vi vil ha deg om bord



Like dokumenter
Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Teknikk og konsentrasjon viktigast

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Informasjon til elevane

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Til deg som bur i fosterheim år

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike


KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Foredrag. Norsk Maritim Utdannelse Kompetanseheving/Utfordringer. Av: John Ståle Egge Norwegian Maritime Services A/S. Design/oppsett: K.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Kompetansebehov Spørjeundersøking blant bedrifter i Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:


Kva er økologisk matproduksjon?

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

IKT-kompetanse for øvingsskular

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Med fleire bein å stå på.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

«Ny Giv» med gjetarhund

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Valdres vidaregåande skule

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Lønnsundersøkinga for 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Sommartur til Sverige,

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Søking til skuleåret

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Søking til skuleåret

Nyheitsbrev frå Havfront AS

Månadsbrev for Hareid Rotaryklubb januar 2016 Referent Øystein Alme

La meg få ein sjanse til...

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

Ungdata-undersøkinga i Bykle 2012

Brukarrettleiing E-post lesar

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Bli lærling i BYGGOPP

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Jon Fosse. For seint. Libretto

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Med tre spesialitetar i kofferten

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Spørreskjema til lærlingundersøkelsen, med hovedfrekvenser

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Transkript:

REKRUTTERINGsbrosjyre FOR UNGDOM 2013 vi vil ha deg om bord www.fjord1.no

REKRUTTERINGsbrosjyre FOR UNGDOM 2013 Vert med i Norges største ferjeselskap og bidra til god flyt langs kysten! Årleg fraktar vi 21,5 millionar menneske trygt over fjordane til det viktige jobbmøtet, til familie og venner, til fotballkampar, til butikkar, til hytter og heimar. Vi set trafikanten i sentrum og knivar med eliten i norsk næringsliv om å ha dei mest nøgde kundane. Fjord1 er den største lærlingbedrifta i innanriks ferjefart. Vi kan tilby karrieremoglegheiter i Distrikts-Norge som både er fagleg interessante og gir deg sjansen til å utvikle deg vidare. Som lærling kan du også søkje på dei gunstige låne- og stipendordningane vi har for sjøtilsette som ynskjer vidare utdanning som offiser (maskinsjef/nautisk). Her er mange moglegheiter for dyktige sjøfolk! Det å jobbe på ferje vert meir og meir populært. Lærlingar frå supply søkjer seg over til ferjer fordi dei ynskjer nye utfordringar og/eller kortare arbeidsperiodar. Vi har òg mange dyktige medarbeidarar, som ut frå livssituasjon ynskjer å jobbe nær heimen, og som trekkjer fram det gode arbeidsmiljøet i Fjord1 som ein viktig faktor for valet av arbeidsplass. Vi er òg verdsleiande på miljøvennleg ferjetransport. I reiselengde frakta Fjord1 ti nordmenn jorda rundt kvar einaste dag i 2011, nær sju av desse med miljøvennlege gassfartøy. Vi legg òg vekt på miljøvennlege løysingar ved alle nybygga og jobbar aktivt for å få endå meir miljøvennlege løysingar i samarbeid med ulike leverandørar på forskings- og utviklingsområdet. Ta kontakt og sats på ein maritim karriere i Fjord1! Ove Staurset, HR-direktør vi ønsker deg om bord Fjord1 Strandavegen Boks 354 6902 Florø E-post: maritim.hrplan@fjord1.no Tlf: (+47) 57 75 70 00 www.fjord1.no

REKRUTTERINGsbrosjyre FOR UNGDOM 2013 I foreldra sine fotspor Draumen var å segle på cruise, men no cruisar Britt Wist mellom øyane nord for Ålesund. Tekst: Hilde Sander Meling Britt (31) NAVIGATØR Britt Wist (31 år) Bur: Ellingsøya Stilling: navigatør på M/F «Harøy» Sivilstatus: Sambuar Hobby: Turar i fjellet sommar som vinter Foreldra mine har segla ute, og min draum har alltid vore å ta utdanning for å kunne jobbe på cruise i varmare strøk, fortel Britt Wist (31). I dag jobbar ho som navigatør om bord på M/F «Harøy» som går sambandet Brattvåg Dryna Fjørtofta Harøya nord for Ålesund. Nokon jobb på cruise har det aldri vorte. Den draumen har eg ikkje lenger, men heilt sidan eg gjekk på ungdomsskulen, har eg vore sikker på at det var styrmann eg ville verte, så val av utdanning var ikkje vanskeleg, fastslår Wist. Ai, ai, kaptein Karrieren i Fjord1 starta i 2005. Då vart 31-åringen tilsett som matros. Tre år seinare begynte ho som styrmann, og når vi treffer Britt Wist, fortel ho at ho mest sannsynleg får utløyst sertifikat som kaptein i løpet av året. Det er stor etterspurnad etter sjøfolk så det er ikkje vanskeleg å få seg arbeid i denne bransjen, verken utan- eller innanriks. Draumen om å segle utanriks har eg slått frå meg. Eg opplever berre fordelar ved å jobbe nært heimstaden min, seier Wist.

