pause 17.10-18.00 Karoline: Bronsealderkoffert, Jernalderkoffert / Musea i Møre og Romsdal s. 15 og Spring! / Gjendem, Øverland og Ellestad s. 22 18.00-18.30 Bjørnson: «Kakerlakken med den stygge frakken» / Martine Grande s. 10 18.30-18.45 Pause 18.45-19.30 Bjørnson: «Bjørnson Unplugged» / Teater Grimsborken s. 26 20.00-21.30 Middag 21.30-22.30 Bjørnson: «Shoot!» / Hedvig Mollestad trio s. 32

PROGRAM 1. 7. TRINN FREDAG 31. JANUAR 08.30-09.00 Registrering 09.00-09.45 Bjørnson: «Vesleblakken» / Teater Grimsborken s. 12 ***** Den kulturelle spaserstokken 09.45-10.15 Pause for utsjekk 10.15-11.00 Utsjekk Magnhild: Drop-in-presentasjon og demonstrasjon av «Frå hovud til hand» / Kunstmuseet KUBE (5. 7. trinn) s. 22 Mit Følge: Drop-in-presentasjon av «Samba rundt bordet» (1. 7. trinn) s. 17 11.00-11.45 Bjørnson: «Tankelaboratoriet» / Cirka Teater s. 11 11.45-12.00 Pause, gå til Kulturhuset 12.00-13.15 Kulturhuset: Presentasjon av nye Kulturlaug s. 40-51 13.15-13.30 Pause, gå til Bjørnsonhuset 13.30-14.15 Bjørnson: «Albatrosh» / Rikskonsertane s. 28 14.15-15.15 Lunsj og vel heim PROGRAM 8. - 10. TRINN TORSDAG 30. JANUAR 09.00-10.30 Rica Seilet: Registrering 10.30-10.45 Bjørnson: Opning av #Kulturtorget 10.45-11.45 Bjørnson: Hekla Stålstrenga s. 37 11.45-12.00 Pause 12.00-12.45 Magnhild: «Få auge på Munch» / Nasjonalmuseet s. 27 12.45-14.00 Rica Seilet: Lunsj 14.00-14.45 Teatret Vårt: «Til ettertanke» / Veronica Akselsen s. 39 14.45-15.00 Pause 15.00-15.45 Storyville: «Beina i gitaren» / Sunniva Relling Berg s. 32 15.45-16.00 Pause 16.00-16.45 Storyville: «Hemmeleg helt» / Svein Sæter s. 33 ***** Den kulturelle spaserstokken 16.45-17.10 Pause, gå til Bjørnsonhuset 17.10-18.00 Mit følge: «Tre gitarar» / Skjalg Raaen, Roy Aksel Waade og Quyen Therese von Baumgarten s. 30 18.00-18.40 Magnhild m/ foajé: Pause med drop-in-demonstrasjon av Glasverkstad «Frå hovud til hand» / Kunstmuseet KUBE s. 22 18.45-19.30 Bjørnson: «Bjørnson Unplugged» / Teater Grimsborken s. 26 20.00-21.30 Middag 21.30-22.30 Bjørnson: «Shoot» / Hedvig Mollestad trio s. 32

PROGRAM 8. - 10. TRINN FREDAG 31.JANUAR 09.00-09.45 Plassen: Valkyrien Allstars s. 39 09.45-10.00 Pause 10.00-10.45 Teatret Vårt: «Den stygge andungen. Frå gate til galleri» / Atle Østrem s. 34 10.45-11.00 Pause 11.00-11.45 Storyville: Spring! / Anna Gjendem, Mathilde Øverland og Laura Ellestad s. 22 11.45-12.00 Pause, gå til Kulturhuset 12.00-13.15 Kulturhuset: Presentasjon av nye Kulturlaugstilbod s. 40-51 13.15-13.30 Pause, gå til Bjørnsonhuset 13.30-14.15 Bjørnsonsalen: «Albatrosh» s. 28 14.15-15.30 Rica Seilet: Lunsj og vel hjem

