RAPPORT STUDIEREISE GRØNLAND-SISIMIUT 1-7.08.01.



Like dokumenter
Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

mmm...med SMAK på timeplanen

Minnebok. Minnebok NYNORSK

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Psykologisk førstehjelp i skulen

Månadsbrev for ROSA mars 2015

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Til deg som bur i fosterheim år

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

IKT-kompetanse for øvingsskular

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Månedsbrev april 2015


Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Jon Fosse. For seint. Libretto

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

6. trinn. Veke 24 Navn:

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Psykologisk førstehjelp i skulen

Månadsbrev for Rosa september 2014

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Informasjon til elevane

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Brukarrettleiing E-post lesar

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Frå novelle til teikneserie


Bruk av reiserekning i Agresso

Teknikk og konsentrasjon viktigast

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Sommartur til Sverige,

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Internasjonal vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Brukarrettleiing. epolitiker

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * *

Plassebakken Barnehage

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Transkript:

RAPPORT STUDIEREISE GRØNLAND-SISIMIUT 1-7.08.01. Formål med reisa /seminaret: I invitasjonen til konferansen står følgande; "Grønland og vestnorden som en del av den nordiska identiteten". Føremålet med reisa er; " att på olika kognitiva, praktiska, konstnårliga och upplevelsesfylda satt att orintere deltagarna i den grønlandske identiteten som en betydelsesfull del av den nordiska identiteten." Eit stort og omfattande mål for konferansen, men interessevekkande! I dette målet ligg mellom anna; få kunnskap om den grønlandske kulturen, fiske/fangst-tradisjon, historikk, sosiale forhold, politiske forhold (lokale, nasjonale og internasjonalt ), næringsliv og utdanningskulesystem.her spesielt Knud Rasmussens Højskole. Vidare dele erfaringar på tvers av landegrensene, nordisk erfaringsutveksling, samle informasjon og kunnskap som grunnlag for ev. studiereise for grupper til Grønland.Sjå på vilkåra for å drive idrett. Reiserute: Ma.30.07: Bil:Fjærland-Sogndal. Vidare frå Sogndal- Oslo.(ferje:Manhiller -Fodnes: ) On. 1.08:T-bane og Flytog:til Gardermoen. Fly: Oslo-København og vidare til Kangerlusuak.Grønland. To.09.08: Fly: Kangerlusuak-Sisimiut og Knud Rasmussens Højskole. Timeplan: Det vert ikkje referert til alle foredrag i detalj, det vil vere for omfattande. Eg har lagt inn komentarar med eigne erfaringar og synspunkt til nokre av foredraga og utfluktene. (Sjå vedlegg, med endringar). On 1.08:Vi ankom Sisimiut lufthamn ca.2040.rektor Lars Olsvig ved Knud Rasmussens Højskole tok imot gruppa.herifrå vart vi transportert med minibuss til Sisimiut og Knud Rasmussens Højskole.Her vart alle innkvartert, dei fleste på dobbeltrom.

To 2.08: Frukost kl.0715. Velkomst av rektor Lars Olsvig, vidare presentasjon av deltakarar, mål for seminaret og praktisk informasjon vedgåande opphaldet. Guida busstur I Sisimiut. Namnet tyder "bebuarane ved reve -hulene". Det ein tidleg oppdagar er Grønlandshundane som er lenka saman to og to, vidare husa si plassering; oppe på fjellknausar høgt i terrenget. Dei er små og fargerike."grelle" fargar etter min smak. Rosa, lilla og andre pastellfargar. Bebyggelsen verkar tilfeldig plassert og lite planlagd.blokker og småhus plassert ved sida av kvarandre. Vi får vite at tomtene er gratis på Grønland.Ellers er kostnadene om lag 14.000,- ferdig m2. Heilt oppe I dagen ligg røyrsystem for kloakk og vatnforsyning, røyrara er svært godt isolert. Den eldste Kyrkja er frå 1775, den eldste bevarte på Grønland. Byen har moderne innslag, mellom anna Nettcafe, reke-/ krabbefabrikk.fabrikken er den største i verda! Informasjon og omvising på Højskolen og Kvinneskolen. Elevane kjem storts sett frå Grønland.Dette er naturleg sidan ein må meistre det Grønlandske språket for å vere elev ved skulen. Skulen vart starta I 1962, med plass til 24 elevar. I 1977 vart Kvindeskolen starta og tilknytta høgskolen.denne har mellom anna som oppgåve og bevare/formidle den grønlandske skinnbehandlingsteknikken og den grønlanske nasjonaldrakta. Vidare underviser ein I tradisjonell perlesying,lagar vestar, jakker, sko og bukser av selskinn, bileter o.likn. der ein nyttar t.d.ærfugel som materiale m.m.. Skulen vart utvida I 1980 med plass til 52 elevar.desse elvane kjem frå heile Grønland og vert undervist i t.d. fag som matematikk, dansk, engelsk o.s.v.. Vinterskulen varer frå oktober til og med januar. Elevane må ha fylt 18 år. Skulen har også undervising i jula. Skulen har ellers kurs som t.d.; -skiinstruksjon -skinnkurs -kurs for vaksne -2 grupper eldre frå utlandet -kurs for elevar frå heile Grønland i regi av ungdomsrådet "Sorlak" -2 kurs for barneinstitusjonar og folkeskular.