Ho er glad for at ho kan treffe venninner og familie nær sagt kvar dag. I tillegg kjem eg meg på dei fjellturane eg vil og eg bruker mykje av fritida mi på det. Til og med når 31-åringen er på jobb, kan ho komme seg på ein fjelltopp når ferja har lagt til kai for kvelden. Ein luksus eg veit å setje pris på. Fleksibilitet Som navigatør er oppgåvene til Wist å styre ferja, ha ansvar for dei ulike systema om bord i tillegg til ein del administrativt arbeid. Det er ein allsidig kvardag som byr på mykje fridom og fleksibilitet. Mange trur gjerne at eg berre køyrer båten, men arbeidsdagane mine er fylte opp med mange andre spennande arbeidsoppgåver, fortel Britt Wist. Eg har full stilling, men jobbar berre halve året. NAVIGATØR Fakta om utdanninga Yrkesfagleg utdanning Utdanningsløpet i vidaregåande opplæring er fireårig, der to av åra er i opplæring i bedrift: Vidaregåande trinn 1 (Vg1): elektrofag eller teknikk og industriell produksjon Vidaregåande trinn 2 (Vg2): maritime fag To års opplæring i bedrift: matrosfaget Deretter kan du ta ein toårig grad i nautikk ved ein teknisk fagskule. Etterpå må du ha seglingstid som kadett og ta nødvendige sertifikat for å verte styrmann. Høgskuleutdanning Du kan òg ta treårig høgskuleutdanning i nautikk, for så å reise ut som kadett og ta nødvendige sertifikat.

REKRUTTERINGsbrosjyre FOR UNGDOM 2013 Hoppa i det Det starta som sommarjobb i 2006. Sju år seinare er 23-åringen matros på heiltid. Tekst: Hilde Sander Meling MARIUS (23) MATROS Marius Iversen (23 år) Bur: Molde Stilling: matros på MF «Fannefjord» Sivilstatus: Singel Hobby: Bil, snowboard og randonee Tanken var å begynne på ei utdanning innan data og ingeniør, men etter å ha hatt sommarjobb på ein av båtane til Fjord1 var vegen kort til å verte matros på heiltid, fortel Marius Iversen. Men 23-åringen, som har teke både IKT-driftsfag og allmenn påbygging på vidaregåande skule og eit års utdanning innan økonomi på høgskulen i Molde, veit endå ikkje kva han skal verte når han vert stor. Han leiker med tanken om å gå på styrmannsskule eller verte noko innan petroleumsnæringa, men først skal han nyte matrosjobben han har. Fri halve året Som matros kan du vere tilsett på mindre ferjer, hurtigbåtar og større skip som seglar innan- og utanriks. Dei vanlegaste arbeidsoppgåvene er billetering, vedlikehald og vakthald på båten, lasting og lossing når båten ligg i hamn, å vere assistent på brua og å hjelpe til ved tilkomst og avgang. Eg trivst godt i jobben og har i tillegg mange fordelar på grunn av turnusen min. Eg har ei veke døgnvakt, ei veke med tolvtimarsvakter og to veker fri. Med andre ord har eg full stilling, men jobbar berre halve året. Det passar meg perfekt, seier Marius Iversen.