PROGRAM VGS PROGRAM VGS TORSDAG 24. JANUAR TORSDAG 30. JANUAR PROGRAM VGS 10.00-10.30 Foajeen, Seilet: Registrering 09.00 10.30-10.30-10.45 Rica Bjørnsonsalen: Seilet: Registrering Åpning ved Vera Michaelsen 10.30 10.45-10.45-11.45 Bjørnson: Bjørnsonsalen: Opning av Vindstille #Kulturtorget / 10.45-11.45 Bjørnson: The lunatics/figurteatret Hekla Stålstrenga i s. Nordland 37 11.45 11.45-12.00-12.00 Pause, gå til Plassen Atle Østrem s. 34 12.00 12.00-12.45-13.00 Teatret Magnhild: Vårt: «Mannen Liverpoolhjerter som bygde /Ragnhild hytter» / Lund Ansnes 10.45-11.00 Pause 13.00-14.00 Temte Rica Productions Seilet: Lunsj s. 38 14.15-15.15 ***** Jag Den tyckte kulturelle boken spaserstokken var bättre än filmen / 12.45-14.00 Cafe Thomas Kurt: Lunsj Håkki Eriksson 14.00 15.30-14.45-16.30 Teatret Havets Vårt: sølv «Til ettertanke» /Are Pilskog/ 16.30-17.00 Veronica Spasere Akselsen bort til s. Plassen 39 14.45 17.00-15.00-17.40 Pause Plassen, Storyville: Mhoo /Mhoo 15.00 17.45-15.45-18.15 Storyville: Plassen, «Beina Storyville: i gitaren» Lilla / /Teatret Vårt 18.15-18.45 Sunniva Spasere Relling til Rica Berg Seilet s. 32 for kaffepause 15.45 18.45-16.00-19.30 Pause Bjørnsonsalen: PREMIERE! Rommet i klassen / 16.00-16.45 Storyville: ODE-UNG «Hemmeleg helt» / Svein Sæter s. 33 20.00-21.30 ***** Rica Den Seilet/ kulturelle Middag spaserstokken 16.45 21.30-17.45-22.30 Teatret Bjørnsonsalen: Vårt: «Kunsten Stillhouse å jodle» //Steinar Raknes Polkabjørn og Kleine Heine s. 35 17.45-18.00 Pause 18.00-19.30 Teatret Vårt: «Kyss meg for faen i helvete» / Motlys AS s. 37 19.30-20.00 Pause 20.00-21.30 Rica Seilet: Middag 21.30-22.30 Bjørnson: «Shoot» / Hedvig Mollestad Trio s. 32 FREDAG 31. JANUAR 09.00 09.45 Foajeen på Plassen: Valkyrien Allstars s. 39 09.45 10.00 Pause 10.00 10.45 Teatret Vårt: «Den stygge andungen. Fra gate til galleri» / 11.00-11.45 Kunstnersenteret: «Vekas kunstverk» / Nasjonalmuseet s. 35 11.45-12.00 Pause 12.00-12.45 Teatret Vårt: «Før kaffen blir kald» / Krutt og Kamfer s. 34 ***** Den kulturelle spaserstokken 12.45 13.00 Pause 13.00 14.00 Storyville: «Ungt blikk på» / Bjørnsonfestivalen og Vigdis Hjort s. 36 14.00 15.30 Rica Seilet: Lunsj og vel heim program / 07

BÅRGHILD /HAPPY MONKS SCENEKUNST Bårghild er ei artig dame som leikar seg gjennom dagen. Vi møter ei aldrande dame som framleis har barnet i seg. Og det har ho tenkt å halde fram med til ho ligg der... Målgruppe: 1. 3. trinn SEGN ELLER SANNING /ROMSDALSMUSEET KULTURARV/LITTERATUR Skumringstimen er ei forteljarstund som høver best for dei eldste i barnehagen og dei yngste i skolen. Anne Hungnes fortel eventyr og lokale segn, syng små stubbar og lærer barna regler. Ho fortel om korleis dei i gamle dagar samla heile familien kring elden i skumringstimen når kveldane byrja bli mørke. Dei song og fortalde historier medan dei gjorde nyttig arbeid. Anne viser korleis dei karda ull og spann garn med handtein og knyter forteljingar, regler og song til desse handverka og til andre gjenstandar som ho har med seg. Målgruppe: 1. 3. trinn KUBBE LAGAR MUSEUM /MUSEA I MØRE OG ROMSDAL KULTURARV/LITTERATUR Kubbe samlar på mykje rart - nesten alt han kjem over! Ein dag så er alle eskene og hyllene fulle. Bestemor foreslår at Kubbe skal lage museum. Han katalogiserer, og stiller ut heile samlinga si. Det strøymer folk til Kubbe sitt museum! Kubbe lagar museum er eit pedagogisk opplegg for barnehage som viser litt av samlaren i oss alle. Målgruppe: 1. 2. trinn 8