Alle kurs må deltakarane betale sjølve. Skulen har 35 rom med 52 senger til rådigheit. I turistsesongen vert skulen nytta som vandrarheim, spesielt siste åra har den vorte nytta til dette.noko som er ei føresetnad for at skulen skal kunne klare seg økonomisk. (Som mange skular i Norge): Skulen har 12 tilsette. Aftenstur til elv: Tur langs ein grusveg, om lag 1,5, km.kaffe og kaker i det fri.ikkje noko fysisk utfordring, men fin muligheit til å verte betre kjend med kvarandre.i elva var det forresten ein del fisk, spesielt røye.denne smaka godt! Fr. 3.08: Denne dagen var det muligheit for to ulike turar; 1) Båttur til ei bygd, 2) Fjelltur. Personleg deltok eg på båttur.turen var totalt på om lag 6 timar I ein mindre hurtiggåande båt.bygda hadde om lag 120 innbyggarar, med eigen skule, butikk, kyrkje, og dieseldrevet el- verk.dette er den ein av to bygder som er igjen tilhøyrande Sisimitu kommune.den andre bygda om lag same antal innbyggjarar. Fiske og fangst er ein langt større del av næringa her enn I byen.denne turen verka samansveisande på gruppa, det vart tid til mange samtalar der ein utveksla erfaring frå folkehøgskulekvardagen på dei ulike skulane; på tvers av landegrensene. Vi såg fleire sel på turen; rektor ved folkehøgskulen avfyrte eit skot.han sa;" jeg rammet den,men den sank"!eg veit ikkje med den forvant i alle fall. Ironisk nok så vi ikke så mykje kval, det gjorde derimot gruppa som var til fjells -sa dei! Framvising av video; "selfangst-fangerlivet" Her møtte vi ein familie der ein gut fangar sin første sel. Familien innviterte så til fest for å feire dette.ei viktig hending I guten sitt liv.guten mottek gaver frå gjestene. I Sisimiut er det kun om lag 30 personar som lever kun av fiske og fangst som fangstmenn.byen har verdas største rekefabrikk! I tidlegare tider var inuittane eit folk som i langt større grad flytta, ettersom kor ein kunne finne sel, kval, kvalross og andre dyr.våre forestillingsbilete av at inuittane lever i igloar på vinterstid er delvis realitet i norde del av Grønland. Reinsdyr, hundar og kajakkar er ofte bytta ut med snøscotarar og båtar.

