Bakgrunnsopplysningar om Sierra Leone. Eit av fire barn døyr før sin femte bursdag. Fleire kvinner døyr i barsel enn i noko anna land. Forventa levealder er berre 42 år. Mindre enn 30% av borna tek i mot noko form for formell utdanning og leseferdigheita er mellom den lågaste på the UN league table. Under 40 % av befolkninga i dette engelsktalande landet kan lese og skrive. Vanlige sjukdomar som kan unngåast er den største dødsårsaka.
Historia om The David School David Wallwork og hans gakgrunn. Mercy Ship og arbeidet med barselklinikken i Aberdeen. Møte med landsbyhovdingane/ leiarane i Magbandoma. The David School Trust Barneskulen bygd ferdig og teken i bruk 2008. Tanken var at det skulle vere ei skule for 100 elevar, i november 2012 var det vel 300 elevar.
Ramsey Rotaryklubb, Cambridgeshire, England har vore Volda Rk. sin venskapsklubb sidan ca 1970. David Wallwork er medlem av klubben. Ramsey Rk har saman med Volda Rk støtta skulen økonomisk sidan oppstarten. I april 2011 reiste Per Helge og Kjell på arbeidsreise til skulen i Sierra Leone. Der monterte voldingane opp eitt mindre solcelle anlegg på eit bygg for dei yngste klassene. Dette bygget vert også nytta til vaksenopplæring i elektrisk lys, mot tidligare levande lys. Etter denne turen vedtok Volda Rk å ta ansvaret for elektrifiseringa av den prosjketerte ungdomsskulen som skulle byggast i november 2011.
Solcelleenergi på The David School Prosjektet vart fullført i november 2012, då Per Helge og Kjell monterte solcelleanlegget på skulen Volda Rotaryklubb takkar støttespelarane: Volda Innerwheel Rotary Distrikt 2305 Ørsta Rotaryklubb Giske Rotaryklubb Hareid Rotaryklubb Herøy Rotaryklubb Sykkylven Rotaryklubb Sparebank 1 Søre S. Tussa Kraft AS Private sponsorar
Hjelp oss og hjelpe skulen vidare
Nytt prosjekt frå Volda Rotaryklubb Støtte The David School Trust med delfinansiering av nye klasserom på ungdomsskulen ved Mile 36, Port Loko, Sierra Leone. For å bøte på misforholdet mellom klasserom på ungdomskulen og barneskulen er det planlagt bygging av 4 nye klasserom på ungdomskulen i februar 2014. Skulen har stor positiv innverknad på lokalsamfunnet rundt den, ikkje minst den aukande vaksenopplæringa på kveldstid både i praktiske og teoretiske fag.
Prosjektgruppe: Frå Volda Rotaryklubb: Frå Distrikt 2305: Prosjektkonto: 3991.05.69663 Etter dei gode tilbakemeldingane Volda fekk på distrikts- konferansen på Hafjell om prosjektet som vart utført i fjor, er prosjektgruppa frimodige nok til å utfordre eller oppmode andre av klubbane i distriktet til å vere med og gi støtte til også til dette. Kjell Høydal Per Helge Jøsok Harald Indresøvde John Stennes Innsamlinga til prosjektet vert avslutta i september 2013.
Prosjektgruppa var invitert til presidentforum i Volda 20.2 for å presentere det fullførte solenergi prosjeket og Volda sitt nye delfinansieringsprosjekt. Presidentforumet vedtok at dette skulle ikkje vere berre eit Volda Rotary prosjekt, men eit prosjekt av samarbeidande klubbar i AG distrikt Søre Sunnmøre. Vil klubbar utanfor vårt område delta er dei velkomne, Giske og Stryn rotaryklubbar slutta seg seinare til prosjektet. Prosjektgruppa besøkte alle klubbane med utfyllande opplysningar og fekk då tilsagn om økomisk støtte. På stort intercitymøte i Volda 30. april vart The David School Trust ved David Wallwork ved David Wallwork overrekt ein sjekk på Kr. 150.000,- Utvidelsen av Ungdomskulen er no prosjektert og vil verte bygd i februar 2014. Rotarianarar frå vårt omrade vil delta.
Første byggesteg ferdig november 2012
Prosjektert betongarbeid
Prosjektert utvidelse
Ferdigbygd ungdomskule i februar 2014
Foto: John Stennes