LURIVAR OG KJÆRLEIKEN /NYNORSK KULTURSENTRUM LITTERATUR Dette er ei framsyning der opplesing, musikk og gjøgleri rettar merksemda mot den gode teksten og inviterer elevane til å delta aktivt. Ein formidlar med kompetanse innan barnelitteratur og pedagogikk har med seg tunkatten Lurivar på nye vegar inn i språk og litteratur. Tunkatten vert spela av ein skodespelar i spesialdrakt. Programmet har form som ein mellomting mellom ei teaterframsyning og forfattarbesøk. Målgruppe: 1. 4. trinn PÅ DO MED GRO /TEATER SPILLEBRIKKENE SCENEKUNST I morgonstresset går døra til badet i vranglås og mor, eller Gro er dermed innelåst på do Men kva skjer eigentleg rundt mor på do? Er dobørsten nøgd med tilveret? Er det verkeleg berre små pip som kjem frå badeendene? Og om ein fell ned i badesluket kvar kjem ein då? Målgruppe: 1. 4. trinn KATTA OG SVINET /TEATER VISUELL SCENEKUNST I husbussen bor Nossum, eit vennleg, rotete trøndersk svin. Han kosar seg med å bestemme, oppfinne og samle på saker og ting - heilt til den svenske katten Kattarina kjem. Det går som det må; ho flyttar inn og irriterer seg over rotet, han irriterer seg over ryddinga heilt til dei deler bussen i to. Så byrjar dei å besøke kvarandre sin halvdel - heilt til det egentleg ikkje er så stor skilnad mellom dei. Livet består som kjent både av kreativitet og orden. Målgruppe: 1. 4. trinn 9

LANGT INN I SKOGEN DEN GRØNNE /MØREMUSIKARANE MUSIKK Alf Prøysen er bland våre mest kjende forfattarar av visesong, noveller og dikt. I 2014 er det hundre år sidan han vart fødd på husmannsplassen Prøysen i Hedmark! Mange barnehager og skoler nytter Prøysen sitt materiale, og i denne produksjonen vil vi friske opp nokre av skattane han har laga. Velkomen inn til songane om leik og arbeid, og om livet for liten og stor! Fletta inn i alt det lystige, vil ein også merke at Alf Prøysen laga songar som handla om livet sine faser. Frå ung til gamal, å vere omsorgsperson, å vere ung gut eller jente, kjærleik og anna leik dette er tema som gjev tankene noko utover dei konkrete historiene. Velkomen inn i Alf Prøysen sin verd! Målgruppe: 1. - 4. trinn Aktuell for Den kulturelle spaserstokken 2014/2015 KAKKERLAKKEN MED DEN STYGGE FRAKKEN /MARTINE GRANDE FILM / LITTERATUR Kakkerlakken er redd for å blø. Og redd for å dø. Og redd for å leve. Kvar finn ein lys og glede når hausten har gøymt sola og fargane? Martine Grande er ein norsk animasjonsfilmskapar frå fylket vårt. Ho mottok Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kunstnarstipend for 2013. Målgruppe: 1. 4. trinn 10

TANKELABORATORIET /CIRKA TEATER SCENEKUNST Møt Reddharen, Sinnataggen, Firkanten og Hermegåsa. Alle ynskjer å bli forstått, men opplever det motsatte. I Tankelaboratoriet leitar vi etter veien ut av misforståingane gjennom ei humoristisk og sårbar undersøking av det å vere til. Ved hjelp av Anne Marit Sæther sin levande strek, Gro Dahle sine undrande songtekster og Ragnhild Faanes og Erlend Smalås sitt undersøkande lydunivers forskar vi på eksistensielle og gjenkjennelege problemstillingar. Målgruppe: 1. 5. trinn BRUER /NASJONALMUSEET VISUELL KUNST Produksjonen Bruer fortel historier om menneske sine kvardagsliv, kunnskap, verdiar og visjonar. Bruene hjelper oss med å nå kvarandre og dei gjer det mogleg å krysse elvar, sjøar, djupe dalsøkk og trafikkerte områder. Dei bruene som vert laga som ein del av veinettet vårt i dag er teknisk avanserte og er ofte ein kombinasjon av fleire ulike materialar og bæresystem. Likevel ser vi likskap i konstruksjonsprinsippane mellom notida og fortida sine bruer. Vi ynskjer at elevane gjennom leik og praktisk oppgaveløysing i utstillinga skal få økt interesse og forståing for broer og andre bygde konstruksjonar i sitt lokalmiljø. Målgruppe: 3. - 7. trinn 11