Laurdag 04.08. 0830:Morgonsamling: " Om den skjønne morgen når solen står opp"presentasjon av ein lokal trubadur; Peter Enoksen. Foredrag:Identitet som gjenspeiling av natur og økologiske spørsmål.( flytta frå søndag). Gruppa vart delt I to: Eg deltok på gruppe om hundehold på Grønland. Her fortalte Rektor om det daglege hundeholdet. Dei fleste grønlandshundar er eit utelukkande nyttedyr.; brukt til transport av menneske og varer/fangst i vinterhalvåret, stort sett. Det er eigne oppdrettarar, men hundeeigarane styter oftast sjølv for tilførsel av hundar. Om sommaren re dei lite i bruk utanom ved treningsturar. I sommarhalvåret treng dei mindre mat p.g.a. det lave energiforbruket. Nokre får mat berre tredjekvar dag.hundane er lenka fleire saman, og er dominerande i bybiletet.lause hundar kan verta avliva p.g.a. den faren dei representerer. Skinnsying på Kvindeskolen: Her fekk alle som ville prøve seg å sy. Det vart nytta stort sett selskinn av ulike typar. Enten den store Klappmus-selen eller mindre artar.hansigne Pettersen som demonstrerte snakka ikkje noko særleg dansk eller engelsk, så det meste gjekk på kroppsog fingerspråk.deltakarane fekk laga mindre saker som: små handvesker, snusdåsar, og nøkkelholdarar. "Bein og Fedtsten" Dei fleste mannleg deltakaren valgte likevel å prøve seg på å lage ulike reidskap.det var spesielt populært å lage skaft av bein til ein kniv som blir nytta til mellom anna arbeid med selskinn. Dette er likevel eit reiskap som er mest nytta av kvinnene.knivane har ulik utforming alt etter kor på Grønland dei vert nytta. Kajakkoppvising: Oppvising på om lag 45 minutter med mellom anna svært mange ulike måter å "rulle på".ein manøver for å kunne kome på rett kjøl igjen etter ein velt. Noko som er heilt livsnødvendig. Dette avdi temperatur I vatnet kan ligge på 3-4 grader, og det er dessutan ikkje like lett å kom ut av kajakken Rullteknikkane ("eskimorulla") vart utført på "vanleg måte" med åre, og vanleg tak med begge hender. Men også mange ekstreme variantar, t.d. der ein kun nyttar overkropp og hofte, med armar og hender låst i kryss på brystet. Utøvarane var blant aller beste på Grønland.

Øvingane har tilknyting til det tradisjonelle fangslivet etter sel, kval og kvalross og isbjørn.men likevel vert det holdt nasjonale meisterskap med stor status. Søndag 05.08. Språk og skikkar v.c. C. Olsen. Grønlendarar forstår i stor grad innuittane i Alaska, og omvendt.dette kan forklarast meds innvandring og tilbaketrekking og deretter ny innvandring og tilbaketrekking frå Alaska til Grønland over stredet i Nord- vest. Det er kulturell likheit mellom inuittane på Grønlad og Alaska, innan t.d. fiske, fangst og kajakkbruk. Thule kulturen i nord var den komplette jakt/fangstkulturen.innusuk.kulturen er den einaste det ein finn spor og påverknad frå nordbuarane.det innuittiske språket er svært lite påverka av øvrige kulturar, men noko av old.nordisk.. Det den språklege strukturen som hindrar dette, samt eit sterkt ønske om å bevare språket. Innuittane ser seg sjølve som ein del av naturen, med dei kan ikkje råde over den.i den tradisjonelle fangstkulturen levde dei slik at dei måtte flytte etter årstider og trekk til dyr og fiskebestand. Ved denne forelesinga fekk vi ei god innføring i tema. Det vil diverre vere for omfattande å referere alt her. Kyrkjegang med barnedåp: Det var interessant å vere med på barnedåp der ein fekk sjå korleis den føregjekk.dåpen føregjekk stort sett som i Noreg. Damene og dåpsbarnet var kledde i nasjonaldrakta. Denne drakta er svært fin og har eit sjal av perlesaum, i mange fargar.ingen av mønstra skal vistnok ikkje vere like på dei ulike draktene!denne nasjonaldrakta fekk nokre av oss seinare sjå nerare på ved eit besøk hos ein grønlandsk familie. Mandag 6.08. Sjå vedlagt timeplan. Tysdag 7.08 Sjå timeplan. "Møte med ein svenske på Grønland" Eit svært interessant møt med ein svenske som har budd på Grønland mesteparten avlivet.17 år gamal starta han med rekefiske, 22 år gamal utdanna maskiningeniør.i dag arbeider han på el.-og vatnverket og i tillegg på misjonsstasjonen.han uttalte at han følte seg som grønlendar, men også som svensk. Han meistra begge språka like godt, og fekk tidleg oppfostring i grønlanske skikkar og tradisjonar.