Bil og ski Turnusen gjer at han får dyrka dei tre hobbyane sine. Sommar som vinter er det bilkøyring som gjeld. I bilmiljøet har han mange kompisar, men dei treffest ikkje for å mekke og skru. Her møtest gutane rett og slett for å råne og Iversen stiller i sin nye Lexus is 220d. Når snøen legg seg i skibakkane rundt Molde, finn 23-åringen fram både snowboard og randoneeski. Ein heil dag i skibakken eller ein dagstur for å nå ein fjelltopp vert mykje enklare å få til når eg går turnus. Eg treng i alle fall ikkje ta omsyn til at ettermiddagane er korte i mørke vinterperiodar, fortel Marius Iversen. Eg ynskjer ikkje ein jobb der eg må arbeide kvar dag frå åtte til fire. MATROS Fakta om utdanninga Yrkesfagleg utdanning Utdanningsløpet i vidaregåande opplæring er fireårig, der to av åra er i opplæring i bedrift: Vidaregåande trinn 1 (Vg1): teknikk og industriell produksjon eller elektrofag Vidaregåande trinn 2 (Vg2): maritime fag To år opplæring i bedrift: matrosfaget Deretter kan du ta ein toårig grad i nautikk ved ein teknisk fagskule. Etterpå må du ha seglingstid som kadett og ta nødvendige sertifikat for å verte styrmann. Etter- og videreutdanning Du kan utdanne deg vidare til styrmann (skipsførar) eller kystskipper dersom du har nok fartstid.

REKRUTTERINGsbrosjyre FOR UNGDOM 2013 Sjakktrekk Å bestemme seg for å verte maskinist er eit av dei beste sjakktrekka Mats Peter Henøen har gjort. Tekst: Hilde Sander Meling MATS Peter (33) MASKINSJEF Mats Peter Henøen (33 år) Bur: Molde Stilling: Maskinsjef på M/F «Moldefjord» Sivilstatus: Gift, eitt barn Hobby: Sykling og sjakk Livet som småbarnspappa, sjakkspelar og syklist lèt seg fint kombinere med turnusordninga om bord på Fjord1. Etter utdanninga har eg både arbeidd utanriks og om bord på lasteskip langs norskekysten, men nærleiken til heimen vart viktigare etter at eg fekk kone og barn, fortel Mats Peter Henøen. Sidan 2009 har han arbeidd som maskinsjef i Fjord1 dei siste to åra på M/F «Moldefjord». No har han berre knappe ti minutt mellom heimen og jobb. Fri Som maskinist har du ansvar for drift og vedlikehald av teknisk utstyr og maskinar om bord på skip og flyttbare riggar. Det er nok mykje mindre skruing på motoren enn dei fleste trur. Overvaking er vorten ein desto større del av yrket, fortel Henøen. Maskinsjefen har vekesturnus heile året gjennom, noko som betyr at han jobbar frå onsdag til onsdag ei veke, for så å ha fri neste. I tillegg har han fri kvar laurdag. Denne fridommen set eg stor pris på, og det å vere i nærleiken av familien. Eg har moglegheita til å vere my-

kje saman med son og kone, i tillegg har eg litt tid til å dyrke hobbyane mine, seier formannen i Molde sjakklubb. Lynrask Ein gong i veka pleier han å spele lynsjakk med andre klubbmedlemmer. Eg lærte sjakk då eg var liten, men det vart ikkje spelt så mykje. Sjakkspelinga tok eg opp igjen i 2006 då eg jobba utanriks. No ynskjer eg å satse og vere med både i konkurransar og å skape blest om sporten, fortel 33-åringen som vart nummer ein i Kristiansund GP turneringa (klasse B) i 2010 og nummer fire i lynsjakk-nm (klasse 4) i 2009. Neste mål er NM i klubblag på Fagernes hausten 2013, og det kan han nytte frivekene sine til å trene til. Fridommen turnusen gir meg, er gull verd. MASKINIST Fakta om utdanninga Yrkesfagleg utdanning Utdanningsløpet i vidaregåande opplæring er fireårig, der to er i opplæring i bedrift: Vidaregåande trinn 1 (Vg1): elektrofag eller teknikk og industriell produksjon Vidaregåande trinn 2 (Vg2): maritime fag To års opplæring i bedrift: motormannfaget Deretter må du ta ein toårig grad i skipsteknisk drift ved en teknisk fagskule. Du må ta nødvendige sertifikat for å verte maskinist, andremaskinist og førstemaskinist.

REKRUTTERINGsbrosjyre FOR UNGDOM 2013 Maritime utdanningsvegar SKIPSOFFISER kaptein/maskinsjef KADETT 2-årig maritim fagskole Modulbasert Maritim høgskule 3 år bachelor nautikk/maskin Matros eller motormann 1-årig forkurs for ingeniør og maritim høgskuleutdanning Fagbrev Vg3 Lærling 2 års lærekontrakt matros eller motormann Opplæringskontor 3-årig studieførebuande utdanningsprogram med 2MX og 2FY Vg2 maritim fag Vg1 TIP/elektrofag 10-årig grunnskule

www.fjord1.no