VESLEBLAKKEN /TEATER GRIMSBORKEN SCENEKUNST Vesleblakken er ei dramatisering av ei novelle laga av Rendalsforfatteren Jacob Breda Bull. Novella vart utgitt i samlinga Prestegårdshistorier (1914), og på sett og vis udødeleggjort då Nordahl Rolfsen tok ho med i si Lesebok for folkeskolen. Novella vert framstilt som eit autentisk barndomsminne frå forfattaren sin oppvekst: ein bror er dødssjuk, og det må hentast legehjelp frå Tynset. Hesten Vesleblakken er både garden sin raskaste hest og barna sin kjæraste venn. Det fell på drengen Ola Jonsen Styggpåjord å drive hesten til døde for å hente legen i tide. Målgruppe: 1. 7. trinn Aktuell for Den kulturelle spaserstokken 2014/2015 12

JAZZFIGUR I TRÅD MED MUSIKKEN /LEVENDE DUKKER SCENEKUNST/MUSIKK Figurteater er å utforske den magien som oppstår når kunstnarar bles liv i daude gjenstandar gjennom animasjon. I produksjonen I tråd med musikken skal vi bli kjent med ei rekkje dokketeknikkar. Handdokke og marionettar er kjende former for mange. Men korleis får ein liv i ein saccosekk? Figurteater og samspelet mellom dokkespelaren og dokka har fasinert menneske over heile verda til alle tider. I tillegg til å være ein kunstform som får stadig aukande oppslutning er figurteater ein svært viktig informasjonskanal og er også brukt i mange former for terapi. Mange har hatt eit tett og godt forhold til kosedyr, bamsar og dokker. Derfor er dokkespelaren sine dokke ofte eit godt medium for bodskap som skal formidlast og for samtaler. I produksjonen I tråd med musikken er det eit godt samspel mellom Knut Alfsen sine tekster og dokker og musikken i framsyninga. Framsyninga er delt opp i frittståande episodar, men ho er ikkje utan nokon raud tråd. Det er lagt vekt på å presentere dokke som er forskjellige, med ulike temperament og som krev variasjon i speleteknikk. Kvar dokke presenterer ei lita forteljing. Musikken er laga av musikarane for denne framsyninga. Det er jazzmusikarar som spelar og improvisasjon pregar musikken. Sjølv om produksjonen har ei klar form vil det fortsatt være ope for overraskingar og for å utnytte dei moglegheitene som augneblinken gir. Målgruppe: 1. 7. trinn 13

HØGT OG LÅGT MED TRYLLEFLØYTA / MYHR & FOUNGEN & FREMMERLID MUSIKK Med desse utøvarane og med Mozart sin opera får vi ein flott, vakker og gøyal presentasjon av Tryllefløyta! Operaen er blant dei mest spilte i verda, og er elska for si sjarmerande historie og sitt solide musikkhandverk. Dei to operasongarane vil ikle seg figurane Papagena og Papageno, samt Tamina og Pamino, Nattens Dronning og Sarastro, mens pianisten er orkesteret. Å overvinne det vonde med det gode er noko av bodskapen, krydra med ein god porsjon av god, gamaldags romantikk og kurtise! Målgruppe: 1. 7. trinn OVER REGNBUEN /KVANDE & KVANDE & WILLIAMSEN & ASPESÆTER MUSIKK I denne konserten møter elevane songarinna Carol Kvande, født og oppvaksen i Sør-Afrika, men no busett i Noreg. Carol vaks opp med ein stor kjærleik til musikk og det er særleg musikalar ho likar å synge. Målgruppe: 1. - 7. trinn 14