Som mange grønlendarar hadde han ein kote på jakt på moskus, rein og sel.hadde eit svært kritisk syn på skuleverket på Grønland!Utalte at det var mangel på lærarprofesjonalitet.det kan ein forstå når det var tilfeller der lærarar ikkje møtte til undervising. Onsdag 08.08 Sjå timeplan. Oppsummering- opphaldet på Grønland.: Samla sett har oppholdet på Grønland gjeve meg langt større innsikt enn eg hadde tidlegare. Eg fekk møte eit vennleg, ope og stolt folkeslag. Bundne av tradisjonar, men likevel også med mange likhetstrekk med det norske og nordiske. Dette kjem til syne ved mellom anna moderne fiske med reketrålarar.reke- og krabbefabrikken i Sisimiut er den største I verda! Fiske fangst foregår også etter gamle metodar, og byen har fortsatt 30 fangarar I gata ser ein "sæggarar" med blått og lilla hår. Byen har internettcafe, moderne butikkar og cafear. Språket er unikt i Verda, med få eller ingen direkte slektskap utanom øvrige innuttar i Alaska / Canada og Sibir. Mykje av musikken har tekstar på grønlandsk Musikkindustrien står sterk på Grønland. Landet har den største produksjonen i verda sett i forhold til folketalet. I Sisimiut er det eit studio, det ligg i eit lite hus og ser ikkje spesielt avansert ut.men dei lagar kvalitetsmusikk der; eg kjøpte grønlandsk musikk med tekstar på grønlandsk. Det var verkleg spanande musikk! Vi var om lag 50 deltakarar frå 7 ulike Nordiske land. Alder frå 22 til 80 år. Stor aldersspreiing, men likvel med mange felles erfaringar, og felles opplevingar frå opphaldet. Vi var alle imponerte over folket som kan leve under så ekstreme forhold som spesielt vinterhalvåret er dominert av.vær og vindhardt, med store utfordringar i forhold til kommunikasjon. Nettopp kommunikasjonssystemet er et problem på fleire måtar. Lange avstandar gjer at fly ofte er einaste fornufte framdriftsmiddelet. Det er dyrt å reise med fly på Grønland.Dette gjer at levekostnadene er relativt høge.varene vert dyre p.g.a. store transportutgifter. Arkitekturen på Grønland er noko som ein lett hugsar; blanding av nytt og gamalt, små hus og store rekkehus og blokker, sterke skrikande fagar, som kanskje skal kompensere for lite fargar ellers i naturen. Liknande syn har eg ikkje har sett nokon stad før! Nokre av oss var så heldige å få besøke ein grønlandsk familie. Her fekk vi fekk sjå ein heim frå innsida.husmora arbeida i sosial etaten;såleis fekk vi nermare innsikt herifrå. Ho viste stolt fram den grønlandske nasjonaldrakta, bjørneskinnsbuksene til ektemannen, og anna jakt-og fangstbekledning.vi fekk vidare nermare innsikt I sosiale forhold og det politiske livet.eit spanande møte som ikkje stod på timeplan!

I forhold til idrett er det spesielt kajakkoppvisinga som ein vanskleg kan gløyme.oppvisinga ved havna var stor idrett! Kajakklubben I Sisimiut ligg ved havna, med eige klubbhus.den har mange medlemmer, der barna startar i tidleg alder. Ellers vart vi presentert for tradisjonelle innuitt og indianarleikar, desse har lange tradisjonar og vart nytta for å halde fangstmannen I god form. Øvingane utfordar både styrke/spenst hurtigheit og koordinasjon og smidigheit. Eg prøvde sjølv nokre av desse, det var svært morosamt! Ein del av desse øvingane vil eg nytte i undervisingssamanheng. Eg besøkte også ein idrettshall i Kangerlusuak. Den var svært godt utstyrt, mellom anna med eit godt utrusta treningsstudio. Tydleg at idrett er viktig sett i forhold til anlegga sin standard. Eg fekk diverre ikkje muligheit til å intervjue nokon her.dermed fekk eg ikkje den informasjon eg kunne tenke meg. Grønlendarane deltek også i meir tradisjonelle idrettsgreiner. Ein stor konkurranse som vert kalla Island Games, med mellom anna badminton, volleyball, o.s.v. Ellers er Sisimiut kjent for å arrangere eit stort skirenn kalla "Artic Circle Race" her løparar frå 20 ulike nasjonar deltek.løpet går over tredagar,og har start og mål i Sisimiut; totalt 160 km.i dette løpet arbeider meir 200 frivillege for at løpet skal verte avvikla.dette løpet vert rekna for å vere verdas hardaste langrenn. Tidlegare vinnarar er mellom anna Vegard Ulvang. Det vert stor utfordring I mars 2002 då landet skal arrangere "Artic Vinter Games" Her vert det konkurrert i ;alpint, langrenn, badminton, fotball, bordtennis,volleyball, sneskoløp, basketball, curling, hockey, hurtigløp på skøyter, bryting og artisk sport ( inuit- og indianarleikar). Som ein ser eit svært allsidig og omfattande prigram som viser at idretten har stor betydning. Større enn eg tenkte før opphaldet på Grønland. Siste dagen hadde eg ei utflukt i Kangerlusuak, heilt åleine på sykkel. Landskapet var utrukleg fint, ikkje ulikt det Nord- Norske. Eg sykla langs ein grusveg, passerte frådande elvar og såg moskus beita ved vegen. Denne utflukta var prega av stillheit, harmoni og refleksjon, takknemligheit over livet. Diverre har dette biletet seinare dels slått sprekker. Eg høyde på radio at dette utruleg vakre landet sitt dyreliv muleg er trua. Bestanden av fleire artar skal vere på veg nedover! Dette er det danske forskarar som har kome fram til.dersom ikkje jakt og fiske fangst vert regulert betre er det fare for at einskilde dyreartar kan verte utrydda!det vert her snakka om eit perspektiv på 10-20 år. Knud Rasmussens Højskole rektor; Lars Olsvig er ein mann med evne til å fange og fasinere ei forsamling.møtet med han var verdt oppholdet åleine! Han har utdanning frå Danmark, mor frå Grønland og far frå Færøyane.Han representerte ein forteljartradisjon der myter og sagn er vesentleg.han er rektor ved ein av to folkehøgskular på Grønland. Skulen ønskjer å bevare og vidareføre grønlandske skikkar, handverk og tradisjon i det heile.

Samtidig søkjer dei ut i verda mot naboane i aust og verda forøvrig.det verkar som dei er svært medvitne på korleis dei er ein del av Norden, men vil likevel søkje endå meir kontakt for å gje elevane kunnskap og erfaringar, til landet sitt beste. Det er mulig at det vert aktuelt med fleire utvekslingsstudentar frå både Grønland og nordiske land slik at ein kan skape ytterlegare forståing for kvarandre. Som avslutning vil eg seie at opphaldet gav meg nye kontaktar med kollegar frå nordiske land, direkte innsikt i grønlandsk kultur og daglegliv, og ikkje minst eit vidare perspektiv på livet generelt.for meg personleg er det heilt klart at eg har fått med meg erfaringar som gjer at eg ser på Grønland med heilt andre auge no enn før reisa. Kjell I. Jorddal Sogndal Folkehøgskule Desember 2001

Rekneskap: -Reise Ma.30.07: Bil:Fjærland-Sogndal, 36 km ( bompeng 290,-) t / retur ( sat på med kamerat, bil ein veg) = 290,- Sogndal-Oslo.(ferje:Manhiller -Fodnes: ) Buss:t / retur: = 884,- On. 1.08:T-bane:20,-, Flyttog: 130,- t / retur = 300,- Fly:Oslo-København (1204,-t / retur = 1204,- København-Kangerlusuak og opphold. ( 9000,- t / r ) 9000,- To.09.08:Kangerlusuak-Sisimiut (1720,- DKK t / r ). = 1720,- Totale utgifter: 13398,- Rapporten og rekneskapet med kvitteringar dannar grunnlaget for utbetaling av reisestipendet som er tildelt, kr. 4000,-. Nokre av kvitteringane manglar, vonar at det er ok likevel. På førehand takk! Kjell I. Jorddal Sogndal Folkehøgskule Vedlegg: Kvitteringar Timeplan for kurset-